SAMARBEID MED KINA FORPROSJEKT 2011



Like dokumenter
EXPO 2010 OG SAMARBEIDSRELASJONAR MED KINA

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

INTERNASJONAL STRATEGI

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Forslag frå fylkesrådmannen

Ansvarleg sakshandsamar sign. for utført handling: Saka er godkjend av fylkesrådmannen: Dokumentoversyn: Tal prenta vedlegg: * Tal uprenta vedlegg: *

Vurdering av allianse og alternativ

Regionalt bygdeutviklingsprogram i Rogaland 2013

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

Godt. Lokaldemokrati. ei plattform

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Den nye seksjon for applikasjonar

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Lansering 14. august 2007, Ingeniørenes Hus

Nissedal kommune. Formannskapet. Møteinnkalling. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 13:00

Handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland

Kvalitetsplan mot mobbing

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

Opplæring i kinesisk språk (mandarin) i den vidaregåande skulen i Hordaland

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

ULSTEIN KOMMUNE Politisk sekretariat

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Forstudie Næringshage i Vinje

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Bustadområde i sentrum. Vurdering

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Auka finansiering av Interreg-programma i Norge

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

UTTALE TIL HØYRINGSDOKUMENT NORSK FJELLPOLITIKK 2009

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Svar til Universitetet i Bergen på intensjonsnotat om framtidig og tettare samarbeid

EU-prosjektet Économusée Tradisjonsnæringar gir arbeidsplassar og ny giv

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret HØYRINGSUTTALE TIL UTVIKLINGSPLAN MOT 2030 FOR HELSE MØRE OG ROMSDAL HF

Kompetansemekling i privat og off sektor

Frivillige organisasjonar i samfunnsbygginga

Aurland kommune Rådmannen

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Prosjekt: Velferdsteknologi og automasjon Eid omsorgssenter. Pilotprosjekt i Nasjonalt program for Leverandørutvikling

Stemnehandboka for NKSF

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

FORFALL Kristin Tufta Kirknes (V) meldt forfall Are Traavik (Sp) ikkje meldt forfall på grunn av at innkallinga ikkje var motteke på E-post

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Velkomen til Mork barnehage

Statusrapportering for reiselivsnæringa i Møre og Romsdal - heile 2015

Ny GIV Oppfølgingsprosjektet

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

Handlingsprogram 2014, Regional plan for museum

Vedlegg SNP Side 1. Strategisk næringsplan

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

Auka konkurransekraft gjennom samarbeid om felles FoUutfordringar. Finn fram i finansieringsjungelen, Oslo, 20. april 2010

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Strategiplan for Apoteka Vest HF

SOGN driftig raus ekte

Lønnsundersøkinga for 2014

TILLEGGSAK KUP-LØYVING 2013

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Styresak. Framlegg til vedtak: Dato: Sakshandsamar: Saka gjeld: Tom Hansen Rapportering frå verksemda per desember 2010

Lærande nettverk. Motivasjon, leiing og arbeidsmåtar. Ungdomstrinn i utvikling - UDIR. Claus Røynesdal. Sogn regionråd

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

resultat Innovasjon Noreg Akersgata 13 Postboks 448 Sentrum 0104 Oslo T: F:

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

Styresak. Bakgrunn. Kommentarar. Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato:

Protokoll frå møtet i det regionale brukarutvalet 30. mai 2008

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

1. Mål med samhandlingsreforma

AVTALE OM MUSIKKSAMARBEID NOREG KINA 2013

Vestlandet ein stor matprodusent

ORGANISERING AV NORSK PETROLEUMSVERKSEMD

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Overføring av skatteoppkrevjarfunksjonen til Skatteetaten - høyringsuttale

FYLKESKOMMUNEN SITT ENGASJEMENT I OG ORGANISERING AV HORDALAND OLJE OG GASS

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

Finansiering av dei offentlege fagskolane

Samansette tekster og Sjanger og stil

Vinje kommune. Sluttrapport

Fylkesmannen i Hordaland, Utdanningsavdelinga. Omtale av og kravspesifikasjon til evaluering av prosjektet: NETTSTØTTA LÆRING INNANFOR KRIMINALOMSORGA

Transkript:

SAMARBEID MED KINA FORPROSJEKT 2011 SAMARBEID MED KINA FORPROSJEKT Vestlandsrådet januar 2011

