Samfunnsoppdraget er å utdanna kliniske psykologar

Like dokumenter
EuroPsy berikelse eller besvær?

Må kutta i praksistilbodet

Endrar livsstil over langs

Hva slags psykologikompetanse trenger samfunnet og hvem skal tilby den? Gerd Kvale

E-terapi verkar godt. Arne Olav L. Hageberg. Jan Kåre Wilhelmsen

Hva skjer med familiepsykologien?

Inviterte til nødvendig tankesmie

Mangfold gir styrke. Tor Levin Hofgaard

På sporet av grunnar til sjølvskading

UTDANNINGSPOLITISK DOKUMENT

INNKALLING EKSTRAORDINÆRT FAKULTETSSTYREMØTE 18. august 2010

Korleis kan du i din jobb utvikle deg til å bli ein tydleg medspelar?

Ny strategiplan for Høgskulen

God bør for psykologar på Sotra

Førstelektorprosjekt. Anne-Grethe Naustdal

Det er ein føresetnad for tilbakemelding av resultata til verksemda at personvern og anonymitet er sikra.

Psykolog foreningen har vært for reaktiv

Tannhelse del av ein heilskap (lite om tenner, men meir fugleperspektiv)

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet

Refleksjon og skriving

Grunnlagsdokument for samarbeid mellom Helse Bergen, Haraldsplass og dei 22 kommunane i lokalsjukehusområdet. Oppfølging av Samhandlingsreforma 2012

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12

Brukarundersøking for rus- og psykiatritenester

Rekruttering av arbeidsplasstillitsvalde. Eit oppdrag for heile organisasjonen

Forslag. Har de nokon gong lurt på kva som gjer at ein fest nærast lever sitt eige liv, at du kan planlegga éin ting, men så skjer ein heilt annan?

Endringsoppgåve: Vidareutvikling av samarbeid mellom seksjonane i Psykisk helsevern for barn og unge i Helse Førde og kommunane i Sogn og Fjordane

Spesialistordninger i helsevesenet

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017

MEDBORGERNOTAT. «Samarbeidspartia i norsk politikk kor godt likar veljarane dei andre partia?»

NTL er glade for at det er laga ein relativt kort strategi som stort sett er skriven i eit forståeleg og godt språk.

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

bruk av nettsider Gaular kommune

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Info til barn og unge

Veljer vi spesialskule, eller veljer spesialskulen oss?

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

STYRESAK. DATO: SAKSHANDSAMAR: Ivar Eriksen SAKA GJELD: Regional utviklingsplan for Helse Vest RHF ARKIVSAK: 2018/661 STYRESAK: 132/18

Til deg som bur i fosterheim år

Fornyings- og administrasjonsdepartementet

NOTAT. Styremedlemmer Helse Fonna HF GÅR TIL: FØRETAK: Administrerande direktør DATO: FRÅ: SAKSHANDSAMAR: Prosess for leiing og organisering

6-åringar på skuleveg

Psykologer skal skape folkehelse i kommunene, ikke bare kurerer individer, mener Tor Levin Hofgaard.

Fordeling av hovudansvar for utvala mellom tilsette i sekretariatet

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Studieplan for BACHELORSTUDIET I NYSKAPING OG SAMFUNNSUTVIKLING ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB)

Sofies hemmelegheit.

BARNEVERNET. Til beste for barnet

DATO: SAKSHANDSAMAR: Arve Varden/Tom Guldhav SAKA GJELD: Plan for prehospitale tenester - arbeid med mandat for fase 2

Framlegg til høyringssvar utgreiing om behovet for juridisk utdanning og kompetanse fram mot 2025

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Intet nytt fra psykologfronten

Samarbeidsutvalet Foreldrerådsutvalet. arbeidsoppgaver konflikthandtering SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Prosesskart kva gjer du når du er bekymra for eit barn?

#Norge 2030 Eit annleis OL

Tid for selvransakelse

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet

PÅBYGG TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE - ALTERNATIVE VEGAR

Styremøte i Helse Finnmark HF Dato. 1. desember Møtedato: 8. desember Saksbehandlar: HMS-rådgjevar Andreas Ertesvåg.

Revidering av akkreditert mastergradsstudium i farmasi ved Universitetet i Tromsø fase 2

Evaluering av NSSU AUD- rapport nr. 2-11

Mineralinnhald i blod hjå storfe på utmarksbeite sommaren 2014.

