Næringslivet i flyplassområdet Side 1 av 2 Ørsta kommune Rådhuset 6150 ØRSTA ØRSTA KOMMUNE Sekta S Saksnr. Lopenr. Klass. i g 10.09.2008 Kryssløysing til E39 for flyplassområdet Vi er kjent med at Ørsta kommune arbeider med å førebu reguleringsplan der kryssløysing blir utarbeidd. Vi viser også til møte som vart halde den 26 august med deltakarar frå Ørsta kommune. Som næringsdrivande med dette krysset som einaste tilkomst til eigedomane våre, er vi uroa over både situasjonen og utviklinga denne saka ser ut til å få. Mange av brukarane i området har ikkj e delteke eller vore inviterte til å kome med sine syn på korleis trafikken i området skal avviklast. Vi vil difor kome med nokre innspel til saka og framlegg til løysingar sett ut i frå våre behov. Utgangspunktet vårt er at tilsette, kundar og leverandørar skal ha ein trygg og effektiv av- og påkøyring av E39 til og frå flyplassområdet. Vi opplever ikkje situasjonen slik i dag. I verksemdene som har dette krysset som tilkomst er det rundt 500 tilsette, fleire verksemder ser det ut til å bli og med eit stort og stadig veksande tal kundebesøk. Mange opplever krysset som eit vesentleg problem og utfordringa er ved påkøyring til E39 og for dei som skal i sørgåande retning (venstresving mot Volda). Trafikken på E39 er puljeorientert grunna ferjeeffektar i begge køyreretningar i tillegg kjem rushtidseffektar. Trafikk i alle avkøyringsfelta kan skugge for innsynet til dei som skal køyre inn på E39. Når sikt- og køyretilhøva er vanskelege, oppstår det lett trafikkfarlege situasjonar. Det har vore fleire trafikkuhell i krysset grunna at trafikantane tek for store sjansar når dei skal finne seg lommer i trafikken å køyre inn i. Ved same krysset endar ein gang- og sykkelveg i ingenting, og det er ei ganske udefinert avkøyrsle for bensinstasjonen og R-senteret. Dette ytterlegare forverrar situasjonen. Dagens kryssløysing er ikkje tilfredstillande for verksemdene som driv i flyplassområdet. Vi har registrert at det blir arbeidd med løysingar for trafikkavviklinga. Utifrå det vi har sett i lokalavisene kan det verke som det blir vanskeleg å få til ei tilfredstillande løysing i rimeleg tid. Ved eksisterande kryss blir ei eventuell ny kryssløysing liggjande for høgt i høve flyplassen og stigninga på vegane kan bli ei utfordring for tyngre køyrety. I andre enden av flyplassen er det signalisert at hjort kan vere eit problem og at Statens vegvesen ikkje ønskjer at forlenginga av Torvmyrvegen skal gå inn på ei ny fjerde arm av rundkøyringa i Furene. Sjølv om faglege autoritetar har marknadsført sine syn tydeleg, vil vi likevel gi signal om at ei god og langsiktig løysing må vere basert på at det er trafikksikre kryss både i vest enden og aust enden av flyplassen. For å betre trafikktryggleiken på kort sikt, noko som vi ser på som heilt avgjerande, vil vi gi signal om følgjande realistiske prioritering:
Næringslivet i flyplassområdet Side 2 av 2 1. Torvmyrvegen må forlengjast og koplast til ei ny fjerde arm i rundkøyringa i Furene a. Når ny hovudveg til Volda med ny tunnel er bygt, kan eventuelt påkøyringa for Torvmyrvegen flyttast sør for rundkøyringa. b. Viss hjort er eit problem, kan Torvmyrvegen bli stengd om natta når det er lite eller ingen næringsaktivitet i området. Liten aktivitet i området skulle vel tilseie at det ikkje var noko problem for hjorten at vegen var open heller. 