Kommunale og lokale plan- og informasjonsdokument



Like dokumenter
ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Velkomen til Mork barnehage

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Sandeid skule SFO Årsplan

ÅRSPLAN SUNDE BARNEHAGE

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

BIGSET BARNEHAGE. -omsorg gjennom latter, leik og læring

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

ÅRSPLAN FOR BEITO BARNEHAGE

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Øystese barneskule April - 08

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

LEIK, LÆRING OG UTVIKLING BRUNKEBERG OPPVEKSTSENTER

Tilpassa opplæring i Tysnesbarnehagane.

Månadsplan for Hare November

Årsplan Trollongane barnehage. Time kommune

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

I Borsheim skal vi vere saman om å skape livsglede med autoritative vaksne og medverkande barn.

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014.

LOKAL RAMMEPLAN FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Informasjonshefte Tuv barnehage

10/60-14/N-211//AMS

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta.

Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE

3. MÅLEKART FOR BARNEHAGE, GRUNNSKULE, KULTURSKULE OG VAKSENOPPLÆRING

Årsplan Hvittingfoss barnehage

Bærekraftig utvikling

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Plan for overgangar. for barn og unge

Årsplan Klara`s familiebarnehage 2016

Plan for Liabygda SFO

Flyktningebarnehagen. Familiens hus Hokksund. Barnehagen er en velkomstbarnehage for nyankomne flyktningers barn. Årsplan 2015/17.

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Vedlegg til utvikingsplan 2012/2015

Kvalitetsplan mot mobbing

Rutinar for overgangen frå. barnehage til skule

Giske kommune. Ord blir handling. Kvalitetsplan for skule, barnehage og SFO

Flyktningebarnehagen. Familiens hus Hokksund. Barnehagen er en velkomstbarnehage for nyankomne flyktningers barn. Årsplan 2012/15.

NÆRLANDPARKEN BARNEHAGE

ÅRSPLAN PRESTEFJELLET BARNEHAGE AS 2016

! I Rosterud blir barna sett og hørt!

Vi utvikler oss i samspill med andre.

OSTERØY KOMMUNE VALESTRAND BARNEHGE

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Årsplan for Hol barnehage 2013

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Årsmelding for Urhei barnehage

Årsplan Søre Fusa oppvekstsenter avdeling barnehagen 2015/2016

GAUPNE BARNEHAGE

Barnehagane i Kviteseid. Felles informasjon til føresette

ÅRSPLAN FOR TUETEIGEN BARNEHAGE

C:\Documents and Settings\njaalb\Skrivebord\Til nettside adm\ny mappe\kvalitetsutviklingsplan Blhbs.DOCSide 1 av 6

Osterøy kommune ÅRSPLAN VALESTRAND BARNEHAGE SAMAN FÅR ME VERDES VIKTIGSTE VERDIAR TIL Å VEKSA.

Du må tru det for å sjå det

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

! Vurdering for utvikling. ! Rapport. Holmedal barnehage. Veke 14 ( ) Tema: Borns medverknad. Holmedal den 2.

Pedagogiske rom UTVIKLINGSPLAN Deltakarar; Alle i personalet i samarbeid med barna Hovudansvarlege; Veronica, Iselin, Eva Lisa og Marianne

Årsplan for BJORHAUG BARNEHAGE

Aktivitetsplan - Vår 2015 Blindheim barneskole SFO-1. kl. basen

LUNDE OG ONARHEIM BARNEHAGE 2015/ En god start på livet

Virksomhetsplan

KVALITETSUTVIKLINGSPLAN FOR BLINDHEIM BARNESKOLE

FJELLHAGEN BARNEHAGE

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

Månadsbrev for Rosa september 2014

Vedtekter for Åmli barnehagar. Vedtatt i kommunestyret , sak K 12/185 Endringsvedtak i kommunestyret

Bli kjent med Orre Barnehage

Halvårsplan haust Avd. Mosepjusken

Salsnes oppvekstsenter Barnehagen ÅRSPLAN

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Del 2 Ågotnes barnehage. årstema

HANDBOK GRUPPELEIING

VÅGE SKULE BESØKSSKULE

Aktivitetsplan - Vår 2014 Blindheim barneskole SFO-1. kl. basen

ÅRSPLAN Haus barnehage. Osterøy kommune

ÅRSPLAN OG KALENDER HARØY BARNEHAGE 2010 / 2011

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Transkript:

