ØYGARDEN UNGDOMSSKULE



Like dokumenter
VURDERINGSRAPPORT BJORØY SKULE

VURDERINGSRAPPORT EKERHOVD OPPVEKSTTUN

Vurderingsnettverk for skuleutvikling Sund, Fjell og Øygarden VURDERINGSRAPPORT SKOGSVÅG SKULE

VURDERINGSRAPPORT Glesnes skule

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

VURDERINGSRAPPORT RONG SKULE

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Hardanger / Voss kompetanseregion Vurderingsgruppa VURDERINGSRAPPORT. Strandebarm skule

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

VURDERINGSRAPPORT Hjelteryggen skule

Øystese barneskule April - 08

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

VURDERINGSRAPPORT FRAMNES SKOLE

: Surnadal ungdomsskole. Unni Søbstad Larsen og Liv Ingrid Horvli

! Vurdering for utvikling. ! Rapport. Holmedal barnehage. Veke 14 ( ) Tema: Borns medverknad. Holmedal den 2.

Læringsleiing. Skulesjefen, Fjell kommune.

Kvalitetsplan mot mobbing

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

VURDERINGSRAPPORT KOLLTVEIT SKULE

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

VURDERINGSRAPPORT ÅGOTNES SKULE

Vurderingspraksis med fokus på norsk, engelsk og matematikk


EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Varsel om tilsyn med Lærdal kommune. Lærdalsøyri skule sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og pålegg om innsending av dokumentasjon

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Alversund skule. Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a. Retningslinjer og Rutineskildring

ÅRSMELDING VIGRESTAD SKULE

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Sandeid skule SFO Årsplan

KVALITETSPLAN OLWEUS ÅGOTNES SKULE 2014

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Barnehageplan for Vinje kommune

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Rutinar for overgangen frå. barnehage til skule

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Plan for overgangar. for barn og unge

Giske kommune. Ord blir handling. Kvalitetsplan for skule, barnehage og SFO

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Revidert mål og aktivitetsplan for prosjektet Ny start felles grunnlag aktive elevar

ORDENSREGLEMENT FOR SKULANE I VINDAFJORD

Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE

Respekt på Rommetveit skule

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Dialog heim - skule. Tilrettelegging for aktiv dialog Mål og tiltak Utfordringar Informasjon Foreldreundersøking Korleis få informasjon frå heimane

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre /09 HIAN

Vurdering for læring - prosjektsamarbeid mellom skulane i Jærnettverket

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

GSI'09. Voksenopplæring (Vo) rettleiing. nynorsk

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

ROS-analyse i kommuneplan

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

VÅGE SKULE BESØKSSKULE

mmm...med SMAK på timeplanen

Frå novelle til teikneserie

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Klassemøte med tema frå årshjulet, tre fire møte i kvar bolk. Tidsbruk for kvart møte kan variere frå 10 min 40 min. Viktig å ha god kontinuitet.

Strategiplan for Apoteka Vest HF

3.2.4 Døme for vidaregåande opplæring: Religiøs, etnisk og kulturell variasjon

1. Forord s Når eit barn døyr s Dødsulukke i skulen s Dødsulukke utanfor skulen s Dødsfall etter lang sjukdom s.

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

OVERSIKT OVER OPPGÅVER OG ANSVAR KNYTT TIL EKSTERN VURDERING

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Utviklingsplan 2015 Meling skule. "Det har jeg aldri prøvd før, så det tror jeg sikkert jeg kan klare."

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

METODIKK FOR SKULEVURDERING

Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene

Velkomen til Mork barnehage

I NNKALLING MED SAKSUTGREIING

Ordensreglar for Julsundet skole vedtekne

Til deg som bur i fosterheim år

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

SPRÅKRÅDET REF. VÅR REF. DATO JG/SIG/ER Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Plan for Liabygda SFO

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

Månadsplan for Hare November

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

IKT-kompetanse for øvingsskular

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING

VURDERINGSRAPPORT TINNTJØNN SKOLE

Frå tre små til ein stor.

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Driftsstyret REVIDERING AV SKYSSREGLEMENTET I MØRE OG ROMSDAL FYLKE - HØYRINGSUTTALE

Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte.

