EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013



Like dokumenter
Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

RAPPORT FRÅ FORSØK MED ANONYME PRØVAR

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Oppmoding om uttale - Hordaland Privatgymnas AS - søknad etter friskulelova

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Kl : Opplysning om trekkfag (Elevene får vite hvilket fag de kommer opp i til eksamen). Vanlig skoledag. skal opp i engelsk, møter faglærere.

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: Tidspunkt : 10:00

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Aurland kommune Rådmannen

Varsel om tilsyn med Lærdal kommune. Lærdalsøyri skule sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og pålegg om innsending av dokumentasjon

FAGSKOLETILBOD PÅ STORD - FJERNUNDERVISNING INNAN MASKINTEKNIKK OG ELKRAFT

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

HØYRING KVALITETSSYSTEM FOR FAG-OG YRKESOPPLÆRINGA

Godt. Lokaldemokrati. ei plattform

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

- Tilleggsakliste. Valnemnda. Dato: 11. juni 2013 kl Stad: Hotel Ullensvang, Lofthus INNHALD

Endringar i studentreglementet for Fagskolane i Hordaland

ORGANISERING AV KNUTEPUNKSKULEN FOR HØRSELSHEMMA ELEVAR FRÅ HAUSTEN 2010

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret. Forvalting av særavtalekraft og konsesjonskraft

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Vurdering på barnesteget. No gjeld det

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT

Forslag frå fylkesrådmannen

Høyringsinnspel til endringar i Teknisk forskrift om krava til tilgjenge i studentbustadar

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

Handlingsprogram 2014, Regional plan for museum

Høring - finansiering av private barnehager

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

SØKNAD OM RUTELØYVE FOR SIGHTSEEINGBUSS I BERGEN SENTRUM

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Marie Evjestad Arkivsaksnr.: 07/1229. IT-arbeidsplassar for ungdomsskuleelevar i Luster. Rådmannen si tilråding:

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Særavtale om veiledarfunksjon for nyutdanna lærarar.

EID KOMMUNE Finansutvalet HOVUDUTSKRIFT

Strategiplan for Apoteka Vest HF

VOLDA KOMMUNE Samordnings- og utviklingsstaben

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

TILLEGGSAK KUP-LØYVING 2013

3.2.4 Døme for vidaregåande opplæring: Religiøs, etnisk og kulturell variasjon

Plan for overgangar. for barn og unge

Saksnr Utval Møtedato Ud-6/12 Utdanningsutvalet

VESTNES KOMMUNE HELLAND SKULE 6390 VESTNES

Opplæring i kinesisk språk (mandarin) i den vidaregåande skulen i Hordaland

Sakliste: Saknr. Sak 12/13 Godkjenning av innkalling og sakliste

SPRÅKRÅDET REF. VÅR REF. DATO JG/SIG/ER Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

HEIM OG SKULE SAMAN OM ELEVEN SI LÆRING OG UTVIKLING TID FOR SAMTALE

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje

VOSSAPAKKO UTVIDING AV BOMPENGESØKNAD RV 13 JOBERGTUNNELEN

«Ny Giv» med gjetarhund

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

MØTEINNKALLING. SAKLISTE Åpning av møtet og godkjenning av møteprotokoll frå møte

Elev- og lærlingombod i HFK

Fra prosjekt til drift - eksempel på politisk vedtak i Stord

FORDELING AV INVESTERINGSMIDLAR

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret HØYRINGSUTTALE TIL UTVIKLINGSPLAN MOT 2030 FOR HELSE MØRE OG ROMSDAL HF

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Sensurveiledning til skriftlig eksamen i Matematikk 1, 1-7

Krav ved godkjenning av lærebedrifter

Nissedal kommune. Formannskapet. Møteinnkalling. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 13:00

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

AVTALE MELLOM SPELEREGLAR FOR PROSESS FOR DRIFTSTILPASSING

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 80/ Kommunestyret 41/

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

Fra Forskrift til Opplæringslova:

Soknerådsmøte FOK 14. november 2013

MØTEINNKALLING. Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang SAKLISTE

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl Stad: Fylkeshuset INNHALD

Selje kommune MØTEBOK

VÅGE SKULE BESØKSSKULE

Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte.

