Veterinærinstituttet Norwegian VeterfriItçIute



Like dokumenter
1. Det er ikkje mangel på veterinærar, men det kan verta ein mangel på dyktige produksjondyrveterinærar i deler av landet.

20/15 Hovudutval for teknisk, landbruk og naturforvaltning Forslag til forskriftsendring - heving av minsteareal i daa for hjort

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Mineralinnhald i blod hjå storfe på utmarksbeite sommaren 2014.

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

SØKNAD OM UTVIDING AV BANDTVANGSTIDA FOR HUND I HEMSEDAL - HEMSEDAL SAU OG GEIT/HEMSEDAL SANKELAG

Vurdering av allianse og alternativ

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

VOLDA KOMMUNE Samordnings- og utviklingsstaben

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Del 2 Maks: 41 poeng Hjelpemiddel: Det er lov med alle ikkje-kommuniserande hjelpemiddel

Les for livet - del 2 (Ref # )

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Marie Evjestad Arkivsaksnr.: 07/1229. IT-arbeidsplassar for ungdomsskuleelevar i Luster. Rådmannen si tilråding:

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Grovfôret åleine kan sjeldan gi ei god nok mineralforsyning til drøvtyggarar

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Skjåk kommune Plan, samfunn og miljø

Velkomen til Mork barnehage

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

KVIKKSØLVINNHALD I FISK OG SJØMAT VED SØKKT UBÅT (U864) VEST AV FEDJE - NYE ANALYSAR SAMANLIKNING MED DATA FRÅ 2004 OG 2005

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Løyve i perioden til no i Avslag i perioden til no i

Framtidas hjorteforvaltning

SAKSFRAMLEGG. 36/15 Næring og miljøutvalet

Registrering av potensielle organdonores Rapport frå Norsk Intensivregister (NIR)

Finansiering av dei offentlege fagskolane

BRUKARRETTLEIING FOR ELEKTRONISK SKJEMA SØKNAD OM STATSTILSKOT TIL POLITISKE PARTI... 2 GENERELLE OPPLYSNINGAR LES DETTE FØRST...

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

Leverandørskifteundersøkinga 4. kvartal 2008

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Klage Løyve til bruk av lutzgran på eigedomen gnr. 13, bnr. 1 i Lødingen kommune

MØTEBOK. Desse møtte: Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit

Leverandørskifteundersøkinga 2. kvartal 2007

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

Den nye seksjon for applikasjonar

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert

Rådet for funksjonshemma Leikanger Arbeid og tiltak for unge funksjonshemma

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Status akvakulturforvalting og fiskeri per september 2015

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

Stemnehandboka for NKSF

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Fuglestadelva, Hå kommune

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

RAPPORT ETTER ØVING LYNELD TORSDAG 20. DESEMBER 2012

Bustadområde i sentrum. Vurdering

8. Museum og samlingar

SOS3003 Eksamensoppgåver

Krav ved godkjenning av lærebedrifter

Norske arbeidstakarar med berre grunnskole bør ta meir utdanning

Onsdag kl i kommunestyresalen

Framtidig tilbod av arbeidskraft med vidaregåande utdanning

Løysingsforslag til eksamen i MA1301-Talteori, 30/

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

SPRÅKRÅDET REF. VÅR REF. DATO JG/SIG/ER Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet

Eksamen MAT1005 Matematikk 2P-Y. Nynorsk/Bokmål

Saksnr Utval Møtedato Fylkesutvalet Fylkestinget

Statnett SF Søknad om løyve etter forureiningslova til utfylling ved Strandanes i Suldalsvatnet, Suldal kommune Utlegging til offentleg ettersyn

Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte.

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Terminprøve i matematikk for 10. trinnet

Tilleggsinnkalling til Formannskapet

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

NASJONALPARKSTYRET FOR JOTUNHEIMEN OG UTLADALEN NASJONALPARKSTYRET FOR JOTUNHEIMEN OG UTLADALEN - MEDLEMMER TIL FAGLEG RÅDGJEVANDE UTVAL

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

Omdømme Helse Vest. Resultat frå beslutningstakarundersøkinga 2008 Helse Vest RHF.

