Villsau frå norskekysten. Beskytta geografisk nemning



Like dokumenter
Kom skal vi klippe sauen

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

«Ny Giv» med gjetarhund

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Villsau på den norske vestkyst. Mons Kvamme, Lyngheisenteret, Norge.

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

mmm...med SMAK på timeplanen

Kva er økologisk matproduksjon?

Følgende endringer ønskes foretatt i forskrift om vern av Villsau frå Norskekysten

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Bruk av beite. Vegard Urset, Avlssjef. Teksten i plansjene er utarbeidet av Øystein Havrevold, Nortura

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Til deg som bur i fosterheim år

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

Fisken som gjorde Noreg kjent i verda

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Vurdering av allianse og alternativ

Registrering av kystlynghei. Horgo, Austevoll

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

KYSTHOSPITALET I HAGEVIK

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Ute mat Korleis laga god mat UTE

SAMLET SAKSFRAMSTILLING

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Lærarrettleiing 3. Grove kornprodukt

SØKNAD OM UTVIDING AV BANDTVANGSTIDA FOR HUND I HEMSEDAL - HEMSEDAL SAU OG GEIT/HEMSEDAL SANKELAG

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Rapport prosjekt «høy til hest»

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

Finansiering av søknaden

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

1. Det er ikkje mangel på veterinærar, men det kan verta ein mangel på dyktige produksjondyrveterinærar i deler av landet.

pressemelding og informasjonstekst til for eksempel bruk på kommunen eller legevaktens hjemmesider

PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT

INFORMASJON TIL STØTTEKONTAKT/AVLASTAR.

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Sporing og merking. Merking

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

G A M A L E N G K U L T U R

Lærarrettleiing 1. Kornartane

Namning av vegar i Fræna Kommune

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Børild Skåra Arkivsak: 2015/433 Løpenr.: 5409/2015. Utvalsaksnr. Utval Møtedato Ørsta landbruksnemnd

Fagsamling tilskotsforvaltning

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING

Produksjonstilskot i jordbruket - vanleg jordbruksproduksjon. Silje Anette Lyhammer Rådgjevar Landbruksavdelinga Regionale samlingar 2017

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Kulturhistoriske registreringar

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Brukarrettleiing E-post lesar

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Høyringsinnspel til endringar i Teknisk forskrift om krava til tilgjenge i studentbustadar

Forbrukerrådets kontrakt ved kjøp av fritidsbåt mellom private

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Å spille på lag med dyra er avgjørende for god villsaudrift

Lokal forskrift for bruk av mindre avløpsanlegg i Fjell kommune.

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Til... Frå... God Jul, Kald Kaffi Sauen!

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje

Påsleppskrav frå kommunen for næringsmiddelverksemd. Eksempel stort slakteri i Førde

Nr. 20/152 EØS-tillegget til De Europeiske Fellesskaps Tidende KOMMISJONSVEDTAK. av 27. juli 1999

Valdres vidaregåande skule

Eksamen MAT1013 Matematikk 1T. Nynorsk/Bokmål

Bustadområde i sentrum. Vurdering

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Krav ved godkjenning av lærebedrifter

Intervju med hamnemynde i Stord kommune.

Klimaraser. (proveniens) Treslaga våre har gjennom generasjonar tilpassa seg veksestaden. Trea har utvikla klimarasar,

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Kvifor? Vi treng større fokus på rekruttering! Trondheim Sentralstyremedlem i NJFF: Bjarne Huseklepp

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: Tidspunkt : 10:00

Særavtale om veiledarfunksjon for nyutdanna lærarar.

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

ENTREPRENØRSKAP OG REAL I BARNEHAGEN. Ivar Offerdal Eivind Rogne Britt GlomnesWillumsen Sylvi Aarland

MØTEBOK. Desse møtte: Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit

Transkript:

Villsau frå norskekysten Beskytta geografisk nemning

Villsau frå norskekysten Matmerket Villsau frå norskekysten er lekk i eit langsiktig arbeid for å utvikla ein produkt- og merkevarestrategi for villsau. Det er viktig å oppretthalda tilliten til villsau som ei vare av høg kvalitet i marknaden. Likeeins å halda rasen Gammalnorsk sau rein, og å oppretthalda den tradisjonsrike villsaudrifta med beiting og vedlikehald av kystlyngheia. Målet er at villsaubønder som pliktar seg til å driva etter merkeforskriftene skal oppnå økonomisk utteljing i marknaden. I dag er Gammalnorsk sau spreidd over store delar av landet. Både i innlandet og lengst nord seier dei at dei driv med villsau, sjølv om innefôring gjerne er ein del av driftsopplegget. Òg i meir tradisjonelle villsauområder kan driftsopplegget variera. Det kan vera freistande å fôra opp dyra til høgare slaktevekter, eller å blanda inn andre rasar for å få større dyr, og dermed sitja att med meir i lommeboka. Mattilsynet har godkjent matmerket Villsau frå norskekysten og tilhøyrande produktforskrift. No er målet å få rydda opp i tilhøva. Merket garanterer for at forbrukaren får ekte villsau, avla fram i tradisjonsrik villsaudrift med utegang og beiting på kystlyngheia. Kystlyngheia er ein truga landskapstype som Noreg har plikta seg ovanfor EU til å ta vare på. Villsauen er spesialtilpassa for å nyttiggjera seg kystlyngheia, og dermed ein effektiv hjelpar for å halda kystlandskapet ope og vakkert. Skal me lukkast i måla for produkt- og merkevarestrategien for villsau, må villsaubøndene, villsaulaga, slakteria, detaljistane og styresmaktene dra i same retning. Me ser optimistisk framover.

