FRIVILLIGE TILTAK I LANDBRUKET

Like dokumenter
FRIVILLIGE TILTAK I LANDBRUKET.

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

ÅRSMELDING FOR "FRIVILLIGE TILTAK I LANDBRUKET"

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Bli med på laget TIME SENTERPARTIET

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

SPESIELLE MILJØTILTAK I LANDBRUKET (SMIL)

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Frivillige organisasjonar i samfunnsbygginga

Regionalt bygdeutviklingsprogram i Rogaland 2013

Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE

FRIVILLIGE TILTAK I LANDBRUKET I 2006

ÅRSMELDING FOR "FRIVILLIGE TILTAK I LANDBRUKET"

Saksgang: Utval Saksnummer Møtedato Time formannskap 052/ Time kommunestyre 041/

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Forsand kommune. INFORMASJON FRÅ LANDBRUKSKONTORET Januar 2011

Utval Saksnummer Møtedato Time formannskap Time kommunestyre

MØTEPROTOKOLL (revidert ) Strategisk studienemnd

Frå prosjekt til fast drift Helene Fjellheim Midthun, Suldal Kommune

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

1. Det er ikkje mangel på veterinærar, men det kan verta ein mangel på dyktige produksjondyrveterinærar i deler av landet.

Årsmelding Fylkesrådet for eldre.

Universitetet i Bergen v/ John Inge Svendsen 1. SAKSHANDSAMAR2 ØlSTElN AASLAND ARKIVKODEI 2015/ DATO:

Landskyttarstemnet 2008 FØRDE 25.juli 2.august Epost:

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE

Aurland kommune Rådmannen

Årsmelding for "Frivillige tiltak i landbruket" 2011

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

HORDALAND FYLKESKOMMUNE MØTEREFERAT. Kultur- og idrettsavdelinga. Styremøte 29. april 2011: Godkjenning av referat frå sist møte. Møteinnkalling.

Venstre gjer Bjerkreim grønare.

Nærmiljøutvikling Evaluering av eit studieemne i studiet Frivilleg og offentleg

Møtebok. Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti. Ugilde Sak Følgjande varamedlem møtte

egevinst Bakgrunn: Dei har kalla tilnærminga egevinst

Ei kartlegging av faktorar som påverkar endringsprosessar i helsesektoren. Ei anonym spyrjeundersøking i ei medisinsk avdeling.

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

HANDLINGSPROGRAM

Soknerådsmøte FOK 14. november 2013

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

VERNERUNDE/HANDLINGSPLAN FYSISIK ARBEIDSMILJØ UTDANNINGSAVDELINGA 2011

Møtedato: Møtetid: Kl. 13:00 15:45. Møtestad: Møterom NAV, kommunehuset Saksnr.: 01/14 05/14

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

- Tilleggsakliste. Valnemnda. Dato: 11. juni 2013 kl Stad: Hotel Ullensvang, Lofthus INNHALD

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

NORDDAL KOMMUNE. Reglement for godtgjering til folkevalde

Øygarden kommune - Driftstilpasning 2013

ÅRSRAPPORT Nærare om nemnda Klagenemnda har åtte medlemer. Frå 1. januar 2008 var følgjande personar medlem i nemnda:

«Ny Giv» med gjetarhund

Fra: Inge Bjørdal Til: 'Erling' Kopi: Arlen Synnø ve Bidne

Kartlegging av tilgjengelegheit og universell utforming av friluftsområde i Sogn og Fjordane 2015

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet

Samansette tekster og Sjanger og stil

MØTEBOK. Desse møtte: Dorthe Huitfeldt, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jortveit, Halvor Fehn

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Selje kommune MØTEBOK

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Universell utforming i anskaffingar. Innkjøpsrådgivar Torgeir Riksfjord

NVE har valt å handsame denne saka som ei tvistesak mellom UF og Tussa. Tussa har gjeve sine merknader til saka i brev av til NVE.

