Forprosjekt Velferdsteknologi i Vest-Telemark

Like dokumenter
RAPPORT FRÅ FORPROSJEKTET KREFTBEHANDLING I KOMMUNEN

Prosjektplan for kommunereformen i Vest-Telemark

Utprøving og innføring av Velferdsteknologi i Stord kommune

Velferdsteknologi kva får vi til?

OPPLÆRINGS - OG KOMPETANSEPLAN

Velferdsteknologi erfaringar frå Sogn og Fjordane

Prosjektplan for kommunereforma i Vest-Telemark

Prosjektplan. Bustadpolitisk handlingsplan

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

Organisering. Prosjekteigar: Kommunane i Vest-Telemark. Styringsgruppe: Rådmennene i Vest- Telemark, ein hovudtillitsvald og eitt hovedvernombod

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

Forprosjekt Velferdsteknologi i Vestby kommune

Velferdsteknologi - status i Sogn og Fjordane

Velferdsteknologi Næringsreisa 2016 Stryn 28. sept.

Tokke kommune. Planprogram kommunedelplan Helse og omsorg Framlegg 15. mai Ann Wraa Helse - og omsorgsleiar

Kvardagsrehabilitering og Velferdsteknologi

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Eldrerådet

Fellesmøte for styringsgruppene

F E L L E S I K T - S T R A T E G I K O M M U N A N E F Y R E S D A L, K V I T E S E I D, FOR

Velferdsteknologi i Sogn og Fjordane. Velkommen til regionale arbeidsmøter

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, SOSIAL OG OMSORG FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM, 30. AUGUST 2016

Velferdsteknologi erfaringar frå Sogn og Fjordane. Hilde G. Corneliussen Vestlandsforsking

Velferdsteknologiprosjekt Vestfold og Telemark

Avtale om partnarskap

Plan. Symposium om velferdsteknologi. Hva er velferdsteknologi og hvorfor satser vi på det? Gevinster og utfordringer Velferdsteknologi i praksis

Innkalling til rådsmøte

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL

Innføring velferdsteknologi Agder 2020

PLP - PROSJEKTPLAN GRØN VARME I TELEMARK

Arbeidsverkstad Tverrfaglig samarbeid og digitalisering

Prosjektplan. Nye Undarheim skule. Alternative løysingar. Kvinnherad kommune. Prosjektplan Nye Undarheim skule Side 1

«Utprøving og innføring av Velferdsteknologi i Stord kommune»

Velferdsteknologi i Hallingdal Regionrådet Gol

Interkommunalt samarbeid i Vest-Telemark

Utviklingssenter for sjukeheimar og heimetenester Interkommunal samhandlingskoordinator Samla overgrepsmottak i Sogn og Fjordane

Prosjektplan - Samarbeid om etisk kompetanseheving

SAKSGANG Styre, råd, utval m.m. Møtedato Saksnummer Formannskap /13 Kommunestyre /13

Vinje kommune. Sluttrapport

Bakgrunn, mandat og organisering. PwC s Digital Services

TENESTESTANDARD FOR SAKSHANDSAMING PLEIE OG OMSORGSTENESTER

Innføring velferdsteknologi Agder Rådmannsgruppen Irene H. Aune Erlend K. Faanes

Velferdsteknologi. med fokus på brukermedvirkning PER-CHRISTIAN WANDÅS HELSE- OG OMSORGSKONFERANSEN NOVEMBER 2015

Dugnaden tverrfagleg samarbeid på rusområdet i kommunane

Team Surnadal- Velferdsteknologi i helhetlige pasientforløp Teamet

Velferdsteknologi i Sogn og Fjordane

Samhandlingsreforma i Sogn og Fjordane eit fellesprosjekt til hjelp for kommunar/kommunesamarbeid og helseforetak Vidar Roseth, leiar

Omsorgs- og velferdsteknologi - ein del av kvardagen

Samhandlingsstrukturen i Sogn og Fjordane

Forstudie Næringshage i Vinje

Innføring velferdsteknologi Agder

Saksframlegg. Sakshandsamar: Helga Bakken Arkivsaksnr.: 12/ Sogn Lokalmedisinske senter (Sogn LMS)

Lindåsprosjektet. Våre erfaringar med innføring av omsorgsteknologi. Konferansen Bergen Eldre og bolig 2013

Arbeidsverkstad

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

PROSJEKTDIREKTIV. Om prosjektet

Omsorgs- og velferdsteknologi -ein del av kvardagen

SELJE KOMMUNE Formannskapet. Møtebok. Møtedato: Møtetid: Kl. 14:00 17:00. Møtested: Rådhuset Nordfjordeid Saksnr.