Verksemdsplan for Seljord barneskule skuleåret

VURDERINGSRAPPORT. Gjelsvik skule. Tema: VURDERING FOR LÆRING Anne Grethe Dale og Hildegunn Hatlem

Transkript:

VURDERINGSRAPPORT ØYGARDEN UNGDOMSSKULE Adresse: Tjødnarvegen 50, 5337 Rong Rektor: Stein Vidar Risløw 12.03 15.03. 2012 Vurderingstema: KLASSELEIING

Innhaldsliste: Vurderingsnettverk for skuleutvikling 1. Eit framtidsretta vedtak i regionen 3 2. Fakta om skulen/vurderingstema 5 3. Vurderingsprosessen 5 4. Glansbilete 6 5. Sterke sider 7 6. Utviklingsområde 15 7. Vidare arbeid 17 Vedlegg: 18 1. Deltakarar i vurderinga 2. Tidsplan 3. Metodar 4. Tomme malar som har vorte brukt i vurderinga 15.3.2012 2

1 - Eit framtidsretta vedtak i regionen Fjell, Sund og Øygarden Med utgangspunkt i Stortingsmelding nr. 28 (1998-99) Mot rikare mål, vart det sett i gang eit 3-årig nasjonalt prosjekt: Ekstern deltaking i lokalt vurderingsarbeid. Hordaland søkte, men kom ikkje med i prosjektet. Likevel var signala der, og kommunane vart oppmoda om å jobba med kvalitetsutvikling og vurdering. Skulesjefane/dei skulefagleg ansvarlege i kommunane i regionen Fjell, Sund og Øygarden vedtok difor i år 2008 å oppretta ei vurderingsgruppe i regionen. Regionen består av tre kommunar. I det regionale samarbeidet er økonomiske og personlege ressursar samla og nytta på tvers av kommunegrensene på ein god og effektiv måte. Dette har i ettertid synt seg å vera eit svært så framtidsretta vedtak. Etter at Hardanger /Voss starta med ekstern vurdering i 2000 for å betra kvaliteten i skulen, har det kome fleire meldingar frå sentrale styresmakter som understrekar kor viktig det er å ha system som etterspør og sikrar kvalitet i opplæringa, mellom anna i Kvalitetsutvalet si delinnstilling av 14. juni 2002 Førsteklasses fra 1. klasse. Vidare kom St.meld. nr. 30. (2003-2004) Kultur for læring, som var forløparen til ny læreplan, Kunnskapsløftet (2006). Føremålet er at vurderingsgruppa skal vera til hjelp i arbeidet med pedagogisk kvalitetsutvikling i skulen. Sikra kvalitetsutvikling Erkjenning av at skulen treng, og kjem til å få auge utanfrå Ekstern hjelp i vurderingsarbeidet Oppfylla kravet i Opplæringslova om kommunen sitt ansvar for å sjå til at skulane jamleg vurderer si eiga verksemd Kven er vurderar? 15 personar i Fjell, Sund og Øygarden er medlemmer i vurderingsgruppa. Dei har brei og variert pedagogisk bakgrunn, og skal vurdera grunnskulane i regionen i løpet av 3 år, dvs. 10-12 skular pr år. To eller tre frå gruppa gjennomfører vurdering på ein skule, og ingen vurderer skular i eigen kommune. 15.3.2012 3

Kva gjer vurderarane? Skulen vel eit fokusområde for vurdering, i samråd med skulefagleg ansvarleg i kommunen. Vurderarane nyttar verktøy utvikla av Utdanningsdirektoratet, Ståstadsanalysen og Organisasjonsanalysen. Vurderarane førebur sjølve vurderinga gjennom eit fyrste møte med skulen, utarbeiding av glansbilete, det vil seie kriterium på kvalitet og teikn på god praksis, metodeval og verktøy tilpassa det skulen ynskjer fokus på. Sjølve vurderinga vert gjennomført. Rapporten På bakgrunn av dokumentanalyse, intervju med elevar og lærarar, møte med foreldre og observasjon på skulen skriv ein rapport om resultatet av vurderinga. Rapporten trekker fram verksemda sine sterke sider, og kva utviklingsområde skulen har. Han gjev også informasjon om rammene for vurderinga tidsbruk, metodeval, verktøy m.m. Vurderinga tek ikkje mål av seg til å gje eit fullstendig bilete av skulen, men er eit bidrag til kva ein skal arbeida vidare med og utvikla til det betre på skulen. Det har synt seg at dei reiskapar og metodar som har vorte nytta i den eksterne vurderingsprosessen, kan overførast til det interne vurderingsarbeidet skulen årleg arbeider med. Skulevurdering 15.3.2012 4

