ÅRSMELDING 2011 FOR BOKN KOMMUNE



Like dokumenter
Det vil alltid vere ei balansegang mellom bruk av eigne pengar på bok og lån i bank.

ÅRSMELDING 2010 FOR BOKN KOMMUNE

ÅRSMELDING 2013 FOR BOKN KOMMUNE

Til: Arne Fredriksen/Økonomiavdelinga Dato: Fra: Britt Vikane Referanse: 15/ Kopi:

Dato: Fredriksen/Økonomiavdelinga Fra: Ingebjørg By Teigen Referanse: 15/ Kopi:

ÅRSMELDING 2007 FOR BOKN KOMMUNE

Tertialrapport 2 tertial 2015

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Oversyn over økonomiplanperioden

ÅRSMELDING 2009 FOR BOKN KOMMUNE

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Hemsedal kommune Årsmelding kortversjon

ÅRSMELDING 2008 FOR BOKN KOMMUNE

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

VEDTEKT av februar 2007

10/60-14/N-211//AMS

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Kontrollutvalet i Suldal kommune

Kontrollutvalet i Sogndal kommune. Sak 9/2015 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2014 for Sogndal kommune

Folketalet har gått noko opp sidan årsskiftet, men er framleis noko under målsettinga.

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Årsmelding 2012 løn og personalavdelinga

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Kontrollutvalet i Leikanger kommune. Sak 8/2013 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2012 for Leikanger kommune

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Stein Kittelsen Arkiv: 153 Arkivsaksnr.: 16/3462-1

Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i heradsstyremøte 16.desember 2014.

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418

NY OPNINGSTID I SERVICETORGET

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

MØTEINNKALLING SAKLISTE: Utval: FORMANNSKAPET Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Tid: 08.30

Retningsline for samordna opptak i barnehagar i Stord kommune

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Rådet for eldre og funksjonshemma. Varamedlemmar møter berre etter nærare innkalling.

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 99/06 05/875 SØKNAD OM URVIDA KOMMUNAL GARANTI - SÆLEHAUGEN BARNEHAGE

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet

Kontrollutvalet i Leikanger kommune. Sak 8/2015 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2014 for Leikanger kommune

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

Sandeid skule SFO Årsplan

HORDALANDD. Utarbeidd av

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Handlingsprogram og økonomiplan

Forslag frå fylkesrådmannen

NTL Sentralforvaltningens representantskapsmøte mars 2014 Sak 3 Regnskap

Styresak. Halfdan Brandtzæg Rapportering frå verksemda per november Arkivsak 2014/805/ Styresak 068/2014 A Styremøte

Husleige / Fellsekostnader i interkommunale samarbeid i Hallingdal.

Status og utfordringar. Orientering til heradsstyret Tysdag 16. juni Rådmannen

Årsmelding GOL BARNEHAGE (Kultur og levekår)

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2014 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 19.desember 2013.

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Marie Evjestad Arkivsaksnr.: 07/1229. IT-arbeidsplassar for ungdomsskuleelevar i Luster. Rådmannen si tilråding:

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Forvaltningsrevisjon «Pleie og omsorg - årsak til avvik mot budsjett og Kostra-tal»

ÅRSMELDING 2006 FOR BOKN KOMMUNE

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet /2011 Kommunestyret

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

SKATTEINNTEKTER 12/ K-

Barnehageplan for Vinje kommune

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Lønnsundersøkinga for 2014

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Den nye seksjon for applikasjonar

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Retningsline for samordna opptak i barnehagar i Stord kommune

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

VESTNES KOMMUNE. Saksframlegg. Økonomiplan for Arkiv: 150 Arkivsaksnr.: 2012/2844 Saksbehandlar: Magne Værholm Dato:

KF BedreStyring. KF brukarkonferanse. Oslo 22. mars Pål Sandal

Budsjett 2012, økonomiplan

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

FINANSRAPPORT 2. TERTIAL 2012

Styre, råd og utval Møtedato Saksnr Levekårskomite /10 Bystyret Arkiv: FA-A22, FA-

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå

ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM GOL KOMMUNE , vedteke i Formannskapet, sak 0001/04, for

Møteinnkalling for Arbeidsmiljøutval

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan , vedteke i kommunestyremøte 16. desember 2014.

Årsmelding GOL BARNEHAGE (Kultur og levekår)

Oversyn over økonomiplanperioden Arbeidsgrunnlag av med endringar av

Transkript:

ÅRSMELDING 2011 FOR BOKN KOMMUNE

Innhald: Rådmannen sine kommentarar Generelt 1 Investeringar 4 Driftsresultat/rekneskapsmessig mindreforbruk 4 Lånegjeld og fond 4 Inntekter 4 Sjukefråver 5 Likestilling / deltidsstillingar 5 Vegen vidare 5 Befolkningsutvikling i Bokn 2005-2011 7 Sentraladministrasjonen Innleiing 8 Ressursbruk 8 Resultatvurdering 9 Utviklinga framover 17 Seksjon barnehage, skule og kultur Innleiing 19 Ressursbruk 19 Resultatvurdering 25 Utviklinga framover 33 Seksjon helse, sosial og barnevern Innleiing 34 Ressursbruk 36 Resultatvurdering 39 Utviklinga framover 51 Seksjon teknisk Innleiing 53 Ressursbruk 53 Resultatvurdering 54 Utviklinga framover 58 Politisk og administrative organisering 60

RÅDMANNENS KOMMENTARAR: Generelt Årsmeldinga for 2011 gir ein oversikt over kommunen sin aktivitet i året som er gått. Ein har forsøkt å visa fram bredda i det som skjer i kommunen. Årsmeldinga bygger på same lesten som tidlegare år. Det er ein positiv utvikling i Bokn kommune. Innbyggjartalet i 2011 auka totalt med 14 personar eller 1,7 %. Denne sterke veksten bekreftar den trenden ein no har hatt over fleire år. Samtidig ser ein at det også skjer ei gledeleg utvikling når det gjeld næringsarbeidet - med etablering av fleire nye verksemder i kommunen - samtidig som ein merker ei auka interesse for erverv av næringstomtar i kommunen. Arbeidet med T-forbindelsen er i siste fase og planarbeidet med Rogfast pågår for fullt. Rogfast blir planlagt med oppstart i slutten av 2015. Prosjekt som vil få store konsekvensar for utvikling av Boknasamfunnet med muligheit for både auka busetting og nyetablering av næringsverksemd. Det pågåande kommuneplanarbeidet vil gjenspegle dei positive forventningar ein har i kommunen når det gjeld den framtidige utviklinga. Kommuneøkonomien er viktig som eit reiskap for å nå dei mål ein setter seg for utvikling av kommunen. Bokn kommune har dei siste 7 åra hatt ein økonomi som har gjort det mogleg med store nedbetalingar av gjeld samtidig som ein har kunna bygd opp fond. Dette har ein makta samtidig som ein har oppretthaldt eit godt tenestetilbod til innbyggjarane. Foreløpige KOSTRA-tal for kommune-norge viser nedgang i netto driftsresultat frå 2010 til 2011 frå 2,1 % til 2,0 %. Det er særleg lågare finansinntekter og auka avdrag som fører til nedgangen. Resultatet er under nivået på 3,0 % som tilrådd av sentrale myndigheiter. Samtidig er gjeldsveksten stigande. Målt med netto lånegjeld pr. innbyggjar auka gjelda i 2011 med 4,0 % til kr 33.973. Investeringane for kommunesektoren var i 2011 på heile 12,1 mrd. dvs. ei auke på nær 9 %. For Bokn blei netto driftsresultat i 2011 på 3,0% mot 3,3 % i 2010. I kroner utgjorde netto driftsresultat i 2011 kr. 2.364.000,- mot kr. 2.486.000,- i 2010 Budsjettet for 2011 har som tidlegare år vore basert på målsettingar om å: 1

