M/S Stangfjord. Rapport etter fotodokumentasjon 08.-12.11.04. Gunnar Furre. HFS rapport nr. 8-2004 Hardanger Fartøyvernsenter



Like dokumenter
VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

M/S NYBAKK SI HISTORIE

Kulturhistoriske registreringar

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Kort omtale og vurdering av dei innkomne søknadane

Forslag frå fylkesrådmannen

Brødsbrytelsen - Nattverden

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

2013/ Rapport fra kurs i. høvelmaking

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Rapport Mandatory Assigment 06 Photo Essay. Malin Ersland Bjørgen

ROS-analyse i kommuneplan

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Krav ved godkjenning av lærebedrifter

mmm...med SMAK på timeplanen

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: Tidspunkt : 10:00

PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT

D/S Børøysund. Innreiing av lugarar og salong i forskipet m.m. Alf Storaas

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Aurland kommune Rådmannen

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

D/S Stord 1 Månadsrapport - januar 2010

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

RAPPORT ETTER ØVING LYNELD TORSDAG 20. DESEMBER 2012

Matematisk samtale og undersøkingslandskap

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

Saksframlegg. Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Sandeid skule SFO Årsplan

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

«Ny Giv» med gjetarhund

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

Stemnehandboka for NKSF

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

VOLDA KOMMUNE Samordnings- og utviklingsstaben

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

Tilleggsinnkalling til Formannskapet

Kvam herad. Arkiv: N-132 Objekt:

Desse medlemmene møtte: Olav Moritsgård Karoline Råd Hans Myklebust Sigrunn Lundestad Arnfinn Brekke

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Valdres vidaregåande skule

Samansette tekster og Sjanger og stil

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje

Antikvariske prinsipp i fartøyvernet

D/S Stord 1 Månadsrapport april-mai 2011

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

EID KOMMUNE Finansutvalet HOVUDUTSKRIFT

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

SØKNAD OM STATLEG STØTTE TIL KOLLEKTIVTRANSPORT I DISTRIKTA FOR 2010

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

NVE har valt å handsame denne saka som ei tvistesak mellom UF og Tussa. Tussa har gjeve sine merknader til saka i brev av til NVE.

Radiologi i Noreg. - fylkesvis fordeling av radiologiske undersøkingar per StrålevernRapport 2006:6B

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE

AD Travel. Brukarmanual for prøvenemnda i Hordaland Fylkeskommune FAGOPPLÆRINGSKONTORET

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Kvalitetsplan mot mobbing

Brukarrettleiing E-post lesar

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

G A M A L E N G K U L T U R

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

Den nye seksjon for applikasjonar

Transkript:

M/S Stangfjord Rapport etter fotodokumentasjon 08.-12.11.04 Gunnar Furre HFS rapport nr. 8-2004 Hardanger Fartøyvernsenter