2 - Fakta om skulen og val av vurderingstema vart bygd i 1997 og vart tildelt skulebyggprisen året etter. Skulen har 187 elevar og avdeling for vaksenopplæring med 37 deltakarar. I eininga totalt sett er det 34 tilsette pr. januar 2012, med stillingsprosent totalt på 32,53. Elevmassen er stabil. Alle elevane har no fått berbare pc-ar og relativt nye lærebøker i alle fag. Eininga har investert i interaktive tavler for å sikre god kvalitet på undervisninga. Alle tilsette som driv undervisning har undervisningskompetanse. Skulen er organisert i team med tre teamleiarar. I verksemdsplanen 2012 finn vi at klasseleiing er eit av satsingsområda til. Utdrag frå utviklingsmål for eininga: Styrkja læraren som den viktigaste ressursen for Kursa og etterutdanna lærarar i leiing av læring med vekt på m.a. varierte og praktiske undervisningsformer læring, resultat og klassemiljø Vidareføra og vidareutvikla tiltaksplanen Klasseleiing ved ØUS. Praktisera skulevandring og hospitering periodisk gjennom året Gjennomføra ekstern vurdering med klasseleiing som tema Val av vurderingstema er blitt diskutert i kollegiet, og dei var samde om temaet. 3 Vurderingsprosessen 15.3.2012 5

4 - Glansbilete Vurderingsnettverk for skuleutvikling Kriterium tyder her krav til kjenneteikn på god kvalitet. Dei fastsette kriterium er henta frå lov, regelverk, læreplanverk og skulen sine eigne planar. Når vurderarane gjennomfører ei vurdering, vert kriterium samanlikna med den informasjon som er samla om temaet gjennom intervju og observasjon på skulen, i tillegg til dei dokument som skulen har lagt fram. Kriterium i denne rapporten er utforma av vurderarane, og godkjende av skulen. KRITERIUM Læraren er tydeleg leiar i klasserommet TEIKN PÅ GOD PRAKSIS Læraren har ein tydeleg struktur på timen. Læraren syter for arbeidsro. Læraren formidlar tydelege læringsmål og forventningar til elevane. Læraren har etablert tydelege reglar og rutinar for åtferd i klasserommet. Lærar tar ansvar for kvaliteten på relasjonen lærar - elev. Elevane har eit godt læringsmiljø Det er god kommunikasjon mellom skule og heim Skulen er ein lærande organisasjon Elevane kjenner reglar og rutinar for åtferd i klasserommet Det er god arbeidsro i timane Elevane kjenner læringsmåla og veit kva som vert forventa av dei Elevane kjenner seg trygge i klassen Foreldra kjenner reglar og rutinar for åtferd i klasserommet Foreldra kjenner læringsmåla og veit kva som vert forventa av elevane Foreldra støtter opp om klasseleiaren sitt arbeid Personalet har felles forståing av kva ein legg i omgrepet klasseleiing. Leiinga tar ansvar for å utvikle ein felles kultur når det gjeld klasseleiing. Leiinga legg til rette for forsking i eigen praksis Leiinga legg til rette for delingspraksis som fremjar god klasseleiing 15.3.2012 6

5 - Skulen sine sterke sider innan vurderingsområdet Kriterium: Læraren er tydeleg leiar i klasserommet. Læraren har ein tydeleg struktur på timen. Fra internasjonal forskning vet vi at det er viktig at læreren har en tydelig struktur i undervisningsforløpet (Udir 2011) Har læreren først gitt slipp på ledelsen er den svært vanskelig å ta tilbake. I skolens hverdag vil lærerens ledelse handle mye om struktur, forstått som at læreren er til stede slik at undervisningen starter når den skal, at læreren har kontroll, at overganger mellom aktiviteter er forutsigbare, at timer avsluttes på en tydelig måte og lignende. (Læreren som leder, Udir) Lærarane gir uttrykk for ei felles oppfatning om korleis strukturen i timen skal vere. Samtidig erkjenner dei at dei ofte ikkje tar seg tid til ei oppsummering, slik oppskrifta tilseier. Elevane fortel at det er ein klar struktur på timen. Elevane helsar på nye lærar. Dei seier at lærar presenterer måla, nokre munnleg, andre også skriftleg. På slutten må elevane ta fram bøkene som skal brukast i neste time. Elevane seier også at læraren oppsummerer timen; gjev tilbakemelding på arbeidsinnsats og spør kva dei har lært i timen. Nokre elevar seier at oppsummering er sjeldan, og at det varierer frå lærar til lærar. Gjennom observasjon har vi sett at det stort sett er ein tydeleg start på timen. Lærar helsar på elevane og fortel kva dei skal arbeide med i timen. I dei aller fleste observasjonane har vi ikkje sett at læraren har ei tydeleg oppsummering og avslutning av timen. Lærar bruker å minne om å rydde pulten og finne fram bøker til neste time. Vår vurdering: Læraren har ein tydeleg struktur på timen. Likevel vil vi peike på at lærarane har eit forbetringspotensiale når det gjeld å få til ei tydeleg avslutning av timen, med oppsummering knytt til mål for timen. 15.3.2012 7

