Jondal kommune Sakspapir SAKSGANG Utval Møtedato Saknr Plan- og driftsutvalet 23.02.2018 024/18 Saksbehandlar Arkiv: Journalpostnr. Åsen, Gro Heidi N - 610 18/447 Søknad om godkjenning som typisk turiststad Dokument i saka: Dok.dato Tittel 31.01.2018 Høyringsuttale typisk turiststad- Jondal 22.01.2018 Vedr. søknad om godkjenning som typisk turiststad ved forskrift - Jondal 06.01.2018 Uttale vedr. søknad om godkjenning som typisk turiststad ved forskrift 04.01.2018 Ber om uttale vedr. søknad om godkjenning som typisk turiststad ved forskrift - Jondal 02.02.2018 Uttale vedr. søknad om godkjenning som typisk turiststad ved forskrift - Jondal Saka blir avgjort av:. Plan- og driftsutvalet Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m. Forvaltningslova Lov om helligdager og helligdagsfred Saksopplysningar: Med bakgrunn i ein søknad om sundagsopen butikk frå Spar Jondal våren 2017, gjorde Jondal kommunestyre følgjande vedtak 10.05.2017: KS-026/17 Vedtak: 1. Søknad frå Spar Jondal v/olav Eide om sundagsope butikk i juni, juli og august kan ikkje innvilgast av Jondal kommune. Grunngjeving: Etter helgedagsfredlova 5, 7. ledd er det fylkesmannen og ikkje kommunen som er
gjeve mynde til å avgjere slik søknad om dispensasjon frå lova. 2. Kommunestyret ber om at administrasjonen arbeider ut ei sak der fylkesmannen vurderer Jondal kommune som særskild turiststad hausten 2017, der dei som vert berørte av ordninga får høve til å uttala seg på førehand. Spar Jondal og Coop Jondal har grunngjeve sitt ønskje om sundagsopen butikk slik: Spar Jondal : - Omsetnaden i tidsrommet mai september utgjer 68,15 % av årsomsetnaden. Vi har stor trafikk grunna turistar på Folgefonna, mange hyttefolk i kommunen og som næraste nabo til ferjekaien. Ferjetrafikken har etter Jondalstunnelen opna auka betydeleg, og er ein stor bidragsytar til vår omsetnad. Dette er og grunnen til at vi ynskjer å ha ope også nokre sundagar elles i året utanom sesong (mai-sept.). Håpar kommunen kan sjå potensialet til å auka vår omsetnad, og søkja fylkesmannen om turiststatus. Stor trafikk skapar aktivitet og endå større trafikk. Coop Prix Jondal uttalar at sundagsopen butikk er viktig for dei av fleire grunnar: - Å ha eit daglegvaretilbod til turistar og hyttefolk som ynskjer å handla matvarer på sundagar. Full ferjekai på sundagane vil kunna bidra til auka omsetnad. Vi har ikkje noko bensinstasjon som sel daglegvarer - alternativa er Odda (40 min kvar veg) eller Norheimsund (35 min kvar veg inkl. ferje). - Sikra arbeidsplassar og auka omsetnad. Sommarsesongen er avgjerande for å bera drifta resten av året. Omsetnaden hjå Coop Jondal er 2,5 gonger større i juli enn i februar. - Sundagsope er viktig for å sikra to robuste butikkar i Jondal i ei framtid med stadig mindre marginar. - Ynskjer å halda sundagsope kun i sommarmånadane. Dersom det skal vera heile året, vil det utarma butikkane i staden for å styrka dei, pga låg omsetnad om vinteren. Kommunen har retta førespurnad om uttale til Handel og Kontor Norge (heretter kalla HK Region Vest), NHO Reiseliv Vest Norge, Hordaland fylkeskommune og næringslivet i Jondal som kan verta direkte berørt av ordninga: - Folgefonn Gjestetun - Hardanger Fjord Lodge - Jondal hotel og gjestgjevarstad - Juklafjord - Na nam nam - Kramsjø Frist for å koma med uttale var sett til 1. februar 2018. Det kom inn fire uttalar; Kramsjø i Herand, HK Region vest, NHO Reiseliv og Juklafjord. Kramsjø: «Å drive næring på Vestlandet er ekstremsport, dårlig infrastruktur generelt, sjelden varelevering, stor kostnad for varelevering, dyrere energi, mindre stabil energi, dårlig internett. Søndagsåpen butikk bør være det minste kommunen kunne bidra med, særlig når butikkeier ønsker det selv. Prøv for en gang skyld å gjør livet lettere for folk flest.»
