Arbeidsgrupper rekruttering har i perioden juni 2012 og fram til 18. februar 2013 arbeidd fram Handlingsplan for rekruttering 2013-2017.

Like dokumenter
Attraktiv arbeidsgivar?

Ein tydeleg medspelar i heile rekrutteringsprosessen

Ein tydeleg medspelar. KS omdøme. Sluttrapport

Korleis kan du i din jobb utvikle deg til å bli ein tydleg medspelar?

Samferdsel i Møre og Romsdal fylkeskommune = regional utvikling

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Gode resultat er målet for alt arbeid i fylkeskommunen.

Møre og Romsdal fylke som regional utviklingsaktør - "Arbeidsgivarpolitikk for framtida"

Kvalitetsplan mot mobbing

Vil du bli internkonsulent/prosessveileder?

ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM GOL KOMMUNE , vedteke i Formannskapet, sak 0001/04, for

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Bakgrunn Sentral opplæringsplan blir med dette lagt fram for hovudsamarbeidsutvalet, og gjeld forslag til opplæringstiltak for året 2008.

Lokale arbeidstidsavtalar moglege løysingar og utfordringar Del 1: Rolleforståing

Møteinnkalling. Eventuelt forfall skal meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. Sakliste

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI

Giske kommune. Ord blir handling. Kvalitetsplan for skule, barnehage og SFO

Prosedyre for handsaming og rangering av overtalige - pedagogisk personale ved dei vidaregåande skulane

Forfall meldast snarast til Pia Rørby Ruud ( ) eller tenestetorget ( ). Saker til behandling

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Strategi for kompetanseutvikling

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

Studieplan Funksjonsretta leiing for påtaleleiarar

Førebuing til intervju

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

Kommunikasjonsplan Fylkesplan , regional plan for Møre og Romsdal

ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE

AGP for meg? Jon Hjortdal Rektor, Stranda vgs

HANDLINGSPLAN FOR FRÆNA VGS SITT IA ARBEID:

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/ juni 2009

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

1. UInnledning: 2. USituasjonsbeskrivelse:

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Ottar Bjørkedal Eid vgs

STRATEGIPLAN HØGSKOLEN I ÅLESUND

KVALITETSPLAN OLWEUS ÅGOTNES SKULE 2014

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT

Samarbeidsavtalefor NAV fkmli

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

SOGN driftig raus ekte

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Lærerspesialisten invitasjon til å delta i pilotering

Rettleiar for medarbeidar-/ utviklingssamtalen

«Ein tydeleg medspelar, som vågar litt meir!» om koplinga Fylkesplan og samfunnsoppdraget til fylkeskommunen. AGP-konferansen Molde,

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

AVTALE MELLOM SPELEREGLAR FOR PROSESS FOR DRIFTSTILPASSING

Møre og Romsdal fylkeskommune regional utviklar og ein tydeleg medspelar til samfunnsutviklinga i Møre og Romsdal

STYRESAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Trond Søreide SAKA GJELD: Internrevisjon i Helse Vest av bierverv STYREMØTE: FORSLAG TIL VEDTAK

Kommunen sin lønspolitikk må vere konkurransedyktig, og ta omsyn til den arbeidsmarknaden og dei behov kommunen til ei kvar tid har.

Plan for overgangar. for barn og unge

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Læringsleiing. Skulesjefen, Fjell kommune.

Austevoll kommune MØTEINNKALLING

GSI'09. Voksenopplæring (Vo) rettleiing. nynorsk

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

Samling med kommunane 4.juni 2013

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Personalpolitikk med fokus på seniorene Møre og Romsdal fylkeskommune. Temadag om arbeidsgiverpolitikk for seniorer

Tiltaksplan

AGP - vegen vidare. Medarbeidarskap og tydeleg kultur for læring og utvikling

Særavtale om veiledarfunksjon for nyutdanna lærarar.

