Nynorsk i nordisk perspektiv



Like dokumenter
Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Vel nynorsk for barnet ditt!

LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Til deg som bur i fosterheim år

styrke i at mest kva som helst kan skje, utan at dei vert mindre aktuelle.

Samansette tekster og Sjanger og stil

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Finlandssvensk og nynorsk: Eit nasjonalt minoritetsspråk og ei mindretalsmålform innanfor majoritetsspråket

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Nynorsk under dobbelpress

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette?

mmm...med SMAK på timeplanen

Forslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman.

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

SPØRJEGRUPPE: HORNINDAL SKULE KLASSE

Fråsegn om norskfaget og nynorsken

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2012

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Prioritert løysing for språksamlingane og Norsk Ordbok

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;


DÅ EG FORFØRTE PÅ NYNORSK

SPRÅKRÅDET REF. VÅR REF. DATO JG/SIG/ER Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Elevundersøkinga 2016

Norsk Bremuseum sine klimanøtter

sekstiåring. Vi er sjølvsagt positive til prioriteringa av ungdom, og har allereie utfordra statsråden til å invitere oss med på utforminga av tiltak.

GSI'09. Voksenopplæring (Vo) rettleiing. nynorsk

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne?

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik

Protokoll styremøte Landbruk Nordvest

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

Å løyse kvadratiske likningar

Norsk etnologisk gransking Desember 1953 R E I P O G T A U. R e i p

Vurdering av allianse og alternativ

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Jon Fosse. For seint. Libretto

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET


REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

Spørjegransking om leselyst og lesevanar ved Sunnylven ungdomskule I samband med prosjektet Kvitebjørnen

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Refleksjon og skriving

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

Forsøk på å flytte ein koloss EU/Norge landbruk 1993/94. Presentasjon NILF 1. mars 2007 Alf Vederhus

Vi lærer om respekt og likestilling

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Informasjon til elevane

Rapport Mandatory Assigment 06 Photo Essay. Malin Ersland Bjørgen

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Eksamen MAT1013 Matematikk 1T. Nynorsk/Bokmål

Addisjon og subtraksjon =1234 =1199 =1149

Brukarrettleiing E-post lesar

Skulebasert kompetanseutvikling med fokus på lesing

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

13. Sendetida på TV aukar

Leverandørskifteundersøkinga 2. kvartal 2007

Høyringsinnspel til endringar i Teknisk forskrift om krava til tilgjenge i studentbustadar

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

NVE har valt å handsame denne saka som ei tvistesak mellom UF og Tussa. Tussa har gjeve sine merknader til saka i brev av til NVE.

Forslag frå fylkesrådmannen

Lønnsundersøkinga for 2014


Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: Tidspunkt : 10:00

Kartlegging av verksemder sitt syn på drosjetilbodet i Bergensområdet. AUD-rapport nr. 12a

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE


SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Bitraf Resultatregnskap0per

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Transkript:

1 Nynorsk i nordisk perspektiv Språk i Norden I dei nordiske landa finn vi i dag desse språka: 1. Grønlandsk 2. Islandsk 3. Færøysk 4. Norsk (bokmål og nynorsk) 5. Dansk 6. Svensk 7. Samisk 8. Finsk Av desse er det tre som skil seg språkleg sterkt ut frå dei fem andre, nemleg det første og dei to siste. Desse tre språka høyrer til heilt andre språkfamiliar; grønlandsk høyrer til den eskimoisk-aleutiske språkfamilien, medan både samisk og finsk høyrer til den uralske. Dei fem andre er derimot alle saman indoeuropeiske, og nærmare bestemt nordgermanske eller nordiske. For om lag 1500 år sidan fanst det knapt dialektskilnader innanfor det nordiske språkområdet, men i vår tid er det ikkje lenger slik. For både danskar, nordmenn og svenskar må islandsk og færøysk reknast som framandspråk i dag, og det same gjeld sjølvsagt den motsette vegen. Dette gjeld derimot ikkje i same grad dansk, norsk og svensk, for her er det som kjent ein ganske stor grad av innbyrdes forståing. Dette viser seg t.d. tydeleg i praksis når danskar, nordmenn og svenskar snakkar saman; det normale i slike tilfelle er at alle bruker morsmålet og reknar med å bli forstått av dei andre og som regel går dette også rimeleg bra spesielt for oss nordmenn! alle granskingar tyder på at vi er dei suverene vinnarane av den skandinaviske meisterskapen i grannespråksforståing. Dersom ein seier at språkformer som er innbyrdes uforståelege er forskjellige språk, medan innbyrdes forståelege språkformer berre er dialektar av eitt og same språk, er det altså gode grunnar til å rekne dansk, norsk og svensk som dialektar av skandinavisk. Men no er det som kjent likevel vanleg å snakke om desse "dialektane" som ulike språk, og det ein då siktar til, er m.a. at dei ikkje berre eksisterer som talemål, slik som "vanlege" dialektar, men at dei også blir brukte som skriftspråk.

2 Eit interessant spørsmål i den samanhengen er om det finst eitt språk som kan kallast norsk, eller om vi berre har bokmål og nynorsk. Svaret er langt frå opplagt, for bokmål kan jo likne fælt på skriftleg dansk, medan både bokmål og nynorsk ligg mykje nærmare svensk når det gjeld uttalen. Når ein likevel ofte snakkar om norsk som eitt språk i forhold dansk og svensk, er nok det først og fremst politisk motivert: Både bokmål og nynorsk blir brukte i Noreg; det gjeld ikkje dansk og svensk. Det er derfor vanleg å snakke om bokmål og nynorsk som ulike målformer, ikkje som ulike språk. Offisielle språk i Norden fram til 1800-talet Talemålet i dei nordiske landa for to hundre år sidan var ikkje prinsipielt så mykje annleis enn i dag. Derimot var situasjonen svært ulik når det gjeld offisielt brukte skriftspråk; for slike fanst det berre tre av: dansk, islandsk og svensk. Av desse rådde svensk grunnen i det området som no er Sverige og Finland, medan dansk var skriftspråket i resten av Norden, bortsett frå på Island. Og av kongerike var det berre to: Sverige/Finland og Danmark/Noreg. I løpet av dei to første tiåra av 1800-talet blir denne politiske situasjonen radikalt endra: I 1809 blir Finland eit russisk storfyrstedømme, fem år seinare går Noreg inn i union med Sverige. Før den tid hadde Finland vore saman med Sverige i om lag like lang tid som Noreg med Danmark, og i heile denne perioden hadde svensk vore det einaste offisielle språket i Sverige/Finland og dansk i Danmark/Noreg. Om lag hundre år seinare blir begge landa uavhengige nordiske statar Noreg kongerike i 1905, Finland republikk i 1917. Den politiske historia i desse to gamle "provinsane" har altså visse klare parallellar. Vi skal no sjå litt på likskapar og skilnader i den språkpolitiske utviklinga. Finland frå offisielt svenskspråkleg til offisielt tospråkleg Etter 1809 oppstod det etter kvart ei nasjonal rørsle i Finland, dei såkalla fennomanane, som kravde rom for finsk som offisielt språk ved sida av svensk. Eit slagord som vart mykje brukt i denne kampen lydde om lag slik: Svenskar får vi inte vara, ryssar vill vi inte bli, låt oss vara finnar! Det er ikkje tilfeldig at slagordet er på svensk fennomanane var stort sett alle svenskspråklege som resten av overklassa i Finland på den tida. Likevel valde dei altså å solidarisere seg språkleg med den finsktalande majoriteten av nasjonale grunnar. I 1864 vart finsk jamstelt med svensk som offisielt språk i Finland. Seinare har utviklinga vore slik at finsk har teke over meir og meir som det leiande språket i Finland. I dag er det vel 5 % av finlendarane som har svensk som morsmål. Begge språka er framleis formelt jamstelte, og i skolen må alle lære begge språka. I den finskspråklege majoriteten er det likevel ganske stor motvilje mot "tvångssvenskan", som dei ikkje ser nokon vits i; dei vil heller konsentrere seg om engelsk.

