Høringssvar med fokus på behovet for desentralisert utdanning på Ytre Helgeland

Like dokumenter
Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna.

Bli verande eller reise vidare? avgjerande faktorar når høgt utdanna vel å bu og arbeide i distrikta

Regional samhandling. Statleg leiargruppe Januar 2018

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:

Strategisk plan. Høgskolen i Nord-Trøndelag Nærleik til kunnskap

ÅRETS NYSGJERRIGPER 2017

Det er ein føresetnad for tilbakemelding av resultata til verksemda at personvern og anonymitet er sikra.

DATO: SAKSHANDSAMAR: Hilde Christiansen/Bjørn Ivar Bø Tiltak for å auke utdanningskapasiteten for sjukepleiarar i regionen

Å bli gamal i eigen heim

Søknad om midlar til start av ny fagskuleklasse etter Stordmodellen

Kartlegging av ufrivillig deltid /ønska arbeidstid i pleie - og omsorgstenestene, Vestnes kommune.

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

Tvisteløysingsnemnda etter arbeidsmiljølova

STYRESAK: GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Bergen HF. DATO: SAKSHANDSAMAR: Erik Vigander SAKA GJELD: Omdømmemåling

Strategifrukost/lunsj

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering

MEDBORGERNOTAT. «Stortingsval Veljarvandring»

Spørjeskjema for elevar klasse, vår 2017

Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte.

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12

Vurdering av allianse og alternativ

12/2011 NOTAT. Hallgerd Conradi og Kåre Heggen

Same ordlyd som oppsummeringa i saksframlegget på s , med unntak av kulepunkt 4 på s. 20.

Elevane sitt val av framandspråk på ungdomsskulen Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa - Notat 12/2018.

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Strategi Ny kunnskap ny praksis

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Norske arbeidstakarar med berre grunnskole bør ta meir utdanning

Oppleving av føresetnadar for meistring for elevar med spesialundervisning på barnesteget.

100 ÅR MED ALLMENN FOR KVINNER

Deres ref.: Vår ref.: Saksbeh.: Arkivkode: Dato: 2019/553-3 Eva Kristin Nubdal, A

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2018

Samordna opptak 2017: Talet på studentar som vel framandspråk aukar for andre året på rad.

Sjukepleiarutdanninga på Stord 40-årsjubileum

Kartlegging av ufrivillig deltid i Hordaland fylkeskommune. Spørjeundersøking blant tilsette i Hordaland fylkeskommune AUD-rapport nr.

Undersøking om Regionalt forskingsfond Vestlandet si ordning med kvalifiseringsstøtte.

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering

KVA MEINER INNBYGGJARANE I BYGDENE NORDDAL OG EIDSDAL OM KOMMUNETILKNYTING FOR FRAMTIDA?

2. Oppsummering av innspill Personene: Kompetansealliansen Møre og Romsdal. Sted/dato: Personalledersamling KS, 13.juni 2019

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet

HØYRINGSSVAR UTVIKLINGSPLAN HELSE FONNA HF

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

100 ÅR MED ALLMENN FOR KVINNER

Til deg som bur i fosterheim år

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

MED ecampus PÅ NETT I LÆRARUTDANNINGANE

Utfordringar og resultat Nøkkeltal Bruk av midlar Studiepoengproduksjon. Årsrapport 2004

Tilbod som ikkje blir sett i gang skoleåret

SAMLET SAKSFRAMSTILLING

Verdiblink kan brukast i grupper av tilsette i kommunane på ulike nivå i organisasjonen.

VEDTAK NR 36/10 I TVISTELØYSINGSNEMNDA. Tvisteløysingsnemnda heldt møte onsdag 16. juni 2010 i Arbeidstilsynet sine lokale, Torvet 5, Lillestrøm.

Spørjeskjema Nynorsk

Musikk i demensomsorga

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019

Dette er en bekreftelse på at vi har mottatt ditt høringssvar på temaet Generelle høringssvar.