Kulturhistoriske registreringar

Forslag frå fylkesrådmannen

Sakliste: Saknr. Sak 12/13 Godkjenning av innkalling og sakliste

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

Elektronisk registrering av sett hjort og slaktevekter

Eksamen MAT1013 Matematikk 1T. Nynorsk/Bokmål

Fordeling av tilskot til fagskuleutdanning innan helse- og sosialfag

Rapport om bruk av vikarar i barnehage, grunnskule og vidaregåande skule

Eksamen MAT1015 Matematikk 2P. Nynorsk/Bokmål

Forsand kommune. INFORMASJON FRÅ LANDBRUKSKONTORET Januar 2011

Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto

Styresak. Framlegg til vedtak: Dato: Sakshandsamar: Saka gjeld: Tom Hansen Rapportering frå verksemda per desember 2010

Påsleppskrav frå kommunen for næringsmiddelverksemd. Eksempel stort slakteri i Førde

Vestlandet ein stor matprodusent

Høyringsinnspel til endringar i Teknisk forskrift om krava til tilgjenge i studentbustadar

Storåna, Sandnes kommune

Aurland kommune Rådmannen

Lønnsundersøkinga for 2014

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Transkript:

Norwegian VeterfriItçIute Kontaktpersonar for rådyrinnsamlinga 2002 RISOR KOMMUNE fjjli LO/"'H- 2 8 JUL 2011 Oslo Ullevålsveien 68 Postboks 750 Sentrum - 0106 Osto albord 23 21 60 00 - Faks 23 21 60 01 K_ff 2),31 Ref: Var ref. HOP-rådyr2002-resultat2 Dato 22.07.2011 LTÀT AV A LEN, Lic IKA k2=kpi SAIVILA 1INN HAUSTEN 2002. I regi av Helseovervakingsprogrammet for hjortevilt (HOP) blei det i 2002 samla inn materiale (lever, øyre og avføring) ifrå rådyr felt under jakt. No er resultata av sporstoffanalysane av lever endeleg oppsummert, sjå vedlegg. Vi orsakar at det har teke så lang tid før de har fått tilbakemelding om desse resultata. Vi viser elles til brev av 12. mai 2003 der resultatet av innsamlinga og granskingsresultat av øyre var presentert. Resultata er sendt til kontaktpersonar som har forddt prøvetakingsutstyr og til viltforvaltinga i involverte kommunar, Fylkeskommunen og Fylkesmannen. Vi vil takka alle som har delteke i innsamlingsarbeidet! Ta gjerne kontakt på telefon 23216351 dersom det er spørsmål eller det er ynskjeleg med meir informasj on. Med helsing ) Letaf t--- Turid Vikøren veterinær/forskar Helseovervakingsprogrammet for hjortevilt (HOP) Kjell Handeland Fagansvarleg vilthelse Vedlegg: Oppsummering resultat sporstoffanalysar Kopi: Kommunal viltforvalting (dersom ikkje kontaktperson) Fylkeskommunen Miljøvernavdelinga hjå Fylkesmannen www.vetinst.no Fakturaadresse Postboks 1509, 7435 Trondheim Bank 7694 05 12030 Organisas3onsnr. 970 955 623 MVA