Utviklinga i Kina er rask og den er spennande. Vi registrerer at mange verksemder m.a. frå Vestlandet etablerer seg der. Og mange har planar om å følgje etter. I tillegg blir relasjonar mellom Vestlandet og Kina òg forsterka på andre måtar m.a. gjennom forskingssamarbeid, kultursamarbeid, og gjennom auka reiseverksemd generelt. Dette er med på å forsterke dei muligheiter som mange på Vestlandet allereie har sett og nytta seg av. I tillegg ser vi at ei aukande middelklasse i Kina som både vil skape ein langt større heimemarknad i Kina, men som òg vil kunne etterspørje m.a. nye reislivstilbod til i Europa og Noreg. Dette vil òg vere særs interessant for Vestlandet. Det er med bakgrunn i dette at Vestlandsrådet presentere eit framlegg til korleis Vestlandet kan samarbeide tettare mot Kina. Rolla Vestlandsrådet ønskjer å ta på seg her er tredelt. Dels vil rådet gjennom den politiske leiarskapen vere med som døropnar for verksemder, institusjonar og offentlege verksemder i arbeidet med å bygge relasjonar i Kina. Vi ser at den politiske dimensjonen og verdien av at sentrale politikarar i regionar og større byar er avgjerande. Dels ønskjer rådet også å fungere som koordinator for eit regionalt Kinaforum på Vestlandet, og i visse høver er det naturleg, i tett samråd med næringslivet og institusjonar på Vestlandet, å initiere konkrete tiltak. Før vi kan etablere ein meir samla Kina-strategi for Vestlandet, legg vi i første omgang opp til eit forprosjekt på eitt år der vi testar nærare ut grunnlaget for ei slik satsing. Forprosjektet må forankrast i fylkeskommunane og deretter presenterast for sentrale regionalpolitiske aktørar på Vestlandet næringsliv, universitet og høgskular, byar og kommunar - og med statlege styresmakter. I løpet av prosjektperioden er det eit mål å drøfte nærare grunnlag for ein felles Kinastrategi på Vestlandet i nært partnarskapen med dei regionalpolitiske aktørane her. 1. Det nye Kina - kva vil Kina? Det er særs interessant å merke seg at Kina sin økonomi har klart seg best av landa i G20- kretsen etter finanskrisa. Dette skuldast at det vart gjennomført tiltak i form av ein stimulis pakke og ei auka orientering mot produksjon for heimemarknaden. Kina vil to ting 1. Det eine er å gjenvinne sin rettmessige plass i det globale bilete, med tilhøyrande respekt frå andre land. Det andre er å bli eit middels velståande land der goda er jamnare fordelt enn i dag. Dette føreset auka vekst. Samstundes tyder mykje på at dei ikkje ønskjer å framstå for aggressivt det er den økonomiske veksten som skal gje respekt ute og sikre ei balansert utvikling internt. Andre peiker på at Kina vil meir ; meir konsum, meir import, investere meir utanlands og meir innovasjon 2. Mykje av Kina sin økonomi er eksportdrive. Samstundes går det føre seg ein konsumer-boom utan sidestykke. International Energy Agency meiner Kina frå 2035 vil ha bruk for ein femtedel av den globale energien, som er ein auke på 75% sidan 2008. 1 Arne Jon Isachsen (2010) Hva Kina vil. Working Paper Series 6/10 CME/BI 2 Niall Ferguson, The Saturday Essay in Wall Street Journal, 18 sept 2010

Allereie i dag er Kina den største eksportmarknaden for Australia heile 22% i 2009. Tidlegare var Kina som kjent ein eksportør av lav-prisprodukt, i dag har Kina blitt ein ny marknad frå andre lands produkt. Dette er òg med å skape gode og venlege relasjonar! Med stor prissvingingar innanlands, har Kina òg teke til å investere langt meir utanfor Kina, svært mykje i Asia og Afrika. Og dei er blitt svært innovative, m.a. på vindturbinar og fotovoltaisk (solceller) panel. Generelt kan ein sjå føre seg tre mulige scenario for Kina fram mot 2010, avhengig av økonomisk utvikling, naturresursar og miljø, og demografisk utvikling 3. Det eine er eit scenario om eit demokratisk Kina som veks fram, eit anna om eit robust, men autokratisk regime som framleis består 4, og eit siste og meir pessimistisk scenario med langvarig politisk ustabilitet. I forhold til konsekvensar for Noreg, kan ein i stikkordform sjå før seg følgjande 5 : Norge har nytt godt av Kinas vekst. Rekordhøg norsk eksport i kriseåret 2009 auke på 42%. Norges 5. største handelspartnar. Inkl. Greater China, den 3. største Ta del i verdiskapinga i Kina på ny måte. Eit anna nærvær, andre samarbeidsformer. Norge kan berre konkurrere på teknologi og innovasjon innanfor få sektorar. Erkjenne at Norge har mykje å hente i Kina. Kina som marknad - stort potensiale Bygge Kina-kompetanse, også kommersielt. Norges samfunnsmodell auka interesse Kanskje den viktigaste kritiske suksessfaktoren handlar om kompetanse om Kina både kulturkompetanse, styringskompetanse og kompetanse om drivarar i marknaden. Som vi har opplevd både i samband med delegasjonsreiser og som det elles er skildra i studiar av Kina, har vi vanskar med å førestille oss viktige sider ved det Kinesiske samfunnet fordi vi ofte samanliknar det med korleis vi sjølv har det. Eit døme er staten si rolle. Det finst nesten ikkje grenser for kva partiet har med å gjere fordi staten og partiet i stor grad går ut på eitt 6. Samstundes ser vi at styringa i stor grad er basert på det fleire peika på som kinesisk pragmatisme i politikken. 2. Bakgrunn - mål, premiss og prosess 3 Generalkonsul Tormod C Endresen, Guangzhou, september 2010. 4 Reint statsvitskapleg kan vi omtale styringssystemet i dag som autokratisk, dvs basert på eineherskar eller sjølvherskar med utøvande, lovgivande og dømande makt. 5 Ibid. 6 Henning Kristoffersen (2010) Det ny Kina. Kinesisk handel, kultur og politikk. Universitetsforlaget