3 Noreg frå dansk skriftmål til bokmål og nynorsk Her i landet er det altså dansken, som det gamle "kolonimaktspråket", som historisk sett svarar til svensken i Finland. Liksom i Finland, der overklassa var svenskspråkleg, hadde vi hos oss ei overklasse som brukte eit norsk-dansk talemål, medan folk elles snakka norske dialektar. Men ulikt den finske overklassa valde ikkje overklassa her i landet å "svike" sin eigen bakgrunn; tvertimot ville dei aller fleste halde på dansken. Likevel var dei nasjonale straumdraga så sterke at landsmål (dvs. nynorsk) vart formelt jamstilt med dansk som skriftspråk i 1885. Mot slutten av 1800-talet vart det etter kvart klart at det reine danske skriftmålet var nøydd til å tape i Noreg. I 1907 kom så det endelege brotet med dansken: I dette året fekk vi ei reform som ein gong for alle gjorde slutt på den gamle skriftspråksfellesskapen mellom Danmark og Noreg. Seinare har vi fått fleire nye reformer som har gjort avstanden til dansken endå større. Ingen kan derfor vere i tvil om at dansk og norsk bokmål i dag er to ulike om enn svært like! skriftspråk. Likt og ulikt i Finland og Noreg Når ein jamfører språksituasjonen i Finland og Noreg, er sjølvsagt ulikskapane det ein legg mest merke til. Men som vi har sett, er det også visse klare parallellar i dei historiske føresetnadene, og resultatet er i begge tilfella at landa offisielt har to skriftmål. Dette er det som liknar - resten er forskjellig. For det første merkar vi oss at styrkeforholdet mellom dei "nasjonale" alternativa er tilnærma omvendt finsken står om lag like sterkt i Finland som nynorsken står veikt i Noreg, trass i at den gamle overklassa i begge landa hadde "kolonispråket" (svensk resp. dansk) som sitt naturlege uttrykksmiddel i den avgjerande nasjonsbyggingsfasen. Kva er så grunnen til at den seinare utviklinga vart så forskjellig? Her kjem dei reint språklege ulikskapane mellom dei to språksamfunna inn med full tyngd. Ingen kan komme frå at svensk og finsk er totalt forskjellige språk same kor mykje finlandssvensk lyder ulikt sverigesvensk, kan likevel ingen vere i tvil om at det er svensk og ikkje finsk. Derfor vil heller aldri svensk kunne fungere som noko samlande nasjonalsymbol for Finland - svensk vil for alltid vere knytt til landet Sverige. Forholdet mellom dansk og norsk og svensk er som kjent heilt annleis med ei anna politisk historie kunne vi godt hatt berre eitt skriftspråk i heile Skandinavia utanom Finland! dersom Kalmar-unionen sist på 1300-talet mellom Danmark, Noreg og Sverige var blitt varig, hadde dette jamvel vore eit svært sannsynleg resultat - men slik gjekk det som kjent ikkje.