INNHALD Kap. 1. Kap. 2. Kap. 3. Kap. 4. Kap. 5. Kap. 6. Kap. 7. Kap. 8. Kap. 9. Innleiing Kommunale og lokale plan- og informasjonsdokument Visjon og verdiar Omsorg og danning Leik og læring Dei sju fagområda Trafikkopplæring i barnehagen Barna sin medverknad Satsingsområde for Nordbygdene barnehage - Betre læring i Ål kommune - Språkleg- og sosial utvikling - Tema og prosjekt gjennom året Kap. 10. Barnehageåret 2014-2015 Kap. 11. Kap. 12. Kap. 13. 5-åringane i barnehagen Overgang frå barnehage til skule Vurderingsarbeid Kap. 14. Planleggingsdagar 2014-2015 Kap.15. Kap.16. Foreldre sin medverknad i barnehagen Samarbeid med andre instansar «Alle som veks opp i Ål skal få hjelp til å bli flygedyktige og rotfaste. Kvar enkelt skal få hjelp til å bruke vengene slik at dei får innsikt, vidsyn og perspektiv. Kvar enkelt skal få hjelp til å rotfeste røter som gir næring og kraft til å meistre eigen liv og tru på eigne krefter. I Ål kommune vil me ha fokus på læringsutbytte i eit oppvekstmiljø som balanserer krav og meistring, og der alle blir sett og verdsett. I møte mellom krav og meistring skal kvar enkelt få motivasjon til å arbeide mot nye mål.» (Betre læring Ål kommune) 1

Kap. 1. INNLEIING I Rammeplan for barnehagen gjev departementet klare retningslinjer for verdigrunnlaget, innhaldet og oppgåvene til barnehagen. Rammeplanen pålegg alle barnehagar å utarbeide ein årsplan som skal gje oversikt over aktivitetar og den pedagogiske verksemda gjennom året. For personalet er årsplan eit viktig arbeidsreiskap. Den skal gje føringar og synleggjere kva barnehagen vil leggje vekt på og korleis me vil arbeidet i året som kjem. Me håpar den også kan vere til interesse og nytte for foreldregruppa, samt andre som ynskjer å få vite meir om barnehagen vår. Kap. 2. KOMMUNALE OG LOKALE PLAN- OG INFORMASJONSDOKUMENT I Nordbygdene barnehage har me følgjande dokument som me skal arbeide etter: Økonomiplan økonomisk og administrativ plan med konkrete mål innan fokusområda til Ål kommune (følgjer kalenderåret) Betre læring i Ål kommune ei kommunal plan for utvikling av barnehagane og skulene med fire innsatsområde m/eigne kvalitetsmål Intern handlingsplan med mål og tiltak for gjennomføring av dei fire kvalitetsmåla i vår barnehage Overgangsplan frå barnehage skule felles rutinar for skulestarterane i kommunen Plan mot utestenging og mobbing regional plan som gjeld frå hausten 2015. INFO-hefte for Nordbygdene barnehage med informasjon om praktiske ordningar som gjeld barnehagen vår Årsplan ei pedagogisk plan med målsetjingar og innhald for barnehageåret. Gjeld frå september -15 til september-16 Blir følgt opp med meir detaljerte månadsplaner og periodeplaner for dei ulike aldersgruppene. 2

Kap. 3 VISJON OG VERDIAR samhald kompetanse positiv innstilling leik = læring ME VIL ME KAN -LEIK & LÆRDOM HAND I HAND vennskap likeverd humor & glede meistringskjensle RAMMEPLAN FOR BARNEHAGANE LOKALE PLANAR FOR ÅL KOMMUNE HANDLINGSPLANAR FOR NORDBYGDENE BARNEHAGE GRUNDIG MODIG OPEN I NORDBYGDENE BARNEHAGE SKAL BORNA: 3 verte respektert og verdsatt for den dei er utvikle grunnleggande tryggleik til seg sjølv og andre oppleve omsorg, tillit og venskap i eit aldersblanda fellesskap delta i leik og aktivitetar som gjev dei kjensle av meistring, glede og meiningsfull læring vere i fysisk aktivitet ute og inne gjennom heile året få nærleik og kjennskap til eit levande bygdemiljø med fokus på vår kulturarv, lokalhistorie og positive naturopplevingar oppleve kontakt og samspel mellom ulike aldersgrupper slik at overgangen frå bhg - skule blir trygg og god få uttrykke sine meingar og vere med å påverke kvardagen i barnehagen