Styresak. Sakstittel: FORBETRINGSPROGRAMMET - STATUS PER MARS 2008

Handlingsplan mot «Vald i nære relasjonar»

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Øving Fårikål Oppsummering. Krisehandteringsøving for kommunane i Møre og Romsdal Måndag 29. september Fylkesmannen i Møre og Romsdal Adm

Øystese barneskule April - 08

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

10/60-14/N-211//AMS

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Tid: Styret for Helse Vest RHF , 16:00 17:00 Møtestad: Helse Vest RHF, Nådlandskroken 11, Stavanger

Referat frå møte i Internasjonalt forum

Forslag frå fylkesrådmannen

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

Saksnr Utval Møtedato Fylkesutvalet Fylkestinget

Tilgangskontroll i arbeidslivet

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

Omdømme Helse Vest. Resultat frå beslutningstakarundersøkinga 2008 Helse Vest RHF.

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

GSI'09. Voksenopplæring (Vo) rettleiing. nynorsk

Saksframlegg. Saksnr Utval Type Dato 005/15 Eldrerådet PS Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Norunn Malene Storebø 15/610

Tysdag 10. mars 2015 kl på Bryne Kro & Hotell

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Nye krav til digital kompetanse i helse- og omsorgssektoren Fokus: Samhandlingsreformen. Sesjonsleiar

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I HELSE VEST RHF

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

Transkript:

AKSJON JÆRVASSDRAG FRIVILLIGE TILTAK I LANDBRUKET ÅRSMELDING 2005

ÅRSMELDING FOR 2005 FOR FRIVILLIGE TILTAK I LANDBRUKET I 13,5 månader har Olav R. Husveg og Olaf Gjedrem arbeidd som prosjektleiarar i ovanfornemnde prosjekt. Det er tid til å sjå tilbake og rapportera til oppdragsgjevarane kva som er gjort, korleis tida og resursane er brukte. Me har vorte svært godt mottekne over alt. Me kjenner at me gjer eit meiningsfylt arbeid, og at gjennom direkte kontakt med bøndene får mange til å tenkja gjennom sine rutinar for å gjera ein endå betre miljømessig innsats for å belasta miljøet minst muleg. Me nemner temamessig tiltak som me har gjennomført: NABOMØTE Prosjektleiarane delteke på mange nabomøte med Forsøksringen på Jæren. Me meiner at dette er ein god måte å treffa bøndene og formidla vår informasjon på. I vinter har me treft i underkant av 50 % av medlemmane i forsøksringen, 500 til 600 bønder. Neste vinter skal me etter planen ha møte med resten. Me tek opp :Regional miljøplan for Rogaland, og ber deltakarane om å søkja å spesielt vurdera om dei kan endra sine rutinar til å verta meir miljøvennlege og dermed få betalt for det gjennom Miljøprogrammet, spesielt gjødslingsfrie soner langs vassdrag, grubbing, etablering av fangvekst, turstiar og reinseparkar..elles tek me opp gjødseltema, spreietidspunkt og mengde, silosafthandsaming, farleg avfall deponering, kloakkeringsspørsmål, danning av bekkelag og SMIL ordninga. Desse medlemmene eig 80 % av jordbruksarealet, me vil invitera dei bøndene som ikkje er medlem av Forsøksringen, til møter seinare. GJØDSELPORTAR Me tok initiativ til overfor prosjektgruppa i Aksjon Jærvassdrag og ba om at Aksjon Jærvassdrag ville yta eit tilskot til skifte og istøyping av gjødselport på 4000 kr pr. gjødsellager som utgjer ein trussel for vassdrag. Det er betalt ut tilskot til 13 porter så langt. Fleire av Jærkommunane vil og stimulera til utskifting av gjødselportar med i-støypingstilskot med SMIL midlar. Me har og fylgt opp grunneigarar som har fått sprengt ut gjødselporten BEKKELAG Me har delteke på 5 årsmøte i bekkelag. Me har fått etablert 15 nye bekkelag og hatt 17 møter med grunneigarar i prosjekt området - Gjesdal, 2 møter og danna eit bekkelag med styre - Time, 5 bekkelagsmøte og danna 4 bekkelag med eige styre - Klepp, 3 bekkelag med eige styre - Sola, 1 bekkelag med eige styre - Stavanger, 1 bekkelag med styre er danna - Randaberg, 1 bekkelag med styre er danna. - Hå, 4 nye bekkelag med eige styre er danna. Fylgjande bekkelag er nystarta (med leiarar): Hå - Ognaelva : Sigmund Olsen