Kriterium: Læraren er tydeleg leiar i klasserommet. Læraren formidlar tydelege læringsmål og forventningar til elevane. Kriterium: Elevane har eit godt læringsmiljø. Elevane kjenner læringsmåla og veit kva som vert forventa av dei. Kriterium: Det er god kommunikasjon mellom skule og heim. Foreldra kjenner læringsmåla og veit kva som vert forventa av elevane. Det skal vere kjent for eleven ( ) kva som er måla for opplæringa og kva som blir vektlagt i vurderinga av hennar eller hans kompetanse. (Forskrift til Opplæringslova 3-1) Forsking viser at det at læraren formulerer tydelege mål for eleven si læring, er ein av dei viktigaste faktorane i arbeidet med å leie klassar og utvikle og oppretthalde gode læringsmiljø. (Udir 2011) Lærarane seier at dei formidlar målet for timen skriftleg eller munnleg i starten av timen. Det kjem fram i intervju at lærarane har litt ulik oppfatning av kva som ligg i omgrepet mål for timen. Nokre vektlegg kva som skal skje i timen, eller kva elevane skal gjere, medan andre er tydeleg på at det handlar om kva elevane skal lære. Elevane fortel at dei får kjennskap til læringsmål på periodeplanar, i starten på timane og i samband med prøvar, større innleveringar og framføringar. Foreldra seier at dei får kjennskap til læringsmåla gjennom periodeplanar og i samband med prøver og større innleveringar, på utviklingssamtalar, foreldremøte og gjennom perioderapportane (som dei skulle ønskje kom oftare enn kvar tredje månad ). På desse måtane får dei og vite kva som 15.3.2012 8

vert forventa av elevane. I tillegg viser dei til eit eige forventningsskriv som skulen har utarbeidd. Vi har sett at læringsmåla i varierande grad blir formidla i starten av kvar time. Måla for timen handlar mest om kva elevane skal gjere i timen, og ikkje kva dei skal lære. Her er nokre døme: Å bruke rekneark, Fortset der du er i grunnboka Bygge modellar av organiske stoff. Men det finst unnatak: Eg kan rekne ut volumet av ein sylinder. Vi har og sett at alle elevane får læringsmål presentert på periodeplan. Nokre av desse måla har meir karakter av arbeidstema enn av konkrete læringsmål. Læringsmål og vurderingskriterium blir også presentert i forkant av prøver, større innleveringar og presentasjonar. Vi har sett nokre døme på slike kriterielister som blir brukt i forkant av prøver og presentasjonar. Desse har ulik utforming. Nokre har karakter av sjekklister. Dei er i varierande grad knytt til faglege læringsmål. Vi har i liten grad sett at lærar uttrykkjer forventningar til elevane knytt til læring og grad av måloppnåing i timane. Elles har vi sett ein del døme på at lærar har uttrykt forventningar om utført arbeid. Vår vurdering: Lærarane formidlar læringsmål til elevane. Vi ser likevel forbetringspotensiale når det gjeld kvaliteten på læringsmåla og på det å formidle tydelege forventningar til elevane i læringsarbeidet. 15.3.2012 9

Kriterium: Læraren er tydeleg leiar i klasserommet. Læraren har etablert tydelege reglar og rutinar for åtferd i klasserommet. Kriterium: Elevane har eit godt læringsmiljø. Elevane kjenner reglar og rutinar for åtferd i klasserommet. Kriterium: Det er god kommunikasjon mellom skule og heim. Foreldra kjenner reglar og rutinar for åtferd i klasserommet. For å skape et trygt og godt læringsmiljø er det av stor betydning at skolen har tydelige regler, og at regelbrudd håndheves på en konsekvent måte. (Udir 2011) 15.3.2012 10