Innhaldsoversyn: 1.0 Bakgrunn og føremål... 2 2.0 M/S Stangfjord historie og data... 3 3.0 Fotodokumentasjon... 4 4.0 Framgangsmåte... 5 5.0 Tidsbruk... 7 5.0 Utstyr og tilrettelegging... 7 6.0 Hjelpeskisser... 7 6.1 Forskip... 8 6.2 Maskinrom... 9 6.3 Salong... 10 6.4 Styrehus... 11 6.5 Dekk... 12 6.6 Ruff... 13 6.7 Styrehustak... 14 7.0 Fotolister... 15 7.1 Forskip (lugar, toalett og gang)... 15 7.2 maskinrom... 16 7.3 Salong... 16 7.4 Styrehus... 17 7.5 Dekk... 18 7.6 dekkshus... 18 7.7 Rigg... 18 7.8 Skrog... 18 8.0 Vedlegg... 19 8.1 System for deleregistrering, M/S Stangfjord... 19 8.2 Mappestruktur M/S Stangfjord... 20 1.0 Bakgrunn og føremål Som verneprosjekt har M/S Stangfjord ei snart tiårig historie. Båten blei i 1995 overført Askvoll kommune frå Norsk Hydro som kosta kjøpesummen. Målsetjinga var at båten skulle vernast som ein del av historia knytt til industristaden Stangfjord. Sidan 1995 96 har båten stått på land ved anlegget til Stiftinga Jensbua i Fjaler. Hardanger Fartøyvernsenter gjennomførte ei synfaring av båten i nov. 2002 og berekna då at kostnadane ved ei restaurering ville koma på ca. 2,5 millionar. Konklusjonen frå HFS var elles at sjølv om båten er i dårleg teknisk stand så har den stor verneverdi ut frå den er så pass komplett og dessutan har ei sterk lokal forankring. Sjølv om det er Askvoll kommune som eig båten så er det Stiftinga Jensbua som i praksis har ansvaret for prosjektet. Leiar for Jensbua Ove Losnegård har over tid arbeidd for å få båten inn på tilskotsordningane for verneverdige fartøy. Dette har resultert i tilskot frå Sogn og Fjordane Fylkeskommune som har prioritert båten høgt innafor sin post til fartøyføremål. Samstundes er tilskota frå dette hald ikkje store nok til at det er føremålsteneleg å setja i gang det omfattande arbeidet som må til. Dette inneber at situasjonen for Stangfjord framleis er uavklara. Stiftinga Jensbua formidlar at det for dei er viktig med avklaring. Her er det tale om både arealomsyn og prioritering av ressursar. I denne situasjonen har Ove Losnegård kontakta fartøyvernsenteret for 2

å få hjelp til å føra prosjektet vidare, dette som lekk i ein strategi der målet er ei avklaring av lagnaden til Stangfjord i løpet av 2005. Før eg reiste til Fjaler hadde me avtalt å arbeida med dokumentasjonen av Stangfjord, men noko endeleg arbeidsplan var ikkje lagt. Frå mi side var det formidla at det ville vera vanskeleg å byrja på noko demontering så lenge båten sin lagnad ikkje var avklara og der ein eventuell arbeidsstart uansett vil liggja noko inn i framtida. Etter vurdering på staden og samråd med Ove gjekk eg i gang med den fotoregistreringa som det vert gjort greie for nedafor. Utover dette nytta me eine dagen til å rydda lause gjenstandar ut av båten. Brukande utstyr og materiale med historie- eller dokumentasjonsverdi blei registrert og lagra medan andre ting blei kasta. Dette arbeidet blir det gjort nærare greie for i vedlegg (pkt. 8). Då eg først var ute på eit så pass langvarig eksternt prosjekt (5 dagar), fann eg det aktuelt å definera arbeidet ikkje berre som eit oppdrag, men også som eit utviklingsprosjekt. Dette er bakgrunnen for at eg går så pass grundig til verks i å beskriva framgangsmåte, tidsbruk, problem m.m. Målet er å verka til at det kan skapast gode retningslinjer for fotoregistrering av fartøy og evt. andre tekniske kulturminne. Fotoregistreringa er utført som ein del av fellestenestene som Hardanger Fartøyvernsenter gjennomfører med tilskot frå Riksantikvaren. M/S Stangfjord i fart på Stongfjorden like før 2. verdskrigen 2.0 M/S Stangfjord historie og data M/S Stangfjord blei bygt for Stangfjordens Eletrokjemiske Fabrikker. Båten vart teikna av ein av ingeniørane ved verket. Fram til krigen blei båten nytta til all slags passasjertransport til og frå den då veglause bygda Stongfjord. Under krigen tok tyskarane M/S Stangfjord og brukte den til passasjerfrakt i distriktet. Båten blei verande i Stongfjorden også etter krigen, sjølv om det no kom veg til bygda. Etter at aluminiums-verket blei nedlagt i 1945 var det A/S Stangfjordanleggene som dreiv båten. Då denne verksemda gjekk konkurs i 1952 tok ein av kreditorane M/S Stangfjord ut av bygda. Utover på 1950-talet hadde båten fleire eigarar og gjekk m.a. fleire år som oppsynsbåt under brislingfisket i Sognefjorden. I 1985 ynskte dåverande eigar Odd Erik Bostrøm i Bergen å selja. Han tok kontakt med lokalsamfunnet der båten hadde høyrt heime og Karl Vie overtok som eigar. Då Vie i 1995 måtte kvitta seg med fartøyet, ynskte han eigarar som 3

