SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Marie Evjestad Arkivsaksnr.: 07/1229. IT-arbeidsplassar for ungdomsskuleelevar i Luster. Rådmannen si tilråding:



Like dokumenter
Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

VOLDA KOMMUNE Samordnings- og utviklingsstaben

SAKSFRAMLEGG. Tiltak 1 side 12 Fjerne til privat bruk. Tiltaket får då fylgjande ordlyd: Ikkje subsidiera straum.

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Tilleggsinnkalling til Formannskapet

Granvin herad Sakspapir

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre /09 HIAN

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert

ULSTEIN KOMMUNE Politisk sekretariat

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

KAPASITETSUTFORDRINGAR BORE SKULE OG KLEPPE SKULE OG NY IDRETTSHALL

SAKSFRAMLEGG EIGEDOMSSKATT - ORIENTERING. Saksbehandlar: Magne Værholm Arkiv: 232 Arkivsaksnr.: 05/00651

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

SKILDRING/ BILDER AV DAGENS SITUASJON. Oversiktskart. Oppheimsvatnet. Kvasshaug hyttefelt Aktuelle tomt. Dato

NAUSTDAL KOMMUNE SAKSUTGREIING

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Tilleggsinnkalling til Formannskapet

SPRÅKRÅDET REF. VÅR REF. DATO JG/SIG/ER Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Saksframlegg. Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkivsaksnr.: 14/ Selskapstrukturen - Sogndal kulturhus. * Tilråding:

Høyringsfråsegn - NOU 2015: 8 Fremtidens skole. Fornyelse av fag og kompetanser

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

MØTEBOK Tysnes kommune

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Reidulf Kjørsvik Arkiv: A2 151 Arkivsaksnr.: 09/1458

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret HØYRINGSUTTALE TIL UTVIKLINGSPLAN MOT 2030 FOR HELSE MØRE OG ROMSDAL HF

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Olav Grov Arkivsaksnr.: 09/1647. Luster kommune sin næringspolitikk. Rådmannen si tilråding:

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

Saksframlegg FELLES AVLAUP SANGEFJELL? VAL AV AVLAUPSLØYSING FOR EKSISTERANDE OG NYE HYTTER

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 13/968

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Gunnar Wangen Arkivsak: 2014/2336 Løpenr.: 1523/2015. Utvalsaksnr. Utval Møtedato Ørsta formannskap

Sandeid skule SFO Årsplan

MØTEINNKALLING SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Kommunestyret Møtedato: Møtetid: - Møtestad: Kommunehuset

Nissedal kommune. Formannskapet. Møteinnkalling. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 13:00

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Tore Eriksen Arkiv: 212 Arkivsaksnr.: 08/ Kommunestyret vedtek slike endringar i driftsbudsjettet for 2008:

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Olav Grov Arkiv: 614 Arkivsaksnr.: 07/1522. Kommunalt tenestekjøp; bade- og symjetenester Gaupne. Rådmannen si tilråding:

i6c)( Melding om vedtak - Tilbodsstruktur i vidaregåande opplæring - skuletilbod høyringsuttale

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret BETALINGSSATSAR I SFO, KULTURSKULE OG BARNEHAGAR 2016

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

20/15 Hovudutval for teknisk, landbruk og naturforvaltning Forslag til forskriftsendring - heving av minsteareal i daa for hjort

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

Les for livet - del 2 (Ref # )

EID KOMMUNE Finansutvalet HOVUDUTSKRIFT

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Vidar Roseth Arkivsaksnr.: 09/809

Nytt Gebyrregulativ for lokal forskrift for VA-gebyr

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

BUDSJETT OG SKULESTRUKTUR

Tiltaksplan

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE (-17)

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Saksframlegg. Sakshandsamar: Torun Emma Torheim Arkivsaksnr.: 12/

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: Tidspunkt : 10:00

Forslag frå fylkesrådmannen

Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte.

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/ juni 2009

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret. Forvalting av særavtalekraft og konsesjonskraft

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jan Kåre Norberg Arkiv: 212 Arkivsaksnr.: 09/2798

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Saksframlegg. 1. Kommunestyret godkjenner den framlagde tertialrapporten.