Kap. 4. OMSORG OG DANNING Alle barn har rett til å møte omsorgsfulle vaksne i barnehagen, og omsorg skal leggjast vekt på i alle situasjonar; - både i leik, læring og i kvardagsrutinane. (Rammeplan) God omsorg = evna og viljen til å kunne lytte, ha nærleik, innleving og til samspel med andre. Omsorg i barnehagen handlar både om samspelet mellom barna og dei vaksne, men og omsorga barna viser kvarandre. I barnehagen vil me skape eit miljø som skal vera prega av glede, humor, trivsel og omtanke for kvarandre. Som vaksne har me ansvar for å rettleie barna og hjelpe dei til å forstå kva rammer som er akseptable i samvær med andre. Denne danninga skal skje i nær forståing og samarbeid med heimen. For å oppnå dette vil Nordbygdene barnehage: ha ansvarlege vaksne på gruppene som kontinuerleg observerer trivsel, leik og utviklinga til barna ta i bruk kompetanseprogrammet «Være saman» som bl.a. legg vekt på den autoritative vaksenstilen der personalet viser varme og omsorg, samstundes som dei er tydelege og sett grenser for borna samtale-/lesestund med borna enkeltvis og i gruppe om trivsel, vennskap og følelsar (på Leikvollen) drøfte barnet si utvikling med foreldra to g/år ha rutinesituasjonar med klare forventningar og mål (sjå tabellen under) Rutinesituasjon: MÅLTID SAMLINGAR OG AKTIVITETAR RYDDING LEIK UTE OG INNE AV- OG PÅKLEDNING Målsetjinga vår er at: * barna skal få tid og anledning til å ete seg god og mett * personalet skal legge vekt på sunn mat ved fellesmåltid * det sosiale fellesskapet rundt matbordet skal vektleggast * barna skal øve seg på å verte sjølvstendige ved matbordet, hjelpe andre og seie takk for maten når dei er ferdige * samlingar og aktivitetar med barna skal vere ei hyggestund der varierte og positive opplevingar skal vere i fokus * barna skal lære seg til å lytte til andre, delta aktivt sjølve og øve på å halde merksemda si på noko felles * barna skal oppmuntrast til å rydde etter seg sjølv ved matbordet, etter leik og i garderoben ved av-/påkledning * alle skal delta når det er felles ryddetid * barna skal gjennom leik og aktivitetar i barnehagen verte kjende med og trygge på kvarandre, oppleve eiga mestring, få erfaring med ulike sosiale relasjonar og knyte venskap * personalet skal leggje til rette for inspirasjon og nye impulsar i leiken som vil føre til variert læring for borna * barna skal oppmuntrast til å trene på av- og påkledning slik at dei etter kvart blir sjølvhjelpen 4

Kap. 5. LEIK OG LÆRING Leik er ei viktig side ved barnekulturen, og store delar av barnehagekvardagen vår er difor fylt med leik. Gjennom leik lærer barna å innrette seg til andre, setje ord på tankar og kjensler, gå inn i ulike roller, skilje mellom fantasi og det verkelege livet. Leiken er også eit viktig reiskap for å skaffe seg kunnskap og innsikt på mange område, og er til god nytte då barna skal arbeide med inntrykk og opplevingar som har festa seg. Eit godt leikefellesskap i barnehagen vil kunne leggje grunnlaget for vennskap i lang tid. Barn er av natur nysgjerrige, kunnskapstørste og lærelystne. Læring skjer i det daglege samspelet med andre menneske, og barn lærer gjennom opplevingar og erfaringar på alle områder. I barnehagen legg me vekt på både den formelle (=tilrettelagte) læringa og dei uformelle (= her-og-no) læringssituasjonane. Dei 7 fagområda som barna skal verte kjende med i løpet av barnehagetida si, knytast til både den formelle og den uformelle læringa. For å oppnå god leik og læring i Nordbygdene barnehage vil me: - sjå til at alle barn får delta i leik og får hjelp til å byggje opp venskap og gode relasjonar til andre barn (= utvikle den sosiale kompetansen) - gje barna nye impulsar og inspirasjon til leiken gjennom temajobbing, turar, opplevingar og besøk i nærmiljøet - gruppedeling i både aldersblanda og aldersinndelte grupper - legge til rette for eit fysisk læringsmiljø som er motiverande, stimulerande og tek omsyn til barn si medverknad - personalet sine leikevakter skal vera tilstade med barna i leiken, - lytte til barna og følgje opp deira initiativ, inspirere og gje nye impulsar 5