Lærarane fortel at ordensreglane blir formidla til elevane ved starten av skuleåret og at einskilde reglar blir løfta fram og sett nytt fokus på ved behov. Nokre grupper har eigne klassereglar. Når det gjeld åtferdsrutinar og handheving av desse, t.d. handsopprekking, pc- og mobilbruk får vi litt ulike tilbakemeldingar frå dei tre lærarteama. I Ståstadsanalysen 2011/12 skårar skulen lågt på følgjande påstand: Lærerne er enige om hva som er uakseptabel elevatferd og reagerer på samme måte ved brudd på skolens regler. Alle elevane vi spør, stadfestar at reglane blir gjort kjende for dei munnleg, og at reglane heng i alle klasseromma. Ved særskilte brot, blir aktuelle reglar repeterte og minna om. Foreldra seier dei får god informasjon om dette på foreldremøte ved starten av skuleåret og på utdelte skriv. Foreldra opplever at skulen har reglar som er gjort tydelege og som gjeld for heile skulen. Når det gjeld oppfølging av reglane, seier foreldra at dei opplever dette noko ulikt avhengig av den vaksne og kva elevar det gjeld. Vi ser at skulen sine ordens- og trivselsreglar heng i alle klasserom. Etter våre observasjonar er vi usikre på kva rutinar som gjeld i klassane t.d. når det gjeld handsopprekking, bruk av yttertøy inne, eting i timane og pcbruk. Vi har sett ulik praksis på dette. Vi har også sett døme på at det ikkje vert reagert på brot på reglar og forventningar, t.d. forseintkoming, gløymt utstyr o.l. Andre gonger har vi sett at lærar korrigerer elevåtferd t.d. ved å be eleven lukke pc-en, legg ein hand på skuldra til ein uroleg elev, hysjing o.l. Vår vurdering: Skulen har tydelege reglar for åtferd i klasserommet. Elevane og foreldra er godt kjende med desse. Skulen kan bli betre på å praktisere vedtekne rutinar. Jf dokumentet Arbeidsformer, sams krav til elevane. Kriterium: Læraren er tydeleg leiar i klasserommet. Læraren tar ansvar for kvaliteten på relasjonen lærar - elev. 15.3.2012 11

Kvaliteten på relasjonen lærar elev er den viktigaste einskildfaktoren når det gjeld kva som fremjar læring. (Visible Learning, Hattie 2008) ( ) Relasjonen mellom elev og lærer er nært knyttet til ledelse. (Thomas Nordahl, Kunnskapsheftet 06) Lærarane seier at relasjonsbygging er viktig. Alle legg vekt på det å bli kjent med elevane tidleg på hausten, også utover det faglege. Dei seier dei bruker mykje tid på dette. Andre stikkord i relasjonsbygginga er: gje ros, sjå eleven, gje av seg sjølv, snakke respektfullt til elevane, vise interesse for dei, bruke humor og godt humør, bruke mykje tid til snakke om elevane på teamet ( våre elevar ), ha eit godt forhold til foreldra. Rektor understrekar at relasjonsbygging er noko av det han vektlegg aller mest i sitt arbeid. Elevane seier at dei likar lærarane godt. M.a. trekk dei fram at lærarane gjer ting saman med dei, også utanom faga, t.d. fotballturnering, MOT, fysisk og psykisk helse-prosjekt og turar. Ein elev seier Dette er verdas beste skule. I Elevundersøkinga våren 2011 seier fleirtalet: Elevane gir i stor grad uttrykk for god trivsel. Vi har også sett at det er ein god tone mellom elevane og lærarane. Lærarane snakkar til elevane på ein høfleg og respektfull måte. Dei bruker humor. Dei tar seg tid til å prate med elevane og svare skikkeleg når dei blir spurt om noko. Vår vurdering: Lærar tar ansvar for kvaliteten på relasjonen lærar elev. Vi vurderer dette som skulen sitt sterkaste område. Kriterium: Elevane har eit godt læringsmiljø. Elevane kjenner seg trygge i klassen. Alle elevar i grunnskolar og vidaregåande skolar har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring. (Opplæringslova 9a-1.) Lærarane meiner at elevane er trygge i klassen. 15.3.2012 12

I Ståstadsanalysen 2011/12 seier fleirtalet: Lærarane vurderer at elevane har venner og trivst godt på skulen. Elevane seier at dei opplever seg trygge i klassen. Nokre nyanserer likevel dette på ein forsiktig måte. For eksempel seier ein at det kan hende at nokon hakkar ned på deg, viss du seier noko smart. Elevane seier og at dei kjenner seg trygge på lærarane, og dei er sjølvsagt tryggast på kontaktlæraren som dei kjenner best. I Elevundersøkinga 2011 seier fleirtalet: Elevane gir i stor grad uttrykk for god trivsel. Foreldra opplever at det er høg grad av tryggleik, m.a. fordi skulen har stort fokus på trivsel og miljø. Vår vurdering: Elevane kjenner seg trygge i klassen. Kriterium: Det er god kommunikasjon mellom skule og heim. Foreldra støttar opp om klasseleiaren sitt arbeid. Foresattes forventninger, støtte og engasjement i barnas skolegang er viktig for å skape en god skole. Positive forventninger fra både skolen og foresatte virker positivt inn på både læringsmiljø og læringskapasitet. (Udir 2011) Foreldra meiner dei støttar opp om klasseleiaren sitt arbeid ved å omtale skulen positivt, ved å vere tilgjengeleg og ta ansvar for god kommunikasjon med skulen, ved å følgje opp lekseplan og å gje tilbakemelding til klasseleiaren om konkrete behov. I Foreldreundersøkinga 2011 skårar skulen høgare enn landsgjennomsnittet på følgjande utsegner: Vi hjelper barnet mitt/ vårt fleire gonger i veka med skulearbeidet. Vi følgjer opp avtaler og avgjerder som er gjort med skulen under utviklingssamtalane. Kommunikasjon mellom heim og skule. Lærarane stadfestar i stor grad det foreldra seier. 15.3.2012 13