Bakgrunn Arbeidet med ein produkt- og merkevarestrategi for villsau starta i 2001. Den gong var opplegget til Matmerk at ein søknad om beskytta geografisk nemning skulle ha lokal forankring. I februar 2002 vart villsaubønder i Hordaland inviterte til å starta eige lokallag. Mange melde seg, og Villsaulaget Vest vart oppretta som medlemslag for vel 140 villsaubønder i Hordaland og Sogn og Fjordane den 31. mai 2003. I mai 2004 sende Villsaulaget Vest søknad til Matmerk om Beskytta geografisk nemning for Villsau frå vestlandskysten. Tilbakemeldinga var at søknaden skulle vera avgjort om seks til tolv månader. No er det gått vel seks år. Den første store diskusjonen tilknytt søknaden var kor grensene for vestlandskysten går. Villsaubøndene i Hordaland og Sogn og Fjordane stod bak søknaden. Matmerk ville utvida området til også å gjelda Rogaland og Møre og Romsdal. Slik vart det. Månader og år gjekk utan at søknaden om Beskytta geografisk nemning vart godkjent. Villsaubøndene på Vestlandet klødde seg i hovudet og lurte på kva som var problemet. Så kom Matmerk med ynskje om at søknaden vart endra til Villsau frå norskekysten, slik at alle villsaubønder på norskekysten som driv etter forskriftene tilknytt søknaden får vera med i ordninga. Det skulle òg opprettast ein organisasjon for alle produsentane på kysten. Slik vart det. No er villsaubønder i Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Sør Trøndelag, Nord Trøndelag og delar av Nordland med i ordninga. Villsaulaget Vest har finansiert og arbeidd fram søknaden om eit lovbeskytta matmerke for villsauen. Mykje tid og krefter har gått med. No skal produsentorganisasjonen Villsau frå norskekysten PO stå i spissen for å føra arbeidet vidare. Villsaulaget Vest vil støtta heilhjarta opp. Matmerket er godkjent og ei lang arbeidsøkt er avslutta. No ventar arbeidet med å få mest mogeleg ut av merket i form av økonomisk vinning for villsaubøndene, sikring av rasen Gammalnorsk sau og den tradisjonsrike villsaudrifta og ikkje minst tryggleik for forbrukaren ved at dei får ekte vare når dei kjøper villsau i butikken.

Litt historie: Sau av gamal norsk rase / villsau Det er funn av beinrestar av sau som syner at det har vore sau i Noreg 3000 år tilbake i tid. Villsauen i Noreg høyrer til rasegruppa av den korthala nordeuropeiske høglandssauen, som var dominerande over det nordlege Europa i eldre tid. I dei nordiske landa heilt fram til slutten av 1800-talet. Etter dette tok importerte og foredla rasar over mykje av sauehaldet, då ein ville ha større og meir kjøtfylte rasar, eller rasar med betre/andre ullkvalitetar. I vikingtida, som hadde mildare klima enn no, var det stor aktivitet langs kysten. Mykje skog vart hogd, og kyststroka utvikla seg til ideelle område for sauen. Det er derfor sannsynleg at sauedrifta blomstra kraftig opp på denne tida, og lyngheiene auka i omfang. Det var òg mykje reising i vesterleid og villsauen vart teken med til Island, Færøyane, Skotland m/ Vesterhavsøyane, Orknøyane og Shetland og nordlege delar av England og Wales, og danna grunlaget for sauehaldet i desse områda. Sauene på mellom anna Island, Oknøyane og Færøyane er derfor den dag i dag svært lik på den norske villsauen. Villsauhaldet vart ei tid svært lite verdsett, og mange meinte det var dyremishandling. Såleis vart mange av besetningane på Vestlandet slakta ned og erstatta med kvit sau. Rundt 1950 var det nære på at rasen vart utrydda. Men takka vera nokre eldsjeler i Austevoll vart rasen teke vare på og redda. I dag har rasen spreidd seg langs heile vestlandskysten, på Nordvestlandet og kysten av Trøndelag og Nordland. Villsauen på Møre og i Trøndelag og nordover stammar frå villsau som vart innkjøpt i Austevoll på 50-talet. På grunn av restriksjonar i kjøp og sal over kommune- og fylkesgrenser i ettertid, har sauer i nord og sauer i sør utvikla seg noko ulikt. Nord for Sogn og Fjordane er det kanskje litt innblanding av andre små rasar tilbake i tid, bruk av andre kriteriar ved utplukking til avl osv. som har hatt innverknad på utviklinga av sauen. Han er blitt litt større, og har fått litt meir trekk av spelsau i utsjånaden enn den sauen som er i Hordaland og Sogn og Fjordane. I Rogaland er det òg ein del villsauer som er større pga. same faktorar som er nevnt over, men òg at dei beitar mer intensivt på gras om sommaren, og får meir tilleggsfôr om vinteren. Utmarksbeite med innslag av brakje (eine), lyng, gras og lauvtre. Brakjen er godt lika av villsauen heile året, men mest om vinteren.

Ulla til villsauen er tett, god og varm. Dette gjer at villsauen klarar seg svært godt ute i kaldt vêr. Landskapspleiar Villsauen er ein svært god kulturlandskapspleiar. Ingen andre norske husdyr er betre eigna til å vedlikehalda lyngheiane og kystlandskapet langs norskekysten. Lyngen er hovedføda hans, spesielt om vinteren. I tillegg et han brakje, urter og gras, blad frå småbuskar og av og til litt tang og tare. Og så går han og slikkar salt på berget i fjæra. På same måten som andre ville dyr lagrar han fett på kroppen om sommaren, som han tærer på når det er mindre næringsrik mat om vinteren. Villsauen/villsaudrift eignar seg berre langs Lyng er hovudnæringa til villsauen. kysten, i og med at villsauen ikkje kan ta seg fram eller finna seg mat om snødjupna er over omlag 40-50 cm over fleire dagar. Dei tynne lange beina ber ikkje sauen oppe på snøen, så når snøen vert for djup vil han halda seg i ro til snøen forsvinnn. Likevel er det sjeldan at villsauen ikkje finn fram til mat dersom det snør ein del i kyststroka. Vanlegvis trekk sauen opp på høgdedraga når snøen kjem, for der bles det meir òg snøen fyk for det meste av. Her finn dei mat medan dei ventar på mildare vêr. Villsauen trekk opp på haugane når det kjem snø.