- Høylandsbekken: Tor Henrik Søiland - Kvassheimelva : Lars Kvadsheim - Saltekanalen på Hå sida: Terje Kyllingstad Time: - Timebekken: Kristian Vinningland - Njåbekken: Lars Nedrebø - Lendekanalen: Brigt Åge Høyland - Saltekanalen Timesida: Tor Rimestad Klepp - Andabekken : Egil Ellingsen - Øgård og Fitjanekanalen: Bjarne Øgård - Saltebekken: Torfinn Høyland Sola - Hestabekken: Jon Årsvold Stavanger - Hålandsvatnet Stavanger: Oddvar Wølstad Randaberg - Hålandsvatnet, Randaberg: Geir Frode Arnesen Gjesdal - Oltedalselva: Georg Oftedal Det er nå bestemt at dette viktige og varige arbeidet skal støttast med eit starttilskot på 5000 kr frå fylkeskommunen. Dette meiner me er positivt. Me har meining om at resultatet av dette arbeidet i større grad må utgjera beslutningsmateriale for kommunane, når dei vedtek sine planar for off. kloakk og tilknyting til slike anlegg, renseparkar, dimensjonering av overflatevatn og skilling av flaumvatn og kloakk.me vil arbeida for å danna fleire bekkelag. Me har fått eindel tips om utslepp og reagert til rette vedkomande. Bekkelaga har bl.a. fordelt ansvar om å sjå spesielt godt etter i slåtteperiodar om det er utslepp til vassdraga. SAMARBEID MELLOM TEKNISK, MILJØ OG LANDBRUKSFORVALTNINGANE. Me har teke initiativet til eit arrangement på Mekjarvik mellom representantar for desse avdelingane i prosjektområdet. Ein av konklusjonane på møtet, vart at innad i kommunane burde desse 3 avdelingane samarbeida tettare og betre. Me har ikkje fått gjennomslag ennå om å danna ei teknisk gruppe på tvers av kommunane som kan samordna sine aktivitetar. Det verkar som kommunegrenser ofte er eit hinder for fornuftige fellesløysingar, bl.a. når det gjeld kloakkering og at enkelte kommunar har tariffer som effektivt hindrar frivillige kloakktilkoplingar frå landbruket MILJØPROGRAMMET I samband med Miljøprogrammet har me laga forslag til avtaler med 6 grunneigarar om vederlag for beiteskader og foring av gås og svane. Dei er inngått avtaler med i alt 160 da for 2005. I 2006 er det etablert 1000 da gjødslingfrie soner på Jæren. Dette tilsvarer 200 km langt belte dyrka mark ved vassdrag som ikkje er gjødsla. Dette er eit betydeleg gjennombrot som vil føra til mindre avrenning til vassdraga. I 2006 håpar me på ei betydeleg auke i dette arealet. Me gjorde eit forsøk på å få etablert ein mellomlagringsplass for farleg avfall på Undheim.

