FØREBYGGING OG HANDTERING AV SEKSUELLE KRENKINGAR

Like dokumenter
Lokal handlingsplan overgrepsproblematikk.

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Prosesskart kva gjer du når du er bekymra for eit barn?

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

BEREDSKAPSPLAN. Forebygging og avdekking av seksuelle overgrep, vold og seksuell trakassering mot barn og unge

UKM 05/16 «Det er jo derfor vi plar gjere det

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING

DEN NORSKE KIRKE - TJØME OG HVASSER SOGN.

Plan for eit trygt og godt skulemiljø

Vold og seksuelle overgrep mot menneskjer med utviklingshemming. Inge Nordhaug RVTS Vest

Praktisk arbeid med Betre Tverrfagleg Innsats (BTI) i Årdal kommune,

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

jærskulen Beredskapsteamet mot mobbing -skulane i Gjesdal, Hå, Klepp og Time

Du må tru det for å sjå det

Førebygging og handtering av seksuell trakassering og overgrep i idretten

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Førebygging og handtering av seksuell trakassering og overgrep i idretten

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Handlingsplan mot vald i nære relasjonar. Godkjent av kommunstyret

Vald og trusselhandlingar mot tilsette i skolen førebygging og oppfølging

Handlingsplan mot «Vald i nære relasjonar»

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Samanslåing av sokn på Osterøy - høyringsutkast

Protokoll frå møte Frå kl til Møtedato:

Klepp ungdomsskule - Tiltaksplan for trygt og godt skulemiljø Oppdatert hausten 2017

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE

Protokoll frå møte Frå kl til Møtedato:

Info til barn og unge

Bjarte Gangeskar Barnevernsleiar i Eid og Selje Frå 2020: Stad kommune. Tema Korleis avdekke og følgje opp vald i nære relasjonar?

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ

Melding om behov for representant

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Forslag. Har de nokon gong lurt på kva som gjer at ein fest nærast lever sitt eige liv, at du kan planlegga éin ting, men så skjer ein heilt annan?

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Til deg som bur i fosterheim år

Møteprotokoll for Radøy sokneråd

IKT-reglement for kommunane i SING

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

Saksbehandler: Siv Anita Lilleskog Arkiv: 407 Arkivsaksnr.: 15/2205

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Søknad om treningstid for Øystese Idrettshall 2003/2004.

Handlingsplan mot. mobbing ved. Åheim skule

2 Familiemønster og samlivsformer, livsfaseseremoniar. 5 Barns rettar og foreldrerolla. 8 Demokrati og verdiar

SAKSUTGREIING. Sak: Felles sokneråd for Leveld, Torpo og Ål sokn. Sokneråda i Ål kallar inn til kyrkjelydsmøte etter gudstenesta:

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Vidaregåandeelevar i Sogn og Fjordane. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

Avdekking, kva så? om utfordringar i samarbeid når det er vald og seksuelle overgrep er avdekka. Inge Nordhaug RVTS Vest

SAKSPROTOKOLL - RETNINGSLINJER FOR PERSONALSAKER SOM GJELDER SEKSUELLE OVERGREP/GRENSEOVERSKRIDENDE ADFERD

Referat frå Soknerådsmøte 17.oktober 2013

Vidaregåandeelevar i Førde kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

Vidaregåandeelevar i Gloppen kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær

Skjema for eigenvurdering

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

Alle elevar i grunnskulen har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring.

MEKLING FOR FORELDRE MEKLING FOR FORELDRE FORELDRE FOR MEKLING

Generelle retningsliner for konflikthandtering i Flora kommune

NSRs retningslinjer for håndtering av seksuelle krenkelser og overgrep

RETNINGSLINJER FOR HÅNDTERING AV SEKSUELLE KRENKELSER

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.