Styrka oppvekstvilkår for born og unge Legga til rette for etablering av unge familiar Marknadsføra kommunen som ein god stad for busetting og etablering Gjennomføra planar for funksjonshemma Skapa eit differensiert omsorgstilbod Driva ein aktiv næringspolitikk Delta aktivt i regionalt samarbeid Inntektsutviklinga i kommunane er sterkt knytt til folketalsutviklinga. Både når det gjeld rammetilskott og når det gjeld fordeling av inntekt frå gassbasert industri mellom Tysvær og Bokn. For Bokn er det viktig at ein ikkje har ei svakare befolkningsutvikling enn Tysvær. Mens Bokn i 2011 hadde ei vekst på 1,7 % var veksten i Tysvær på ca. 1,3 %. Nabokommunane våre Kvitsøy hadde -1,7 %, Rennesøy 4,4 %, Karmøy 1,1 % og Haugesund hadde ei vekst på 1,4 %. Bokn kommune er godt stelt med kvalifisert personell i nøkkelstillingar. På leiarsida i kommunen har det skjedd nytilsettingar då både seksjonssjef skule/barnehage/kultur og seksjonssjef helse/sosial/barnevern slutta i 2011. Kommunen har stabile, dyktige og godt kvalifiserte medarbeidarar - noko som er ein føresetnad for god kvalitet på dei kommunale tenestene. Sjølv om me i dag i all hovudsak er godt dekka når det gjeld kvalifisert personale er det tydelege signal både nasjonalt og regionalt om at det vil bli eit aukande problem å få kompetent personell til å søkje kommunale stillingar. Særleg gjeld dette i dag stillingar i teknisk, men på sikt vil det gjelda stillingar på alle nivå. Dei kommunale tenestene på Bokn er gode. Dette er mellom anna dokumentert gjennom Kommunebarometeret som er ei samanlikning av landets kommunar, basert på til saman 60 sentrale nøkkeltal. Føremålet med Kommunebaromteret er å gi kommunetyra og sentrale myndigheiter ein lettfatteleg og tilgjengeleg oversikt over på kva måte kommunen driv. Tala er hentet fra Statistisk sentralbyrås Kostra-database, førebels tal for 2010 og Grunnskulens informasjonssystem. 2

Aktivt folkehelsearbeid og ny kommunal buss var nye tiltak i 2011. På Kommunebarometeret for 2010 vart Bokn kommune rangert som den 10 beste kommune i landet - og som den beste i Rogaland. Det interkommunale samarbeidet på Haugalandet er spreidd over eit vidt spekter av tenester. Ein ser det interkommunale samarbeidet som svært viktig i framtida, både når det gjeld arbeidet med å rekruttera nye medarbeidarar og ikkje minst som eit godt alternativ i forhold til å tilsette eigne medarbeidarar innanfor spesialisttenestene. Frå 1. januar er det inngått eit forpliktande samarbeid med Tysvær om barnevern og i løpet av 2012 skal og brannsamarbeidet med Tysvær vera på plass. Det er stor pågangen etter bustadtomter i Bokn. Det er i dag ingen ledige kommunale bustadtomter. Det haster med å få regulert fleire tomter både i kommunal og i privat regi. Eit privat tomteområde i Alvestadkroken blei ferdigregulert i 2011. Rekneskapen viser at det i 2011 har vore noko overforbruk i forhold til budsjettet sjølv om det samla resultatet er bra. Det vises til kommentarane under det enkelte rammeområde. 3

Investeringar Dei samla investeringane i 2011 utgjer ca. 1,9 mill. kroner. Dei største investeringane gjeld kjøp av buss, Boknafjellet, Føresvik hamn og kostnader med diverse reguleringsarbeid bustadfelt og Føresvikvegen. Driftsresultat/rekneskapsmessig mindreforbruk Rekneskap 2011 Rekneskap 2010 Brutto driftsresultat 1.015.441 1.147.920 Netto driftsresultat 2.364.675 2.486.250 Overskot 2.494.395 2.891.457 Netto driftsresultat for 2011 er på 3,0 % mot 3,3 % i 2010. Det er ei målsetting at netto driftsresultat ikkje skal vere lågare enn 3% av driftsinntektene. Bokn ligg innafor denne marginen. Lånegjeld og fond Rekneskap 2011 Rekneskap 2010 Langsiktig lånegjeld 35.295.133 36.914.014 Fond: Disposisjonsfond 15.565.865 14.336.473 Ubundne kapitalfond 836.961 1.163.173 Bundne kapitalfond 0 0 Bundne driftsfond inkl. HR 2,6 3.337.226 3.509.714 mill Sum fond 19.740.052 19.009.360 Dei kommunale fonda er auka med kr. 766.692,-. Inntekter Rekneskap 2011 Rekneskap 2010 Skatteinntekter 16.249.888 16.047.807 Rammetilskott 34.505.046 28.182.554 Eigedomsskatt 7.925.122 7.209.057 Overf. med krav til motyting 11.137.441 16.089.484 Andre inntekter 9.534.713 7.838.722 Sum driftsinntekter 79.352.211 75.367.625 Samla hadde kommunen ei auke i inntekter på ca. 4,0 mill. kroner frå 2010 til 2011. Eigedomsskatten utgjorde i 2011 kr. 7.925.122,- dvs. ca 0,7 mill. høgare enn i 2010. 4

Det meste av eigedomsskatten skriv seg frå den gassbaserte industrien på Kårstøanlegget. Sjukefråveret Bokn kommune har frå 2002 vore ein IA bedrift. Sidan 1. januar 2005 har ein hatt avtale med Haugaland HMS-senter om regelmessig gjennomgang og kartlegging av arbeidsmiljøet mellom anna som eit tiltak for å få redusert sjukefråværet. Totalt for kommunen var sjukefråværet på 5,3 % i 2011 (6,3% i 2010). SSB sin statistikk for landet er på 9,1%. Det er fortsatt stor forskjell frå avdeling til avdeling og sjukefråværet er nærare omtalt hos kvar enkelt seksjon. Likestilling / deltidsstillingar Bokn kommune har, likt andre kommunar, skeiv fordeling av kvinner og menn i mange av yrkene. Innan helse, barnehage og skule har vi ei overvekt av kvinner og i teknisk er det overvekt av menn. I mellomleiar stillingar er det fleire kvinner enn menn, medan den administrative toppleiinga er fordelinga 3 menn og 2 kvinner. Utfordringa er å rekruttere fleire menn til stillingane i helse, skule og barnehage og fleire kvinner til toppleiinga. Kommunen har også mange deltidsstillingar, spesielt innan omsorg. Målet er å auka desse stillingane og få fleire stillingar med 100%. Små stillingar er ei ulempe for både tilsette og brukarar, men ofte kan det vera vanskeleg å få turnusen til å gå opp når antal personar vert redusert. Vegen vidare Bokn kommune har eit høgt nivå på dei kommunale tenestene - både når det gjeld kvalitet og kvantitet noko som tydeleg kjem fram av Kommunebarometeret for 2010. Kommunen har fram til no hatt barnehageplass til alle som har søkt innan søknadsfristen, men signala frå barnehagen er at det no er trongt om plassen. Er ein gjer difor rekning med at kommunen i nær framtid må vurdera å byggja ut eller byggja ny barnehage. Etterspurnaden etter sjukeheimsplassar har dei siste åra vore stabilt og det har i 2011 vore god samanheng med tilbod og etterspurnad. Den kommande samhandlingsreformen som no delvis er sett ut i livet vil kunne stille krav til kommunen om fleire sengeplassar. Bokn har ein god skule knytt opp mot eit flott bibliotek. Men stigande elevtal dei siste åra gjer at også skulen har trong for meir og større lokale i fyrste omgang utviding av klasserom. Kommunen må i dei kommande åra ta høgd for at det vil kunne vere behov for å byggje ut fleire av dei kommunale bygga / tenestetilboda som fylgje av ei forventa folketalsutvikling både som fylgje av T-forbindelsen som skal stå ferdig i 2013 og ikkje minst som fylgje av dei framtidige Rogfastplanane. 5