Villsaudrift I korte trekk: Villsauen går ute heile året og klarar seg for det meste sjølv. Beitet skal i hovedsak bestå av lynghei, og ha tilgang på vatn. Det skal vera tilgang på godt le, anten som hus, eller at terreng og/eller skog gjev tilstrekkeleg med le i dårleg vêr. Alle som driv med villsaudrift må ha særskild godkjenning frå Mattilsynet. Dyra skal ha regelmessig tilsyn, og ein må vurdera å tillegsfora om vinteren, helst med høy, dersom det vert mykje snø, eller om vinterbeitet ikkje er godt nok. Normal tilleggsforing skal ikkje overstiga 20% av foropptaket. Det er viktig å halda beitet «i god form». Det vil sei at lyngen må ha fleire stadiar i utviklinga. Dette oppnår ein ved å «lappesvi» beitet med jamne tids-intervall. Kvar «lapp» bør sviast med eit intervall på omlag 8-15 år alt etter beitepress. Ved å «lappesvi» vil ein oppnå at det alltid er område med forskjellig alder og plantehøgde på beitet. Den yngste og minste lyngen har høgast fôrverdi, medan dei eldste områda, og dermed òg dei høgaste plantane er dei som er lettast å få tak i når det er snø. Villsauen skal sankast minimum to gonger om året, og ha naudsynt stell som nemnt under tema sanking. Over: Lynghei om vinteren. Når beitet er godt stelt vil det samstundes framstå som fine turomrade der det er lett å ta seg fram. Under: Skilnad mellom stelt og ikkje stelt kulturbeite. Til venstre for steingarden har brakjen tatt over, og til høgre beite som er svidd eit par år tidlegare - kor gras og lyng kjem attende.

Er det noko godt på denne stubben her tru?

Sanking av villsau på øya Horgo i Austevoll. Det trengs mange med når store område skal sankast. Sanking Det er ofte folkefest når ein på tradisjonelt vis sankar villsau. Venner og kjente er med å gå manngard for å jaga sauen mot staden der ein har sankegjerda som dei tilslutt vert tøkte inn i. Har ein sauen opp etter garden slik at dyra er vande med folk, og får litt høy av og til, vert dei litt mindre sky, og det er mykje lettate å sanka dei. Villsauen kan verta svært tam om ein går inn for å temja han. Men det er ikkje alltid så lurt då ein på dette viset øydelegg litt av instinkta til sauen, og kan lettare verta utsett for rovdyrangrep og kongeørn. I juni/juli vert villsauen sanka for merking Veging av lam.

Foto: Marit Rose av lam, klipping/napping av sauer som ikkje alt har slept ulla. I tillegg får dei medisin mot innvollsorm og ryggmiddel mot flått. Om hausten, ved slaktetid, vert villsauen sanka igjen for utplukking av lam til slakt, utsortering av sauer som er blitt for gamle, eller av andre grunnar ikkje eignar seg for vidare avl. Ein plukkar òg ut nye lam som ein vil ha vidare i avl. I tillegg får dei som skal overvintra som oftast medisin mot innvollsorm og middel mot flått. Så vert nye vêrar sett ut i flokken, dersom det er tid for å fornya dei. Utplukking av sau og lam. Nokon skal til slakt og andre til vidare avl. Lam som får medisin mot innvollsorm. Frå øyane vert lamma frakta med småbåtar til fastlandet der slaktebilen ventar.

Villsauen er nyfiken og alltid på vakt. Kjem du litt for nær legg han på sprang, og alltid i samla flokk. Rasen er forskjelleg frå vanleg kvit sau på mange måtar. Mellom anna er han mindre, er meir lettbeint, har alle variantar av fargar, vêrane har krølla store horn, og søyene er frå hornlause til forskjellige variantar av horn. Har svært sjeldan lammingsproblem. Rase/navn: «Sau av gamal norsk rase» Populære navn: «Villsau» er mest brukt, er òg navn på driftsform - villsaudrift. Vikingsau, utegangar. Fargar: Alle variantar av fargar. I ein flokk bør ein ha størst mogleg variasjon i fargar. Einsfarga kvit, brun/svart, svart, grå-blå og grå. Fleirfarga i alle variantar. Storleik: Liten lettbygd og elegant. Vekt hannar/vêrar: Totalvekt omlag 40-50 kg Vekt hoer/søyer: Totalvekt omlag 30-40 kg Bein: Lang/lettbeint og spretten. Men det finnest variantar som har korte bein og er meir lubne. Horn hannar/vêrar: Store krølla horn i mange fargevariantar. Horn hoer/søyer: Frå hornlause, til krumma horn i mange variantar og storleikar. Hale: Kort hale med berre dekkhår. Hovud: Ekte rase skal ikkje ha «spelsaudott» i panna/skallen, han skal helst vera glatt eller ha «stri» ull. Hovudet er vanlegvis langt og smalt, men det finnest variantar med meir butt utsjånad. Hals: Ofte meir høgreist enn kvit sau. Øyrer: Øyrene er små og peikar skrått oppover. Ull/pels: To slags ull i pelsen, kort fin botnull og lengre striare dekkhårsull. Lengda varierer. Bør helst ikkje ha midtskil på ryggen. Ullfelling/klipping: Mange av sauene slepp ulla sjølve, men ikkje alle, og desse må klippast/nappast - helst i juni/juli. Lam: Lamma er små, spretne og raske alt frå fødselen. Omlag 1,5-2 kg Lam slaktevekt: Totalvekt med ull på omlag 25-31 kg. Snittvekt i overkant av 10 kg. Godkjent slaktevekt mellom 8 og 16 kg.