Vi legg med dette fram eit forprosjekt retta mot auka samarbeid mellom Kina og Vestlandet. Bakgrunnen er naturleg nok den veksande heimemarknaden vi ser i Kina, muligheiter for effektiv og rimeleg produksjon og forskingskapasitet, og ein aukande interesse for turisme og investeringar i utlandet. Ideen skriv seg òg frå ei delegasjonsreise som Vestlandsrådet gjennomførte saman med NHO og LO i september 2010 og ei oppfølging av denne reisa i form av eit framlegg til handlingspunkt i møte i Vestlandsrådet i oktober 2010. Her vart saka utsett og grunngjeve med ønskje om ei meir grundig og heilskapleg Kina strategi. Saman med dei erfaringar og relasjonar som allereie er gjort mot Kina frå Vestlandet, ønskjer Vestlandsrådet å samle seg om ein felles framtidig Kinasatsing frå Vestlandet. Mål Målet er å invitere til ei auka samordning av arbeidet mot Kina, ikkje at ein bind seg til ein samla pakke eller program. Ei viktig oppgåve blir å få ein samla oversikt over dei relasjonar som finst mellom Vestlandet og Kina i dag. Den primære oppgåva vil likevel vere å legge til rette for at næringsinteresser frå Vestlandet kan etablere seg i Kina både med omsyn til produksjon, som marknadspotensiale og som aktør for å fremje norske interesser generelt. Rolla Vestlandsrådet ønskjer å ta på seg, er som nemnt innleiingsvis tredelt. Det eine, og kanskje viktigaste, er gjennom den politiske leiarskapen å vere med som døropnar for verksemder, institusjonar og offentlege verksemder som ønskjer å bygge relasjonar i Kina. I tillegg kan det vere tenleg å etablere eit regionalt Kinaforum på Vestlandet. Og til slutt kan òg ved visse høve vere naturleg, i tett samråd med næringslivet og institusjonar på Vestlandet, å initiere konkrete tiltak. I tråd med Regjeringa sin Kina-strategi bør målet òg inkludere eit ønskje om å hjelpe til i kampen mot fattigdom og for menneskerettar, vektlegg miljø, klima og berekraftig utvikling, og tek omsyn til grunnleggande arbeidstakarrettar 7. Premiss Prosjektet legg elles til grunn nokre premiss for satsinga. Ein viktig premiss er at ei slik satsing tuftast på samarbeid mellom relevante aktørar både frå næringsorganisasjonane, verkemiddelapparatet, kunnskapsinstitusjonar, byane og andre offentlege institusjonar som har interesse i Kina. Desse aktørane må inviterast til å delta i eit 7 Regjeringens Kina-strategi. Utenriksdepartementet, august 2007.

