204 Utval : FORMANNSKAPET Møtestad : Rådhuset Møtedato : 24.08.10 Tid : 09.00 MØTEINNKALLING SAKLISTE: Utvalsaknr. Arkivsaknr. Tittel PS 75/10 10/685 TOMTANE 3 OG 4 I ONARHEIM I PS 76/10 10/406 U Ofl 23 PÅSKJØNING FOR LANG OG TRU TENESTE PS 77/10 10/681 ENDRINGA AV STILLINGHEIMLAR - REINHALDAR - ONARHEIM SKULE/ONARHEIM BARNEHAGE
205 MØTEBOK Utval Møtedato FORMANNSKAPET 24.08.10 Arkivsak : Arkivkode: 10/685 505 - Sakshandsamar: Audun Hovland Handsamingar: Utval Møtedato Saksnummer FORMANNSKAPET 24.08.10 PS 75/10 TOMTANE 3 OG 4 I ONARHEIM I Vedlegg: 1. Skriv frå Jurgita Bubilaite og Åge Enes 2. Kartutsnitt SAKSUTGREIING: Jurgita Bubilaite og Åge Enes har 10. d.m. søkt om å få kjøpa tomtene 3 og 4 i byggjefeltet Onarheim I. Tomt nr. 3 har gnr. 152, bnr. 71 og tomt nr. 4 har gnr. 152, bnr. 72. Byggjefeltet Onarheim I vart tilrettelagt for rundt 30 år sidan. Alle tomtene i feltet, med unnatak av tomt nr. 4, har vorte selde. Tomt nr. 3 har vore selt til to ulike kjøparar utan at det har kome til bustadbygging på tomta. Denne tomta vart tilbakeført til kommunal eige for kr. 43.115,60 tidlegare i år. Tomt 3 er 1.013,6 m2 og tomt 4 er 877,5 m2. Prisen for tomt 4 vert kr. 41.958,75. Denne prisen vert då lagt under same føresetnader som tomt 3: Kr. 8,50 pr. m2, kr. 29.500,- i refusjon for opparbeiding av veg, vatn og kloakk og kr. 5.000,- i refusjon for straumframføring i kabel. Dette er dei opphavelege føresetnadene for tomtene i dette feltet. Utover dei her nemnde totalsummane vil det liggja oppmålingsgebyr, tinglysing målebrev, tinglysing skøyte og dokumentavgift skøyte med ca kr. 5.500,- pr. tomt. Kjøparane til tomtene i dette feltet fekk i si tid byggjeklare tomtar til rundt kr. 50.000,- pr. tomt. Eit par tomtar vart gjennom Ut av trengsla kampanjen i 1992 sett ned til kr. 25.000,-. Arronderinga o.a. på tomtene 3 og 4, samanheldt med vegsystemet i feltet, gjer det naturleg å sjå desse tomtene under eitt. Tomtene 3 og 4 er ferdig oppmålte og har fått eigne bnr. Målebreva er tinglyste. Det må vera rimeleg at kjøpar tek kostnadene med tinglysing av skøyte og dokumentavgifta knytt til dette.
206 Med den interessa det har vore for desse to tomtene sidan byggjefeltet vart tilrettelagt, finn me etter ei samla vurdering å gje slik: INNSTILLING FRÅ RÅDMANNEN: Jurgita Bubilaite og Åge Enes får kjøpa tomtene 3 og 4 i byggjefeltet Onarheim I. Kjøpesummen vert sett til kr. 66.000,-. Det er ein føresetnad at kjøparane tek overdragingskostnadene i høve heimelsoverføringa. VEDTAK I FORMANNSKAPET 24.08.10: I samsvar med innstilling.
207 MØTEBOK Utval Møtedato FORMANNSKAPET 24.08.10 Arkivsak : Arkivkode: 10/681 031 - Sakshandsamar: Steinar Dalland Handsamingar: Utval Møtedato Saksnummer ADMINISTRASJONSUTVALET 24.08.10 PS 10/10 FORMANNSKAPET 24.08.10 PS 77/10 ENDRINGA AV STILLINGHEIMLAR - REINHALDAR - ONARHEIM SKULE/ONARHEIM BARNEHAGE SAKSUTGREIING: Per i dag er det eigne stillingar knytt til reinhald i Onarheim barnehage og Onarheim skule. Skule og barnehage er lokalisert i same bygg og det bør såleis vera rom for å sjå desse stillingane i samanheng. I barnehagen er det ei stilling som reinhaldar på 20 % som over tid har vist seg å vera vanskeleg å rekkruttera til. På Onarheim skule vert det no, med eit visst atterhald, ledig ei stilling som reinhaldar på 31,54 % Dersom stillingane vert sett i samanheng vert det ei stilling på 51,4 %, venteleg vil det vera noko enklare å tilsetja i ei slik stillingsstorleik. Det er elles ønskjeleg at denne type små stillingar vert fasa ut når det er høve til det. Oppvekstsjefen gjev i e-post 12. august d.å. slik tilråding: Eg vil rå til at denne stillinga ( heimel 2210) vert sett i samanheng med stillinga som reinhaldar i Onarheim barnehage ( 20 % heimel 2054) og at desse stillingane vert omgjort til ei stilling på til saman 51,54 % Samanslåing av stillingane inneber følgjande endringar i heimelsregisteret: Heimel 2054 20 % stilling som reinhaldar i Onarheim barnehage vert avskipa. Heimel 2054 31,54 % stilling som reinhaldar på Onarheim skule vert utvida til 51,54 % stilling med tenestestad Onarheim skule og Onarheim barnehage. INNSTILLING FRÅ RÅDMANNEN: Heimel 2054 20 % stilling som reinhaldar i Onarheim barnehage vert avskipa.
208 Heimel 2210 31,54 % stilling som reinhaldar på Onarheim skule vert utvida til 51,54 % stilling med tenestestad Onarheim skule og Onarheim barnehage. Utbetaling skjer forholdsmessig mellom tenestestad 2120 og 2220. TILRÅDING FRÅ ADMINISTRASJONSUTVALET 24.08.10: I samsvar med innstilling. FRAMLEGG TIL VEDTAK FRÅ FORMANNSKAPET 24.08.10: I samsvar med tilråding frå administrasjonsutvalet.