3. MÅLEKART FOR BARNEHAGE, GRUNNSKULE, KULTURSKULE OG VAKSENOPPLÆRING

Strategi Ny kunnskap ny praksis

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Samling hjå fylkesmannen 23.januar 2013

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Barnehageplan for Vinje kommune

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Jan Helgøy, Ordførar i Vanylven kommune

8. september ProsjektplanK= Engagement letter. Hordaland fylkeskommune Selskapskontroll Beredt AS = =

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2

Sogn lokalmedisinske senter

Stemnehandboka for NKSF

Kommunikasjonsmål: Strategier for å nå kommunikasjonsmålene:

Rekruttering av nye medarbeidarar til Møre og Romsdal fylkeskommune

Leiarutviklingsprogram for Møre og Romsdal fylkeskommune

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Regionalt bygdeutviklingsprogram i Rogaland 2013

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 09.00

ARBEIDSVILKÅR FOR FOLKEVALDE

Ein tydeleg medspelar. Arbeidsgivarpolitisk

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Transkript:

1

Arbeidsgrupper rekruttering har i perioden juni 2012 og fram til 18. februar 2013 arbeidd fram Handlingsplan for rekruttering 2013-2017. I møte i styringsgruppa for arbeidsgivarpolitkk, 18. februar 2013 var planen vedtatt. Arbeidsgruppe rekruttering har hatt slik samansetting: Seksjonsleiar utdanning Line Sandøy Hjelle Rektor v/ Rauma vgs Erik Brekken Personal v/ Ålesund vgs Kristine Hekkås Administrasjonssjef Nils Gunnar Solli Informasjonssjef Per Vidar Kjølmoen Rådgivar personal Marianne Bye Assisterande fylkestannlege Morten Larsen Utdanningsforbundet v/ Gerd Botn Brattli 2

Handlingsplan for rekruttering av nye medarbeidarar til Møre og Romsdal fylkeskommune Handlingsplana for rekruttering bygger på arbeidsgivarpolitikk for framtida. Val av innsatsområde i fylkeskommunen sin arbeidsgivarpolitikk er gjort mellom anna for å møte utfordringane knytt til å behalde og rekruttere ny arbeidskraft. Del 1 Overordna mål og gjennomgåande perspektiv 1.1 Overordna mål I konkurranse om arbeidskraft vil Møre og Romsdal fylkeskommune bli oppfatta som ein tydeleg medspelar til samfunnsutviklinga i regionen og ein attraktiv arbeidsgivar for høgt utdanna og godt kvalifiserte søkjarar. Møre og Romsdal fylkeskommune har høg kvalitet og profesjonalitet i rekrutteringsarbeidet. I rekrutteringsprosessen er nettsida og intranett kjelde til informasjon om arbeidsgivar og om rekrutteringspolitikk, samt verkty for rekruttering. https://mrfylke.no/organisasjon/arbeidsgivar- HR/Arbeidsgivarpolitikk Det blir stilt krav til at tilsettingsutval og alle andre som tek del i rekrutteringsprosess er medviten vår felles visjon EIN TYDELEG MEDSPELAR og våre felles verdiar RESPEKT, LIKEVERD, OPENHEIT, MEDRÅDERETT, FELLESSKAPSANSVAR som grunnlag for alle vurderingar i rekrutteringsarbeidet. 1.2 Gjennomgåande perspektiv i all rekruttering skal vere - likestilling og mangfald Fylkesplan for Møre og Romsdal er overordna plandokument for all regional utvikling. Eit av resultatmåla under tema gjennomgåande perspektiv er likestilling og inkludering, med mål om reelle valmoglegheiter innanfor utdanning og arbeidsliv for alle. Møre og Romsdal fylkeskommune som stor offentleg arbeidsgivar, er samfunnsmedviten aktør i samband med rekruttering av nye leiarar og medarbeidarar, og legg vekt på tiltak som sikrar likestilling og mangfald i arbeidsstokken. Resultatmål All rekruttering til Møre og Romsdal fylkeskommune skal legge vekt på likestilling mellom kjønn og mellom minoritetar og majoritetar i alle deler av organisasjonen. Grunnlag for vurdering i all rekruttering skal vere: 3