felles forum og i utforminga av tiltak. Dette kan gjerast i form av seminar og konferansar. Her er det allereie etablert gode arenaer som China Summit 8. Når Vestlandsrådet tar eit initiativ til eit meir samordna prosjekt mot Kina, så har det særleg med den politiske rolla leiande regional- og bypolitikarar på Vestlandet kan spele i arbeidet med å sikre gode relasjonar og avtalar i Kina. Kina er som vi veit eit særs formalistisk, hierarkisk og politisk styrt samfunn. Det set ofte krav til politisk deltaking i rolla som døropnar 9. I arbeidet med eit samla Kinasamarbeid på Vestlandet, må ein byggje på dei relasjonar som allereie er skapt. Som ein vil sjå av oversikten, har mange verksemder frå Vestlandet allereie etablert seg i Kina med eigen produksjon, etablert ein marknad, og skapt seg mange og verdifulle relasjonar. Kunnskapsinstitusjonar har samarbeid med tilsvarande institusjonar i Kina og - til dels over lang tid etablert verdifulle kontaktpunkt og gjort eigne institusjonelle samarbeidsavtalar. Og nokre av byane og fylkeskommunane har signert samarbeidsavtalar med tilsvarande aktørar i Kina. Det gjeld Bergen kommune, som saman med Business Region Bergen og Bergen næringsråd har ein avtale med Dalian, Rogaland fylkeskommune som har avtale med Guangdong, Stavanger kommune og Greater Stavanger som har ein samarbeidsavtale med Ningbo og Sogn og Fjordane fylkeskommune som har ein venskapsavtale med Ningxia provinsen. Ei slik satsing må derfor både vere strategisk i forhold til kva for næringar og sivile tema ein vil ta opp, men samstundes òg dynamisk og fleksibel nok til å kunne handtere endringar og nye initiativ. Prosjektet vil derfor fungere som ein oppstart og ein inngangsport til etablering av verksemder i Kina. I løpet av forprosjektet - 2011 - vil ein ha eit særleg fokus på etablering av eit inkubatorprogram for to verksemder frå kvart fylke på Vestlandet. Dette programmet går ut på å etablere ein inkubatornode som skal vere ein døropnar for norske grundarar og nystarta verksemder som vil etablere seg i Kina. Her skal dei få tilbod om kompetanse og nettverk, administrative tenester og lokale. Dette vil då kome som tillegg til dei initiative som allereie er starta opp. Sjølv om ambisjonen vi her skisserer tar utgangspunkt i ei samordning på Vestlandet, bør det vere interessant å sjå på kva potensiale andre regionale- og bysamarbeid nasjonalt òg kan ha for Vestlandet. Det at Nordland fylkeskommune har ein samarbeidsavtale med Zhejiang Provinsen er interessant for Vestlandet fordi Ningbo ligg i denne provinsen. Oslo sin avtale med Shanghai kan openbart òg vere verdifull for Vestlandet. Det er allereie starta samtalar om å etablere eit nasjonalt Kinaforum mellom byar og regionar saman med UD og NHD 8 China Summit er organisert som eit prosjekt og har som mål å etablere ein arena for næringsutvikling mot Kina innan i hovudsak maritim sektor. Men handel generelt og energiutfordringar er aktuelle tema dei har sett på. Bergen / China Summit har gått føre seg sidan 2006. Initiativet skriv seg frå Bergen Scenarier 2020 der ein hade eit fokus på globalisering og potensiale for eit Asiasamarbeid. 9 Erfaringane til Telemark fylkeskommune viser at det sterkt politiserte systemet i Kina gjer at fylkesordføraren må vere med som døråpnar sjølv ved reine næringslivsdelegasjonar

omkring nettopp Kinasamarbeid. Her bør Vestlandsrådet saman med byane og fylkeskommunar på Vestlandet som allereie har formaliserte samarbeid, delta. Ei eiga Kina-satsing på Vestlandet vil vere ressurskrevjande. Etablering og vidareutvikling av relasjonar mot Kina set krav til at ein kontinuerleg er til stades i Kina der marknaden er og der rammevilkår for etablering og marknaden vert styrt og regulert. Langt på veg vil dette bli ivareteke av Innovasjon Noreg sine utekontor i Kina som per dags dato er i Beijing og Shanghai. Men eit slikt prosjekt krev òg koordinering frå Vestlandet. Prosess Prosjektet legg vidare opp til at den etter handsaming og avgjersle i Vestlandsrådet, vert lagt til grunn for å invitere inn til eit nærare samarbeid der meir handlingsretta tiltak vert drøfta, t.d. i form av eit seminar. Her må ein òg den vidare organiseringa med omsyn til styring, deltaking, ressursbruk og handlingshorisont drøftast. Forventa resultat I løpet av prosjektperioden, og basert på erfaringar frå forprosjektet, vil ein vurdere grunnlaget for ein meir heilskapleg Kinastrategi for Vestlandet, inkludert eit handlingsretta program for Vestlandsrådet. 3. Norge i Kina nasjonal politikk, utekontor og frihandelsavtale Norge i Kina Kva for apparat har Noreg i Kina i dag? Når det gjeld Innovasjon Noreg sitt apparat i Kina, har vi i dag eit eige kontor i Beijing og eit i Shanghai 10. Det har vore planlagt etablering av eit eige Innovasjon Noreg kontor i Guangzhou også, men dette har ikkje vore mogeleg å realisere grunna reduksjon i statsbudsjettet 2011. Noreg har elles ein ambassade i Beijing, og eit generalkonsulat i Shanghai og eit i Guangzhou. Generalkonsulatet i Guangzhou vart etablert i 2008. Ambassaden i Beijing har 23 norske utsendte, inkludert representantar frå Eksportutvalet for Fisk (EFF) og Innovasjon Norge. Innovasjon Norge sine satsingar, som reflekterer kvar norsk næringsliv vil kunne ha et spesielt potensiale i den kinesiske marknaden, er miljø- og energi teknologi, IKT, akvakultur og sjømat, maritim industri, turisme, og forsking og utvikling. Fordi Kina har stort fokus på bygging av infrastruktur, vil det elles ligge store muligheiter for norsk teknologi og 10 Fylkeskommunane (49%) eig saman med staten Innovasjon Norge. Dette gjer Innovasjon Norge sine utekontor i Kina til ein særs viktig ressurs for eit slikt prosjekt.

