Besøksadresse Skinnarbu 3661 Rjukan Postadresse Postboks 2603 3702 Skien Kontakt Sentralbord +47 35 58 61 10 Direkte +47 953 00 640 fmtepost@fylkesmannen.no Verneområdestyret for Brattefjell- Vindeggen landskapsvernområde Sakshandsamar Peter C. A. Köller Vår ref. 2017/21-432.2 Dato 08.03.2017 Møteinnkalling og sakskart Det vert med dette kalla inn til møte i verneområdestyret. Tid: Stad: Telefonmøte Gje beskjed snarast på 953 00 640 eller fmtepko@fylkesmannen.no om du ikkje kan møte. Sakliste: Sak 11/17 Sak 12/17 Sak 13/17 Godkjenning av innkalling og dagsorden. Saksframlegg: Søknad om endring av skiløypetrasé ved Lauvhaug i Sørensrodalen i Hjartdal Hjartdal idrettslag. Saksframlegg: Søknad om oppføring av tilbygg på hytte på 92/8 Svain i Seljord kommune Torulf Traaserud. Sak 14/17 Saksframlegg: Søknad om bruk av snøskuter i samband med beitegransking Brattefjell-Vindeggen villreinutval v/espen Dyrud. Sak 15/17 Sak 16/17 Sak 17/17 Sak 18/17 Sak 19/17 Sak 20/17 Saksframlegg: Søknad om løyve til bruk av snøskuter frå Nørsteteig til Svain i Seljord Ole Gunnar Aase. Saksframlegg: Søknad om leigekjøring med snøskuter i deler av landskapsvernområdet i Hjartdal Hilde Reisjå og Torstein Evensen. Saksframlegg: Søknad om løyve til bruk av snøskuter til Risbua søndre 29/4 i Hjartdal Olav Smylingsås. Saksframlegg: Søknad om løyve til bruk av snøskuter til privat hytte øst for Risbudalen i Hjartdal kommune Egil og Gro Bjørndalen. Saksframlegg: Søknad om løyve til bruk av snøskuter frå Sudbø til Reinar vest for Sandsetvatn i Seljord Olav Kåsa. Neste møte.
Sak 12/17 Søknad om endring av skiløypetrasé ved Lauvhaug i Sørensrodalen i Hjartdal Hjartdal idrettslag. Verneområdestyret for Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde er forvaltingsmyndigheit for verneområdet og skal handsame dispensasjonssaker. Kort om saka Hjartdal Idrettslag søkjar om å flytte deler av skiløypetraseen som gjeng frå Breivatn til Flottin gjennom Sørensrodalen. Grunngjevinga er at dagens trasé gjeng i ein trong bekkedal med ofte vanskelege snøforhold, noko som fleire gonger har ført til skumle situasjonar når løypemaskin og snøskuter har glidd ned i bekken og satt seg fast. Idrettslaget ønskjer nå å flytte traseen litt lenger opp i lia på austsida av bekkedalen og dagens trasé. Flytting vil føre med seg noko rydding av skog, samt litt planering med gravemeskin i 3-4 meters bredde. Eventuell ny løypetrasé vil delvis følgje eksisterande sti. Vedlegg - Søknad dagsett 09.11.2016 (2016/5492 1). Andre relevante dokument, ikkje vedlagde - Verneforskrifta for Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde. - Naturmangfaldlova (NML). - Forvaltingsplan for Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde 2010-2014. Det formelle grunnlaget - verneforskrifta og naturmangfaldlova Verneføremålet i Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde er å: - Taka vare på eit vakkert og eigenarta naturlandskap, med urørt høgfjell og fjellskogområde. - Taka vare på det biologiske mangfaldet i området, med villreinstamme og rikt plante- og dyreliv. - Taka vare på verdifulle kulturlandskap og kulturminne. I verneforskrifta for Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde er oppføring av bygningar og anlegg i utgangspunktet forbode, jf. kap. IV, pkt.1.1. Pkt. 2.2 i same kapittel, seier at Reglane i punkt 1 skal ikkje vere til hinder for: drift og vedlikehald av eksisterande bygningar, vegar og anlegg. ( ) når dette ikkje i vesentleg grad vil vere til skade for verneformålet. Verneområdestyret må særleg vurdere konsekvensane av ein dispensasjon i høve til verneføremålet og verneverdiane. Dette går mellom anna fram av 7 i naturmangfaldlova (NML), som seier at prinsippa i 8-12 skal leggjast til grunn som retningsliner ved utøving av offentlig myndigheit. I NML 8 går det fram at offentlege avgjerder som rører ved naturmangfaldet skal byggje på vitskapeleg kunnskap om bestandssituasjonen for ulike arter, utbreiing og økologisk tilstand av naturtypar, og effekten av påverknader. Kravet til kunnskapsgrunnlaget skal stå i eit rimelig forhold til sakas karakter og risikoen for å skade naturmangfaldet. 2
Verknadene av eit tiltak skal vurderast ut frå den samla belastinga økosystemet vert utsett for, jf. 10. Dersom det ikkje ligg føre tilstrekkeleg kunnskap om kva for verknader eit tiltak kan ha på naturmiljøet, skal føre-var prinsippet leggjast til grunn, jf. 9, slik at ein ikkje gjer vesentleg skade på naturmangfaldet ved at ein tek ei avgjerd på eit for dårleg kunnskapsgrunnlag. I følgje naturmangfaldlova 11 er det tiltakshavar som skal dekkje kostnadene ved å hindre eller avgrense skade som tiltaket vil gjera på naturmangfaldet, dersom dette ikkje er urimeleg ut frå tiltaket og skaden sin karakter. I tillegg skal det etter naturmangfaldlova 12 takast utgangspunkt i driftsmetodar, teknikkar og lokalisering av tiltaket som ut frå ei samla vurdering av den tidlegare, noverande og framtidige bruken av mangfaldet og økonomiske tilhøve gjev det samfunnsmessige beste resultatet. Uttale frå villreinnemnda for Brattefjell-Vindeggen, Blefjell og Norefjell-Reinsjøfjell Det har ikkje kome uttale frå nemnda. Vurdering Lauvhaug ved Sørensrodalen ligg i eit område som etter forvaltningsplanen er definera som vernesone. Relevant forvaltingsmål for vernesona er at «Vernesona skal oppretthaldast som eit urørt naturområde rikt på biologisk mangfald», at «Ein skal vere særleg restriktiv i høve til å dispensere for nye tiltak/anlegg og motorferdsle i Vernesona», og at «Vernesona skal bevarast utan ny tilrettelegging for skigåing og fotturisme.» Denne saka dreier seg om å rydde ein parallell trasé til eksisterande løypetrasé over ein strekning på ca.400 meter. Samla lengde for ny trasé er ein del meir, men mesteparten er utanfor landskapsvernområdet eller gjeng over stølsvollen på Lauvhaug. Traseen som har behov for rydding og litt planering er dei nemnte 400 meterane. Det gjeng ein sti der ein tenkjer seg ny trasé, og sett bort frå ein strekning på ca. 50 meter i nord-vest, er det berre vegetasjonsrydding som må til. På nemnte strekning på 50 meter er terrenget skrått, og her søkjar idrettslaget om å få lov til å bruke gravemaskin for å rette av slik at det blir ei trasé på 3-4 meter utan sidehelling. Man må vere trygg på at dei verneverdiane som er synleggjort i verneføremålet ikkje vert skadelidande om det vert