Morseigenskap Villsauen får vanlegvis berre eitt lam, men med gode beite vert det ofte tvillingar. Til vanleg held villsauene seg samla, men når sauen skal føda trekk han seg bort frå flokken for å vera åleine i 3-4 dagar. Så kjem dei attende til flokken etterpå. Villsauen klarar vanlegvis fødselen svært godt åleine, og bør ikkje uroast. Vil ein sjå etter sauen under fødselen bør ein føgja med på litt avstand. Lamma er små, men er spretne og raske med ein gong dei er fødde. Villsauene har svært gode morseigenskapar, mjølkar godt og passar svært godt på lamma. Når lamma er små er dei alltid tett på mora, det ser til tider nesten ut til at dei har hengt seg fast. Det hender av og til når to sauer føder for nær kvarandre at begge sauene vert mødre til alle lamma på deling. Det er særs sjeldan at morsauen ikkje vil ha lamma og at ein endar opp med alelam av villsau.

Kjøtet Villsaukjøt er produsert i pakt med naturen, frå dyr som et av naturen sitt eige spiskammer med kystlyng, urter, brakje (einebuskar), einebær og gras. Matvalet pregar smaken på kjøtet, og det at villsauen går ute året rundt gjev ein annan kjøtkvalitet enn om han hadde stått i løa heile vinteren. Kjøtvekta av eit slakta villsaulam er i snitt ti-elleve kilo, dei største kanskje ein fire-fem kilo meir. Fjorlam, altså lam som vert slakta andre ettersommaren, er i snitt 13 til 15 kilo. Fjorlam eignar seg godt til å laga spekelår av, og pinnekjøt til julemiddagen. Villsaukjøt skil seg frå anna sauekjøt både i smak og kjøtkvalitet. Det har ikkje den spesielle ullsmaken som nokre ikkje likar ved vanleg sauekjøt. Smaken er kraftigare og kjøtet grovare, men likevel svært møyrt. Mange meiner det smakar meir vilt av villsaukjøtet. Restaurantar som ynskjer å servera noko ekstra og litt utanom det vanlege, har gjerne villsau på menyen. Heime på kjøkenet steikjer ein gjerne låra heile i omnen. Nokre kuttar av skanken og brukar den til andre rettar. Mange nøyer seg med litt salt på steika fordi det er nok smak i kjøtet frå naturen si side. Andre brukar lauk, kvitlauk, timian eller rosmarin i tillegg til salt og pepar. Middels varme og lang steiketid gjev godt resultat. Bogane og ribbene kan også langsteikast. Gjev du ribbene nokre minuttar under grillen før servering, vert svoren sprø og god. Utegrilling er eit godt alternativ. Prøv gjerne sitron- og kvitlauksmarinerte kotelettar på grillen ein lun sommarkveld. Eller kvifor ikkje invitera vener og tenna grillen i september/oktober som er høgsesong for villsaukjøt. Med ein lubben og lunande villsaufell i stolen, og gjerne ein over knea, vert det ei haustoppleving utanom det vanlege. Kjøtet frå nakken eignar seg godt til fårikål, lapskauskjøt eller til villsausuppe. Villsaukjøt er ei sann delikatesse, og å vita at kjøtet er produsert i pakt med kystnaturen gjev måltidet ein ekstra dimensjon. I Frankrike vert lamma som har beita på dei havsalte slettene ved Normandie rekna for dei aller gjevaste. Villsau er rein og naturleg vare, og det er ikkje mykje anna kjøt som kan gje den same kulinariske matopplevinga. Det er lett å bli hekta for den som først har fått smaken på villsaukjøt.

Ull I dag er ulla lite og kan henda alt for lite brukt, når ein veit kor suverent gode kvalitetar ho innehar. Ein av grunnen til dette er at villsau-ull er vanskeleg å vidareforedle med maskinar, og må helst arbeidast med handemakt. Ulla er sett saman av ei mjuk botnull, og ei lengre stivare dekkull. Skal ei nytta ulla frå villsau bør ho helst nappast, og ikkje klippast. Då oppnår ein at ullfibrane er tette i begge endar, og ikkje trekkjer fukt. Ullklede av slik ull er særs varme, og tørkar fort. Mellom anna vart segla til vikingane laga av slik villsau-ull. Såleis er det mange villsaubønder som heller garvar skinna og tar vare på ulla på denne måten, og dette er vel kanskje den beste måten å bruka ho på i dag. Villsauskinn er av særs høg kvalitet, er ekstremt mjuke og varme, og vert brukt til sitteunderlag inne og ute, til pynt på golv eller vegg, og er svært populært som underlag i barnevogner. Her klipper ein dei villsauene som ikkje har sleppt ulla sjølve. Det kan ofte vera vanskeleg å bruka elektrisk maskin for ulla kan vera svært tova. Då må ein til med ei god gamaldags manuell sauesaks. Eit ei veke gamalt lam kosar seg i solvarmen i lag med mora. Villsauen er som mange andre ville dyr i naturen, dei og slepp ulla/pelsen av seg sjølv litt ut på sommaren. På sauen under er ulla akkurar starta å sleppa rundt halsen, og heile fellen vil etter kort tid ramla av.

