Handlingsprogram og økonomiplan 2016 2019



Like dokumenter
Handlingsprogram og økonomiplan

Dato: Fredriksen/Økonomiavdelinga Fra: Ingebjørg By Teigen Referanse: 15/ Kopi:

Handlingsprogram

Budsjettdirektiv Årsbudsjett 2016, Handlingsprogram og Økonomiplan : 1 Generelt

Rådmannen med stab administrativ leiing

Til: Arne Fredriksen/Økonomiavdelinga Dato: Fra: Britt Vikane Referanse: 15/ Kopi:

Årsmelding GOL BARNEHAGE (Kultur og levekår)

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Status og utfordringar. Orientering til heradsstyret Tysdag 16. juni Rådmannen

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Styre, råd og utval Møtedato Saksnr Levekårskomite /10 Bystyret Arkiv: FA-A22, FA-

ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM GOL KOMMUNE , vedteke i Formannskapet, sak 0001/04, for

INVESTERINGER SOM EFFEKTIVISERER. Framlegg frå avdelingane

Årsmelding GOL BARNEHAGE (Kultur og levekår)

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan , vedteke i kommunestyremøte 16. desember 2014.

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet eller møtesekretær snarast råd.

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

BUDSJETTSKJEMA DRIFTSKONSEKVENSAR NYE DRIFTSTILTAK

INVESTERINGER med standardheving. Framlegg frå formannskapet

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet /2011 Kommunestyret

Oversyn over økonomiplanperioden

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Giske formannskap /17 Giske kommunestyre

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

INNSPARINGSTILTAK. Framlegg frå avdelingane

BUDSJETTSKJEMA DRIFTSKONSEKVENSAR NYE INVESTERINGER SOM EFFEKTIVISERAR

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

VESTNES KOMMUNE. Saksframlegg. Økonomiplan for Arkiv: 150 Arkivsaksnr.: 2012/2844 Saksbehandlar: Magne Værholm Dato:

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i heradsstyremøte 16.desember 2014.

Strategiplan for Apoteka Vest HF

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 13/968

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

Kommunestyret støttar framlegget til endringar i Opplæringslova når det gjeld:

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2014 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 19.desember 2013.

Høyring Masfjorden kommune med saksnummer034/2018 Svar på høyring om samanslåing av ungdomskular frå FAU ved Matre Skule

BUDSJETTSKJEMA DRIFTSKONSEKVENSAR NEGATIVE DRIFTSTILTAK - INNSPARING

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

STRANDA KOMMUNE SAKSPAPIR

Budsjett og handlingsprogram 2012, økonomiplan

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2008 og økonomiplan, vedteke i heradsstyremøte

Kontrollutvalet i Suldal kommune

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Budsjett Rådmannen sitt framlegg

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Saksprotokoll. Arkivsak: 11/794 HØYRING - NASJONAL BESTEMMING OM LÆRARTETTLEIK I GRUNNSKOLEN

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

Hovudutval Plan og Ressurs har behandla saka i møte sak 80/16

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Austrheim kommune. Sakspapir. SAKSGANG Styre, utval, råd m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kommunestyret /11 Olav Mongstad

Kontrollutvalet i Leikanger kommune. Sak 8/2015 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2014 for Leikanger kommune

Årsmelding SEKRETARIATET

Saksframlegg. Skattesatsar/ marginavsetning: Skatten for 2015 på formue og inntekt vert å fastsette til dei maksimalsatsar som Stortinget vedtek.

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Saksnr. Utval Møtedato 003/18 Skule- og kulturutval

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

drive og utvikle Gol kommune i samsvar med lover, forskrifter og overordna instruksar

Til: Arne Fredriksen/Økonomiavdelinga Dato: Frå: Mona Hagen Referanse: 16/ Kopi: Hege Mørk/Rådmannen

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Kvam herad. Arkiv: N-211 Objekt:

STORDAL KOMMUNE SAKSPAPIR

Saksframlegg. 1. Kommunestyret godkjenner den framlagde tertialrapporten.

10/60-14/N-211//AMS

Tertialrapport 2 tertial 2015

Retningsline for samordna opptak i barnehagar i Stord kommune

Det vil alltid vere ei balansegang mellom bruk av eigne pengar på bok og lån i bank.

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Budsjett 2019 og økonomiplan

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

BUDSJETT OG SKULESTRUKTUR

MØTEINNKALLING. Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang SAKLISTE

Husleige / Fellsekostnader i interkommunale samarbeid i Hallingdal.

Faste medlemmer som møtte: Namn Funksjon Representerer Kari Fjugstad Giske Harald Rydland Johnny Westvik LEIAR MEDL. MEDL

Årsmelding SEKRETARIATET

Saksframlegg Valle kommune

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

Tilleggsinnkalling til Formannskapet

UTKAST PLAN FOR FORVALTNINGSREVISJON

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

Revidering av kommunedelplan for oppvekst Struktur

FJELL KOMMUNE Rådmannen Dato: Vår ref.: 2013/ /2013 Ark.kode:

Giske kommune. Ord blir handling. Kvalitetsplan for skule, barnehage og SFO

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Transkript:

Handlingsprogram og økonomiplan 2016 2019 Budsjettdirektiv Handlingsprogram med tiltak frå avdelingene

Budsjettdirektiv Årsbudsjett 2016, Handlingsprogram og Økonomiplan 2016 2019: 1 Generelt 1.1 Status Rådmannen har som mål å presentere eit årsbudsjett for 2016 og ein økonomiplan for perioden 2016 2019 i balanse for formannskapet. Dette skal vere klart seinast i oktober 2015. Rammene for arbeidet vil i utgangspunktet vere dei som er gitt av kommunestyret i kommunestyresak 82/2014 og netto driftsresultat som synt på side 77 i handlingsprogram og økonomiplan 2015 2018. Handlingsprogrammet og økonomiplanen er særdeles ambisiøst. Gol kommune skal i perioden 2015 2018 investere 230 mill. kroner. Allereie no veit vi at det er ynskjer om å auke dette beløpet ytterlegare. Investeringane skal lånefinansierast. Gol kommune vil i slutten av perioden ha ei lånegjeld på godt over 400 mill. kroner. Lånegjeld betyr stor auke i renter og avdrag som i hovudsak må dekkast av driftsmidlar. Utan tilsvarande auke i inntekter vil det seie reduksjon i driftsbudsjettet, dvs. avdelingane må redusere sine driftskostnader og følgjeleg sine tilbod. Netto driftsresultat for perioden 2015 2018 er utarbeidd med ein viss kreativitet når det gjeld avdrag (i samsvar med formannskapet sine ynskjer). Det er også andre føresetnader som rådmannen har vore nøyd til å legge inn for å få budsjettet til. Dette var kortsiktige tiltak som må justerast når ny budsjettperiode tek til. Årsaken til denne kreativiteten var delvis at avdelingane ikkje makta å vere konkrete på innsparingstiltak og heller ikkje i stor nok grad tok inn over seg at budsjetta må reduserast i åra som kjem. Netto driftsresultat syner at vi går mot negative tal mot slutten av perioden sjølv med nemnde kreativitet. Dette må administrasjonen inkl. avdelingsleiarane ta inn over seg: Gol kommune kjem ikkje utanom å redusere på tilboda sine! 1

Administrasjonen må legge til rette for at dei folkevalde kan få reell informasjon slik at dei kan fatte dei beste vedtaka. Dess fortare vedtak blir fatta, dess fortare kan organisasjonen tilpasse seg. Økonomiplanen har teke konsekvensen av følgjande investeringstiltak 2016 (eksklusiv VAR): Fullføring nye Gol skule (33,7 mill. kroner) 2016 Idrettshall kommunal del (28 mill. kroner) 2016 Rehabilitering ODA (5,6 mill. kroner) 2016 Ventilasjon Helsetunet (3,2 mill. kroner) 2016 Utvida areal kjøkken Helsetunet (800.000 kroner) 2016 Ventilasjon kjøkken Helsetunet (3,2 mill. kroner) 2016 Veg netto (100.000 kroner) 2016 (og åra etter) Det er vidare i perioden teke med utviding av biblioteket, utskifting av eternit-tak Helsetunet og diverse mindre investeringar. Frå tidlegare veit vi at det vil bli føreslege nye investeringstiltak. Dei vesentlegaste driftstiltaka som er lagt inn frå sist økonomiplan er: Økt bemanning biblioteket (500.000 årleg) frå 2016 og åra utetter Ev. ny bemanningsbehov omsorg (3.215.000 årleg) frå 2017 og åra utetter 1.2 Historikk budsjett og budsjettprosessen fram til 2015 Budsjettarbeidet for perioden 2015 2018 følgde diverre trenden frå åra før. Avdelingane vel å fortelje kva dei har av nye ynskjer og tiltak og i mindre grad kva tiltak dei ev. kan føreslå å fjerne. Gol kommune har netto-budsjettering, dvs. at summen av kostnader og inntekter er ramma for verksemda. Det har alltid vore mogeleg å få til nye tiltak dersom ein vel å omprioritere innan tenesta eller innan ansvaret. Det har likeeins vore mogeleg å få til nye tiltak dersom ein får nye inntekter. Det har likevel ikkje vore slik at nye inntekter er til fri disposisjon for verksemda, sjølv om det i praksis har vore slik i einskilde tilfelle. I kva for grad avdelingane har teke vekk gamle tilbod for å få plass til nye tilbod vil nok variere. Dette kan ha samanheng med at avdelingsleiarane representerer seg sjølve, si avdeling og sine brukarar. I mange tilfelle er avdelingane små og har små ressursar både kva angår budsjett og tilsette. I samband med økonomiplanarbeidet for 2014-2017 valde rådmannen å dele avdelingane i grupper som kunne sjå oppgåvene i heilskap; kva for oppgåver kan i fellesskap løysast på ein annan og meir rasjonell måte til beste for brukarane. Implisitt låg også eit håp om at avdelingane i fellesskap kunne finne innsparingspotensial og konkrete framlegg til innsparingstiltak som gav minst konsekvensar for brukarane på området. Rådmannen ynskte også at administrasjonen kunne legge fram tiltak som gjekk på struktur-endringar. Slik inndeling i grupper vart også gjort for økonomiplanarbeidet åra etter. Dette arbeidet gav ikkje dei ynskte innsparingane korkje for 2014 eller 2015. Det er dei folkevalde sin rett å vere usamde i administrasjonen sine tiltak. Alle veit likevel at det må endring til: Gol kommune kjem ikkje utanom å redusere på tilboda sine! I budsjettprosessen er det dei økonomiske rammene som er verkelegheita! 2

1.3 Historikk samfunnsdelen til kommuneplanen Samfunnsdelen til kommuneplanen vart revidert sist gong i 2009. Det er denne som dannar grunnlaget for mykje av vårt arbeid og den må også nemnast i handlingsprogrammet. Rådmannen har fleire gonger peika på at samfunnsdelen til kommuneplanen bør revideras på nytt. Svært mykje har endra seg sidan samfunnsdelen sist vart revidert og desse endringane er så dramatiske at heile kartet for kva ein skal prioritere eller ikkje prioritere bør teiknast på nytt. Kva for mål ein skal prioritere eller nedprioritere må vere opp til Kommunestyret sjølv, men administrasjonen må greie ut driftsmessige og budsjettmessige konsekvensar av framlegga som kjem frå det politiske miljø eller som administrasjonen sjølv meiner er gode tiltak. Sjølv om det vart mykje debatt i samband med framlegget om å legge ned Herad skule hausten 2013 samt framlegget om endring av barnehagestrukturen i 2014, så kan ikkje dette hindre administrasjonen i å tenke nytt. 1.4 Historikk tenestekatalog Avdelingane har gjennom 2013 og 2014 jobba med det som heitar tenestekatalog. Desse er sendt vidare til politisk nivå, men ikkje nytta i særleg grad fram til no. Tenestekatalogane vil vere viktig i arbeidet med å revidere samfunnsdelen til kommuneplanen samt måla som tek utgangspunkt i den økonomien som Gol kommune har. Kva er lovpålagte tenester? Kva er minstekravet for å halde seg innafor loven? Kva er Gol kommune sitt tenestetilbod i høve til minstekravet. I dette skal også vere ei vurdering av konsekvensar for brukar, organisasjonen og potensielle inntekter. 1.5 Historikk handlingsprogrammet Dei siste åra har handlingsprogrammet vore nedprioritert som følgje av at fokuset har vore retta mot reduksjon og endring av tenestene. Rådmannen har bede avdelingane prioritere det som er vesentleg. Kan hende har dette ført til at den verbale delen har fått redusert fokus. Når rådmannen no ber om at det blir skrive eit handlingsprogram er det også for å få innspel til endring i samfunnsdelen av kommuneplanen. 3

2 Budsjettprosessen 2016-2019 2.1 handlingsprogram Handlingsprogrammet har tidlegare år vore utarbeidd for kvar avdeling og med ganske forskjellig fokus. Det bryt litt med dei siste åra sine utfordringar og erfaringar der avdelingane sjølv ikkje har vore i stand til å legge fram tiltak i samsvar med budsjettdirektivet. Dei siste åra har handlingsprogrammet vore laga frå kvar avdeling for sitt område. I budsjettprosessen har det deretter vore naudsynleg å be forskjellige avdelingar samarbeide om tiltak. Rådmannen ser seg nøyd til å be om at avdelingane skriv handlingsprogram for 2016 2019 kvar for seg. Det betyr at handlingsprogram skal opprettast felles for følgjande områder (med ansvarleg person understreka): Rådmann Sekretariat og tenestetorg avdelingsleiar for sekretariat og teenestetorg Løns- og personalavdeling - personalsjef Økonomiavdeling - økonomisjef Skule rektor Gol skule Barnehage avdelingsleiar for Gol barnehage Kultur avdelingsleiar for kulturavdelinga Helse avdelingsleiar helse Omsorg institusjon avdelingsleiar institusjon Omsorg helsehjelp i heimen avdelingsleiar helsehjelp i heimen Omsorg funksjonshemma avdelingsleiar funksjonshemma Sosial / NAV Gol avdelingsleiar NAV Gol Utbyggingsavdelinga, kommunalteknisk avdeling, næringsavdelinga og avdeling for bygg og drift kommunalsjef samfunn og utvikling Rådmannen ynskjer at handlingsprogrammet tek utgangspunkt i det arbeidet som er lagt ned i tenestekatalogane og ser spesielt etter om ei anna organisering kan løyse oppgåvene meir rasjonelt. Malen for handlingsprogrammet finner de her: T:\Gol\Felles\Handlingsprogram\2016-2019\01-Handlingsprogram Rådmannen ber om at handlingsprogrammet er på maksimalt 4 sider! 4

2.2 økonomiplan driftsbudsjettet føresetnader for arbeidet Årsbudsjettet for 2015 er retningsgjevande og det er dette grunnlaget ein skal nytte som utgangspunkt for å gjere omprioriteringar i drifta. Lønsbudsjettet 2016-2019 Rådmannen tek utgangspunkt i vedtekne heimelsregister og med det lønsnivået som gjeld pr. oktober 2015. 60 65 % av driftsutgiftene i Gol kommune nyttast til å betale løn og sosiale utgifter. For nokre avdelingar utgjør løn og sosiale utgifter 80 85 % av driftsutgiftene. Det blir rekna med 3,0 % auke i løns-utgiftene frå 1.6.2016. Beløpet blir lagt inn på sentral post. Lønsauka dei seinaste hovudoppgjera har diverre ete opp mykje eller alt av veksten i dei frie inntektene. Skal ein redusere på tilboda må ein følgjeleg også sjå på lønsutgiftene. Det er ikkje lagt opp til oppseiingar. Alle ledige stillingar og all vakanse vil bli vurdert i samråd med rådmannen med sikte på å finne best mogelege løysingar for Gol kommune som organisasjon. Andre utgifter 2016-2019 Rådmannen legg opp til normal prisauke for andre utgifter og stipulerer desse til 3,0 %. Dette gjeld også overføring til andre inkl. samarbeidstiltak. Dersom eit samarbeidstiltak signaliserer behov for meir auke enn 3,0 % vil avdelinga som nyttar tenester frå samarbeidet kunne risikere å måtte dekke dette av eiga ramme. Inntekter gebyr og sal 2016-2019 Rådmannen legg opp til ei auke i inntekter som blir bestemt av kommunen sjølv med 4 %, men reknar med at avdelingane ser dette opp mot andre, samanliknbare kommunar. Avdelingane må sjå etter nye inntekter der dei kan det. Gebyrregulativet blir lagt opp tilsvarande. Inntekter frie inntekter Rådmannen legg opp til å budsjettere i samsvar med signal frå regjeringa, dvs. at dei frie inntektene aukar som generell løns- og prisauke. Som synt i innleiinga er dette risikabelt, men alternativet er ikkje betre. Frie midlar er ikkje øyremerka. Det betyr at sjølv om Stortinget seier dei vil auke innsatsen på eit område og seier dei legg inn eit beløp i rammetilskotet, så er det fortsatt frie inntekter for kommunen. Faste prisar 2016-2019 Økonomiplanen blir utarbeidd i faste prisar og 2015-prisar. Det vil bli forsøkt laga rapportar som bereknar konsekvensar av endra løns- og prisføresetnader utover i perioden 5

2.3 økonomiplanarbeidet for 2016 2019 Rådmannen vil at desse avdelingane skal komme med samla framlegg til tiltak som gjeld investeringar, negative tiltak og positive tiltak: Rådmann med stab Skule, barnehage og kultur Helse-, omsorg og sosial/nav Utbyggingsavdelinga, kommunalteknisk avdeling, næringsavdelinga og avdeling for bygg og drift 2.3.1 økonomiplan investeringar - skjema: Økonomiplan for 2015 2018 la opp til eit fortsatt ekspansivt investeringsbudsjett sjå side 68 i handlingsprogram og økonomiplan vedteke i kommunestyresak 82/2014. Normalt vil investeringsbudsjettet bli vurdert fyrst. Når ein veit investeringsbudsjettet med driftskonsekvensar så veit ein om driftsbudsjettet må reduserast eller om politikarane har midlar til å drive positiv politikk (gode føremål). Det er berre 2015-budsjettet som er bindande, så investeringstiltak som er synt i oppsettet for seinare år er berre framlegg, med unnatak av ny skule. Dette betyr at tiltak som er nemnd i perioden 2016 2018 må utarbeidast på nytt, ev. med endringar for perioden eller for nye tiltak i 2019. Vi nyttar 2015-kronar i dette arbeidet. Skjema for investeringstiltak finn de her (kalla I1-Investeringstiltak-2016-2019): T:\Gol\Felles\Handlingsprogram\2016-2019\02-Skjema-2016-2019 Det er dette skjemaet de skal nytte, prosjektnummer tek økonomisjefen seg av. Prioritering skal vere gjort i fellesskap. Side 1 av skjemaet skal gi eit anslag over kva det kostar å investere i tiltaket, side 2 skal gi informasjon om kva for driftsmessige konsekvensar investeringa fører med seg. Prosjektnummer tek økonomisjefen seg av. Prioritering skal vere gjort i fellesskap. Reduksjonar i driftsbudsjettet som følgje av investeringa skal skrivast med negative verdiar. Ver kreativ. Ei god investering er ei investering som reduserer driftsbudsjettet! 6

2.3.2 negative tiltak: Rådmannen vil at avdelingane skal komme med innsparingstiltak samla. Dei negative tiltaka er meint å skape rom for omprioriteringar eller rett og slett berre å kunne makte den daglege drifta i framtida. Rådmann med stab Skule, barnehage og kultur Helse-, omsorg og sosial/nav Utbyggingsavdelinga, kommunalteknisk avdeling, næringsavdelinga og avdeling for bygg og drift Dei folkevalde har valt å investere i skulebygg. Dei har ikkje samstundes vald vekk noko anna. Dermed må rådmannen be avdelingane om å legge til rette for at dei folkevalde kan prioritere. Innsparingstiltaka er meint å ta utgangspunkt i 2015-budsjettet. Korleis kunne 2015 ha vore drifta annleis, jfr. bestillinga som vart gjort sist haust og som vi ikkje leverte på. Tiltak som allereie er lagt inn som føresetnad for sist økonomiplan skal ikkje takast med ei gong til rådmannen vil ha tiltak som er nye. Avdelingane blir bedt om å finne ut korleis ein kan redusere netto-utgiftene med følgjande beløp (dette er NYE tiltak i høve til 2015-drifta, tidlegare framlegg til innsparingar skal ikkje takast med på nytt): Rådmann med stab kr. 400.000 kroner Skule, barnehage og kultur kr. 1.400.000 Helse-, omsorg og sosial/nav kr. 2.000.000 Utbyggingsavdelinga, kommunalteknisk avdeling, næringsavdelinga og avdeling for bygg og drift kr. 550.000 Tiltaka skal leggast fram på same måte som tidlegare år, dvs. på skjema Skjema for negative tiltak finn de her (kalla N1-Negative tiltak-driftsbudsjett-2016-2019): T:\Gol\Felles\Handlingsprogram\2016-2019\02-Skjema-2016-2019 Prosjektnummer tek økonomisjefen seg av. Prioritering skal vere gjort i fellesskap. 7

2.3.3 positive driftstiltak Gjennom budsjettåret vil det komme informasjon om både nye lovverk, nye statlege krav samt vedtak frå dei folkevalde med budsjettkonsekvensar utover perioden. Nye brukarar kan ha kome til som krev meir ressursar. I tillegg vil det vere definerte politiske mål frå tidlegare som avdelingane av ymse grunnar ikkje har vore i stand til å nå. Ev. motsett verknad må rådmannen rekne med blir synt som negative tiltak. Rådmannen tenker her særskilt på tiltak som har fått spesiell løyving tidlegare, men som av ymse grunnar ikkje er aktuelle lenger. Tiltaka skal leggast fram på same måte som tidlegare år, dvs. på skjema. Tiltaka skal også leggast fram som eit samarbeid: Rådmann med stab Skule, barnehage og kultur Helse-, omsorg og sosial/nav Utbyggingsavdelinga, kommunalteknisk avdeling, næringsavdelinga og avdeling for bygg og drift Skjema for positive tiltak finn de her (kalla D1-Positive tiltak-driftsbudsjett-2016-2019): T:\Gol\Felles\Handlingsprogram\2016-2019\02-Skjema-2016-2019 Prosjektnummer tek økonomisjefen seg av. Prioritering skal vere gjort i fellesskap. 2.3.4 saksnummer Saksnummeret som skal nyttast i 360 er 15/02022. Avdelingsleiarane må nytte INTERNT notat. Alle har tilgang til å legge inn notat i saka. Desse notata er det formelle frå avdelingane til rådmannen. Frist for ferdigstilling av framlegg frå avdelingane er fredag 3. juli. Dette gjeld også dei interkommunale verksemdene samt Kyrkjeleg Fellesråd og Gol Kommunale Eigedomar A/S. 8

3 Årsbudsjett 2016 Rådmannen kjem til å sentralisere årsbudsjett detaljane som i fjor, dvs. at økonomisjefen vil legge inn tala og sende dei ut til avdelingsleiarane. Framlegget for 2016 blir det same som 2015 korrigert for kjente endringar gjennom 2015 og for kjente feil i sist økonomiplanperiode. Avdelingane sine forslag til handlingsprogram vil bli klargjort for trykking i andre veke av august. UKL og UNN skal ha desse tilsendt til sitt møte i slutten av august. Utvala planlegg sjølv gjennomgangen av forslaga. Avdelingane må likevel vere budde på at gjennomgangen av handlingsprogramma kan ta til i utvala i august. Prosessen vidare blir som følgjer: Innleiande møte med avdelingsleiarane 15. juni Alle dokument blir lagt inn i 360 som interne notat Saksnr. 15/02022 Handlingsprogram skal vere ferdig innan 10. juli 2015 Skjema for investerings- samt negative og positive driftstiltak skal vere ferdig innan 10. juli 2015 Eit førebels framlegg til Handlingsprogram og økonomiplan for 2016 2019 skal vere ferdig innan 21. august Sektorvis møte mellom rådmann, økonomisjef og arbeidsgruppene frå veke 33 og utover i august. Detaljar i tiltaksbudsjetta blir kvalitetssikra Råutkast til taldelen for budsjett 2016 skal vere klart fredag 4. september Statsbudsjettet vert lagt fram i første halvdel av oktober Budsjett og økonomiplan blir presentert for heile kommunestyret på ein budsjettkonferanse i oktober Formannskapet behandlar budsjettet fyrste gang etter budsjettkonferansen. Ytterlegare bestillingar til avdelingane/sektorutvala kan bli bestemt der Kommunestyret behandlar årsbudsjett for 2016 og handlingsprogram med økonomiplan for 2016 2019 seinast i desember-møte Hege Mørk Rådmann Arne Fredriksen økonomisjef 9

KORTVERSJON HANDLINGSPROGRAMMET OG ØKONOMIPLANEN 2016-2019: Gol kommune må redusere driftsbudsjettet sitt i perioden 2016 2019. Dette er kjent informasjon, men både administrasjon og de folkevalgte har valgt å utsette konkrete tiltak. Gjennom budsjettåret kommer det informasjon om nye kostnader som ikke var kjent for et år siden. Det vil også være kostnader som er forsvunnet gjennom året. Netto anslår rådmannen at det er behov for å øke budsjettet med 2-3 mill. kroner, uten at inntektene øker tilsvarende. Dette er nye behov som må gå på bekostning av andre tilbud. Uavhengig av nye behov gjorde ikke administrasjonen jobben vi ble satt til i fjor, dvs. å redusere i tilbudet. Dette ansvaret må vi dele med de folkevalgte som ikke har prioritert de innsparingstiltakene som ble lagt fram til behandling. Konsekvensene blir derfor enda mer alvorlige, slik det alltid blir når man utsetter endring. Rådmannen må be avdelingene utarbeide handlingsprogram med ansvarlig person understreket og etter mal som vist nedenfor: Rådmann Sekretariat og tjenestetorg avdelingsleder for sekretariat og tjenestetorg Lønns- og personalavdeling - personalsjef Økonomiavdeling - økonomisjef Skule rektor Gol skule Barnehage avdelingsleder for Gol barnehage Kultur avdelingsleder for kulturavdelinga Helse avdelingsleder helse Omsorg institusjon avdelingsleder institusjon Omsorg helsehjelp i heimen avdelingsleder helsehjelp i heimen Omsorg funksjonshemma avdelingsleder funksjonshemma Sosial / NAV Gol avdelingsleder NAV Gol Utbyggingsavdelinga, kommunalteknisk avdeling, næringsavdelinga og avdeling for bygg og drift kommunalsjef samfunn og utvikling a) Handlingsprogram skal skrives etter denne malen og være på maksimalt 4 sider: T:\Gol\Felles\Handlingsprogram\2016-2019\01-Handlingsprogram Rådmannen vil videre at avdelingene i fellesskap og etter følgende gruppeinndeling: Rådmann med stab Skule, barnehage og kultur Helse-, omsorg og sosial/nav Utbyggingsavdelinga, kommunalteknisk avdeling, næringsavdelinga og avdeling for bygg og drift skal gjøre følgende: b) Levere en prioritert liste over investeringstiltak for de aktuelle avdelingene se skjema: T:\Gol\Felles\Handlingsprogram\2016-2019\02-Skjema-2016-2019 Her vil rådmannen særlig be om investeringstiltak som på kortere eller lengre sikt sparer driftskostnader. Avdelingene må prioritere innad i gruppa.

c) Levere en prioritert liste over negative driftstiltak for de aktuelle avdelingene se skjema: T:\Gol\Felles\Handlingsprogram\2016-2019\02-Skjema-2016-2019 Rådmannen må be avdelingene i felleskap finne fram til hele tiltak som gir redusert drift slik: Rådmann med stab innsparing 400.000 kroner Skule og barnehage innsparing 1.400.000 kroner Helse-, omsorg og sosial/nav 2.000.000 kroner Utbyggingsavdelinga, kommunalteknisk avdeling, næringsavdelinga og avdeling for bygg og drift innsparing 550.000 kroner Dette er en forsiktig innsparing i forhold til realitetene. Husk at dette er en reduksjon i forhold til 2015-budsjettet. Vi må redusere aktiviteten på området vårt med nevnte kostnader! Naturlige reduksjoner som følge av reduksjon i antall brukere av tjenestene regnes ikke. Innsparinger som allerede er lagt inn i forrige økonomiplan fra 2016 regnes ikke med. Det er viktig at avdelingene kan samles om tiltakene og at tiltakene blir prioritert innad i gruppa. Dette må administrasjonen inkl. avdelingsleiarane ta inn over seg: Gol kommune kjem ikkje utanom å redusere på tilboda sine! d) Levere en prioritert liste over positive driftstiltak for de aktuelle avdelingene se skjema: T:\Gol\Felles\Handlingsprogram\2016-2019\02-Skjema-2016-2019 Vi vet at det gjennom året dukker opp nye brukere og nye behov. Ingen ting er statisk. Avdelingene må sette opp ei liste over nye tiltak som krever ressurser utover dagens rammer. Det er vanskelig å se at Gol kommune har rom for noen nye tiltak slik situasjonen er pr. i dag. Det er likevel Kommunestyret som skal si ja eller nei til nye tiltak.. Rådmannen inviterer derfor til at avdelingene i handlingsprogrammet kan forklare avvik mellom målsetting og status. I handlingsprogrammet vil avdelingene også kunne foreslå tiltak for å fjerne avviket. Vi vil ha avvik inntil målene er korrigert. Avdelingene i samarbeidet må kunne prioritere hva som er viktigst innad i gruppa.

Prosessen vidare blir som følgjer - tidsfristar: Innleiande møte med avdelingsleiarane 15. juni Handlingsprogram for den einskilde avdeling skal vere sendt til rådmannen og rådmannen innan 10. juli 2015 Skjema for investerings- samt negative og positive driftstiltak skal vere motteke av rådmann og økonomisjef innan 10. juli 2015 Eit førebels framlegg til Handlingsprogram og økonomiplan for 2016 2019 skal vere ferdig innan 21. august Sektorvis møte mellom rådmann, økonomisjef og arbeidsgruppene frå veke 33 og utover i august. Detaljar i tiltaksbudsjetta blir kvalitetssikra Råutkast til taldelen for budsjett 2016 skal vere klart fredag 4. september Statsbudsjettet vert lagt fram i første halvdel av oktober Budsjett og økonomiplan blir presentert for heile kommunestyret på ein budsjettkonferanse i oktober Formannskapet behandlar budsjettet fyrste gang etter budsjettkonferansen. Ytterlegare bestillingar til avdelingane/sektorutvala kan bli bestemt der Kommunestyret behandlar årsbudsjett for 2016 og handlingsprogram med økonomiplan for 2016 2019 seinast i desember-møte Hege Mørk Rådmann Arne Fredriksen økonomisjef

Handlingsplan 2016 2019 AVDELING 20 Sekretariat ANSVAR: 1000 2100 1000: Kommunestyre, Formannskap, politiske utval, ordførar 1011: Kontrollutvalet 1012 Forliksrådet 1050: Gol kyrkjelege fellesråd 1059: Gravplassar, inntekter og utgifter 1100: Rådmannen 2100: Sekretariat og tenestetorg

Gol kommune Internt notat Til: Hege Mørk/Rådmannen Dato: 10.07.2015 Frå: Mona Hagen Referanse: 15/02022-10 Kopi: Årsbudsjett 2016, handlingsprogram og økonomiplan 2016-2019 - sekretariat og tenestetorg POLITISKE MÅL SAMFUNNSDELEN 2008 2020 Det er ikkje utarbeidd spesifikke mål for sekretariat og tenestetorg. Dei politiske måla gjeld for heile staben. Staben skal støtte rådmannen i arbeidet med å: 1. Drive og utvikle Gol kommune i samsvar med lover, forskrifter og overordna instruksar. 2. Sjå til at dei sakene som blir lagde fram for folkevalde organ, er forsvarleg utgreidde og at vedtak blir iverksette. 3. Framstå som ein brukarorientert kommune med godt tilgjenge til god informasjon om kommunale tenester i fyrstelina. 4. Utvikle dei kommunale nettsidene som eit ledd i å realisere døgnopen forvaltning for å gi innbyggjarane betre innsyn i behandlinga av sine saker. I tillegg skal staben støtte rådmannens arbeid når det gjeld å sørgje for at dei folkevalde har tilfredsstillande vilkår for å utføre sine oppgåver gjera kommunen til ein effektiv, fleksibel, utviklingsfokusert og nyskapande organisasjon

sikre at kommunen har eit ájourført planverk bidra til at avdelingane når sine mål utvikle rutinar for rapportering og kvalitetssikring av tenestene kommunen skal yte sikre at kommunen har ei tilfredsstillande økonomiforvaltning både på kort og lang sikt framstå som ein attraktiv arbeidsgjevar som legg til rette for å rekruttere og behalde kompetente medarbeidarar leggje til rette for utvikling av godt arbeidsmiljø i alle avdelingane utvikle positiv identitet og godt omdømme gjera kommunen til ein aktiv medspelar og pådrivar i regionalt samarbeid for administrative og tekniske fellesløysingar 2 POLITISKE MÅL VEDTAK I PERIODEN Det er ikkje registrert vedtak med spesifikke politiske mål for sekretratiat og tenestetorg i perioden. Ein vel difor å ta utgangspunkt i dei politiske måla for samfunndelen 2008-2020. Teneste/aktivitet Ha god fagkompetanse på sentralt lovverk innan kommunal forvaltning. Utvikle og vedlikehalde rutiner som støtter opp under lovverket og lære opp avdelingane. Akseptabelt mål: At rutinar og ansvarsområde er kjende for avdelingane, at dei blir respekterte og fylgd opp. Teneste/aktivitet Leggje til rette for meir effektiv innbyggjardialog og tilgjengeleggjering av dokument. Akseptabelt mål: Innføre digital kommunikasjon med befolkninga som hovudregel i løpet av fyrste kvartal 2016. Postlista på nett i innan 2 dagar etter at posten er ført og saksframlegg og vedtak i politiske saker på nett umiddelbart etter at møtedokumenta er ferdige. Teneste/aktivitet Utvikle dei kommunale nettsidene som eit ledd i å realisere døgnopen forvaltning. Akseptabelt mål: Dei fleste kommunale tenestene kan søkjast på via elektroniske skjema på heimesida. STATLEGE MÅL LOVVERK Det er ikkje registrert store avvik mellom lovkrav om mål.

3 STATUS PÅ AVDELINGA I HØVE TIL POLITISKE OG STATLEGE MÅL Gol kommune er godt i gang når det gjeld forenkling og effektivisering av dei kommunale tenestene. Samhandling med innbyggjarar og næringsliv innebærer auka bruk av sjølvbetjening ved hjelp av elektroniske skjema. Søknad om barnehageplass, kulturskuleplass, innskriving til grunnskule og søknad om stilling er døme på tenester som no berre kan søkjast elektronisk. Regjeringa har bestemt at i løpet av fyrste kvartal 2016 skal hovudregelen være digital kommunikasjon mellom kommunen og befolkninga. Innbyggjarar som ikkje vil eller kan ta imot digital post må reservere seg i eit nasjonalt register. Sakarkivsystemet speler ei viktig rolle i denne prosessen. Det er mykje som skal på plass når det gjeld IKTsikkerhet og integrasjonar med digitale postkasseløysingar. Sending av digipost har og ei kostnadsside. Ein må betale ein pris pr. fil som blir sendt ut frå systemet. Hallingdalskommunane startar opp prosjekt TENESTEKATALOGEN LOVPÅLAGTE / IKKJE LOVPÅLAGTE OPPGÅVER FØLT KVALITET PÅ TENESTENE Avdelinga er ei stab/støtteavdeling som utfører oppgåver for øvrige avdelingar i kommunen i tillegg til publikumsretta oppgåver. Dei fleste oppgåvene er lovpålagte tenester eller adminstrasjon med heimel i lov. Avdelinga utfører nokre administrative publikumretta tenester som ikkje er lovpålagte. Desse er utleige av samfunnshuset, svømmehallen og Hallingmo, noko kopiering og innbinding for private næringsdrivande og lag og organisasjonar. M.a. bruker også avdelinga 50 t kvar haust på TV-aksjonen. Innkjøp av kontorrekvisita for heile kommunen er sentralisert og ligg til sekretariatet. Sjølvsagt er ikkje dette ei lovpålagt oppgåve men rein administrasjon. Gol kommune er også på facebook. Vi bruker lite tid på dette mediet og vår vurdering er at det betalar seg mange gonger attende i form av omdømbygging for kommunen. Vi nyttar mediet til å dele gladsaker i nærmiljøet, informasjon om kommunen si verksemd, møtepapirer, stillingsannonser osv., noko som er bra for rekruttering av nye innbyggjarar og det å menneskeleggjere kommunen og skape tillit til våre innbyggjarar. Avdelingsleiar ser ikkje at det er område der vi leverer vi veldig mykje meir eller veldig mykje mindre enn det vi bør. FRAMLEGG TIL ADMINISTRATIVE TILTAK FOR Å NÅ MÅLA Avdelinga har bidrege med reduksjon i bemanning i 100% stilling med verknad frå 1.januar 2016. Oppgåver knytta til alkohollova (saksbehandling sals og skjenkeløyve, serveringsløyve, sals- og skjenkekontroll og sals- og skjenkeavgifter )må overtakast av andre i avdelinga frå 2016. Det same gjeld møtesekretæroppgåver for to politiske utval. Avdelinga må ha fokus på forenkling av oppgåver ved digitalisering men må bruke meir ressurser på kompetanseheving knytta til IKT-sikkerhet. Det er diverre heller ikkje slik at digitalisering og betre service for innbyggjarane samstundes betyr innsparing i administrasjon. IKT-løysingar krev mykje ressursar for at systema skal fungere. Det er mange komplekse fagsystemer på dei forskjellige avdelingane som skal integrerast og fungere saman. Avdelinga har tidlegare overteke ansvaret for post og arkiv for alle ytre verksemder utan at me fekk tilført ekstra ressursar. Vi har difor allereie bidrege med varige innsparingar frå 2010 og fram til no. Ut frå dei oppgåvene som ligg framfor oss med digitaliseringarbeid ser vi det difor ikkje som forsvarleg å gjere framlegg til ytterlegare reduksjon i bemanning. Eit eksempel på ynskja aktivitet er å få skanna eigedomsarkivet for å gjere det digitalt tilgjengeleg for almenta. Dette vil gje betre service og raskare saksbehandlingstid i større kommunar, men ein er usikker på kor stor verknad det vil ha på ein liten kommune med få tilsette på dei teknisk avdelingane. Sett i eit kost-nytteperspektiv er det ikke så mykje å hente økonomisk i små kommunar. Med tanke på ei eventuell samanslåing eller eit samarbeid om tekniske tenester mellom fleire kommunar vil dette vere eit viktig bidrag for å kunne samarbeide om saksbehandling på tvers av kommunane. Avdelinga vil ikkje fremje dette som eit positivt tiltak med ynskje om tilførte midlar i år men kome attende med ei analyse neste år då det forhåpentlegvis er noko meir avklara om det blir kommunesamanslåing eller utvida interkommunalt samarbeid på dette området. Avdelinga har diverre ikkje nok ressursar eller kompetanse innanfor eksisterande bemanning til å gjere jobben.

4 FRAMLEGG TIL NYE INVESTERINGSTILTAK Avdelinga har ikkje framlegg til nye investeringstiltak. FRAMLEGG TIL NYE DRIFTSTILTAK FOR Å NÅ MÅLENE Avdelinga har ikkje framlegg til nye driftstiltak. FRAMLEGG TIL INNSPARINGSTILTAK MED KONSEKVENSAR FOR POLITISKE OG STATLEGE MÅL 1.Porto Varig reduksjon av portobudsjettet med 50.000 i 2016 med mogleg auke til 75.000 frå 2017. Rådmannen må pålegge alle i administrasjonen (heile kommunen) å sende brev og vedtak digitalt. Inntil løysinga med å sende digipost frå sak/arkivsystemet er på plass, må rådmannen pålegge alle i administrasjonen å sende alle brev og vedtak som e-post. I dei tilfella det må sendast papirpost skal denne sendast som B-post. Å sende post som B-post innebærer at posten kjem fram innan 3-5 virkedager i Noreg mot 1-2 virkedager om den blir sendt som A-post. 2.Kontorrekvisita Budsjettet for kontorrekvisita vart redusert for to år sidan. For å spare ytterlegare gjer avdelinga framlegg om at utvalet innan kontorrekvisita reduserast til et minimum for avdelingane på kommunehuset. Eks. færre typer kladdebøker, ein type kulepenner, ein type post-itblokkar osv. Alltid kjøpe den rimelegaste vara sjølv om kvaliteten ikkje er heilt på topp. Tilsette må vente på forsinka varer. Vi sluttar å ta imot erstatningsvare om vara ikkje kan leverast innan fristen. Rådmannen innfører innkjøpsstopp når rekvisitabeløpet er brukt opp slik at ein unngår overforbruk. Rekvisitabudsjettet reduserast varig med 10.000 og deretter 30.000 grunna mindre innkjøp av konvoluttar som ein fylgje av digital postgang. Mona Hagen

Tiltaknr.: 1 Prioritetsnr. 1 innan avdelinga: Tiltak(beskriving Reduksjon av portobudsjettet nøkkelord):: Henvisning lovverk: Vedtak i regjeringen om at all kommunikasjon mellom offentlig forvaltningen og befolkningen som hovudregel skal vere digital. Art/År 2016 2017 2018 2019 DRIFT (BRUTTO): 10000 10999 11000 12999 50.000 75.000 75.000 75.000 13000 13999 14000 14999 16000 16999 17000 17999 18000 18999 Kort beskriving av tiltaket: Varig reduksjon av portobudsjettet med 50.000 i 2016 med mogleg auke til 75.000 frå 2017. Å sende post som B-post innebærer at posten kjem fram innan 3-5 virkedager i Noreg mot 1-2 virkedager om den blir sendt som A-post. På kva for måte kan tiltaket få ekstern støtte kva med bindingar: Rådmannen må pålegge alle i administrasjonen (heile kommunen) å sende brev og vedtak digitalt. Inntil løysinga med å sende digipost frå sak/arkivsystemet er på plass, må rådmannen pålegge alle i administrasjonen å sende alle brev og vedtak som e-post. I dei tilfella det må sendast papirpost skal denne sendast som B-post. På kva for måte kan tiltaket redusere driftsutgiftene (effektivisering): Beskriv eventuelle konsekvensar for statlege målsettingar framlegg til endring: Beskriv eventuelle konsekvensar for målsettingane i samfunnsdelen framlegg til endring: Beskriv organisatoriske utfordringar og framlegg til korleis dei kan løysast:

Tiltaknr.: 2 Prioritetsnr. 2 innan avdelinga: Tiltak(beskriving Reduksjon i kontorrekvisita nøkkelord):: Henvisning lovverk: Art/År 2016 2017 2018 2019 DRIFT (BRUTTO): 10000 10999 11000 12999 10.000 30.000 30.000 30.000 13000 13999 14000 14999 16000 16999 17000 17999 18000 18999 Kort beskriving av tiltaket: Utvalet innan kontorrekvisita reduserast til et minimum for avdelingane på kommunehuset av digital postgang. På kva for måte kan tiltaket få ekstern støtte kva med bindingar: På kva for måte kan tiltaket redusere driftsutgiftene (effektivisering): Ved å kutte i sortimentet, eks. færre typer kladdebøker, ein type kulepenner, ein type post-itblokkar og alltid kjøpe den rimelegaste vara sjølv om kvaliteten ikkje er heilt på topp kan ein spare noko. Tilsette må vente på forsinka varer. Vi sluttar å ta imot erstatningsvare om vara ikkje kan leverast innan fristen. Rådmannen innfører innkjøpsstopp når rekvisitabeløpet er brukt opp slik at ein unngår overforbruk. Rekvisitabudsjettet reduserast varig med 10.000 og deretter 30.000 grunna mindre innkjøp av konvoluttar som ein fylgje av innføring av digital post. Beskriv eventuelle konsekvensar for statlege målsettingar framlegg til endring: Beskriv eventuelle konsekvensar for målsettingane i samfunnsdelen framlegg til endring: Beskriv organisatoriske utfordringar og framlegg til korleis dei kan løysast:

Handlingsprogram og økonomiplan 2016 2019 AVDELING 27 Nye Gol skole ANSVAR: (tidlegare 3111-3114)

Gol kommune Internt notat Til: Hege Mørk/Rådmannen Dato: 08.07.2015 Frå: Ingebjørg By Teigen Referanse: 15/02022-4 Kopi: Handlingsprogram 2016-2019 Nye Gol skule POLITISKE MÅL SAMFUNNSDELEN 2008 2020 Gol kommune skal vera blant dei fremste i landet når det gjeld læringsmiljø og kunnskapsutvikling. Gol kommune skal vera eit sentrum for spennande kunnskapsbedrifter og kreative fagmiljø. Læringsmiljø God grunnutdanning og livslang læring skal sikre velferd og livskvalitet for innbyggjarane i kommunen. Eit godt barnehage- og skuletilbod skal sikre kvalifisering til vidare utdanning og yrkesliv/arbeidsliv. Det skal leggjast til rette for eit inkluderande læringsmiljø med rom for mangfald slik at alle kan oppleva meistring, utvikling og vekst i eit stimulerande miljø. God fagkompetanse i barnehage og skule skal sikrast ved aktive rekrutteringstiltak. Kompetanseheving og fagmiljø Gol kommune vil arbeide for at kunnskapsbedrifter og fagmiljø skal kunne etablere seg i kommunen. Kommunen vil vera med å leggja til rette for at vidareutdanning og kompetanseheving skal vera tilgjengeleg for alle. Gol kommune skal leggja til rette for kompetanseheving for alle sine tilsette. POLITISKE MÅL VEDTAK I PERIODEN K-sak 50/09 Arbeid med utforming av ny skule i Gol 1. Ny skule i Gol. Rapport med forprosjekt Grunnlagsdokument september 2009 utgjer eit solid utgangspunkt for vidare arbeid med planlegging av ny skule i Gol. Kommunestyret tek rapporten til etterretning. Rapporten skal danne grunnlag for vidare arbeid med ny skule i Gol. 2. Kommunestyret vedtek milepælsplan (revidert oktober 2009), med tillegg. 3. Dei enkelte delar av milepælsplanen vil bli fremma som eigne politiske saker med finansieringsplan.

2 K-sak 7/15 Administrativ ressurs ny skule i Gol -Struktur skule og kultur 1. Administrasjonsressursen på den nye skulen i Gol skal bestå av 300% administrasjonsressurs. Rektor for den nye skulen blir tilsett seinast frå 01.08.2015. Mellombelse meirkostnadar på 5/12 rektorlønn blir innarbeidd i revidert budsjett. 2. Det blir tilsett kommunalsjef med ansvar for oppvekst og kultur. Kommunalsjefen skal tilsetjast i løpet av hausten 2016. Stillinga skal inngå i ein heilskapleg plan for organisering av kommunalsjefar og avdelingsleiarar med ansvarsfordeling og fullmakter som skal leggjast fram innan 01.01.2016. STATLIGE MÅL LOVVERK Opplæringslova gir lovheimel for desse tenesteområda: Ordinær opplæring (minstetimetal) Oppl.l. 2, 8-2 Tilpassa opplæring og tidleg innsats Oppl.l. 1-3 Spesialundervisning Oppl.l. 5 Opplæring av minoritetsspråklege Oppl.l. 2-8 Elevanes fysiske og psykososiale miljø Oppl.l. 9A Skulefritidstilbod Oppl.l. 13-7 Lovpålagt: Kommunen skal ha eit tilbod om skolefritidsordning før og etter skoletid for 1.-4.årstrinn og for barn med særskilte behov på 1.-7. årtrinn. Skuleskyss Oppl.l. 7 Skulehelseteneste- grunnskule. ( Synsundersøking hos optiker) Ikkje heimla i opplæringslova. STATUS PÅ AVDELINGA I FORHOLD TIL POLITISKE OG STATLIGE MÅL Skulen i Gol kan ikkje seiast å ha nådd verken statlege eller kommunale mål. Læringsutbyttet er for lågt ( jfr. grunnskulepoeng og resultat frå Nasjonale prøver) og fråfall frå vidaregåande skule er for høgt. Læringsmiljø målt i trivsel for elevane er stort sett bra. Kostra-tal 2014 Gol Komm. Buskerud Landet Landet gr. 2 utan Oslo Gjennomsnittlig gruppestørrelse, 1.-10.årstrinn Pers. 12,8 11,8 14,4 13,6 13,8 Gjennomsnittlig gruppestørrelse, 1.-4.årstrinn Pers. 14,1 11,4 14,3 13,3 13,6 Gjennomsnittlig gruppestørrelse, 5.-7.årstrinn Pers. 13,6 11,1 13,7 13,0 13,2 Gjennomsnittlig gruppestørrelse, 8.-10.årstrinn Pers. 11,3 12,8 15,1 14,3 14,4 Andel elever i grunnskolen som får spesial undervisning % 9,2 9,1 8,7 8,1 8,0 Andel elever i grunnskolen som får spesial % 6,6 5,9 5,7 5,2 5,1

undervisning, 1.-4. trinn Andel elever i grunnskolen som får spesial undervisning, 5.-7. trinn Andel elever i grunnskolen som får spesial undervisning, 8.-10. trinn Andel timer spesialundervisning av antall lærertimer totalt % % % 3 12,4 11,3 10,6 9,5 9,4 9,6 10,9 11,0 10,5 10,5 14,0 17,1 18,2 17,4 17, Andel elever i grunnskolen som får særskilt norskopplæring % 10,7 3,1 8,0 5,5 7,2 Andel elever i grunnskolen som får morsmålsopplæring % - 0,4 0,9 2,5 2,6 TENESTEKATALOGEN LOVPÅLAGTE / IKKE LOVPÅLAGTE OPPGÅVER FØLT KVALITET PÅ TJENESTENE Oppgåve/tenesteområde Nivå på teneste Administrasjon /leiing Vedtatt 300% i K-sak 7/15 Vanleg opplæring Elevtal i klassane vil vera på 18 ( 1. kl.) - 26. (b-trinn) Nye klasserom bygd for 25. (jfr. K-sak 50/09) Sjå Kostra-tal. Klassedeling etter målform Spesialundervisning Tilpassa opplæring /tidleg innsats Norsk for minoritetsspråklege Morsmålsoplæring Sosialpedagogiske oppgåver Assistentoppgåver skulen inkl. leksehjelp Obligatorisk fysisk aktivitet Leksehjelp SFO Ikkje klassedeling etter målform Nynorsk vedtatt målform. Talet på bokmålselevar aukar sterkt Del av elevar med enkeltvedtak aukar Del av timetal til spes.underv. lågt i ft nasjonalt nivå. Sjå Kostra-tal Tilpassa opplæring gjeld alle. Blir gitt i form av lesekurs. Tidleg innsats gjeld 1.-4.kl. Gol fekk tildelt ekstra statlege midlar pga mange elevar per lærar Del av elevar med særskilt norskopplæring høgt over nasjonalt nivå ( sjå Kostra-tal) Blir ikkje gitt Lovpålagt u.trinn. Ikkje barnetrinn. Behov for større ress. til dette. Tal på assistentar høgt samanlikna med andre. Blir brukt til spesial-undervisning, leksehjelp og SFO. Blir organisert svært rimeleg Tal på elevar som får leksehjelp er på eit minimum Brutto driftsutgifter ligg høgt Netto driftsutgifter ligg lågt.

4 FORSLAG TIL ADMINISTRATIVE TILTAK FOR Å NÅ MÅLENE Samanslåing av 3 skular til ein felles grunnskule vil vera ein realitet frå hausten 2016. Planlegging av ny organisasjon og drift av skulen vil skje administrativt skuleåret 2015-2016. Parallelt med planlegginga vil det bli lagt fram saker til politisk behandling. FORSLAG TIL NYE INVESTERINGSTILTAK IKT-utstyr til undervisningsrom. Blir lagt fram i eiga sak. FORSLAG TIL NYE DRIFTSTILTAK FOR Å NÅ MÅLENE Samarbeid SFO og kulturskulen. Kulturskuletilbud for 1.-4. trinn inn i SFO. Vil bli greidd ut hausten 2015. IKT-utstyr til elevane. ( jfr. digital kompetanse som grunnleggjande ferdigheit i L-06) Blir lagt fram i eiga sak. FORSLAG TIL INNSPARINGSTILTAK MED KONSEKVENSER FOR POLITISKE OG STATLIGE MÅL. Større klassar enn 25 elevar. ( Sjå K-sak 50/09). Går ut over tilpassa opplæring. Kan medføre meir spesialundervisning. VURDERING AV MÅLSETTINGENE FORSLAG TIL DEBATT Kor store bør klassane vera for at det fortsatt skal vera fagleg forsvarleg med godt læringsutbytte, tilpassa opplæring og eit godt elevmiljø? Ingebjørg By Teigen

BUDSJETTSKJEMA DRIFTSKONSEKVENSAR 2016-2019 NYE INVESTERINGER SOM EFFEKTIVISERAR Tiltaknr.: 2 Prioritetsnr. 1 innan avdelinga: Tiltak(beskriving Digitale tavler til klasserom nøkkelord): Henvisning L-06 lovverk: Art/År 2016 2017 2018 2019 Totalt: INVESTERING (BRUTTO): 00000 00999 01000 02999 06000 06999 07000-07999 Kort beskriving av tiltaket: Rådmann har sett ned ei gruppe som skal gi råd om val av digitalt utstyr til Nye Gol skule. Det er planlagt å ha digitale tavler på alle klasserom. Skulane i Gol har nokre slike tavler, men det vil bli nødvendig å investere slik at alle klasserom får dett. IKT-gruppa vil levere innstilling til politisk behandling i løpet av hausten. På kva for måte kan tiltaket få ekstern finansiering evt.korleis kan tiltaket bli finansiert? På kva for måte kan tiltaket redusere driftsutgiftene (effektivisering):

BUDSJETTSKJEMA DRIFTSKONSEKVENSAR 2016-2019 NYE INVESTERINGER SOM EFFEKTIVISERAR Tiltaknr.: Prioritetsnr. innan avdelinga: Tiltak(beskriving nøkkelord): Henvisning lovverk: Art/År 2016 2017 2018 2019 DRIFT/DRIFTSKONSEKVENSAR (brutto): 10000 10999 11000 12999 13000 13999 16000 16999 17000 17999 Beskriv eventuelle konsekvensar for statlege målsettingar framlegg til endring: Beskriv eventuelle konsekvensar for målsettingane i samfunnsdelen framlegg til endring: Beskriv organisatoriske utfordringar og framlegg til korleis dei kan løysast:

BUDSJETTSKJEMA DRIFTSKONSEKVENSAR 2016-2019 NYE DRIFTSTILTAK Tiltaknr.: 1 Prioritetsnr. 2 innan avdelinga: Tiltak(beskriving Digitalt utstyr til elevane nøkkelord): Henvisning Læreplan -06 lovverk: Art/År 2016 2017 2018 2019 DRIFT (BRUTTO): 10000 10999 11000 12999 13000 13999 14000 14999 16000 16999 17000 17999 18000 18999 Kort beskriving av tiltaket: Rådmannen har nedsett ei gruppe som skal levere innstilling til val av digitalt utstyr til Nye Gol skule. Det er derfor ikkje forslag til beløp her. På kva for måte kan tiltaket få ekstern støtte kva med bindingar: På kva for måte kan tiltaket redusere driftsutgiftene (effektivisering): Beskriv eventuelle konsekvensar for statlege målsettingar framlegg til endring: Bruk av digitalt utstyr er ein av dei 5 grunnleggjande ferdigheitene i Læreplan-06. Ferdigheiter i IKT skal vera ein del av alle fag frå 1. klasse i grunnskulen. For å oppfylle dette kravet må det til langt fleire elev-maskiner slik at dei lett kan takast i bruk i alle fag. Beskriv eventuelle konsekvensar for målsettingane i samfunnsdelen framlegg til endring: Beskriv organisatoriske utfordringar og framlegg til korleis dei kan løysast:

BUDSJETTSKJEMA DRIFTSKONSEKVENSAR 2016-2019 NYE DRIFTSTILTAK

BUDSJETTSKJEMA DRIFTSKONSEKVENSAR 2016-2019 NEGATIVE DRIFTSTILTAK - INNSPARING Tiltaknr.: 4 Prioritetsnr. 2 innan avdelinga: Tiltak(beskriving Redusert klassetal barnetrinn nøkkelord):: Henvisning Oppl.l. 8-2 lovverk: Art/År 2016 2017 2018 2019 DRIFT (BRUTTO): 10000 10999 318 2650 2650 2650 11000 12999 13000 13999 14000 14999 16000 16999 17000 17999 18000 18999 Kort beskriving av tiltaket: Redusert klassetal på barnetrinnet frå 22 klassar skuleåret 2013-2014 til 18 klassar skuleåret 2016-2017. Talet for 2016 er 5/12 av dei reduserte lønsutgiftene. Det er også trekt frå 786 000 som låg inne i økonomiplan 2015-2016. På kva for måte kan tiltaket få ekstern støtte kva med bindingar: På kva for måte kan tiltaket redusere driftsutgiftene (effektivisering): Beskriv eventuelle konsekvensar for statlege målsettingar framlegg til endring: Enkelte klassar får over 25 elevar, med dei konsekvensane dette gir for læringsutbyttet, tilpassa opplæring og elevmiljøet. Beskriv eventuelle konsekvensar for målsettingane i samfunnsdelen framlegg til endring: Beskriv organisatoriske utfordringar og framlegg til korleis dei kan løysast:

