Kunnskap for eigentrening



Like dokumenter
Om vestibularisnevritt

BPPV/krystallsykje. Behandling med Epleys manøver:

Balanselaboratoriet BALANSELABORATORIET

- vestibularisnevritt - langvarig svimmelheit

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Menières sjukdom. Informasjon om sjukdommen og korleis livssituasjonen kan påverke tilstanden. Anfall

BPPV/krystallsykje. BEHANDLINGSTILTAK Behandling med Epleys manøver:

HJARTEAVDELINGA REHABILITERING ETTER HJARTESJUKDOM

Styresak. Ingeborg Aas Ersdal Utgreiing, behandling og oppfølging av pasientar med kronisk utmattingssyndrom CFS/ME i Helse Vest

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Samhandlingsreforma -Kva skal på plass?

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Jorunn Nyttingnes Arkiv: G10 Arkivsaksnr.: 14/907-1

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Kan vi få til eit solid forskingsprosjekt?

1. Mål med samhandlingsreforma

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Demens i familien. Demenskonferansen mars 2015 Quality hotel Waterfront Ålesund. Førstelektor Institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Styresak. Bakgrunn. Kommentarar. Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato:

Informasjon til pasientar og pårørande

pressemelding og informasjonstekst til for eksempel bruk på kommunen eller legevaktens hjemmesider

Finansiering av dei offentlege fagskolane

Ei kartlegging av faktorar som påverkar endringsprosessar i helsesektoren. Ei anonym spyrjeundersøking i ei medisinsk avdeling.

Prosjektgruppa hadde sitt siste møte Det er med bakgrunn i

NOTAT om familiehuset

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

Prosjektplan Framlegg. Vassområde Ytre Sogn

Om HPV-vaksinen i barnevaksinasjonsprogrammet

STYRESAK: DATO: 3. desember 2015 SAKSHANDSAMAR: Mona Høgli SAKA GJELD: Omdømemåling 2015 STYREMØTE: FORSLAG TIL VEDTAK

Fra prosjekt til drift - eksempel på politisk vedtak i Stord

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Den regionale styredagen i. Sogn og Fjordane

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Rådet for funksjonshemma Leikanger Arbeid og tiltak for unge funksjonshemma

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Radiologi i Noreg. - fylkesvis fordeling av radiologiske undersøkingar per StrålevernRapport 2006:6B

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Notat. Går til: Styremedlemmer Selskap: Helse Vest RHF Dato skriven: Frå: Administrerande direktør Herlof Nilssen

TENESTESTANDARD RUSVERNTENESTAR

Bærekraftig utvikling

Vedlegg 1. Prosjektplan for lindrande behandling i Førde kommune

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

PASIENT OG PÅRØRANDEOPPLÆRING

Svimmel - finne balansen

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 G00 Arkivsaksnr.: 12/572-2

Fylkesmannen i Hordaland, Utdanningsavdelinga. Omtale av og kravspesifikasjon til evaluering av prosjektet: NETTSTØTTA LÆRING INNANFOR KRIMINALOMSORGA

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE

I brukargruppa: Helga Idsøe Kloster, Stavanger Kari Stave, Nordfjordeid Solbjørg Throndsen, Bergen.

Akuttpsykiatriske situasjonar

Årsrapport Kreftkoordinator ÅLA

Saksgang: Utval Saksnummer Møtedato Levekår 028/

BARNEHAGEKONFERANSEN 2009 DEN FLEIRKULTURELLE BARNEHAGEN - EIn MøTESTAD FOR MANGFALD STAVANGER MAI

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

OPERASJON I MAGE ELLER TARM

Strategiplan for Apoteka Vest HF

NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane. IA-kurs hausten Kurstilbod for IA-verksemder

Omdømme Helse Vest. Resultat frå beslutningstakarundersøkinga 2008 Helse Vest RHF.

Helsepedagogikk og -didaktikk

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Notat. Utvikling av kostnadar til gjestepasientar. Styresak 58/12 O Administrerande direktør si orientering notat nr. 3 Styremøte

Rettleiar for oppfølging av brukarrepresentantar som deltar i arbeid ved Lærings- og mestringssenteret (LMS).

Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2015

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Registrering av potensielle organdonores Rapport frå Norsk Intensivregister (NIR)

Nye krav til digital kompetanse i helse- og omsorgssektoren Fokus: Samhandlingsreformen. Sesjonsleiar

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter AS. Presentasjon nettverksmøte fredag v/ Linda Meier og Jo Inge Gåsvær

Kva er økologisk matproduksjon?

Vil forbetre diagnostiseringa av tuberkulose

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Praktisk arbeid med Betre Tverrfagleg Innsats (BTI) i Årdal kommune,

Kvam herad. Arkiv: N-016 Objekt: Tilråding frå Hardangerrådet om vidareføring av Prosjekt Samhandlingsreforma i Hardanger

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

Varsel om tilsyn med Lærdal kommune. Lærdalsøyri skule sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og pålegg om innsending av dokumentasjon

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2

Kvalitetsplan mot mobbing

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

STYRESAK. DATO: SAKSHANDSAMAR: Hilde Rudlang SAKA GJELD: Høyring innføring av fritt rehabiliteringsval ARKIVSAK: 2015/2016 STYRESAK: 084/15

Brukarkvotar i Transportordninga for funksjonshemma

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL

Barnevernsfaglege vurderingar. Fylkesmannen sine erfaringar. Turid Måseide og Gunn Randi Bjørnevoll

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

SJUKE BARN I BARNEHAGEN

Tiltaksplan

Styremøte Sogn og Fjordane Sau og Geit på Reset

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

Transkript:

Kunnskap for eigentrening Utvikle skriftleg støttemateriale som del av klinisk tilbod til pasientar med balansesjukdom. Prosjektleiar: Audiopedagog, adjunkt Anne Britt N. Losnegård Søkeinstitusjon: Balanselaboratoriet ved Øyre-nase-halsavdelinga, Haukeland Universitetssjukehus; Nasjonalt kompetansesenter for vestibulære sjukdommar. Bakgrunn for prosjektet Balanselaboratoriet ved Øyre-nase-halsavdelinga, Haukeland Universitetssjukehus tek mot pasientar frå heile landet for utgreiing av sjukdommar i balanseorganet. I tillegg til å utgreie pasientar er målsetjinga for laboratoriet å forske på sjukdomstilstandar i balansesystemet og vere pådrivar i opplæring av helsepersonale og informasjonsarbeid retta mot pasientane. Balanselaboratoriet har eit omfattande testbatteri som er under stadig utvikling, og har tilknytta sivilingeniørar, legar, fysioterapeut og audiopedagog. Årleg tek Balanselaboratoriet i mot om lag 900 pasientar. Balanselaboratoriet (otonevrologisk laboratorium) er Nasjonalt kompetansesenter for vestibulære sjukdommar. Hovudsymptomet i pasientgruppa er svimmelheit. Både friske og sjuke menneske kan oppleve å bli svimle. Svimmelheit kan opptre ved ulike sjukdomstilstandar og har av og til svært plagsame og skremmande uttrykk. Svimmelheit er ordet vi brukar i daglegtale. Ordet dekkjer ei subjektiv oppleving av at ein sjølv eller verda rundt bevegar seg. Måtar å variere utrykket på kan vere å kjenne seg ustø, vere lett i hovudet, kvalm, ha flimring for augo eller dårleg balanse. Opplevinga kan variere i styrke, men det kan virke skremmande og gje oss kjensle av manglande kontroll når vår eigen kropp eller omgivnadene bevegar seg, snurrar eller gyngar, sjølv om vi står i ro. Vertigo er det medisinske begrepet for å vere svimmel som følgje av vestibulære sjukdommar, det vil seie sjukdommar som har si årsak i manglande funksjon av balanseorganet. I følgje Levekårsundersøkinga (1998,2002) sa rundt 10% av dei spurte at dei hadde vore plaga av svimmelheit og balanseforstyrring dei siste 3 månadane. Av desse var 60% i yrkesaktiv alder. Ca 2% av dei som søkjer lege i almennpraksis har svimmelheit som primær kontaktårsak. Nokre sentrale diagnosar innafor vestibulære sjukdommar. Ménières sjukdom har vertigo, hørseltap og øyresus som karakteristiske symptom. Det er ulike tal frå ulike undersøkingar på kor mange menneske som er ramma av Ménières sjukdom, og variasjonen kan forklarast ut frå at dei høgste tala kan inkludere tilgrensande tilstandar. Studiar frå andre land peikar i retning av det finst mellom 2000 og 9000 menneske 1