kompetanse innan veg, tunnel- og brubygging, IKT, flyplassteknologi, vasskraftutbygging, trafikkstyringssystem, miljøteknologi og nye energikjelder 11. Regjeringa si Kina-strategi - status Regjeringa si Kina-strategi byggjer på fire prioriterte samarbeidsområde: o Ein utvida økonomisk samkvem med vekt på auka marknadstilgang for norske varer og tenester o Ei utvikling som er lokalt, regional og globalt berekraftig o Tettare politisk dialog om demokrat og menneskerettar o Ei meir rettvis fordeling av velferdsgode og ressursar Dei verkemidla staten har er kultursatsing, forsking, utdanning, prosjekt særleg innan miljø og klima, nordområde dialog, dialog om menneskerettar, og forhandling om frihandelsavtale. Noreg har ein god dialog med Kina og har hatt dette i fleire år. M.a. er den største norske utanriksstasjonen plassert i Kina. Frihandelsavtale Den viktigaste oppgåva no er likevel arbeidet med frihandelsavtalen. Den er i ferd med å bli ferdig, men det står enno att nokre uavklara spørsmål 12. Bakgrunnen for å få til ein frihandelsavtale med Kina er at Kina er den viktigaste handelspartnaren i Asia og at det er allereie etablert 110 norske verksemder der. Grovt sett kan vi seie at 1/3 av handelen med Kina gjeld eksport til Kina (maskiner og utstyr, metall, kjemikaliar, fisk) og 2/3 gjeld import frå Kina (maskiner og utstyr, tekstil, møblar, leiker, landbruk). Utfordringa synest no å vere handel med varar der ein ønskjer redusert eller eliminert tollsatsane, og dialog med arbeidstakarrettar. Tollsatsen no er på ca 10 %, og eit av måla med frihandelsavtalen er å redusere eller eliminere denne. I tillegg vil ein bruke frihandelsavtalen til å skape ein betre plattform for ein utvida politisk dialog, skape transparente handelsprosedyrar, og føreseielege tenesteutvikling. Kina på si side er interessert i tenestesektoren innan marin og maritim sektor, ein auka marknad for Kinesisk medisin, kulturutveksling, og behov for å utvikle ekspertise heime gjennom utvekslingsprogram der folk frå Kina utdannar seg t.d. i Noreg. 4. Oversikt - kva avtalar finst det på regionalt- og bynivå, institusjonelle samarbeidsavtalar mellom universitets og høgskular, etablerte verksemder i Kina dels på nasjonalt, men mest på Vestlandsnivå 11 Samspill, Bergen Næringsråd nr 3 2010 12 I skrivande stund er arbeidet med denne avtalen stoppa noe opp.

Region og by-relasjonar - nasjonalt I følgje ambassadør Haakon B. Hjelde, UD, er ein særs opptekne og overraska over den store og til dels konkrete satsinga byar og regionar i Noreg har med tilsvarande nivå i Kina 13. Dette blir av UD sett på som særs gledeleg. Det er eit behov for politisk dialog med Kina på fleire nivå. Då blir den kontakten politiske leiarar i regionane og byane har med tilsvarande nivå i Kina samstundes særs viktig Før vi ser på relasjonane Vestlandet har med Kina, kan det vere greitt å få eit kort blikk over dei territorielle samarbeidsrelasjonane vi har mellom regionar og byar i Noreg og tilsvarande i Kina. Reint skjematisk ser dei slik ut: o Telemark fylkeskommune har ein samarbeidsavtale om næringsliv, akademia og kultur med Hubeiprovinsen (60 mill innbyggarar) o Oslo kommune har sidan 2001 hatt ein samarbeidsavtale med Shanghai o Nordland fylkeskommune har samarbeidsavtale med Zhejiang Provins (51 mill innbyggarar) omkring marin og maritime sektor samt entreprenørskap o Sør-Trøndelag fylkeskommune har samarbeid med Chongqing provins (32 mill innbyggarar). o Fredrikstad har sidan 199 hatt ein samarbeidsavtale med byen Zhuzhou, som ligg i Hunan provinsen. o Sandefjord kommune har sidan 2001 hatt ein samarbeidsavtale med Jiaxing by, som ligg in nordre del av Zhejiang provinsen. Region og by-relasjonar - Vestlandet Dei territorielle samarbeidsrelasjonane er som følgjer: o Bergen kommune Dalian bykommune (5 6 mill innb), samarbeid omkring maritim og marin industri, turisme, kultur og design. Samarbeidsavtalen er frå 2010. Dalian er ein universitetsby, med stor marin og maritim aktivitet. Dei bergensbaserte verksemdene TTS og DNV er etablert i Dalian. o Sogn og Fjordane fylkeskommune dei har sidan 2005 hatt ein samarbeidsavtale med Ningxia provinsen (6 mill innbyggarar) omkring kultur, reiseliv, studentutveksling, ungdom. Samarbeidet har vore mindre aktivt dei seinare åra, men avtalen gjeld framleis og det er god kontakt mellom partane. o Rogaland fylkeskommune har sidan 2010 hatt ein samarbeidsavtale med Guangdong provinsen (110 mill innb. Guangdong er kjent for internasjonal handel, verftsindustri, energiproduksjon og huser m.a. Kinas største mottaksanlegg for norsk laks. Dei siste åra har provinsen hatt ein utruleg vekst og seglar opp som Kinas viktigaste og største handelsprovins. o Rogaland / Stavanger har også eit institusjonelt samarbeid med Ningbo og først og fremst Nordic Industrial Park (NIP) som har klare eigarinteresser frå Rogaland. Sjølv om NIP er ei privat verksemd, er den særs relevant for Vestlandet også med omsyn til 13 Presentasjon på møte om Kina i Trondheim 18.november 2010

