1 Fôring med lite grovfôr til geit Avlingssvikt på grunn av tørkesommaren gjer det aktuelt å tenke fôringsopplegg som innebærer mykje kraftfôr og lite grovfôr komande sesong. Dei som har svært stor avlingsreduksjon må også prøve å skaffe seg meir grovfôr for å sikre geitene nok fiber til at vomma skal fungere normalt. Nok struktur er viktig for tilstrekkeleg tyggeaktivitet og høg spyttproduksjon for buffring av vomma, særlig i ein situasjon der ein må bruke meir kraftfôr. Det er stor variasjon i omfanget av avlingssvikt. Størst mangel har nok geitebruka i Buskerud, Oppland, Hedmark og delvis Telemark. I vestlansfylka er situasjonen betre men også her er det områder og enkeltbruk som opplever avlingsreduksjon på meir enn 50 %. Ein del har gjødsla på etter 2. slått og vil i år også ta ein 3. slått og har enno ikkje har full oversikt over kor mykje grovfôr dei får til disposisjon. Berekning av fôrlager og oversikt over fôrkvalitet Sjøl om ein ikkje har full oversikt enno, er det viktig å prøve å berekne kor mykje eigenprodusert fôr ein har tilgjengeleg til komande innefôringsperiode. For å få ei best mogleg berekning av fôr til disposisjon bør ein ta fôrprøver så tidleg som mogleg av det fôret som er mogleg å ta prøver av. Rundballar kan ein ta prøve av etter 4 6 veker. Tørt og godt ver som gav god fortørking gjer at det kan vere meir fôr i kvar ball enn det som er vanleg og det er svært viktig å vite tørrstoffinnhaldet i fôret. Det er betydeleg meir energi (FEm) i ein rundball med 40 % tørrstoff enn i ein rundball med 25 % tørrstoff. Innhold av FEm i rundballer med ulik tørrstoffprosent. Tørrstoffprosent i rundballen 25 % 35 % 40% 45% Vekt av rundball 770 710 688 668 kg Tørrstoff 192 249 275 300 kg per rundball FEm per rundball 163 212 233 255 Rundball med diameter 1,25 og bredde 1,20 Energiinnhold i fôret: 0,85 FEm per kg tørrstoff. Har ein 120 geiter der ein begrensar grovfôrtildelinga slik at dei eter 0,75 kg TS per dag vil ein rundball med 40 % tørrstoff vare ca 3 dagar mens en rundball med 25 % tørrstoff varer berre ca 2 dagar. Fôrplanlegging Har ein lite grovfôr er det viktig å starte planlegginga no. Skaff så god oversikt over eige fôrlager som mogleg. Manglar ein 20 30 % grovfôr kan ein i mange høve greie å kome gjennom sesongen ved å endre kraftfôrstrategi. Er fôrmangelen større, - ein del har mindre enn 50-60 prosent av normalavling så må ein supplere med innjøpt grovfôr. Det beste til geit er sjølvsagt vanleg surfôr, høy eller høyensilasje. Frøhøy er å foretrekke framfor halm men i mange tilfeller er det halm det er mogleg å få tak i. Til geita er halmen hovudsakleg ein kilde til fiber i tillegg til begrensa mengde heimeavla grovfôr og høg kraftfôrandel. Fiberen er
2 naudsynt for å sikre drøvtyggar- og vomfunksjonen. Nok fiber har også betydning for å halde oppe fettprosent i mjølka. Når det er slik at fôrverdien av halmen er underordna så er tørr, kutta ubehandla halm greit å bruke og gjerne lettare å få geitene til å ete enn t.d. ammoniakkbehandla halm. At halmen er kutta gir truelg meir effektivt fôropptak og hindrar «roting» med fôret og inndraging i bingar. Disponering av fôr I ein situasjon med lite grovfôr er det viktig å disponere dette på ein god måte gjennom året. I overgangsperioden omkring kjeing og i tidleg laktasjon er det viktig å ha mest og best grovfôr. Omkring kjeing er det heilt avgjerande å halde vomma i god funksjon. I første delen av laktasjonen når geitene mjølkar mest treng dei totalt sett meir fôr og tilhøvet mellom grovfôr og kraftfôr må vere høgare enn seinare i laktasjonen når avdråtten er lågare. Seinlaktasjon og tørrperiode er tida der ein må legge opp til å spare mest grovfôr. Sein-laktasjon: Bytt til kraftfôr av type grovfôrerstattar og la geitene gå ute så lenge som mogleg og nytte det dei kan av fiberhaldig plantemateriale på seinhausten. I stor grad vert dette for å sikre at dei får i seg fiber i tillegg til kraftfôr og eventuelt litt grovfôrtillegg inne. Ein må prøve å bygge