Rom ved havet, rom i byen



Like dokumenter
Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

mmm...med SMAK på timeplanen

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Carl Frode Tiller Innsirkling 3. Roman

Brødsbrytelsen - Nattverden

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Jon Fosse. For seint. Libretto

Nokon kjem til å komme (utdrag)

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!

Tor Arve Røssland. Oslo

1. Fritid og bibliotek Hos legen Høgtider Mattradisjonar Sunnheit og kosthald Arbeidsliv...

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Det Norske Samlaget Omslagsillustrasjon: Christian Fjeldbu Omslagsdesign: Laila Mjøs

Til... Frå... God Jul, Kald Kaffi Sauen!

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Det Norske Samlaget Omslag: Stian Hole Kart: Wikimedia Commons Atlas of the World, Wikimedia Foundation

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

det skulle vere sol, vi skulle reise til Łódź

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Det Norske Samlaget Omslag: Stian Hole. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015 ISBN

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Kom skal vi klippe sauen

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Trude Teige. Lene seg mot vinden. Roman

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

Mors friluftsliv - nyttig og naturleg

I N N H O L D. Forord

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

LYS OG SYN - auget som ser. Gjennomføre forsøk med lys, syn og fargar, og beskrive og forklare resultata

Tormod Haugland MØRK MATERIE

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Valdres vidaregåande skule

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Kristine Meek MID131 Teori, arbkrav 2B Innhald

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Til deg som bur i fosterheim år

liv Livet er ikkje lett å skjøne. Det er høgst underleg.

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Kapittel 11 Setninger

Runar Dahle. Bak auga er det natt. Roman

Månadsplan for Hare November

Brannsår, rus eller friheit?

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

«Ny Giv» med gjetarhund

En eksplosjon av følelser Del 3 Av Ole Johannes Ferkingstad

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Originalens tittel: Cœur de Lion 2007, 2011 Ariana Reines/Fence Books Det Norske Samlaget

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Geitekontrollen på internet- hva betyr det for meg?

Ingelin Røssland. Kirsebærsnø. Roman


Stephen J. Walton Roadmovie. Manuset. Omsett av Bodvin Rovde

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Lars Ove Seljestad Isberg. Roman

Det Norske Samlaget Omslag: Tove Laila Nilsen. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2014 ISBN

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Kva er økologisk matproduksjon?

Med tre spesialitetar i kofferten

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Jon Fosse. Trilogien. Andvake Olavs draumar Kveldsvævd. bokklubben

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Pasienthotellet Fss Plassering: 7. etg Kapasitet: 21 sengar fordelt på 7 dobbeltrom/7 enkeltrom

Vibeke Tandberg. Tempelhof. Roman FORLAGET OKTOBER 2014

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

SUNDAG Morgonbøn (Laudes)

Samansette tekster og Sjanger og stil

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012

Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. Eg må kjøpe ei nynorsk ordbok. Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. I tillegg må eg kjøpe ei nynorsk ordbok.

Kristine Meek MID131 Teori, arbkrav 2B Innhald

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

STEPH. GREG Hei, hva skjer? STEPH Kan jeg komme inn, eller? GREG Ja, faen, kom inn 'a Vil du ha en pils, eller? STEPH Pils nå? Nei takk.

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 1. Nynorsk

Livet til det lykkelige paret Howie og Becca blir snudd på hodet når deres fire år gamle sønn dør i en ulykke.

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

Det var spådd frå gammal tid at Øyvære skulde gå under. Uti have låg det, og have skulde ta det. Det hadde

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD


ELI RYGG. Jeg vet at man kan bli helt glad igjen. Min historie

Transkript:

Frode Grytten Rom ved havet, rom i byen Noveller Oslo 2012

Det Norske Samlaget 2007 www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2013 ISBN 978-82-521-8441-9 4. utgåva

Om denne boka Denne novellesamlinga er som ein ekskursjon inn i kjærleiken. Frode Grytten har spora opp ti rom ulike stader på kloden rom der folk finn kvarandre eller går under, der dei øydelegg kvarandre eller elskar med stille kraft. Når Grytten går inn i desse romma, er det for å finne ut meir om kva som gjer oss til menneske. Det handlar om å gå, om å bli og om å stanse rett framfor katastrofen. På vakkert vis skildrar Grytten det vi allereie hadde ein mistanke om: Hjartet er ein einsam jeger.