Velferdsteknologiprosjekt Vestfold og Telemark. Nyhetsbrev 1

VELFERDSTEKNOLOGIPROSJEKTET PÅ SUNNMØRE. Erfaringskonferanse Tone Kirkhorn

Velferdsteknologi, ja takk! Strategi- endringsprosesser- implementering.

TRYGG HVERDAG I EGET HJEM

UTKAST PLAN FOR FORVALTNINGSREVISJON

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret

PROSJEKTPLAN SAMAN OM EIN BETRE KOMMUNE

Kommunikasjonsplan for arbeidet med utviklingsplan. Helse Fonna HF

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

HØRINGSNOTAT OM FORSLAG TIL FORSKRIFT OM RETT TIL FAST OPPHALD I SJUKEHEIM KRITERIAR OG VENTELISTE, FJALER KOMMUNE

MANDAT. Denne målsetjinga er lagt til grunn for mandatet forprosjekt nytt omsorgssenter

Velferdsteknologi S ø r - F r o n k o m m u n e

Side 2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/91 Faste saker 002/13 09/635 Utbygging ved Samnangerh

Prosjektgruppa hadde sitt siste møte Det er med bakgrunn i

Krevjande økonomisk men gode muligheter

Mestring og deltaking heile livet

Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Sunnfjord kommune. v/prosjektleiar Ole John Østenstad Gloppen, 22. oktober 2018

Mandat. Regionalt program for Velferdsteknologi

Innleiing. Obligatoriske planar

DigiVest. Utkast til samarbeidsmodell for digitalisering i Vest-Telemark

KOMMUNEDELPLAN FOR OPPVEKST FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM 25. AUGUST 2015

VELFERDSTEKNOLOGIPROSJEKTET I VESTFOLD OG TELEMARK NYHETSBREV 3

Velferdsteknologi i morgendagens helse- og omsorg. Une Tangen KS Forskning, innovasjon og digitalisering

Forprosjekt Interkommunalt Friluftsråd

Sakspapir. Saksnr Utval Møtedato 003/14 Styringsgruppe kommunedelplan helse /14 Kommunestyret

PROSJEKTPLAN FOR SYKKELBYEN STORD

Møte i delprosjekt IKT- og digitalisering. 15. Desember 2017

Revidering av kommunedelplan for oppvekst Struktur

PROSJEKTPLAN. - TOPP - idrettsutvikling for ungdom år

Brukarutvalet i Sogn og Fjordane

«Hverdagsmestring ved hjelp av teknologi» Prosjektpresentasjon Mars 2017

ORGANISASJON OG DIGITALISERING

PLANPROGRAM FOR KOMMUNEDELPLAN FOR BREIBAND

Innføring velferdsteknologi Agder. Samarbeid om velferdsteknologi på Agder

Velferdsteknologi i Bodø kommune fra ide til realisering

Hyllestad kommune. Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll. Vedteke i kommunestyresak 64/16 den

Felles råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne

STIFTINGSPROTOKOLL FOR. Helse Vest Innkjøp HF


Transkript:

Forprosjekt Velferdsteknologi i Vest-Telemark Eit samarbeid mellom kommunane Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord, Tokke og Vinje Forprosjekt Velferdsteknologi i Vest-Telemark Side 1

Forord... 3 Definisjon og avgrensing... 4 Forventa befolkningsframskriving... 4 Prosjektmål... 5 Resultatmål... 5 Effektmål... 5 Nå-situasjonen... 5 Organisering av nettverk og samarbeid innan velferdsteknologi... 5 SWOT-analyse... 6 Prosjektskildring... 6 Strategiar for måloppnåing tiltak og metodikk... 7 Helsetenester/ fag og personell... 7 IKT-system og drift... 8 Økonomi... 9 Kritiske suksessfaktorar... 9 Indre og ytre påverknad i prosjektperioden... 9 Prosjektorganisering... 10 Resursbruk i prosjektperioden... 10 Utgifter... 10 Finansiering... 10 Framdriftsplan... 10 Oppsummering... 11 Konklusjon og tilråding... 11 2