kunne ta vare på M/S Stangfjord som eit flytande kulturminne. I denne situasjonen ytte Norsk Hydro kr. 70.000,- i tilskot til Askvoll kommune for kjøp. Båten blei same år sett på land og sikra med tanke på istandsetjing. Hovuddata M/S Stangfjord Byggjeår: 1933, Byggjestad: Løfallstrand, Kvinnherad Verft: Edv. Løvfalds Skipsbyggeri Lengde o.a.: 42` Breidd: 11,7` Djuptgåande: 5,4` Skrog: Kryssarbygd skrog med 2 hud i furu på doble spant. 1,5 garnering og 2 furu dekk. Oppbygd bakk frå styrehus til framstamn. Dekkshus: Styrehus og salonghus i teak Innreiing: Styrehus og bysse over dekk. Under dekk 2- mannslugar og toalett forut, maskinrom midtskips og salong akter. Maskin: 100 hk Ford-Sabb. Montert ny 1980 3.0 Fotodokumentasjon Fotodokumentasjon er ein metode som vert nytta i samband med dei aller fleste verneprosjekt, men ofte utan noko overordna plan. Resultatet er gjerne at ein sit att med eit ufullstendig materiale og i etterkant spør seg sjølv kvifor ein ikkje tok fleire bilete medan ein hadde høve til det. Ved HFS har me gjennom arbeidet med ulike prosjekt freista å utvikla ein systematisk framgangsmåte som sikrar at båten blir best mogeleg dekka. For å få eit rikast mogeleg materiale er det viktig at dokumentasjonen blir gjennomført medan båten er mest mogeleg komplett. På denne måten får ein fastlagt plasseringa av lause gjenstandar, men også av el.opplegg og andre former for installasjonar som har ein tendens til å bli fjerna i ei tidleg fase. Elles sikrar metoden at ein også får registrert bruksspor og skavankar som det ikkje vert aktuelt å vidareføra. Hovudideen med den typen fotodokumentasjon som her vert presentert, er at objektet skal avfotograferast felt for felt inntil alt er dekka. Nokon vil kanskje meina at det bør vera tilstrekkeleg å fotografera dei områda som inneheld viktig informasjon, men dette er ikkje i tråd med vår erfaring. Den tilseier at det tidleg i prosessen kan vera vanskeleg å vurdera kva som kan verta interessant på eit seinare tidspunkt. At ein endar opp med ein del tilsynelatande overflødige og inkjeseiande motiv får ein heller leva med. Kanskje er motiva heller ikkje så inkjeseiande når dei rette spørsmåla vert stilte. Utover det at objektet er best mogeleg dekka, er det viktig at materialet får ei form som gjer det mogeleg å finna fram i etterkant. Eit oversikteleg resultat oppnår ein best gjennom ein ryddig arbeidsmåte under sjølve opptaka. Ei inndeling i sektorar og felt vil som regel vera nyttig. I tilegg bør ein sikra seg oversiktsbilete. Desse skal ikkje berre synleggjera heilskapen, men også fungera 4