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Andrea Fivelstad Arkivsak: 2014/558 Løpenr.: 9934/2014. Utvalsaksnr. Utval Møtedato Ørsta formannskap Ørsta kommunestyre

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418

Uttale om Årsbudsjett for 2015/økonomiplan frå Utdanningsforbundet Hordaland

Ipad som politisk verktøy. Surnadal kommune

Høyringsinnspel til endringar i Teknisk forskrift om krava til tilgjenge i studentbustadar

SAMLET SAKSFRAMSTILLING

Læringsleiing. Skulesjefen, Fjell kommune.

Nissedal kommune Arkiv: Saksmappe: Sakshandsamar: Dato:

Særavtale om veiledarfunksjon for nyutdanna lærarar.

MØTEBOK. Desse møtte: Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: UTVAL FOR PLAN OG UTVIKLING Møtestad: rådhuset Møtedato: Tid: 12.30

KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 1/11 10/881 VURDERING AV INTERKOMMUNALT SAMARBEID OM BARNEVERN

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl Stad: Fylkeshuset INNHALD

Prosjektplan for kommunereforma i Vest-Telemark

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015, vedteke i kommunestyremøte 11.desember 2014.

Kvam herad. Arkiv: N-132 Objekt:

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Thomas Winther Leira Arkivsak: 2013/438 Løpenr.: 5336/2013. Utvalsaksnr. Utval Møtedato Samfunnsutvalet

Saksnr Utval Møtedato Fylkesutvalet Fylkestinget

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Geir Afdal Arkivsaksnr.: 09/1353. Sanitæranlegg og utviding av parkeringsplass Krossen på Mollandsmarki mv

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje

Transkript:

SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Inger Marie Evjestad Arkivsaksnr.: 07/1229 Arkiv: 631 A2 IT-arbeidsplassar for ungdomsskuleelevar i Luster Rådmannen si tilråding: 1. Luster kommunestyre vedtek, med tilvising til eige vedtak om IKT-arbeidsplassar ved ungdomsskulane i høve budsjettet for inneverande år, at det vert etablert ei stasjonær pcløysing frå hausten 2007 for alle ungdomsskuleelevar. 2. Til investeringsdelen vert det løyvd kr 2.355.000,- (budsjett 2007), finansiert over disposisjonsfondet. Til driftsdelen vert det løyvd kr 225.000,- (2007) til programvare, stillingsressurs mv. Sistnemnde beløp vert finansiert ved kommunestyret si budsjettregulering pr 1.tertial 2007. 3. Ikt-planen for grunnskulen i Luster vert å revidere med tanke på implementering frå skuleåret 2008/09. Ny plan lyt ha som overordna mål at alle skulane skal oppfylle kravet om digital kompetanse/eksamen i samband med dei nye læreplanane og Kunnskapsløftet.