gjeve løyve til tiltaka. Kunnskapsgrunnlaget for denne saka er basert på Naturbasen, forvaltningsplan, Norsk rødliste for naturtyper, Botaniske registreringar i Brattefjell-Vindeggen, samt registreringer av stølsanlegg og skjøtselsplan for stølsområde. I tillegg kjem kunnskap om villreinen i området. Villreinnemnda er difor kontakta. Området er viktig i villreinsamanheng. Årleg er det mykje dyr i området, men berre om sumaren og tidlig haust. Vinterstid er villreinen i høgfjellet lenger nord. Området er ikkje klassifisera som korkje kalvings- eller vinterbeiteområde. Ut over villreinen kan ikkje verneområdeforvaltaren sjå at det må takast omsyn til andre faktorar. Det er ikkje registrert raudlista arter eller naturtypar på lokaliteten, og det er heller ikkje kjende kulturminne eller MIS-figurar på strekninga. Forvaltningsplanen seier at det ikkje skal leggjast til rette for nye skiløyper i vernesona. I denne saka dreier det seg om flytting av eksisterande løypetrasé for å auke grad av sikkerhet for både 3
løypemannskap og brukarane av løypa. Staden ligger heilt i ytterkant av landskapsvernområde, og er ei kile mellom Flottin fuglefredningsområde og areal utan vern. Like syd finner ein hyttefelta ved Breivatn, og utgangspunktet for den aktuelle løypa kan seiast å vere nettopp hyttefelta. Løypa koplar seg inn på rundløypa ved Lauhaug nord for Hundemyr og er ein viktig del av rekreasjons- og friluftstilbodet for fastbuande og tilreisande i Hjartdal. SNO og områdeforvaltaren har synfara staden, og det er ikkje vanskelig å forstå at ein av sikkerheitsmessige grunnar ønskjer omlegging av løypa. Idrettslaget søkjer om å bruke ein gravemaskin for å rette av deler av ny trasé. Områdeforvaltaren ser det som uproblematisk å belte ein slik maskin inn til Lauvhaug etter eksisterande sti, og over stølsvollen opp til der ny trasé gjeng inn i skogen. Det er likevel viktig at dette gjerast på ein tid der det er relativt tørt og fast i bakken for å unngå kjørespor. Framlegg til vedtak: Med heimel i verneføresegna kap. IV pkt. 3.4 gjev verneområdestyret Hjartdal Idrettslag løyve til å opparbeide ny trasé for skiløype som beskriven i søknad dagsett 09.11.16. Idrettslaget får også løyve til å transportere inn ein gravemaskin for å gjennomføre arbeidet som beskriven i søknaden. Dette løyve er gjeve med heimel i NML 48. Det vert sett følgjande vilkår: - Løyvet gjeld tre år frå vedtaksdato. Om arbeidet ikkje er starta opp då, fell løyvet bort. - Når verksemda er avslutta, skal området vere pussa og skog som kan nyttast til tømmer eller ved frakta ut. - Arbeidet skal skje så skånsamt som mogleg. - Arbeidet skal dokumenterast ved at minst tre gode fotografi, som viser traseen når den er ferdig, sendast verneområdestyret seinast to månader etter ferdigstilling. - Skulle det dukke opp villrein, skal anleggsarbeidet stanse opp. - Den nye traseen erstattar den gamle opp Sørensrodalen. Det skal berre vere ein trasé på staden. Løyvet gjeld berre i høve til verneforskrifta. Handsaming etter anna lovverk vil skje i Hjartdal kommune. Det kan klages på vedtaket til Miljødirektoratet. Klagefristen er tre veker etter at vedtaket er motteke, og eventuelt arbeid kan ikkje startes før klagefristen er ute. Klaga rettast til direktoratet, men sendast til Verneområdestyret for Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde. Vedtaket vert send Hjartdal Idrettslag v/ Øyvind Larsen og Atle Våle. Kopi: - Hjartdal kommune - Fylkesmannen i Telemark - Villreinnemnda for Brattefjell-Vindeggen, Blefjell og Norefjell-Reinsjøfjell Kopi av vedtaket vert og lasta opp i miljøvedtaksregisteret. 4
Sak 13/17 Søknad om oppføring av tilbygg på hytte på 92/8 Svain i Seljord kommune Torulf Traaserud. Verneområdestyret for Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde er forvaltingsmyndigheit for verneområdet og skal handsame dispensasjonssakar. Kort om saka Torulf Traaserud søkjer om løyve til byggjearbeid på hytte, gnr. 92 bnr. 8 i Seljord kommune. Arbeidet dreier seg om å sette opp tilbygg til eksisterande hytte. Hytta ligger i brukssona på stulen Svain sør i landskapsvernområdet. Hytta er i dag på BYA 35,7 m 2. Nytt tilbygg ar planlagt til BYA 17,7 m 2 + overbygd inngangsparti på 5,9 m 2. Det vil ikkje bli auke i tal sengeplassar. Det høyrer med eit uthus på BYA 10 m 2 til hytta. Vedlegg - Søknad dagsett 30.01.2017 (2017/566 1). - Teikningar motteke 24.02.2017 (2017/566 4). Andre relevante dokument, ikkje vedlagde - Verneforskrifta for Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde. - Naturmangfaldlova (NML). - Forvaltingsplan for Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde 2010-2014. - Utkast til ny forvaltningsplan 2017-2027. Det formelle grunnlaget - verneforskrifta og naturmangfaldlova Verneføremålet i Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde er å: - Taka vare på eit vakkert og eigenarta naturlandskap, med urørt høgfjell og fjellskogområde. - Taka vare på det biologiske mangfaldet i området, med villreinstamme og rikt plante- og dyreliv. - Taka vare på verdifulle kulturlandskap og kulturminne. I verneforskrifta for Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde er oppføring av bygningar og anlegg i utgangspunktet forbode, jf. kap. IV, pkt.1.1. Pkt. 2.2 i same kapittel, seier at Reglane i punkt 1 skal ikkje vere til hinder for: drift og vedlikehald av eksisterande bygningar, ( ). Etter kap. IV, pkt. 3.2 kan forvaltingsstyresmakta, Når verksemda eller tiltaket kan skje utan at det strir mot føremålet med vernet, gje løyve til mindre tilbygg eller ombygging av eksisterande bygningar i området. Verneområdestyret må særleg vurdere konsekvensane av ein dispensasjon i høve til verneføremålet og verneverdiane i området, jf. rundskrivet Forvalting av verneforskrifter frå Direktoratet for naturforvalting. Dette går og fram av 7 i naturmangfaldlova (NML), som seier at prinsippa i 8-12 i lova skal leggjast til grunn som retningsliner ved utøving av offentlig myndigheit. I NML 8 går det fram at offentlege avgjerder som rører ved naturmangfaldet skal byggje på vitskapeleg kunnskap om bestandssituasjonen for ulike arter, utbreiing og økologisk tilstand av naturtypar, og effekten av påverknader. Kravet til kunnskapsgrunnlaget skal stå i eit rimelig forhold til sakas karakter og risikoen for å skade naturmangfaldet. 5