territorielle plasseringa. Her er det elles verdt å merke seg at Ningbo faktisk er ein del av Zhejiang Provinsen, som er Nordland fylkeskommune sin samarbeidsregion. Sogn og Fjordane fylkeskommune, Bergen kommune, Rogaland fylkeskommune, Stavanger kommune Nordland fylkeskommune, Oslo kommune, Telemark fylkeskommune, Sør-Trøndelag fylkeskommune, Fredrikstad kommune, Sandefjord kommune Det er elles verdt å merke seg Bergen kommune, Bergen Næringsråd og Business Region Bergen sin strategisike satsing mot Kina gjennom tiltaket Bergen / China Summit, som har gått over fleire år.

Vestnorske verksemder i Kina Truleg vil få andre land ha like stor betyding for utviklinga av verdsøkonomi, næringsliv og arbeidsplassar i åra som kjem som Kina 14. Kina er som sagt vår største handelspartnar i Asia, og samhandelen har auka sterkt dei siste åra. Ei rekkje lokale verksemder er allereie etablert i Kina, slik som m.a. Lerøy Seafood Marine Harvest Odfjell FRAMO Sotra Anchor&Chain Grieg Shipping Hydro Aluminum Odfjell Terminals Grieg Shipping Group Frank Mohn AS Odfjell Tankers Sotra Gruppen TTS Bohai Machinery Fjord Seafood Lerøy Seafood Group Wikborg & Rein Ulstein Group Rolls-Royce Brunvoll AS Jets Ekornes ASA Stordal Møbler AS Stokke AS Aalesundfisk AS Thingstad Havyard Møre Codfish Norske Veritas Fjord Norge Union Hotel Geiranger Aalesund Oljekledefabrikk Universitet og høgskulemiljø Vestlandet På same måte som hos einskildverksemder, vil samarbeidet universitet og høgskulemiljøet I mindre grad vere basert på institusjonelt samarbeid i det daglege det er det dei personlege relasjonane og enkelt samarbeid mellom kvar einskild tilsett som tel. Dette blir for spesifikt til å liste opp her. Dette er også rimeleg dynamisk og endrar seg etter kvart. På den andre finst det òg institusjonelle samarbeid. Her vil vi presentere nokre av dei vi kjenner til så langt. Universitet/høgskule Universitetet i Stavanger Høgskulen på Stord/Haugesund Universitetet i Bergen Samarbeidsrelasjonar Har ei rekkje avtalar med Kinesiske universitet 10 15. Dynamisk tilnærming der relasjon varierer i styrke, ofte personleg basert. Starta ein bevist politikk mot Kina frå 2004/2005. Ikkje interessert i statiske samarbeidsavtalar. Ingen utvekslingsavtale med Kina Mange typar kontaktar og forskingsprosjekt mot Shanghai, Beijing, Hong Kong og Tibet. Kontakt med fleire universitet i Liaonoing provinsen, besøk frå provinsen i september, nytt besøk desember 2010 frå Northeastern University i same provinsen. Signerte i 2001 ein samarbeidsavtale med Yunnan Nationalities University (Kunming by i Yannan provinsen (sørvest i Kina). Fornya fram til 2012. Ikkje hatt innreisande studentar, sendt 17 studentar til Kunming. Yunnan University tilbyr kurs i kinesisk språk, kurs på fire veker til eit år. 14 Utdrag frå Samspill, Bergen Næringsråd nr 3 2010, er nytta i det følgjande.