Vår vurdering: Foreldra støttar opp om klasseleiaren sitt arbeid. Kriterium: Skulen er ein lærande organisasjon. Personalet har felles forståing av kva ein legg i omgrepet klasseleiing. Gjennom utvikling av felles begrepsforståelse etableres en felles livsverden. En felles livsverden gjør det mulig å kommunisere; jo større grad av felles forståelse, jo mer presis og relevant kommunikasjon (Anne Schjelderup, 2009) Slik vi høyrer personalet, har dei langt på veg ei felles forståing av kva dei legg i omgrepet klasseleiing. Dei har og utarbeidd eit dokument som seier kva som er kjenneteikn på god klasseleiing på. Vår vurdering: Personalet har felles forståing av kva ein legg i omgrepet klasseleiing. Kriterium: Skulen er ein lærande organisasjon. Leiinga tar ansvar for å utvikle ein felles kultur når det gjeld klasseleiing. Felles kultur er det som gjør kommunikasjon mulig. (Thomas Hylland Eriksen) Lærarane fortel at det har vore henta inn ekstern kompetanse frå høgskulemiljø i dette arbeidet. Kollegiet arbeidde med oppskrift for klasseleiing i eit halv år. Dette arbeidet er vidareført på teama. Gjennom utarbeidde dokument på skulen ser vi at det har vore arbeidd med å utvikle ein felles kultur for klasseleiing. Vår vurdering: Leiinga tar ansvar for å utvikle ein felles kultur for klasseleiing. 15.3.2012 14

6 - Skulen sine utviklingsområde innan vurderingsområdet Kriterium: Læraren er tydeleg leiar i klasserommet. Læraren syter for arbeidsro. Kriterium: Elevane har eit godt læringsmiljø. Det er god arbeidsro i timane. Thomas Nordahl (Kunnskapsheftet 06) seier at klasseleiing handlar om læraren sin evne til å skape eit positivt klima, etablere arbeidsro og motivere til arbeidsinnsats. Lærarane refererer til ulike metodar for å få ro i klassen; å vente til det blir stille, bruke stemmen, hysje, gi tydeleg beskjed, skissere forventningar om ro, repetere reglane, gå ned til enkeltelevar som treng det, faste ritual ( helsing i starten, - så er vi klar ). I Ståstadsanalysen 2011/12 skårar skulen lågt på følgjande påstandar: Læreren kan starte undervisningen med en gang timen begynner uten å bruke mye tid på å få ro i klassen. Elevane seier i intervju at dette med arbeidsro heng saman med kor tydeleg læraren er på sine forventningar om dette. Elevane rapporterer at dette med arbeidsro varierer ein del. Det kan vere avhengig av lærar, av elevgruppe, av tid på dagen, dag i veka og av kva fag dei har. Elevane seier og at det ofte går lang tid før det er ro i klassen ved starten av timen. I Elevundersøkinga våren 2011 seier fleirtalet: Elevane gir uttrykk for at lærarane må bruke lang tid på å få ro i klassen. Elevane gir uttrykk for at det ikkje alltid er arbeidsro i timane. 15.3.2012 15

Foreldra meiner og at det kan bli betre arbeidsro i timane. Dei legg vekt på at dette er eit viktig område. Vi har ikkje observert mykje bråk i klassen, men det er ein god del småmasing. Vi har i liten grad sett at læraren formidlar tydelege forventningar om arbeidsro før arbeidet begynner. Lærar har likevel korrigert masing undervegs. Vår vurdering: Arbeidsroa i timane er ikkje tilfredsstillande. Skulen har lagt eit godt grunnlag i dokumentet Arbeidsformer, sams krav til elevane. Dette bør i større grad takast i bruk i praksis. Kriterium: Skulen er ein lærande organisasjon. Leiinga legg til rette for forsking i eigen praksis. Kompetanseutvikling i klasseledelse må utvikles innenfor skolen som en lærende organisasjon hvor kollegaveiledning og refleksjonsgrupper blir vesentlige komponenter. (Udir 2011) Lærarane seier at refleksjon over og forsking i eigen praksis ikkje er systematisert pr i dag. Lærarane fortel at det er planer om å systematisere dette våren 2012, m.a. ved hospitering hos kollegaer og refleksjon over eigen praksis. Vår vurdering: Det er ikkje pr i dag lagt til rette for systematisk forsking i eigen praksis. Vi ser at rektor har planar for dette området. Kriterium: Skulen er ein lærande organisasjon. Leiinga legg til rette for delingspraksis som fremjar god klasseleiing. Forskerne peker på at det i Kunnskapsløftet ligger forventninger om at skolene utvikler kompetanse i felleskap og at denne kompetanseutviklingen er mer enn summen av den enkelte lærerens individuelle kompetanse. Forskarane peiker og på at rektor si leiing av reformarbeidet synest å ha stor betydning for graden av erfaringsdeling lokalt. (Udir, Evaluering av K 06, 2011) 15.3.2012 16