Frode Grytten Rom ved havet, rom i byen Noveller Oslo 2012

Innhald Rom ved havet Ei kvinne i sola Ekskursjon inn i filosofien Motell i vest Nærme seg ein by Hotell ved ei jernbanelinje Sollys i ein kafeteria Hus i skumringa Rom i New York Nattvindauge

Rom ved havet 24 Han vakna av at munnen hennar rørte seg over han i varme støyt. Han tenkte at det var ein spesiell måte å seie god morgon på. Han skulle til å reise seg opp i senga, men ho pressa han ned igjen. Morgonsola fylte delar av rommet. Gjennom den opne døra kunne han høre skrik frå sjøfugl og bølgjer som braut stille. Han hugsa knapt kvar dei var, før han forsvann inn i eit kvitt ingenting. 23 Slik tar ein perfekt dag til, sa kona hans etterpå. Ho strauk kjønnet mellom fingrane mens ereksjonen forsvann. Han kjente sine eigne hjarteslag under huda. Frekvensen gikk langsamt ned, som etter ein idrettsprestasjon. Han er alltid så alvorlig, sa ho. Synest du? spurte han. Ja, men eg fikk han til å smile. Ho sette seg over magen hans for å fotografere. Han protesterte og plasserte ei hand framfor linsa. Ho sette kameraet tilbake på nattbordet og la seg ned på brystet hans. Kva vil du gjøre i dag? spurte ho. Ho såg opp på han med eit blikk det var lenge sidan han hadde sett. Det må du vite, svarte han. Må eg? spurte ho.

Ja, dette var din idé, var det ikkje? Han strauk henne over hoftene. Det hadde ikkje vore meininga å verke irritert. Han hadde blitt rørt då ho ringte på jobben for eit par dagar sidan. Ho hadde bestilt rom her ute. Ho hadde ordna fri for dei begge. Ungane skulle vere hos foreldra hennar. Har du drømt noko? spurte ho. Ikkje noko som eg kan hugse. Du, då? Ja, eg drømte at eg var med på ei filminnspeling. Eg veit ikkje heilt kva slags film det var, men eg hugsar at den einaste replikken min var: «Å, så vakkert!» Fikk du det til? Nei, alle opptaka gikk skeis. Til slutt drog regissøren meg til side og sa at han hadde ei anna rolle til meg. Han sa det var ei mykje større rolle, men eg skjønte at han bløffa. 22 Dei hadde kjørt heimanfrå i skumringa. På ferja hadde dei stått saman på dekket og sett lysa frå fyret inne på øya. Fire korte og eitt langt lyssveip blei slyngte ut. Før dei hadde gått til sengs, hadde dei drukke vin på verandaen. Natta var varm med dette spesielle mørket som bare finst dei siste dagane i august. Kona hans ville sitje oppe, men han var for trøtt. Han hadde hørt banking frå motorar idet han sovna, den stødige lyden av fiskebåtane som drog ut for å lyse etter brisling. 21 Skal eg dusje først? spurte ho og steig ut av senga utan å vente på svar. Han blei liggande og studere ei fluge som hadde hamna på rygg på nattbordet. I glaset

med vatn hadde det blitt danna luftbobler langs sidene. Han løfta kameraet og fanga rommet i søkaren. Sollyset etterlét seg små flekkar på veggar og golv. Smale striper vida seg ut då dei trefte golvet og kravla mot senga der han låg. Han røykte og såg at snart ville den nye dagen ha henta han inn. 20 Etter frukosten foreslo ho at dei skulle kjøre ein tur. Ho hadde lyst til å sjå heile øya i dagslys. Dessutan var bilkjøring alltid ein del av ein perfekt dag. Han sa at det var greitt for han. Har du sett mobilen min? ropte han etter at han hadde pussa tennene. Kona sat allereie i bilen med sidevindauget nede. Ho hadde sjal rundt hovudet og solbriller i gammal stil. Ho kikka over kanten på brillene og rista på hovudet. Han gikk ned stien og sette seg inn. Er du sikker på at du ikkje har sett mobilen? spurte han. Eg har konfiskert han, sa ho og starta opp. Dette skal vere ein perfekt dag. Ingen mobilar. Ikkje noko Internett. Ikkje noko jobbpreik. Bare du og eg. Du har verkelig tenkt ut alt dette, har du ikkje? Ho svarte ikkje og kjørte langs vegen, som var tom for bilar. Øya gav eit anna inntrykk i dagslys, men framleis var landskapet prega av tålmod. Han tenkte at fargane såg ut som om dei var festa på eit lerret. Kunne du ha budd her? spurte kona hans mens dei kjørte. Eg trur det, svarte han.

Du kunne ha budd kvar som helst, kunne du ikkje? Kva meiner du med det? Ikkje noko spesielt, eg hugsar bare at du sa det ein gong. Ho blei stille. På vegen ut mot fyret tente han seg ein røyk og prøvde å glede seg over at alt var tenkt ut. Han var kopla fri frå verda, han kunne bare drive med, vere ein passasjer som blei tatt med gjennom ein perfekt dag. 19 Det var ho som hadde kjørt i går kveld òg. Ho likte betre å kjøre enn han. Dei hadde snigla seg gjennom ettermiddagstrafikken mens han lurte på kva som var den eigentlige meininga med turen. Når kom rekninga? Han hadde ikkje funne noko fornuftig svar, og bestemt seg for å la det ligge. Ho hadde verka så oppglødd då ho avslørte planen for han. Kva tenker du på, kjære? hadde ho spurt då dei endelig var ute av den tette bytrafikken. Ingenting, hadde han svart. Du, då? Alt. 18 Ute ved fyret slo det han at det var mørket som gav tårnet meining. I dagslys var fyret ein død ting. Dei gikk tur langs stranda. Himmelen blei reflektert i den matte havoverflata. To tankfartøy var på veg sørover. Avstanden gjorde at det verka som om dei ikkje rørte seg i det heile. Har du med kameraet? spurte han. Ho gav det til han. Kjøpte du film med bare 24 bilde?

Ja, det var alt dei hadde. Ein mann og ein hund dukka opp på stranda. Mannen kasta ein gammal sko ut i brenningane, hunden heiv seg ut i vatnet i eit fortvila forsøk på få tak i skoen. Hugsar du då du røykte sigar saman med bestefar? spurte ho. Ja, svarte han. Dei hadde vore her første gong han trefte alle i familien hennar. Han hadde røykt sigarar saman med bestefaren nede på stranda, eit ritual for å vise at han var tatt opp i familien. Om natta hadde ho dansa for han på vegen i lyset frå frontlyktene. 17 Ho henta ei korg med lunsjmat i bagasjerommet og dekte til på eit teppe i sanddynene. Dei åt sild og brød, dei drakk juice og øl. Etter maten la dei seg ned på teppet og røykte. Han stira opp mot himmelen, som no var skyfri. Han lukka auga og kjente korleis sola varma. Kva må til for å lage ein perfekt dag? spurte ho. Eg veit ikkje, sa han. Jo, kom igjen, sa ho. Å sove og elske, i alle fall, sa han. Det er rett, sa ho. Å kjøre bil. Å kjøre bil? Du sa det sjølv. Å kjøre bil hører alltid med. Ho lo. Han venta. Å svømme, sa han. Å svømme? spurte ho. Det var originalt. Kva meir?