Utfordringar for kommunen dei kommande åra vil difor både vere å skaffe byggeklare bustadtomter, kunne dekke behovet for sjukeheimsrom, omsorgsbustader, barnehageplassar og gode og funksjonelle klasserom. I tillegg vil det som tidlegare, vere å få fleire unge barnefamiliar til å busette seg i Bokn. Ein av dei den største utfordringane i kommunesektoren framover vil vere å rekruttere folk til å jobba i kommunesektoren. Både innan dei store og viktige sektorane som utdanning og helse/omsorg er det få som tar utdanning i forhold til det behovet for arbeidskraft ein vil få innan desse sektorane i åra som kjem. Lånegjelda i kommunen er no markert på veg ned sjølv om ein fortsatt ein del år framover vil slite med høge finanskostnader. Gjelda pr. innbyggjar ved utgangen av 2010 var kr. 33.481,- mot kr. 31.826,- for landet elles. Men mens gjennomsnittleg gjeld for landet auka med 8,4 % vart gjelda for Bokn kommune redusert med 5,1 %. Den låge renta vi har hatt i 2011 har så langt haldt seg stabilt også i 2012. Signala er at renta vil vere stabilt låg dei kommande 2 åra. Økonomi er ein viktig innsatsfaktor når det gjeld kvalitet og kapasitet på kommunale tenester, men det viktigaste er likevel fyrst og fremst dyktige medarbeidarar. Bokn kommune har mange dyktige medarbeidarar som gjer ein god jobb og gjennomfører dei oppgåver dei blir pålagt på ein god måte. Sentralt som Bokn ligg, nært opp til arbeidsmarknader både sør og nord for Boknafjorden, er det mange kommunar som konkurrerer om denne arbeidskrafta. Det er derfor viktig å ta vare på denne ressursen gjennom ein personalpolitikk som gjer oss konkurransedyktige i forhold til andre kommunar både når det gjeld løn og andre arbeidsgjevarpolitiske tiltak. Som ein liten distriktskommune har kommunen tatt sitt ansvar som samfunnsutviklar på alvor. Både når det gjeld saker internt i kommune, men også når det gjeld saker som er viktige for regionen. Bokn kommune ser på det interkommunale samarbeidet som viktig, og deltar i mange større samarbeidsprosjekt, Innkjøpssamarbeidet, Haugaland Vekst IKS næringsutviklingsselskap, HSA Haugaland Skule Arbeidsliv, Ordførar- og rådmannsforumet for Haugesundregionen, Haugalandsløftet, Interkommunalt renovasjonsselskap HIM, Haugaland Kontrollutvalgssekretariat IKS, Nord-Rogaland og Sunnhordland Friluftsråd for å nemne noen av dei mest sentrale. Bokn, april 2011 Jan Erik Nygaard Rådmann 6

BEFOLKNINGSUTVIKLING I BOKN 2006 2011 ÅR 2006 2007 2008 2009 2010 2011 Fødde 13 5 12 13 8 6 Døde 7 2 12 7 10 6 Fødselsoverskott 6 3 0 6-2 0 Innflytting 36 47 27 43 49 43 Utflytting 19 20 39 29 41 29 Netto flytting 17 27-12 14 8 14 Folketalsvekst 23 30-12 20 6 14 Sum innbyggjarar 793 823 811 831 837 851 860 850 840 830 820 810 800 790 780 770 760 2006 2007 2008 2009 2010 2011 Ved årsskifte 2011/2012 var folketalet på Bokn auka til 851 personar 6 fødde og 6 døde. I snitt dei siste 6 åra gir dette barnekull på bare 9,5 barn. Av innflyttinga i 2011 på 43 personar var 11 frå utlandet. Folketalsveksten for Bokn kommune var i 2011 på heile 1,7%. 7

RAMMEOMRÅDE 1 - Sentraladministrasjonen Innleiing Sentraladministrasjonen omfattar dei politiske og administrative tenestane i kommunen. Dei administrative einingane er rådmann, data, servicetorg og økonomiavdeling. Tenestane som dette rammeområdet omfattar er politisk aktivitet og overordna administrasjon av kommunen som utgjer ca 40% av utgiftene på rammeområdet. Resten av utgiftene ca 60% gjeld fellesutgiftene til tenesteproduksjon. (jmf. Resultatvurdering, andre tenester) Rådmannen; Overordna styring og kontroll, juridisk bistand, interkommunalt/regionalt arbeid, beredskap, sekretærfunksjon for formannskap og kommunestyre, næringsarbeid og data. Servicetorg; Kundemottak, sentralbord, post, arkiv, felles innkjøp, sekretæriat for politiske utval og interne merkantile tenester til og for seksjonane. Økonomiavdelinga; Økonomistyring, budsjett, innkjøpsavtalar, rekneskap, lønn, fakturering, skatteinnkrevjing, generell personalpolitikk, HMS/arbeidsmiljø og IKT strategi. Ressursbruk; Driftsresultat Rekneskap 2010 Budsjett 2011 Rekneskap 2011 Avvik frå Budsjett 2011 Brutto utgifter 16.990 16.761 17.189 428 Brutto inntekter -6.309-3.262-5.067-1.805 Netto utgift 10.680 13.499 12.122 1.377 Rekneskapet for 2011 viser at drifta er ca 1,4 mill lågare enn budsjettert. Mindreforbruket / overskotet skuldast; Unytta løyving reserverte bevilgningar; kr. 1,1 mill. Av desse unytta midlene er 580.000 øyremerka kompetanse og 250.000 til IKT plan. Dei resterande innsparingane på kr. 300.000 skuldast mindreforbruk på mange ulike driftskostnader. Bemanning 2007 2008 2009 2010 2011 Årsverk rådmann/stab. 2,0 2,0 2,0 3,0 3,37 Årsverk økonomiavdeling 2,73 * 2,73 * 2,73 * 2,73 * 2,73 * Årsverk servicetorg 1,75 1,75 1,75 1,75 1,75 * Inkl. 13% lønna tillitsvalgt ihht hovudavtalen. 8

Stillinga som IT-konsulent er 100%. Avtalen vi hadde med Utsira om utleige av ein 20% stilling vart sagt opp i 2011. Stillingsandelen på fast tilsette i Servicetorget er 1,75 årsverk av desse er 40% fysisk på skulen. I tillegg har kommunen ein avtale med SR-bank om tenesteyting, berekna til ca. 0,5 årsverk. Bemanninga har vore stabil og ein har god fagleg kompetanse i stillingane. Auken i rådmannen sin stab er folkehelsekoordinator (100%) og kommuneplanleggjar (37%) Sjukefråver i administrasjonen sjukefråver 2007 2008 2009 2010 2011 I % 6% 0,5% 0,5% 0% 0,4% Kortidsfråver dagar 18dg 12dg 11 0 9 Langtidsfråver dg. 75dg 0 0 0 0 Sjukefråveret i administrasjonen er fortsatt svært lågt. Resultatvurdering Året 2011 har vore prega av høg aktivitet og ein har ikkje fått gjennomført alle planlagte oppgåver. Fråver og avgang i leiargruppa har også ført til større arbeidspress for rådmann og økonomisjef. Dei ordinære driftsoppgåvene for administrasjonen har ikkje endra seg i forhold til tidlegare år, og årsmeldinga inneheld difor mykje av dei same opplysningane som tidlegare berre justert med endringar og nøkkeltal. Teneste 1000 Politisk styring og kontroll Utgiftene omfattar mange ulike kostnader, både kurs, reiseutgifter, bevertning, kontorrekvisita etc. Rekneskapet for 2010 er i samsvar med vedtatt budsjett. Kostratala frå dei 4 siste åra viser fylgjande utvikling; Brutto driftsutgifter i kr. pr. innb. 2008 2009 2010 2011 funksjon 100 Politisk styring 1985 2550 1843 1886 Funksjon 110 kontroll og revisjon 205 219 230 Teneste 1200 Administrasjon 9

