OS KOMMUNE Rådmannens stab MØTEPROTOKOLL Tenesteutvalet Møtestad: Liafjellet Møtedato: 10.03.2010 Frå: 09.00 til 14.50 Før møtet tok til, var det synfaring ved Hegglandsdalen skule med frammøte kl. 09.00 Møtet vart sett i rådhuset kl. 10.00. Innkalte: Funksjon Namn Forfall Møtt for Leiar Hedevig Holst Medlem Stig Endre Nilsen Medlem Leiv Gunnar Heggland FO Medlem Nina B. Halhjem Medlem Rebecca Engevik FO Medlem Bjørn Reidar Matland Medlem Helge F. Kjellevold FO Medlem Borghild Borgen Medlem Torunn Øvredal FO Varamedlem Liv Rønning Helge F. Kjellevold Varamedlem Berit Blomberg Leiv Gunnar Heggland Varamedlem Oddleik Knutsen Rebecca Engevik Varamedlem Torunn Øvredal Det er 8 røysteføre tilstades på dette møtet. Frå adm. : Andre: Merknader: Kommunalsjefane Nils-Petter Borge, Ingvar Torsvik og Haldor Fosse. Avdelingsleiarane Aud Winsents og Kristin Haukeland oriente om open omsorg i sak 11/10. Simen Soltvedt og Lars Trane NAV sosial møtte til sak 10/10. Finn Haraald Eliassen orienterte i sak 13/10. Det var ingen merknader til innkallinga. Protokollen frå forrige møte vart godkjendt. Behandla saker: 8/10 15/10 Saklista og tilleggssakliste vart godkjendt med desse omflyttingane: - Sak 10/10 vert teken etter sak 8/10. - Sak 9/10 vert å ta etter sak 13/10. - Tilleggssak 15/10 vert å ta før sak 14/10 politisk kvarter Utdelte dokument: Samanlikning av VA i liknande kommunar. Arbeidsoppgåver og personale. ADRESSE TELEFON WEB/EPOST INFO Rådhuset Sentralbord: 56 57 50 00 postmottak@os-ho.kommune.no Bankgiro: 6525.05.05676 Torggata 7 Telefax: 56 57 50 01 www.os.hordaland.no Org.nr.: 844 458 312 Pb.84, 5202 Os Dir. innval: 56 57 50 20
Underskrifter: Vi stadfestar med underskriftene våre at møteboka er ført i samsvar med det som vart vedteke på møtet. Os, 10.03.2010 Hedevig Holst Stig Endre Nilsen Borghild Borgen Leiar
SAKLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Tittel 8/10 09/1105 3. TERTIALRAPPORT 2009 - ÅRSREKNESKAP OG ÅRSMELDING FOR 2009 9/10 10/224 MÅL- OG HANDLINGSPLAN FOR OMRÅDET OPPVEKST OG KULTUR 3. TERTIAL 2009 10/10 09/2204 RESULTAT BRUKARUNDERSØKING 2009 FOR SOSIALE TENESTER 11/10 10/386 OPEN OMSORG - ORIENTERING 12/10 10/173 STATUS I OMRÅDET FOR HELSE OG SOSIAL 13/10 10/175 STATUS I OMRÅDET FOR TEKNISKE TENESTER 14/10 10/27 POLITISK KVARTER 15/10 10/174 STATUS I OMRÅDET FOR OPPVEKST OG KULTUR
8/10 Arkiv: 210 Arkivsaknr.: 09/1105 3. TERTIALRAPPORT 2009 - ÅRSREKNESKAP OG ÅRSMELDING FOR 2009 Framlegg til tilråding: Pkt. 1. Tertialrapporten vert teken til vitande. Pkt. 2 a. Forslag til tiltak, for å lukke driftsgapet mellom vedteke driftsnivå for 2010 og rekneskapsprognose 2009, vert gjennomført som vist i tabellane nedanfor (Tabell 3.6.1 og 3.6.2), tiltak 1-13, med unntak for at tiltak 9, reduksjon i plassar i pleie og omsorg, inntil vidare ikkje vert sett i verk. Dette vil gje ei innsparing i drift innan Helse og sosialområdet på mellom 5-7 mill kr. (Heilårsverknad 8-11 mill kr.) Innan oppvekst/kulturområdet vil innsparing verte kr 10 mill. (Heilårsverknad 10 mill) I tillegg mellom 500.000 kr og 1 mill i innsparing på Fellesområdet/teknisk. (Heilårsverknad 1,5 mill) Samla innsparing kr. 16 18 mill kr i 2010. (Heilårsverknad 19-22 mill kr) Pkt. 2 b. - Tenesteområda må innan 30.06.2010 foreta ytterlegare innsparingar som på årsbasis utgjer kr 10 mill for å dekkja inn att delar av meirforbruket frå 2009. Desse innsparingane skal primært fordelast på dei einingane som hadde det største driftsavviket i 2009. Tiltaka og effekten av desse skal rapporterast til politisk invå seinast 30.06.2010. - Denne innsparinga skal frigjera midlar til å opparbeida finansbufferfond og avsettingar til eingongstiltak. - Manglande