Forord Planen for arbeidet med forprosjektet er godkjent av overordna samarbeidsutval mellom STHF og kommunane i Vest-Telemark i møte 14. september 2018. Hensikta med forprosjektet er å vurdere grunnlaget for eit hovudprosjekt med felles satsing på velferdsteknologi i Vest-Telemark. Nasjonale føringar og forventa framtidsbilde tilseier at spørsmålet er ikkje om kommunane skal satse på velferdsteknologi, men korleis dette best kan realiserast i Vest-Telemark. Tre arbeidsgrupper, sett saman på tvers av kommunane, men frå same fagområde har jobba fram SWOT-analysar innan områda helsefag, IKT, drift og økonomi. Desse SWOT-analysane har danna grunnlaget for å utarbeide strategiar og tiltak for å nå målsetjinga om at velferdsteknologi skal vera ein integrert del av tenestene i Vest-Telemark. Gruppene har hatt to samlingar og vore nyttige bidragsytarar inn i arbeidet med forprosjektet. Kommunalsjefane har vore med i arbeidsgruppene, i tillegg til å koma med overordna vurderingar med fokus på organisasjonsutvikling (kultur, kompetanse og personell). Samarbeidsutvalet mellom STHF og kommunane har vore referansegruppe og har hatt høve til å koma med innspel både før og under arbeide. Forprosjektet vert lagt fram for rådmannsutvalet i møte 19. desember 2018. Takk til arbeidsgruppene for nyttige innspel til forprosjektet! Kari Gro Espeland Samhandlingskoordinator STHF og kommunane i Vest-Telemark 3

Definisjon og avgrensing Velferdsteknologi kan enkelt definerast som teknologiske løysingar som medverkar til å auke eigenmeistring, tryggleik og livskvalitet i kvardagen. Teknologiske løysingar som i einskild tilfelle kan erstatte eller utsetje behovet for tradisjonelle pleie og omsorgstenester, eller som i mange tilfelle kjem i tillegg til desse tenestene. Fygjande definisjonen er henta frå NOU 2011:11 «Innovasjon i omsorg»: «Med velferdsteknologi menes først og fremst teknologisk assistanse som bidrar til økt trygghet, sikkerhet, sosial deltakelse, mobilitet og fysisk og kulturell aktivitet, og styrker den enkeltes evne til å klare seg selv i hverdagen til tross for sykdom og sosial, psykisk eller fysisk nedsatt funksjonsevne. Velferdsteknologi kan også fungere som teknologisk støtte til pårørende og ellers bidra til å forbedre tilgjengelighet, ressursutnyttelse og kvalitet på tjenestetilbudet. Velferdsteknologiske løsninger kan i mange tilfeller forebygge behov for tjenester eller innleggelse i institusjon». Velferdsteknologi vert i dette forprosjektet avgrensa til å omfatte Varslings og lokaliseringsteknologi (tryggleiksalarmar og GPS) Digitale tilsyn (passiv varslingsteknologi) Elektronisk medisineringsstøtte Elektroniske dørlåsar Teknologiske løysingar knytt til sjukesignalanlegg Forventa befolkningsframskriving Fylgjande tabell syner forventa framskriving av alderssamansetninga/eldre over 67 år i perioden 2018 til 2040: Kommune Aldersgrupper 2018 2020 2025 2035 2040 Seljord 67 til 79 år 415 458 489 471 476 80 til 89 år 127 135 166 267 272 90 år eller eldre 36 30 34 55 73 Kviteseid 67 til 79 år 316 345 411 471 484 80 til 89 år 119 126 128 210 225 90 år eller eldre 28 27 32 37 56 Nissedal 67 til 79 år 193 220 234 258 282 80 til 89 år 60 62 77 122 132 90 år eller eldre 19 18 11 21 32 Fyresdal 67 til 79 år 178 188 203 229 238 80 til 89 år 53 56 74 100 117 90 år eller eldre 11 13 10 21 30 Tokke 67 til 79 år 292 307 350 414 405 80 til 89 år 102 115 126 188 225 90 år eller eldre 33 28 24 34 46 4