Kap. 6. DEI SJU FAGOMRÅDA Barnehagen skal gje barn grunnleggande kunnskap innan fleire område. For å sikre eit variert og allsidig pedagogisk tilbod, er innhaldet delt inn i sju fagområde. Fagområda skal vere synleg både i leik, på turar, i kvardagsrutinar og i prosjekt- og temaarbeid i barnehagen, og dei opptrer sjeldan isolert. Dei vaksne skal gjere barna kjende med ulike arbeidsmåtar, og dei skal motivere og skape glede omkring læringssituasjonane slik at barna får lyst til å lære meir. Barna skal i løpet av barnehagetida si få gode opplevingar, erfaringar og lære noko innan alle desse områda: Kommunikasjon, språk og tekst Kropp, rørsle og helse Kunst, kultur og kreativitet Natur, miljø og teknikk Etikk, religion og filosofi Nærmiljø og samfunn Tal, rom og form For å sikre variasjon og allsidig læring vil personalet: - utarbeid temaplaner for dei ulike aldersgruppene for å sikre ei felles forståing av kva innhald, arbeidsmetodar og aktivitetar som skal arbeidast med i tida framover og kva mål me har for perioden - ha jamleg refleksjonsmøter på avdelingane for å vurdere barna sin leik og barna si interesse i forhold til temaet me jobbar med. Kva er bra? Kva er barna oppteken av? Kva lærer dei? Variasjon på innhald? Kva fagområde må me arbeide meir med? Kva kan gjerast betre? Osb Kap. 7. TRAFIKKOPPLÆRING I BARNEHAGEN Ål kommune har som mål å bli ein «trafikksikker kommune» i løpet av hausten 2015. Barn i barnehagealder er ikkje modne nok til å ta ansvar for seg sjølv i trafikker. Trafikktryggleik er dei vaksne sitt ansvar og omfattar fysiske tiltak, fartsgrenser, sikker transport av barn og trafikkopplæring. Grunnlaget for holdningar til sikkerheit i trafikken vert lagt i barneåra og difor må trafikkopplæring starte tidlig. Vaksne er viktige rollemodellar og har ansvar for at barn og unge utviklar evne til refleksjon, risikoforståing og til å ta andre sitt perspektiv. Nordbygdene barnehage har valt å nytte «TARKUS» som er Trygg Trafikk sitt pedagogiske verktøy tilrettelagt for barnehagebarn. Handdokka «Tarkus» er eit beltedyr som gjennom sine historier og bilet-plansjar fortel barna kva som er rett og kva som er lurt å gjere i trafikken. 6