Faste medlemmer som møtte: Namn Funksjon Representerer. Forfall: Namn Funksjon Representerer Johnny Westvik

Rekruttering av helsepersonell fra Polen. Arve Varden Direktør medisinsk klinikk Helse Førde

Pakkeforløp psykisk helse og rus. Forløpskoordinator-rolla. Ellinor Kleppenes og Sønnøve Ramsfjell

Styret i NTF fikk på Tennistinget høsten 2015 i oppdrag å utarbeide konkrete målsettinger basert på den eksisterende Handlingsplanen for perioden.

Helse- og omsorgsdepartementet Høyringsnotat

ORDINÆR EKSAMEN FOR 1R BOKMÅL Sensur faller innen

Forskerspiren. Didaktisk modell for ope forsøk. Idar Mestad

Helse Førde. Kompetanse og rekruttering. Næringsreise

REFERAT - MØTE I PROGRAMUTVAL MEDISIN

I Asker og Bærum har ei handfull helsearbeidarar nekta å lukka augo for at pasientar òg er foreldre. No vil dei at også andre skal bry seg.

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet

Kommuneplan for Radøy delrevisjon konsekvensvurdering av endringar i kommuneplanens arealdel

Kontrollutvalet i Fusa kommune Møteprotokoll

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Formannskapet Møtedato Møtetid: Kl. 17:55-19:15 Møtestad: Kommunehuset

Høyringsrapport Planprogram for Regional plan for kompetanse og arbeidskraft

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

PROTOKOLL FAKULTETSSTYREMØTE

Lag riktige setningar

AVLEVERINGSRAPPORT ETTER FOKUSOMRÅDE NR. 6. FOKUSOMRÅDE: VAKSENROLLA I HENTESITUASJONEN STANDARD: BESTE PRAKSIS

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Førde HF GÅR TIL: FØRETAK:

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

Styresak. Bakgrunn. Kommentarar. Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato:

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Johnny Heggestad SAKA GJELD: Helse 2035

Rettleiar. Undervisningsvurdering ein rettleiar for elevar og lærarar

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2018

Regional Satsting Psykisk Helse

Muligheter for samarbeidsforskning i vårt helseområde

Reise: Møtes på rutebilstasjonen på Sjøholt måndag kl Alle må kome seg til Sjøholt på eige hand, og så køyrer vi i privatbilar derifrå.

«Mestringsforventningar»

DETTE ER VIKTIG FOR OSS. For at Midsund skal være ein god stad for alle å bu i, arbeide i, lære i og besøke. MIDSUND ARBEIDERPARTI

Side 2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/91 Faste saker 002/13 09/635 Utbygging ved Samnangerh

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

styrke i at mest kva som helst kan skje, utan at dei vert mindre aktuelle.

Fylkeskommunenes landssamarbeid. Eksamen. 28.november APO3002 Kommunikasjon og samhandling. Programområde: Apoteknikk.

Transkript:

Samfunnsoppdraget er å utdanna kliniske psykologar Norske psykologar skal først og framst vera klinikarar, meiner leiaren ved Psykologisk fakultet i Bergen, Gerd Kvale. Dei andre områda vil ho overlata til psykologiutdanna masterar. TEKST OG FOTO: Arne Olav L. Hageberg PUBLISERT 5. september 2010 KNOPPSKYTING: Psykologifaget har vakse formidabelt sidan 1960-talet. Dei faglege forgreiningane er no så mange at det er illusorisk å tru at profesjonsstudiet skal