her i landet med denne diagnosen. Balanselaboratoriet seier i sin nettinformasjon at ein kan rekne med å oppdage i overkant av 450 nye tilfelle i året på landsbasis (Goplen, 1998). BPPV (benign paroxysmal positioning vertigo) eller krystallsykje er den vanlegaste årsaka til at folk blir tilvist for utgreiing av svimmelheit. Karakteristiske symptom er kortvarige, kraftige anfall av vertigo utløyst av stillingsendring. Vestibularisnevritt er det medisinske begrepet for akutt manglande funksjon av balanseorganet på ei side. Det mest brukte uttrykket om tilstanden er virus på balansenerven. Karakteriske symptom er kraftig vertigo etterfølgd av kvalme og brekningar. Svimmelheit er eit symptom ved svært forskjellige sjukdommar. Ein del av desse tilstandane er tidkrevande å diagnostisere, men felles for alle er behovet for rådgjeving og informasjon til pasienten om korleis han eller ho skal forhalde seg til svimmelheita når den akutte fasen er over. Vestibulær rehabilitering og pasienten sitt behov for informasjon om balansesystemet Balansesystemet har som mål å oppretthalde stabilitet sjølv om kroppen vår eller underlaget vi står på, bevegar seg. Stabiliteten avheng av eit komplisert samspel mellom ulike element. Balanseorganet er eit av elementa. Det sit i det indre øyret og registrerer korleis vi bevegar hovudet. I tillegg spelar sanseinntrykk via musklar og skjelett ein viktig rolle. Det same gjer synssansen. Viss signala frå balanseorganet i det indre øyret ikkje stemmer overeins med signal frå synet, musklar og skjelett, får hjernen motstridande signal og vi blir svimle. Når det oppstår svikt i deler av balansesystemet, blir automatiske mekanismer kopla inn for å kompensere for den manglande funksjonen i balanseorganet. All forsking og klinisk praksis viser at aktivitet og visuelle stimuli fremjar den fysiologiske kompenseringsprosessen. Erfaring med å vere svimmel er ein del av hjernen sitt læringsgrunnlag for å kunne kompensere godt nok. Det er derfor viktig at pasienten raskt får informasjon og rådgjeving som motiverer til å utfordre svimmelheita og forsterke betringsprosessen når den akutte fasen er over. Ein del pasientar har også behov for å komme i gang med eit spesifikt treningsopplegg. Grunnlaget for meistring ligg i fagleg godt motivasjonsarbeid. Frå Ménièrerammedes situasjon - Kartlegging med tiltaksforslag (Rosenberger, 2002) er vi kjende med at mange pasientar med denne diagnosen opplever for dårleg informasjon om sjukdommen og lite støttande oppfølging. Forståing for korleis balanseorganet og kompenseringsmekanismene fungerer er eit viktig grunnlag ved pasienten sin motivasjon til å gå i gang med eigentrening. Mange pasientar har ikkje nok kunnskap om korleis dei kan forsterke betringsprosessen. I målsetjinga til prosjektet ligg det ei erkjenning av at pasienten sin motivasjon må sjåast på som del av den kliniske konteksten. Meistring handlar om fagleg støtte til systematisk eigeninnsats. 2