11P) 10 I for hjottevilt uij Norwevan Veterinary Snstitute Sporstoff i lever frå elg, rådyr og villrein samla inn i 2002 og 2003 - hovudfunn Kva vart undersøkt: 422 elg frå 8 kommunar: Grue, Etnedal, Lardal, Bamble, Tvedestrand, Marnardal, Åfjord og Vefsn. 280 rådyr frå 23 kommunar, inndelt i regionane Trondelag (Hitra, Levanger-Ytterøya, Snåsa), indre Austlandet (Ringsaker-Helgøya), Austlandet (Horten, Holmestrand, Trøgstad, Eidsberg, Vestby, Ås), Sørlandet (Mamardal, Audnedal, Kristiansand, Mandal. Far.3und, Søgne, Sngda1en.1 vedestrand, Risør, Lillesand, Amli) og Vestlandet (Molde). Tal dyr frå kvar kommune varierte frå 1 til 41. 73 villrein frå Forollhogna villreinområde. Leverprøvar frå desse dyra vart analysert for dei essensielle sporstoffa kopar, selen, molybden, kobolt, sink og mangan. Lever er eit viktig lagringsorgan for dei fleste av desse sporstoffa og mengda i lever seier noko om sporstoffstatus til dyret. Litt om sporstoff: Essensielle sporstoff er grunnstoff som er heilt nødvendige for normale biokjemiske vevsfunksjonar, men som berre trengst i små mengder. Både for mykje og for lite av eit sporstoff kan føra til sjukdom og/eller nedsett funksjon. Ein har lite/ingen kunnskap om kva som er "mangelnivå" og kva som er "toksisk (giftig) nivå" for ulike sporstoff for viltlevande dyr difor har vi samanlikna nivåa vi finn hjå vilt med grenseverdiar som er sett for husdyr og oppdrettshjort. Erfaringar frå oppdrettshjort her i landet viser at mangel på kopar kan gi utrivnad og dårleg tilvekst, og i einskilde høve 6g utløysa sjukdom i skjelett- og nervesystem. Kopartilskot blir no nytta for å førebyggja mangel. Hjå viltlevande hjort har vi funne indikasjonar på låg status av kopar og selen i fleire populasjonar, men så langt er det ikkje påvist sjukdom knytt til dette. Sjukdom årsaka av mangel på selen, kopar og kobolt og koparforgifting er kjent frå husdyr her i landet. Generelle funn: Analyseresultata for dei ulike sporstoffa er vist for alle dei tre artane i tabell 1, for elgkommunane i tabell 2 og for rådyr-regionane i tabell 3. Sporstoffnivåa viste svært stor variasjon mellom enkelte individ (sjå min-maks i tabellane), særleg for elg og for sporstoffa kopar, selen og molybden (tabell 1). Det var tydelege geografiske skilnader for fleire av sporstoffa (tabell 2 og 3). For alle sporstoffa unnateke mangan, vart det funne skilnader i nivå mellom artane (tabell 1). 1

Norwegian Veterinary Institute Selen: Rådyr hadde lågare selennivå enn elg og villrein (tabell 1), men alle dei tre artane hadde høgare nivå enn det vi fann hjå viltlevande hjort undersøkt i 2001. Hjå rådyr var selennivået lågare enn det som er rapportert frå andre delar av Europa. Elg hadde høgare selennivå enn det som er rapportert frå Sverige, truleg delvis på grunn av større tilførsel av selen frå havet langs den v'erharde og regnfulle norskekysten. Berggrunnen i Skandinavia er selenfattig og havet er difor ei viktig kjelde for selen. Elg frå Åfjord og Vefsn, to kystkommunar med mykje nedbør og pålandsvind, hadde mykje høgare selennivå enn elg frå dei andre kommunane (tabell 2). Statistisk modellering viste at selennivået var lågast hjå elg frå Tvedestrand og rådyr frå indre Austlandet (Ringsaker-Helgøya). Del fleste undersøkte dyr, deriblant alle villrein, hadde tilfredstillande nivå av selen, men 28% av rådyra og 8,5% av elgen hadde eit nivå som var lågare enn mangelverdien for husdyr. Elg med "mangelnivå" vart funne i alle kommunar unnateke Vefsn og Åfjord. Rådyr med "mangelnivå" vart påvist i alle regionar: flest på indre Austlandet (Ringsaker- Helgøya: 78%) og færrast på Sørlandet. Kopar: Elg hadde høgare koparnivå enn rådyr og villrein (tabell 1). Koparnivået hjå elg, rådyr og villrein var høgare enn det vi fann hjå viltlevande hjort i 2001. Koparnivået hjå elg og rådyr i Noreg var blant det høgaste som er rapportert i Europa. Koparstatus var tilfredstillande for dei fleste dyra. Ti dyr (5 rådyr, 3 elg, 2 villrein) hadde koparnivå som var under mangelgrensa som er sett for oppdrettshjort. Statistisk modellering viste at koparnivået var lågast hjå elg frå Tvedestrand og Åfjord og høgast hjå elg frå Lardal. Koparnivået hjå rådyr i Trøndelag og indre Austlandet (Ringsaker-Helgøya) var lågare enn i dei andre regionane. Mange av rådyrprøvane frå Trøndelag var samla inn på Hitra (41/73) og koparnivået var lågare på Hitra (median: 66 mikrogram/gram) enn for heile Trøndelag (tabell 3). Andre undersøkte sporstoff: Det var varierande grad av artsskilnader i levernivå av kobolt, molybden og sink (tabell 1). Villrein hadde lågare nivå av molybden enn elg og rådyr. Median-verdiane for kobolt, mangan, molybden og sink var innanfor normalverdiar som er kjent for husdyr. Hjå elg og villrein var levernivået av sink om lag på same nivå som tidlegare rapportert i Noreg og det vart funne relativt lite geografiske skilnader. Dei andre sporstoffa er i liten grad undersøkt hjå hjortedyr. 2