Kvardagsaktivitetar er noko som skjer kvar dag, og difor noko av det viktigaste innhaldet i barnehagen. Vi har satt oss nokre mål for desse

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

Protokoll frå møte i Bore sokneråd Tysdag 7. november 2017

ARBEIDSREGLEMENT FOR BJØRNAFJORDEN KYRKJELEGE FELLESRÅD

Utviklingsarbeid for alle barnehagane i Vestnes kommune

Psykologisk førstehjelp i skulen

Innsats i BTI Psykisk helseteneste

Strategidokument Varhaug Misjonshus

Referat frå foreldremøte 25. september 2018 Hyllestad barnehage.

Å INFORMERE OG UNDERVISE PÅ EIGEN ARBEIDSPLASS. Berit Ullebust Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester i Sogn og Fjordane

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Årsplan for Straume barnehage Del 2. Arbeid med fagområda

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

Melding til barneverntenesta Bremanger kommune.

Årsplan for Straume barnehage Del 2. Arbeid med fagområda

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

BEREDSKAPSPLAN. Jølster Kommune.

Det ingen tror skjer om kvinnelige overgripere. Tone Bremnes

Forsand kommune Rådmannen

RUSFAGLEG FORUM FORUM FOR RUS OG PSYKISK HELSE

PLAN MOT MOBBING VED STORD UNGDOMSSKULE (OLWEUS)

Denne planen består av fire deler 1. AVDEKKING AV MOBBING 2. PROBLEMLØYSING AV MOBBESAKER 3. FØREBYGGING 4. KONTINUITET

Handlingsplan. Åheim skule. mot. mobbing og anna krenkjande åtferd. ved

BEREDSKAPSPLAN. Jølster Kommune.

Leikande, glade barn og natur hand i hand

MØTEINNKALLING. Folkevalde, både medlemer og varamedlemer, plikter å møte jf. kommunelova 40 nr. 1, med mindre det ligg føre gyldig forfall.

Konflikthandtering og arbeid med personalsaker

Hva er en krenkelse/ et overgrep?

HANDLINGSPLAN MOBBING

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Tilgangskontroll i arbeidslivet

LEIAR NESTL MEDL MEDL MEDL

Samtale med foreldra samhandling og informasjon skaper tryggheit

Transkript:

FØREBYGGING OG HANDTERING AV SEKSUELLE KRENKINGAR Innhald 1.0 Kva er ei seksuell krenking? 1.1 Definisjon 1.2 Skadeverknadar 2.0 Førebygging 2.1 Informasjon 2.2 Arrangement, tur- og leirliv 3.0 Handtering av anklage 3.1 Beredskapsteam 3.2 Når ein mottar ein mistanke eller ei anklage om seksuelle krenkingar

1.0 Kva er ei seksuell krenking? 1.1 Definisjon Seksuelle krenkingar kan definerast som misbruk av rolle og makt der eit menneske i ein sårbar situasjon blir utnytta i staden for å bli beskytta. Det handlar om at ein person utnyttar stillinga si eller posisjonen sin til å opptre på ein seksualiserande måte eller for å innleia eit seksuelt forhold til vedkomande. 1.2 Skadeverknadar Det er ikkje bare personen sin kropp som blir invadert. Krenkingar kan få alvorleg verknad også for andre sider av livet. Personar som har vorte utsette for seksuelle kren kingar, kan ofte slita i lang tid etterpå både fysisk, psykisk, sosialt og åndeleg. Vi må derfor gjera alt vi kan for å hin dra at seksuelle krenkingar skjer.

