Bok. på Bjørkebokstavar. NyNorskseNteret. Av Hilde Myklebust Illustrert av Tone Lileng

Like dokumenter
Bok. på Eg og Pontus går for gull. NyNorskseNteret. Av Odd Nordstoga og Rune Markhus

Bok. på Arkimedes og brødskiva Av Hans Sande og Gry Moursund. NyNorskseNteret

FØRSTEKLASSELÆRER NYNORSK KOPIARK. GAN Aschehoug

Refleksjon og skriving

Årsplan naturfag og samfunnsfag. 1. og 2. klasse. Skuleåret

Klepp kommune Tu skule

Å skrive brev. Læringsmål med kjenneteikn på måloppnåing. Læringsmål: Å skrive kort og brev. Du er i gang Du er på god veg Du har kome langt

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

ÅRSPLAN I NORSK FOR 4. TRINN 2018/2019 Hovudlæreverk: GOD I ORD

Farnes Skule. Læreplan i: Norsk Trinn: 4. klasse Skuleåret:

Eg må tenke lurt og bruke heile kroppen. Eg må seie høgt til meg sjølv: Dette KAN eg. Det som er vanskeleg kan eg LÆRE meg.

Bok. på Arkimedes og brødskiva Av Hans Sande og Gry Moursund. NyNorskseNteret

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Elevundersøkinga 2016

Spørjeskjema for elevar klasse, vår 2017

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017

Vekeplan for 5. trinn Veke 2, 2018 Namn: Måndag 8. januar Tysdag 9. januar Onsdag 10. januar Torsdag 11. januar Fredag 12. januar

Bok. på Bo flyttar ut Av Trude Tjensvold. NyNorskseNteret. Undervisningsopplegg for steg i faga norsk og naturfag.

- Observasjon - Samtale - Oppgåver - Illustrasjonar - Praktiske gjeremål

Til deg som bur i fosterheim år

Skriftleg Eksamen På KNUSK. Vår 18. Dette blir supert!

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Lærarar: Elin Fredheim, Merete Moen, Oddbjørg Fretland Tid Kompetansemål Innhald Arbeidsmåtar Vurdering. Elevbok A s Arbeidsbok A s.

ÅRSPLAN I NORSK FOR 4. TRINN 2017/2018 Hovudlæreverk: GOD I ORD

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

Halvårsplan for 1. og 2.steg hausten 2016

Månadsbrev for Rosa september 2014

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

LESARHISTORIE GLOPPEN KOMMUNE

Bok. på Bo flyttar ut Av Trude Tjensvold. NyNorskseNteret. Undervisningsopplegg for steg i faga norsk og naturfag.

Årsplan i norsk, 4. klasse,

Årsplan i samfunnsfag og naturfag 1. klasse 2015/2016

Lese snakke skrive. OS BARNESKULE, Os, Hordaland (1 7) Av Mari-Anne Mørk

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

RETTLEIING TIL DEI VAKSNE HVORFOR NATURVAKT? GJENNOMFØRINGA FORARBEID ETTERARBEID

Veke Emne Mål Metode Tidsbruk Læremiddel Tverrfagleg samarbeid 34-40

ÅRSPLAN I NORSK FOR 4. TRINN 2015/2016 Hovudlæreverk: GOD I ORD

Vekeplan for 3.klasse

Fyll inn datoar i rutene etter kvart som du set deg mål og når dei. Mitt mål Språk: Dette kan eg

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Idear og råd til foreldre med barn på 5. Og 7. trinn. Framleis rom for lesing heime

START. En Ein tverrfaglig tverrfagleg og og levende levande læringsressurs for 1. og 2. trinn