HK Region Vest: «HK Region Vest har mottatt vedlagte dokumenter hvor de ber om uttalelse vedr søknad om godkjenning direkte fra Jondal kommune. Vi legger til grunn at dette som ellers i høringspørsmål skal samordnes og saksbehandles hos Fylkesmannen før vi mottar søknad for videre behandling. Vi videresender med bakgrunn i dette mottatt dokumenter til dere, og imøteser henvendelse fra Fylkesmannens kontor.» NHO Reiseliv Vest Norge: «NHO Reiseliv Vest Norge er positiv til at Jondal får godkjent sin søknad som typisk turiststad. Slik vi ser det vil det at butikkane i Jondal får moglegheit til å halde ope alle dagar i sommarsesongen 1. juni 31. august vere eit positivt element for utvikling reiselivet og handelsstanden i kommunen. Jondal har status som nasjonalparklandsby og er innfallsport til Folgefonna nasjonalpark. Sommarskisenteret trekkjer norske og utanlandske ski og snowboardentusiastar frå mai til september. Det er i tillegg 600 fritidsbustader i kommunen. Å ha søndagsopne butikkar vil bidra til økt serviceyting for turistane og tilreisande som kjem til Jondal og vere med på å styrkje Jondal sitt omdøme som turiststad.» Juklafjord: «På turistinformasjonen Juklafjord har me innimellom spørsmål om dette, og kan sjå ein aukande trend der turistar etterlyser dette. Som turistinformasjon ser me positivt på at turistar også om sundagen kan få handla.» Lovverk Det er altså Lov om helligdager og helligdagsfred som regulerer sal frå faste utsalsstader på sundagar og andre heilagdagar. Lova har unntak på område som etter godkjenning av fylkesmannen vert rekna som typiske turiststader, jf. 5 andre ledd nr 4 og sjette ledd. Eit kjenneteikn for ein typisk turiststad er ein stad der daglegvaresalet i periodar hovudsakleg skjer til turistar/tilreisande, og talet på fastbuande er få i høve til tilreisande i løpet av året. Ein typisk turiststad er elles kjenneteikna ved at dei næringsdrivande er avhengige av turisthandelen, då kundegrunnlaget og sal til fastbuande elles i året er for lite til å kunna overleva. Saksgang Reglar om saksførebuing ved forskrift gjeld etter Forvaltningslova. Når kommunen har motteke uttalar vert det lagt fram sak for Plan- og driftsutvalet (PDU). Vedtaket i PDU vert sendt på høyring med tre veker høyringsfrist før saka skal opp i kommunestyret. Det er først når det føreligg eit kommunestyrevedtak kommunen kan senda søknad til fylkesmannen om godkjenning som typisk turiststad ved forskrift. Vurdering: Det er fleire argument som talar imot sundagsopne butikkar; Sundagen har tradisjonelt vore eit pustehol i ein elles travel kvardag. Sundagsope vil kunne medføra at fleire tilsette må jobba på sundagar, og nokon vil elles kunna meina at det er uklokt å byggja behov for fleire tilsette i butikknæringa når det kan vera større behov for fleire tilsette i til dømes helsevesenet. På den andre sida er det mange forbrukarar som ønskjer meir fridom til å handla det dei
vil når dei vil. Høve til å gjera innkjøp på sundagar kan redusera tidsknipa for mange resten av veka. Nokon vil og kunna meina at grunngjevinga om heilagdagsfred må vurderast opp mot eit stadig meir fleirkulturelt og religiøst samfunn. Jondal er eit populært besøksmål, og ved å etterstreba å auka servicenivået vil igjen auka omdømet. Positive ringverknader elles kan vera meir folk i sentrum, noko som vil kunna vera positivt også for næringslivet elles i Jondal. Det er og eit poeng at sjølv om daglegvarebutikkane får lov å halda sundagsope i sesongen, må dei ikkje halda ope kvar sundag om dei ikkje ynskjer det. Kommunen ser det som viktig å støtta butikkane i initiativet, og vurderer at det mest vektleggjande i saka er kva butikkane sjølve ønskjer. Slik vi ser det, er Jondal eit godt eksempel på det som er definert som ein typisk turiststad, og ser det som fornuftig å nytta det regelverket ein har til at butikkane kan auka omsetnaden. Til og med sommaren 2017 var det også daglegvarebutikk i Herand. Denne gjekk konkurs, men etter det kommunen kjenner til er det krefter i sving for å på plass ny butikkdrift. For at daglegvarebutikkane skal ha like vilkår i heile kommunen, vil ein tilrå at ei evt. ordning bør kunna gjelda for heile kommunen. Både Spar og Coop ser føre seg sundagsope i sommarsesongen. Ein vurderer at sesongen kan avgrensast til perioden 1. juni - 31. august. Ein tilrår elles at det vert jobba for å få på plass ei forskrift slik at ordninga kan tre i kraft frå 1. juni 2018. Tilråding frå rådmann: Plan- og driftsutvalet viser til interesse frå daglegvarebutikkane Spar Jondal og Coop Jondal, og godkjenner at sak om Jondal kommune skal søkja fylkesmannen i Hordaland om godkjennning som typisk turiststad ved forskrift etter Helligdagslova 5, sjette og sjuande ledd, vert lagt ut til offentleg høyring i tre veker. Høyringa vert kunngjort i Hordaland folkeblad og på heimesida til kommunen. Ragnvald Joakimsen/ass. rådmann 23.02.2018 Plan- og driftsutvalet Røysting: Tilrådinga frå rådmannen vart samrøystes vedteke. PDU- 024/18 Vedtak: Plan- og driftsutvalet viser til interesse frå daglegvarebutikkane Spar Jondal og Coop Jondal, og godkjenner at sak om Jondal kommune skal søkja fylkesmannen i Hordaland om godkjennning som typisk turiststad ved forskrift etter Helligdagslova 5, sjette og sjuande ledd, vert lagt ut til offentleg høyring i tre veker. Høyringa vert kunngjort i Hordaland folkeblad og på heimesida til kommunen.