HØYRINGSUTTALE TIL NASJONAL HELSE OG OMSORGSPLAN

VEDTAK NR 11/13 I TVISTELØYSINGSNEMNDA. Tvisteløysingsnemnda heldt møte mandag den 4. mars 2013.

Innbyggarhøyring i Nesse skulekrins

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

MEDBORGERNOTAT. «Samarbeidspartia i norsk politikk kor godt likar veljarane dei andre partia?»

Forslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman.

ORIENTERING OM FYSIOTERAPITENESTA I VOLDA KOMMUNE. UTVIDING AV DRIFTSAVTALAR.

Kunnskapsdepartementet. Høyringsnotat forskrift om tilbakebetaling av utdanningslån 2019 Oktober 2018

Vedtak om å krevje tilbake feil utbetalt bustøtte

Inn på tunet. Utvikling av dagtilbod for heimebuande personar med demens i Gloppen v/prosjektleiar Merete Knoff

Å løyse kvadratiske likningar

Elevundersøkinga 2016

Nysgjerrigper-konkurransen Er det ei grense for kor lenge vi kan klare å halde auga opne utan å blunke?

Ny vurdering av tilbod som ikkje vert sett i gang skoleåret 17/18 (UD-12/17)

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette?

Utval Møtedato Utvalssak Administrasjonsutvalet

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim

«Pasientar med store og samansette behov» Anne Marte Sølsnes Prosjektleiar, Fag- og utviklingsavdelinga, Helse Førde

Samanslåing av sokn på Osterøy - høyringsutkast

Med god informasjon i bagasjen

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.

Skodje kommune. `9-e2s-sj. Valle skule og barnehage 1S-1 12,13-7. Uttale i hove budsjett 2014 og økonomiplan

Innbyggarhøyring i Bryggja. Knytt til spørsmålet om grensejustering ved endring i kommunestrukturen i området BENT A. BRANDTZÆG OG AUDUN THORSTENSEN

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/ juni 2009

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

KULTURSKULEPLAN. Forsand kommune. - Kulturskulen for alle!

Høyring - Forslag om endringar i forskrift om opptak til høgre utdanning

Strategiplan for FoU

MEDBORGERNOTAT #12. «Med KrF i sentrum ei analyse av partisympatiane til KrFveljarar

Vidaregåandeelevar i Sogn og Fjordane. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

«Nytt punkt: Fagskulen skal framleis ligge til fylkeskommunen/regionale nivå.»

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr

Demensavdelinga i heimebaserte tenester

Årsmelding FitjarFagskule Helsefag Eldreomsorg 1-årig fulltid over 2 år.

Vidaregåandeelevar i Førde kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet

Vidaregåandeelevar i Gloppen kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

Vintervèr i Eksingedalen

Høyring skulebruksplan Fylkesrådmannen

Organisering for faglig robusthet

Transkript:

1 Høringssvar med fokus på behovet for desentralisert utdanning på Ytre Helgeland I forslag til ny studiestadsstruktur har rektor foreslått at all aktivitet knytt til studiestad Sandnessjøen leggast ned. Dei to punkta som er spesielt trekt fram for Sandnessjøen, utan utfyllande kommentarar, er: 1. Låg forskingsaktivitet blant personalet 2. 0 studentar frå august 2019. Dette får utdanninga i Sandnessjøen som å framstå som lita og ubetydeleg. Eg vil vise at utdanninga faktisk er verdifull og av stor betydning i eit distriktsperspektiv, og spesielt for Ytre Helgeland. Fokus på utdanning, men også aukande forskingsaktivitet Når tal skal tolkast og samanliknast er det også viktig kven dei blir samanlikna med. Blir utdanninga samanlikna med andre små utdanningsmiljø eller blir ho samanlikna med studiemiljø ved større universitetscampus med veletablerte forskingsmiljø? Slike omsyn verkar ikkje å vere tatt. Det er likevel liten tvil om at det til no har vore profesjonsutdanning som har hatt hovudprioritet og det er kanskje ikkje så rart med tanke på korleis denne utdanninga vart til. Utdanninga vart til nettopp for å ha fokus på utdanning fordi ein såg at tilgangen på sjukepleiarar var for liten. Regionrådet for Ytre Helgeland var derfor ein viktig pådrivar for at Høgskolen i Nesna skulle starte utdanninga. Sidan vi starta opp i slutten av 2000 med ein fast tilsett høgskolelektor, har det vakse fram eit fagmiljø for utdanning der alle tilsette har gjort kompetanseløft slik at vi no har fleire førstekompetente. Denne utviklinga må sjåast som eit betydeleg kompetanseløft for eit lite fagmiljø, men også som ein kvalitet for ein region med relativt få sjukepleiarar med utdanning på master-, førstelektor eller doktorgradsnivå. Viljen til vidare kompetanseløft er til stades trass i all uro som har vore sidan fusjonen. Og eg seier på trass av, for vi har forstått at vi skulle «bort» og det har prega heile kollegiet og vore krevjande for den enkelte.

2 Fokuset på publisering og forsking er aukande. Vidare samarbeid på tvers av studiestader og campusar vil kunne styrke utdanning og forsking også i små fagmiljø. På sikt vil det kunne bidra til ei spreiing og styrking av utviklingsarbeid og praksisnær forskingsaktivitet i heile praksisfeltet, dvs. i alle kommunar i nedslagsfeltet til Nord universitet. Vi er klare til å bidra her vi er! Flest sjukepleiarar til Ytre Helgeland og kommunehelsetenesta Tala fortel at når dei 18 studentane i kull 2015 er uteksaminerte, har 226 studentar fullført sjukepleiarutdanning ved studiestaden i Sandnessjøen. Det gir eit gjennomsnitt på 17 nye sjukepleiarar for kvart kull. Det er ikkje ubetydeleg for vårt distrikt når vi også har tal på at ca. 82 % av dei som har starta studiet har komme frå Helgeland. I tillegg har ca. 100 tatt vidareutdanning ved studiestaden. Mot slutten av 2015 gjorde u.t. ei undersøking for å finne ut kvar sjukepleiarane utdanna ved Høgskolen i Nesna, Sandnessjøen, hadde blitt av, kva for jobbar dei hadde fått, og om korleis dei vurderte betydninga av utdanninga m.m. Undersøkinga omfatta dei 156 sjukepleiarane som hadde fått vitnemål på dette tidspunktet (kull 2000-2011). Undersøkinga viser at det er Alstahaug kommune som har fått utdanna absolutt flest sjukepleiarar ved utdanninga. På undersøkingstidspunktet budde for eksempel 53 av dei utdanna sjukepleiarane i Alstahaug, 23 i Leirfjord, 20 i Vefsn kommune, seks i Dønna kommune, seks i Nesna kommune og fem i Herøy kommune. Sidan har det komme fleire til. Dette ville vere små tal dersom det for eksempel var snakk om Bodø kommune, men for mindre eller små Helgelandskommunar, har desse tala større betydning. Mange har starta sjukepleiegjerninga si i sjukehus eller spesialisthelsetenesta, men det er gledeleg å sjå at dei aller fleste har begynt å jobbe i kommunehelsetenesta. Utdanninga har dermed gitt solide bidrag både til primærhelsetenesta, som må seiast å vere sjølve ryggrada i helsetenestene både no og i framtida, og til spesialisthelsetenesta. Utdanna til verkelegheita på Helgeland Det er heller ingen grunn til å seie at kvaliteten ikkje er god nok. Studentane er utdanna etter same rammeplan som andre og til sjølvstende i «kvardagen» til helse- og omsorgstenestene på Helgeland. Slik er dei blitt kjente med mange utfordringar dei vil møte som ferdige sjukepleiarar i den same kvardagen, men no som ansvarlege sjukepleiarar. I undersøkinga eg