måloppnåing vil/kan få personellmessige konsekvensar. Pkt. 3. Det vert føresett at effekt av innsparing fortløpande vert rapportert i månadsrapportane. Tabell 3.6.1 Tiltak for å få aktiviteten ned på vedteken ramme for 2010 når Verknad 2010 Heilårsverknad 1. Gjennomgang av nivå på tenestene innan PU, rus, psykiatri 1. tertial 1-2mill 2-4 mill 2. Nye turnusar innan PU (-1,5 årsverk) 1.tertial 400.000 750.000 3. Lio Avlastning frå vaken til kvilande nattevakt 1. halvår 200.000 400.000 4. Lio avlastning Nye turnusar (1,5 årsverk) 1. halvår 400.000 750.000 5. Ikkje utvide tilbodet når flytting til ny avlastning (sparer 2 årsverk) 1.halvår 400.000 800.000 6. Effektivisering av baksio/rusbolig, m.m. (1,5 stilling) 1.halvår 400.000 750.000 7. Butiltaka for rus vert ikkje utvida i ny bustad. Restbustadene får anna bruk 1.halvår 0,5-1 mill 1-2 mill 8.Nav sosial sosialhjelpssatsane vert ståande på 2009 nivå Tiltak etter. 5.2 skal straks 300.000 400.000 nøye vurderast 9. Pleie omsorg: redusere 4 plassar + reduksjon dagsenter ( -2,8 årsverk til saman) 1.tertial 800.000 1.350.000 ** 10. Variabel lønn - Mindreforbruk i heile området helse sosial, ca 5 % = 3 årsverk straks 1.200.000 1.500.000 ** Sum: 5,8-7,3 mill 9-12 mill 11. Trekk 3% i einingar som hadde meirforbruk ( timetal, vikarbruk, m.m.) straks 3, 5 mill 3,5mill 12. Trekk i ramma for alle einingar (timetal, vikarbruk, m.m.) straks 6,5 mill 6,5 mill Sum 10 mill 10 mill ** Tiltaka vert ikkje vidareført for 2011. Tabell 3.6.2 Tiltak i områder som ikkje har hatt driftsavvik når Verknad 2010 Heilårsverknad 13. Toppleiargruppa reduksjon ( inneber at det ikkje vert tilsett i ledige stillingar) Det er verdt å merke seg at toppleiargruppa er etablert utan tilførsel av økonomiske ressursar. Dvs gjennom omdanning av andre stillingar. Reduksjonen som er føreslått er såleis ei neto innsparing i høve til tidlegare ressursar til leiing. 1. halvår 500.000 1.000.000
Kommunalsjef Nils-Petter Borge orienterte om konsekvensane for området helse og sosial. Det er ikkje så mange tilsette i einingane at ei nedskjering ikkje vil merkast på tenestene. Tenestene skal likevel vera forsvarlege. Kommunalsjef Ingvar Torsvik orienterte om konsekvensane for området oppvekst og kultur. Dei skulane som har slitt, får eit ekstra nedtrek i 2010. Kr 500.000 som så står i rest, vert teke frå fellesområdet. Samtidig vil det bli satsa på kommuneovergripande program for sosial meistring. Det er samarbeidsmøte kvar veke mellom helsestasjon, skule, barnevern og kultur. Av og til må vi henta inn helse og sosial og av og til NAV for å løysa komplekse utfordringar. Tenesteutvalet tek orienteringane til etterretning. Tenesteutvalet tek orienteringane om nedtrekka i budsjettet til etterretning. 9/10 Arkiv: 146 Arkivsaknr.: 10/224 MÅL- OG HANDLINGSPLAN FOR OMRÅDET OPPVEKST OG KULTUR -3. TERTIAL 2009 Kommunalsjef Ingvar Torsvik orienterte. - Situasjonen for leiarar i barnehagesektoren. 4 styrarar og 2 inspektørar er inviterte til samtalar om framtidige leiarstillingar for dei to barnehagane me står att med etter omlegginga. Endringa trer i kraft når den nye Gymnasvegen barnehage opnar. - Hall på Halhjem - Hegglandsdalen skule jfr. synfaring der i dag - Utlysing av rektorstillingar på Os og Hegglandsdalen skular - PPT, barnevern og førebyggjande helsetenester i samband med sosial meistring i skulane Samrøystes vedtak som innstillinga. Tenesteutvalet tek mål- og handlingsplan for området oppvekst og kultur 3. tertial 2009 som melding. 10/10 Arkiv: F00 &32 Arkivsaknr.: 09/2204 RESULTAT BRUKARUNDERSØKING 2009 FOR SOSIALE TENESTER Simen Soltvedt frå fellestenester og Lars Trane frå NAV sosial orienterte.