Rådmann, datakonsulent, personal, servictorg og økonomi (teneste 1202) er alle definert som administrasjon dvs. funksjon 120 ihht. KOSTRA. KOSTRA tala viser at vi har høge kostnader til administrasjon, samanlikna med andre kommunar. Ein av årsakene til dette er at vi av praktiske årsaker fører ein del fellesutgifter som administrative utgifter og det er vanskeleg å fordele kostnadene nøyaktig etter forbruk i den enkelte driftsavdeling.. Både Servicetorg, Økonomiavdelinga og rådmann bruker mykje av arbeidstida til å utføre oppgåver som er ein del av tenesteproduksjonen i andre seksjonar. Kartlegging viste at av dei 7,8 årsverka som er tilsette i sentraladministrasjonen utfører ca.3,7 årsverk direkte tenesteproduksjon. Dei resterande 4,1 årsverka i administrasjonen utfører tenester som betjener hele den kommunale organisasjonen dvs. rekneskap, lønn, personalpolitikk, HMS, sentralbord, post/arkiv, politisk sekretariat, datadrift og overordna administrasjon og leiing (funksjon 120) Kostratala frå dei 4 siste åra viser fylgjande utvikling; 2008 2009 2010 2011 Brutto driftsutgifter til funksjon 120 i 4.076 4.542 4.473 5.072 kr./innb Auken i driftsutgifter siste år skuldast i hovudsak auka driftsutgifter i forbindelse med utskifting og oppgradering av datautstyr og programvare. Data: I ekommune 2012 er visjonen; Norske kommuner og fylkeskommuner skal være blant de fremste i verden på elektronisk innbyggerdialog, digitale tenester og effektiv e-forvaltning Kommunen har utarbeidd ein strategisk IKT plan og har ein handlingsplan for gjennomføringa. Arbeidet er sentralt styrt av økonomisjefen, og ei IKT styringsgruppe med representasjon frå alle seksjonane. Målsetjinga er å ha ein IKT struktur kor dataprogramma kan overføre informasjon seg imellom der det er mogeleg. Dette arbeidet har vore meir ressurskrevjande enn vi trudde og i tillegg skjer det stadig nye ting med det tekniske utstyret og endringar i programvare som fører til driftsproblem. Handlingsplanen er difor i stadig endring kor ein ofte må omprioritera for å halde den daglege drifta oppe og det har ført til at oppgradering, nye modular og integrasjon mellom datasystema tar lengre tid enn vi forventa. Ei arbeider samtidig med å gi innbyggjarane større tilbod via heimesida til å ha elektronisk kommunikasjon med kommunen. Datasikkerhet Kommunen tar fysisk backup av alle data, og backup serveren er plassert i anna bygg enn hovudserver. Backup vert kjørt både til disk og tape. Begge serverane er stasjonert i eigne avlåste rom, og rom for hovudserver er også sikra med kjøling / ventilasjon. Brannmuren er installert slik at vi har sikre soner for sensitiv informasjon ihht datatilsynet sine krav. 10

Kommunen trur vi har godkjente lisensar for programvare og antivirusprogram på alle PCèr og servere, men Microsoft sine lisensreglar er svært kompliserte. Kommunen har berre lisensar på gamle versjonar av Microsoft programma og har difor bestilt oppgradering som vert gjennomført i 2012. PC er Pr. dags dato er det ca 180 PC er og 13 servere i drift i Bokn kommune. Totalt har vi 80 bærbare og 90 stasjonære Pcèr i nettverket. Skulen har ca 65 av dei bærbare, og 45 av desse er mobile klassesett. Ihht IKT planen får alle 8 klassingane ny bærbar PC ved skulestart slik at ungdomsskuleelevane skal ha eigen bærbar PC. Behovet for utskifting av Pcèr aukar stadig fordi utviklinga i programvare fører til behov for større kapasitet på maskinane. Gjennomsnitt levetid pr PC er 3-5 år, avhengig at type (bærbar/stasjonær) og bruk. I 2011 vart det kjøp inn ipad til alle kommunestyremedlem samt ein del til administrasjonen. Ein vonar at dette skal føre til innsparingar ved kopiering/porto, og effektivisering av arbeidet med saksdokumenter. Dette ser ut til å fungere godt både for administrasjonen og politikarane. Kjøp av tenester Økonomi programma har sidan årskiftet 05/06 vore drifta av eit privat selskap i Sykkylven, og alle kommunane (4stk) som er med i dette samarbeidet har vore svært nøgde med oppetid og service. Dei kommunale programma som vert drifta av Tysvær kommune har vi dessverre ikkje vore nøgde med. Trådløst nett Boknatun, skole og biblioteket er nå dekka av tre trådlause nett: lærer, elev og publikums-nett. Det er satt opp 5 access-punkt som dekker heile skulebygget samt store deler av Boknatun. Ikt ansvarleg har eit nært samarbeid med fagpersonell i andre kommunar og nettverket har samarbeidsmøter ca 3-4 gonger i året. Servicetorg SR-Bank, servicetorg og NAV har vore samlokalisert med felles kundemottak sidan 2007. Målsetjinga for servicetorget er at brukarane skal oppleve at dei vert godt mottatt og at dei får god informasjon om kommunale tenester og / eller hjelp til å få kontakt med rett saksbehandlar i kommunen. 11

Etter avtale skal dei tilsette i SR-bank betene kundesenteret både for Bank og kommune, og tilsette i banken utfører ein del arbeidsoppgåver for kommunen etter avtale. Brukarane / publikum er godt nøgd med denne løysinga som mellom anna betyr at banken i Bokn har hatt 5 dagars opningstid kvar veke. Dei ordinære oppgåvene for servicetorget er sentralbord/skranke, postmottak og postfordeling, arkivansvar og enkelte interne fellesfunksjonar til dømes innkjøp av kontorrekvisita, reisebestilling, booking av møterom og liknande. I tillegg har Servicetorget ansvar for utsending av sakspapir til kommunale styrer, råd og utval og nødvendig etterarbeid etter desse møtene. Servicetorget utfører og enkelte oppgåver for seksjonane og har i tillegg eit særleg ansvar når det gjeld generell info på kommunen si heimeside. Servicetorget har fortsatt avtale med likningsetaten om å utføra ein del tenester. Særleg i perioden for innlevering av sjølvmeldinga merker ein dette meirarbeidet. Personalfunksjonen Kommunen har ein felles kompetanseplan for alle seksjonane. Planen skal reviderast kvart år. Kommunen har dei siste åra arrangert ein felles julelunsj for alle tilsette og på dette arrangementet vert det også utdelt gratiale for tilsette med 15 eller 25 års teneste. Tilbakemeldingane er et dette arrangementet er svært positivt. Folkehelse Bokn kommune har over fleire år hatt høgt fokus på folkehelsearbeidet; det beste eksempelet på dette er initiativet om å gå i gong med prosjektet Kjekt på Bokn. Etter som tida gjekk vart det, frå fylkeskommunen si side, invitert til meir formaliserte samarbeidsformer og kommunen inngjekk difor i eit partnarskap for folkehelse i 2010. For året 2011 betydde dette at fokus på folkehelsearbeid fann stad innanføre 3 område heilt spesifikt samt innanføre sektorovergripande område på eit generelt plan. I 2011 vart det tatt initiativ til aktivitetar og tiltak innanføre områda Kjekt på Bokn, Frisk i friluft samt innanføre partnarskap for folkehelse. Aktivitetane og tiltaka har hatt ulik art og har hatt ulikt omfang. Hovudmålsettinga har likevel vore å leggje til rette for at ein skal kjenne att ein raud tråd i arbeidet og at ein skal arbeide for å jamne ut forskjellar i helse samt gjere det ein kan for å gje innbyggjarane fleire gode leveår. 12

Av konkrete aktivitetar/tiltak kan nemnast: Temakveld med Per Fugelli: Jakten på helsens kilder eit samarbeid med Bokn næringsforum (Partnarskap for folkehelse) Etableringa av eit lokalt folkehelseforum (Partnarskap for folkehelse) Oppstart trim for dei godt vaksne (Partnarskap for folkehelse) Historisk tur til Loden med utgangspunkt i fysisk aktivitet, eit samarbeid med Bokn Historielag (Frisk i friluft) Oppstart arbeid webbasert link til Frisk i friluft, Bokn (Frisk i friluft) Markering av Utsiktspunkt Boknafjell med fokus på universell utforming (Kjekt på Bokn) - samt mykje, mykje meir av både små og større aktivitetar/ tiltak. Folkehelse også for kommunalt tilsette Boknabanden etter Holmenkollstafetten. Arbeidet med og fokus på folkehelse pågår i uforminska styrke også for 2012. Verken Bokn kommune eller andre kommunar har, i lys av samhandlingsreforma, økonomi til å lata vera. 13

