Gul gruppe månedsbrev for januar og februar I Januar har me hatt oss nokre snødagar. Me benytta snøen og aka i barnehagen og utfor barnehagen. Me har og hatt utelunsj med både pølsespidding, graut og skiver. Det er ein god gjeng som er glad i å være ute. I januar var me og så heldige at me fekk følga med på når dei gravde hull i veien ved barnahegen og la røyr. Dette hadde me eit kort prosjekt om do, og at det kjem vatn i nokre røyr og kloakk i noko. Mannen som jobba sa han hadde sett det kom besj ut av noken røyr når han jobba tidligare. I februar fekk me oss ein tur til biblioteket for boklesing og boklåning. Me tok bussen inn og gjekk heim igjen. Det var ein opplevelsesrik dag og turen heim gjekk kjempefint med gode stopp for både å sjekke brannstasjonen, kjeksstopp og lesestopp. Me måtte teste ei av bøkene fra biblioteket. Fleire av ungane er og blitt intressert i å skrive både tall og bokstavar og gjer «lekser» i boka si. Samefolkets dag 6. februar markerte me på dagen, men me har hatt det som tema i fleire veker også i fleire fellessamling. Det er mange som låner bøker i barnahagebiblioteket. Husk å legge korkar i glaset. Når det er fult blir det bokfest! Me deler i grupper og les masse. Ellers har det vore stor interesse for Edderkoppar så me drog i gang eit lite edderkoppprosjekt. Me har lært at edderkoppen har 8 bein og at den spinner to forskjellige trådar. Ein som er klissete til å fange fluer og ein som edderkoppen kan gå på. Når me les bøker er me opptatt av at ungane skal få undra seg i lag under lesing. Det fungerer godt når me les bøkene fleire gongar. Dette gjer at ungane blir betre kjent med boka, og får bedre forståelse for ord og begrep. Me er og kommen i gang igjen med Være sammen og Regnbueløva som er eit program for samlingane med ulike element i sosial kompetanse. Me har hatt to samlingar no i februar der me har hatt om dette med å gi plass til andre i leik og ellers. Dette å sjå seg litt til sida og sjå om dei andre smiler og synes det er like kjekt som meg, eller om eg er for nærme dei og ikkje gir dei plass til å være seg og gjøre det dei vil. Det andre temaet me har hatt er å invitere andre inn i leik, og sjå når nokon sitter aleine og ser trist ut. Kva kan me gjer for at dei blir glad. Samlingane har vore kjekke og det er fint om de heime snakker litt om desse temaene. Me er begynt å legge ut litt bilder på IST-direkta. Det kjem til å komme med litt ujevne mellomrom. Noko kvardagsbilder og noko fra spesielle samlingar og aktivitetar me gjer i barnehagen. Fint med tilbakemelding på kva de syns om informasjonen på IST-direkte. Og dersom de treng hjelp med innlogging ta kontakt. I fra januar av har me litt endringar i vekeplan og personal på gruppa. Frøydis og Ragnhild er her framleis, og så har me fått inn Heidi og den flinke lærlingen vår Maria nokre dagar. Onsdagar vert det være sammen samling og torsdag eller fredag vert det tur.
I være sammen samlinga blir me kjent med ungane i regnbuebarnehagen. Dei som vil kjem fram og undrar seg på bilde av barnehagen. Kvifor sitter han aleine. Er han lei seg? Kva kan ha skjedd? Kva kan me gjer for at han kan bli glad?... Me syng og høyrer på sangane. Me passer på løva etter tur. Og me les om Løveungen som for eksempel oppdager at dei andre ikkje vil være med han når dei ikkje får være med å bestemme litt.
Vel gjennomført skuespill med masse applaus I Januar hadde me fellessamling med eventyre om mannen som mista skinnvotten og alle dyrene som fekk plass inni votten og varma seg. Dette eventyret fenger og ungane spør eette eventyret og vil høyre det mange gongar. Gjennom arbeid med kunst, kultur og kreativitet skal barnehagen bidra til at barna møter eit mangfald av kunstnariske og kulturelle uttrykksformer og utforskar og deltek i kunst- og kulturopplevingar saman med andre bruker ulike teknikkar, materiale, verktøy og teknologi til å uttrykkje seg estetisk Rammeplanen s.51
Edderkoppprosjekt Dette prosjektet starta med tre guttar som er kjempe inntresert i edderkoppar. Dei ser etter edderkoppar både ute og inne, og leikar edderkoppar og spidermann. Denne interessa smitta og no er alle inntresert. Me teikna edderkopp, teller bein og studerer anatomi. Me leiter etter edderkoppspinn og leiker at me er edderkoppar. Me har og laga edderkoppspinn sjølv, både ute og inne. Og me har sett film om edderkoppen som spinner silketråder og me veit det kjem til å bli mange mygg og fluer dersom det ikkje fantes edderkoppar Kvar drar dette prosjektet hen?
Me har hatt om samefolket og markert samefolkets dag. I den forbindelse fargela me det samiske flagget og så har me studert ulike samiske ting. Mykje er laga av reinsdyrskinn For eksempel sko som heiter skalle. Me har fått sjå samekofter og me har fått høyra ulike eventyr fra samisk kultur. Tenk at før i tida fekk ikkje samane snakka språket sitt i norge. Dette var ikkje noko fint syns me og me forstod ikkje heilt kvifor Norge bestemte det.
Tur til biblioteket fredag 15 februar Me fekk høyre om albert Åberg og skybert. Me leste og spelte og lånte masse bøker. Bussturen til biblioteket gjekk fint, og turen heim var opplevelsesrik. Me var innom brannstasjonen. Då dei tilfeldigvis skulle teste og sprute vatn fra brannbilen. Ved Langeland skule stoppa me og spiste frukt og kjeks og så leste me om Eddi edderkopp. Gjennom arbeid med nærmiljø og samfunn skal barnehagen bidra til at barna utforskar ulike landskap, blir kjende med institusjonar og stader i nærmiljøet og lærer å orientere seg og ferdast trygt. Rammeplanen s.56