1 Bakgrunn. Norrønt språk



Like dokumenter
Norrøn grammatikk i hovuddrag

2 Lydlære. Det samtidige blikket. Vokalsystemet

TIDSUR. Svartedauden. Dei første norske byane vert grunnlagt. Dei første menneske kjem til Noreg. Julius Cæsar

LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

Brukarrettleiing E-post lesar

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Vurderingsrettleiing 2011

Fonetikk og fonologi Oppgåver

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

FINANSRAPPORT 2. TERTIAL 2012

Tilgangskontroll i arbeidslivet

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

S1-eksamen hausten 2017

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

Internasjonal vidaregåande skule

KULTURBÅTEN M/S NYBAKK BLIR AMBASSADØR FOR GULATINGET TUSENÅRSSTADEN FOR SOGN OG FJORDANE

Til deg som bur i fosterheim år

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Forslag frå fylkesrådmannen

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Nynorsk i nordisk perspektiv

Morfologioppgåva om klassisk gresk

Foreldrekurs for foreldre på 3 og 4 trinn

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Månadsbrev for Rosa september 2014

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Saksframlegg. Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

13. Sendetida på TV aukar

FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Bydelsutvala i Sandnes v/britt Sandven

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

Årsplan i norsk, 4. klasse,

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/ juni 2009

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418

Last ned Grunnbok i norrønt språk - Odd Einar Haugen. Last ned

AU - Nasjonalparkstyre for Reinheimen

KappAbel 2010/11 Oppgåver 1. runde - Nynorsk

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Norsk Bremuseum sine klimanøtter

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

Eksamen MAT1013 Matematikk 1T. Nynorsk/Bokmål

Eksamen REA3028 Matematikk S2. Nynorsk/Bokmål

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

/

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

Brukarrettleiing. epolitiker

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Matematisk samtale og undersøkingslandskap

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Informasjon og brukarrettleiing

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Minoritetsspråklige søkere til videregående opplæring skoleåret

Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane

Rapport om bruk av vikarar i barnehage, grunnskule og vidaregåande skule

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

GSI'09. Voksenopplæring (Vo) rettleiing. nynorsk

Hjelp og løysingsframlegg til nokre av oppgåvene i kapittel 3

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Aurebestandar i Ullensvang statsallmenning

Å løyse kvadratiske likningar

8. Museum og samlingar

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»

Plan for selskapskontroll

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

Eksamen Oppgaver på bokmål side 2 5. Oppgaver på nynorsk side 6 9

Eit språkhistorisk prosjekt på 2. og 3. trinn på Våland skole i Stavanger 2009/2011

Teknikk og konsentrasjon viktigast

HORDALANDD. Utarbeidd av

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

RETTLEIAR BYGGSØK. Søknad om tiltak utan ansvarsrett PBL 20-2

Frå novelle til teikneserie

Notat om historie og kulturlandskap

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Tjuvar, drapsmenn, bønder og kongar

Ny norsk dialektinnsamling gir ny forståing av grammatikken. Åshild Søfteland, Universitetet i Oslo, doktorgradsstipendiat i nordisk språkvitskap

NVE har valt å handsame denne saka som ei tvistesak mellom UF og Tussa. Tussa har gjeve sine merknader til saka i brev av til NVE.

Kompetansearbeidsplassar i Hordaland

Transkript:

1 Bakgrunn Norrønt språk 1 Avgrensing og inndeling. Norrønt er det språket som vart talt og skrive i Noreg og på Island i mellomalderen, forutan i dei andre norrøne busetnadene (Grønland, Færøyane, Shetland, Orknøyane, og delar av Hebridane, Man, Irland, Skottland og Nordvest-England). Bakover i tid blir grensa trekt rundt år 700 mot det eldre språksteget, urnordisk, og framover i tid mot mellomnorsk rundt år 1350 (svartedauden). Då den nye generasjonen av skriveføre etter svartedauden først overtok rundt 1370, har også dette årstalet vore brukt som grense mellom gammalnorsk og mellomnorsk. På Island, der språket utvikla seg mindre enn i Noreg, blir norrønt rekna like fram til 1500-talet. I vikingtida var det langt på veg eit felles språk i Norden, dǫnsk tunga, eller dansk tungemål, som det er kalla hos Snorre Sturlasson. Enkelte dialektskilnader var det likevel, og vi skil såleis mellom ei austnordisk og ei vestnordisk grein av nordisk språk. Til austnordisk høyrer gammaldansk og gammalsvensk, og til vestnordisk høyrer gammalnorsk og gammalislandsk, som vist i fig. 1:1. Heilt fram til byrjinga på 1400-talet var den språklege og litterære fellesskapen mellom Noreg og Island så klar at det er naturleg å tale om eit felles norrønt språk og ein tilsvarande felles litteratur. Etter kvart auka derimot avstanden til dansk språk, og frå rundt 1100 kan vi truleg rekne med ei ny inndeling av dei nordiske språka. Dansk skilde seg då såpass klart frå dei andre nordiske språka at ein kan skilje mellom ei sørnordisk grein (dansk) og ei nordnordisk grein (islandsk, norsk og svensk), som vist i fig. 1:2. Dette var situasjonen i høgmellomalderen, altså i perioden 1100 1300. Det er frå denne tida vi har dei fyldigaste litterære kjeldene. Det er også på denne tida at vi talar om klassisk norrønt språk. 2 Runealfabetet. Vår kjennskap til norrønt språk byggjer på ei rik samling av skriftlege kjelder, særleg etter innføringa av det latinske alfabetet på slutten av 1000-talet. Før ca. 1150 har vi likevel ikkje overlevert anna enn runeinnskrifter. Det eldre runealfabetet på 24 teikn gjekk av bruk på 700-talet og vart skift ut med

10 Kap. 1 Fig. 1:1 Inndeling av dei nordiske språka før ca. 1100 eit alfabet på berre 16 teikn, det yngre runealfabetet. Dei eldste norrøne tekstane er på få unntak nær skrivne med dette alfabetet. Eggja-steinen, der innskrifta er i eldre runer, medan språket må kallast norrønt, står i ei mellomstilling. Frå 1000talet av vart ein del teikn i det yngre runealfabetet forsynte med punkt (punkterte eller stungne runer), slik at talet på runeteikn auka og på lag fall saman med bokstavteikna i det latinske alfabetet. Det yngre runealfabetet vart brukt gjennom heile den norrøne språkperioden, noko ei rekkje funn frå Bryggen i Bergen viser. 3 Innføringa av det latinske alfabetet. I Noreg vart det latinske alfabetet teke i bruk for å skrive norrønt språk ein gong på 1000-talet, kan hende i styringstida til Olav Kyrre (konge 1067 1093). Innføringa skjedde truleg noko seinare på Island; vinteren 1117 18 veit vi at islendingane skreiv ned lovene sine, men det kan vere at det latinske alfabetet også her vart teke i bruk noko før 1100. Engelsk hadde då vore skriftfest med latinske bokstavar i fleire hundre år. Den norrøne skriftfestinga skjedde under engelsk påverknad i samband med den kristne misjonen. I gammalengelsk vart alfabetet utvida med to teikn, som også vart overtekne i nor-

Bakgrunn 11 Fig. 1:2 Inndeling av dei nordiske språka ca. 1100 1300 rønt. Det første av desse, þ ( thorn ), vart lånt frå runealfabetet. Det var ein ustemt dental frikativ, som i moderne engelsk thing, norrønt þing. Det andre teiknet var ð ( eth eller stungen d ), ein stemt dental frikativ, som i moderne engelsk that, norrønt stað. Både i engelsk og norrønt vart aksentar (lengdestrekar) brukte for å markere lang vokal, t.d. á. I norrøn skrift vart det også innført eit særleg vokalteikn, ǫ ( o med kvist ) for ein låg, bakre, runda vokal med uttale om lag som moderne norsk å. 4 Bruksområde for alfabeta. I høgmellomalderen vart runene hovudsakleg brukte i daglegdagse samanhengar, til å risse inn eigarmerke og korte meldingar på ulike tregjenstandar. I det skriftlege materialet elles er det det latinske alfabetet som er brukt. Dei to alfabeta ser ut til å ha hatt kvart sitt virkefelt runealfabetet til den daglege bruk, der kniven var nærast for hand, og det latinske alfabetet for større og varigare tekstar. Det latinske alfabetet vart skrive med penn og blekk på pergament, slik brev og bøker vart laga i utlandet. Det finst nokre få pergamenthandskrifter som er skrivne med runer, men det var reine unntak.