Teneste 1202 Økonomitenester Økonomi. Dei ordinære oppgåvene innafor økonomi er budsjettering, økonomistyring, kommunal bokføring, skatterekneskap, mottak/scanning av inngåande faktura, utgåande fakturering og lønn. I tillegg har avdelinga fokus på at vi kan utføre tenester for seksjonane på områder kor det er behov for fagkompetanse innan økonomi- / personal, og har også overtatt ein del oppgåver som effektiviserer og kvalitetssikrar saksbehandlinga. Kommunen kjøpte programmet KOMTEK for å administrere og fakturere kommunale avgifter. Programmet vart installert på server i Tysvær sommaren 2010, men på grunn interne problem i Tysvær fekk vi ikkje tilgang for å ta programmet i bruk i 2011 heller. Alle kommunar skal innan 1. juli 2012 kunne sende og ta imot elektronisk faktura. På grunn av dette vart det oppretta eit prosjekt for E-handel for Haugaland og Sunnhordaland. Bømlo kommune har tilsett prosjektleiar som har vore ein stor ressurs og pådrivar. Prosjektet fører som vanleg til auke i driftskostnadane pga nye program og lisensar. Skatteoppkrevjarkontoret: I 2010 blei det innfordra 67,4 mill. kroner i skatter og avgifter. Ei auke i skatteinngangen på 9,3% i forhold til 2010. Kommunen sin andel av dette utgjorde ca. 16,3 mill. kroner. Innfordringa og restansesituasjonen er fortsatt tilfredsstillande med uteståande krav på ca 1 mill ved årskiftet. Dette er ein nedgang i restansane på ca. 2 % i forhold til 2010. Bokn kommune deltar Haugaland interkommunale Arbeidsgiverkontroll saman med 9 andre kommunar. Det er gjennomført 2 arbeidsgivarkontrollar i 2010. Innkjøpssamarbeidet på Haugalandet Innkjøpssamarbeidet på Haugalandet fungerer slik at Haugesund og Karmøy har saksbehandlarar som utfører alt arbeid med vurdering av grenseverdiar og utlysning av anbod i Norge eller EØS-området. Vi andre kommunane i samarbeidet kjem med i arbeidet når vi skal vurdera dei innkomne tilboda og foreta eit val av leverandør. Bokn kommune er med på 34 felles avtalar. 14

Teneste 1203 HMS / arbeidsmiljø Sjukefråveret i kommunen har store endringar frå år til år. I 2007 var fråværet på 489 dagsverk, dette vart auka til 741 dagsverk (4%) i 2008, til 1640 dagsverk ( 8,1%) i 2009 og 1273 dagsverk (6,3%) i 2010. I 2011 har sjukefråveret blitt redusert til 5,3% - Dette utgjer 1040 dagsverk. Kommunen har ein avtale om inkluderande arbeidsliv som betyr at vi forpliktar oss til å ha ei tett oppfylgjing av dei sjukemeldte og tilrettelegga arbeidet slik at dei kan fortsette i jobben. Den enkelte seksjon har kommentert sitt fråver nærare. Kommunen har eit internettbasert HMS system kor både reglar, rutiner, skjema etc skal vera tilgjengeleg for alle. HMS-systemet omfattar også meldingsrutinar for avvik og risikovurdering. Leiarar, tillitsvalgte og verneombud har tidlegare fått opplæring i programmet, men etter kvart er bruken redusert og utfordringa er å revitalisere og utvikla dette systemet til eit godt verktøy i HMS arbeidet. Arbeidsmiljøutvalet. AMU har i 2011 hatt 4 møter. Dei tillitsvalde v/lindy Haram har hatt leieafunksjonen i denne perioden. Sekretær er som tidlegare Solrunn Alvestad Amu har hatt til behandling 10 saker bl.a.; HMS opplæring Rapport frå gjennomførte helseundersøkelser Rapport om sjukefråveret i kommunen Retningslinjer for medarbeidarsamtalar Ny IA avtale Kommunen har 4 verneområder; skulen, barnehagen, administrasjonen/teknisk og sjukestova/helse. Alle verneombod og medlemmer av AMU skal har gjennomført 40t grunnkurs i HMS. Dei har også kvart år tilbod om å delta på HMS konferanse for nyttig informasjon og inspirasjon. HMS-senteret har vore ein aktiv medspelar i HMS arbeidet. Anna kvart år skal alle tilsette gjennom ein arbeidshelseundersøkelse. Resultatet viser kva dei tilsette opplever som positivt og negativt i arbeidsmiljøet / på arbeidsplassen. Dei aktuelle seksjonane bruker resultata saman med personalet og vurderer kva som kan gjerast for å betre arbeidsmiljøet. Velferdsutvalet gjennomførte i 2011 eit julebord for tilsette Ingen saker har blitt tatt opp med Akan-kontakten i året som gjekk. 15

Teneste 3250 og 3251 Næring og landbruk Bokn kommune er saman med Rogaland Fylkeskommune, Haugesund, Tysvær og Utsira eigar av Haugaland Vekst IKS. Det er eit uttalt ynskje at dei øvrige kommunane i regionen også bør vera eigarar av næringsselskapet. Haugaland Vekst er samlokalisert i tidlegare Meieribygget i Haugesund saman med mellom anna Kunnskapsparken, HSA, Destinasjon Haugesund og Haugalandet AS, Rogalands-forskning, Haugesundregionens Næringsforening. Haugaland Vekst IKS har i 2011 på ein positiv måte profilert seg som kommunens næringsapparat, med ei klår uttalt vilje til å vera kommunens næringssjef. Tilbakemeldinga frå næringslivet er at Bokn har fått eit synleg og hjelpsomt tiltaksapparat. I 2011 har fokus særleg vore på sal av næringsområder/kontakt med nye verksemder som vil etablera seg i Bokn kommune. Landbrukstenesta er som tidlegare organisert med Tysvær som vertskommune der både Tysvær, Haugesund og Bokn no knytt til dette felles landbrukskontoret. Som tidlegare år har kommunen gitt tilskott til Bokn Næringsforum og Destinasjon Haugesund og Haugalandet as. Det er utarbeidd service-erklæring for tenesta. Intensjonen og målsettinga i service-erklæringa vert lagt til grunn for kontakten mellom kommunen og næringslivet. Bokn kommune fekk i 2011 tildelt næringsfond frå Rogaland Fylkeskommune på kr. 550.000,-. Av dette ligg det inne eit tilskott på kr. 150.000,- til utvikling av opplevingsnæringar saman med Utsira. Det ble i alt tildelt kr. 300.000,- i tilskott til 5 prosjekt. Kr. 450.000,- av næringsfondet er overført frå 2011 til 2012. 16

Teneste 3900, 3920 og 3930 Kyrkja og andre religiøse formål Frå og med 2009 var det slutt på statleg overføring til kyrkja, og kommunen har nå det heile økonomiske ansvaret I budsjettet for 2011 vart overføringane til kyrkja totalt kr. 835.700.-. Av dette kjøper kyrkja økonomi/lønn- og vaktmester tenester frå kommunen for ca kr. 90.000. Kyrkja fekk i 2010 eit tilskot til bygging av bårehus på 1.mill.kr. Kostnadene vart noko høgare og det vart i 2011 gitt eit ekstra tilskot på kr. 70.165,- Kyrkja fekk i åra 2004-2009 tilskot til ekstraordinært vedlikehald. Sidan vedlikehaldet er stoppa opp og pengane er på kyrkja sitt fond har ein ikkje vidareført dette men avventar nå ein revidert vedlikehaldsplan. Andre tenestar Ca. 60% av sentraladministrasjonen sine kostnader gjeld driftsutgifter for seksjonane; bl.a. innkjøp av kontorrekvisita, post, forsikringar, felles data program/linjer, telefon og løn for dei driftstenestane som vert utført for andre. (gjeldsrådgivning, vederlagsberekning, drift av datanett/maskinar i seksjonane m.m.) Utviklinga framover I samarbeidet kommune & bank har banken hovudansvar for kundemottak og sentralbord. Det er no inngått ny avtale med banken der ein i større grad vil legga vekt på å skilje mellom avsett tid for kommunen og avsett tid for banken. Samtidig vil ein tydlegare klarleggja og bestemme kva konkrete oppgåver banken skal utføre for kommunen. Vi vil vidareføre målet om at seksjonane skal prioritere tenesteproduksjonen og kontinuerleg vurdera om det er arbeidsoppgåver som kan samordnast og/eller effektiviserast ved at sentraladministrasjonen utfører desse, f.eks rapportering, personalsaksbehandling, økonomikontroll m.m. IKT planen for kommunen med oppgradering av program og nye web-baserte dataverktøy, vonar vi skal føre til betre dataflyt mellom seksjonane, og gi betre oversikt og tilgang på informasjon / styringsdata. Leiargruppa i kommunen er påmeldt eit opplæringsprogram for Orden i eget hus, dette programmet set fokus på sikkerhet, kvalitet og internkontroll i kommunen. 17