2. Eksisterande kryss blir som det er i dag inntil det blir avløyst av ei god og trafikksikker løysing i aust enden av flyplassen. Som eit strakstiltak bør avkøyrsla til bensinstasjonen og R-senteret bli innsnevra til normale køyrebaner og flytta lenger frå E39. a. For å redusere trafikkfarlege situasjonar, kan trafikken eventuelt regulerast slik at det blir forbode å svinge til venstre ved innkøyringa frå flyplassområdet til E39. 3. Sykkelsti langs Torvmyrvegen og forlenging til Egset. Med denne løysinga oppnår vi følgjande: 1. Ein trafikkfarleg venstresving blir vesentleg mindre brukt eventuelt fjerna. 2. Det blir mindre sykling på E39 langs flyplassen. 3. Det blir lagt til rette for ei meir effektiv trafikkavvikling til flyplassområdet med personbilar og buss. 4. Tilsette og kundar tek bussen eller syklar i større grad enn i dag. Trafikkavviklinga til flyplassområdet er ikkje berre ei sak for Volda og Ørsta kommunar det er også ei regional sak der det må leggjast vesentleg vekt på ei effektiv trafikkavvikling for reisande som nyttar flyplassen. Vi har registrert at det ikkje har vore godt naboskap mellom Volda og Ørsta kommunar i prosessen så langt. Dette er leitt, for skal vi få til ei god og framtidsretta løysing som raskt blir realisert, kan ikkje lokale interesser åleine vere avgjerande for resultatet. Vi oppmodar difor sterkt Volda og Ørsta kommunar om å samarbeide for å leggje skikkeleg tyngde i å få ei løysing både på kort og lang sikt slik som vi skisserer. Vi viser til "flyrutegruppa" sine ønskje om å treffe Forvaltningsutvalet i Ørsta for å leggje fram sine syn på utvikling av flyplassen. Vi, som er næringsdrivande i området og som i sum utgjer meir trafikk enn "flyplassen" utgjer, ber om at representantar for oss også kan få leggje fram våre syn på det same møtet. Vi ser fram til å høyre frå dykk. Med vennleg helsing Næringslivet i flyplassområdet i samsvar med vedlagde underskriftsliste Kopi Volda kommune, 6100 Volda Statens vegvesen, Fylkeshuset, 6404 Molde
Bedrift Kontaktperson Underskrift Bil & Gummiservice AS Ragnar Myklebust Bøstrand olje og transport AS Per Age Bøstra d Hansabygget AS Kjell Arne Aurstad ^^- 1,- /^L- z K.A. Aurstad AS Cato Aurstad ' Z KOLO Veidekke AS Hal eir Vegsund I>1 '',, MESTA AS Opsal Betong AS Per Opsal e ^& t ^: - n 2^^ Retura Søre Sunnmøre AS Bent Jan Nilsen Toyota Sunnmøre AS Bernt Brekk ^l Vartdal Transport AS Roger Vartdal 1 1? :( Ørsta Holding AS Eldar Krøvel Am Industriprodukter AS Knut Harald Kalvatn I
Bedrift Kontaktperson Underskrift BilXtra avd Ørsta Per Arne Heltne Bjørdal bil AS Kjell-Age Vederhus Elkjøp Ørsta AS Frank Remy Kongsvoll Hovden Næringssenter AS Petter M klebust 1,-^ Posten 5r`^iN 1^jYNY2C 8 effim Myk- _... Rufo AS Knut Steinnes Spar Hovdebygda AS Ann Karin Åmås, Skeidar Ørsta AS Carsten Winje Statens vegvesen Ragnar Masdal Troll Power AS Svein Vassbotn Widerøe Svein Arne Nuen
Bedrift Kontaktperson Underskrift Avinor Arne Ulialand 1 AS Norske Shell Eirik Jensen Banetele AS Lars Petter Øye te' Bjørdal Industrier AS PE Bjørdal AS Elling Bjørdal Enøksenteret AS Torgeir Mønes Furene AS -stad Glasverkstaden Alf-Børre Otterdal NAF Søre Sunnmøre Karstein Amelfot Tussa Elling Dybdal Saferoad Kåre Johan Eikrem VØR IKS Petter Bjørdal Ams autoriserte trafikkskule AS Oddvar Am
Bedrift Kontakt person Underskrift Avinor Arne Ullaland AS Norske Shell Eirik Jensen Banetele AS Lars Petter Øye Bjørdal IndustrierAS Elling Bjørdal Enøksenteret AS Torgeir Mønes Furene AS Kjell Høydal Glasverkstaden Alf-Børre Otterdal NAF Søre Sunnmøre Oddmund Liaskar Tussa Energi AS Elling Dybdal Vik Ørsta AS Jon Erik Eneset VØR IKS Petter Bjørdal Ams autoriserte trafikkskule AS Oddvar Am i