Lærarane seier at leiinga ikkje har lagt til rette for dette på annan måte enn at teama kan praktisere slik deling om dei ønskjer å prioritere tid til det. Vår vurdering: Leiinga har ikkje til no lagt til rette for delingspraksis som fremjar god klasseleiing. Vi ser at rektor har planar for dette området. 7 - Vidare arbeid 6 månadar etter at skulevurderinga finn stad, vil rektor rapportera attende til skulesjef/skulefagleg ansvarleg korleis skulen har arbeidd med utviklingsområda sine. Det politiske fagutvalet vil få ei orientering. Rong, 15.03.2012 Karen Storesund Rune Landro Barbro Tveit 15.3.2012 17

Vedlegg 1 Vurderingsnettverk for skuleutvikling Vi har brukt desse informantane i vurderinga: Elevar frå alle trinn Alle lærarane FAU med vararepresentantar Rektor Vi har valt desse informantane for å sikre oss eit breitt grunnlag for informasjon. Vedlegg 2 TIDSPLAN FOR VURDERING AV ØYGARDEN UNGDOMSSKULE Vurderingstema: KLASSELEIING Vurderarar: Karen Storesund, Rune Landro og Barbro Tveit Tid Aktivitet Ansvar 19.01.12 Frist for å melde inn vurderingstema Skulen/rektor 09.02.12 16.02.12 23.02.12 Veke 4-veke 10 Veke 11 Møte rektor, vurderarar Møte med personalet. Presentasjon av glansbilete Frist for tilbakemelding på glansbilete Vurderarane sine førebuingar Vurderarar Vurderingsveke Måndag 12.03: Møte med føresette Torsdag 15.03: Framlegging av rapport Vurderarar Vurderarar Rektor Vurderarar/ Skulen 22.03.12 29.03.12 Innan 28.09.12 Frist for tilbakemelding av faktafeil i rapporten Frist for evaluering av vurderarane sitt arbeid Endeleg rapport vert sendt skule og vert lagt ut på nettet Rektor skal levere ein handlingsplan til skuleeigar/skulesjef, og ber om eit møte for å informere om skulen sitt utviklingsarbeid Skulen Vurderarar, skule Rektor og skuleeigar/ skulesjef 15.3.2012 18

Vedlegg 3 Metodar For å sikra god forankring og at alle røyster vert høyrde, hentar vurderarane inn data frå fleire andre kjelder (kjeldetriangulering). Informantane vert plukka ut i samarbeid med skulen. For å styrka kvaliteten på dei data vi finn, nyttar vi ulike metodar for datainnsamling (metodetriangulering). Gjennom eit breitt spekter av metodar tek vurderarane temperaturen på den pedagogiske praksisen til skulen, og på korleis skulen fungerer som organisasjon. Tema og tid til rådvelde verkar inn på val av metode. I prosessen på denne skulen er følgjande metodar nytta: Dokument- og resultatanalyse Skulen sendte vurderarane diverse relevante dokument: verksemdsplan, periodeplanar, ordens - og trivselsreglar, skulen sitt forventningsdokument, dokumentet Klasseleiing ved ØUS, resultat av elevundersøkinga, foreldreundersøkinga, ståstadsanalyse og organisasjonsanalyse. Kriterium og teikn på god praksis Vurderarane utarbeidde forslag til eit glansbilete med kriterium og teikn på god praksis. Dette med utgangspunkt i L-06, Opplæringslova med forskrift og skulen sine planar. Framlegg til kriterium med teikn på god praksis vart drøfta på skulen. Skulen godkjende desse. Samtaleguidar For å fanga lik tematikk, har vurderarane i forkant utarbeidd ulike guidar til hjelp for samtalar med høvesvis elevgrupper, foreldre og pedagogar. Møte med føresette Ein føresetnad for god skuleutvikling er god dialog mellom heim og skule. Føresette må få høve til å involvera og engasjera seg. I løpet av denne vurderinga har vi hatt møte med eit utvida FAU. Møte med rektor Rektor har ei nøkkelrolle i utviklingsarbeidet som skulen skal ta tak i når konklusjonane i rapporten ligg føre. Ein god dialog med rektor dannar grunnlag for gjensidig forståing av skulen sin nosituasjon og for vidare arbeid. Observasjon Vi observerte i alle klassar, i alt 38 observasjonsøkter. 15.3.2012 19