2.0 Førebygging 2.1 Informasjon Alle medarbeidarar skal vita at kyrkja har nulltoleranse i høve til seksuelle krenkingar. Temaet seksuell krenking blir tatt opp med alle medarbeidarar som er knytta til barne- og ungdomsarbeidet. 2.2 Arrangement, tur- og leirliv På tur med overnatting for barn og unge skal det alltid vera med minst to vaksne. Dersom det er både jenter og gutar med på turen, skal det vera minst ein kvinneleg og ein mannleg leiar. Det skal vera minst ein vaksen leiar (over 18 år) pr 8 deltakarar. Det skal vera minst ei vaksen nattevakt (over 18 år) i tillegg til ungdomsleiarar. Jenter og gutar søv anten kvar for seg eller i opne fellesareal (idrettshall, kyrkjerom e.l.) Der overnatting skjer på eigne gute- og jenterom, ivaretar leiarar eige kjønn når det gjeld nattero. Barn og unge skal ikkje oppleva å få god natt-besøk eller tidlege morgonbesøk av motsatt kjønn. Kjærasteforhold mellom deltakar og leiar / medarbeidar kan koma i konflikt med leiarrolla. Skulle det oppstå, bør leiaroppgåvene omfordelast i samråd med hovudleiar. Sjelesorgsamtalar bør føregå på eigne samtalerom i nærleiken av fellesrom med vaksne av same kjønn. Slike samtalar skal ikkje føregå etter kl 23.00 om kvelden. Ein må i størst muleg grad unngå situasjonar der 1 leiar er aleine med 1 deltakar.

Ein må vera merksam på at fysisk kontakt kan opplevast ulikt. Særs varsam må ein vera i møte med barn / unge som ikkje har utvikla gode grenser rundt seg sjølv. Det er leiaren sitt ansvar å ta i vare desse grensene for barnet. Medarbeidarar over 15 år som har oppgåver eller ansvar overfor mindreårige, skal levera barneomsorgsattest / politiattest etter gjeldande retningslinjer. 3.0 Handtering av anklage om seksuelle krenkingar 3.1 Beredskapsteam Kvar kyrkjelyd skal ha eit beredskapsteam for handtering av anklager om seksuelle krenkingar. Beredskapsteamet skal vera samansett av: Dagleg leiar Sokneprest Soknerådsleiar Beredskapsteamet skal varslast umiddelbart ved mistanke eller anklage om seksuelle krenkingar. Beredskapsteamet har ansvar for vidare handtering av situasjonen. Teamet skal straks kontakta politiet for fagleg vegleiing og inormera kyrkjeverje og eventuelt bispedømmerådet sin faglege ressurs. Ved situasjonar der ein prest er involvert, skal også prosten informerast. 3.2 Når ein mottar ein mistanke eller ei anklage om seksuelle krenkingar, er det viktig å: Ikkje konfrontera den anklaga i startfasen. Ta vare på fortellinga.

Ikkje driv etterforsking på eiga hand Prøv å skapa ein god relasjon med den som fortel om overgrepet. Unngå å stilla spørsmål ved vedkomande sitt truverde. Ikkje bring utsette og mistenkte saman til felles samtale Ikkje kontakt den som blir anklaga Kontakt beredskapsteamet Dagleg leiar har ansvar for intern og ekstern informasjon Verd å merka seg: Dersom informanten er under 16 år, er det viktig i samtalen å vera klar på at dersom det kjem fram alvorleg informasjon, så er dette noko ein er nøydd til å gå vidare med. Lytt nøye til det barnet fortel, og noter informasjonen nøye før eller så snart som råd etter samtalen. Dersom informanten er mellom 16 og 18 år, treng ein vanlegvis informanten sitt samtykke for å gå vidare med informasjon til foreldre og beredskapsteam. Ved grove krenkingar kan det likevel vera nødvendig å gå vidare og så utan samtykke. Dersom informanten er over 18 år, må ein ha samtykke for å kunne gå vidare. Ein bør likevel oppmoda til at dette blir gjort. Når informanten er vaksen, vil vedkomande sjølv vera den viktigaste inormasjonskjelda i den vidare handteringa av saka. Når samtalen er avslutta og det er etablert kontakt med beredskapsteamet, er det dei som har ansvar for vidare oppfylgjing. Vedtatt i Time kyrkjelege fellesråd 26.10.2016

08/01/2018