Skjema for eigenvurdering

Veke Emne Mål Metode Tidsbruk Læremiddel Tverrfagleg samarbeid 34-40

Halvårsplan i naturfag/samfunnsfag, våren klasse - Ferkingstad skule

MATEMATIKK 1 for 1R, 4MX130SR09-E

Den heilage dåpen Matt 3:13-17, Markus 1:9-11, Luk 3:21-22

Frå dikt til teikneserie

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 3. Nynorsk

Av en født forbryters dagbok

Årsplan for Norsk

Minnebok. Minnebok NYNORSK

mmm...med SMAK på timeplanen

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Ulstein ungdomsskule Ligg i Ulstein kommune på Sunnmøre Noregs mest attraktive kommune 2012 Nybygd skule innflytta elevar rein ungdomsskule 1

6-åringar på skuleveg

Brukarrettleiing E-post lesar

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016


INNHALD/LÆRESTOFF Elevane skal arbeide med

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Årsplan i samfunnsfag og naturfag for 2. trinn

Å utforske nynorsk gjennom skjønnlitteratur

BARNEVERNET. Til beste for barnet

VEKE 6. I denne LEKSEBINGO-VEKA gjeld det å fullføre leksene på to rekkjer på brettet. Fristen er: Fredag 10.feb. Klarar du dette kan du rope BINGO!

Faget vert delt mellom kontaktlærar og faglærar, der kontaktlæraren tek seg av mykje av etikkdelen opp imot "Det er mitt val".

Her skal du lære å programmere micro:biten slik at du kan spele stein, saks, papir med den eller mot den.

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Svara i undersøkinga vil bli brukte til å forbetre læringsmiljøet på skolen, og vi håper derfor du svarer på alle spørsmåla.

Innhald/Lærestoff Elevane skal arbeide med:

Eg hugsar den dagen eg kunne lesa. Det har eg aldri gløymt. Eg sat på golvet ved sida av bokhylla, og så kunne eg lesa. Då kunne eg velja sjølv.

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Månadsbrev for Blå, april 2016

og helg Dei er å fødselsdagssongen fødde er fire lærer og søndag Denne veka lærer elevane om tid og tal på norsk. Dei lærer om dei

Foreldremøte 1. klasse Enge skule

Fylkeskommunenes landssamarbeid. Eksamen DRA2009 Drama og samfunn. Programområde: Drama. Nynorsk/Bokmål

Vekeplan Veke 44 6.trinn

Naturfag/samfunnsfag 2. trinn 2016/2017

KVA MEINER INNBYGGJARANE I BYGDENE NORDDAL OG EIDSDAL OM KOMMUNETILKNYTING FOR FRAMTIDA?

Alt det lyse og alt det mørke

DEN GODE HYRDEN. Det finst mange svar på spørsmålet, og svara våre avheng både av foreldrebileta våre og av erfaringane våre gjennom livet.

Naturfag/samfunnsfag 2. trinn 2015/2016

Halvtårsrapport raud gruppe haust 2017

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Eksamen MAT1015 Matematikk 2P Hausten 2014

Frå novelle til teikneserie

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

INNHALD/LÆRESTOFF Elevane skal arbeide med

Kompetansemål etter 4. årssteget

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Språk og språkmiljø Kvardagssamtalen: Høgtlesing og forteljarstunder:

NATUR, MAT OG HELSE KAPITTEL 13 1 KVA VEIT DU? Skriv namn på fem bærtypar og fem fruktslag.

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 1. til 4. klasse

Klepp kommune Tu skule

Retningsline for bruk av sosiale media for tilsette i Aukra kommune

Transkript:

Bok på 1-2-3 Bjørkebokstavar Av Hilde Myklebust Illustrert av Tone Lileng Tverrfagleg opplegg for 1. 4. trinn i faga norsk, naturfag og KRLE Tid: 90 minutt Utstyr og førebuing Skriv ut bjørkebokstavbingo-spørsmåla og heng dei opp eller gøym dei på skuleområdet før økta byrjar. Hugs tråd til oppheng, og gjerne plastlommer. Skriv ut bjørkebokstavbingo-brettet. Skriv ut diplom. Skriv ut diktet «Hengebjørk». Skriv ut dei andre dikta dersom du vil lese dei også ute. Lesinga kan skje inne eller ute, alt etter kva som passar. Lese dikta inne: Kople opp pc med tilgang til internett og prosjektør. Søkje fram boka Bjørkebokstavar. Gjere boka klar for skjermvising i klasserommet. Lese dikta ute: Ta med boka ut eller skriv ut dikta. Til å skrive ut: Framsida på boka Bjørkebokstavar, s. 7 Fnugg, s. 16 Blankt auge, s. 18 Usynleg, s. 33 Forvandling, s. 34 Hengebjørk, s. 22 Formål Norsk Lytte til tekstar på bokmål og nynorsk og samtale om dei Setje ord på eigne følelsar og meiningar Samtale om songar, regler, dikt, forteljingar og eventyr ( ) Naturfag Stille spørsmål, samtale og filosofere rundt naturopplevingar og mennesket sin plass i naturen Bruke sansane til å utforske verda i det nære miljøet KRLE ( ) allsidig danning og gje grunnlag for undring og refleksjon Utforsking av eksistensielle spørsmål og svar NyNorskseNteret NasjoNalt senter for NyNorsk i opplæringa

1 Før lesing (5 minutt) Samtale om framsida på boka Bjørkebokstavar. Kan vi sjå nokre ting på framsida som gir hint til kva vi får høyre noko om? Bjørk grøn bjørk, kanskje er det våren eller sommaren? Kva er kjenneteiknet på ei bjørk: Kvit og svart stamme. Har vi ei bjørk på skuleområdet? Røter frå bjørka, med små bilete i rotenden rumpetroll, snøkrystall, hundebein, eple og ein makk som gøymer seg under eit blad. Hund han snuser på bakken. Kan det handle om hunden, eller om det han finn? Ein liten person på toppen av haugen i bakgrunnen Kven trur du det er? Kvit bakke, grøn bjørk kanskje det er ulike årstider med i boka, og at boka handlar om naturen? Denne boka har mange små forteljingar, og vi kan lese frå start til slutt, eller vi kan lese dei ei og ei i den rekkjefølga vi vil.

2 Lesing (15 minutt) Les dikta høgt for elevane. Les sakte og med dei pausane som dikta legg opp til. Invitere til innspel etter kvart dikt ved å spørje kva diktet handlar om og om elevane har opplevd noko liknande. Dikt å lese Bjørkebokstavar, s. 7 Fnugg, s. 16 Blankt auge, s. 18 Forvandling, s. 34 Usynleg, s. 33 Kva er det dikta gjer med oss? Dikt er små forteljingar med få ord, som likevel fortel mykje. Det gjer at vi hugsar ting vi har opplevd sjølve.

3 Bjørkebokstavbingo (45 minutt) Del elevane inn i grupper på 2 4 stk. og gje kvar gruppe eit bjørkebokstavbingo-brett. Sei heilt i starten at dette er ein natursti der det handlar om å få fullt brett, ikkje tre på rad. Kvar post har ei oppgåve elevane må løyse. Dei kjem tilbake til læraren etter kvar post og leverer svaret, får kryss eller stempel på bingobrettet og går så vidare til neste post. (Læraren må sjølv ha med diktet «Hengebjørk», som han eller ho skal lese når elevane kjem att frå post nr. 6.) Postar 1 Bjørkebokstavar: Visste du at ein kan koke dei første små bjørkelauva og lage brus av det? Det smakar søtt og friskt. Ta med eit bjørkelauv tilbake til læraren, så får gruppa eit kryss på spelebrettet. 2 Fnugg: Visste du at løvetannplanten har mange namn på norsk? Gullbust, nattsvæve, kappelaup og solvendar er nokre av dei. Ta med ein løvetann eller ein annan blomster til læraren, så får gruppa eit kryss på spelebrettet. 3 Blankt auge: Visste du at rumpetrollet pustar med gjeller og alltid må vere vått? Kva dyr vert rumpetrollet til når det har gått nokre veker? Ta med svaret tilbake til læraren og få eit kryss på spelebrettet. 4 Forvandling: Visste du at det i Noreg finst over 2000 ulike artar av sommarfuglar? På arket ser du også ein fugl (det er eit bilete av ei ugle på arket til post 4). Veit du kva slag fugl det er, og kva denne fuglen likar å ete? Ta med svaret til læraren og få eit kryss på spelebrettet. 5 Usynleg: Har du nokon gong klatra i eit tre og gøymt deg for nokon nede på bakken? Fortel om det til dei andre i gruppa. Viss ingen i gruppa har gjort dette, må de hinke ti hink på kvart bein før de får halde fram. Ta med kodeordet «klatremaks» til læraren og få eit kryss på spelebrettet. 6 Framsida: I Noreg har vi tre artar bjørk: hengebjørk, vanleg bjørk og dvergbjørk. Ta med kodeordet «hengebjørk» til læraren, så les han eller ho diktet «Hengebjørk» for gruppa og set eit kryss på spelebrettet.