Utviklinga dei siste åra har vist at behovet for interkommunalt samarbeid er aukande. Ikkje bare for små kommunar som kan vere avhengig å kjøpa tenester frå andre, men sjølv store kommunar som Haugesund og Karmøy vil på fleire områder vere avhengige av gode interkommunale løysingar. Særleg vil det vere viktig at ein på Haugalandet står samla om nyrekruttering av kommunale arbeidstakarar mellom anna gjennom omdømmebygging og marknadsføring av regionen. Tiltross for at samarbeidsklimaet på Haugalandet må seiast å vere godt, er det ofte vanskeleg å få til eit samarbeid i store viktige saker. Dersom interkommunalt samarbeid skal kunne erstatte kommunesamanslutningar med oppbygging av einingar med brei kompetanse og stordriftsfordelar, må kommunane i regionen bli flinkare til å gjennomføra interkommunale samarbeidsprosjekt. Den største utfordringen i åra som kjem er samhandlingsreformen som er vedtatt sett ut i funksjon allereie frå 2012. Kommunen vil også i åra framover arbeide for å legge forholda til rette for utvikling av eit livskraftig lokalt næringsliv. For Bokn er det viktig at arbeidet i Haugaland Vekst IKS utviklar seg på ein god måte og ein ser det som ein stor fordel dersom fleire av kommunane etter kvart går inn i selskapet. For Bokn er det også viktig at ein lukkast med å få gjennomført industrietableringar i Gismarvik-området og ein ser difor svært positivt på Haugaland Kraft as har prioritert arbeidet med å utvikle dette næringsområdet. Som ein del av kommuneplanarbeidet har kommunen gjort prioriteringar som gjeld kva satsingsområder ein skal ha fokus på. Gjennom visjonen og prosjektet Kjekt på Bokn legges det opp til å utvikle Boknasamfunnet til å bli eit meir inkluderande samfunn. Prosjektet er prioritert økonomisk både i budsjett og langtidsbudsjett Prosjektet Kjekt på Bokn har hatt stor aktivitet og viser godt igjen gjennom forskjellige tiltak og prosjekt. I 2011 har prosjektet fått felles prosjektleiar med folkehelseprosjektet. Elles vil sentraladministrasjonen sitt fokus vera å videreutvikle gode interne rutiner og reglement, samt å finne fram til data og KOSTRA tal som kan brukast til styringsverktøy for kommunen. Vi vil også i stor grad samarbeide med andre kommunar for å utnytte felles kompetanse og ressurser. 18

SEKSJON KULTUR, SKULE OG BARNEHAGE Innleiing Seksjon kultur, skule og barnehage omfattar: Bokn kulturkontor, Bokn bygdemuseum og Bokn bygdablad. Barne- og ungdomsarbeidet med Petra ungdomsklubb og Artep kulturkafe Bokn bibliotek Bokn kultur- og musikkskule Bokn barnehage Bokn skule (1-10) med dei 4 avdelingane Barnesteget (1-7). Ungdomssteget (8-10), Team Ekstra, og Skulefritidsordninga SFO. Vaksenopplæring etter Opplæringslova (grunnskulenivå) og Introduksjonslova. PP-tenester etter Opplæringslova 4A og 5 blir kjøpt frå Tysvær kommune (Tysvær og Bokn PPT). Vaksenopplæring i norsk og samfunnskunnskap etter introduksjonslova har til og med skuleåret 2010/ 2011 blitt gitt gjennom nabokommunane Tysvær og Haugesund. Frå hausten 2011 har tilbodet blitt organisert i kommunen ved Bokn skule. Reinhald (skule- og barnehagebygget) blir utført med tilsette i seksjonen. Kontortekniske tenester og vaktmeister og vedlikehaldstenester, blir levert av sentraladministrasjonen og teknisk seksjon. Årsmeldinga omhandlar i liten grad skuleresultat. Dei kjem i ein eigen lovpålagt tilstandsrapport som utarbeides seinere i 2012. Ressursbruk Seksjonen har i 2011 hatt eit overforbruk innan drift på omlag 479 eller 2,3 %. Driftsresultat (heile tusen) Rekneskap 2010 Rev. budsjett 2011 Rekneskap 2011 Avvik frå rev. budsjett 2011 Brutto utgifter 27.060 25.479 28.669 3.190 Brutto inntekter -10.494-5.085-7.796-2.711 Netto utgift 16.566 20.394 20.873 479 Det var ikkje satt av løyvingar til investeringar for 2011 Spesielle løyvingar i 2011 Skulen Utvendig maling av skule 20 000. Dette blei gjort sommaren 2011. Interkommunalt filmprosjekt Utstyr og drift filmprosjekt 20 000. Midlane har blitt brukt til vedlikehald og noko nyinnkjøp. Biblioteket 45 000 for å gjennomføre 3 timar/ veke meir kvelds- og sommarope. 19

Musikkskulen Oppretthalde aktivitet musikkskulen 70 000. Dette har mellom anna gått til gitar Nytt ustyr musikkskulen 30 000. Det er kjøpt inn trommesett og diverse utstyr til dette samt utstyr til lyd og lys. Auditoriet og kino Innbu auditoriet og kino 50 000. Desse midlane er tenkt nytta til utskifting av stolane i auditoriet. Det er for 2012 løyvd midlar slik at midlane til saman for 2011 og 2012 dekker utskifting av samlege stolar. 20

Driftsresultat fordelt på dei ulike tenestene Driftresultat 2011 (heile tusen Budsjett Rekneskap Avvik frå budsjett Teneste Netto utgifter Netto utgifter 2010 Barnehagen 4 242 615 3 890 975-351 640 2020 Grunnskulen 11 373 316 11 567 982 194 666 2110 Styrking av barnehagetilbodet 483 000 935 965 452 965 2130 Vaksenopplær. Opplæringslova 0-494 603-494 603 2150 Skulefritidsordninga 218 000 550 966 332 966 2210 Barnehagebygget, reinhald m.v. 192 000 248 169 56 169 2220 Skulebygget, reinhald m.v. 1 010 000 1 084 577 74 577 2221 Bokn skule, skyss 380 000 220 546-159 454 2230 Skuleskyssen (eg. ikke i bruk) 0 137 618 137 618 2310 Aktivitetstilbod barn og unge 381 000 215 203-165 797 2311 Kyrkjebygd aktivitetshus 10 000 1 683-8 317 2320 Førebuing skule og helsest. 0-83 725-83 725 3350 Parkar, plassar og torg 115 000 55 097-59 903 3700 Biblioteket 518 000 246 632-271 368 3730 Kino 65 000 13 201-51 799 3750 Museum 27 000 6 645-20 355 3770 Kunstformidling 38 000 0-38 000 3800 Idrett 50 000 0-50 000 3830 Musikk og kulturskulen 534 000 732 534 198 534 3850 Andre kulturtiltak. Bygdebladet 502 780 720 364 217 584 Ansvarsnummer som egentlig ikke er i bruk Ansvar 202 Bygdablad 254 000 285 500 31 500 Ansvar 210 Barnehage 0 4 849 4 849 Ansvar 220 SFO 0 145 145 Ansvar 230 Bibliotek 0 1 799 1 799 Ansvar 240 Kultur 0 3 427 3 427 Ansvar 250 Musikk og kulturskule 0 12 344 12 344 Ansvar 500 Kultur 0-64 836-64 836 Ansvar 520 Bbiliotek 0 350 271 350 271 Ansvar 530 Bygdablad 0-167 085-167 085 Ansvar 700 Barnehage 0 396 853 396 853 20 393 711 20 873 096 479 385 21