Driftsplanrettleiar for villsauhald (Dette er ei reittleing til utfylling av driftsplanskjema for dei som skal driva villsaudrift). Rettleiar/krav i villsauhaldet for Villsau frå norskekysten PO Kvalitetssikring - driftsplan 1. Formål med driftsplan: * Dyreeigar får kunnskap og dokumentasjon om at produksjonsmål/driftsmål vert nådd, samt sikra dyrevelferd. Kvalitetssikring i høve til dyra sitt ve og vel * Villsau frå norskekysten PO får eit grunnlag for å oppretthalda tilliten til varemerket Villsau frå norskekysten i markedet. Kvalitetssikring i høve til kunder og marknad * Veterinærstyresmakta får eit grunnlag for dispensasjonar, samt underbyggja val av krav og driftsvilkår. Dokumentasjon ovanfor landbruksforvaltninga. Kvalitetssikring i høve til offentlige styresmakter. Oppbygging av driftsplan: A. Drifts-planleggar som inneheld: * Etiske normer og retningslinjer for villsauhald * Rettleiar for driftsplanlegginga, inkl. tilråding/evt. krav knytta til arealbehov, vegetasjon, tilsyn m.m. * Følgjer punkta i driftsplanen B. Bekrefting: * Opplysningar om produsent/villsaueigar * Som medlem i Villsau frå norskekysten PO bekreftar ein * Raseektheit * Opprinning (kven dyra er kjøpt frå) * Å følga dei normer og retningslinjer for drift som Villsau frå norskekysten PO set C. Driftsplanskjema * Opplysningar om driftstilhøve som kvalitetssikring for produsent, Villsau frå norskekysten PO og omsetningledd/ kundar. * Grunnlag for dokumentasjon av drift ovanfor styresmaktene. 2. Villsau frå norskekysten PO etiske normer og retningslinjer for drift Villsauhald er ein relativt ny driftsmåte for store delar av kysten av Norge, og er ei driftsform som skil seg frå anna husdyrhald. Dette må vi ta omsyn til, og det krev òg ein annan type kunnskap og driftsopplegg enn det tradisjonelle sauehaldet. I botn for vårt virke må ligga omsynet til dyras ve og vel. Vi må væra ei næring som tåler innsyn i vår driftsmåte, og som tek omsyn til, og kan dokumentera, dyras velferd både ovanfor allmenheita, kundar/marknad og dyrehelsetilsynet og andre styresmakter. Det betyr at medlemmer i Villsau frå norskekysten PO må ha en plan for drifta si, der ein tek gode nok omsyn til dei kritiske faktorar som kan oppstå i ei slik drift. Driftsplanlaggeren/veiledaren vil punktvis følgja driftsplanskjemaet, og Villsau frå norskekysten PO vil for dei ulike punkt gje sine vurderingar, tilrådingar eller krav til drifta. Geografisk er villsauhold i Norge spredt over eit stort område av kysten, frå (Agder)/ Rogaland i sør til Sør-Troms i nord. Driftsopplegg og driftsplan må ta omsyn til denne variasjonen i klimatiske og naturgitte vilkår. For varemerket Villsau frå norskekysten er det viktig å poengtera kor viktig det er at dyra kjem frå kystregionen og at overvintringa i hovedsak er basert på kystlynghei. Dette vil bygga opp under den tilliten varemerket oppnår. Andre produksjonar og beitetilhøve krev at det vert etablert andre produkt. Det er derfor viktig at desse tilhøva kjem fram i driftsskildringa. Villsauen skal aksepterast som eit husdyr og det er ei villfaring og misoppfatning at dette er dyr som skal klare seg på eiga hand utan at eigaren skal gripa inn. Som eksempel på uakseptable driftsforhold kan nevnast: Besetningar utan tilsyn, dei svakeste individa vert tillate å bukka under. Dyra vert ikkje klipt, dei må sleppa fellen sjølv. Besetningar kor det ikkje vert tatt ut slaktedyr. Besetningar kor normal årsproduksjon er under eitt lam per vaksen søye. Overordna lover og forskrifter som dyreeigar må/bør ha kunnskap om: Lov om dyrevern av 20. des. 1974 nr. 73 Lov om tiltak mot dyresjukdommer(husdyrloven) av 8. juni 1962 nr. 4 Lov om husdyr på felles beite (hanndyrloven) av 6. mars 1970 nr. 5 Lov om beitespørsmål av 16. juni 1961 nr. 12 Forskrift om bekjemping av dyresjukdommer av 06.03.1995 nr. 237. spesielt kap. III, Spesielle bestemmelser for småfe Forskrift om merking, registrering og rapportering av dyr av 31.12.1998 nr. 1481 Forskrift om unntak fra plikten til å sørge for oppholdsrom for dyr av 20.11.1976 nr. 2 (Forskrift om hald av sau på beite: er ute på høring, og ikke vedtatt pr. (dato)) (Retningsliner for innvilging av dispensasjon for utegangerdrift er under utarbeidelse) 3. Driftsplanleggar/rettleiar for utfylling av driftsplanskjema. Veiledaren er tenkt å gje utfyllande kommentarer og presiseringar til driftsplanutkastet. 1. Opplysningar om besetninga og driftsform. I høve til omsetning av villsau gjennom Villsau frå norskekysten PO er det viktig at sau frå dei ulike besetningane vert omsatt slik som merkevaren viser. Det er viktig at produkta stammar fra kyststrøk kor dyrene har fri tilgang på kystlynghei gjennom overvintringsperioden. Beskrivelse av