Samrøystes vedtak som innstillinga. Tenesteutvalet tek orienteringa om resultat av brukarundersøkinga for Sosiale tenester som melding. 11/10 Arkiv: G00 Arkivsaknr.: 10/386 OPEN OMSORG - ORIENTERING Einingsleiar Aud Winsents og avdelingssjukepleiar Kristin Haukeland orienterte. Samrøystes vedtak som innstillinga. Tenesteutvalet tek orienteringa som ei melding 12/10 Arkiv: G00 Arkivsaknr.: 10/173 STATUS I OMRÅDET FOR HELSE OG SOSIAL Kommunalsjef Nils-Petter Borge orienterte om framdrifta for følgjande prosjekt: Strateginotat for adersgruppa 0 66 år (psykiatri, pu, rus, NAV) Varafjell avlastningsbustader Industrivegen omsorgsbustader Samhandlingsreforma prosjektleiar i Os Samrøystes vedtak som innstillinga. Tenesteutvalet tek informasjon om framdrifta for følgjande prosjekt til orientering: Strateginotat for adersgruppa 0 66 år Varafjell avlastningsbustader Industrivegen omsorgsbustader Samhandlingsreforma prosjektleiar i Os 13/10 Arkiv: M00 Arkivsaknr.: 10/175
STATUS I OMRÅDET FOR TEKNISKE TENESTER Framlegg til vedtak: Orienteringa frå området for tekniske tenester vert teke til vitring. Kommunalsjef Haldor Fosse oreinterte om: - Stoda for vintervedlikehald - Stoda for vassforsyninga det kan oppstå ein kritisk situasjon i løpet av våren Finn Harald Eliassen - viste samanlikning med VA i andre kommunar - orienterte om vasskvaliteten i Os nett no - orienterte om framdrifta for det nye vassverket på Hetleflåten Orienteringa frå området for tekniske tenester vert teke til vitring. Det gjeld desse sakene: - Stoda for vintervedlikehald - Stoda for vassforsyninga det kan oppstå ein kritisk situasjon i løpet av våren o Samanlikningstal med VA i andre kommunar o Vasskvaliteten i Os nett no o Framdrifta for det nye vassverket på Hetleflåten 14/10 Arkiv: 033 Arkivsaknr.: 10/27 POLITISK KVARTER Stig Endre Nilsen (FrP) - Konkrete planar om oppstart av Varafjell avlastningsbustader. Samarbeid med Kuventræ skule og konsekvens av nedskjeringar. Kommunalsjef Ingvar Torsvik: Det er rektoren på Kuventæ skule som har ansvaret og disponerer Varafjell ressurssenter for barn og unge i nær kontakt med kommunalsjefen og dei andre skulane i Os. - Elevoversikt fordelt på klassetrinn for dei ulike skulane inkludert opptaket 2010 og prognosar for framtidige opptak etter skulebruksplanen. Kommunalsjef Ingvar Torsvik: Brev er no sendt til alle førsteklassingane. Rektorane har fått melding om å halda seg til næraste skule når det gjeld opptak. Dette tek tid fordi ein må ta opsyn til kor søsken går. Torsvik skal senda elevoversikt. - Rus og GHB mellom unge vaksne. Haldningskampanje? Det er akseptert ned til 8 8 år å rusa seg openlyst. Kommunalsjef Nils-Petter Borge: Det skal lagast ei sak om haldningskampanjar. Når det gjeld GHB, er det alt etablert ei arbeidsgruppe. Hedevig Holst (H)
- Oppstart av Industrivegen omsorgsbustader. Meir enn ei flytting av aktivitetane på Lio. Sett frå utsida er det mykje rot på Lio som kan gå utover godt naboskap i Industrivegen. Håper på ein god start og vil gjerne høyra om kommunen har konkrete planar som tilseier at det skal lykkast. Kommunalsjef Nils-Petter Borge: Før omsorgsbustadane vert tekne i bruk, skal ein ha møte med naboane. Ein skal fortelja om tenesta og bemanninga. Dei som skal bu der skal forpliktast på korleis det skal sjå ut rundt