4 Men denne nære språklege skyldskapen mellom dei skandinaviske "dialektane", for å bruke dette uttrykket, har alltid gjort det problematisk å skilje mellom "dansk" og "norsk" her i landet. At skriftspråket her i landet på 1800-talet med rette burde kallast dansk, vart dei fleste samde om etter kvart, men kva med det danna talemålet var ikkje det "norsk"? Det let i alle fall slett ikkje som dansk den gongen heller. Når så det norsk-danske skriftmålet utover på 1900-talet vart revidert med utgangspunkt nettopp i dette talemålet, var det mange som meinte at bokmålet med like stor rett måtte kunne kallast norsk som Aasens målform. Den norske overklassa med få unntak såg altså ingen grunn til å gi avkall på det norsk-danske talemålet sitt av nasjonale grunnar og gå over til noko dei oppfatta som eit ukultivert bondemål. Bokmålet har dermed gradvis gått over frå å bli oppfatta som ei dansk, og dermed etter 1814 også "unorsk" målform, til å bli noko som mange i dag oppfattar som eit heilnorsk språk; jf. uttrykket norsk og ny-norsk, som seier sitt om kva somme ser på som den "eigentlege" norsken. Ei tilsvarande utvikling for svensken i Finland som den vi har hatt for bokmålet i Noreg, er sjølvsagt heilt utenkjeleg ei slags gradvis forfinsking er det ingen som tenkjer på i det heile, tvertimot er dei opptekne av å halde svensken så "rein" som råd og leggje seg så nær opp til svensken i Sverige som dei berre kan. Finlandssvensk og nynorsk i nordisk samanheng Det som er likt med språksituasjonen Finland og Noreg, er som nemnt det at landa har to offisielle skriftspråk. Ein annan likskap er den at ein i begge landa finn ein god del uvilje mot mindretalsmålet, altså svensken og nynorsken. Somme hadde derfor helst sett at ein hadde kvitta seg med "tvångssvenskan" og "spynorsken". Argumenta mot å gjere dette liknar til dels også i begge landa svensk i Finland og nynorsk i Noreg er ein del av kulturarven som kommande generasjonar også bør få del i. Som eit viktig argument for svensk framhevar ein sjølsagt også det nordiske aspektet; det svenske språket har alltid vore den naturlege bindelekken for alle finlendingar til eit større nordisk fellesskap; dersom ein i framtida skal vere nøydd til å kommunisere med finnar berre på engelsk, betyr det i praksis ei svekking av den nordiske samkjensla. Noko tilsvarande nordisk argument kan ein knapt bruke for nynorsk, ettersom både bokmål og nynorsk er reint internt norske språkformer. Men indirekte kan likevel den noverande norske språksituasjonen vere ein ressurs i nordisk samanheng. Det er nemleg eit faktum at vi nordmenn er dei flinkaste til å forstå dei skandinaviske grannespråka betre enn danskane og mykje betre enn svenskane! Dette har sikkert ulike årsaker ikkje minst det at vi har skrive dansk her i landet i mange hundre år, noko som gjer at vi i stor grad har felles ordforråd med danskane, mens vi langt på veg har uttalen felles med dei nærmaste grannane

5 våre, svenskane. Men mange meiner at dette ikkje er nok til å forklare kvifor alle undersøkingar viser at vi er så mykje flinkare enn grannane på akkurat dette området, når det viser seg at vi dessverre er heilt normale på dei fleste andre felt. Ein forhold som mange har peika på i denne samanhengen, er nettopp det språklege mangfaldet som vi har her i landet, både med bokmål og nynorsk (i ymse utgåver!) som skriftmål og med ein mykje sterkare tradisjon enn i grannelanda for at dialektar kan brukast som talemål i alle situasjonar. Dette gjer at nordmenn som les eller høyrer dansk eller svensk har ein mykje større skandinavisk kompetanse å møte desse språka med enn folk i nabolanda, som sjeldan får høyre noko anna enn dei respektive riksspråka. Nordmenn er derimot vane med å høyre mange norske dialektar i dagleglivet, og eit grannespråk blir derfor ikkje meir framandt enn ein litt uvan norsk dialekt. Den norske språksituasjonen med to skriftnormalar kan dermed sjåast på ikkje som eit splittande element for den skandinaviske språkfellesskapen, men tvertimot som ein garanti for at denne fellesskapen vil kunne bestå også i framtida. Ved å vere språkleg mangfaldige på heimebane blir vi samtidig betre deltakarar i det språklege mangfaldet som utgjer den skandinaviske språkfellesskapen.