Dette måtte me gje opp, på grunn av motstand bl.a. frå naboar. Me har fått førespurnad frå kommunar om å prøva å få til grunneigaravtaler for turstiar. Miljøprogrammet er ikkje godt nok kjent ennå, difor bør det framleis orienterast om dette framifrå reiskapen for å gjera landbruket meir miljøbevisst med frivillige og positive verkemidlar. I samband med vårt prosjekt er me svært takksame for at miljøprogrammet er innført. ESTETIKK Me har teke nokre initiativ for å fokusera på betydningen av estetiske holdningar, og har fått 100 000 kr av Gauslandslegatet til dekking av kostnader til Bjarne Tron Egeland (tidl. tilsett på FMLA).,. 40 gardbrukarar melde sin interesse. Me har og søkt og fått løyvd 100 000 kr av Stiftelsen til fremme av tiltak i jordbruket- Nærbø og omegn. Desse pengane kan brukast til Hå, Time og Klepp. Torbjørg Sægrov og Asbjørg Eikli Dyvik som er landskapsarkitektar, gjennomførde besøk til om lag 40 bønder i Klepp for å gje råd om tun og kulturlandskapsutvikling. Me har og bedd om at denne løyvinga kan brukast til å utarbeida retningslinjer og fagleg grunnlag og rettleiing for bøndene og fått grønt lys for det. Dette arbeidet er tenkt gjennomført i samarbeid med Høgskulen for landbruk og bygdenæringar slik at det kan brukast av dei til undervisning av deira studentar. Høgskulen er landsdekkande. Bygdefolkets Studieforbund er involvert å vil ta initiativ for å utvikla studiemateriell og gjennomføra studiegrupper. Me er overtydde om at det er ein nær samanheng mellom estetisk bevisstgjering og miljømessig forsvarleg oppførsel. Me planlegg å arrangera eit estetikkseminar 7. mars i Nærlandsparken med Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling. KULTURLANDSKAP Me har og hatt kontakt med Risa a/s om muleg fjerning av haugar av dyrkingsstein i Hå. Me set i gang med litt prøveknusing av steinar for å sjå om dei kan omsetjast som pukk og hagestein. Dette gjer me sidan steinrøysene skjemmer og vert i stadig større grad brukt som avfallsplassar, bl.a. av farleg avfall. BROSJYRE Me har utgitt ei brosjyre: Reinare vassdrag gir eit betre liv, som fokuserer på at det er nødvendig med endå meir konsekvent og bevisst holdningsendring frå landbruket for å få anstendige vassdrag som me kan ha glede og nytte av. Elles arbeider me med å presentera prosjektet på ei internettsida i tilknyting til FMLA si heimeside. MØTER OG STUDIETUR Me har delteke på ei rekke arrangement i medlemskommunane for å treffa både lokale beslutningstakarar og bønder. Me deltok og på studietur til Halland i Sverige. Studieturen var inspirerande og gav eit bilde av at svenskane hadde eit sterkt fokus på dei miljømåla som me og har. Dei har sett i gang liknande tiltak(spesielt N), men og meir omfattande. Me deltok og på ein informativ og interessant studietur med FMLA til Belgia og Nederland og vart informert om landbruket spesielt i Nederland og generelt i EU

Me har hatt møte med alle kommunane. På desse møta med relevante personar i kommuneadministrasjonen, har me presentert oss, vårt arbeid og våre planar og fått nyttige tilbakemeldingar og verdifull kontakt med tanke på at me skal ha eit tett samarbeid i vår prosjektperiode. Me har og lagt opp program og gjennomført ein dagstur for Vinterlandbruksskulen på Jæren for å syna fram og informert om vårt arbeidsområde og peika på problemstillingar for miljøforbetringar for jærlandbruket. KONTAKT MED PRESSE Me har teke opp viktige tema med lokal og regional presse og får gode oppslag PELSDYRNÆRINGA Me har hatt nyttig kontakt med pelsdyrnæringa og også gitt råd om forbetringar når det gjeld avrenning frå desse verksemdene. Me ventar på ein rapport om forureining frå peldyrnæringa. Når den føreligg, vil me fylgja opp denne kontakten for å få redusera denne næringa si forureining av vassdraga. KONTAKT MED BONDEORGANISASJONAR Me har ein svært god kontakt med bondeorganisasjonane. Me møter ofte på deira arrangement, og me trekkjer dei med i danning av bekkelag, arrangement og prosjekter me gjennomfører. HÅLANDSVATNET I STAVANGER OG RANDABERG Me har gjennomført ein systematisk besøksrunde til bøndene i nedslagsfeltet til Hålandsvatnet etter at det var ei sterk oppblomstring av alger i vatnet våren 2005. Me har kartlagt landbruksaktivitetane, og gitt råd om forbetringar som vil gje ein betre vasskvalitet slik at landbruket kan gjera sin del av jobben med å heva vasskvaliteten. Dette resulterte i at Stavanger og Randaberg kommunar også melde seg inn Frivillige tiltak i landbruket Jæren 30.3. 2006. Olav R. Husveg Olaf Gjedrem Handlingsplan for Hålandsvatnet er vedlagt