VÅGE SKULE BESØKSSKULE Velkommen til Våge skule på Bømlo. Du finn skulen vår ca 2 km sør for Kulleseidkanalen. Skulen ligg godt plassert i naturen, noko som gjer det lett for store og små elevar å vera naturleg fysisk aktiv. Våge skule er pr. august 2009 ein fådelt skule med 98 elevar fordelt på 6 trinn. Me har elevar frå fem ulike nasjonar.
VÅGE SKULE ZERO SKULE 3. november 2003 avduka kronprins Håkon Magnus Zero -trolla våre. Dei er symbolet for vennskap og null toleranse for mobbing. Zero ligg, i lag med det pedagogiske utviklingsarbeidet i personalet, i botnen for arbeidet med aldersblanda grupper.
VÅGE SKULE EIT TILBAKEBLIKK Det er lov å bry seg samarbeid skule - nærmiljø ZERO Pedagogisk utvikling grunnsynet vårt Kunnskapsløftet utfordringar
VÅGE SKULE pedagogisk utvikling i personalet Kunnskapsløftet - korleis møta utfordringane her? - korleis møta mulighetene? Aldersblanda grupper og TPO! Aldersblanda grupper og ZERO!
VÅGE SKULE utprøving i klassane - 2007/08 1. - 4.trinn: Aldersblanda grupper 4 basisgrupper med kvar sin kontaktlærar 1. klasse innskulingsperiode, delvis inn i systemet. Utviklingssamtalar 5. - 7.trinn: 3 klassar m/ kvar sin kontaktlærar, Fag parallelt opna for aldersblanding Arbeidsplanar opna for aldersblanding Utviklingssamtalar
VÅGE SKULE erfaringar etter 1. år Glade elevar Elevar knytte nye relasjonar på tvers av alder Unngjekk uheldige elevkonstellasjonar på eit og samme trinn Positivt læringsmiljø Tid til elevsamtalar Tett oppfølging av kvar enkelt elev Læringsmål på eigen plan Positive tilbakemeldingar frå heimane Me gapte for høgt! Førebuing og etterarbeid blei svært tidkrevjande Behovet for samarbeid mellom lærarane blei for tidkrevjande Mykje for mykje arbeid for den einskilde lærar. Me måtte gjera ei endring
VÅGE SKULE aldersblanda grupper I aldersblanda grupper såg me at elevane lettare fann sin plass i miljøet. Elevane etablerte relasjonar på tvers av alder, og dei fleste fann nokon som dei kunne vera venn med. Me kunne ikkje gje opp etter eit år. For mange positive erfaringar. Skuleåret 2008 / 2009 Aldersblanda grupper i dei praktisk estetiske faga: ku&ha, gym og musikk. Rullerande årsplanar.
VÅGE SKULE aldersblanda grupper Evaluering etter 2. år. Me gjer vedtak om å halda fram med aldersblanding. Skuleåret 2009 / 2010 går me inn i det tredje året kor me prøver ut alersblanding. I år prøver me periodar med norsk munnleg på 1.- 4.trinn og naturfag 5.- 7.trinn. Me held fokus på den grunnleggjande ferdigheita : Å kunne uttrykkja seg munnleg.
VÅGE SKULE aldersblanda grupper Målsetjing 2009 / 2010: I aldersblanda grupper: - skal elevane kunna etablera og oppleva sosial tilhørsle på tvers av alder - skal elevane både erfara og kunna gi omsorg frå og til medelevar - skal Zero arbeida naturleg slik at null -toleransen for mobbing vert integrert hos elevane - skal det vera eit mål å betra læringsmiljøet optimalt - skal elevane oppleva å vera ein ressurs for kvarandre - skal elevane oftare oppleva meistring.
VÅGE SKULE aldersblanda grupper Kunnskapsløftet seier: at alle elevar skal ha mål å strekkja seg etter at alle elevar er ulike og vil nå måla i ulik grad til ulik tid. at skulen skal gje alle elevar like muligheiter til å utvikla evna og talenta sine individuelt og i samarbeid med andre at skulen skal fremja tilpassa opplæring og varierte arbeidsmåtar Aldersblanding samsvarer med kunnskapsløftet. Aldersblanding samsvarer med grunnsynet vårt.
VÅGE SKULE ELEVSYNET VÅRT På Våge skule har me elevar som kan mykje. Dei kan vera positive, nyfikne og villige til å ta ansvar. Me ynskjer at elevane våre skal kjenna seg trygge og vera i eit godt samspel med kvarandre. Vidare vil me hjelpa dei til å ha tru på seg sjølv og bruka moglegheitene sine ut frå sitt nivå, og slik kjenne gleda ved å meistra.
VÅGE SKULE BESØKSSKULE Måndagar: 1.økt: Infomøte m/ rektor bakgrunn. Førebuing, gjennomføring og evaluering. Norsk- aldersblanda 1.-4. trinn. Me les, lyttar og samtalar. Å kunna uttrykkja seg munnleg. 2. økt: Musikk /gymnastikk 1.-2. trinn. Aldersblanda grupper. 3. økt: Kunst & handverk 1.- 4.trinn. Aldersblanda grupper. Torsdagar: 1. økt: Musikk /gymnastikk 3.-4.trinn. Aldersblanda grupper. 2. økt: I periodar: forsøk med naturfagaldersblanda 5.-7.trinn. Å kunna uttrykkja seg munnleg. Spørsmål, drøftingar, framføringar Infomøte m/ rektor bakgrunn, Førebuing, gjennomføring og evaluering. 3. økt: Kunst & handverk 5.-7.trinn. Aldersblanda grupper.
VÅGE SKULE BESØKSSKULE Våge skule, 5437 Finnås Telefon : 53423682 E-mail : inger-johanne.sele@bomlo.kommune.no Rektor Inger Johanne Sele