Saksutgreiing: Samandrag: Rådmannen tilrår i denne saka at det vert etablert IKT-arbeidsplassar for alle ungdomsskuleelevar gjennom ei stasjonær pc-løysing frå hausten 2007. Tilrådinga er ei oppfølging av kommunestyret sitt vedtak i høve budsjett 2007 (des-06). Til investeringsdelen vert det i 2007 løyvd kr 2.355.000,- finansiert over disposisjonsfondet, medan det til driftsdelen vert løyvd (2007) kr 225.000,-, finansiert ved kommunestyret si budsjettregulering pr 1.tertial 2007. Ikt-planen for grunnskulen i Luster vert å revidere med tanke på implementering frå skuleåret 2008/09. Ny plan lyt ha som overordna mål at alle skulane skal oppfylle kravet om digital kompetanse og eksamen i samband med dei nye læreplanane og Kunnskapsløftet. Utval som har vedtaksmynde: Kommunestyret. Fakta: Rådmannen er beden av kommunestyret om å utgreia ei ordning med bærbar/stasjonær iktarbeidsplassar for alle ungdomsskuleelevane i Luster. Utgreiinga skal skissera alternative løysingar med kostnadsvurdering av kjøp, drift og support. Saka skal leggast fram våren 2007, med tanke på ei (delvis) innføring frå hausten 2007. I høve til krav og signal krav frå Kyrkje- og utdanningsdepartementet, som seier noko om kva for ferdigheiter elevane skal ha etter avslutta grunnskule, passar det svært godt at denne saka kjem opp på dette tidspunktet. Digital kompetanse er eit heitt tema i skulesamanheng, og skulane i Luster vil med eit slikt framstøyt vere heilt på line med det departementet ser føre seg. I høve til læreplanen og Kunnskapsløftet, er det å kunna bruka digitale verktøy no å sjå på som ein grunnleggjande ferdigheit på lik linje med lesing og skriving. Kunnskapsløftet seier at grunnleggjande ferdigheiter er integrert i kompetansemåla der dei bidreg til utvikling av og er ein del av fagkompetansen. Desse ferdigheitene er: Å uttrykka seg munnleg Å uttrykka seg skriftleg Å kunna lesa Å kunna rekna Å kunna bruka digitale verktøy. Å kunna bruka digitale verktøy er no ein av dei grunnleggjande ferdigheitene elevane skal ha innanfor alle fag. Som døme kan ein sjå på norskfaget (frå departementet læreplan i norsk): Å kunne bruke digitale verktøy i norsk er nødvendig for å mestre nye tekstformer og uttrykk. Dette åpner for nye læringsarenaer og gir nye muligheter i lese- og skriveopplæringen, i produksjon, komponering og redigering av tekster. I denne sammenheng er det viktig å utvikle evne til kritisk vurdering og bruk av kilder. Bruk av digitale verktøy kan støtte og utvikle elevenes kommunikasjonsferdigheter og presentasjoner.

I tillegg skal alle ungdomsskuleelevar gjennomføra digital eksamen i 2008. Før denne tid lyt difor skulane vera i stand til å møta dette kravet i form av å stilla med tilstrekkeleg utstyr til at ei digital eksamensform let seg gjennomføra. Ikt-plan for grunnskulen i Luster kommune (av 2004) bør reviderast med tanke på implementering frå skuleåret 2008/09. Jf framlegg til vedtak. Planen lyt ha som overordna mål at alle skular i Luster kommune skal kunna oppfylla krava om digital kompetanse og digital eksamen i samband med dei nye læreplanane og Kunnskapsløftet. I prosessen med utarbeidinga av denne tilrådinga har begge ungdomsskulane vore involverte. Tilrådinga er eit resultat av eit samarbeid mellom desse og ikt-rettleiar for grunnskulen i Luster. Saka vil verta drøfta med Utdanningsforbundet før handsaminga i formannskapet. Vurderingar: To alternative løysingar har vorte vurdert. Ei stasjonær løysing og ei løysing med bærbart utstyr. Begge alternativa er basert på maskinar med windows-plattform. Stasjonær løysing Prisoverslag, inkl mva (pr mars 2007): Innkjøp: Maskiner, kabling, møblering, nettverksutstyr og reservermaskiner: Kr 2.355.000,- (Nye klassesett etter 3 år: Kr 960.000,-). Årlege kostnader: Antivirus og anna naudsynt programvare: Kr 31.000,- (full effekt 2007) Auka stilling til support og ikt-ansvar: Kr 260.000,- (halv effekt 2007) Vedlikehald/utskifting av delar og maskinar: Kr 64.000,- (full effekt 2007) Gjennomgang av føremoner og ulemper: Føremoner: Svært stabilt. Vil ha ei drastisk auka oppetid i høve til bærbare. Lett å drifta. Alltid tilkopla straum og nett. Gjer at ein kan fjerndrifta alle maskiner til ei kvar tid. Rimeleg å skifte maskiner og delar. Rimeleg ved innkjøp. Lengre levetid. Mindre attraktivt som tjuvgods. Vanskelegare å stjela. Kabla nett = auka bandbredde pr pc. Ulemper: Statiske arbeidsplassar Noko meir plasskrevjande Lyt gjera noko i høve til møblering i klasseromma. Bærbar løysing Prisoverslag, inkl mva (pr mars 2007):