Inngått ein generell samarbeidsavtale mellom UiB og Fudan University (Shanghai) i mars 1998. UiB har hatt 12 utreisande studentar og 11 innreisande studentar. Tilbyr engelskspråklige masterkurs innan kinesisk historie, kultur og politikk. Studentar frå UiB kan ta kurs i kinesisk språk og litteratur. Kinanetteverk Bergen Konfucius Institutt Bergen Ei gruppe studentar (bachelor/master/post-master) og professorar frå forskjellige fagrettingar på UiB forsøker å få til eit tverrfagleg Kina nettverk i Bergen. Målet er å samle ressurspersonar som jobbar med Kina eller Kina relaterte tema i eit tverrfaglig forum og for å styrke og konsolidere den faglige Kina- kompetansen som finst i Bergen Konfucius instituttet er oppretta og finansiert av kinesiske styresmakter og finst over heile verda. Instituttet i Bergen er det einaste i Noreg. Kinesiske styresmakter ønskjer å bruke det for å fremje kinesisk språk/kultur og kunnskap/interesse for Kina og det kinesiske samfunn. UiB tilbyr m.a. undervisning og kredittgivande kurs i kinesiske språk og kultur der Konfucius instituttet betalar lærekreftene. Konfucius Instituttet tilbyr òg kinesisk som språkfag på Bergen Handelsgymnasium (vidaregåande) NHH Har kvart år studentar som reiser til samarbeidsuniversitet i Kina - mottek studentar frå Kina. Ikkje institusjonelle samarbeidsavtalar. Samarbeidet med Fudan University Business Schoool og Nordic Centre ved Fudan University i Shanghai er kanskje noe som liknar. Tilsvarer det UiB òg har. Utvekslingssamarbeid med Hong Kong University of Science and Technology, China Europe International Business School (Shanghai, Beijing, Shenzhen), Tsinghua University (Beijing), og Peking University Guanhua School of Management (Beijing). Nordic Centre Fudan University Shanghai Fudan University etablert i 1995, har i dag 27 nordiske medlemsuniversiteter. Semiautonom del av Fudan University, arrangerer kurs, sommerskolar, gjesteforelesingar etc. Medlemsuniversiteta sine forskarar nyttar seg ofte av senteret under sine forskingsprosjekt i Kina. Høgskolen i Bergen Høgskulen i Sogn og Fjordane Høgskulen i Volda Høgskulen i Ålesund Høgskulen i Molde Har utvekslingsavtale med Shanghai Theatre Academy Beijing Normal University, School of Economics and Business AdministrationCentral University of Finance and Economics Ningxia University Utvekslingsavtale med Communication University of China Utvekslingsavtale med Ocean University of China, Quingdao, vestkysten av Kina, nord for Shanghai Ingen utvekslingsavtalar med Kina

5. Val av programområde generelt Dette framlegget vil som nemnt ikkje presentere ein ferdig utarbeidd strategi og handlingsplan. Dette må drøftast nærare saman med partnarskapen og basert på dei erfaringar ein haustar frå forprosjektet. Som omtala innleiingsvis, vil vi likevel presentere ei inkubatorsatsing i Ningbo meir inngåande, som eit konkret tiltak for nye etablerarar som ønskjer å sjå på muligheiter i Kina. Det er viktig å presisere at ein ikkje ønskjer å låse verksemder frå Vestlandet til å etablere seg på ein spesifikk stad. Framlegget om ein inkubator ordning må forståast som eit genuint tilbod og ein oppstart. Ei næringssatsing mot Kina må derfor i tillegg inkludere tilrettelegging for etablerte verksemder i vid forstand. Det er òg andre sider ved ein dynamisk samordning som det kan vere verdt å sjå på saman med partnarskapen. Her vil vi først stikkordvis foreslå nokre tilnærmingar, før vi presenterer ei inkubatorordning meir spesifikt. Inkubatorordning i Ningo. Formålet med ei inkubatorordning i Kina er å være ein døråpnar for norske gründera og nystarta verksemder som vil etablere seg i landet. Ein vil ta sikte på å tilby kompetanse og nettverk, i tillegg til administrative tenester og lokale. I tillegg vil ein vere med å legge til rette for ein enkel, rimeleg og sikker inngang til den kinesiske marknaden. Etablering av eit regional Kinaforum på Vestlandet. Vestlandsrådet inviterer den regionale partnarskapen til å drøfte grunnlaget for å etablere eit regionalt Kinaforum på Vestlandet. Forumet vil ha som mål å tilby eit møteplass for dei som har etablert relasjonar eller som har planar om dette og følgjeleg kunne gje rettleiing og koordinere samarbeidet mot Kina. Bedriftsretta samarbeid knytt opp mot Innovasjon Noreg sitt apparat i Kina behov for eit institusjonelt samarbeid gjennom ei referansegruppa på Vestlandsnivå Poenget her er at fylkeskommunane er eigar (49%) saman med staten og at det burde vere interessant å både knytte ein tettare kontakt til Innovasjon Noreg sine utanriksstasjonar i Kina og vere tydlegare på bestilling av tenester. Inkludert må det òg vere relevant å drøfte det skal etablerast eigne programområde med fast personell til sider ved eit samarbeid som har særleg relevans for Vestlandet. Kunnskapsprogram om Kina Ein kritisk suksessfaktor er kunnskap om Kina og kompetanse på relasjonsbygging og næringssamarbeid i Kina. Vil det vere nyttig innanfor ein samarbeid på Vestlandet at eit eller fleire av universitets og/eller høgskulemiljøa etablerer opplæringsprogram på dette? Her er det elles viktig å merke seg at Bergen har fått sitt eige Confucius Institute - http://www.konfutse.no. Elles har