12 Kap. 1 5 Normalisert og unormalisert ortografi. Det fanst ingen instans som la ned strenge normer for skriftspråket i norrøn tid. Skrivekunsten var ikkje allmenn, men avgrensa til enkelte skriftsentra, i tilknyting til kloster og andre kyrkjelege sentra i og utanfor byane, statsapparatet rundt det kongelege kanselliet og ein og annan storgard. Sjølv om kvart skriftsenter heldt oppe ei viss standardisering av skriftspråket, viser likevel handskrifts- og brevmaterialet ortografisk og språkleg variasjon på mange punkt. I dei unormaliserte tekstutgåvene er ortografien i kvart handskrift kopiert nøyaktig. Kjeldekritiske krav gjer at språkforskarar og historikarar gjerne brukar slike utgåver, om dei ikkje då studerer sjølve handskriftet, anten i original eller i fotografi (faksimileutgåve). Ulempa er at desse utgåvene er vanskeleg tilgjengelege og gjev lesarane lita hjelp på vegen. Av praktiske grunnar har det derfor nedfelt seg ein normalisert ortografi for norrønt språk. Dette skjedde på 1700- og 1800-talet under påverknad av nyare islandsk ortografi, og det er denne ortografien vi møter i grammatikkar, ordbøker og dei fleste tekstar. 6 Uttale. På Island og i fleire andre land er det tradisjon for å lese norrønt med nyislandsk uttale. I Noreg har det vore vanleg å bruke ein tilpassa moderne norsk uttale. Det er faktisk slik at vokalsystemet i norsk har endra seg mindre enn i islandsk, og såleis dannar eit brukande, om ikkje fullgodt utgangspunkt. Konsonantsystemet krev derimot litt ekstra innsats, for her må vi vere særleg merksame på teikna þ, ð, f og g (sjå nedanfor). Den beste løysinga er likevel å ta sikte på ein historisk korrekt uttale, så langt denne lèt seg rekonstruere. Vi reknar at den norrøne normalortografien gjev eit svært dekkjande bilete av uttalen då det latinske alfabetet vart innført og i fleire hundre år framover, herunder den klassiske perioden på 1200-talet. Som hovudregel kan ein uttale norrønt i samsvar med skriftbiletet, men med følgjande avvik: á som moderne norsk å (runda uttale av a). ð som opningslyden i engelsk that. ey som moderne norsk øy (jf. den nyare skrivemåten Frøya for gudinna Freyja). f i framlyd (fara) og ved dobbelskriving (offra) som moderne norsk f. i innlyd (sofa) og utlyd (líf) som moderne norsk v. g i framlyd (gera), ved dobbelskriving (liggja) og etter n (langr) som moderne norsk g, dvs. som lukkelyd (plosiv). elles i innlyd og utlyd som g i nyislandsk saga, dvs. som frikativ (prøv å uttale norsk g utan fullt lukke). h som i moderne norsk, bortsett frå føre l, n, r og v, då vi reknar med at han hadde frikativ uttale.