o Utdanning, kompetanse, erfaring, kjønn og mangfald, jf Hovudtariffavtalen kap. 1, 2, pkt 2.2, o Likestillingsloven og Diskrimineringsloven Likestilling og mangfald skal vere ein del av vurderinga ved samansetting av team og organisasjon. Fylkesrådmannen har ansvar for at likestilling og mangfald blir innarbeidd i heile organisasjonen som vurderingskriterier ved rekruttering. Annonse: Fylkeskommunen skal ha ei samansetting av arbeidsstokken som speglar likestilling og mangfald, alle med relevant kompetanse er velkommen til å søkje stilling hos oss. Leiarar med ansvar for rekruttering har ansvar for å arbeide for rekruttering i tråd med krav om likestilling og mangfald. 1.3 Møre og Romsdal fylkeskommune legg vekt på at analyse av rekrutteringsbehov er analyse av organisasjonen. Kvart år arbeider vi med verksemdsplanlegging, som kjem til uttrykk i slik som verksemdplan, kvalitetsplan, stillingsplan og budsjett. Alt planarbeid skal vere tufta på fylkesplanen, som gir overordna mål og retning for all vår verksemd. Plandokumenta peiker ut innsatsområde på kort og lang sikt. Dei gir overordna måla for verksemd og fagområde, definerte behov for ressursar (både økonomi- og fagbehov), kva for teknologiske utfordringar verksemda ser vil kome og kva for strukturar som må etablerast for å nå måla. I eit rekrutteringsperspektiv vil nemnte planprosessar saman med Kompetanse- og rekrutteringssjekken tene som overordna analyse av rekrutteringsbehov. http://mrfylke.no/intranett/arbeidsgivar-hr/arbeidsgivarpolitikk/leiar-ogmedarbeidarutvikling/kompetanse/kompetanse-og-rekrutteringssjekken Alle lokale einingar og avdelingar i fylkeskommunen skal kvart år skaffe seg oversikt over rekrutteringsbehov gjennom kompetanse- og rekrutteringssjekken, anten knytt til det årlege VP/stillingsplanarbeidet/kvalitetsplan ved dei vidaregåande skolane, eller som ein årleg analyse av behov knytt til VP og budsjettarbeidet i desember. Del 2 4

Rekruttering av nye leiarar og medarbeidarar til Møre og Romsdal fylkeskommune i perioden 2013-2017 Handlingsplan med resultatmål Internt perspektiv Resultatmål 1 Møre og Romsdal fylkeskommune følgjer utviklinga i arbeidsstokken gjennom årleg analyse av personalstatistikk, og vil innrette rekrutteringsaktivitet med analysen som grunnlag. Analyse av personalstatistikk gir informasjon om status i arbeidsstokken knytt til stillingskategori og alder, stillingskategori og kjønnsrepresentasjon. Analysen vil vidare gi informasjon om rekrutteringsutsette grupper som saman med organisasjonsplanen gir retning for rekrutteringsaktivitet og val av marknadssegment for marknadsføring. Årleg statistikk med analyse legg vekt på: aldersfordeling alle stillingsgrupper generelt aldersfordeling og stillingskategori mangfald i arbeidsstokken stillingskategori og kjønnsrepresentasjon stillingskategori og rekrutteringsutsette grupper strategisk viktige stillingar Gir informasjon som grunnlag for tiltak: Rekrutteringsutsette grupper/stillingskategori Grupper med behov for utdanning eller vidareutdanning Val av marknadsføring: kva for medier/ sosiale medier er relevante- Val av nettverk(karrieredagar)- knytt til rekrutteringsutsette grupper/fagområde Fylkesrådmannen har kvart år ansvar for å skaffe personalstatistikk, analysere, vurdere og legge den fram for styringsgruppa for arbeidsgivarpolitikk. Fylkesrådmannen har vidare ansvar for å innrette overordna informasjon, marknadsføring, val av annonsekanal, val av karrieredagar og liknande etter analyse av statistikken. Alle verksemder nytter personalstatistikk med analyse som informasjonsgrunnlag for rekruttering. Resultatmål 2 5