Målsetjing for prosjektet Målsetjinga for prosjektet er å utvikle skriftleg støttemateriale for eigentrening som del av det kliniske behandlingstilbodet ved Balanselaboratoriet. Støttematerialet skal bestå av 5 deler: Del 1 - Informasjonsfalder om undersøkinga som skal sendast til pasientane saman med innkallinga til Balanselaboratoriet. Del 2 - Informasjonshefte om balansesystemet til pasientar ved Balanselaboratoriet. Generell informasjon om balansesystemet, feilfunksjonar i balanseorganet, kompenseringsmekanismene ved feilfunksjon og generelle aktivitets- og treningstiltak. Vektlegging på feilfunksjonar og behovet for aktivitet, motivasjon og meistringsstrategiar. Kort informasjon om andre diagnosar. Del 3 - Informasjonsfalder om Ménières sjukdom: Symptom, behandling og rehabilitering. Del 4 - Informasjonsfalder om vestibularisnevritt ( virus på balansenerven ): Symptom, behandling og rehabilitering. Del 5 - Informasjonsfalder om BPPV (krystallsykje): Symptom, behandling og rehabilitering. I tillegg til papirutgåva vil materialet bli tilgjengeleg på Balanselaboratoriet sine nettsider, der det kan lastast ned frå. Det blir også linka opp til Hørselhemmedes Landsforbund sine nettsider. Målgruppa for støttematerialet er dei om lag 900 pasientane som årleg er innom Balanselaboratoriet. Desse omfattar: Nye pasientar med svimmelheit. Pasientar med svimmelheit som ikkje har fått diagnose. Pasientar med diagnose med fortsatt behov for rådgjeving. Nærpersonar. Arbeidsmetode Utfordringa for prosjektet blir å finne gode svar på det spennande spørsmålet: Korleis kan vi motivere pasientar med balansesjukdom til større eigeninnsats, og kva treng dei å vite? Fagkunnskap og erfaringar frå møte med pasientane - frå alle faggrupper og tilsette ved laboratoriet - vil vere grunnlagsinformasjon. Balanselaboratoriet har gode erfaringar med å jobbe i team i forhold til pasientgruppa. Utfordringa prosjektet tek tak i, er å gje målgruppa både den formidla og den tause kunnskapen, synleg og samla, for slik å auke motivasjonen for og effektiviteten i eigeninnsatsen deira. 3

Prosjektleiar har tidlegare gjennomført prosjektet Program Meistre Tinnitus med støtte frå Helse og Rehabilitering (2003/3/0368). Desse brosjyrene ligg under Pasientinformasjon/Informasjonsmateriell på www.helse-forde.no, og kan lastast ned derifrå. For å utvikle desse brosjyrene tok vi i bruk ein prosessorientert arbeidsmåte som fungerte godt. Gjennom ei fokusgruppe med 3 brukarrepresentantar kunne vi teste fagfolka sine disposisjonar opp mot brukarperspektivet og slik gjennomføre eit meir heilskapleg prosjekt. Denne arbeidsmetoden - som føreset tverrfaglig samarbeid, brukarmedverknad og konsensus - vil vi også bruke i Kunnskap for eigentrening. Kommunikasjonskonsulent ved trykkeriet vil vere samarbeidspart i forhold til presentasjonen og den visuelle løysinga. Organisering Styringsleiar: Dr.med. overlege Stein Helge Glad Nordahl Prosjektleiar: Audiopedagog, adjunkt Anne Britt Nummedal Losnegård Prosjektleiar rapporterer månadleg til styreleiar og ellers ved behov. Referansegruppa frå Balanselaboratoriet: - Ass.lege Frederik Goplen (medisinsk kontaktperson) - Professor Per Møller - Fysioterapeut Kjersti Wilhelmsen - Sivilingeniør Erling Hvilen - Fysioterapeut Anne Gro Trygsland Referansegruppa har 5 møte i løpet av 2007 og evaluerer informasjonsmaterialet gjennom tverrfagleg drøfting og regelmessig rådgjeving til prosjektleiar. Kompetansesenter for vestibulære sjukdommar har ansvaret for å godkjenne det medisinskfaglege innhaldet i informasjonsmaterialet. Fokusgruppe med tre erfarne brukarrepresentantar, frå fylka Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane (Helse Vest): Helga Idsøe Kloster, Stavanger Ménièrekontakt/HLF Rogaland Solbjørg Throndsen, Sotra Menierekontakt/HLF Hordaland Kari Stave, Nordfjordeid Vara fylkesstyret/hlf Sogn og Fjordane Fokusgruppa har 5 møte i løpet av 2007. I tillegg vil prosjektleiar nytte 7 eksterne referansepersonar (audiopedagog, psykolog, fysioterapeut) inkludert 2 brukarar (busett utanfor Helse Vest). Dei vil få tilsendt 1. og 2. utkast av informasjonshefta til gjennomlesing og vurdering. 4