Bakgrunn 13 j som moderne norsk j, men med separat uttale også i konsonantsamband (kj, sj, skj, stj, tj). o bør uttalast som ein mellomhøg, bakre vokal, om lag som den kontinentale o i tysk. I moderne norsk har dei fleste dialektar denne uttalen i ord som sopp og voks. Denne uttalen gjeld både o og ó. r som rulle-r. Skarre-r var ukjend i norrøn tid, anna enn kan hende som talefeil (lyden kom truleg inn i norske dialektar frå 1700-talet av). þ som opningslyden i engelsk thing. u bør uttalast som ein høg, bakre vokal, om lag som den kontinentale u i tysk. I moderne norsk har dei fleste dialektar denne uttalen i ord som ung og bukk. Denne uttalen gjeld både u og ú. ǿ som moderne norsk ø. ǫ som ein låg, bakre, runda vokal om lag som moderne norsk å, kan hende ikkje fullt så låg (jf. utviklinga av orda ǫsp > osp og ǫl > øl det første ordet har i dei fleste dialektane fått ein å-lyd, [ɔsp], det andre ein ø-lyd, [ø:]). I norrøn tid skal vi likevel rekne med at vokalen hadde låg uttale. To konsonantsamband blir som oftast noterte med berre eitt teikn: x z svarar til konsonantsambandet ks, t.d. lax = laks m. laks. svarar til konsonantsambanda ts, ds og ðs, t.d. brauzk = brautsk (av brjóta st.vb. bryte ), helzk = heldsk (av halda st.vb. halde ) og kvezk = kveðsk (av kveða sv.vb. kvede, seie ). Utover uttalen av dei enkelte lydane skal ein også vere merksam på stavingsforholda i norrønt. I trykktung stilling kunne stavingane vere korte, normallange og overlange: vera kort vokal + kort konsonant = kort staving bít lang vokal + kort konsonant = normallang staving skinn kort vokal + lang konsonant = normallang staving nátt lang vokal + lang konsonant = overlang staving I dag har dei aller fleste norske dialektar berre lange stavingar i trykktung stilling. For å få til ei kort staving kan vi gjerne jamføre med engelsk uttale, t.d. av city. Dei fleste dialektane har elles overlange stavingar i enkelte innlånte ord, t.d. påske, og dei har også overlange stavingar dersom ein reknar med bøyingsendingar, t.d. leigd, lånt o.l. 7 Lydskrift og fonemskrift. I dette og det neste kapitlet blir IPA-lydskrift brukt for å forklare uttalen av enkelte språklydar. Lydskrift står alltid i hake-

14 Kap. 1 parentesar, t.d. [ø:]. IPA-lydskrifta følgjer langt på veg ortografien i dei europeiske språka som brukar det latinske alfabetet, t.d. kan det norske ordet gata attgjevast som [ga:ta] i IPA-lydskrift, der det berre er lagt til eit kolon for å vise at den første vokalen i ordet er lang. Men det er også ein del teikn som treng nærmare forklaring. I denne grammatikken gjeld det desse teikna: ɔ låg, runda vokal, tilsv. å i moderne norsk ɣ frikativ g, dvs. g uttalt utan fullt lukke, framleis brukt i islandsk ɡ plosiv g, dvs. g med fullt lukke, tilsv. g i gate i moderne norsk ç palatal frikativ, tilsv. kj i standard norsk kjenne (før samanfallet med skj-lyden i skjenne, som no skjer i mange norske dialektar; framlyden i skjenne blir notert med teiknet ʃ i IPA-lydskrifta) ʁ uvular frikativ, tilsv. skarre-r i moderne norske dialektar ʋ labial approksimant, tilsv. w i engelsk water ŋ velar nasal, tilsv. ng-lyden i moderne norsk lang r alveolar trill, dvs. ein r-lyd uttalt med rulling, tilsv. dei fleste norske dialektar ɾ alveolar tapp, dvs. ein r-lyd uttalt med berre eitt slag : markering av lengd på føregåande vokal eller konsonant ˈ primærtrykk, plassert føre stavinga, t.d. ˈkaste i moderne norsk ˌ sekundærtrykk, også dette føre stavinga, t.d. ˈraudˌvin i moderne norsk Eit fullt oversyn over IPA-alfabetet finst i ei rekkje innføringsbøker, og kan lett lastast ned frå nettet ved å søkje på The International Phonetic Alphabet. Vi brukar ikkje fonemisk notasjon med skråstrekar i denne boka, ettersom den norrøne normalortografien har eit nesten perfekt samsvar med den fonematiske analysen av norrønt. I staden brukar vi kursiv; såleis er Konsonanten /g/ kunne uttalast både [ɡ] og [ɣ] formulert slik her: Konsonanten g kunne uttalast både [ɡ] og [ɣ]. I attgjeving av urnordiske ord blir teiknet ʀ brukt, t.d. i 17.2, *sofiʀ > søfr. Denne lyden er dels tolka som ein r-lyd og dels som ein stemt s, [z]. Under alle omstende fall han saman med den ordinære r mot slutten av urnordisk tid, slik at norrønt berre har lyden r. Vidare er teiknet w brukt i urnordisk; det er ein labial approksimant, [ʋ], som i norrønt er attgjeven med v, jf. 17.1, *wigan > vega.