3 gjorde svara 88% av respondentane at dei er tilfredse eller svært tilfredse med utdanninga og heile 98 % seier at utdanninga har stor eller svært stor betydning for distriktet. 93 % av Helgelandsstudentane blir her! Heile 93 % av dei studentane som budde i ein Helgelandskommune ved oppstarten av utdanninga (128 av 137), budde framleis på Helgeland på undersøkingstidspunktet (Hov 2018). Det faktum at så mange blir buande i regionen etter fullført utdanning understrekar betydninga av nettopp desentraliserte utdanningstilbod for å sikre tilgangen på kvalifiserte sjukepleiarar der det er særlege behov. Dette samsvarar godt med funn i rapporten: Sykepleiere utdannet i Nord-Norge (Gaski, Abelsen og Lie 2016). Rapporten viser spesielt høg tilbakevendingsprosent knytt til Alstahaug kommune (studiestad Sandnessjøen). Rapporten stadfester vidare at det er «stor regional effekt av desentralisert utdanning i form av høy grad av lokal rekruttering til lokalt arbeidsmarked» (s. 77). Det visast også til at utdanninga i Bodø allereie har ei viss sentraliserande effekt ved at Bodø rekrutterer fleire frå distrikta enn dei som vender tilbake. Dei foreslåtte endringane svekker Ytre Helgeland spesielt Det fungerer m.a.o. ikkje slik som dekan Trine Karlsen gir uttrykk for i Ranablad.no 17. mai d.å. Ho argumenterer for at det skjer ei styrking av sjukepleiarutdanninga på Helgeland og ikkje ei nedlegging. Dekan viser bl.a. til at tilgjengelegheita til nye sjukepleiarar er den same som tidlegare fordi opptakstalet på Mo vart auka med 10 studentar i 2018 og at utdanningskapasiteten vil bli styrka med ytterlegare 10 studentar f.o.m. opptaket i 2019 (ein auke tilsvarande måltalet i Sandnessjøen som har vore 20 studentar). Tala stemmer sikkert isolert sett. Det er berre det at dette vil føre til at særleg område nært utdanningsstaden (Mo) vil få utdanna enno fleire sjukepleiarar, som jo er vel og bra, men det vil i liten grad hjelpe kommunane sør for Korgfjellet og Ytre Helgeland. Vi kan for eksempel sjå på kull 2018 som no er i sin første praksis. Så vidt eg kjenner til er det er for eksempel kun to studentar i praksis som kjem frå ein av HALD-kommunane. Vi har sett tendensen sidan 2016. Studentane som kjem i praksis i og rundt Sandnessjøen har oftast ikkje lokal tilhørigheit. Dei kjem gjerne frå Bodø eller andre stader av landet. Dei reiser igjen og får seg jobb i Bodø eller nær heimstaden når dei er ferdig utdanna. Til no har studiestaden i Sandnessjøen kvart år uteksaminert studentar til vår region (med unntak av dei første fire åra da det var opptak annakvart år). Neste år blir det ingen. Det vil merkast! Det er nettopp desse mekanismane som gjorde at utdanninga i