Verknadene av eit tiltak skal vurderast ut frå den samla belastinga økosystemet vert utsett for, jf. 10. Dersom det ikkje ligg føre tilstrekkeleg kunnskap om kva for verknader eit tiltak kan ha på naturmiljøet, skal føre-var prinsippet leggjast til grunn, jf. 9, slik at ein ikkje gjer vesentleg skade på naturmangfaldet ved at ein tek ei avgjerd på eit for dårleg kunnskapsgrunnlag. I følgje naturmangfaldlova 11 er det tiltakshavar som skal dekkje kostnadene ved å hindre eller avgrense skade som tiltaket vil gjera på naturmangfaldet, dersom dette ikkje er urimeleg ut frå tiltaket og skaden sin karakter. I tillegg skal det etter naturmangfaldlova 12 takast utgangspunkt i driftsmetodar, teknikkar og lokalisering av tiltaket som ut frå ei samla vurdering av den tidlegare, noverande og framtidige bruken av mangfaldet og økonomiske tilhøve gjev det samfunnsmessige beste resultatet. Uttale frå villreinnemnda for Brattefjell-Vindeggen, Blefjell og Norefjell-Reinsjøfjell Det har ikkje kome uttale frå nemnda. Vurdering Hytta ligger i brukssona. Relevant forvaltingsmål for brukssona i denne saka er at Områda skal forvaltas med tanke på områdas art og karakter utan inngrep som vesentleg kan endre landskapets utforming. Om bygningar seier forvaltningsplanen følgjande som er spesielt for brukssona: Innanfor sona skal det vere tillét med naudsynt vedlikehald av eksisterande bygningar. Det kan og gjevast løyve til tilbygg og ombygging av eksisterande bygningar. Det er særskilte retningsliner for estetikk og materialbruk. Det kan gjevast løyve til oppføring av nye bygningar som er naudsynt i samband med jord- og skogbruksdrift. Ein kan unntaksvis gje dispensasjon for oppføring av bygningar i samband med annan utmarksnæring. Å gje dispensasjon blir ein vurdering i det einskilde døme. Verneføresegna kap. IV pkt. 3 seier at «Når verksemda eller tiltaket kan skje utan at det strir mot føremålet med vernet, kan forvaltningsstyresmakta på nærare vilkår gje løyve til: 3.2 mindre tilbygg eller ombygging av eksisterande bygningar i området.» All forvaltning skal vere basera på kunnskap, og i eit verneområde er det viktig med god kunnskap om kva slag verneverdiar ein har og kva som må gjerast for å sikre at tiltak ikkje verker negativt på verneverdiane. Type tiltak vil virke ulikt inn på verneverdiane. Nokre tiltak kan påverke verneverdiane kraftig og over lang tid, eller for alltid. Andre tiltak er enten forbigåande eller så små at dei ikkje vil virke negativt inn på verneføremålet. Større tiltak/inngrep vil normalt stille større krav til kunnskap om effektar på verneverdiar enn små meir ubetydelege. Til dømes er det sannsynleg å anta at utviding av overnattingskapasitet på ei hytte vil kunne medføre meir bruk og auke i samla belastning i et verneområde, enn om same hytta berre endra fasade. Er forvaltningsmyndigheita likevel usikker på kva negative effektar eit tiltak kan føre med seg for verneområdet, kan dei nytte Naturmangfoldlovens bestemming om «føre-var prinsippet». På den måten har forvaltningsmyndigheita anledning til å seie nei med utgangspunkt i at ein er usikker på om tiltaket vil skade verneføremåla eller ikkje. I denne saka søkjast det om eit tilbygg på BYA 23,6 m 2. Totalareal for hytte etter ombygging blir BYA 59,3 m 2 og med uthus på BYA 10 m 2, blir samla bygd areal på tomta 69,3 m 2. Revidera forvaltningsplan, som i skrivande stund ligg hjå Miljødirektoratet for godkjenning, seier at det kan 6
gjevast løyve til tilbygg dersom samla BYA for hytte ikkje overstiger 65 m 2 og samla areal på tomta ikkje overstiger BYA 80 m 2. Kunnskapsgrunnlaget for denne saka(jf. NML 8) er basert på Naturbasen, forvaltningsplan, Norsk rødliste for naturtyper, Botaniske registreringar i Brattefjell-Vindeggen, samt registreringar av stølsanlegg og skjøtselsplan for stølsområde. I tillegg kjem all kunnskap om villreinen i området. Villreinnemnda er difor kontakta. Hytta ligger i eit område villreinen bruker jamleg. Normalt er det korkje kalving eller viktig vinterbeite nede på Svain, men i Svafjellet like nord for stulen er det kalving nesten kvart år. Det er også ganske vanleg at villreinen kjem ned på stulen om våren for å beite, og ofte er det dyr i områda heile sumaren og fram til brunsten om hausten. Området er dominert av myr, fjellbjørk og fjellgranskog. Sjølve Svain og kringliggande område er tydeleg kulturpåverka. Det er sau som beiter her. Når det gjeld kulturminne, er det fleire bygningar og andre kulturhistoriske innretningar i området. Disse vil ikkje bli direkte påverka av tiltaket. I utgangspunktet ikkje flora, eller fauna heller. Det ein likevel skal vere merksam på, er at ei utviding av overnattingskapasitet og/eller tilrettelegging for meir bruk, vil kunne medføre auka belastning i området, mellom anna med negative effektar på både dyreliv, planter og kulturminne. Det er ikkje registrert raudlista naturtypar på staden. Det er ikkje planlagt fleire sengeplassar etter utbygging. I dag er det ei familie på fire som bruker hytta. To av familiemedlemmane pleier å ligge i ei sovesofa i stua. Med utvidinga ønskjer man å få to soverom med to sengeplassar kvar. Dette vil betre komfort og privatliv, noko ein kan teoretisk tenke seg vil auke bruken av hytta og der igjennom føre til auka samla belastning i landskapsvernområdet. For det første meiner forvaltaren at ei eventuell slik auke berre er av teoretisk interesse, og om det så skulle bli ei marginal auke i bruk og aktivitet, meiner forvaltaren at det berre er positivt med tanke på at Svainområdet er eit særs viktig kulturlandskapsområde som må skjøttast jamleg. Søkjaren i denne saka er mellom anna blant dei grunneigarane i landskapsvernområde som har fått utarbeida skjøtselsplan for kulturlandskapet og også gjennomført omfattande ryddetiltak. Dagens hytta er mindre enn det som er definera som maksimal storleik for bygningar i landskapsvernområdet, men ombygginga vil føre til ei relativ stor endring i storleik. Etter (i skrivande stund) gjeldande forvaltningsplan, er maksimal storleik på hytter 50 m 2. Denne hytta blir på BYA 59,3 m 2 og er ein god del mindre enn det verneområdestyret har bestemt skal kunne aksepterast av bygningsstorleiker i Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde i framtida. Estetikk er spesielt framheva når det gjeld bygningar i landskapsvernområde. Det heiter seg at dei skal ha ei tradisjonell byggestil og brun eller gråaktig farge. I denne saka meiner forvaltaren at hytta etter ombygging vil oppretthalde eit tradisjonelt preg. Hytta vil ha ståande kledning og smårutete glas. Hytta ligger opent til i kulturlandskapet. Forvaltaren har synfare staden og meiner utvidinga ikkje vil få negativ påverknad kva gjelder landskapsinntrykket når ein tar omsyn til tradisjonell byggestil. Det går skuterslepe inn til Svain. Det betyr at eventuell materialtransport kan skje etter denne og at slik kjøring berre krevjar dispensasjon etter motorferdselloven. 7