2018 2020 2025 2035 2040 Vinje 67 til 79 år 498 506 574 611 661 80 til 89 år 156 163 201 296 310 90 år eller eldre 37 31 34 53 76 Vest-Telemark 67 til 79 år 1892 2024 2261 2454 2546 80 til 89 år 617 657 772 1183 1281 90 år eller eldre 164 147 145 221 313 Velferdsteknologi vil vera eit av fleire tiltak for å møte dei utfordringar som ein må forvente at befolkningsframskrivinga for Vest-Telemark vil føre med seg. For at teknologien skal gje best mogeleg resultat, må den tilpassast og bli ein integrert del av det samle tenestetilbodet i kommunane. Prosjektmål Resultatmål Velferdsteknologi er ein integrert del av tenestetilbodet i Vest-Telemark. Dette inneber i praksis at tenestekontora i Vest-Telemark skal ha til gang på velferdsteknologi, kartleggingsverktøy og retningsliner for tildeling av velferdsteknologi, slik at velferdsteknologi vert vurdert og tildelt innbyggjarane på lik linje med ordinære pleie og omsorgstenester. Effektmål Auka grad av sjølvstende og eigenmeisring hjå pasientane Utsett behov for kommunale tenester/ institusjonsopphald Effektiv og rett bruk av kompetanse Effektmåla vil bli utgreidd i eit hovudprosjekt gjennom kartlegging av gevinstrealisering. Det vil vera aktuelt å nytte PA Consulting sin modell for å kartlegge gevinstrealisering lokalt. Nasjonalt er det utarbeid to rapportar om gevinstrealisering, sist i 2017 (IS-2557 Andre gevinstrealiseringsrapport med anbefalinger). Her vert gevinstrealisering delt inn i hovudkategoriane auka kvalitet, spart tid og unngått kostnader. Nå-situasjonen Organisering av nettverk og samarbeid innan velferdsteknologi Kommunane i Vest-Telemark er med i Kompetansenettverket i Telemark og Velferdsteknologiprosjektet i Vestfold og Telemark. Kompetansenettverket har som oppgåve å heve kompetamsenivået i kommunane og sette alle betre i stand til å møte utfordringane kommunane står overfor når det gjeld bruk av velferdsteknologi. Utviklingssentret for sykehjem og hjemmetjenester i Telemark er koordinator og sekretariat for nettverket. Velferdsteknologiprosjektet i Vestfold og Telemark er med i Nasjonalt program for velferdsteknologi, med Skien kommune som eigar av prosjektet. I tillegg til kompetanseheving har 5

prosjektet som mål å medverke til implementering av GPS og digitale tilsyn og gjennomføre offentleg anskaffing av tryggleiksalarmer. Kommunane i Vest-Telemark er med i innkjøpssamarbeidet som gjeld tryggleiksalarmar, denne anskaffinga vart avslutta i oktober 2018 med DoroCare AS som vinnar av anbodet. I tillegg til dette har Vest-Telemark eit eige nettverk som i 2018 har fått støtte av Fylkesmannen til å gjennomføre prosjektet Læring over kommunegrenser. Kommunane har prøva ut og delt erfaring med elektronisk medisineringsstøtte, GPS/ vandrealarm, fagsystemet Mobil Omsorg på ipad og tryggleiksalarmar i område utan mobil dekning. SWOT-analyse I arbeidet med kartlegging av nå-situasjonen, har arbeidsgruppene kome fram til fylgjande hovudområde som vil kunne ha betydning for satsing på velferdsteknologi i Vest-Telemark: Positive faktorar/ mogelegheiter: Nasjonalt satsingsområde/ tilskotsmiddlar Felles innkjøpssamarbeid på tryggleiksskapande velferdsteknologi Mogelegheit til å nytte felles responssenter Kompetanseheving/ erfaringsdeling gjennom etablerte nettverk Erfaring lokalt gjennom utprøving både av GPS og elektronisk medisineringsstøtte Godt samarbeid innan helse og IKT Felles fagsystem Utskifting frå stasjonære til mobile tryggleiksalarmar er i gang Fleire ny-bygg som er tilrettelagt for velferdsteknologi Forventingar frå innbyggjarane (pasientar og på rørande) Negative faktorar/ utfordringar: Store investerings og driftskostnader Rask teknologisk utvikling/ nye investeringar Lovverk som avgrensar høve til å ta brukarbetaling Vanskeleg å dimensjonerer/ uavklart behov/ omfang Stort opplæringsbehov Skepsis/ manglande tillit til teknologi Nye arbeidsmåtar utfordrar endringsvilje Kommunane manglar ressursar til å drive prosessen og implementeringsarbeide Manglar kartleggingsverktøy og internkontrollsystem for bruk av velferdsteknologi Manglande integrasjon mellom velferdsteknologi og fagsystem Ulike føresetnadar i kommunane Dårleg eller ingen dekning Straumbrot Prosjektskildring Resultatet av arbeidet med SWOT-analysa er lagt til grunn for prioritering av strategiar og tiltak ved innføring av velferdsteknologi som eit felles prosjekt i Vest-Telemark. Det er lagt vekt på å 6