Møre og Romsdal fylkeskommune skal ha høg kvalitet og profesjonalitet i alt rekrutteringsarbeid. Rekruttering av nye leiarar og medarbeidarar skal ha sitt grunnlag i: Kompetanse- og rekrutteringssjekken Stillingsanalyse Intervju Referanseintervju Dokumentert formell utdanning Dokumentert erfaring Case, gruppe-prosessar og liknande. Vurdering av kandidat knytt til utdanning, erfaring, intervju/referanseintervju, observasjonar av case og liknande opp mot dei definerte behova Likestilling og mangfald skal vere gjennomgåande perspektiv Fylkesrådmannen har ansvar for å sikre: høg kompetanse og formelt grunnlag inn i alle reglement og retningslinjer og gjere desse tilgjengeleg: Kompetanse- og rekrutteringssjekken Tilsetjingsreglement Stillingsanalyse Retningslinje - VISMA rekruttering Retningslinje intervju Retningslinje referanseintervju Informasjon om rekruttering av utanlandsk arbeidskraft via NOKUT Sikkerheit i rekruttering kvalitetssikring av CV og vitnemål Retningslinje - vurdering og tilråding med forslag til vedtak Mal arbeidsavtale og skjema for teieplikt Fylkesakademiet har ansvar for: Kompetanseutvikling av alle tilsettingsutval i fylkeskommunen med årlege tiltak Etablering av internkonsulentar i rekruttering gjennom kompetanseutvikling - sertifisering av nøkkelpersonell i rekruttering Alle leiarar med ansvar for rekruttering har ansvar for at: Lokale tilsettingsutval skal ha høg kompetanse og profesjonalitet i heile rekrutteringsprosessen Alle rekrutteringsprosessar blir gjennomførte med høg kompetanse og profesjonalitet. Resultatmål 2.1 Møre og Romsdal fylkeskommune tek i bruk ny modell for intervju og vurdering av grupper med søkjarar. Einingar eller avdelingar med stort rekrutteringsbehov, fleire ledige stillingar i same tidsperioden, kan ta i bruk ny rekrutterings-modell, som og er rekruttering med heimel i lov og avtaleverk. Modellen gir profesjonell rekrutteringsprosess med heile leiargruppa/tilsettingsutval representert. 6

Modellen er ei arbeidsform for kommunikasjon og vurdering av fleire søkjarar i samhandling med kvarandre og med arbeidsgivar, gjennom ein heil dag. Modellen viser til kjøreplan for all samhandling gjennom dagen. Gruppe-rekruttering modell/arbeidsform Verksemder med mellom 5-10 ledige stillingar i same tidsperioden, til dømes på dei vidaregåande skulane, med mange søkjarar og mange intervju. Modellen legg til rette for vurdering av søkjarar i arbeid med case og i samhandling og gir relevant og solid grunnlag for vurdering. Arbeidsforma involverer heile leiargruppa med tillitsvalte ved verksemda. Døme på situasjonar der modellen er godt egna: Stillingplan eller verksemdsplan viser mange ledige stillingar innan same tidsperiode Mange utlyste stillingar i same tidsperioden Mange søkjarar i same tidsperioden Mange individuelle intervju Fylkesrådmannen har i 2013 ansvar for at modellen blir gjort kjent. Sentrale ressursar blir frigjort for å støtte opp lokale verksemder i bruk av rekrutteringsmodellen. Leiarar med ansvar for rekruttering skal i løpet av perioden 2013 2017 ta i bruk ny modell / arbeidsform ved rekruttering av fleire søkjarar i same tidsperioden. Resultatmål 3 Alle nye leiarar og medarbeidarar skal bli introduserte for fylkeskommunen sine samfunnsoppdrag, visjon og verdigrunnlag gjennom fylkesrådmannen sine introduksjonskurs I løpet av 2013 skal alle nye leiarar og medarbeidarar blir introdusert for fylkeskommunen gjennom e-læringsprogram Innan juni 2014 skal alle nye leiarar og medarbeidarar bli tatt imot med introduksjonsprogram ved alle lokale einingar Fylkesrådmannen har ansvar for: Vidare utvikling av konseptet overordna introduksjonsdagar for alle nye leiarar og medarbeidarar. Årlege overordna introduksjonsdagar for alle nye leiarar og medarbeidarar. I løpet av 2013 - Utvikling av e-læringsprogram knytt til introduksjon til fylkeskommunen. Sikre god kvalitet på mal og vegvisar for lokale introduksjonsprogram. Leiarar ved kvar eining har ansvar for: Å legge til rette for at alle nye leiarar og medarbeidarar tek del i overordna introduksjonsdagar. Legge til rette for at alle nye leiarar og medarbeidarar gjennomfører e-læringskurs introduksjon. Innan juni 2014 å utvikle lokale introduksjonsprogram, integrert rettleiing av nytilsette lærarar eller andre faggrupper. Gjennomføre lokale introduksjonsprogram for alle nye leiarar og medarbeidarar. Fylkesakademiet har ansvar for å arrangere overordna introduksjonsprogram årlege dagar i september og april, sjå intern kalender. 7