som referansar som gjer det mogeleg å plassera einskildmotiva i høve til kvarandre. Elles vil det ofte vera nyttig med skisser, kart eller skildringar som brukaren kan nytta som ein nøkkel til materialet. Sjølv om eg her talar varmt for ein bestemt arbeidsmåte så meiner eg ikkje at denne metoden bør vera einerådande eller den dominerande under eit istandsettingsprosjekt. Tvert imot trur eg det er viktig å spela på flest mogeleg metodar og verkemiddel, slik at totalmaterialet best kan gjenspeila den kompleksiteten som objektet representerer. På same tid er det viktig at verkemidla står i forhold til det stadiet ein er på i prosessen og den typen informasjon ein er ute etter. Som nemnt bør den systematiske fotoregistreringa ha sin plass heilt i startfasa, eventuelt også på fastsette tidspunkt seinare i prosessen. Kanskje bør ein gjennomføra ein systematisk fotodokumentasjon av eit fartøy også når det er ferdig restaurert. Ein ville då fått eit referansemateriale som syner status ved inngangen til ein ny epoke. Elles treng arbeid etter denne metoden ikkje vera ei følgje av at ein skal i gang med ei restaurering. Kanskje kan det vera like aktuelt å gjennomgå eit fartøy på det tidspunktet det går ut av rute, når det skal hoggast, eller byggast om. I kombinasjon med andre metodar kan ein då sikra seg eit godt arkivmateriale. Dette er sjølvsagt ikkje fullgodt samanlikna med å ta vare på sjølve farkosten, men kan likevel vera eit akseptabelt alternativ innafor eit felt der ambisjonane gjerne er større enn ressurstilgangen. Fotodokumentasjon av flekkefjordskøyta Solstrand 4.0 Framgangsmåte Då eg hadde bestemt meg for å gjennomføra ein fotodokumentasjon av Stangfjord var den første utfordringa å finna ei teneleg inndeling av båten. Eg enda opp med følgjande struktur. 5

Som det går fram av illustrasjonen er inndelinga identisk med mappestrukturen som bileta ligg lagra i. Eg vil presisera at inndeling kan gjerast på mange måtar, men den bør stå i eit visst forhold til omfanget av prosjektet. For å få ei teneleg inndeling trur eg det er viktig å bruka tid i startfasa framfor å berre byrja med ein vilkårleg seksjon. Eg starta opptaka innvendig lengst framme i båten og tok så for meg sektor for sektor. Når det gjaldt styrehuset og romma under dekk så teikna eg ei skisse av kvart rom der eg passa på å få med dei mest sentrale elementa. Meininga er at skissa skal fungera som eit kart som gjer det lettare å plassera dei ulike motiva. Slike hjelpeskisser er særleg nyttige i tilfelle som dette der det er uråd å få gode oversiktsbilete. For å plassera motiva i etterkant brukar ein stundom å teikna inn den posisjonen kvart bilete er teke frå. I dette tilfellet valde eg å ikkje ta med denne informasjonen som ville blitt ganske inkjeseiande ettersom svært mange av opptaka er gjort frå same eller liknande posisjon. I staden har eg skrive fotolister der eg gjer kort greie for det einskilde motivet. Dette er arbeidskrevjande og det kan ofte vera vanskeleg å få gjort klart for kva biletet syner. Likevel vil det oftast vera ei viss hjelp i dei stikkorda ein skriv ned, særleg når ein opererer i rom der det elles kan vera vanskeleg å få oversikt. Dess meir systematisk ein klarar å arbeida, dess mindre behov vil det ofte vera for ei slik liste. Etter å ha teke oversiktsbilete starta eg gjennomgangen framme på styrbord side og arbeidde meg deretter akterover, rundt og framover langs babord side. For at det skal vera lett å plassera det einskilde motivet i ettertid, passa eg på at det einskilde biletet hadde god overlapping i høve til dei tilstøytande bileta. Etter at eg hadde vore gjennom heile rommet tok eg nærbilete av ei rekkje einskildobjekt som lampar, hyller, lysventilar og skap. Eg tok også nærbilete av listeprofilar, hjørnesamlingar, forsterkningar og annan bygningsmessig informasjon. Bileta lagra eg i den rekkefølga dei blei tekne, slik at oversiktsbileta ligg først i mappa og detaljbileta til slutt. Felt 13 b Når det gjeld dekk og andre flater i same plan så har me god erfaring med bruk av rutenett der ein fotograferer rute for rute. På denne måten får ein både ein grei arbeidsgang og eit materiale som det i etterkant er lett å orientera seg i. Heilt konkret så teikna eg opp 1 x 1 meter store ruter på dekket (inkludert rufftaket) ved hjelp av kritt. Kvar rute fekk så ei nemning i forhold til plasseringa i eit enkelt koordinatsystem (skisse 6.5). Med både rutenett og nemning avmerka direkte på dekket, blei rute for rute avfotografert. Dekkshusa (styrehuset, ruffoppbygginga, skylightet og nedgangskappa) blei fotograferte kvar for seg og materialet blei lagra i separate undermapper. Ruffoppbygginga blei inndelt i felt og fotografert systematisk frå styrbord til babord (skisse 6.6). Det same blei gjort med styrehuset, men her blei nokre av bileta sletta ved eit mistak. På dette punktet trengst det såleis supplerande materiale. Når det gjaldt styrehustaket var det vanskeleg å koma til på grunn av overbygget. Det eg gjorde var å ta så gode oversiktsbilete som det var råd. I tilegg laga eg ei oversiktskisse som viser plasseringa av dei ulike objekta (skisse 6.7). Skylight og nedgangskappe blei freista dekka best mogeleg med bilete frå ulike vinklar. Riggen til Stangfjord heng lagra under takoverbygget. Plasseringa gjorde det vanskeleg å koma til for å sjå på detaljar. Her tok eg berre eit oversiktsbilete som kanskje ikkje gjev så mykje 6