Framlegg til vedtak: Verneområdestyret gjev Torulf Traaserud løyve til oppføring av tilbygg på hytte gnr. 92, bnr. 8, i Seljord kommune i samsvar med søknad dagsett 30.01.17 og teikningar motteke 24.02.17. Løyvet er gjeve med heimel i kap. IV, pkt. 3.2 i verneforskrifta for Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde. Det vert sett følgjande vilkår: - Løyvet gjeld tre år frå vedtaksdato. Om arbeidet ikkje er starta opp då, fell løyvet bort. - Restane etter riving og byggjearbeid må fraktas ut av området så skånsamt som mogleg og handsamast etter gjeldande reglar for avfall. - Arbeidet skal dokumenterast ved at minst tre gode fotografi, som syner ferdig hytte frå ulike viklar, sendast verneområdestyret seinast to månader etter at bygget står ferdig. - Det skal takast omsyn til materialbruk og fargeval i samsvar med forvaltningsplanen pkt. 7.4. - Transport og byggeaktivitet skal stanses dersom det observerast villrein i området. Løyvet gjeld berre i høve til verneforskrifta. Handsaming etter plan- og bygningslova vil skje i Seljord kommune. Det kan klagast på vedtaket til Miljødirektoratet. Klagefristen er tre veker etter at vedtaket er motteke. Klaga rettast til Miljødirektoratet, men sendast til Verneområdestyret for Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde. Vedtaket vert send Torulf Traaserud. Kopi: - Seljord kommune - Fylkesmannen i Telemark - Villreinnemnda for Brattefjell-Vindeggen, Blefjell og Norefjell-Reinsjøfjell Kopi av vedtak blir òg lasta opp i Miljøvedtaksregisteret. 8
Sak 14/17 Søknad om bruk av snøskuter i samband med beitegransking Brattefjell-Vindeggen villreinutval v /Espen Dyrud. Verneområdestyret for Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde er forvaltingsmyndigheit for verneområdet og skal handsame dispensasjonssaker. Kort om saka Villreinutvalet ved Espen Dyrud søkjer om løyve til motorferdsle i samband med at det skal gjennomførast gransking av vinterbeiteområda for villreinen. Dei søkjer om løyve til transport av mannskap og utstyr inn i områda Lille og Store Langvasstødalen, samt Storsteindalen og Storfisktjørni. Beitegranskinga er eit samarbeid med Høgskulen i Telemark avd. Bø, og resultatet frå granskinga er viktig i samband med at ein no skal revidere forvaltningsplanen for villrein i Brattefjell-Vindeggen. Sist slik beitegransking blei gjennomført var i 1980. Det er søkt om å bruke inntil 3 snøskuterar i inntil 4 dagar. Optimalt tidspunkt for arbeidet er mars/april. Vedlegg - Søknad med kartskisse, dagsett 16.02.17 (2017/912-1) Andre relevante dokument, ikkje vedlagde - Verneforskrifta for Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde. - Naturmangfaldloven (NML). - Forvaltingsplan for Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde 2010-2014. - Lov om motorferdsle i utmark og på islagde vatn. - Forskrift om forbod mot motorferdsel i spesielt sårbare områder i Brattefjell/Vindeggenområdet, Seljord, Hjartdal, Tinn og Vinje kommunar, Telemark. Det formelle grunnlaget Verneføremålet i Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde er å: - Taka vare på eit vakkert og eigenarta naturlandskap, med urørt høgfjell og fjellskogområde. - Taka vare på det biologiske mangfaldet i området, med villreinstamme og rikt plante- og dyreliv. - Taka vare på verdifulle kulturlandskap og kulturminne. I verneføresegna for Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde er utgangspunktet at Området skal vere verna mot alle inngrep eller tiltak som vesentleg kan endre eller verke inn på landskapet sin art eller karakter., jf. pkt. 1. Pkt. 1.4 seier at Motorferdsel skal gå føre seg etter faste ruter som peikast ut av forvaltningsstyresmakta. All motorferdsle skal gå føre seg slik at det ikkje oppstår varig skjemmande markskader, hjulspor ol. 9
Verneområdestyret må særleg vurdere konsekvensane av ein dispensasjon i høve til verneføremålet og verneverdiane i området. Dette går og fram av 7 i naturmangfaldloven (NML), som seier at prinsippa i 8-12 i lova skal leggjast til grunn som retningsliner ved utøving av offentlig myndigheit. I NML 8 går det fram at offentlege avgjerder som rører ved naturmangfaldet skal byggje på vitskapeleg kunnskap om bestandssituasjonen for ulike arter, utbreiing og økologisk tilstand av naturtypar, og effekten av påverknader. Kravet til kunnskapsgrunnlaget skal stå i eit rimelig forhold til sakas karakter og risikoen for å skade naturmangfaldet. Verknadene av eit tiltak skal vurderast ut frå den samla belastinga økosystemet vert utsett for, jf. 10. Dersom det ikkje ligg føre tilstrekkeleg kunnskap om kva for verknader eit tiltak kan ha på naturmiljøet, skal føre-var prinsippet leggjast til grunn, jf. 9, slik at ein ikkje gjer vesentleg skade på naturmangfaldet ved at ein tek ei avgjerd på eit for dårleg kunnskapsgrunnlag. Etter NML 11 er det tiltakshavar som skal dekkje kostnadene ved å hindre eller avgrense skade som tiltaket eller aktiviteten vil gjera på naturmangfaldet, dersom dette ikkje er urimeleg ut frå tiltaket og skaden sin karakter. I tillegg skal det etter naturmangfaldlova 12 takast utgangspunkt i driftsmetodar, teknikkar og lokalisering av tiltaket som ut frå ei samla vurdering av den tidlegare, noverande og framtidige bruken av mangfaldet og økonomiske tilhøve gjev det samfunnsmessige beste resultatet. Uttale frå villreinnemnda for Brattefjell-Vindeggen, Blefjell og Norefjell-Reinsjøfjell Det har ikkje kome uttale frå nemnda. Vurdering Det er søkt om å bruke trasear som ligger både på utsida og innsida av landskapsvernområde. Inne i verneområdet vil det bli køyrt i både brukssona og vernesona. Omtrent fram til delet mellom brukssone og vernesone ved Storsteinvatnet er det oppkøyrt skiløype, og dersom det blir gitt løyve, vil transporten skje etter etablert skiløype. Med omsyn til motorferdsle konkret, er det ingen relevant forvaltingsmål for brukssona. I vernesona