For at Nordbygdene barnehage skal vere trafikksikker, så vil me: - rettleie, informere og reflektere saman med barna om trafikkreglar og trafikkrisiko når me er ute på tur i trafikken - ha besøk av «Tarkus» i samlingsstund med jamne mellomrom gjennom heile året Tema som blir tatt opp her er refleksbruk, sykkelhjelm, bilbelte/bilsete, fortau, gangfelt, trafikkskilt m.m. - ta opp «Trafikksikker barnehage» som tema på fyrste foreldremøte kvar haust. T.d. info om parkering ved bringing/henting, dei vaksne sitt ansvar som gode rollemodellar for barn i trafikken, bruk av sikkerheitsutstyr i bil, barnehagen sine rutinar for trafikktryggleik m.m. - gjere rutinane i «HMS-barn for Nordbygdene barnehage», kap. 3 A og 3 B, kjend for personalet kvar haust Kap. 8. BARNA SIN MEDVERKNAD Barna i barnehagen har rett til å gje uttrykk for sitt syn på barnehagen si daglege verksemd. Barna skal jamleg få høve til aktiv deltaking i planlegging og vurdering av barnehagen si verksemd. Barnet sitt synspunkt skal leggast vekt på i samsvar med barnet sin alder og modning. (Barnehagenloven 3) Dei vaksne i barnehagen skal ta utgangspunkt i barna sine ytringar, vise evne og vilje til å lytte, vere merksam og ta omsyn til dei. Slik vil dei vaksne vise interesse for og respektere barnet sitt perspektiv, og dette vil kunne motivere barnet vidare til å påverke sin eigen kvardag i barnehagen. Når det gjeld barna sin medverknad, er det også viktig å leggje vekt på eit læringsmiljø der barna er aktivt deltakande med å klare sjølv. Barnehagekvardagen er full av arbeidsoppgåver, utfordringar og læresituasjonar som barna skal opp fordrast til å ta aktiv del i. For å oppnå barn sin medverknad, vil Nordbygdene barnehage: - la barna ta aktivt del i arbeidsoppgåver i barnehagen gjennom ordninga «vekas gode hjelper», vere turleiarar, rydde og vaske på snuggedagar, maka snø, strøye grus o.l. - leggje vekt på å oppmuntre barna til å klare sjølv (ved matbordet, ved av-/påkledning og i leik og kvardagsaktivitetar elles) - ha faste møter/samtaler med barna i smågrupper for å få tak i deira tankar og syn på barnehagekvardagen (Leikvollen) - observere, vurdere og følgje opp barn sitt initiativ - oppmuntre barna til å uttrykke eigne ynskjer og meiningar men samstundes tilpasse seg og lytte til dei andre sine behov 7

Kap. 9. SATSINGSOMRÅDE FOR NORDBYGDENE BARNEHAGE. Nordbygdene barnehage har fleire område dei vil setje ekstra fokus på i året som kjem. Me meiner fokusområda på mange måtar heng saman, og kan arbeidast med samstundes. Nokon av områda er bestemt lokalt, andre område er bestemt kommunalt eller regionalt. o Betre læring i Ål kommune 4 innsatsområde med eigne kvalitetsmål: 1. Tidleg innsats: «Alle med avvikande utvikling og lærevanskar får hjelp i barnehagen el. på småskuletrinnet.» 2. Tilpassa opplæring: «Alle har reell framgang i språk- og begrepsutvikling, lesing, skriving og rekning» 3. Formidling og kulturarbeid: «Alle deltek aktivt og får høve til å vise talent i minst eitt prosjekt innanfor det utvida kulturomgrepet kvart år». 4. Fysisk fostring og psykisk helse: «Alle er i fysisk rørsle kvar dag. Skulen og barnehage legg til rette for eit miljø som stimulerer til aktivitet og auka meistringskjensle i eit inkluderande miljø.» o Språkleg- og sosial utvikling - BU som arbeidsmåte for språklæring i bhg - blir nytta bevisst av dei vaksne i naturlege situasjonar for alle born i det daglege m/overbegrep og underbegrep. For 5-årsklubben blir metoden nytta meir systematisk. - TRAS (= tidleg registrering av språkutvikling) kartleggingsverktøy som blir nytta på alle borna i bhg. Resultata skal analyserast systematisk slik at personalet heile tida kan jobbe for å gjere ein betre jobb i forhold til born si språklege utvikling. - Ha jamleg språkverkstad, lesestunder og aktiv bruk av språkmateriell som finst i barnehagen. - Barnehagen nyttar DIALEKT og NYNORSKE TEKSTAR i songar, bøker og forteljingar som vert formidla så langt det let seg gjere Me ynskjer at born skal verte kjend med og bevisst på det språklege mangfaldet, - og då spesielt Hallingdialekta som er ein del av vår identitet. - LEIKEGRUPPER der borna i liten gruppe skal øve på samarbeid, felles merksemd, formidling til andre og lytting når andre pratar. (prinsippa i metoden er henta frå «Verkstadpedagogikk» av Arne Trageton) 8

- Nytte det pedagogiske materiellet «VERE SAMAN» utarbeida av Pål Roland til å arbeide med sosiale relasjonar i gruppa. o Tema og prosjekt me vil jobbe med gjennom året: a) Gjennomgåande innhald for hausthalvåret er «Alf Prøysen si dikting». Tema me vil koma innom er: - Småkryp og insekt - Gamledagar det var før i tida. - Adventstid og førjulsstemning b) Gjennomgåande innhald for vårhalvåret er «God helse både fysisk og psykisk» Tema me bl.a. kjem til å jobbe med er: - Samhald og venskap - Fysiske aktivitetar nye utfordringar - Kosthold og tannstell Kap. 10. BARNEHAGEÅRET 2015 2016 Mnd: TEMA, AKTIVITETAR, TRADISJONAR FORELDRESAMARBEID AUG. SEPT. INNKØYRING OG BLI KJEND-TID TURAR I NÆROMRÅDE Besøk av forfattar ERNA OSLAND. Tema: SMÅKRYP OG INNSEKT -Nytt bhg.år starta opp 19.august. -Foreldresamt. for nye barn v/oppstart - Foreldremøte onsdag 16.sept. 9

OKT. NOV. DES. JAN. - Barnesamtaler på Leikvollen startar opp 30.OKTOBER - BARNEHAGEN 25 ÅR!! Tema: GAMLEDAGAR det var før i tida. Tema: ADVENTSTID & FØRJULSSTEMNING - adventsamlingar - formingsaktivitetar - julebord m/pynteklede - kyrkjebesøk Tema: SAMHALD OG VENSKAP -Solfest 22.januar - Felles foreldremøte for skulestarterane i Ål 20.okt. - Foreldresamtaler for alle startar opp.. - Foreldrearrangement 30.oktober! -..foreldresamtaler forts. -Planleggingsdag 9.nov. barnehagen er stengt -Foreldrearrangement før jul FEB. -KARNEVAL 20.feb. - Foreldremøte MARS Tema: FYSISKE AKTIVITETAR NYE UTFORDRINGAR APRIL MAI JUNI/ JULI AUG. 2016 - Påskeførebuing m/påskevandring og formingsakt - Barnesamtaler på Leikvollen startar opp. Tema: KOSTHOLD OG TANNSTELL GOMMO./GOFFADAGAR - 17.mai - Overnatting for 5-åringane - Øve på program til sommarfesten. -SOMMARFEST - NY INNKØYRING OG BLI KJEND-TID - Foreldresamtaler for alle startar opp.. -.foreldresamtaler forts. - Planleggingsdag 15.mai barnehagen er stengt -Sommarfest med foreldre og sysken - Planleggingsdagar - Nytt barnehageår startar.19.aug. (?) 10

Kap. 11. 5-ÅRINGANE I BARNEHAGEN Felles mål for alle skulestarterane i Ål kommune: Mål Barnet syner evne til sjølvhevding Barnet syner evne til sjølvregulering Barnet syner evne til felles merksemd Barnet er sjølvstendig i det daglege Barnet har grunnleggande motoriske ferdigheiter Barnet har eit forventa språkleg medvit Barnet kjenner til grunnleggande ord og over/underbegrep 11 Kjenneteikn Barnet snakkar i gruppe. Barnet ber om hjelp på ein passande måte. Barnet tek eigne val og kan stå imot gruppepress. Barnet tek initiativ til kontakt med andre barn på ein god måte. Barnet gir uttrykk for eigne meiningar på ein akseptabel måte. Barnet lyttar til andre. Barnet utset eigne ønske og behov. Barnet inngår kompromiss i konfliktar. Barnet sit roleg på plassen sin når det er venta. Barnet taklar overgangar mellom aktivitetar. Barnet innordnar seg i leik. Barnet held merksemda over lengre tid. Barnet held på med ein aktivitet utan å forstyrre andre. Barnet følgjer med i høgtlesing i stor gruppe. Barnet tek imot beskjedar i gruppe og utfører dei. Barnet klarar seg sjølv på toalettet. Barnet kler av og på seg sjølv. Barnet har oversikt over og tek vare på eigen sekk og anna utstyr. Barnet har eit funksjonelt blyantgrep. Barnet kan klyppe. Barnet meistrer basisrørsler som t.d. hoppe, hinke, krype, åle, krabbe, klatre, kaste/ta imot ball. Barnet kan rime. Barnet kan nokre regler, ellingar og tellevers. Barnet kjenner att og skriv namnet sitt. Barnet kan markere stavingar i ord. Barnet interesserer seg for bokstavar, bokstavlydar og korleis ord og bokstavar blir skrive. Barnet kjenner lese- og skriveretning. Barnet kan songane «Vil du vere venen min», «Du halling, du halling», «Hei, hei, hei, eg heiter». Barnet kjenner til og har kunnskap om begrep som farge, form, tal, plass, storleik og stilling. Barnet er på førskjemastadiet i teikneutvikling For å nå desse måla vil barnehagen vår: Barnet lagar detaljerte teikningar av menneske. Barnet lagar teiknar med attkjenneleg innhald.