[HOP)) for hj~ilt Norweyan Veterinary Institute Konklusjon: Nivået av eit sporstoff kan variera mykje mellom ulike individ av same art. Det var til dels stor geografisk variasjon, spesielt for selen og kopar. Det var artsskilnader i nivå for alle sporstoff unnateke mangan. Nivået av selen og kopar varierte frå det som vert rekna som mangelnivå for husdyr til det som vert rekna som giftig. Sidan dei undersøkte dyra var normale individ skotne under jakt, så tyder dette på at hjortedyr har stor variasjonsbredde når det gjeld sporstoffnivå - truleg ei tilpassing til varierande tilzang gjennom året. Resultata kan tyda på at i enkelte populasjonar er status av selen (og kopar) relativt låg t.d. hjå elg i Tvedestrand og rådyr frå Helgøya i Ringsaker. Om desse er representative for andre populasjonar i nærliggjande område er førebels ukjent. Sluttkommentar: HOP sine granskingar av sporstoffnivå i norske hjorteviltpopulasjonar viser at det er stor variasjon i nivå og at det er skilnader mellom artane. Viltlevande hjortedyr er truleg tilpassa variasjon i sporstoffnivå, men det kan tenkjast at den pågåande populasjonsveksten med tilhøyrande press på næringsgrunnlaget, kan påverka tilgangen på sporstoff i enkelte område. Svært låge sporstoffnivå hjå eit dyr kan ha negative effektar som er lite spesifikke og vanskeleg å registrera, til dømes i form av utrivnad og redusert tilvekst. Dette ynskjer vi å undersøka nærmare i det vidare forskingsarbeidet på dette feltet. Oslo, 22. juli 2011 Turid Vikøren Helseovervakingsprogrammet for hjortevilt (HOP) vilthelse(dvetinst.no -14 r Kjell Handeland Fagansvarleg vilthelse Vedlegg: tabell 1-3 3

ff-hop)) j 3(-fforhjottrvilt ---- - VeterinærinstiLtuttzte Tabell 1. Nivå av sporstoffa kobolt (Co), kopar (Cu), mangan (Mn), molybden (Mo), selen (Se) og sink (Zn) i lever frå elg, rådyr og villrein samla inn under ordinær jakt i 2002 og 2003. Konsentrasjonen (mikrogram/gram turrvekt) er gitt som middelverdi (median) og lågaste (min) og høgaste (maks) nivå. Co Cu Mn Mo Se Zn Art tal Median min-maks Median min-maks Median min-maks Median min-maks Median min-maks Median min-maks Elg 422 0,32 <DL*-0,75 222 2,1-1309 14 0,9-54 3,7 <DL-6,9 0,77 <DL-23,3 90 17-453 Rådyr 280 0,23 0,004-1,10 112 1,7-695 14 0,3-37 3,3 <DL-5,0 0,51 0,10-4,2 111 14-502 Villrein 73 0,38 0,02-0,55 105 2,3-289 15 0,4-39 1,4 <DL-2,6 0,85 0,44-1,9 100 18-279 * DL: Nivå under analysen si deteksjonsgrense Turid Vikøren, HOP, 26.07.2011