husa. Borghild Borgen (Ap): Vi må ha eit formalisert samarbeid med naboane. Dei som arbeider der skal vera stolte av arbeidsplassen og. Og kor er vindaugo på husa? Kommunalsjef Borge: Vi skal prøva å halda på det ryddige førsteinntrykket seinare og. Bustadane er meir synlege no, ved riksvegen. Det kan ha positiv effekt. Vindago er mot lyset som kjem inn på baksida. - Viser til tertialrapporten. Rapporteringsmetoden for kundeombod. Etterlyser forslag til dette. Kommunalsjef Nils-Petter Borge skal finna svar til neste møte. - Rutine for å kontrollera merknadar frå inn- og utland når ein skal engasjera/tilsetja helsepersonell i Os kommune. Kommunalsjef Nils-Petter Borge: I rutinane for tilsetjing held ein seg til referansar, intervju og sjekking av formelle papir (autorisasjonar). Kommunen har ikkje rutinar for å gå så djukpt som merknadar. Borge vil ta dette opp med personaleininga. Mange delar av helsevesnet har autorisasjonar. Legevaktsoverlegen går medisinskfagleg god for dei som blir leigde inn. Bjørn Matland (H) - Status tilsetjing av bygningskontrollørar. Kommunalsjef Haldor Fosse: Vi har fått ein person i vikariat og vonar å kunna halda på denne. Vedkomande er jurist. Vi treng nokon som kan det formelle, den tekniske kompetansen har vi. Frå 1.7.10 er det lovpålagt med bygningskontrollør. - Framdrift ny brannstasjon. Kommunalsjef Haldor Fosse: Det kjem sak til kommunestyret første veka i mai. Nina Borgen Halhjem (FrP) - Status etablering av privat barnehage på Halhjem som erstatning for barnehagedel i Halhjem Barnetun. Kommunalsjef Ingvar Torsvik: Det vert arbeidd parallelt med mange prosjekt samtidig. Halhjem er eitt av desse. Arbeidet vert gjort i tråd med det politiske vedtaket i saka. Det er slik at ingen ting er bestemt før alt er bestemt. - Status ny portal for Os kommune Rådgjevar Simen Soltvedt orienterte. Ny portal skal vera på plass 1. april. Portalen er tenesteorientert. Borghild Borgen (Ap) - Status for barnevernet i Os etter ny organisering. Kommunalsjef Ingvar Torsvik: Både helsestasjonen og barnevernet er styrka med stillingar. Det er ikkje blitt fleire stillingar i administrasjonen, men ein har samla dei som var rundt ikring. Han presenterte den omvendte pyramiden der skule, barnehage og helsestasjon (største delen av pyramiden) er øverst fordi det er der barna er. Hjelpeapparatet skal hjelpa og støtta for sentrum er der barna er, i primærtenesta.
15/10 Arkiv: B00 Arkivsaknr.: 10/174 STATUS I OMRÅDET FOR OPPVEKST OG KULTUR Framlegg til vedtak: Tenesteutvalet tek orienteringa som melding. Kommunalsjef Ingvar Torsvik orienterte om desse sakene: 1. Oppfølging orientering av fylkesmannens tilsyn med oppvekst og kultur. 2. Kommuneovergripande program for sosial meistring LP. 3. Budsjettgjennomgang (sjå vedlegg). 4. Førebuing av saker på kulturavdelinga a. Drift og vedlikehald av idrettshallar. b. Auka drift til vaktmeisterstilling. c. Sentralidrettsanlegget på Kuventræ. Tenesteutvalet tek desse orienteringane som melding: 1. Oppfølging orientering av fylkesmannens tilsyn med oppvekst og kultur. 2. Kommuneovergripande program for sosial meistring LP. 3. Budsjettgjennomgang (sjå vedlegg). 4. Førebuing av saker på kulturavdelinga a. Drift og vedlikehald av idrettshallar. b. Auka drift til vaktmeisterstilling. c. Sentralidrettsanlegget på Kuventræ.