er relevant mål at Vernesona skal oppretthaldast som eit urørt naturområde rikt på biologisk mangfald og at ein skal være særleg restriktiv i høve til å dispensere for nye tiltak/anlegg og motorferdsle i vernesona. All motorferdsle skal gå føre seg i tråd med lov og føresegner for motorferdsle i utmark og på islagde vatn, med dei avgrensingar som ligg i verneføresegna. I områder som er verna i medhald av naturvernlova/naturmangfaldlova, er det strengare reglar for motorisert ferdsle enn det som følgjer av motorferdslelova/nasjonal føresegn. I verneføresegna for Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde står det i kapittel 4 punkt 1.4 at motorferdsle skal gå føre seg etter faste ruter som peikast ut av forvaltningsstyresmakta, og at all motorferdsle skal gå føre seg slik at det ikkje oppstår varige skjemmande markskadar, hjulspor og liknande. I tillegg til føringane for motorferdsle som er beskrive i motorferdslelova og verneføresegn/forvaltningsplan, er det for område vedtatt ei føresegn om forbod mot motorferdsle i spesielt sårbare områder i Brattefjell-Vindeggen. Punkt 2 i denne føresegna seier at All motorferdsle 10
innafor eit område i Vindeggen, Mefjell, Langvasstødalen, Månelibråtet og Ørnenuten( ) er forbode i tida frå 15. april til 1. juli. ( ). Det er kommunane som er forvaltningsmyndigheit for denne føresegna. Man må vere trygg på at dei verneverdiane som er synleggjort i verneføremålet ikkje vert skadelidande om det vert gjeve løyve til tiltaket, jf. NML 8 og 9. Området ein skal granske er naturleg nok mykje bruka av villreinen om vinteren, og har også status som viktig vinterbeiteområde. Man har kjennskap og grei dokumentasjon av verneverdiane i området. Både når det gjelder natur- og kulturverdiar. Kunnskapen er samla i forvaltningsplanen, og er henta i samband med arbeidet med denne. Botaniske verdiar og kulturverdiar blir ikkje påverka av den køyringa det er søkt om. Derimot vil støy og menneskeleg aktivitet vere forstyrrande for villreinen. Registreringar utført av Norsk villreinsenter syner at villreinen oppheld seg i dette området gjennom store deler av vinteren. Det er godt kjent kva slags effekt slik aktivitet reint generelt har på villreinen. «NVS rapport 5/2010 om villrein og forstyrrelser», fortel mellom anna at frykt-, og fluktavstand typisk er på mellom 500 og 700 meter frå til dømes ein snøskuter. Det betyr at reinen vil flykte dersom man kjem nære nok, noko som igjen betyr økt forbrenning og forbruk av næring i ei tid der reinen bør holde seg mest mogleg i ro. Det er difor viktig at vedtak fattast på bakgrunn av dette. Føre-var prinsippet i NML 9 får liten betyding i denne saka, då det er godt kjent kva effekt snøskuterkøyring har på området/villreinen, og då ein ikkje kan sjå usikkerheit i moglege andre negative effektar på verneføremåla. NML 11 om avbøtande tiltak og bæring av kostnadar får liten verknad i samband med denne saka. Det følgjer av NML 12 at det skal tas utgangspunkt i miljømessige forsvarlege teknikkar og driftsmetodar for å unngå eller avgrense skade på miljø. Eit alternativ til snøskuter kan vere å gå inn, men forvaltaren er usikker på om det at det blir fleire menneske over fleire dagar vil forstyrre villreinen mindre. Ingen av delane er ideelle, men i denne saka meiner forvaltaren at målet heilager medelet. Villreinen er eit av verneføremåla, og det er viktig med kunnskapsbasert forvaltning av stamma for å ha god presisjon i arbeidet. Ved å vere effektive og godt førebudd, i tillegg til å samarbeide med SNO og områdeforvaltaren om når og kor det kan kjørast, bør det la seg gjøre å gjennomføre beitegranskinga utan å forstyrre villreinen nemneverdig. Framlegg til vedtak: Verneområdestyret gjev Brattefjell-Vindeggen villreinutval ved Espen Dyrud løyve til snøskutertransport frå Skinnarbu til Store og Lille Langvasstødalen, Storsteindalen og Storfisktjørni etter trasé vist på kart som låg ved søknaden dagsett 16.02.17. Løyvet er gitt med heimel i NML 48. Det vert sett følgjande vilkår: - Løyvet gjelder fram til 15. april 2017. - Det skal køyrast etter oppkøyrde skiløyper og/eller etablera trasé der det finst. - Løyvet gjeld for inntil 4 turar og inntil 3 skutarar. - Søkjarane skal kontakte SNO eller områdeforvaltaren seinast 3 dagar før arbeidet tar til. - Observerast villrein, skal køyring stanses. Søkjaren skal ha dialog med SNO /verneområdeforvaltaren om det er villrein i området. 11
Vedtaket er berre fatta etter verneføresegna for Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde og tilhøyrande forvaltningsplan. Søkjar er sjølv ansvarleg for å få andre nødvendige løyve, slik som til dømes grunneigarløyve og løyve etter motorferdslelova. Det er klagerett på avgjerda. Klagefristen er tre veker etter at vedtaket er motteke. Klaga rettast til Miljødirektoratet, men sendast til Verneområdestyret for Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde. Vedtaket vert send til Brattefjell-Vindeggen villreinutval v/espen Dyrud. Kopimottakarar: - Tinn kommune - Hjartdal kommune - Seljord kommune - Fylkesmannen i Telemark - Villreinnemnda for Brattefjell-Vindeggen, Blefjell og Norefjell-Reinsjøfjell Kopi av vedtaket vil òg bli lasta opp i Miljøvedtaksregisteret. 12
Sak 15/17 Søknad om løyve til bruk av snøskuter frå Nørsteteig til Svain i Seljord Ole Gunnar Aase. Verneområdestyret for Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde er forvaltingsmyndigheit for verneområdet og skal handsame dispensasjonssaker. Kort om saka Ole Gunnar Aase søkjer om løyve til motorferdsle i samband med transport av bagasje og utstyr til eiga hytta, i samband med landbruksnæring, samt noko leigekjøring til andre hytter i området. Det er Seljord kommune som gjev løyve etter motorferdselloven, og kommunen kan også gje slik løyve innafor landskapsvernområdet utan at verneområdestyret trenger å sjå på saka når transporten går etter dei vedtekne traseane for motorferdsle i området. Er det derimot naudsynt for transport utanfor traseane (sjå forvaltningsplanen), må verneområdestyret handsame spørsmålet som ein dispensasjonssak. Vedlegg - Søknad med kartskisse, dagsett 20.01.17 (2017/918-1) Andre relevante dokument, ikkje vedlagde - Verneforskrifta for Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde. - Naturmangfaldlova (NML). - Forvaltingsplan for Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde 2010-2014. - Lov