BUDSJETTSKJEMA DRIFTSKONSEKVENSAR 2016-2019 NEGATIVE DRIFTSTILTAK - INNSPARING Tiltaknr.: 3 Prioritetsnr. 1 innan avdelinga: Tiltak(beskriving Reduksjon i administrasjonsressurs nøkkelord):: Henvisning Oppl.l. 9-1 lovverk: Art/År 2016 2017 2018 2019 DRIFT (BRUTTO): 10000 10999 542 000 1 300 000 1 300 000 1 300 000 11000 12999 13000 13999 14000 14999 16000 16999 17000 17999 18000 18999 Kort beskriving av tiltaket: Ved overgang til ny skule vil det bli reduksjon i adm.-ressurs. Det er 100% rektorstilling ved Gol ungdomsskule og 60% inspektørstilling ved Herad. På kva for måte kan tiltaket få ekstern støtte kva med bindingar: På kva for måte kan tiltaket redusere driftsutgiftene (effektivisering): Beskriv eventuelle konsekvensar for statlege målsettingar framlegg til endring: Beskriv eventuelle konsekvensar for målsettingane i samfunnsdelen framlegg til endring: Beskriv organisatoriske utfordringar og framlegg til korleis dei kan løysast:

Handlingsprogram og økonomiplan 2016 2019 AVDELING 31 Gol barnehage ANSVAR: 3130-3137

HANDLINGSPROGRAM 2016 2019 GOL BARNEHAGE HANDLINGSPROGRAM GOL BARNEHAGE 2016-2019 POLITISKE MÅL SAMFUNNSDELEN 2008 2020 Alle barn har rett på barnehageplass. Gol barnehage har 6 einingar (hus) spreidde rundt i kommunen; tre ligg i sentrum og tre ligg i grendene Rotneim, Øygardane og Åsgardane. Gol barnehage arbeider etter Lov om barnehagar m. forskrifter, Rammeplan for barnehagar og vedtekter for Gol barnehage. Det blir lagt spesielt vekt på sosialt samspel, på opplevingar og på å gje barna medverknad i eigen kvardag i barnehagen. Alle einingane (husa) arbeider med at barna skal oppleva lokal kultur og tradisjon. Dessutan blir det lagt vekt på å vere mykje ute i naturen, både i nærmiljøet og på fjellet. Utviklinga i samfunnet krev at barnehagen arbeider målretta med utvikling av sosialt samspel og språkutvikling. Forsking viser at det er viktig med systematisk arbeid i førskulealder for å skape eit godt grunnlag for å lykkast seinare i livet. Slik satsing er også presisert i Stortingsmelding nr.16 (2006-2007). Gol barnehage har utvikla eit forpliktande kvalitetsikringssystem som byggjer på Lov om barnehagar og rammeplan. Dokumentasjon og informasjon om barnehagedagen er ein del av dette systemet. Endringar i bruk av skulebygg kan medføre konsekvensar for barnehagestrukturen på sikt. POLITISKE MÅL VEDTAK I PERIODEN Barnehagestrukturen var til behandling tre gonger i 2015, er utsatt til hausten 2015. STATLIGE MÅL LOVVERK Lov om barnehagar m. forskrifter. Gol kommune følgjer krav i lova. STATUS PÅ AVDELINGA I FORHOLD TIL POLITISKE OG STATLIGE MÅL Tal på barnehageplassar alle som ynskjer får barnehageplass i Gol, 92,4 % mellom 1-5 år har plass i 2014. Landsgjennomsnittet er 90,9%. Oppfyller både krav i lova og kommuneplan. Bemanning - Gol barnehage har betre plassering på kommunebarometeret i 2015; nr. 229, auka med over 100 plassar. o Årsaka kan vere at Gol nå har oppfylt pedagognormen i nesten alle barnehagane. Administrasjonen har dei siste åra satsa på å støtte utdanning av eigne assistentar i barnehagelærararutdanninga. Dette treng også i åra framover å vere ei vidare satsing. o For å klatre vidare på dette barometeret må Gol rekruttere barne- og ungdomsarbeidarar. Gol har ein veldig låg prosent av assistentar med barnehagefagleg kompetanse, og dette utgjer 20% av scoring innan barnehageområdet. Tilsette med høgare kompetanse kan også gjennomførast ved å satse på eigne tilsette,og krevje at fast tilsetting framover forutsett utdanning innafor faget. Dette krev politisk vilje til å satse ressursar til rekruttering og tilrettelegging for at fast tilsette kan ta vidareutdanning. o Fleire menn til barnehagane er eit anna kvalitetsområde der Gol ligg veldig lågt. Dette utgjer 10% av scoringa. Eit ledd i rekrutteringa er Fylkesmannen sin satsing på leikeressurs av ungdomsskulegutar. Dette kan Gol vidareutvikle med små ressurs sjølv.

HANDLINGSPROGRAM 2016 2019 GOL BARNEHAGE Kvalitet og kompetanse Gol barnehage har dei siste fem åra vert med i eit regionalt prosjekt for felles løft for tidleg innsats med kompetanseheving av heile personalgruppa. Dette er gjennomført utan ekstra kommunale ressursar. Tilsette med høg kompetanse er viktig i arbeidet for tidleg innsats i barnehagen, men det krev politikarar som ikkje skjer ned på kompetansemidlane og ser verdien av dette arbeidet også i framtida. Ein heilheitleg politikk der ein ser heile barnet både pedagogisk, fysisk og psykisk helse er viktig i tida framover. TENESTEKATALOGEN LOVPÅLAGTE / IKKE LOVPÅLAGTE OPPGÅVER FØLT KVALITET PÅ TJENESTENE Tenestekatalogen viser at Gol barnehage følgjer stort sett lovpålagte krav eller normer. FORSLAG TIL ADMINISTRATIVE TILTAK FOR Å NÅ MÅLENE Viktig å oppretthalde minst dei tiltaka som er i drift. I tillegg må det bli avklart kva for veg barnehagedrifta i Gol skal gå. Gol barnehage må vidareutvikle arbeidet med tidleg innsats for å førebygge mot seinare vanskar for kvart einskild barn og deira familiar. Dette krev fortsatt systematisk arbeid med kompetanseheving ved å ha nok og kvalifisert tilsette. FORSLAG TIL NYE INVESTERINGSTILTAK Barnehagestrukturen bør bli vurdert ved å ha ein prosess saman med tilsette og organisasjonane. Men ein kan likevel seie noko av det som er viktig: barnehagebygg som kan fungere dei neste 20 åra. Det vil seie at grendabarnehagane enten må bli renovert både innvendig og utvendig og bli bygd på for å tilfredsstille naudsynte behov. Kvar barnehage bør kunne bli drevet på ein forsvarleg måte i periodar med lågare barnetal som no. Da er det behov for at kvar barnehage er så stor at dei kan bli drivi med minimum to avdelingar heile året. FORSLAG TIL NYE DRIFTSTILTAK FOR Å NÅ MÅLENE Fortsette med dei som er. FORSLAG TIL INNSPARINGSTILTAK MED KONSEKVENSER FOR POLITISKE OG STATLIGE MÅL Meiner at det ikkje er aktuelt å gå utover politiske og statlege mål. Nok og kvalitativt gode barnehagar er naudsynt for Gol kommune for å vere ein attraktiv kommune å bu i og flytte til. Eit innsparingstiltak som kan ivareta variasjon i tal på plassar er å ha barnehagebygg som lett kan ta i mot større kull når det er behov,og mindre kull utan at barnehagen blir så redusert at det blir både få barn og tilsette, så dei som er knytta til barnehagen blir redd for nedlegging eller dårlegare tilbod. VURDERING AV MÅLSETTINGENE FORSLAG TIL DEBATT Tidleg innsats krev at Gol kommune har godt kvalifisert tilsette og ressursar å sette inn for å styrke det einskilde barn sin utvikling før skulestart, og at dette blir vidareført i skulen.