SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Arne Abrahamsen Arkivsaksnr.: 13/140 Arkiv: 144 Q14 Trafikktryggleiks- og gatebruksplan Vedlegg: Trafikktryggleiks og gatebruksplan, sept. 2014 Handlingsprogram, 18.11.14 Uttaler Harald Tjugum, 12.10.14 Sagatun barnehage, 22.10.14 Terje Sæle og Terese Solvorn, 27.10.14 Balestrand næringsforum, 11.11.14 Kunstbygda Balestrand, 11.11.14 Sjøtun Camping, 12.11.14 Nabolaget i Kaivegen, Kong Beles veg og Lærargata sentralt, 14.11.14 Anders H. Balevik, 15.11.14 Nessane grendalag, 17.11.14 Bakgrunn: Formannskapssak 63/14, 18.09.14 Brev om og annonsering av høyring av planen, 01.10.14 Lovheimel: Plan og bygningslova 12-10 SAKSOPPLYSNINGAR Trafikktryggleiks- og gatebruksplan, sept. 2014 vart handsama og lagt ut på høyring i sak 63/14 i formannskapsmøte den 18.09.14. Det vart helde eit ope møte om planen den 23.10.14. Det er i høyringsperioden kome inn i alt 8 uttaler til planen. Desse er lagt ved. Merknadene er vurdert tematisk etter innhald i planen. Trafikktryggleiks- og gatebruksplan vert i denne saka lagt fram for endeleg godkjenning. Kommunestyret gjer etter tilråding frå formannskapet vedtak i saka.. VURDERING Gjennomgang av uttalene knytt opp mot ulike tema (kapittel) i planutkastet: 5.1 Skilting Sjøtun Camping Meiner 30 km/t skilt i Sjøtunvegen kan takast vekk då det er soneskilting i sentrumsområdet. Vidare at blindvegskilt bør flyttast lengre opp i same veg.
Samd i dette. Det bør i tillegg skiltast for snuplass i enden av Sjøtunvegen. Sjøtun Camping, Harald Tjugum og Balestrand næringsforum Meiner parkeringsplasser i sentrumsområdet bør skiltast med underskilt med camping forbode eller tidsavgrensing. Camping forbode er ikkje eit normert skilt som Statens vegvesen vil godkjenne som trafikkregulerande skilt. Avgrensing av parkering må skje med tidsavgrensing som underskilt. Det er vurdert som fornuftig å ha tidsavgrensing på 4 timar i sentrum, samt skilte dette som sone på fylkesvegen ned mot sentrum (Kaivegen) frå området etter avkjøringa til Kong Beles veg. Oppheving av sone vert ved krysset ved Nilsens plass. For følgjande parkeringsplassar meiner ein i tillegg at det bør bli innført 2 timersparkering i tidsrommet 22:00-06:00; Lunde friområde, Sagatun skule, og Hittunsfjøra friområde. 5.3 Fartsreduserande tiltak Sjøtun Camping Meiner innteikna fartshump på Villavegen ved Sjøtun Camping kjem nær avkjøring til campingplassen. Er ca. 20 meter frå avkjøringa Vurderer dette til å vere ei grei plassering i høve avkjøring og andre fartshumpar. Vert også detaljustering av plassering før bygging. Anders H. Balevik Lurer på om det er naudsynt med 9 fartshumpar i Kong Beles veg/villavegen. Meiner vegbana bør senkast ved hans eigedom, og at dette kan gjerast i samband med legging av fartshump. Skal ein ha fartshumpar er 9 stk. eit minimum. Statens vegvesen tilrår ein avstand ned mot 75 meter ved 30 km/t. Denne planen omhandlar i utgangspunktet ikkje vegtekniske forhold. Senking av veg betyr at vegbana over eit lengre område må senkast for å få ein jamn horisontal kurvatur. Terje Sæle og Terese Solvorn Meiner det bør vere to ekstra fartshumpar i Fjærestadvegen i tråd med vedlagd kartskisse. Er samd i dette. Det bør i tillegg vere ytterlegare ein fartshump innom krysset til Granliavegen for ikkje å få ei for lang strekning mellom fartshumpane her. 5.4 Merking av fotgjengarovergangar Sjøtun Camping Meiner fotgjengarovergang frå Sjøtunsvegen over Villavegen mot Gamle Sagatun som er føreslegen fjerna, bør vere her framleis. Fotgjengarovergangen vart etablert når det var folkebibliotek og barnehage-/førskuleavdeling i Gamle Sagatun skule. Desse funksjonane er vekke, og det er ikkje spesielt mykje gangtrafikk her i høve til andre stader på vegen. Ein meiner difor at føresetnadene i planen bør ligge fast. Meiner det bør vere ein fotgjengarovergang over Kong Beles veg ved Lærargata på sida mot Bøyum pensjonat. Meiner også at det bør vurderast å setje opp ein spegel her. Samd i dette. Gjer at det vert ekstra skilting av fotgjengarovergangen også. Når det gjeld merking er det teke med 4 fortgjengarovergangar i sentrum. Det vil dekke dei to som er i Kong Beles veg og dei to i gata ved Norsk reiselivsmuseum. I tillegg er det tre fotgjengarovergangar på fylkesvegen ned til sentrum som er Statens vegvesen/fylkeskommunen sitt ansvar å merke opp.
5.5 Merking av parkeringsplassar Balestrand næringsforum Meiner det er viktig å prioritere merking av parkeringsplassar i sentrum. Dette for å få orden på parkering, og også funksjonar som varelevering m.m. Samd i dette. 5.6 Merking av kjørebane Kunstbygda Balestrand Lanserer eit kunstprosjekt som viser veg til ulike turistattraksjonar med fargekart/fargespor. Kan vere spennande, men treng å konkretiserast før det vert teke stilling til. Bør eventuelt jobbast vidare med før tiltak vert innarbeida. 5.8 Bussparkering Balestrand næringsforum Ynskjer ytterlegare tilrettelegging for bussparkering med omsyn på behov for mellom anna Norsk Reiselivsmuseum. Bør vurderast vidare. Kan også løysast av verksemder som har busstrafikk. Anders H. Balevik Ser ikkje at det er problem med bussparkering langs vegen ved rådhuset. Er vurdert som ei løysing ein ikkje ynskjer pga. at parkerte bussar i tillegg til å ta delar av kjørebana gjev redusert sikt, og med det at det skapar trafikkfarlege situasjonar. Meiner det er fornuftig at det ikkje er bussparkering med rådhuset. Meiner at det heller ikkje bør vere bussparkering ved Bygdahuset då krysset mellom Kong Beles veg og Lærargata er trongt. Meiner bussparkering bør vere med Gamle Essoen. Gamle Essoen var vurdert som busstopp i samband med anleggsperioden for Norsk Reiselivsmuseum. Denne plassen var då gått vekk frå pga. vanskeleg ut- og innkjøring. Plassen er ikkje djup nok til å få god sving inn på vegen. Denne plassen er også føresett nytta til ordinær parkering for sentrum, noko det vil vere trong for. På bakgrunn av dette vil ein tilrå at bussparkering på Holmamyrane ligg fast i planen. 5.8 Busstopp lang fylkesveg Nessane grendalag Ynskjer betre tilrettelegging av 5 ulike busstopp på Nessane - Nokkaneset. Påpeiker skilting til sambrukshus, plassering av områdeskilt for Nessane og sikring ved tunnel langs Fv 55. Etablering av slike busstopp langs fylkesvegnettet vert gjort av Statens vegvesen. Ein busstopp på nedsida vegen ved Nokkaneset vart føresett flytta av Statens vegvesen etter trafikktryggleiksynfaring i 2014. Når det gjeld utforming av slike små busstopp er Statens vegvesen gått vekk frå å bygge ordinære busslommer. Det vert i staden føreset at bussen stopper i vegen, medan det vert ei minimal tilrettelegging i vegkant der ein kan vente på bussen. Dersom det er trong for ytterligare utbetring der ein venter på bussen med t.d. betre
plass, lys m.m. må dette til vanleg bli ordna lokalt i samråd med vegvesenet. Det er sett opp eit forslag til ein rammepott på kr 50.000 til slik tilrettelegging, då i første rekke med tanke på busstopp der det er skuleskyss. Busstopp ved Nessane kan vurderast innanfor ei slik ramme om det vert prioritert midlar til det. Skilting langs fylkesveg til t.d. Sambrukshus og er ikkje tema i kommunen sin trafikktryggleiksplan. Det same gjeld sikring langs Fv 55 og tunnelane her. 5.10 Gatelys Sagatun barnehage Ynskjer ytterlegare gatelys ved parkeringsplassen ved til barnehagen. Det vert i første omgang skifta til armatur med betre lys i eksisterande stolpar. Situasjonen vert vurdert etter det. 5.11 Andre tiltak einvegskjøring i gateløpet ved Norsk reiselivsmuseum. Balestrand næringsforum Ynskjer primært gågate framføre museet. Om ein vel einvegskjøring meiner Balestrand næringsforum at kjøreretning bør vere ned mot kaia, og at busstoppen ved Holmatunet vert flytt til andre sida av vegen ved servicebygget. Meiner bussar og andre tunge kjøretøy må kunne snu nede i sentrum, og med det nytte fylkesvegen (Kaivegen) begge vegar. Har vurdert permanent rundkjøring og gågate tidlegare. Dette har ein gått vekk frå. Det er fleire grunnar til dette. Mellom anna kan ikkje planlagt gangvegløysing framom dei gamle kaibygga gjennomførast. Ei rundkjøringsløysing har også vist seg svært sårbar då feilparkerte bilar i rundkjøringa har blokkert all kjøretrafikk, og med det snuplass for store kjøretøy/bussar. Bussjåførane har ut i frå dette frårådd løysinga. Løysinga er også sterkt frårådd frå Norsk Reiselivsmuseum som ynskjer gjennomkjøring i gateløpet, mellom anna pga. varelevering. Når det gjeld einvegskjøring har tilbakemeldingane vore udelt positive sett opp i mot tovegstrafikk som i dag. Dette gjev betre plass til fortau og gåande. Når det gjeld retning på einvegskjøringa er dette ei avgjerd som kan gjerast om relativt enkelt. ane som ligg til grunn for vald løysing med einvegskjøring opp frå sentrum/kaia, er at alle store kjøretøy der sjåføren ikkje er kjend i Balestrand naturleg vil kjøre ned i sentrum langs fylkesvegen (Kaivegen). Er einvegskjøringa motsett, må desse kjøretøya snu nede i sentrumsområdet. Dette kan vere svært krevjande, og også trafikkfarleg på sommartid med mykje trafikk og folk i sentrum. Ein er samd i at vegkrysset mellom Kaivegen og Kong Beles veg er noko trongt. Det er likevel fullt mogeleg å køyre dette krysset slik det er i dag. Ein vi difor, ut frå ei samla vurdering, tilrå at løysinga i planen vert liggande fast. Kunstbygda Balestrand Meiner ein bør nytte «Shared Spaces» som modell for einvegskjøringa. Dette vi seie ingen avgrensing av trafikkantar, skilting eller oppmerking, men ferdsel basert kontakt og samhandling mellom dei som ferdast. Planane for gateløpet er fastsette. Ein er også usikker om ein så kort og lausriven distanse med slik tilrettelegging med mangel på regulering vil fungere i praksis. Ein vil tilrå at dei fastsette planane ligg fast. - Nilsens plass ny utforming Meiner ein bør bygge om denne plassen slik at parkeringsplassane vert fjerna, gangvegen vert lagt rundt og at det vert eit parkmessig arrangement inn mot fjellet.
Dette er ein god idé! Utforming av dette området er ikkje optimal med kombinasjon av gangveg og parkering. Tilkomsten for gåande langs Kong Beles veg som skal vidare i retning av Helesenteret er heller ikkje heilt god, og gjer til at dei gåande oftast går gjennom krysset og ikkje langs gangvegen slik som tenkt. Dette prosjektet kan med fordel vurderast og planleggast vidare! - Parkeringsløysing i sentrum Meiner ein bør nytte eigedom gbnr 10/86 som er lagt ut for sal til å bygge eit parkeringsanlegg i 2 etasjar samt hageanlegg. Er eit spenstig innspel. Omfanget er slik at det ikkje kan ligge innanfor rammene til denne planen, men det kan vere ein ide som kan vurderast vidare i samspel med eigarane. Ein tek difor ikkje nærare stilling til dette her. - Sykkelparkering Kunstbygda Balestrand Meiner ein må tilrettelegge for nye og attraktive sykkelparkeringar i sentrum og andre sentrale punkt. Dette er ein god ide, men som krev noko meir planlegging og samhandling med mellom andre eigarar av bygg der det kan vere aktuelt å etablere slike sykkelparkeringar. Det er og mykje spennande når det gjeld utforming for slike anlegg/tiltak. Dette prosjektet bør konkretiserast vidare. Planen var lagt til høyring utan eit prioritert handlingsprogram (HP). Budsjettsituasjonen til kommunen gjer det også svært vanskeleg å få gjennomført store tiltak dei næraste åra. Handlingsprogrammet er frå rådmannen si side no sett opp med små tiltak for 2015, og som truleg kan gjennomførast innanfor driftsbudsjettet slik det no ligg føre. For resten av økonomiplanperioden er det ikkje samsvar med økonomiplanen. Desse tiltaka må i så fall tilpassast ved neste års budsjetthandsaming. Nokre gode innspel treng å bli planlagt nærare før dei eventuelt vert teke inn som konkrete tiltak i planen. Det er difor i ei samla tilråding frå rådmannen også føreslege å kunne jobbe vidare med nokre prosjekt. Rådmannen si tilråding Balestrand kommune vedtek Trafikktryggleiks- og gatebruksplan for Balestrand kommune i samsvar med vedlagt planframlegg sept. 2014, og med følgjande endringar som vert teke inn i plandokument og plankart skilt og merkeplan: 5.1 Skilting 30 km/t skilt i Sjøtunvegen vert teke vekk då det er soneskilting i sentrumsområdet. Blindvegskilt vert flytta lengre opp i Sjøtunvegen. Det vert skilta for snuplass i enden av Sjøtunvegen.
Det vert skilta med tidsavgrensing for parkering på 4 timar i sentrum, samt skilta med soneskilt på fylkesvegen ned mot sentrum (Kaivegen) frå området etter avkjøringa til Kong Beles veg. Oppheving av sone vert ved krysset ved Nilsens plass. For følgjande parkeringsplassar vert skilta 2 timersparkering i tidsrommet 22:00-06:00; Lunde friområde, Sagatun skule, og Hittunsfjøra friområde. Det vert skilta for ny fotgjengarovergang ved Kong Beles veg ved Lærargata. Det vert skilta for einvegskjøring og innkjøring forbode for gateløpet ved Norsk Reiselivsmuseum. 5.3 Fartsreduserande tiltak Det vert lagt inn 3 ekstra fartshumpar i Fjærestadvegen/Skåsheimsvegen. 5.4 Merking av fotgjengarovergangar Fotgjengarovergangar med skilting i over Kong Beles veg ved Lærargata på sida mot Bøyum pensjonat, og ved overgang mot Gamle Essoen vert teikna inn på plankart skilt og merkeplan. 5.10 Gatelys Det vert skifta lysarmatur i eksisterande stoplar ved parkeringsplassen til Sagatun barnehage. Dersom dette ikkje gjev tilstrekkeleg lys vert det sett opp ekstra lysstolpe ved inngangsporten.. Handlingsprogrammet vert vedteke i samsvar med vedlagt HP, 18.11.14. Det vert retningsgjevande for gjennomføring for åra 2016-2018. Følgjande prosjekt vert teke høgde å jobbe vidare med, i samspel med aktuelle instansar, med tanke på å innarbeide dei i planen ved kommande rulleringar av planen: Sykkelparkering Konkret lokalisering og utforming. Kunstprosjekt vegvisarar som fargespor. Utforming av Nilsens plass.