Lærarintervju Vurderingsnettverk for skuleutvikling 1. Korleis er strukturen i timen? 2. Korleis syter du for arbeidsro? 3. Korleis formidlar du læringsmål og forventningar til elevane? 4. Kva reglar og rutinar for åtferd er innført i klasserommet? 5. Korleis har du innarbeidd desse reglane? 6. Kva gjer du for å skape ein god relasjon til elevane? (elevar som provoserar) 7. Kjenner elevane seg trygge i klassen? 8. Korleis gjer du foreldra kjende med reglar og rutinar for åtferd i klassen? 9. Korleis gjer du foreldra kjende med læringsmåla og kva lærarane forventar av elevane? 10.I kva grad støttar foreldra opp om klasseleiaren sitt arbeid? (korleis gjer dei det) 11.Kva forstår de med omgrepet klasseleiing? 12.Korleis har de arbeidd for å utvikle ein felles kultur når det gjeld klasseleiing? 13.Korleis vert det lagt til rette for forsking i eigen praksis? 14.Korleis vert det lagt til rette for delingspraksis som fremjar god klasseleiing? 15.3.2012 20

FORELDREINTERVJU 1. Korleis vert de kjend med reglar og rutinar i klasserommet? 2. I kva grad gjeld reglar og rutinar for heile skulen? 3. I kva grad vert reglar og rutinar handsama likt? 4. Korleis vert de kjend med læringsmåla til elevane? 5. I kva grad kjenner de til kva som vert forventa av elevane a) fagleg b) åtferd 6. Korleis støtter de opp om klasseleiaren sitt arbeid? 7. Kva inntrykk har de av klassemiljøet? a) tryggleik b) arbeidsro 8. Korleis har skulen lagt til rette for at de kan få kontakt med lærar og leiing? 15.3.2012 21

Elevintervju Vurderingsnettverk for skuleutvikling 1. Korleis blir reglar og rutinar gjort kjend i klassen? ( innarbeiding) 2. Kva skjer når nokon bryt ein regel? (felles handsaming) 3. Kor lang tid går det før læraren får ro i klassen? 4. Korleis er det med arbeidsro i timane? 5. Korleis vert de kjend med læringsmåla? 6. Korleis får de vite kva som vert forventa av dykk? 7. Korleis gir læraren deg lyst til å jobbe med faga? 8. Korleis trivst du på skulen? 9. I kva grad kjenner du deg trygg blant elevane i klassen din? ( stille spørsmål, lese høgt, svare, seie i frå) 10. I kva grad kjenner du deg trygg på læraren din? ( stille spørsmål, lese høgt, svare, seie i frå) 11. Korleis er start og avslutning på timane? 15.3.2012 22

Rektorintervju Vurderingsnettverk for skuleutvikling Kva for standard er det sett på for: 1. strukturen i timen? 2. arbeidsro? 3. formidling av læringsmål og forventningar til elevane? 4. Kva reglar og rutinar for åtferd er innført på skulen? 5. Korleis vert desse reglane innarbeidd? 6. Korleis arbeider skulen for å skape gode relasjonar til elevane? (elevar som provoserar) 7. Kjenner elevane seg trygge i klassen? 8. Korleis gjer skulen foreldra kjende med reglar og rutinar for åtferd i klassen? 9. Korleis gjer skulen foreldra kjende med læringsmåla og kva lærarane forventar av elevane? 10.I kva grad støttar foreldra opp om klasseleiaren sitt arbeid? (korleis gjer dei det) 11.Korleis har skulen komen fram til ei felles forståing av omgrepet klasseleiing? 12.Korleis har du arbeidd for å utvikle ein felles kultur når det gjeld klasseleiing? 13.Korleis legg du til rette for at lærarane kan forske i eigen praksis? 14.Korleis legg du til rette for delingspraksis som fremjar god klasseleiing? 15.3.2012 23

Observasjonsskjema Oppstart Avslutning Arbeidsro Mål for timen, læringsmål Reglar Rutinar Regelbrot, Oppfølging Relasjonar 15.3.2012 24