driftsformen gjev også ein peikepinn på kva dispensasjonar frå lovar og forskrifter som trengs for ein kvalitetsikra produksjon. 2. Kart kor beiteområda er inntegna Kartutsnitt i minimum 1 : 50 000 som viser alle beitelokaliteta for besetninga. Påfør nummer jamført med pkt 3, 4 og 12. Fjøs, le eller tekniske innredningar (samlegjerde o.l.) kan også avmerkast. 3. Driftsgrunnlag og beitetilhøve med vekt på vinterforing Arealstørrelsen og eit anslag av andelen lyng, primært røsslyng, og gras gjev ein oversikt over beitevilkår. Dette er i mange sammenhengar eit kriterium for å anbefale ein besetningsstorleik, særlig der beitet skal utgjera hovedtyngda av vintermaten. For dyreeigaren vil denne fordelinga også gje grunnlag for ei planmessig oppbygging av ein besetning innanfor grensene av eit bærekraftig beitebruk. Tilgangen på vatn kan i ekstremt tørre somrar vera ei utfordring, og det er viktig at dette basalbehovet er klarlagt før ein lokalitet vert teken i bruk. 4. Vinterforing Tilgang på beredskapsfôr som kan tilførast dyra under ekstreme klimatiske tilhøve er ein nødvendigheit og eit minimum av krav i høve til dyrevelferd. Det bør føreligga fôrmidlar, anlegg for utfôring og transport av fôr, slik at ei nødfôring kan iverksettast på kort varsel. Mengda tilgjengeleg fôr avheng av kor raskt beredskapsfôret kan erstattast og supplerast. Det er viktig at dyra reint fysiologisk kan nyttegjera seg fôret, og for utegangersau som ikkje vert tilbydd tilskuddsfor jamt gjennom vinteren anbefalast bruk av høy. 5. Tilsyn All beitebruk i utmark krev tilsyn, og ein jevnleg tilsynsfrekvens med føring av tilsynsjournal vert anbefalt. Dette gjev då ein dokumentasjon av tilsynet. Tilsynet skal utøvast slik at dyr ikkje lid unødig, og ei veke-frekvens er anbefalt gjennom heile året. Eit normalt tilsyn er tilsyn av besetninger kor dyr med unormal adferd kan definerast. Tilsynet bør i tillegg utøvast slik at utsatte lokalitetar vert oppsøkt og kartlegt. I utsatte perioder som f.eks. under lamming og ved sterkt snøfall bør tilsynet utøvast meir hyppig eller helst dagleg. Det er viktig at reiseavstand frå bustad er slik at dette tilsynet kan iverksettast, eventuelt at det er inngått skriftleg avtale om kven som skal utøva eit slikt tilsyn. Sau som er vant til tilsyn og menneskeleg aktivitet vil også vera enklare å handtera i en krisesituasjonar. 6. Topografiske og klimatiske tilhøve I vinterhalvåret vil det vera viktig at dyra finn le. Beskriv terrengutforming, treoppslag, tilgjengelege bygningar og leskur. Dyrehelsetilsynet kan kreva leskur. Ved innsamling av dyr er det viktig at det føreligg ledegjerder og skilleanlegg slik at dyra kan handterast effektivt utan unødvendig handtering. Beskriv anlegget og storleiken på dette. 7. Lamming Beskriv korleis lammetidspunktet vert kontrollert. Ingen er tjent med lamming på seinsommaren og på etterjulsvinteren. Dersom lamming ikkje skjer ved rett tidspunkt, kan det vera naudsynt med styrt lamming, dvs at vêren/vêrene vert satt ut slik at ein har kontroll med lammingstidspunktet. 8. Snyltarkontroll og andre driftstiltak Vert snyltebekjemping nytta førebyggande uavhengig av symtom, eller som forebyggende tiltak? Eventuelt korleis vurderast og kontrollerast snyltertilstanden i besetninga. Diskuter og legg opp til snyltebekjemping samråd med veterinær. Det tradisjonelle villsauhaldet krev dispensasjon frå merkeforskrifta, og det er viktig at merking av både slaktedyr og avlsdyr skal beskrivast. Driftstiltak som bruk av bjøller (bjøller er ikkje å anbefalast) og rutinar for klipping skal beskrivast. Det er også viktig å beskriva kriteriar for korleis avlsdyr vert valt ut av besetninga. 9. Hanndyr brukt i besetninga. Gje oversikt over dei innkjøpte hanndyr besetninga er tilført i dei seinaste 10 åra. Dette er dokumentasjon som også vert kravd av Statens Dyrehelsetilsyn. 10. Produksjonsmålsetting dei kommende 10 åra Beskrivelsen er ønskjeleg i høve til å kunne forespeila trong for markedsføring og produktutvikling for å omsetta forventet økt produksjon i regional og nasjonal sammanheng. 11. Omsetningsform Tilleggsopplysningar som vi ønskjer i høve marknadsutvikling. 12. Tap, tapsutvikling og tapsårsaker Det er ikkje krav om noteringar av tap, men det kan væra nyttig i høve til eigen drift og i høve til dyrevernstyresmaktene å dokumentere dette. Det syntes som den gammelnorske sauen har eit lavare tap enn dei tyngre rasar, men til no har vi for dårleg data på dette for større område. Her kan noterast utviklinga for fleire år framover. 13. Andre opplysningar som beskriv drift og produksjon ved besetninga di. - Og som du meiner har betydning for deg, eller for å gje eit heilheitsbilete på produksjonen din. Døme på dette er kompetanse, deltaking på kurs og seminar om sauehald/ villsauhald m.m. Bruk gjerne ark i tillegg.