noko hold på geitene også i seinlaktasjonen og kraftfôrnivået må rette seg også etter dette. Tørrperiode: Fôrtilgangen skal dekke næringstrongen til vedlikehald, fosterproduksjon og eventuelt holdoppbygging. Geitene tar vanlegvis opp mykje grovfôr etter avsining og har god appetitt. Eventuell innkjøpt halm bør ein bruke så mykje av som mogleg i denne tida saman med grovfôrerstattar, dvs fiberrikt kraftfôr for å spare det beste grovfôret til kjeinga og første del av laktasjonen.. Kraftfôrnivå i tørrperiode varierer mellom besetningar men mange ligg vanlegvis på 0,4 0,5 kg. per geit per dag. Det kan godt vere aktuelt å bruke det doble (i nokon tilfeller meir) av vanleg kraftfôrmengde i tørrperioden i år. Mange vil ta ein 3. slått i år Både 2. og 3. slått kan vere utfordrande å fôre med fordi dette fôret kanskje er vått, har lite struktur og høg PBV-verdi. Må ein fôre restriktivt med slikt grovfôr i tørrperioden er det ei sikring å ha noko halm å supplere med når ein samstundes må ligge på høge kraftfôrmengder. Døme på fôrplanar med lite grovfôr A. Fôrplan med 30 % mindre grovfôr Grovfôr middels fordøyelighet: 24 % tørrstoff, 565 g NDF / kg TS, 0,87 FEm per kg TS. Normalt grovfôropptak per geit per dag ved fri tilgang av dette fôret vil være 1,1 1,2 kg tørrstoff Fôrplan med 30 % mindre grovfôr (Grovfôropptak: 0,8 kg tørrstoff per dag) Lev. vekt geit Mjølkeyting Kg mjølk Grovfôr kg TS / dag Egne R.B Produksjonskraftfôr («Geitekraftfôr») Kraftfôr Grovfôrerstatter Vom- Belastning* 58 2,0 0,8 0,5 0,5 0,34 40 58 2,5 0,8 0,8 0,5 0,39 36 58 3,0 0,8 1,0 0,5 0,42 33 58 3,5 0,8 1,2 0,5 0,44 32 58 4,0 0,8 1,2 0,5 0,44 32 Tyggetid*
3 Her går ein inn med grovfôrerstattar på mjølkestall og kombinerer med produksjonskraftfôr i kraftfôrstasjonar. Kombinerer her fast mengde grovfôrerstatter,t.d.på mjølkestall med vanleg produksjonskraftfôr. B. Fôrplan med 50 % mindre grovfôr (Grovfôropptak: ca 0,6 kg tørrstoff per dag) Lev. vekt geit Mjølkeyting Kg mjølk Grovfôr kg TS / dag Eige grovfôr Kraftfôr Grovfôrerstatter Halm, tørr, ubehandla Kg per dag Vom- Belastning* Tyggetid min/ kg TS* 58 2,0 0,6 1,2 0,1-0,2 0,34 34 58 2,5 0,6 1,5 0,1-0,2 0,36 31 58 3,0 0,6 1,6 0,1-0,2 0,38 28 58 3,5 0,6 1,7 0,1-0,2 0,38 28 58 4,0 0,6 1,7 (1,8?) 0,1-0,2 0,38 28 * Ved planlegging av fôrrasjonar set ein krav til maks vombelastning og minimum tyggetid. Ved så stor reduksjon i grovfôrmengde er det her brukt grovfôrerstattar som einaste kraftfôr og supplering med halm i tillegg for å sikre fibertilgang. Mengde halm geitene greier eller vil ta opp vil variere, men det er fordel om dei kan ha tilnærma fri tilgang for å sikre struktur i rasjonen, at dei har noko å tygge på og at dei skal kjenne seg mette. Høge kraftfôrmengder krev at ein fordeler det på mange utfôringar per dag, maks 0,3 kg per tildeling. Hugs at det er viktig å kontrollere at vasstilgangen er rikeleg og vere sikker på at t.d. drikkekar har god kapasitet når det er slik at mykje av grovfôret er tørt i år og ein kanskje fôrar med halm i tillegg.
4 Viktig: TINE tilbyr 2 timar fellesfinansiert rådgjeving i samband med grovfôrsituasjonen til alle mjølkeprodusentar. Dette er rådgjeving per telefon. TINE Rådgiving har verktøy til å berekne fôrlager og fôrbehov til geit. Alle kraftfôrleverandørar har fiberrikt kraftfôr som kan erstatte ein del grovfôr men det er viktig å få sett opp ein fôrplan men utgangspukt i den grovfôrkvaliteten og den grovfôrmengda du har på din gard for å få planlagt med rett type og mengde kraftfôr/ grovfôrerstattar Kjøp av halm: Dersom ein ikkje får tak i anna grovfôr er halm et alternativ. Bruk Felleskjøpets halmformidlingstjeneste. Her finn ein liste over dei som har halm for salg. Ein må sjøl ta kontakt med selgar for å gjere avtale. Viktige lenker: https://www.animalia.no/no/animalia/aktuelt/veiledere-for-kjopere-og-importorer-av-grovfor https://www.felleskjopet.no/kraftfor/halmformidling/#kjopsalgskjema https://www.felleskjopet.no/kraftfor/forhandsbestilling-grovfor-fra-island/
5