Universitetet i Bergen to 15 poeng kurs i Kinesisk språk, men ikkje noko om kulturkunnskap. Stipendordning til studentar som vil studere Kinesisk språk. Bakgrunnen for ei slik ordning er at mengde studentar som studerer Kinesisk går ned. Skal det gi meining å satse på auka relasjonar med Kina, må ein sikre seg gode medarbeidarar som beherskar Kinesisk språk. Vi ser at andre fylke som t.d. Sør-Trøndelag har kinesisk språkopplæring i grunnskulen. Venskapsregionar og institusjonelt samarbeid elles. Dei samarbeidsrelasjonar som allereie er etablert, er det viktig å vidareføre. Desse må følgjast opp uavhengig av Vestlandsrådet, men gjennom eit institusjonelt samarbeid på vestlandet gjennom eit eige regionalt Kinaforum vil fleire kunne bli involvert og ta del i dei viktige relasjonane som allereie er skapte. Institusjonelt kultursamarbeid. Verdien av kulturelt samarbeid både med dei venskapsregionar som allereie er etablert og samarbeid utanfor desse relasjonane, er ein særs god måte å styrke kontakten til Kina på og bli betre kjende. Konferanse om muligheiter i Kina. Det er naudsynt både å orientere potensielle partar om muligheitene i Kina, erfaringar og kva for støtteapparat som finst. I tillegg må det inviterast til eit møte med partnarskapen der ein drøftar grunnlaget for eit samla partnarskap på Vestlandet om samarbeid mot Kina. Delegasjonsreise til Kina. Det er òg naudsynt å arrangere delegasjonsreiser til Kina der ein får eit innsyn i Kinesisk kultur, næringsliv og norsk støtteapparat på staden. Organisering Målet om eit samarbeid mellom Kina og Vestlandet bør organiserast som eit forprosjekt. Vestlandsrådet kan i prosjektperioden vere prosjekteigar, men det er avgjerande at ein får eit prosjektstyre der representantar frå partnarskapen deltek. Prosjektstyre bør saman kunne drøfte prosjektleiing og trong for ressursar til å koordinere prosjektet. Tidsplan Prosjektet bør startast snarast og gjelde for 2011. Budsjett

Det blir i første omgang sett av kr 500.000 for 2011. Desse vil gå primært til oppstart av inkubatorordning i Ningbo. Desse midlane bør fordelast på fylkeskommunane med kr 125.000 kvar. I tillegg er det trong for kr 300.000 gjennomføring av forprosjektet. Dette skal nyttast til å invitere partnarskapen til arbeidsseminar og til mogeleg leige av konsulenttenester. Desse midlane vert løyvd frå Vestlandsrådet. Er det trong for meir midlar, får vi kome attende til dette seinare. 6. Inkubatorordning i Ningbo Formålet med ei inkubatorordning i Kina er å være ein døråpnar for norske gründera og nystarta verksemder som vil etablere seg i landet. Ein vil ta sikte på å tilby kompetanse og nettverk, i tillegg til administrative tenester og lokale. I tillegg vil ein vere med å legge til rette for ein enkel, rimeleg og sikker inngang til den kinesiske marknaden. Inkubatorverksemder kjem ofte til eit steg i utviklingsprosessen då ein vil vurdere produksjon av dei produkta ein har. For at verksemdene skal vere konkurransedyktige frå dag 1, kan det vere verdifullt i nokre tilfelle å vurdere produksjon i Kina. Tanken er gjennom IPARK i Rogaland å etablere ei slik inkubatorordning i Ningbo og i tett samarbeidet med Nordic Industrial Park (NIP). NIP har vore i Kina sidan 2002 og har 50 verksemder som leietakarar. Hovedeigar er Styrbjørn AS og Tore Gjedebo er styreleder. Erfaringane med industriparken er gode. Der er det modne bedrifter som i dag er leietakarar. Dette heng nok samen med at det er relativt dyrt å etablere seg i NIP I NIP har dei bygd opp ei rekke tilleggstenester som bistand til økonomi, it, rettleiing, ved kjøp av delar og kvalitetskontroll. Dei har også eigne personar som jobbar med skattereglar og juridiske spørsmål. Dei har i tillegg ein eigen funksjon rundt rekruttering av nytilsette og kvalitetssikring av denne prosessen som fungerer veldig bra. NIP har ei lang rekke norske og nordiske bedrifter som ein kan samarbeide med og som ein som nystarta verksemd kan støtte seg på. Det er eit nordisk nettverk som er etablert og som gjer det enklare dersom nokon frå inkubatorverksemda skal flytte ein tilsett til Kina for ein periode. Målet er å kunne tilby ei løysing som der ein forhandlar fram ei soft landing modell slik at oppstartskostnadane det første året vert redusert.