FYLKESVEGAR - PLAN- OG BYGGEPROGRAM FOR 2012

Kvam herad. Arkiv: N-132 Objekt:

Valdres vidaregåande skule

Transkript:

HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 200903324-51 Arkivnr. 520 Saksh. Farestveit, Linda Saksgang Møtedato Opplærings- og helseutvalet 17.09.2013 EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013 SAMANDRAG Fylkestinget vedtok i samband med budsjettet for 2011, at det skulle gjennomførast forsøk med anonyme heildagsprøver. Tre skular deltok i det første forsøket som vart gjennomført våren 2011. Rapporten etter forsøket vart lagt fram for Opplærings- og helseutvalet 23.08.11. I same møtet, sak 33/11, vart det vedteke at det skulle gjennomførast eit nytt utvida forsøk med anonyme prøver. Eit sentralt element i vedtaket var at ein i forsøket skulle ha fokus på å gi elevane gode tilbakemeldingar. I møte 21.08.12, sak 32/12, vedtok Opplærings-, og helseutvalet at 10 skular skulle påleggjast å gjennomføre forsøk med anonyme prøver våren 2013. I utforminga av forsøket er det gjort klart kva krav til tilbakemelding som må oppfyllast av den einskilde skole, og at det skulle leggjast fram rapport frå forsøket for Opplærings- og helseutvalet i august 2013. Rapporten frå forsøket viser at tilbakemeldingane frå lærarane ved dei deltakande skulane er svært negative. Opplæringsdirektøren meiner at forsøka har vist at omfattande bruk av anonyme prøver i vidaregåande opplæring ikkje bidreg til å oppfylle krav om undervegsvurdering slik dei kjem fram kap 3 i forskrift til opplæringslova. Ei ordning med ei anonym heildagsprøve i skriftlege fag i siste kvartal av skuleåret slik det har vore prøvd ut i Hordaland, er ei ordning som fylkesrådmannen meiner kan gjennomførast utan å svekke elevane sin rett til god og tilpassa undervegsvurdering.

FORSLAG TIL VEDTAK Opplærings-, og helseutvalet vedtek at siste heildagsprøve/prøve i fag som har sentralgitt eller lokalgitt skriftleg eksamen skal gjennomførast anonymt i HFK. Den einskilde skule har ansvar for å sjå til at organisering og gjennomføring skjer på ein måte som sikrar eleven anonymitet og skriftleg tilbakemelding på arbeidet. Rune Haugsdal Fylkesrådmann Svein Heggheim Opplæringsdirektør 2