informasjon. Når eg likevel tek rigg med som eige punkt så er det mest for å markera at det er viktig å få med alt som tilhøyrer båten i samband med eit prosjekt som dette. Ved fotografering av det utvendige skroget kan det vera lurt å merka av seksjonar direkte på skroget med kritt. På Stangfjord var dette vanskeleg på grunn av skrogfargen (eg hadde berre kvitt kritt). Samstundes var det uråd å kome skikkeleg til over alt, noko som gjorde det vanskeleg å gjennomføra eit konsekvent system. Etter å ha teke oversiktsbilete fotograferte eg meg rundt båten. Her går eg ut frå at oversiktsbileta i kombinasjon med overlapping vil gje referanseopplysningar nok til at det einskilde biletet kan plasserast i samanhengen. 5.0 Tidsbruk Sjølve fotograferinga blei gjennomført på rundt rekna 3,5 arbeidsdagar. Desse dagane nytta eg også nokre timar på kveldstid til arbeid med oversiktsskissene. Eg hadde berekna noko tid i etterkant til å fullføra skisser og systematisera biletmaterialet. Dette arbeidet viste seg å ta lengre tid enn forventa, særleg arbeidet med fotolistene. Tilrådinga mi er at ein set av 6-7 arbeidsdagar til prosjekt i denne storleiken (fartøy frå 35-60 ) Er det tale om større og meir kompliserte objekt bør tidsramma utvidast. 5.0 Utstyr og tilrettelegging Bileta blei tekne ved hjelp av eit ordinert digitalt kamera (Nikon Coolpix 5000). For å få bilete med god oppløysingsevne valde eg den nest beste kvaliteten kameraet kan tilby. Dette gjev JPEG filar som ukomprimerte er ca. 14 mb. Det vert stundom tilrådd at ein lagrar fil-originalane i eit råformat som er lite utsett for kvalitetsreduksjon. Tanken er her at ein sikrar originalane best mogeleg og elles baserer seg på bruk av kopiar. Dette er ei god løysing men den føreset at ein har utstyr som kan handtera dei store filane det her vil vera tale om. Så lenge ein arbeider med båtar er det viktigaste kravet til kameraet at det har ein god vidvinkel. (7.1 mm-digit/28 mm). Dette er ein føresetnad for at ein skal få tatt meiningsfulle bilete nedi små lugarar og trange maskinrom. Ulempa er sjølvsagt at vidvinkelen endrar perspektivet. Når det er plass nok bør ein difor stilla kameraet inn på normalbrennvidd. Lysforholda vil alltid vera vanskelege nedi ein båt. Det mest nærliggande er då ty til blitz. Dette kan fungera i nokre samanhengar, men ofte vil det vera vanskeleg å dosera lyset rett, med den følgje at ein får anten for lyse eller for mørke bilete. Under arbeidet på Stangfjord nytta eg stativ i kombinasjon med kunstig lys, blitz nytta eg berre der det ikkje var plass til stativet. Lyskjelda mi var ei heilt vanleg arbeidssol. Denne gav eit kvitt og skarpt lys som sikra gode kontrastar. Lysstoffrøyr er ikkje så eigna ettersom dei normalt gjev eit meir gulaktig lys som ikkje fungerar så godt. Dette kan kompenserast ved justering av kvitbalanse- innstillinga på kameraet. Også på dekksbileta og bileta av skroget brukte eg stativ for å sikra best mogeleg kvalitet. 6.0 Hjelpeskisser 7