I løpet av 2013 blir E-læringsprogram utvikla og gjort tilgjengeleg som program for alle nye leiarar og medarbeidarar. Leiarar ved kvar verksemd eller avdeling har ansvar for å utvikle solide introduksjonsprogram for alle nye leiarar og medarbeidarar med frist juni 2014. Resultatmål 4 Møre og Romsdal fylkeskommune legg til rette for attraktive verkemiddel til bruk for rekruttering av leiarar og medarbeidarar. Verkemiddel til bruk i rekruttering Unike samfunnsoppdrag Tidsriktig arbeidsgivarpolitikk for utvikling og nyskaping Lokal lønnspolitikk Stolte og gode fag- og arbeidsmiljø Gode forsikrings-, pensjons - og låneordningar gjennom KLP eller STP Livsfase-tiltak Fagkarriere og kompetanseutvikling Introduksjon og rettleiing av nye leiarar og medarbeidarar Medarbeidar- og utviklingssamtale Leiarutviklingsprogram for nye leiarar Flyttegodtgjering Fylkesrådmannen har ansvar for å utvikle, tilpasse og gjere tilgjengeleg verkemidla for rekruttering. Leiarar ved kvar eining har ansvar for å ha kunnskap om verkemiddel til bruk for rekruttering og nytte dei for rekruttering. Delmål 5 I løpet av perioden 2013-2017 legg vi til rette for å gi unge høgt utdanna eller unge under utdanning læringsperiodar i våre verksemder. 5.1 Trainee inn i fylkeskommunal verksemd Fylkeskommunen held fram som medlem inn i KOMtrainee og TIM Trainee-ordningane gir fylkeskommunen: Høgt utdanna arbeidskraft under trening, for periodar på 8 månader Nettverk for rekruttering Mogleg arbeidskraft for framtida I løpet av 2014 legg fylkeskommunen til rette for at 4 trainee er i engasjement hos oss. I løpet av perioden 2015-2017 legg fylkeskommunen til rette for at 6 trainee er i engasjement hos oss. 8

5.2 Studentar i engasjement for eiga utdanning. Fylkeskommunen tek kontakt med utdanningsinstitusjonar og legg til rett for at studentar under arbeid med masteroppgåve eller i anna relevant høgare utdanning, kan hospitere eller vere i engasjement i våre verksemder. Ordninga kan gi mogleg arbeidskraft for framtida. Alle verksemder og avdelingar nytter ordninga. I løpet av 2014 legg fylkeskommunen til rette for at 6 studentar er i relevante engasjement hos oss. 5.3 Læringar i fylkeskommunal verksemd. Fylkeskommunen legg vidare til rette for læringar. Ordninga er godt integret, men må vidareførast. Lærlingar i arbeid hos oss kan gi mogleg arbeidskraft innan fleire driftsoppgåver. Alle verksemder og avdelingar kan nytte ordninga. 5.4 Nettverk og hospitering mellom næringsliv og fylkeskommune Fylkeskommunen nytter sine nettverk i trainee-samanheng eller andre relevante nettverk og etablerer hospitering mellom lokalt næringsliv og fylkeskommunen. Ordninga kan bli etablert. I løpet av 2014 legg fylkeskommunen til rette for 4 hospiteringsplassar. I løpet av perioden 2015 2017 legg fylkeskommunen til rette for 6 hospiteringsplassar. Delmål 6 I perioden 2013 2017 blir alumni vurdert som verkemiddel i kampen om arbeidskrafta Alumni er nettverk av tidlegare tilsette eller tidlegare elevar, som verksemda held kontakt med i eit rekrutteringsperspektiv. Alumni representerer eit nyttig nettverk med tanke på kommunikasjon med potensiell arbeidskraft. Modell: Tilsette som seier opp si stilling i fylkeskommunen, blir inviterte inn i alumni. Avgangselevar blir inviterte inn i alumni. Verksemda held kontakt via mailadresse eller facebook profil eller anna kommunikasjonskanal. Verksemda held målgruppa orientert om nyhende og om ledige stillingar. Verksemda legg til rette for eit treff, julelunsj eller anna med informasjon om verksemda, om behov for arbeidskraft og om kommunen si utvikling og muligheiter. Alumni kan vere egna for informasjonsmøte mellom verksemda, tidlegare tilsette eller elevar, næringsliv og kommune. Fylkesrådmannen presentere alumni som verkty for alle verksemder. Leiarar ved kvar verksemd eller avdeling kan nytte alumni som verkty i arbeidet med rekruttering. 9