KSL Matmerk informerer: Villsau frå norskekysten Bakgrunnsinformasjon om merkeordningen beskyttede betegnelser og produktet. Merkeordningen beskyttede betegnelser: En merkeordning for tradisjonsprodukter med særpreg og geografisk tilhørighet Opprettet i 2002 av LMD - krav gitt i egen forskrift Merkeordningen omfatter tre typer betegnelser: Beskyttet opprinnelsesbetegnelse Beskyttet geografisk betegnelse Beskyttet tradisjonelt særpreg Beskyttet opprinnelsesbetegnelse og Beskyttet geografisk betegnelse kan oppnås for næringsmidler som kan dokumentere en sammenheng mellom næringsmidlets spesielle kvaliteter og egenskaper (eller omdømme (for BGB)) og de naturbetingende (f.eks. klima og jordsmonn) og menneskelige (f.eks. lokal kunnskap og ferdigheter) faktorer i det geografiske området det kommer fra. Kravet til graden av tilnytning skiller de to betegnelsene. En godkjenning gir et juridisk vern av produktbetegnelsen (navnet på næringsmidlet). Beskyttet tradisjonelt særpreg kan oppnås for næringsmidler som fremstilles i samsvar med tradisjonell produksjonsmetode, tradisjonelle råvarer og/eller tradisjonell sammensetning. I tillegg skal navnet enten være særpreget og tradisjonelt eller så skal det beskrive særpreget. En godkjenning sikrer at bare næringsmidler som fremstilles i samsvar med tradisjonen og kravene i forskriften kan bruke den aktuelle produktbetegnelsen. Søknadsbehandling og godkjenning: KSL Matmerk har ansvar for søknadsbehandling og for informasjon om merkeordningen Mattilsynet er godkjennende myndighet En godkjenning av en søknad skjer ved at Mattilsynet vedtar en produktforskrift for det aktuelle næringsmidlet denne inneholder bl.a. krav til råvarer og produksjonsmetode. Villsau frå norskekysten: - Søknad mottatt 19.04.2004 - Godkjent som Beskytta geografisk nemning 4. november 2010 - Beskyttelsen sikrer at alt kjøtt som blir solgt som Villsau frå norskekysten kommer fra rasen Gammalnorsk sau som har beitet ute langs kysten hele året med tilgang til kystlynghei. Driftsformen har tradisjoner tilbake til vikingtida. Den vedtatte produktforskriften stiller krav til bl.a. geografisk område for drift, sauerase og beiteforhold. I vedlegget gis det også en beskrivelse av næringsmidlets tradisjonelle tilknytning til norskekysten. Se hele produktforskriften nedenfor. Forskrift om vern av Villsau frå norskekysten som geografisk nemning Fastsett av Mattilsynet 4. november 2010 med heimel i lov 19. desember 2003 nr. 124 om matproduksjon og mattrygghet mv. (matloven) 30 jf. forskrift 5. juli 2002 nr. 698 om beskyttelse av opprinnelsesbetegnelser, geografiske betegnelser og betegnelser for tradisjonelt særpreg på næringsmidler (forskrift om beskyttede betegnelser) 15, jf. delegeringsvedtak 19. desember 2003 nr. 1790. 1. Beskytta produktnemning Villsau frå norskekysten 2. Rettmessig brukar Villsau frå norskekysten PO og Villsaulaget Vest 3. Vilkår for bruk av produktnemninga Det kan òg vera godt med litt høy som tilleggsfôr. 1. Produktskildring Villsau frå norskekysten er kjøtt av sau av rasen Gammalnorsk sau. Nemninga omfattar ferske eller frosne heile skrottar eller stykkingsdelar. Kjøttet skal ha djup raudleg farge og god marmorering. 2. Geografisk område Geografisk område for produksjon av Villsau frå norskekysten er avgrensa til område med kystlynghei på norskekysten. 3. Produksjonsmetode Drifta hjå den einskilde produsenten skal vere i samsvar med dei til ein kvar tid gjeldande føresegner om dyrevelferd. Produsentane skal dokumentere at besetninga består av sau av rasen Gammalnorsk sau. Sauen skal gå ute på beite heile året. I beiteområda skal det vere tilstrekkeleg med kystlynghei til at besetningane kan overvintre, og det skal vere god nok tilgang på ferskvatn. Mengda av kystlynghei avgjer kor stor besetninga kan vere på dei ulike stadene. Vegetasjonsdekket skal ha mellom 70 % lyng og 30 % gras, til 30 % lyng og 70 % gras. Beredskapsfôr skal i akutte tilfelle kunne skaffast raskt. Grensa for tilleggsfôr er sett til maksimum 20 % av den totale årlege fôrmengda. Dyr på beite skal ha tilsyn kvar veke. I utsette periodar, til dømes under lamming og ved sterkt snøfall, skal det vere tilsyn oftare, helst kvar dag. Det skal førast tilsynsjournal. Paring skal skje slik at lamming kan skje når det er gunstige beite- og klimaforhold.

Det skal sikrast at dyra finn le i vinterhalvåret, anten naturleg i terrenget eller i tilgjengelege bygningar eller leskur. Dyra skal ha beskyttande ullfell om vinteren. For innsamling av dyr skal det finnast leiegjerde og skiljeanlegg. Dyra skal samlast minimum vår og haust for kontroll, m.a. merking, napping og klipping av ull og nødvendig parasittbehandling. Godkjend slaktevekt for lam skal vere mellom 8 og 16 kg, og på vaksne dyr mellom 9 og 16 kg. 4. Merking av produktet Villsau frå norskekysten kan merkjast med figurmerket for beskytta geografisk nemning. 4. Iverksetjing Forskrifta blir sett i verk straks. Vedlegg: Beskriving av produktopphavet og tilknytinga til det geografiske området Villsau er eitt av fleire namn som blir brukte på den gamle norske sauerasen Gammalnorsk sau. Sauen er liten, lett, sprek og robust og er godt tilpassa harde kår og naturforholda på kysten. Hovudføda til sauen om vinteren er lyng, elles et han mellom anna gras, einer, tang og tare. Gammalnorsk sau er truleg siste rest av den opphavlege norske/ europeiske landrasen. Fossile sauebein som er funne i Skipshelleren i Vaksdal kommune i Hordaland, kan daterast heilt tilbake til om lag 2550 år f. Kr. og har særtrekk som minner svært om bein frå sau av rasen Gammalnorsk sau. Heller ikkje storleiken eller forma på denne sauen skil seg særleg frå desse funna. Gammalnorsk sau har mange trekk frå dei ville eller lite foredla sauerasane. Til dømes har pelsen mjuk botnull med grovare dekkhår utanpå, halen er kort, alle vêrane har horn, og sauen er relativt liten. Gammalnorsk sau var heilt fram til slutten av 1800-talet den dominerande rasen i Noreg. Det vart da avla fram tyngre sauer som produserte meir ull og kjøtt. Desse nye sauerasane tok mange stader over for Gammalnorsk sau. Sjølv om folk på ein del av øyane langs vestlandskysten heldt fram med slikt sauehald, var sauen nær ved å døy ut fleire gonger. Det er berre i Austevoll i Hordaland at den opphavlege stammen av Gammalnorsk sau har overlevd heilt fram til vår tid. Men det måtte redningsaksjonar til både i byrjinga av 1950-talet og i byrjinga av 1980-talet for at sauen skulle overleve. All sau av rasen Gammalnorsk sau i Noreg i dag stammar frå Austevoll. Driftsforma, utegangardrift, er basert på tradisjonar frå vikingtida. Klimaet og vegetasjonen på store delar av norskekysten er slik at det er mogleg å halde ved lag den naturlege driftsforma og beitegrunnlaget. Sauen overvintrar no som da med lynghei som hovudføde, i tillegg til gras og einer, og dessutan tang og tare frå sjøen. Kystlynghei er ein særmerkt landskapstype langs den ytre kyststripa på norskekysten. Det er som vinterbeite kystlyngheia eignar seg best, ettersom lyngen er vintergrøn og har brukbar næringsverdi om vinteren. Ei opprett og robust vekstform gjer at han stikk opp av snøen og er tilgjengeleg for dyra. Klimaet på kysten er oseanisk, med milde vintrar og vanlegvis lite snø, og den snøen som kjem, ligg sjeldan lenger enn eit par veker i strekk. Gammalnorsk sau kan, som eit av få husdyr, grave seg ned og nyttiggjere seg mat under snøen. Produsentane på norskekysten har lang tradisjon for og god kunnskap om hald av Gammalnorsk sau. Det er kjekt å kosa litt med ein tam villsauvêr. Foto: Marit Rose