6.1 Forskip Toalett 8

6.2 Maskinrom 9

6.3 Salong 10

6.4 Styrehus 11

6.5 Dekk 12

6.6 Ruff 13

6.7 Styrehustak 14

7.0 Fotolister 7.1 Forskip (lugar, toalett og gang) forskip 1: Mot stuerom og kjettingkasse forskip 2: Skott mot kjettingkasse forskip 3: Mot skott, stuerom forskip 4: Styrbord skuteside, langskipsskott forskip 5: Akterskott, lugar, døropning forskip 6: Akterskott, døropning forskip 7: Hjørne, akterskott, babord skuteside forskip 8. Hjørne, skuteside skott mot stuerom forskip 9: Frontskott, opning mot stuerom forskip 10: Køye, dørk forskip 11: Køye, mot skuteside sb forskip 12: Hjørne, sb skuteside, akterskott+dør forskip 13: El-opplegg, akterskott forskip 14: Ventil, hjørne akterskott, bb side forskip 15: Livholt, detalj, bb forskip 16: Lyskasse, oversikt forskip 17: Lyskasse, detalj forskip 18: Himling, detalj, hjørne akterskott, sb side forskip 19: Døra mellom lugar og gang forskip 20: Lysventil i lyskasse forskip 21: Lyskasse, front, forskip 22: Akterskott, mot hjørne, bb skuteside forskip 23: Lysventil, bb, detalj forskip 24: toalett, skuteside forskip 25: toalett, skott m. lysventil forskip 26: toalett, hjørne akterskott-skuteside forskip 27: toalett, hjørne skuteside-framskott forskip 28: toalett, himling, lysventil forskip 29: toalett, akterskott forskip 30: toalett, dørk forskip 31: toalett, benk forskip 32: gang, hylle under leider forskip 33: gang, hylle under leider, detalj forskip 34: gang, nedgang forskip 35: gang, nedgang 2 forskip 36: gang, lyskasse frå gangen forskip 37: gang, toalettdør forskip 38: gang, skyvedør, maskinrom forskip 39: gang, leider forskip 40: gang, leider, detalj forskip 41: gang, lyskasse mot lugar forskip 42: gang, dørk 15