HOP) Ir I for hjottevilt Norwegian Vetertnary Institute Tabell 2. Nivå av sporstoffa kobolt (Co), kopar (Cu), mangan (Mn), molybden (Mo), selen (Se) og sink (Zn) i lever frå 422 elg samla inn under ordinær jakt i 2002 og 2003 i 8 ulike kommunar. Konsentrasjonen (mikrogram/gram turrvekt) er gitt som middelverdi (median) og lågaste (min) og høgaste (maks) nivå. Co Cu Mn Mo Se Zn Kommune tal Median min-maks Median min-maks Median min-maks Median min-maks Median m in-maks Median min-maks Grue 69 0.29 0.14-0.51 252 83-1309 16.0 5.9-45 2.9 1.6-4.3 0.67 0.22-4.22 97 62-393 Etnedal 48 0.31 0.11-0.54 182 73-772 17.9 3.3-32 3.8 1.9-5.1 0.46 0.21-1.07 85 41-230 Lardal 60 0.22 0.08-0.48 276 54-771 14.6 3.5-54 4.1 1.6-5.4 0.51 0.18-1.55 102 58-453 Bamble 52 0.38 0.04-0.59 240 4.5-682 13.4 1.1-25 4.1 <DL-6.6 0.62 0.22-8.13 105 68-415 Tvedestrand 38 0.40 <DL-0.70 182 2.1-445 13.9 0.9-18 4.2 0.03-6.9 0.59 <DL-1.47 99 17-237 Marnardal 37 0.23 0.09-0.35 225 93-511 11.4 4.3-15 3.9 2.0-5.0 0.98 0.30-3.38 88 62-342 Åfjord 62 0.36 0.09-0.70 161 38-832 15.8 2.9-29 3.6 1.4-4.6 4.07 0.39-16.1 79 37-281 Vefsn 55 0.36 0.10-0.75 230 40-1284 14.1 2.5-23 3.5 0.9-5.0 3.54 0.43-23.3 78 37-230 Turid Vikøren, HOP, 26.07.2011

!ll)) I for hørterilt Norwegion Veterinory Institute Tabell 3. Nivå av sporstoffa kobolt (Co), kopar (Cu), mangan (Mn), molybden (Mo), selen (Se) og sink (Zn) i lever frå 279* rådyr samla inn under ordinær jakt i 2002 i 23 kommunar, og gruppert i fem regionar. Konsentrasjonen (mikrogram/gram turrvekt) er gitt som middelverdi (median) og lågaste (min) og høgaste (maks) nivå. CoI Cu Mn Mo Se Zn Region tal Median min-maks Median min-maks Median min-maks Median min-maks Median min-maks Median min-maks Trønde lag 73 0.25 0.03-0.42 76 3.2-342 13.0 0.9-25 3.2 0.08-4.2 0.52 0.10-2.00 108 78-502 Indre Austlandet 24 0.18 0.02-0.27 102 3.4-251 11.0 0.6-14 3.1 0.2-4.1 0.24 0.12-0.84 101 83-188 Austlandet 97 0.22 0.004-0.57 125 1.7-695 14.2 0.3-34 3.4 <DL-4.7 0.40 0.11-1.21 116 14-390 Sørlandet 79 0.26 0.10-1.1 128 18-542 16.3 11-37 3.2 1.7-5.0 0.90 0.22-4.01 111 80-458 Vestlandet 6 0.18 0.14-0.21 193 21-487 13.9 12-17 2.7 2.1-4.3 1.16 0.23-4.20 109 67-136 * For eitt rådyr var ikkje lokalitet oppgitt. Turid Vikøren, HOP, 26.07.2011