KSL Matmerk informerer: Villsau frå norskekysten er nå blitt en del av den eksklusive familien med matskatter som har fått produktbetegnelsen beskyttet i Norge. Merkeordningen Beskyttede betegnelser har som hovedmål å bidra til økt næringsutvikling og verdiskapning i norsk matproduksjon og sikre forbrukere pålitelig informasjon om produktets geografiske tilhørighet, tradisjon og særegne kvaliteter. Landbruks- og matdepartementet etablerte merkeordningen i 2002. Den er lik tilsvarende ordning i EU som har gitt produkter som Roquefort, Mozzarella, Prosciutto di Parma m.fl. et juridisk vern mot etterligninger. Merkeordningen omfatter både landbruksbaserte næringsmidler, fisk og sjømat. Villsau frå norskekysten er det 18. produktet som oppnår en beskyttet betegnelse i Norge. Tørrfisk fra Lofoten, Sider frå Hardanger, Rakfisk fra Valdres og Gulløye fra Nord-Norge er eksempler på andre matskatter som har oppnådd en Beskyttet betegnelse. Ordningen beskytter betegnelsen på produktet og hvert produkt som oppnår en beskyttet betegnelse får fastsatt en egen produktforskrift som spesifiserer krav til råvare, produksjonsmetode, geografisk produksjonsområde etc. Kun produsenter som oppfyller kravene i produktforskriften og er godkjent, vil ha rett til å bruke den beskyttede betegnelsen. Forbrukerne vil dermed, ved å velge merkede produkter, være sikret at disse oppfyller visse krav om geografisk tilknytning, råvarebruk og produksjonsmåte, samtidig som produsentene av den beskyttede betegnelsen vil være beskyttet mot produktetterligninger. Beskyttelsen av Villsau frå norskekysten sikrer at alt kjøtt som blir solgt som Villsau frå norskekysten kommer fra rasen Gammalnorsk sau som har beita ute langs kysten hele året med god tilgang til kystlynghei. Status pr 24.11.2010 antall beskyttede betegnelser i Norge Badsturøkt kjøtt på namdalsk vis er den 17 godkjente beskyttede betegnelsen i Norge, og den første som har oppnådd Beskyttet tradisjonelt særpreg. 3 produktbetegnelser er beskyttet som opprinnelsesbetegnelse, mens 13 er beskyttet som en geografisk betegnelse. 7 av disse bruker den nynorske betegnelsen. Godkjente 18 stk.: Økologisk Tjukkmjølk fra Røros (Beskyttet geografisk betegnelse) Ringerikserter (Beskyttet opprinnelsesbetegnelse) Eplejuice frå Hardanger (Beskytta geografisk nemning) Skjenning (Beskyttet opprinnelsesbetegnelse) Fjellmandel fra Oppdal (Beskyttet geografisk betegnelse) Hardangerepler (Beskytta geografisk nemning) Hardangerpærer (Beskytta geografisk nemning) Hardangerplommer (Beskytta geografisk nemning) Hardangermoreller (Beskytta geografisk nemning) Rakfisk fra Valdres (Beskyttet geografisk betegnelse) Gamalost frå Vik (Beskytta geografisk nemning) Ishavsrøye Vesterålen (Beskyttet geografisk betegnelse) Ringerikspotet fra Ringerike (Beskyttet geografisk betegnelse) Gulløye fra Nord Norge (Beskyttet opprinnelsesbetegnelse) Tørrfisk fra Lofoten (Beskyttet geografisk betegnelse) Sider frå Hardanger (Beskytta geografisk nemning) Badsturøkt kjøtt på namdalsk vis (Beskyttet tradisjonelt særpreg) Villsau frå norskekysten (Beskytta geografisk nemning)

Vêrane vert frakta ut i øyane til feitare beiter. Foto: Marit Rose

Villsau frå norskekysten po Villsaulaget Vest - Hordaland og Sogn og Fjordane www.villsauvest.no - post@villsauvest.no Trykk: Austevoll Forlag as, 5392 Storebø. 2. utgåve 23. mars 2011. Grafisk design: Arild Sunde, Austevoll Forlag, 5392 Storebø. Foto: Arild Sunde, 5387 Møkster