7.2 maskinrom maskin 1: Oversikt, mot frontskott maskin 2: Hjørne frontskott-sb-side maskin 3: Dieseltank sb-side maskin 4: Akterst del sb-side maskin 5: Skap og smøreoljetank, sb-side, akter maskin 6: Dørk m. benk, sb-side, teke frammafrå maskin 7: Benk, sb-side maskin 8: Akterskott- mot salong maskin 9: Trappenedgang frå maskin maskin 10: Hjørne bb-side-akterskott maskin 11: Dørk bb-side maskin 12: Maskin, aktafrå maskin 13: bb-side, batteri maskin 14: bb-side mot frontskott maskin 15: bb-side mot frontskott maskin 16: Ruff-himling, sb-side maskin 17: Tverrskipsforsterking i jern maskin 18: Tverrskipsforsterking i jern maskin 19: Tverrskipsforsterking i jern maskin 20: Tverrskipsforsterking i jern maskin 21: Tverrskipsforsterking i jern maskin 22: Skap og smøreoljetank, sb-side maskin 23: Oppbygging, skapdør maskin 24: Lysventil, sb-side maskin 25: El-lampe akter maskin 26: El-lampe framme maskin 27: Gear 7.3 Salong salong 1: Oversikt, teke frå aktre del av salong salong 2: Oversikt, mot framskott salong 3: Oversikt, mot akterskott salong 4: Skuteside, sb fremste del salong 5: Skuteside, sb, køye salong 5-2: Køye, sb fremste del, salong salong 6: Ruffoppbygging sb, med lysventilar salong 7: Refleksovn, fliser salong 8: Ruff over refleksovn m. lampe salong 9: Akterskott m. vaskemøbel salong 10: Køye, sb, akterdel salong salong 11. Vaskemøbel salong 12: Vaskemøbel, open salong 13: Køye, bb, akterdel salong salong 14: Manglar salong 15: Skylight salong 16: Mot halvskott bb-side, teke frå aktre del salong salong 17: Mot halvskott bb-side, teke frå fremre del salong salong 18: Køye, fremre del av salong, bb-side salong 19: Fremre del køye 16

salong 20: salong 21: salong 22: salong 23: salong 24: salong 25: salong 26: salong 27: salong 28: salong 29: salong 30: salong 31: salong 32: salong 33: salong 34: salong 35: salong 36: salong 37: salong 38: Bilete manglar Køye bb- side mot frontskott Salongbord Ruffoppbygging, skap, bb-side Klesskap, fremst, bb-side Leider frå styrehus Frontskott m dør til maskin og oppgang Avstivingskonstruksjon nede, jern Avstivingskonstruksjon oppe, jern Himling, hol truleg etter tidl. ovnsrøyr Fylling, dør til maskin Krok i taket etter mogeleg oppslagskøye Lysventil, sb side Trappehals med linoleum (leider fjerna) Detalj leider Parafinlampe, på halskott over refleksovn Dørhengsle, dør til maskinrom Ruff m. hjørnestolpe Lysarmatur m. kuppel, akterste lyspunkt 7.4 Styrehus styrehus 1: Frontskott, bb-side styrehus 2: Frontskott sb-side styrehus 3 Frontskott, hjørne mot sb styrehus 4: Fremste del av sb side (blenda dør) styrehus 4-2: Midtre del av sb-side, inkl klaffbord og eksosrøyr styrehus 4-3: Midtre del av sb-side, inkl klaffbord og eksosrøyr styrehus 5: Benk langs sb-side styrehus 6: hjørne sb-side-akterskott m. bysse styrehus 7: hjørne sb-side-akterskott m. bysse, oversikt styrehus 8: Oversikt hjørne akterskott-bb-side styrehus 9: Hjørne, akterskott-bb-side styrehus 10: Manglar styrehus 11: Speil på skott v. dør bb-side styrehus 12: Sjøkart og lampe- himling styrehus 13: Nedgang til salong 1 styrehus 14: Nedgang til salong 2 styrehus 15: Nedgang til salong 3 styrehus 16: Sliten dørk v. styreposisjon styrehus 17: Eksosrøyr styrehus 18: Himling m. kart styrehus 19: Kleskrok, midt på sb-side styrehus 20: Hjørne, vindauge, sb-side styrehus 21: Handtak, lyskastar styrehus 22: Parafinlampe over nedgang styrehus 23: Natthus styrehus 24: El-lampe i himling, kart styrehus 25: El-opplegg sb-side, bysse styrehus 26: Hattehylle, sb-side 17