FYLKESRÅDMANNEN, 27.08.2013: Bakgrunn: Fylkestinget vedtok i samband med budsjettet for 2011 at det skulle gjennomførast forsøk med anonyme heildagsprøver. Bergen Handelsgymnasium, Fusa vgs og U.Pihl vgs deltok i det første forsøket som vart gjennomført våren 2011. Rapporten etter forsøket vart lagt fram for Opplærings- og helseutvalet 23.08.11. I same møtet, sak 33/11, vart det vedteke at det skulle gjennomførast eit nytt utvida forsøk med anonyme prøver. Eit sentralt element i vedtaket var at ein i forsøket skulle ha fokus på å gi elevane gode tilbakemeldingar. I møte 21.08.12, sak 32/12, vedtok Opplærings- og helseutvalet at 10 skular skulle påleggjast å gjennomføre forsøk med anonyme prøver våren 2013. I utforminga av forsøket vart det gjort klart kva krav til tilbakemelding som måtte oppfyllast av den einskilde skole, og at det skulle leggjast fram rapport frå forsøket for Opplærings- og helseutvalet i august 2013. Innhald og utforming av dei to forsøka har vore ulik og kan difor ikkje samanliknast direkte. I drøftinga under er det likevel vist til nokre av tilbakemeldingane frå elevane som kom fram i 2011. Rapport frå forsøk i 2013 Ca. 990 elevar fordelt på 37 klassar har gjennomført forsøket. Det er sterk motstand blant lærarane i HFK mot bruk av anonyme prøver. Tilbakemeldingane frå forsøk med anonyme prøver får så godt som eintydig negative tilbakemeldingar frå lærarar/skuleleiarar som har delteke i forsøket. Dei som har meldt tilbake, skriv at dei opplevde forsøket tungvint og byråkratisk og at det opplevast som mistillit mot lærarane. Anonyme prøver fører til at lærar mister oversikt over den einskilde elev si faglege utvikling, og dei opplever det vanskeleg å oppfylle dei intensjonar som er uttrykte i vurderingsforskrifta om at vurdering skal fremje elevane si læring. Det er ca. 20 lærarar som har gitt skriftleg tilbakemelding. 64 elevar har svart på ei undersøking som vart sendt ut i etterkant. Dette utgjer ein svært liten del av elevane som har delteke. Tilbakemeldingane kan difor ikkje tolkast som representative for utvalet, men det er likevel interessant å lese tilbakemeldingane som elevane har sendt inn. Tilbakemeldingane samsvarar i stor grad med elevtilbakemeldingane i 2009, med unnatak av at det i 2013 er ein relativt stor del som uttrykte at dei hadde positive forventningar til forsøket samanlikna med forsøket i 2009. Av dei 64 som har gitt skriftleg tilbakemelding er det ei gjennomgåande positiv tilbakemelding på forsøket. Elevane gir uttrykk for at dei set pris på moglegheita til å få ei viktig heildagsprøve vurdert anonymt. Dei føler seg tryggare på at det ikkje er andre faktorar enn sjølve arbeidet som ligg til grunn for vurderinga. Det er likevel verdt å merke seg at det er få elevar som rapporterer om at vurderinga vart annleis enn det dei er vane med. Opplæringsdirektøren si vurdering Det overordna oppdraget til skuleeigar og skular under Kunnskapsløftet er at vi skal ha auka fokus på at føremålet med vurdering gjennom skuleåret er å auke elevane sitt læringsutbyte. Det har vore gjort ein formidabel innsats på alle nivå i HFK for å auke kompetansen kring utvikling av læringsfremjande vurderingspraksis. Den personlege dialogen mellom lærar og elev er sjølve grunnlaget for å lukkast med ein læringsfremjande vurderingspraksis. Gjennom tilstandsrapportar og skulebesøk finn opplæringsdirektøren at alle skular har vurdering på dagsorden, og at lærarane blir utfordra til å utvikle praksis som sikrar at dei sentrale prinsippa for god vurdering blir ivareteke. Desse prinsippa er fastsett sentralt og følgt opp lokalt i HFK 3