Framdriftsplan Januar-mars 2007 April-juni 2007 August- okt 2007 Nov-des 2007 Innhenting av grunnlagsinformasjon i samarbeid med Balanselaboratoriet. Samtale med alle tilsette (veke 2 og 3). Start samarbeid med kommunikasjonskonsulent/trykkeriet. Start bearbeiding av innhenta informasjon. Møte i referansegruppa og i fokusgruppa (jan og mars mnd). Utforming av informasjonsmateriale. 1.utkast klart (mai mnd). Møte i referansegruppa og i fokusgruppa (mai mnd). Justering etter tilbakemeldingar (start juni mnd). 2.utkast klart (sept mnd). Justering etter tilbakemeldingar. Møte i referansegruppa og fokusgruppa (sept mnd). Klargjering for trykking av materialet. Møte i referansegruppa(nov mnd). Møte i fokusgruppa (nov mnd). Prosjektslutt des mnd. Bruk av materialet utover prosjektperioden Materialet vil vere del av behandlingstilbodet til pasientane ved Balanselaboratoriet. Materialet vil brukast - i internopplæringa ved sjukehuset. - i ulike kursopplegg, f.eks. helsepersonale i kommunehelsetenesta og høgskulestudentar. - i andre behandlingsopplegg, f.eks. gruppetilbod for pasientar med balansesjukdom. Materialet vil tilbydast andre helseinstitusjonar/opplæringsinstitusjonar. Materialet vil gjerast kjendt gjennom pressemelding, artiklar e.l. - i lokalblad for å etterkomme informasjonsbehov. - i fagblad for å inspirere fagmiljøet til auka innsats for brukargruppa. Budsjett Balanselaboratoriet, som er Nasjonalt kompetansesenter for vestibulære sjukdommar, vil med prosjektet kunne løfte fram rådgivingsarbeidet for pasientgruppa. 20% av prosjektleiarstillinga (totalt 50%) vil vere finansiert av Øyre-nase-halsavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus (kr 104 000 inkl. 30% sos.utgifter). Fagleg rettleiing og møteverksemd ved Kompetansesenter for vestibulære sjukdommar (5 personar) vil utgjere ein ressursbruk på kr 90 000 (inntil150t à kr 600) frå Øyre-nasehalsavdelinga si side. Dette inneber at eigenfinansieringa i prosjektet er på kr 194 000, som vil framgå av budsjettet. 5

UTGIFTER Søknadssum Totalt budsjett Utgifter til trykking av materiale (5x2000stk) og arbeid for kommunikasjonskonsulent inkl. mva. kr 161 000 kr 161 000 Løn i 30% stilling m/sos utgifter for prosjektleiar kr 156 000 kr 260 000 Bruk av heimekontor for prosjektleiar kr 2 000 kr 2 000 Reiser for prosjektleiar kr 16 000 kr 16 000 Reiser for fokusgruppe kr 22 500 kr 22 500 Tapt arbeidsforteneste for fokusgruppedeltakar kr 3 500 kr 3 500 Ressursbruk for Øyre-nase-halsavdelinga kr 90 000 kr 361 000 kr 555 000 INNTEKTER Haukeland Universitetssjukehus kr 194 000 Helse og Rehabilitering kr 361 000 kr 555 000 6