4 Sandnessjøen vart starta opp, og dei er ikkje utgåtte på dato. Derfor oppfattast også dei foreslåtte endringane som ei nedlegging og ikkje ei styrking av sjukepleiarutdanninga på Helgeland! Ingen reell konkurranse med Mo eller Bodø, men eit supplement Når eg meiner sjukepleiarutdanninga i Sandnessjøen har vore ein betydeleg aktør på Ytre Helgeland, har vi da konkurrert ut andre tilbydarar som Mo eller Bodø? Nei, vi har ikkje det. Vi har knapt hatt studentar frå Bodø eller Mo. Mange har søkt til Sandnessjøen nettopp fordi dette var den sjansen dei såg for å kunne ta sjukepleiarutdanning i den livssituasjonen dei har stått i. Mange har vore i jobb ved sidan av studiane og/eller har hatt små barn og familie som har gjort det vanskeleg å flytte eller pendle langt. Ein tidlegare student sa det slik: «Som godt voksen alenemor, hadde det vært umulig å ta utdanningen ved et annet studiested» (Hov 2018, s. 30). Utsegna viser nettopp til at mange av desse studentane ikkje hadde utdanna seg til sjukepleiar utan eit utdanningstilbod i distriktet. Etter at vi ikkje fekk ha fleire opptak i 2016, har vi derfor hørt fleire historier om studentar som har funne eit anna yrke å satse på eller som ikkje har utdanna seg vidare til sjukepleiar. Vi har bruk for alle som vil og kan utdanne seg til dette yrket! Vi treng meir desentralisert utdanning Ja, det uttrykte også statsministeren tydeleg i eit intervju med NRK under besøket i Sandnessjøen 6. mai d.å. Vi har fått mange spørsmål opp igjennom åra om det kunne vere bruk for alle desse sjukepleiarane. Får dei verkeleg jobb alle saman? Ja, det veit vi dei har fått, og mange har sikra seg jobb lenge før dei er ferdig utdanna! Problemet er at vi treng så mange fleire, også ute i distriktet. Søkartalet til dei 20 studieplassane i Sandnessjøen har stige jamt når ein ser på søkartala til dei siste opptaka. I 2013 var det 21 førsteprioritetssøkarar ved hovudopptaket. Ved siste hovudopptak i 2015 var talet 41, dvs. nesten akkurat ei dobling frå i 2013. At det er 0 studentar ved studiestad Sandnessjøen frå august 2019, har derfor ikkje med manglande potensielle studentar å gjere. Nei, det er resultatet av ei styrt avvikling frå Nord universitet. Det viste seg at så fort fusjonen var eit faktum var det slutt med opptak til studiestaden. Dette utan nokon prosess der ein i lag prøvde å finne løysingar for ev. justering av studieopplegget eller for å styrke studiestaden slik ein ville forvente ut ifrå Strukturmeldinga og Fusjonsplattforma. I

5 vinter vart endatil praksisavdelinga tømt og avvikla. Det var ikkje ein gong nødvendig å vente på styrevedtak om studiestadsstrukturen. Det var mange som sto på for å få til denne utdanninga. Ho ser ut til å vere langt enklare å fjerne. Til no er det gjort administrativt utan diskusjon. Men det strir i mot sunn fornuft å legge ned velfungerande utdanningar i distriktet når mangelen på sjukepleiarar er aukande. Det er det folk på Helgeland uttrykker når dei no protesterer mot ei ytterlegare sentralisering mot Bodø og Levanger! Konklusjon Sjukepleiarutdanninga i Sandnessjøen har hatt vesentleg betydning for tilgangen på sjukepleiarar både til spesialist- og primærhelsetenesta på Ytre Helgeland. Auke av utdanningsplassar i Bodø eller på Mo vil ikkje åleine sikre rekruttering av dei som ønskjer å studere for å bli sjukepleiarar frå denne regionen. Sandnessjøen bør derfor styrkast og vidareførast som studiestad for desentralisert deltidsutdanning for sjukepleiarar. Utdaningsverksemd i Sandnessjøen er også nødvendig for å sikre oppfølging av alle studentar i dei mange praksisplassane i denne delen av Helgeland, for å vidareutvikle forskings- og utviklingsarbeid og eit godt og nært samarbeid med praksisfeltet. Regionen har også behov for at vidare- og etterutdanningstilbod tilbydast lokalt slik at utdanning lar seg kombinere med arbeids- og familieliv. Dagens situasjon og eit historisk tilbakeblikk viser at vi treng distriktsnære utdanningstilbod. For regionen er det heilt avgjerande at det framleis blir utdanningsveksemd på universitets- og høgskolenivå lokalisert til Sandnessjøen! Sandnessjøen 11.6.19 Jorunn Hov Førsteamanuensis, Nord universitet