utnytte dei styrker og mogelegheiter som finns, og finne gode løysingar for å handtere svakheiter og utfordringar både internt og eksternt. Strategiar for måloppnåing tiltak og metodikk Arbeidet med forprosjektet er systematisert i desse hovudbolkane, for å sikre at sentrale område vert belyst; Helsetenester/ fag og personell IKT system og drift Økonomi Forprosjektet legg vekt på kva som må gjerast innan dei ulike områda for å nå målsetjinga om at velferdsteknologi (VFT) skal vera ein integrert del av tenestetilbodet i Vest-Telemark. Innan kvart av dei aktuelle områda vert det gjeve ei generell omtale av gevinstrealisering. Helsetenester/ fag og personell Dette område omfattar både helsefag og personell, dvs. tildeling og utøving av tenester, samt utvikling av kompetanse hjå tilsette og brukarar. Brukarperspektivet blir omtalt under punktet om gevinstrealisering Behov Tiltak Vest-Telemark Kommunevis Kartleggingsverktøy i f.h.t. tildeling av velferdsteknologi Ta i bruke verktøy som er utvikla gjennom KS med ev. Felles kompetanseheving på tenestekontora/ Praktisk øving/ implementering System for kvalitetssikring av tenestene, inkl. personvern Tillit til teknologien VFT i planarbeid (IKT-plan, kompetanseplan, VFT-plan) Tilgang på velferdsteknologi (VFT) når behovet er der lokal tilpassing Ta i bruk og tilpasse verktøy som er utvikla Informasjon/ utprøving Bruke gode malar og dele erfaring, samstundes sikre forankring og deltaking Interkommunalt samarbeid/ felles avtale om leige eller ev. innkjøp til felles "VFT-bank" i Vest- Telemark erfaringsdeling Felles opplæring på leiarnivå/ fagansvarleg. Erfaringsdeling. Erfaringsdeling på tilsette -og brukarnivå Felles struktur for planarbeid Avtale om administrering og vedlikehald av VFTbanken (dersom eige og ikkje leige) Utprøving og iverksetjing. Formelt ansvarleg. Sette VFT på dagsorden og bruke ulike kommunikasjonskanalar Forankring og implementering av planarbeidet/ iverksetjing. Tildeling og kostnadsfordeling etter vedtatt modell/ inngått avtale (ved ev. felles "VFT-bank") Som det går fram av matrisa, vil det innan tenesteutvikling og kompetanseheving vera mykje å hente på eit interkommunalt samarbeid. Det er viktig å sikre tilgang både på utstyr og kompetanse, noko som kan vera utfordrande å få til for den einskilde kommune. Nokre av områda som må utgreiast, til dømes verktøy for kartlegging og kvalitetssikring, vil med fordel kunne 7

organiserast som delprosjekt. Eit hovudprosjekt bør vurdere fordelar og ulemper ved å leige versus å eige, og vurdere korleis samarbeidet i Vest-Telemark bør organiserast etter at hovudprosjektet er avslutta. Gevinstrealisering: Bruk av velferdsteknologi vil kunne gje brukarane auka livskvalitet og i større grad mogelegheit til å leve eit sjølvstendig liv. VFT vil kunne gje auka tryggleik for pasient og pårørande og vera ei kvalitetssikring av tenestene. VFT vil i periodar kunne kompensere for andre kommunale tenester, både heimesjukepleie og institusjonsplass. VFT vil såleis redusere behovet for plassar med heildøgns omsorg, frigjera tid i heimetenesta og medverke til hensiktsmessig bruk av kompetanse. IKT-system og drift Dette område består både av tekniske løysingar og av praktisk oppfølging i form av montering, drift og vedlikehald. Behov Tiltak Vest-Telemark Kommunevis Sikre tenestene ved Felles kartlegging og systemsvikt plan for beredskap Kartlegge risiko og sårbarhet ved systemsvikt/straumbrot og utarbeide plan for beredskap Ustabil/ ingen dekning Bruke erfaringar frå Tokke med bruk av Radiolink Teknisk kompetanse Felles løysingar/lik type VFT. Sikrar kompetanse på tvers av kommunegrenser Felles jobbing for utbygging av mobildekning og breiband Mogeleg felles VFTvaktmeistertenester/ beredskap på tvers av kommunegrenser Forankring, implementering og formelt ansvar Internopplæring i heimetenesta/ vaktmeistertenesta til å ivareta dagleg drift God intern fiber mellom kommunane gjer at det ligg godt til rette for interkommunalt samarbeid. Organisering av IKT-tenestane med to fagmiljø i Vest-Telemark, gjer samarbeidet relativt oversiktleg. Felles fagsystem innan pleie og omsorg er ein stor fordel når det gjeld å utnytte kompetanse interkommunal, og er eit godt utgangspunkt for felles opplæring og felles bruk av systemansvarlege i kommunane. Det er behov for standardisering og integrasjon mellom velferdsteknologi og fagsystem, dette er i liten grad på plass, og mangel på integrasjon medfører tungvinte rutinar t.d. når det gjeld dokumentasjon. Dette er eit område som det vert jobba med på nasjonalt nivå, og fram til dette er på plass må kommunane nytte manuelle løysingar. Gevinstrealisering: Arenaer for erfaringsdeling medverkar til god utnyttig av teknologi og system, og vil kunne frigjera tid og ressursar. Samarbeid om kartlegging av risiko og sårbarheit og felles beredskapsplan vil sikre tilgang på ressursar når behovet oppstår. 8

Økonomi Behov Tiltak Vest-Telemark Kommunevis Ressursar til gjennomføring av hovudprosjekt. Tilgang på ekstern finansiering Felles innkjøp eller leigeavtaler Avklare framtidige kostnader til investering og drift Til politisk handsaming i den einskilde kommune. Forankring i Vest- Telemarkrådet Søke nasjonale finansieringsordningar Samarbeide om val av leverandør og produkt (VFT) Nytte felles kostnadsnøkkel for berekning av utgifter Eit felles prosjekt vil vera effektivt i f.h.t. ressursbruk og gje grunnlag for delfinansiering frå Vest-Telemarkrådet Felles søknad frå Vest-Telemark Nytte eksisterande samarbeid og avtaler Ev kostnadsdeling etter avtale Arbeidsinnsats/ deltaking i styringsgruppe og prosjektgrupper. Innkjøp eller leige av VFT Ev. kommunevise søknader Sikre at ulike behov i kommunane blir i varetatt Budsjettere med kostnader til investering og drift Hovudprosjektet må ha fokus på økonomi ved både investering og drift, og synleggjera kostnadene ved å få på plass kunnskap om og tillit til nye arbeidsmetodar. Gevinstrealisering må leggjast til grunn for berekningane, så vel som behovet for vedlikehald og drift av tekniske løysingar. Gevinstrealisering: Velferdsteknologi vil kunne medverke til å bremse veksten i kommunale pleie og omsorgstenester meir enn å redusere kostnadene frå dagens nivå. Denne vurderinga byggjer mellom anna på befolkningsframskrivinga av aldersgruppa 67+ i Vest-Telemark. Kritiske suksessfaktorar Desse faktorane vil vera avgjerande for å lykkas med eit hovudprosjekt: Politisk forankring og økonomisk forplikting både i Vest-Telemarkrådet og i den einskilde kommune Tilstrekkeleg ressurs til prosjektleiing (organisering og gjennomføring) Tilstrekkeleg ressursar til tenesteutvikling i den einskilde kommune Tilstrekkeleg tid til involvering av tilsette/ ta i bruk tilsette sin kompetanse Informasjon og dialog med brukarar Jamleg dialog mellom prosjekteigar/ styringsgruppe og prosjektansvarleg/ prosjektleiar Indre og ytre påverknad i prosjektperioden Forprosjektet har lagt nå-situasjonen til grunn for hovudprosjektet, og avgrensingar og tilrådingar er gjort ut i frå kjende faktorar. Prosjektplanen må ikkje vera meir bindande enn at det er rom for justeringar og tilpassingar i tråd med endringar i nasjonale føringar eller i lokale tilhøve. Tilhøve som har innverknad på dei tidsmessige og økonomiske rammene som er vedtatt for prosjektet må drøftas med prosjekteigar og styringsgruppe. 9