om motorferdsle i utmark og på islagde vatn. - Forskrift om forbod mot motorferdsel i spesielt sårbare områder i Brattefjell/Vindeggenområdet, Seljord, Hjartdal, Tinn og Vinje kommunar, Telemark. Det formelle grunnlaget Verneføremålet i Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde er å: - Taka vare på eit vakkert og eigenarta naturlandskap, med urørt høgfjell og fjellskogområde. - Taka vare på det biologiske mangfaldet i området, med villreinstamme og rikt plante- og dyreliv. - Taka vare på verdifulle kulturlandskap og kulturminne. I verneføresegna for Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde er utgangspunktet at Området skal vere verna mot alle inngrep eller tiltak som vesentleg kan endre eller verke inn på landskapet sin art eller karakter., jf. pkt. 1. Pkt. 1.4 seier at Motorferdsel skal gå føre seg etter faste ruter som peikast ut av forvaltningsstyresmakta. All motorferdsle skal gå føre seg slik at det ikkje oppstår varig skjemmande markskader, hjulspor ol. Verneområdestyret må særleg vurdere konsekvensane av ein dispensasjon i høve til verneføremålet og verneverdiane i området. Dette går og fram av 7 i naturmangfaldlova (NML), som seier at prinsippa i 8-12 i lova skal leggjast til grunn som retningsliner ved utøving av offentlig myndigheit. I NML 8 (om kunnskapsgrunnlaget) går det fram at offentlege avgjerder som rører ved naturmangfaldet skal byggje på vitskapeleg kunnskap om bestandssituasjonen for ulike arter, 13
utbreiing og økologisk tilstand av naturtypar, og effekten av påverknader. Kravet til kunnskapsgrunnlaget skal stå i eit rimelig forhold til sakas karakter og risikoen for å skade naturmangfaldet. Verknadene av eit tiltak skal vurderast ut frå den samla belastinga økosystemet vert utsett for, jf. 10. Dersom det ikkje ligg føre tilstrekkeleg kunnskap om kva for verknader eit tiltak kan ha på naturmiljøet, skal føre-var prinsippet leggjast til grunn, jf. 9, slik at ein ikkje gjer vesentleg skade på naturmangfaldet ved at ein tek ei avgjerd på eit for dårleg kunnskapsgrunnlag. Etter NML 11 er det tiltakshavar som skal dekkje kostnadene ved å hindre eller avgrense skade som tiltaket eller aktiviteten vil gjera på naturmangfaldet, dersom dette ikkje er urimeleg ut frå tiltaket og skaden sin karakter. I tillegg skal det etter naturmangfaldlova 12 takast utgangspunkt i driftsmetodar, teknikkar og lokalisering av tiltaket som ut frå ei samla vurdering av den tidlegare, noverande og framtidige bruken av mangfaldet og økonomiske tilhøve gjev det samfunnsmessige beste resultatet. Uttale frå villreinnemnda for Brattefjell-Vindeggen, Blefjell og Norefjell-Reinsjøfjell Det har ikkje kome uttale frå nemnda. Vurdering Aase planlegger å kjøre frå Nørsteteig til Svain etter vedtekne trasear jf. forvaltningsplanen, men han søker om løyve til å kunne bruke ein alternativ trasé. Grunngjevinga er at deler av vedtatt trasé gjeng på isen på Heiåi. Om våren når isen går, er ein avhengig av å flytte traseen inn på land på austsida av elva. Her er det ein etablera trasé som har vore bruka i «all tid», men som ikkje ligger inne i forvaltningsplanen. Årsaka til at ein veljar å bruke elva mesteparten av vinteren, er at traseen på land er meir kupert og krevjande. Landtraseen blir berre bruka når det er umogleg å bruke elva. All motorferdsle skal gå føre seg i tråd med lov og føresegner for motorferdsle i utmark og på islagde vatn, med dei avgrensingar som ligg i verneføresegna. I områder som er verna i medhald av naturvernlova/naturmangfaldlova, er det strengare reglar for motorisert ferdsle enn det som følgjer av motorferdslelova/nasjonal føresegn. I verneføresegna for Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde står det i kapittel 4 punkt 1.4 at motorferdsle skal gå føre seg etter faste ruter som peikast ut av forvaltningsstyresmakta, og at all motorferdsle skal gå føre seg slik at det ikkje oppstår varige skjemmande markskadar, hjulspor og liknande. Både hovudtraseen og den alternative traseen ligger i kulturlandskapssona og utanfor både kalvingsog vinterbeiteområde for villreinen. I botn og grunn dreier denne saka seg om sesongavhengig flytting av allereie godkjent og etablera trasé, og saka får difor prinsipiell verknad for alle som har løyve til å kjøre inn mot Svain. Saka dreier seg om at det er naudsynt med tanke på sikkerhet å ta i bruk alternativ trasé når elva gjeng opp om våren. Det er altså ikkje aktuelt å ha to alternative spor samtidig. Sida tal løyver er gitt uavhengig av kor traseen gjeng i terrenget, og at dei to aktuelle traseane ligg nære kvarandre, kan ikkje forvaltaren sjå at flytting av trasé når forholda krevjar det vil skape endringar med omsyn til verneføremåla. 14
Framlegg til vedtak: Verneområdestyret gjev Ole Gunnar Aase og alle andre med godkjent løyve etter trasé frå Nørsteteig til Svain løyve til å kjøre alternativ trasé frå Krakset til Svain/Steinstaulen når ein ikkje kan bruke traseen på Heiåi. Alternativ trasé er teikna på kart som følgjer søknaden til Ole Gunnar Aase dagsett 20.01.17. Løyvet er gitt med heimel i NML 48. Det vert sett følgjande vilkår: - Løyvet gjelder fram til eventuelt nytt vedtak. - Løyvet gjelder for alle med godkjent løyve på strekninga Krakset Svain. - Observerast villrein, skal køyring stanses. Søkjaren skal ha dialog med SNO /verneområdeforvaltaren om det er villrein i området. Vedtaket er berre fatta etter verneføresegna for Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde og tilhøyrande forvaltningsplan. Søkjar er sjølv ansvarleg for å få andre nødvendige løyve, slik som til dømes grunneigarløyve og løyve etter motorferdslelova. Det er klagerett på avgjerda. Klagefristen er tre veker etter at vedtaket er motteke. Klaga rettast til Miljødirektoratet, men sendast til Verneområdestyret for Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde. Verneområdestyret vil sende brev til Seljord kommune med generell informasjon om denne forvaltningspraksisen. Vedtaket vert send til Ole Gunnar Aase. Kopimottakarar: - Seljord kommune - Fylkesmannen i Telemark - Villreinnemnda for Brattefjell-Vindeggen, Blefjell og Norefjell-Reinsjøfjell. Kopi av vedtaket vil òg bli lasta opp i Miljøvedtaksregisteret. 15