dekka alt grundig, meiner Gerd Kvale ved Universitetet i Bergen. Foto: Arne Olav L. Hageberg Morgondagens psykologar må slusast meir og meir i retning av klinikken. Kunnskapsmengda er så stor og krava frå lovverk, helsevesen og pasientar, er så omfattande at det på seks år ikkje lenger let seg gjera å få høg kompetanse på heile breidda av psykologien, seier Gerd Kvale. Eg trur det er stort behov for fagfolk med psykologiutdanning som kan jobba med organisasjonspsykologi, pedagogisk psykologi, helsepsykologi eller sikkerheitspsykologi. Det betyr ikkje at desse emna skal ernast frå profesjonsstudiet, men vi er nøydde til å ta nokre val som gjev ein tydelegare profil og tidlegare spesialisering. Så seint som i midten av juni godkjente fakultetet i Bergen ein ny studieplan som gjer det seksårige integrerte kliniske psykologstudiet endå tydelegare klinisk retta, fortel ho. Eit seksårig integrert løp for utdanning av kliniske psykologar er det eigentlege samfunnsansvaret, og det er universiteta si oppgåve å sikre fullgod utdanning. Tidsskriftet har reist til Bergen for å ta ein prat med leiaren av psykologisk fakultet ved universitetet der. Frå kontoret i erde etasje i ei blokk på eit gatehjørne like bak Stenersens samlinger har ho fantastisk utsikt både til Fløyen og lille Lungegårdsvann, og på klare dagar truleg heller ikkje så ille utsikt til norsk psykologi. Norske psykologar i tet Gerd Kvale understrekar at Noreg var historisk tidleg ute med å anerkjenna at psykologar skal ha kompetanse på diagnostisering og behandling av psykiske lidingar. Psykologlova av 1973 gav anerkjenning som helsepersonell. Saman med spesialistordninga har dette gjort at psykiske helsetenester her i Noreg er strukturert annleis enn i andre land. Det norske samfunnet vurderer psykologkompetanse som så viktig at dei nesten har garantert for befolkninga at om du får psykiske lidingar, så skal du kunna få tilgang på psykolog. Alle behandlande institusjonar i psykisk helsevern pliktar å ha ein psykolog. Vi psykologar kan i dag vera leiarar i psykisk helsevern, spesialistar kan fatta tvangsvedtak, og ei prøveordning der psykologar sjukmelder, er godt i gang. Norske psykologar er anerkjente og har mykje ansvar. Dette stiller store krav til oss som utdanningsinstitusjonar, konkluderer ho. Kvale avviser at endringane på profesjonsstudiet og masterprogramma er ein konsekvens av at Noreg må tilpassa seg internasjonale strøymingar. Når det kjem til utvikling av psykologi som eit helsefag, ligg Noreg i tet, og det er i første rekke dette vi må ta konsekvensane av i utdanningsinstitusjonane, seier Gerd Kvale.

Nye grupper med høg kompetanse Grunnen til at Kvale ser seg nøydt til å måla psykologkompetansen for oss med brei pensel, er at vi har utfordra henne på korleis ho meiner Psykologforeininga bør forholda seg til høgt kompetente psykologivitarar, les ulike masterar i psykologi. I løpet av våren er EuroPsy-sertifiseringa komen på plass. Den er bare for psykologar. Her til lands er det altså bare dei som er godkjende av Statens autorisasjonskontor for helsepersonell (SAFH), som kan få eit slikt sertifikat. Men internasjonalt er psykologtittelen mindre strengt regulert, og kan òg brukast av personar med ein master i psykologi. Psykologar utdanna og autoriserte i Noreg vil ha klinisk kompetanse. Men elles i Europa vil psykologtittelen og EuroPsy vera breiare definert. I forlenginga av dette er det blitt tenkt og sagt, mellom anna frå talarstolen på leiarkonferansen i Psykologforeininga i juni, at det er mogleg å sjå for seg at masterar med ein kompetanse tilsvarande krava i EuroPsy-standarden kan bli medlemer i Norsk Psykologforening. Dette kan det bli avstemming rundt på foreininga sitt landsmøte i november (sjå elles ein meir omfattande presentasjon i førre nummer). Vil ha masterar på spesialistprogram Arbeidet med EuroPsy blei starta for å sikra eit minimumsnivå på alle typar psykologtenester i Europa, understrekar Kvale, og ikkje for å senka standarden på norske psykologer. Det går an å få EuroPsy-sertifisering innanfor fire ulike område: klinisk psykologi, skulepsykologi, organisasjonspsykologi og ein samlekategori for andre område. Godkjenninga i klinisk psykologi er den som liknar mest på ein norsk psykolog. Ved siden av profesjonsstudiet tilbyr Universitetet i Bergen òg ein master i organisasjonspsykologi som vil kunna oppfylla EuroPsy-krava når det gjeld den totale mengda av psykologifag. Men sjølv om ein tek dette studiet på 3 + 2 år (tre år bachelor og to år master), er ein endå ikkje skikka til å få ein EuroPsy, sidan standarden krev minst eitt år rettleia praksis i tillegg. Vi ønskjer ein dialog med Psykologforeininga om tilrettelegging av ein eitt års rettleidd praksis for masterar i organisasjonspsykologi. Vi trur òg det er riktig å gje masterar med EurpPsy-kompetanse tilgang til spesialiseringa innanfor organisasjonspsykologi, seier Gerd Kvale. Kvifor? Fordi desse fagfolka nok vert betre skodde enn dagens psykologar til å driva med organisasjonspsykologi. Sjølv om det ikkje er konkrete planer, er det ikkje utenkeleg at eit av universiteta om nokre år òg vil kunna tilby eit masterløp for skulepsykologi som er tilpassa EuroPsystandarden. Kvale ymtar om at ho trur Psykologforeininga også her gjer lurt i å engasjera seg i praksiskravet og bli med på diskusjonar rundt vidare- og etterutdanning. Ja til tidleg praksis