4 Etterarbeid (norsk, naturfag og KRLE) Dersom etterarbeidet blir gjennomført inne, kan det vere greitt å leite fram boka igjen, så ein kan lese dikta om att og kan lese fleire etter samtaleøkta under. Samtale om innhaldet i dikta. Læraren kan godt bruke desse spørsmåla eller samtale vidare på innspel knytt til innhaldet i dikta: Kva kan vi seie at dikta vi har lese i dag, handlar om? Naturen, årstidene, dyr og menneske, leiking, klatring Nokre menneske seier at dei kjenner seg nær Gud når dei er ute i naturen. Kva trur du dei meiner med det? Dei som trur at Gud har skapt jorda, kallar ofte naturen og alt på jorda for «skaparverket». Då føler dei at dei er nær Gud når dei er nær naturen. Kva årstid er det no, og kva likar du med denne årstida? Kva likar du med dei andre årstidene? Kvifor? Ein av postane handla om løvetann-planten. Kan elevane nokon av språka under? Kva tyder plantenamnet på det språket? Det er fint om du ikkje avslører tydinga av orda med ein gong, men let elevane undre seg og snakke i lag om kva namna kjem av. Visste du at namnet på plantar og blomstrar ofte heng saman med utsjånaden eller særpreget planten har? Her er nokre døme: Norsk: Løvetann (dei spisse blada kan minne om tennene til løva) Engelsk: Dandelion (kjem frå dent-de-lion, fransk for løvetann) Tysk: Löwenzahn (same tyding som på norsk) Dansk: Mælkebøtte (kjem av «mjølka» inni stilken) Svensk: Maskros (kjem av småkrypa som ofte er i blomsteren) Fleire namn på løvetann: Polsk: Mniszek Arabisk: Alhundba Fransk: Pissenlit eller dent-de-lion Kan elevane namnet på løvetann på andre språk?

5 Tilleggsressursar (bøker, seriar, tekstar og forsøk) De kan også sjå nærare på desse kjeldene for å finne ut meir som passar til emnet: Lage mat ute Klare sjøl! http://www.nynorskbok.no/2002/01/07/klare-sjol-kokkar-sma-med-kopp-og-skei/ Kvardagsmat.no. Oppskrift på grove pinnebrød og mykje meir. https://kvardagsmat.no/?s=pinnebrød NRK Super, Villmarksbarna https://tv.nrksuper.no/serie/villmarksbarna/msui26002316/sesong-4/episode-3 I denne episoden lagar dei bjørkebrus og går på sesongens siste skitur. Allkunne.no Digitalt oppslagsverk på nett. Her finn du også faktastoff om mellom anna dyr, fuglar og plantar. Naturfagsenteret.no. Faktaark om norske lauvtre: https://www.naturfagsenteret.no/binfil/download2.php?tid=2150016 Tips til driving av kvistar i klasserommet på ein allergivennleg måte: https://www.naturfagsenteret.no/c1405591/forsok/vis.html?tid=662273&within_tid=662260