Sak 16/17 Søknad om leigekjøring med snøskuter i deler av landskapsvernområdet i Hjartdal Hilde Reisjå og Torstein Evensen. Verneområdestyret for Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde er forvaltingsmyndigheit for verneområdet og skal handsame dispensasjonssaker. Kort om saka Hilde Reisjå søkjer om løyve til motorferdsle i samband med at ho og Torstein Evensen driver løypekjøring og leigekjøring i og omkring dei austlege delane av landskapsvernområdet. Reisjå og Evensen har i ein årrekkje drive slik verksemd, og har leigekjøring både innafor og utanfor Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområdet. Det er Hjartdal kommune som gjev løyve etter motorferdselloven, og kommunen kan også gje slik løyve innafor landskapsvernområdet utan at verneområdestyret trenger å sjå på saka - når transporten går etter dei vedtekne traseane for motorferdsle i området. Er det derimot naudsynt for transport utanfor traseane (sjå forvaltningsplanen), må verneområdestyret handsame spørsmålet som ein dispensasjonssak. Reisjå/Evensen har behov for transport både etter vedtekne trasear, men også utanfor. Det er kjøring utanfor traseane som handsamast i denne saka. Reisjå og Evensen bytter på å være sjåfør på same skuter. Vedlegg - Søknad med kartskisse, mottatt 21.02.17 (2017/903-1) Andre relevante dokument, ikkje vedlagde - Verneforskrifta for Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde. - Naturmangfaldlova (NML). - Forvaltingsplan for Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde 2010-2014. - Lov om motorferdsle i utmark og på islagde vatn. - Forskrift om forbod mot motorferdsel i spesielt sårbare områder i Brattefjell/Vindeggenområdet, Seljord, Hjartdal, Tinn og Vinje kommunar, Telemark. Det formelle grunnlaget Verneføremålet i Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde er å: - Taka vare på eit vakkert og eigenarta naturlandskap, med urørt høgfjell og fjellskogområde. - Taka vare på det biologiske mangfaldet i området, med villreinstamme og rikt plante- og dyreliv. - Taka vare på verdifulle kulturlandskap og kulturminne. I verneføresegna for Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde er utgangspunktet at Området skal vere verna mot alle inngrep eller tiltak som vesentleg kan endre eller verke inn på landskapet sin art eller karakter., jf. pkt. 1. Pkt. 1.4 seier at Motorferdsel skal gå føre seg etter faste ruter som peikast ut av forvaltningsstyresmakta. All motorferdsle skal gå føre seg slik at det ikkje oppstår varig skjemmande markskader, hjulspor ol. 16
Verneområdestyret må særleg vurdere konsekvensane av ein dispensasjon i høve til verneføremålet og verneverdiane i området. Dette går og fram av 7 i naturmangfaldlova, som seier at prinsippa i 8-12 i lova skal leggjast til grunn som retningsliner ved utøving av offentlig myndigheit. I NML 8 (om kunnskapsgrunnlaget) går det fram at offentlege avgjerder som rører ved naturmangfaldet skal byggje på vitskapeleg kunnskap om bestandssituasjonen for ulike arter, utbreiing og økologisk tilstand av naturtypar, og effekten av påverknader. Kravet til kunnskapsgrunnlaget skal stå i eit rimelig forhold til sakas karakter og risikoen for å skade naturmangfaldet. Verknadene av eit tiltak skal vurderast ut frå den samla belastinga økosystemet vert utsett for, jf. 10 (om økosystemtilnærming og samla belasting). Dersom det ikkje ligg føre tilstrekkeleg kunnskap om kva for verknader eit tiltak kan ha på naturmiljøet, skal føre-var prinsippet leggjast til grunn, jf. 9, slik at ein ikkje gjer vesentleg skade på naturmangfaldet ved at ein tek ei avgjerd på eit for dårleg kunnskapsgrunnlag. Etter NML 11 er det tiltakshavar som skal dekkje kostnadene ved å hindre eller avgrense skade som tiltaket eller aktiviteten vil gjera på naturmangfaldet, dersom dette ikkje er urimeleg ut frå tiltaket og skaden sin karakter. I tillegg skal det etter naturmangfaldlova 12 takast utgangspunkt i driftsmetodar, teknikkar og lokalisering av tiltaket som ut frå ei samla vurdering av den tidlegare, noverande og framtidige bruken av mangfaldet og økonomiske tilhøve gjev det samfunnsmessige beste resultatet. Uttale frå villreinnemnda for Brattefjell-Vindeggen, Blefjell og Norefjell-Reinsjøfjell Det har ikkje kome uttale frå nemnda. Vurdering Leigekjøring betyr at ein tar på seg transportoppdrag for andre, og dette drivast som ein næringsverksemd. Tal oppdrag og kor det skal kjørast er ofte vanskeleg å seie på forhand, men når ein har drevet på med slik kjøring over tid, vil ein få eit erfaringsgrunnlag som gjer eit ganske presist bilete av kor det kan tenkast å kjøre. Nettopp slike erfaringar er grunnlaget for det det søkast om i denne saka, og det er oppgitt at ein oftast pratar om 5-7 turar pr. hytte pr. sesong. Det søkast om å bruke trasear som ligger både på utsida og innsida av landskapsvernområde. Inne i verneområdet vil det bli køyrt i både brukssona og vernesona. Med omsyn til motorferdsle konkret, er det ingen relevant forvaltingsmål for brukssona. I vernesona er relevant mål at Vernesona skal oppretthaldast som eit urørt naturområde rikt på biologisk mangfald og at ein skal være særleg restriktiv i høve til å dispensere for nye tiltak/anlegg og motorferdsle i vernesona. All motorferdsle skal gå føre seg i tråd med lov og føresegner for motorferdsle i utmark og på islagde vatn, med dei avgrensingar som ligg i verneføresegna. I områder som er verna i medhald av naturvernlova/naturmangfaldlova, er det strengare reglar for motorisert ferdsle enn det som følgjer av motorferdslelova/nasjonal føresegn. I verneføresegna for Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde står det i kapittel 4 punkt 1.4 at motorferdsle skal gå føre seg etter faste ruter som peikast ut av forvaltningsstyresmakta, og at all 17