Prosjektorganisering Framlegg til prosjektorganisering byggjer på PLP-metoden (ProsjektLederProsessen), og utgjer ei ramme for arbeidet. Prosjektet vil ha to parallelle løp, eit felles for alle kommunane og eit i kvar kommune. Prosjektansvarleg vil ha overordna ansvar for framdrift og resultat i dialog med prosjekteigar og styringsgruppe. Prosjektleiar vil ha operativt ansvar for gjennomføring av prosjektet både i Vest- Telemark og kommunevis. Til denne funksjonen bør det engasjerast ein person i 100% stilling i ein 2-årsperiode, tilsett i ein av kommunane eller med Vest-Telemarkrådet som arbeidsgjevar. Det vil vera behov for fleire prosjektgrupper, som må organiserast etter at prosjektet er oppretta. Omfang og samansetning av prosjektgruppene vil mellom anna vera avhengig av kva for og kor mange delprosjektet som blir etablert. Prosjektgruppene må organiserast slik, at det sikrar bruk av kompetanse og involvering av tilsette i kommunane. Styringsgruppa i "fellesprosjektet" bør ha regelmessige møte for å vera oppdatert på framdrift, ta naudsynte avgjerder og gje råd til prosjektansvarleg og prosjektleiar. Referansegruppene vil bli nytta for å gje råd undervegs i prosjektet, men utan formell mynde. Roller i prosjektet Felles i Vest-Telemark Kommunevis Prosjekteigar (PE) Rådmannsutvalet Rådmannen Prosjektansvarleg (PA) Samhandlingskoordinator Kommunalsjef (eller tilsvarande) Styringsgruppe (SG) Rådmenn og kommunalsjefar (eller Avgjerast av kommunen tilsvarande) Prosjektleiar (PL) Operativ leiar/ 2-årig prosjektstilling Operativ leiar/ 2-årig prosjektstilling Prosjektgrupper (PG) Vert sett saman etter behov Vert sett saman etter behov Referansegruppe (RG) Tilsette/ vernetenesta/ tillitsvalde, brukarrepresentantar Tilsette/ vernetenesta/ tillitsvalde, brukarrepresentantar Resursbruk i prosjektperioden Utgifter Prosjektleiar (lønn og drift) kr 2 000 000 Ekstra lønskostnader/ vikarutgifter i kommunane kr 600 000 Medgått arbeidstid i kommunane kr 1 900 000 Finansiering Vest-Telemarkrådet kr 2 000 000 Kommunane/ bruk av prosjektmiddlar VFT-prosjektet kr 600 000 Lønnsmiddlar i kommunane kr 1 900 000 Framdriftsplan Framdriftsplanen bør ha ein varighet på to år, frå det tidspunktet prosjektleiar vert tilsett. Planen må utarbeidast av prosjektleiar i samråd med prosjektansvarleg og godkjennast av prosjekteigar og styringsgruppe. Planen skal innehalde tidpunkt for viktige delmål, aktivitetar og 10

avgjerder, og definere ansvar for gjennomføring. Det må utarbeidast framdriftsplan både for den einskilde kommune og for fellesprosjektet. Hovudprosjektet vil ha ein gradvis overgang til drift i løpet av prosjektperioden. Oppsummering Konklusjon og tilråding Det synest å vera store gevinstar å hente ved eit formalisert samarbeid innan velferdsteknologi i Vest-Telemark, dette gjeld både i høve til organisasjonsutvikling og ressursbruk. Korleis dette samarbeidet skal organiserast og kva for avtaler som skal ligge til grunn, må avklarast i eit hovudprosjekt. Det er naudsynt at det blir sett av tilstrekkeleg med ressursar, slik at hovudprosjektet kan legge eit godt grunnlag for vidare implementering og drift av velferdsteknologi i Vest-Telemark. I hovudprosjektet må ansvaret til den einskilde kommunen koma tydeleg fram og koordinerast med framdrifta i fellesprosjektet. 11