sitt pedagogiske styringsdokument. Skulane melder om god oppslutnad og motivasjon frå lærarane si side i dette langsiktige arbeidet med å endre etablert praksis. Læraren si innsikt i den einskilde elev si forståing og kunnskap er avgjerande for å gje den naudsynte støtta slik at eleven kan utvikle seg i riktig retning. Vurderingsforskrifta vektlegg elevane sin rett til undervegsvurdering og at målet for slik vurdering er å fremje læring og utvikling hjå elevane og gje grunnlag for tilpassa opplæring. Det er vanskeleg å sjå korleis omfattande bruk av anonyme prøver i vidaregåande opplæring kan stø opp om ein lærings-, og utviklingsfremjande vurderingspraksis, og det kan vere grunn til hevde at omfattande anonymisering kan gjere det meir krevjande for læraren å leggje til rette for personleg og individuelt tilpassa tilbakemeldingar. Ein dyktig lærar vil tilpasse skriftlege kommentarar på eit arbeid/ ei prøve slik at dei utfordrar eleven på ein god og realistisk måte. Sjølv om innsats og føresetnader ikkje skal leggjast til grunn i karaktersettinga, er det kanskje viktig og rimeleg at elevane sine føresetnader og innsats blir spegla i lærarane sine skriftlege tilbakemeldingar. Når identiteten er kjent, kan læraren tilpasse dei skriftlege framovermeldingane. Læraren veit gjerne at dei svakheitene han ser i ein skriftleg tekst er noko den aktuelle eleven lett kan gjere noko med og at dei kanskje skuldast hastverk og slurv. Læraren har då høve til å gi framovermeldingane eit anna innhald enn viss han/ho veit at svakheitene skuldast at eleven har lese og skrivevanskar, og har arbeidd hardt for å prøve å unngå feila. Ei god tilbakemelding skal gi elevane noko å strekkje seg etter, og skal vise kva som kan vere gode steg vidare. Læraren leiar læringsprosessar, og det kan vere avgjerande for motivasjonen ved leiaroppdraget å følgje elevane sin læringsprosess. For dei fleste lærarar er det gleda ved å sjå at elevane lærer og utviklar seg som er den viktigaste motivasjons-, og drivkrafta i profesjonsutøvinga. Det er ikkje likegyldig for profesjonsutøvinga om læraren vurderer eit arbeid for ein elev han/ho kjenner eller ein anonym tekst. Det kan virke urimeleg på eine sida å krevje at den einskilde lærar skal ha eit system for å sikre at vurderinga tek omsyn til den einskilde elev sin ståstad og utvikling over tid, og på den annan side krevje utstrakt bruk av anonyme prøver. Når det er sagt, så meiner opplæringsdirektøren at det kan vere argument for å vidareføre den modellen for anonyme prøver som har vore prøvd ut i Hordaland i 2013: 1. Elevane har rett til å få realistisk eksamenstrening i forkant av eksamen. Ei anonym heildagsprøve på slutten av året kan inngå som ein del av ei realistisk eksamensførebuing i skriftlege fag. 2. Standpunktkarakteren i eit fag skal gi informasjon om eleven sin kompetanse på slutten av opplæringsløpet. Dei siste store prøvene har mykje å seie for sluttvurderinga i faga. Mange elevar vil oppfatte det som positivt at dei veit at vurderinga går føre seg anonymt og at ho ikkje tek utgangspunkt i kva eleven har gjort før. Tilbakemeldingane frå elevane i 2011 og 2013 er nesten eintydig positive, noko følgjande sitat frå rapporten i 2011 kanskje illustrerer: Det er greitt å få ei vurdering utan at ein skal uroe seg for kva den som evaluerer veit om resultata dine frå før. Då blir det oppfatta som genuin retting. (sitat frå elev) I tillegg er det andre som sette pris på det at dei kan vere trygge for at det berre var sjølve oppgåveteksten som blei vurdert. Nokre av elevane hadde forventningar om at eit slikt opplegg ville gje ei meir rettferdig vurdering. Det som og er positivt med eit slikt opplegg, er at alle startar likt, og ingen kan bli forskjellsbehandla. Det er grunn til å tru at elevane i dei vidaregåande skulane vil stille seg positive til ei ordning med at siste heildagsprøva i skuleåret skal vere anonym. 4

Konklusjon Omfattande bruk av anonyme prøver i vidaregåande opplæring kan i liten grad seiast å stø opp om arbeidet som går føre seg nasjonalt og lokalt for å utvikle ein meir målretta og læringsfremjande vurderingspraksis. Det er likevel vanskeleg å argumentere for at gjennomføring av ei anonym heildagsprøve i siste kvartal av skuleåret vil truge dette målet. Bruk av anonyme heildagsprøver på slutten av opplæringa i skriftlege fag kan soleis vere ei ordning som imøtekjem ønskje om anonyme prøver utan å svekke lærarane sitt handlingsrom for rettleiing og undervegsvurdering gjennom skuleåret. 5