motorferdsle skal gå føre seg slik at det ikkje oppstår varige skjemmande markskadar, hjulspor og liknande. I tillegg til føringane for motorferdsle som er beskrive i motorferdslelova og verneføresegn/ forvaltningsplan, er det for område vedtatt ei føresegn om forbod mot motorferdsle i spesielt sårbare områder i Brattefjell-Vindeggen. Punkt 1 i denne føresegna seier at «All motorferdsel innafor eit område i Svafjell, Brattefjell, samt Blåfjell/Lekkjenuten ( ) er forbode i tida frå 1. april til 1. juli.» Punkt 2 i denne føresegna seier at «All motorferdsle innafor eit område i Vindeggen, Mefjell, Langvasstødalen, Månelibråtet og Ørnenuten( ) er forbode i tida frå 15. april til 1. juli.» Det er kommunane som er forvaltningsmyndigheit for denne føresegna. Ein trasé i nord (ved Ørnenuten), traseen nord for Vindsjåen til Vrangetjønn og traseen ned systebulidalen gjeng inn i dei vedtekne sonane for vinterbeite og kalvingsområde. Gjevast løyve til kjøring, må det takast omsyn til forboda som startar 1. april i kalvingsområdet og 15. april i vinterbeiteområdet. Man må vere trygg på at dei verneverdiane som er synleggjort i verneføremålet ikkje vert skadelidande om det vert gjeve løyve til tiltaket. For det meste er villreinen i områder nord og vest for der det er søkt kjøring, men det hender at dyr observerast i nærleiken av Vindsjåen vinterstid. Man har kjennskap og grei dokumentasjon av verneverdiane i området. Både når det gjelder natur- og kulturverdiar. Kunnskapen er samla i forvaltningsplanen, og er henta i samband med arbeidet med denne. Botaniske verdiar og kulturverdiar blir ikkje påverka av den køyringa det er søkt om. Føre-var prinsippet i NML 9 får liten betyding i denne saka, då det er godt kjent kva effekt snøskuterkøyring har på området/villreinen, og då ein ikkje kan sjå usikkerheit i moglege andre negative effektar på verneføremåla. Ein veit at støy kan stresse dyra, og i prinsippet skal motorferdsle haldast på eit minimum. Med omsyn til NML 10 om samla belastning, kan ein tenke at leigekjøring fører til lågare belastning enn om det ikkje hadde vore slikt tilbod. Det er nærliggande å tru at fleire ville skaffa seg snøskuter og kjørt sjølv. Likevel er det viktig at løyve til leigekjøring brukast på ein slik måte at det blir gjort færrast mogleg turar, mellom anna ved at ein kombinerer inn og uttransport for fleire når det er høve til det. NML 11 om avbøtande tiltak og bæring av kostnadar får liten verknad i samband med denne saka. Det følgjer av NML 12 at det skal tas utgangspunkt i miljømessige forsvarlege teknikkar og driftsmetodar for å unngå eller avgrense skade på miljø. I denne saka dreier det seg om tal turar og køyreavstand. Jo færre turar og kortare distanse, desto betre. Det er difor avgjerande at søkjar nyttar slede med stor kapasitet, og at ein generelt held fokus på å køyre så få turar som mogleg. Vidare er det viktig at søkjar tar omsyn til villreinen dersom den observerast under køyring. Då skal søkjar vente til reinen har trekt seg unna. Framlegg til vedtak: Verneområdestyret gjev Hilde Reisjå/Torstein Evensen løyve til å bruke traseane som er teikna inn på kart lagt ved søknaden mottatt 21.02.17 i samband med leigekjøring. Løyvet er gitt med heimel i NML 48. Det vert sett følgjande vilkår: - Løyvet gjelder ut sesongen 2018/2019. Verneområdestyret kan ikkje gje løyve som varer utover styreperioden. 18
- Det er ikkje lov å kjøre inn i kalvingssona etter 1. april eller i sone for vinterbeite etter 15. april. - Der det finnast etablera trasé for snøskuter, skal denne følgjast. - Søkjarane skal kunne dokumentere at dei er ute på oppdrag ved kontroll. - All transport skal skje med slede. - Søkjarane kan kjøre inntil 200 meter vinkelrett frå traseane bort til hytte eller anna oppdragspunkt. - Observerast villrein, skal køyring stanses. Søkjaren skal ha dialog med SNO /verneområdeforvaltaren om det er villrein i området. Vedtaket er berre fatta etter verneføresegna for Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde og tilhøyrande forvaltningsplan. Søkjar er sjølv ansvarleg for å få andre nødvendige løyve, slik som til dømes grunneigarløyve og løyve etter motorferdslelova. Det er klagerett på avgjerda. Klagefristen er tre veker etter at vedtaket er motteke. Klaga rettast til Miljødirektoratet, men sendast til Verneområdestyret for Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde. Vedtaket vert send til Hilde Reisjå. Kopimottakarar: - Hjartdal kommune - Fylkesmannen i Telemark - Villreinnemnda for Brattefjell-Vindeggen, Blefjell og Norefjell-Reinsjøfjell Kopi av vedtaket vil òg bli lasta opp i Miljøvedtaksregisteret. 19
Sak 17/17 Søknad om løyve til bruk av snøskuter til Risbua søndre 29/4 i Hjartdal Olav Smylingsås. Verneområdestyret for Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde er forvaltingsmyndigheit for verneområdet og skal handsame dispensasjonssaker. Kort om saka Olav Smylingsås søkjer om løyve til motorferdsle med snøskuter til eiga hytte i Risbudalen nord for Kovatnet. Det er Hjartdal kommune som gjev løyve etter motorferdselloven, og kommunen kan også gje slik løyve innafor landskapsvernområdet utan at verneområdestyret trenger å sjå på saka, når transporten går etter dei vedtekne traseane for motorferdsle i området. Er det derimot naudsynt med kjøring utanfor traseane (sjå forvaltningsplanen), må verneområdestyret handsame spørsmålet som ein dispensasjonssak. Smylingsås har behov for transport både etter vedtekne trasear, men også utanfor. Det er kjøring utanfor traseane som handsamast i denne saka. Vedlegg - Søknad med kartskisse, mottatt 10.02.17 (2017/914-1) Andre relevante dokument, ikkje vedlagde - Verneforskrifta for Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde. - Naturmangfaldlova (NML). - Forvaltingsplan for Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde 2010-2014. - Lov om motorferdsle i utmark og på islagde vatn. - Forskrift om forbod mot motorferdsel i spesielt sårbare områder i Brattefjell/Vindeggenområdet, Seljord, Hjartdal, Tinn og Vinje kommunar, Telemark. Det formelle grunnlaget Verneføremålet i Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde er å: - Taka vare på eit vakkert og eigenarta naturlandskap, med urørt høgfjell og fjellskogområde. - Taka vare på det biologiske mangfaldet i området, med villreinstamme og rikt plante- og dyreliv. - Taka vare på verdifulle kulturlandskap og kulturminne. I verneføresegna for Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde er utgangspunktet at Området skal vere verna mot alle inngrep eller tiltak som vesentleg kan endre eller verke inn på landskapet sin art eller karakter., jf. pkt. 1. Pkt. 1.4 seier at Motorferdsel skal gå føre seg etter faste ruter som peikast ut av forvaltningsstyresmakta. All motorferdsle skal gå føre seg slik at det ikkje oppstår varig skjemmande markskader, hjulspor ol. Verneområdestyret må særleg vurdere konsekvensane av ein dispensasjon i høve til verneføremålet og verneverdiane i området. Dette går og fram av 7 i naturmangfaldlova (NML), som seier at prinsippa i 8-12 i lova skal leggjast til grunn som retningsliner ved utøving av offentlig myndigheit. 20