styrehus 27: Krok for lampe 7.5 Dekk Her er ikkje skrive liste då motivet vil gå fram av skisse 7.6 dekkshus Nedgangskappe Nedgangskappe 1: Nedgangskappe 2: Nedgangskappe 3: Nedgangskappe 4: Kappe, teke akta frå mot baug Teke frammafrå mot styrehus Detalj; hengsle Teke ovafrå, ope lok Ruff Her er ikkje skrive liste då motivet går fram av skisse Skylight Skylight 1: Skylight 2: Skylight 3: Skylight 4. Oversikt frå styrehustak Ope, teke akta frå Hjørne, framme Lyskasse fordekk (fleire bilete under dekksmappa) Styrehus Styrehus_ut 1: Taket, teke akterover mot vasstank Styrehus_ut 2: Taket teke frammafrå Styrehus_ut 3: Taket, teke frammafrå Styrehus_ut 4. Fronten m. nedgang Styrehus_ut 5: Fronten Styrehus_ut 6: Teke aktanfrå, inkl. rufftak Styrehus_ut 7: Teke frammafrå, inkl lyskass Styrehus_ut 8: Vinaugsrekke, front (bilete av styrehussidene manglar, slike bør takast ved høve) 7.7 Rigg Rigg1: Oversiktsbilete av riggen som heng under overbygget 7.8 Skrog Skrog 1-3: Skrog 4-24: Skrog 25: Skrog 26: Skrog 27: Skrog 28: Oversiktsbilete, frammafrå Bileta er tekne i rekkefølge frå baugen, langs styrbord side, rundt hekken og fram lang babord side. klyss gjennom svinerygg, sb-side Ror m. jernplate Skjørnagle i hekksoppbygging Hekk, propell, rorhel 18

8.0 Vedlegg 8.1 System for deleregistrering, M/S Stangfjord Som nemnt nytta me ein dag til å rydda ut av båten og sikra dei lause gjenstandane som stod om bord. Dette var etter at eg var ferdig med å fotografera i dei aktuelle områda og objekta si plassering skulle såleis vera dokumentert. Den største utfordringa vår var å skilja mellom gjenstandar som hadde interesse og det som var meir å karakterisera som rusk og rask. Når me plukka ut gjenstandar som skulle takast vare på la me til grunn eit breitt kulturhistorisk perspektiv. Såleis plukka me ikkje berre ut dei tinga som direkte hadde noko med drifta av båten å gjera, me sikra også at det blei teke vare på ting som hadde med personar og sosialt liv å gjera. Såleis tok me vare på yatzyblokkene som låg i salongen og askebegra i styrehuset. Meir i tvil var me om ei samling med triviallitteratur frå 80- talet (t.d.sexy -western) var å sjå på som verneverdig. Etter litt diskusjon blei bøkene innlemma i samlinga, registrerte under eit samlenummer. Tomme oljekanner, glassfiberduk, presenningar og gamle klede tok me derimot ikkje vare på. Tåkeluren: nr. 4-6 Det me hadde som prinsipp var at berre lause gjenstandar skulle takast ut. Her utvida me kategorien litt då me også valde å demontera lampar, natthus, kompass og lyskuplar. Dette blei gjort for å sikra desse gjenstandar mot skader dersom det skulle bli sett i verk vidare arbeid om bord. Då me registrerte delane la me til grunn det same systemet som var etablert i samband med fotograferinga. Dette innebar at gjenstanden fekk eit nummer som viste både til område og løpenummer innafor området. Styrhuset hadde nummer 4 og når tåkeluren var den sjette gjenstanden som blei registrert her, blei nummeret 4.6. Utdrag av registreringslista for styrehuset 19

Som det går fram av biletet over blei kvar gjenstand merka med ein lapp der nummeret stod. Fotofila blei gjeve eit namn tilsvarande gjenstanden sitt nummer. For å forenkla arbeidet blei ei rekkje einskildgjenstandar lagra under same nummer som t.d. bøker, kart og div. utstyr. Alle dei registrerte gjenstandane er no sette på eit godt tørt lager på loftet i sjøhuset til Jensbua Under arbeidet med å rydda ut kom det også for ein dag nokre dokument direkte knytt til drifta av båten. For å få desse med i registreringa blei dei også fotograferte og lagra under ei eiga dokumentmappe (nr. 6). Nr. 6-2 8.2 Mappestruktur M/S Stangfjord 20