Innkjøp: Maskiner, kabling, trådlaust nettverk, skap, reservermaskiner, møblering, nettverksutstyr: Kr 3.310.000,-. (Nye klassesett etter 3 år: Kr 1.690.000,-). Årlege kostnader: Antivirus og anna naudsynt programvare: Kr 31.000,- (full effekt 2007) Auka stilling til support og ikt-ansvar: Kr 390.000,- (halv effekt 2007) Vedlikehald/utskifting av delar og maskiner: Kr 125.000,- (full effekt 2007) Gjennomgang av føremoner og ulemper: Føremoner: Mobile arbeidsstasjonar = fleksibel bruk. Bærbare maskiner tek liten plass. Lett å gjennomføra digital eksamen (fordela elevar der ein vil) Ulemper: Dyrt i innkjøp. Vesentleg meir tid til drifting og support. Kort levetid pr pc. Delar som forsvinn (td straumadaptar). Lett å stela. Forventa batterilevetid = 8-10 mnd med hard bruk. Ekstrakostnader ved utbygging av trådlaust nettverk. Inn/ut av skap, og inn og ut av klasserom kvar dag, gjer at risikoen er høg for at maskiner vert øydelagde. Lyt til ei kvar tid ha 20 reservermaskiner på lager. Kabling og ommøblering av klasseromma (sjå kommentar*) *) For å få akseptabel stabilitet og kapasitet (bandbredde) ved dagleg bruk og drifting lyt alle klasserom kablast med straum og nettverk til alle arbeidsstasjonar. Trådlaust nett vert berre å sjå på som supplement. Dette medfører ommøblering av klasseromma på lik linje med stasjonær løysing. Ut frå dette kan me sjå at ei bærbar løysing vil vera ei dyr løysing over tid. Løysinga er fin når alt verkar, men det vert fort vanskar sidan trådlaust alltid vil vera mindre stabilt og har mindre kapasitet enn kabla nettverk. Begrensa batterikapasitet, og begrensa bandbredde via trådlaust nett gjer at ein likevel lyt satsa på straum og nettverk via kabel, og då er maskinane nær sagt stasjonære likevel. Bærbare maskiner i ungdomsskulen har truleg ei levetid på ca 3 år (hard bruk mykje fram og tilbake). Dette inneber også at kvart 3. år lyt ein skifta samtlege maskinar. Driftsmessig byr bærbare pc ar på ei stor utfordring sidan maskinane vil måtte plasserast i låsbare skap når dei ikkje er i bruk. Ved oppdatering og liknande lyt ein då fyrst ta alle maskinene ut av skapa (ca 220 maskiner), kobla dei til straum og nettverk, og så ta til med oppdateringa. Alternativet her hadde vore store spesialtilpassa skåp med dockingstasjonar som maskinene stod i når dei ikkje var i bruk. Dette hadde medført vesentlege ekstra-kostnader. For stasjonære maskinar vil utfordringa liggje i plassering i klasseromma og gjennomføring av digital eksamen. Dette er ei utfordring som let seg løysa, men som vil medføra ein eingongsinvestering i kabling og møblering av samtlege klasserom på ungdomsskulane. Det ein eventuelt mister då er fleksibiliteten ein har med å kunna flytta pc ane frå rom til rom. Denne fleksibiliteten er likevel ikkje

eit sterkt nok argument til at vi kan tilrå ei bærbar løysing. Ved å ha eit sett med bærbare til utlån, til dei som treng det, er dette ikkje lenger eit problem. Ved å satsa på stasjonære maskiner vil ein også kunna kjøpa inn nyare brukte kraftige maskiner (nye skjermar, mus og tastatur). Dette er svært fordelaktig prismessig. Ei stasjonær løysing gir store fordelar i form av stabilitet og kapasitet. Ei slik løysing vil truleg vera den som gjer mest valuta for pengane, og som vil gje elevane mest utbyte i undervisninga i form av eit system med høg oppetid. Løysinga vil også vera den mest fornuftige med tanke på drift og support. Løysinga krev ein del rundt plassering og møblering, men når ein fyrst har funne ei løysing på dette, vil dei stasjonære maskinene kunne bidra til at elevane får godt utbyte av dei i undervisninga i form av auka digital kompetanse. Dato: 30.03.07 Tore Eriksen Inger Marie Evjestad rådmann rådgjevar Særutskrift skal sendast: m/kopi til: