Postadresse Naustdal-Gjengedal verneområdestyre Njøsavegen 2 6863 Leikanger Besøksadresse Sandane Næringshage Sandane Senter, 3. etasje 6823 Sandane Kontakt Sentralbord: +47 57 64 30 00 Direkte: +47 5764 3138 fmvlpost@fylkesmannen.no www.nasjonalparkstyre.no/naustdal- Gjengedal Norges vassdrags- og energidirektorat - NVE Postboks 5091 Majorstua 0301 OSLO Sakshandsamar Alf Erik Røyrvik Vår ref. 2019/14538-0 432.2 Dykkar ref. Dato 15.07.2019 Løyve - Naustdal-Gjengedal LVO - Reflektorar ved Osmundes - Norges vassdrags- og energidirektorat Delegert vedtak frå forvaltar Norges vassdrags- og energidirektorat får løyve til å montere fire reflektorar inne i Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde i fjellet over Osmundnes, i samband med kartlegging og overvaking av ustabilt fjell. Løyvet er gjeve med heimel i naturmangfaldlova 48 og gjeld på desse vilkåra: - Reflektorane skal plasserast og utformast i tråd med innsendt søknad. - NVE er ansvarleg for å rydde opp etter at reflektorane er montert. - Tiltaket skal dokumenterast med foto, og ein kort rapport skal sendast til verneområdeforvaltning når tiltaket er gjennomført. - Tiltaket skal vere gjennomført innan utgangen av 2020. Klage Vedtaket kan klagast inn for Miljødirektoratet av partar i saka eller andre som har rettsleg klageinteresse med ein frist på 3 veker jf. forvaltningslova 28-29. Klagen skal rettast til Miljødirektoratet, men sendast via verneområdestyret v/sekretariatet, som kan gje nærare opplysningar om klagerett og rett til og sjå saksdokument. Med helsing Alf Erik Røyrvik verneområdeforvaltar Dokumentet er elektronisk godkjent Landskapsvernområde Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde
Saksutgreiing Dokument i saka: - Søknad om å plasserer reflektorar ved Osmundneset frå Norges vassdrags- og energidirektorat - Verneforskrift for Naustdal-Gjengedal LVO - Naturmangfaldlova Søknaden Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har i fleire år overvaka fjellet over Osmundnes ved Hyefjorden i Gloppen. Fjellet er ustabilt og i endring og NVE har derfor gjort jamlege målingar for å følgje med på utviklinga. Dei ynskjer no å montere permanente instrument i området slik at overvakinga vert automatisert og kontinuerleg. For å få til denne kontinuerlege overvakinga vil NVE montere fem reflektorar i området. Fire av desse vil ligge inne i Naustdal-Gjengedal LVO. Reflektorane er trekanta, om lag ein kvm i areal og skal monterast på stålmaster som er om lag 1,5 m høge. Mastene vert festa i fast fjell med fire stålboltar. NVE søkjer derfor om løyve til å sette opp desse fire reflektorane inne i Naustdal-Gjengedal LVO. Plasseringa går fram av vedlagt kart. Regelverk I Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde er det i utgangspunktet forbode å gjere inngrep som kan verke inn på landskapet, inkludert å sette opp varige eller midlertidige innretningar. Det er heller ikkje nokon unntaksheimel i verneforskrifta for å gje dispensasjon til denne typen innretningar. Derfor må saka handsamast etter den generelle dispensasjonsheimelen i naturmangfaldlova (nml) 48: Forvaltningsmyndigheten kan gjøre unntak fra et vernevedtak dersom det ikke strider mot vernevedtakets formål og ikke kan påvirke verneverdiene nevneverdig, eller dersom sikkerhetshensyn eller hensynet til vesentlige samfunnsinteresser gjør det nødvendig. I denne saka er det siste alternativ (mi understreking) som er mest aktuell å bruke. Ein må då først gjere ei vurdering om saka stettar krava for å bruke nml 48. Deretter skal ein gjere ein vanleg skjønsmessig vurdering om det er tilrådeleg å gje løyve. NVE er sjølv ansvarleg for naudsynte løyver frå kommune og grunneigar. I følgje nml 7 skal alle vedtak som kan verke inn på naturmiljøet vurderast opp mot miljørettsprinsippa i nml 8-12. Jamfør styrevedtak i sak 34/15 har verneområdestyret delegert mynde til verneområdeforvaltar i ein del saker av kurant karakter. Det løyvet som det her er søkt om er innanfor definisjonen i det vedtaket, og verneområdeforvaltaren har derfor mynde til å handsame saka på vegne av styret. Vurderinga er gjort i samråd med styret. www.nasjonalparkstyre.no/naustdal-gjengedal/ Sakshandsamar Alf Erik Røyrvik Side 2 av 6
Vurdering Dersom ein skal kunne gje løyve med heimel i nml 48 tredje alternativ, må ein definere føremålet til å vere av vesentleg samfunnsinteresse. Tiltaket gjeld overvaking og varsling av eventuelle fjellskred. Denne typen skred, og særleg der dei kan gå i sjø eller vatn og skape flodbølge, har enorme skadepotensiale. Det vil truleg gå veldig lang tid før det skjer, men det kan likevel vere belastande for lokalsamfunnet å leve med ein slik utryggleik hengande over seg. NVE, som er ein statleg instans, har god kompetanse på feltet og vil bruke vesentlege ressursar på å kartlegge og overvake fjellet. Ustabile fjellmassar med påfølgande risiko for både ras og flodbølgjer, er eit aktuelt tema som stadig oftare vert omtalt i media og av det offentlege. Overvaking vil både kunne redusere skader og det vil redusere utryggleik i lokalsamfunnet. Begge desse faktorane kvalifiserer som vesentleg samfunnsinteresse. Det er og heva over ein kvar tvil at det ligg eit viktig føremål bak tiltaket. Sjølv ein vurderer vilkåra i nml 48 for å vere oppfylte, er det ikkje automatikk i at det alltid skal gjevast løyve. Det må gjerast ei naturfagleg vurdering og ein bør og sjå om andre alternativ er aktuelle. Ein må sjå på om her er sårbare naturverdiar eller interesser som kan verte råka og eventuelt vege dei opp mot føremålet til tiltaket. Reflektorane som skal settast opp er ganske store og potensielt ganske synlege i terrenget. Dei er om lag ein kvadratmeter store og plassert på ei lita mast som er 1,5 m høg (sjå bilete nedanfor). I eit flatt og urørt landskap vil desse kunne skilje seg ut. Reflektorane er dessutan blanke og vil reflektere sollys. Hadde reflektorane vore både mindre og hatt ei anna utforming ville det sjølvsagt vore betre, men eg går ut i frå at både utforming og storleik er konstruert for å fungere som dei skal. Reflektorane vert bolta fast i fast fjell med fire kraftige boltar. Tiltaket er derfor eit irreversibelt tiltak, men spora etter boltane vil kunne la seg skjule ganske bra dersom reflektorane ein gong skal fjernast. www.nasjonalparkstyre.no/naustdal-gjengedal/ Sakshandsamar Alf Erik Røyrvik Side 3 av 6
Bilete som syner ein reflektor ved fylkesvegen under Åsvedkammen i Gloppen Plassering av reflektorane er teikna inn på kart som synt under her. Eg går ut i frå at plassering av kvar enkelt reflektor er nøye valt ut for kunne detektere rørsle i fjellmassane og at kvar enkelt plassering er gjennomtenkt og fagleg forankra. Heldigvis skal dei fleste plasserast nedi fjellsida, og berre ein av dei oppe på kanten der den kan kome i silhuett. Jamfør naturmangfaldlova 12 kan ein krevje at den mest skånsame lokalisering eller metode skal veljast. Her er det truleg ikkje råd å velje dei plasseringane som er mest skånsame for landskapet, dersom reflektorane skal ha den funksjonen dei skal ha. Elles er fjellet over Osmundneset ein del av verneområdet som er moderat til lite i bruk. Her er få bygningar, ingen fiskevatn og ikkje merka rute akkurat her. Her er likevel nokre fjelltoppar som til dels er populære turmål, og området vert brukt til beite og noko til småviltjakt. www.nasjonalparkstyre.no/naustdal-gjengedal/ Sakshandsamar Alf Erik Røyrvik Side 4 av 6
Kart som syner plassering av dei fem reflektorane ved Osmundnes Dette er ei litt spesiell sak. Det er ingen tvil om at reflektorane vil vere negative for landskapet, både utforminga på dei og plasseringa. Det er ingen tvil om at man helst vil sleppe slike installasjonar inne i verneområdet. Det sentrale i saka vert då å vurdere om samfunnsinteressa er so stor at den må gå føre omsynet til landskapet og verneverdiane. Skadepotensialet ved eit stort fjellskred er enormt, og det er ekstremt viktig for lokalsamfunnet å ha ein viss kontroll med dette. Derfor må ein her godta tiltak som ikkje ville vorte godtatt om ikkje føremålet hadde vore so viktig for so mange. Eg vurderer det slik at samfunnsinteressa her er større og viktigare enn omsynet til landskap og verneverdiar, og tilbakemeldingane frå styremedlemmane som eg har konferert med støttar den vurderinga. At det er ein statleg instans som NVE står bak tiltaket og søknaden er dessutan med å styrke søknaden. Staten skal ikkje ha nokon blankofullmakt til å gjere som dei vil, men når det offentlege ser det som naudsynt å bruke ressursar og gjere eit tiltak på vegner av samfunnet so tyder det på at tiltaket er viktig. Kunnskapsgrunnlaget i saka er godt og tilstrekkeleg (jamfør nml 8). Forvaltar var i området i fjor. Søkjar har og levert søknad med relevante opplysningar. Naturbase syner heller ikkje sårbare førekomstar her som kan verte negativt påverka. Nml 9 om føre var er derfor ikkje relevant her. www.nasjonalparkstyre.no/naustdal-gjengedal/ Sakshandsamar Alf Erik Røyrvik Side 5 av 6
Naturmangfaldlova 10 set krav om at ein skal vurdere den samla belastninga som den aktuelle saka, saman med både tidlegare tiltak og potensielle framtidige saker, utgjer for området og økosystema der. Her må ein og ta omsyn til presedensverknaden av eit eventuelt løyve. Her er det snakk om ei ganske spesiell sak. Ustabilt fjell som krev overvaking er heldigvis sjeldan, og det er endå sjeldnare at det ligg inne i verna område. Sjansen for fleire slike saker er derfor liten. Derimot skapar man ein presedens som tilseier at vesentlege samfunnsinteresser knytt til liv, helse og beredskap av og til må gå føre verneinteressene. Og det er noko ein berre må leve med. Tiltakshavar er sjølvsagt ansvarleg for å rydde opp etter seg når tiltaket er gjennomført, og til å bere kostnadane med den oppryddinga, jamfør nml 11. Kopi til: Gloppen kommune Grandavegen 9 6823 SANDANE Fylkesmannen i Vestland Njøsavegen 2 6863 LEIKANGER SNO Sandane www.nasjonalparkstyre.no/naustdal-gjengedal/ Sakshandsamar Alf Erik Røyrvik Side 6 av 6