- ha 5-årsklubb kvar veke frå september til juni. Eigen plan blir utarbeid og delt ut til foreldre som har 5-åringar i barnehagen i år. - nytte BU-metoden ved opplæring av enkelte skuleførebuande omgrep - innføre leikegrupper etter prinsipp frå verkstadpedagogikken - gje dei eldste borna ekstra ansvarsoppgåver som t.d. å vere turleiarar - ha overnatting i barnehagen på slutten av bhg.året Kap. 12. OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE Nordbygdene barnehagen skal legge til rette for at overgangen mellom barnehage og skule vert trygg og god for både barn og foreldre. Barna som går i barnehagen vår og som skal starte opp på Leveld skule, får mykje gratis pga. samarbeidet og fellesskapet som me har. Barn som går i andre barnehagar og som skal starte opp på Leveld skule til hausten, skal inviterast til å delta på enkelte opplegg i saman med 5-årsklubben vår for å verte kjend med dei andre i gruppa før skulestart. Kva skal vi gjere? Når? * Starte opp med fellessamlingar i gymsalen september * Felles foreldremøte for skulestartarforeldre 21.okt. oktober * 1.kl. på besøk i bhg. * Lesestunder i bhg med 4.klasse * Elektronisk innskriving til 1.klasse desember * Ped.leiar hospiterer i 1.klasse + tilbakemeldingsmøte frå skulen til bhg. januar * Utedag med 1.kl. + skulestarterane mars * Leik og aktivitet i gymsalen m/1.kl. + skulestarterane * Besøke SFO * Leiketime på skulen med 1.kl + skulestarterane * 4.kl på besøk i bhg (ein del av «fadderkurset») * Siste foreldresamtale i bhg. * Besøksdag på skulen m/presentasjon av fadderane * Foreldremøte på skulen for skulestarter-foreldre * Overføring av viktig info frå bhg til skulen april mai juni 12

Kap. 13. VURDERINGSARBEID For å sikre kvalitet på alt arbeid som vert utført i barnehagen, skal det til ei kvar tid drivast vurderingsarbeid. Informasjon og dokumentasjon som vert samla inn skal gje grunnlag for refleksjonar og diskusjonar. Noko skal vurderast fortløpande (t.d. kvart enkelt barn sin trivsel, samspelet i mellom barn - barn og barn vaksne og miljøet i barnehagen generelt) Andre sider ved barnehagen sitt arbeid skal kartleggjast, analyserast og tolkast i forhold til bestemte mål og kriterium (rammeplan, årsplan, kommunale planer, handlingsplan for felles løft). Styrar har hovudansvar for å setje i gang vurderingsarbeidet på ein planlagt og systematisk måte, men det er viktig at alle partar deltek i dette arbeidet. (barn, foreldre og personalet) Resultatet av vurderingsarbeid skal leggjast til grunn for arbeidet vidare i barnehagen. Kva skal vurderast i år? Barna si oppleving av trivsel og venskap, samt innhaldet i barnehagedagen. Arbeidsmiljøet, barnehagen sin kvardag, det faglege innhaldet og personalet sitt behov for kompetanse Kven skal delta? Barna Personale Korleis? 1. observasjon og tilbakemeldingar generelt i kvardagen 2. samtaler med barn i smågrupper el. enkeltvis 1. Personalmøter og personalsamtaler 2. Medarbeidarsamtale 3. Medarbeidarundersøking Når? - kontinuerleg - oktober + april - gjennom heile året - april - februar Barnet si utvikling og trivsel + barnehagen sin kvardag + barnehagen sitt læringsmiljø Foreldra 1.Foreldresamtaler 2. Brukarundersøking - oktober/nov. + april/mai - våren 2015 Kap. 14. PLANLEGGINGSDAGAR 2015-2016 I løpet av barnehageåret er det 5 planleggingsdagar. Desse dagane er barnehagen stengt. Planleggingsdagane blir nytta til kursing og kompetanseheving av personalet, samt planlegging og førebuing internt. Planleggingsdagar dette barnehageåret: - Måndag 10.november - Fredag 2.januar - Fredag 15.mai - Måndag 17. og tysdag 18.august (dersom skuleruta vert vedtatt) 13

