Løken i Førde - Skjøtselsplan lnnhald lnnhald... 2 1 Innleiing... 3 2 Skjøtsel, forvaltning og retningsliner... 3 2.1 Kva er ein skjøtselsplan?... 3 2.2 Retningsliner for arbeidet... 3 3 Planområdet... 4 4 Metodikk... 5 5 Naturmangfald i deltaet... 6 5.1 Artsmangfald... 6 5.2 Naturtypar... 8 6 Utfordringar for forvaltninga... 11 7 Skjøtselsplan... 11 7.1 Mål... 11 7.2 Skjøtseisråd og tiltak... 13 8 Kjelder... 15 2
Løken i Førde - Skjøtselsplan Figur 7. Vasskant på nordsida av Løken, like vest for Gamlebrua, som vert skjøtta som plen. I vasskanten her vart det i 2016 funne ein liten, men ganske solid førekomst av firling (VU), som nok klarar seg med slik skjøtsel. Utan slåtten ville det helst vore høgvaksne og tette belte med strandrøyr på staden, eit miljø som korkje er eigna for pusleplantar eller våtmarksfugl. Foto: Geir Gaarder Figur 8. Ei ganske nyleg (bilete er frå 2016) lita utfylling inntil busetnaden på nordsida av Løken innanfor delområde 8 (jamfør kapittel 6). Sjølv små slike utfyllingar i gruntvassområda her er svært uheldige, da dei går akkurat ut over dei aller mest verdifulle areala, nemleg partia som periodevis vert tørrlagt ved fjøre sjø og både er vekseplassar for dei mest sjeldsynte og truga artane, og viktige til næringssøk for våtmarksfugl. Foto: Geir Gaarder. 12
7.2 Skjøtseisråd og tiltak Etter at planen har vore til høyring og offentleg ettersyn er kap. 7.2 endra. Under (tabell 1) er konkrete tiltak og andre skjøtselsråd knytt opp til dei einskilde måla. Det kan vere fleire tiltak/råd knytt til kvart mål og nokre av tiltaka/råda kan vere knytt til fleire av måla. Tabell 1. Oversyn over aktuelle tiltak, inkludert skjøtsel, sortert etter ulike delmål for området. Målområde Informasjon Fugl Naturtypar Måloppnåing Sette opp informasjonsplakatar som informerer om naturmangfaldet ein kan finne i området og kva for økosystemtenestar det utfører for nærområdet Unngå for mykje aktivitet i og nær dei viktige områda for næringssøk til våtmarksfugl. Slått eller beite av mindre utvalde enger langs vasskanten. Unngå at framande artar får etablere eller spreie seg i området. Fjerne innslag av artar som rynkerose, hagelupin og platanlønn i kantsonene. Ny vurdering av Løken 5-10 år etter første utbygging i høve endring av sårbare/raudliste artar for vegetasjon og fuglar. Planen skal reviderast kvart femte år. Planområdet vert delt inn i sju ulike forvaltningsområde, med ulik funksjon og skjøtsel innanfor kvart område, sjå figur 9. Skjøtselstiltak Forbod mot all utfylling og utbygging i strandsona. Etablering av ein høg voll, eller 1,2 m høgt, solid gjerde med (tett) planting av busker mot alle gangstiar/turvegar langs område som er regulert til naturområde grønstruktur GN1 og GN2, slik at folk og hundar ikkje uforvarande kan kome inn i området. Dette tiltaket kan gjerne kombinerast med fugletårn eller opningar der folk får innsyn i området (opningane må tilretteleggjast med skjul eller liknande slik at fuglane ikkje vert uroa). Sette opp informasjonsskilt/plakat om naturmangfaldet og unngå ferdsel og lause hundar/kattar/kjæledyr i naturområda. Forbod mot aktivitet som padling, bading og liknande i Løken i hekkesesongen/vandresesongen. Delområde Alle Området som er regulert til naturområde grønstruktur (GN) skal i hovudsak vere urørd, og kan gro til. Skjøtsel som rydding av busker/tre og slått av enkelte striper langs vasskanten til Løken, skal vurderast 5-10 år etter utbygging. Slått skal skje etter 15. juli, og graset skal fjernast frå området. Det må ikkje gjødslast i nokon del av området. Alle Rydding av svartlista artar der dette finst. Alle Graving av kanal ved LNA7-8, slik at det vert danna øyer ute i vassområdet der fuglane kan vere trygge for kattar og hundar. Grunntilhøve ved etablering av kanal aust for LNA8 skal vurderast, og ev. avbøtande tiltak skal gjennomførast. Desse kanalane bør vere 0,5 meter djupe (under minste vassnivå/fjære sjø) og 2 meter breie. Om naudsynt også utvide eksisterande kanal mellom LNA6 og land. Delområde 1-3. Etablering av nokre mindre haugar med naturleg vegetasjon på nokre av øyane ute i Løken (LNA4, LNA6 og LNA8) for å sikre hekkeplassar ved høg vasstand. Delområde 1, 3 og 4. Alle Alle 13
Oppmudring av ein mindre del areal, spesielt i sør, slik at det vert meir ope vatn her. Vatnet bør ikkje vere over 0,5 meter djupt ved lågaste vasstand (under minste vassnivå/fjære sjø). Mudring i Løken skal skje i samråd med biolog. Delområde 1 Forbod mot bruk av båt og kano/kajakk i hekkesesongen/vandresesongen. Alle Figur 9. Framlegg til inndeling av planområdet i delområde med ulik forvaltning. 14
Løken i Førde - Skjøtselsplan 8 Kjelder Artsdatabanken 2018. Artskart. www.artsdatabanken.no Berge, V., Dogg Arnadottir, A., Eriksen, V. & Mork, K. 2018. Konsekvensutgreiing - områderegulering for Indre Øyrane. Multiconsult. Rapport. Dokumentkode 616602-TVF-RAP-0001. Direktoratet for naturforvaltning 2007. Kartlegging av naturtyper. Verdsetting av biologisk mangfold. ON-håndbok 13-1999, revidert i 2007. Fimreite, G. 6 Slinde, E. N. 1997. Førde kommune. Forvaltningsplan for elva Jølstra. ISIS. Rapport, 46 s. Førde kommune 2016. Planprogram for områderegulering Indre Øyrane. 28.01.2016. 16 s. Gederaas, L., Moen, T. L., Skjelseth, S. & Larsen, L.-K. (red.) 2012. Fremmede arter i Norge - med norsk svarteliste 2012. Artsdatabanken, Trondheim. Henriksen S. & Hilmo 0. (red.) 2015. Norsk rødliste for arter 2015. Artsdatabanken, Norge. Multiconsult 2018. Områderegulering for Indre Øyra ne. Planskisse -27.06.2018. Miljødirektoratet 2018. Naturbase. www.naturbase.no. ' Førde kommune den 28.03.2019 15