Merknader til driftsrekneskapen Det har ikkje vore ei lett oppgåve å finne årsaka til avviket i seksjonen. Dette skuldast mellom anna at seksjonen rekneskapsmessig ikkje har vore delt i ulike ansvarsnummer. Dette er endra frå inneverande budsjettår slik at det vert tydelegare kor midlar budsjetteras og kor dei brukast. Gjennomgangen i denne delen av årsmeldinga gjer likevel eit greitt bilete av ressursbruken i seksjonen. Når det gjeld overforbruk fordel noko av dette seg som vist i reknearket nedanfor: Skulen 2020 194 000 2 % Styrking av barnehagetilbodet 2110 453 000 94 % Skulefritidsordning 2150 333 000 153 % Bokn barnehagebygg 2210 56 000 29 % Bokn skulebygg 2220 75 000 7 % Musikk og kulturskular 3830 199 000 37 % Andre kulturaktivitetar 3850 218 000 43 % Sum 1 528 000 Det har og vore ført utgiftar på ansvarsnummer som ikkje har vore nytta i budsjetteringa for 2011 slik at det til dømes på Bibliotek (ansvar 520) har vore rekneskapsført om lag 350 000 kroner som ikkje har vore budsjettert. Det same gjeld og for Bygdablad (ansvar 530) der det er ført utgiftar på 167 000, men ikkje ligg budsjetterte midlar. Som tidlegare nemnt vil praksis på dette område endrast for 2012 slik at det for neste årsmelding vonleg vil vere enklare å sjå kva for område som ikkje held budsjettramma. Nokre tenester har hatt eit mindre forbruk enn budsjettert. Dette bidrar til at overforbruket i seksjonen ikkje er så høgt som det kan sjå ut av tabellen ovanfor. Det har og vore større inntekter enn budsjettert. Totalt har seksjon kultur, skule og barnehage eit overforbruk på 479, tilsvarande 2,3 % av ramma. Grunnane til underskottet i 2011 er fleire. Mykje skuldast barn i barnehagen og elevar i skulen som har lovfesta rett til spesialpedagogisk hjelp eller spesialpedagogisk undervisning etter Opplæringslova. Den nye avtalen med Tysvær PPT har og vist seg meir kostbar enn forventa. Det er budsjettert med ein utgift på 500 000, men rekninga kom på 700 000. Tysvær kommune har oppdaga ein feil i faktureringsgrunnlaget slik at for 2012 kan ein rekne med at utgiften til PPT vil auke ytterlegare til om lag 750 000. 22

Lønsutgiftene tek det meste av driftsbudsjettet. Lønsutgiftenes del av budsjettet sank frå 82% i 2009 til 80% i 2010. I 2011 utgjer lønsutgiftene 85,6 % av det totale driftsbudsjettet. Budsjett: Samla lønsutgifter minus sjukepengar Rekneskap: Samla lønsutgifter minus sjukepengar Avvik mellom budsjett og rekneskap Avvik i prosent 2009 20.392.000 20.389.000 30.000 0,15 2010 21.559 000 21.754 000 195.000 0,90 2011 22.330.000 24.544.873 2.213.873 9,0 Avviket har mellom anna samanheng med høgare korttidssjukefråver enn budsjettert, med tilsvarande høg bruk av vikar utan refusjon. Det har også vore noko overforbruk i samband med lovpålagte oppgåver. Årsverk Stillingar / årsverk 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 Barnehagen 6,5 8,2 7,6 6,1 6,9 8,6 10,8 10,7 2 11,4 4 Barnehagen 0,6 1,5 0 0,60 1,50 styrking Skulen (utan refusjon) 16,2 16,8 16,9 16,2 17,6 16,6 18,3 19,1 5 20,4 0 Skulen (med 4,1 6,6 6,2 5,7 5,2 5,5 5,6 6,20 5,00 refusjon) Reinhald skule og 2,7 2,7 2,7 2,77 2,77 b.hage Biblioteket 0,6 0,6 0,6 0,6 0,6 0,6 0,6 0,62 0,70 Musikk og 0,5 0,3 0,4 0,4 0,7 0,6 0,6 0,74 1,24 kulturskulen Barne/ungdomsarb 0,3 0,0 0,3 0,3 0,3 0,3 0,75 0,75 eidar Bygdabladet 0,3 0,3 0,3 0,3 0,3 0,3 0,3 0,40 0,50 Anna kulturarbeid 0,5 0,5 0,5 0,5 0,5 0,5 0,5 0,45 0,34 Sum stillingar/årsverk 29,0 33,3 32,8 30,1 35,4 37,2 39,4 42,4 44,6 4 Oversikten over årsverk i seksjonen er ikkje oppdatert frå førre årsmelding. Dette skuldast at det har vore vanskeleg å finne ut av systemet til den tidlegare seksjonssjefen, men ein reknar ikkje med at det har vore større endringar. Tilsettingar er knytt til avgang og vikariat i samband med til dømes svangerskapspermisjonar. I løpet av 2012 vil det bli gjennomført eit arbeid som lettare vil gje oversyn over talet på stillingsheimlar og tilsette ved seksjonen. 23

Sjukefråvær Avdeling / 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 år Barnehagen 10,9% 6,1% *)15,7% 2,2% 9,0% 3,2% 6% 9,2 % Skulen 3,8% 4,4% 2,2% 2,1% 3,5% 11,5% 7%(3%) 5,9 % Reinhald skule og barnehage 3,9% 3,6% 11,6% 19,1% 4% Aktivitetsoversyn Barnehagen 2003 2008 2009 2010 2011 Barn 0 3 år 7 19 24 21 17 Barn 4 5 år 31 35 20 24 33 Barn i alt per 15. desember 38 54 44 45 50 Barn med heil plass (46,5 t/v) 13 25 26 32 30 Barn med plass 4 vekedagar 2 5 Barn med plass 3 vekedagar 18 15 9 11 Barn med plass 2 vekedagar 11 3 2 4 Skulen 2003 2008 2009 2010 2011 Elevar på barnesteget, 1. 7.steg 76 80 90 94 89 Elevar på ungd.steget, 8. 10.steg 40 39 38 35 35 Skuleelevar 1. 10. steg 116 119 128 129 124 Barn i SFO 1. 4. steg 20 26 28 40 38 Musikk- og kulturskulen 2003 2008 2009 2010 Elevtal piano / keyboard 5 12 15 14 16 Elevtal skulekorps / brass 14/14 10/26 7/12 Aspirantar til korpset 9 Elevtal gitar (forseinka, start 2010) 0 0 (31) 32 23 Dans / drama (Helgekurs 2009) 0 26 Andre kunst og kulturuttrykk (Kor) 14 16 Bygdabladet for Bokn 2003 2008 2009 2010 2011 Utgåver / samla sidetal for året 292 216 232 240 264 Abonnentar i Bokn 284 293 287 267 Abonnentar utanfor Bokn 306 283 281 272 Abonnentar i alt 591 590 576 568 548 Bygdekino 2003 2008 2009 2010 2011 Filmar 6 32 35 35 41 Publikum 284 894 914 943 1277 Barne- og ungdomsarb. 2003 2008 2009 2010 2011 Petra fritidsklubb (12-18 år) 14 21 20 (21gg) 24

Artep kulturkafe (0 100 år) 15 37 17 (43gg) Julemiddag (ungd.sk. + v.g.sk.) 39 45 49 Museet 2003 2008 2009 2010 2011 Besøkande 65 33 18 87 18 Biblioteket 2011 2003 2008 2009 2010 Utlån barn 6.218 6.769 6015 6747 6734 Utlån vaksne 3.806 5.617 5231 6356 6063 Utlån per innbyggjar 13,1 15,0 13,9 15,8 15,28 Resultatvurdering Endringar i organisasjonen PPT-avtalen med Tysvær blei sagt opp og ny avtale inngått i 2010, gjeldande frå og med 1.1.2011. Den nye avtalen krev ein vesentleg høgare betaling frå Bokn. Som nemnt var det i budsjettet sett av 500 000 mens rekninga blei på 700 000. Bokn kommune bør vurdere andre samarbeidspartnarar for å sjå om ein kan få denne tenesta billegare enn frå Tysvær. I november starta ny seksjonssjef opp i stillinga. Det er elles ingen store endringar i organisasjonen. 25