Det kliniske seksårige løpet med integrert praksis er svært viktig å behalda, understrekar Gerd Kvale, og samanliknar gjerne med medisinstudiet. Det ville vera utenkeleg at legar ikkje skulle møta pasientar før det siste året på studiet. For å sikra at nyutdanna fagfolk har tilstrekkeleg klinisk kompetanse, fekk psykologi saman med medisin dispensasjon frå den nye utdanningsmodellen med treårig bachelor- og toårig masterutdanning. Jo tidlegare ein kjem i gang med praksiskomponentar, dess betre, understrekar Kvale. Ho er ikkje redd for at psykologimasterar eller andre profesjonsgrupper skal kunna kuppa til dømes den pågåande satsinga på eit psykologisk lågterskeltilbod. På linje med ålmennlegefunksjonane er det i førstelinja svært viktig med psykologar med kompetanse i diagnostikk og behandling. Det er her pasientane blir vurderte og tildelte ei behandling som er tilpassa dei problema dei søker hjelp for. Difor er fakultetsleiaren glad for samhandlingsreforma for helsetenestene, og meiner ideen med å ha psykologar lokaliserte saman med fastlegar og andre er god. Og det er ikkje slik at ho ser dagens fagplan for psykologstudentar som eviggyldig. For eksempel tenker ho at morgondagens psykologar bør ha betre kompetanse i farmakologi ikkje nødvendigvis for å forskriva medisinar, men for å få ei breiare og meir gyldig forståing av ulike sjukdomsbilete og moglege behandlingar. Å kalla ein spade for spade Ei utfordring dukkar alltid opp når ein snakkar om endringar i psykologifaget i Noreg: Kva skal vi kalla desse andre? Psykologtittelen er som kjent beskytta av helsepersonellova, og det er bare dei som har ein cand.psychol. som kan bruka den her til lands. Gerd Kvale stiller seg open for at dagens psykologar i framtida kan kallast kliniske psykologar. Det er jo det dei faktisk er, påpeikar ho. Ei innføring av bindestrektitlar ville kanskje hjelpa òg? Det kunne vera ein måte å rydda i landskapet og visa at psykologifeltet er breitt og at det finst ulike typar kompetanse, tenker Kvale. Profesjonen er i endring. Kvale og dei andre institutt- og fakultetsleiarane sit med eit samfunnsoppdrag som forpliktar dei til å spisse psykologutdanninga i ei meir klinisk lei. Før vi bryt opp frå Bergen, utfordrar vi Gerd Kvale til å svara på følgjande spørsmål: Kva er i hennar augo det verste realistiske scenarioet? At vi ikkje skal evna å sjå at med den unike posisjonen som norske psykologar har i helsevesenet, følgjer eit svært stort ansvar som vi har forplikta oss til å fylla. Det ville vere ei ulykke om vi svekkar utdanninga fordi vi trur vi er i utakt med resten av verda. Gerd Kvale håpar landsmøtet i november klarar å finna ei løysing som ikkje fører til at profesjonen står svakare, men som samtidig tar inn over seg at det i dag finst andre utdanningsløp som er relevante for Norsk Psykologforeining. Kanskje ei løysing hadde vore å seia: «Har du ein av desse utdanningane, som ville kvalifisera for ein EuroPsy i resten av Europa, så kan du bli medlem,» spekulerer ho.

EUROPSY Tilhøvet til dei nye masterane i psykologi har lenge vore diskutert i Psykologforeningen Masterane arbeider hovudsakleg med deler av faget der psykologar er mindre engasjert, som organisasjonspsykologi. Psykologutdanningane blir stadig tydelegare retta inn mot arbeid i helsesektoren Innføringa av EuroPsy-serti ikatet tidlegare i år, gjer det mogleg å samanlikna kompetansen til psykologar og masterar i psykologi meir direkte Leiinga i foreininga har teke til orde for at masterar med ein kompetanse tilsvarande krava i EuroPsy-standarden kan bli medlemer i Norsk Psykologforening utan å vera psykologar Dei nye utfordringane for faget blir truleg ei viktig sak på landsmøtet i november, som det òg var på landsmøta i 2004 og 2007 Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 47, nummer 9, 2010, side 869-871 TEKST OG FOTO: Arne Olav L. Hageberg, Journalist og nettansvarleg i Psykologtidsskriftet