Kap. 15. FORELDRE SIN MEDVERKNAD I BARNEHAGE Barnehageloven 4 : For å sikre samarbeidet med barna sin heim, skal kvar barnehage ha eit foreldreråd og eit samarbeidsutval. FORELDRERÅDET : - er foreldre/føresette til alle barn i barnehagen - hovudoppgåva er å fremja fellesinteressene til foreldra og saman med personalet skape eit godt barnehagemiljø - har rett til å uttale seg i saker som er viktige for foreldra sitt forhold til barnehagen - skal ha høve til medverknad og vere deltakande i barnehagen sitt vurderingsarbeid Foreldrerådet sitt arbeidsutval (FAU) 2014 2015: * Line Espedokken Sorteberg leiar * Tor Olav Tveito - nestleiar * Toril Bøyum * Elin Nordheim * Vanja Suul Tørhaug (vara) * Ruth Marie Østråt Koksvik (vara) - leiar og nestleiar i FAU møter som faste representantar i SU. - i januar/februar skal FAU m/vararep. vere med på dialogmøte med oppvekstleiar. SAMARBEIDSUTVAL (SU): - er eit rådgjevande, kontaktskapande og samordnande organ for barnehagen - skal drøfte barnehagen sitt verdigrunnlag og fremje kontakt mellom barnehagen og lokalsamfunnet - Nordbygdene barnehage og Leveld skule har felles SU - nytt SU skal konstituere seg i oktober-14. 14

Kap. 16. SAMARBEID MED ANDRE INSTANSAR For å sikre at barn og foreldre skal få eit godt tilbod til beste for barna sin oppvekst og utvikling, skal barnehagen samarbeide med andre instansar. I Ål kommune har det vorte oppretta TVERRFAGLEG TEAM for kvar enkelt barnehage/skule. Hovudmålet her er å kunne gje hjelp og støtte til dei som treng det så tidleg som råd. Styrar orienterer om møtetida på månadsplan, og foreldre kan ta kontakt med styrar dersom dei ynskjer å ta opp saker her. Ca. kvar 6.veke har leiargruppa i barnehagen DRØFTINGSMØTE med primærkontakten på PPT. Dette er meint som eit uformelt møte der saker og undringar kan drøftast på eit tidleg stadium. Viktig: Dersom me ynskjer å drøfte forhold kring einskildbarn, skal foreldre alltid informerast, gje samtykke og evt. inviterast med på møtet. Teieplikta kan ikkje overstyre 22 i barnehageloven om opplysningsplikta personalet har vedrørande bekymringsmeldingar til barnevernet. I Nordbygdene barnehage er desse med i tverrfagleg team:: Helga Søland primærkontakt på PPT (pedagogisk psykologisk teneste) Hilde Torsgard helsestasjonen Ingeborg Kaslegard psykisk helse Styrar og pedagogisk leiar. (barnevernet deltek ved behov) Me håpar på godt samarbeid og eit flott år i Norbygdene barnehage!! 15

Ta gjerne kontakt med oss: Epost: nordbygdene.barnehage@aal.kommune.no einfrid.hagen@aal.kommune.no Tlf/sms: 99527757 Styrar 41770393 Leikvollen 41770044 - Veslenose Barnehagen har eigen nettside på www.aal.kommune.no som me prøver å oppdatere jamleg. Læringsplattforma «It`s learning» er så smått tatt i bruk. Her kan foreldre og personalet finne dokument og nyttig informasjon. Nettside: www.itslearning.com (Rettleiing om pålogging finst på denne sida.) 16