Teneste 2010 Bokn barnehage I løpet av våren 2011 blei det jobba frem Årsplan og Virksomhetsplan for barnehagen. Begge blei godkjent i SU i juni. Virksomhetsplanen går frem til 2014. Denne planen skal gje innsyn til foreldre, kommunen, og eksterne samarbeidspartnarar om kva for pedagogisk mål og metodar vi vil nytte i denne perioden. Den inneheld og oversikt over HMS arbeidet, styringsverket og utviklingsarbeid i forhold til personalet. Det blei mellom anna planlagt studietur til København i mai 2012. Progresjonsplanar for arbeidet med fagområda i Rammeplanen og samarbeidsplan med skulen ligg ved Virksomhetsplanen. Åsplanen gjer innblikk i tilsette, rutinar, og dei mål ein har for året. Årshjul for året 2011/12 ble også godkjent i SU i juni. Det er for året 2011/12 også inngått samarbeid med Tysvær og Vindafjord kor pedagogane blir kurset i leiing i samarbeid med BRO Aschehoug. Dette kurset er det søkt midlar til gjennom Fylkesmannen. 60 000 blei innvilga i 2011 fordelt på dei 3 kommunane. Det er oppretta grupper på tvers av kommunane som skal diskutere og sette mål og implementere det dei lærer i barnehagane etter kvar førelesning. Bokn barnehage har hausten 2011 også søkt eigne utviklingsmiddel gjennom Fylkesmannen for barnehageåret 2012. Desse midla skal gå til kursing i friluftsliv som er eit anna satsingsområde for perioden. Det er i 2011 investert i elektrisk stellebord på Småtroll. Dette er eit førebyggjande tiltak mot skjelett og ryggplager. Eigen handlingsplan for dette arbeidet følgjes opp internt. Det viste seg at en ikkje hadde så mykje pengar å rutte med etter kvart. Det er derfor investert lite av nye leker/ møbel i år, men ein har kjøpt små stolar og bord til rolleleik på Småtroll. Når det gjeld HMS arbeidet og pålegg frå Arbeidstilsynet gjenstår to mindre pålegg. Styrer og verneombod lukker desse avvika i løpet av april 2012. Overbygget (taket) over spiseplassen ute som ble satt opp hausten 2010, lekker. Styrer følgjer opp en klage på dette til Bokn Bygdesevice. Hausten 2010 ble det lovet at utelekeplassen skulle bli oppgradert med plen der det er grus i overgangen til asfalt. Det er ennå ikkje gjennomført. Seksjonssjefen følgjer opp dette. Når det gjelder Brann hadde ein som mål å få til brannøving en gang i månaden. Dette viser seg å være urealistisk i forhold til at ein er avhengig av at vaktmeister er tilstade. Nytt mål 3 gonger i halvåret. Det føreligg framleis ikkje noko resultat når det gjeld radonmålingane i barnehagen. Elles er dei planar og mål som er sett for barnehagen for 2011 gjennomført og ein ser fram til ytterligare samarbeid med folkehelsekoordinator og Kjekt på Bokn. Prosjektet Fiskesprell er flytta fram til 2012 av praktiske årsaker. 26

Når det gjelder Trollbuå blei den brukt mye i 2011, men på slutten av året blei den ikkje brukt. Dette skyldtes at det velta trær etter ein storm, og det var farlig for barna å vere der. Det blei tatt inn ekstern konsulent for å vurdere korleis arbeidet med å fjerne trea skulle gjerast. Vaktmeistrene i kommunen har i februar 2012 rydda opp i dette. Det er framleis problem med røykutvikling inne, men styrer jobbar med å få ny, lenger pipe på plass. Når det gjeld IKT ynskjer ein framleis større skjerm på Småtroll, og oppdateringar på dei andre maskinene på huset. 3 berbare maskiner brukast av barna saman med ein eller fleire vaksne. Teneste 2020 Bokn skule Ingen store organisatorsike endringar Det var ikkje store endringar ved skulestart hausten 2011, mellom anna var det ingen nye tiltak angåande organiseringa av undervisninga. Berre 8 elevar vart innskrivne dette året. Bruken av klassesamanslåing er i dag berre i kroppsøving. Det vart gjennomført ei auke i timetalet i fag året før på grunn av omsynet til redusert tal midtskyssar og dette er vidareført. Tilbodet om leksehjelp er vidareført og er eit tilbod måndag og onsdag. Det er pedagogar ved skulen og assistentar ved SFO som har ansvaret. Personaltur til Berlin 23. 27. mars Personalet var på studietur til Berlin der sosialt samver og kulturelle opplevingar hadde hovudfokus. Fire dagar i vårsol og med fine opplevingar som gjorde alle godt. Vedlikehald av skulebygget Sommaren 2011 vart den eldste delen av skulebygget gitt eit strøk maling og var med det fint oppussa til skulestart. Folkehelsekoordinatoren samarbeider med Bokn skule I det førebyggjande folkehelsearbeidet er skulen ein viktig samarbeidspartnar. 2. mai vart heile skulen invitert med til Loten under overskrifta SKULETUREN TIL FORTIDA - saman tek vi vare på helsa og historia vår. Dette var eit arrangement med bakgrunn i at Bokn kommune er Frisk i friluft kommune. Det var ein svært vellukka dag der elevane fekk lære historie, vere fysisk aktive og fekk nylaga sunne fiskeburgarar til skulemat. Prosjektleiar Anne E. Askeland var i haust hos 6.klasse og snakka om sunt kosthald. Klassen fekk ein smoothie-maskin til å bruke til å lage sunne bærdrikkar. Klassen selde smoothie til dei andre elevane som eit lite tiltak i etterkant. Måndag 12. desember gjekk elevar og vaksne ein Nissemarsj og fekk støtte til medaljar, gløgg og peparkaker. 27

Kvar torsdag er det eldretrim mellom kl.10.15 og 11.15 i gymsalen - og mange skulebarn ser då sine besteforeldre og andre kjente vere aktive sjølv om dei er gamle som ungane seier. Elevrådet Elevrådet hadde i løpet av 2011 seks møte. Saker som gjekk igjen var ynskje om båsar i «guttedusjane», forbetring av uteområdet, nett ved fotballbanen på mellomsteget og ynskje om flexitid på mellomsteget. I tillegg valde elevrådet dette året, som i fjor, å samle inn pengar til dagheimen «Sunbeam» i Montenegro. Elevane samla inn 6 254 og har nå til saman samla inn 21 424. Ballbingen vart sikra med nett Ballbingen ved skulen vart våren 2011 sikra med nett slik at det ikkje lenger er ballar som kjem over til skulen sine nære og gode naboar. Bokn skule og TV-aksjonen 2011 Det er like spanande kvart år kor mykje pengar skulebasaren gir til TV-aksjonen. Dette året var og resultatet veldig bra og arrangementet er ein fin tradisjon som alle elevane er med på. Frå kl.10.00 til 12.00 vart det seld lodd og mat for 25 000. Arbeidshelsesamtalar I november og desember hadde sjukepleiar Anne Tone Salte Andersen frå Haugaland HMS-senter arbeidshelsesamtalar med dei tilsette. Vidareutdanning Det er fleire av pedagogisk personale som ynskjer å ta vidareutdanning. I 2011 var ein som fekk støtte til eit studium i IKT. Haugalandsløftet Haugalandsløftet er eit stort interkommunalt samarbeidsprosjekt på Haugalandet. Det er etablert ei kommunal gruppe som koordinerer arbeidet i Bokn kommune. Etter ei pause i arbeidet der saka vart handsama politisk i dei einskilde kommunane er det no tilsett prosjektleiar. Haugalandsløftet er eit stort og viktig prosjekt der målet er å tidleg oppdage barn og unge med ulike problem og gje hjelp slik at ein på sikt vil ha mindre behov for denne hjelpa. Teneste 2110 Styrking av barnehagetilbodet Vi har i 2011 hatt til saman 7 barn med rett jamfør 5 eller som treng styrking i forhold til framandspråk. I november ble eit nytt barn meldt opp til PPT, men det er ikkje komen tilråding innan 2011. 28