HORDALAND FYLKESKOMMUNE Strategi- og næringsavdelinga Næringsseksjonen Arkivsak 200812006-3 Arkivnr. 146 Saksh. Engelsvold, Jone Saksgang Opplærings- og helseutvalet Kultur- og ressursutvalet Samferdselsutvalet Fylkesutvalet Møtedato 27.01.2009 10.02.2009 11.02.2009 18.02.2009-19.02.2009 REGIONALT UTVIKLINGSPROGRAM FOR HORDALAND 2009 SAMANDRAG Regionalt Utviklingsprogram er utarbeidd av Regionalt Næringsforum. Programmet byggjer på vedtatt fylkesplan for Hordaland 2005-2008, og følgjer opp dei prioriterte innsatsområda som følgjer av denne. Av omsyn til kontinuitet i næringsutviklingsarbeidet er det berre gjort mindre justeringar i programmet for 2009 i forhold til programmet for 2009. I saka er det også foreslått korleis regionalutviklingsmidlane til næringsutvikling skal disponerast i 2009. Hovuddelen av desse midlane er overføringar frå Kommunal- og regionaldepartementet. FORSLAG TIL VEDTAK 1 Fylkesutvalet vedtar Regionalt Utviklingsprogram for Hordaland 2008 og disponering av verkemidlar slik det går fram av saksførelegget. 2 Fylkesutvalet vil følgje utviklinga i Hordaland med omsyn til finans- og marknadskrisa, og vil fortløpande vurdere relevante initiativ eller tiltak relatert til denne. 3 Utgreiinga om Kulturelt Utviklingsprogram for Hordaland vert lagt fram til politisk behandling som eiga sak Paul M. Nilsen Vedlegg: Utkast til Regionalt Utviklingsprogram for Hordaland 2009. Jan Per Styve
FYLKESRÅDMANNEN, 12.01.2009: 1. Bakgrunn Fylkesutvalet gjorde i møte 4 desember 2008 slikt vedtak i sak 286/08 Regionalt Utviklingsprogram 2009 føringar: Fylkesutvalet sluttar seg til at Regionalt Utviklingsprogram for 2009 byggjer på hovudtrekka i programmet for 2008 med følgjande merknad: Fylkesutvalet vil vise til innstillinga i budsjettet frå fylkesutvalet sitt møte vedkomande Kulturutviklingsprogrammet (KUP). Fylkesutvalet vil ta endeleg stilling til forslaget til programmet for 2009 ved behandlinga i januar/februar. Regionalt Næringsforum har i si behandling av Regionalt Utviklingsprogram 2009 lagt til grunn at det berre er behov for mindre justeringar i det nye programmet. Til tross for finanskrise og endra marknadssituasjon innan mange bransjar ser ein det som ønskjeleg med kontinuitet både når det gjeld hovudsatsingar og innsatsområde. Men verknaden av finans- og marknadskrisa forsterkar seg for kvar veke som går, og eit uroa Regionalt Næringsforum ønskjer derfor å følgje utviklinga tett. Regionalt Næringsforum har merka seg Fylkestinget sitt vedtak om oppretting av eit Kulturelt Utviklingsprogram som del av RUP med ei førebels ramme av regionale midlar på 3,5-4 mill. På denne bakgrunn gjorde Regionalt Næringsforum i sitt møte 17 desember 2008 følgjande vedtak: Regionalt næringsforum sluttar seg til framlagde utkast til Regionalt Utviklingsprogram 2009med tilhøyrande budsjett og ber om at dette vert fremja for Fylkesutvalet til endeleg vedtak. Regionalt næringsforum ber vidare om å verte involvert i samband med utvikling og oppretting av eit Kulturelt Utviklingsprogram som del av RUP, slik Fylkestinget har vedteke. Regionalt Næringsforum vil følgje utviklinga med omsyn til finans- og marknadskrisa, og vil fortløpande vurdere relevante initiativ eller tiltak relatert til denne. I saksframlegget vidare vert det gjort nærare greie for dei viktigaste føringane i utkast til Regionalt Utviklingsprogram 2009, inklusive tema som finanskrisa og eit Kulturelt Utviklingsprogram. 2. Regionalt Utviklingsprogram felles handlingsprogram for næringsutvikling Regionalt Utviklingsprogram er eit felles handlingsprogram for næringsutvikling og nyskaping i Hordaland. Programmet skal sikre at alle offentlege verkemiddelaktørar jobbar etter felles mål og strategiar. Programmet er forankra i Fylkesplan for Hordaland 2005-2008. Programmet styrer bruk av fylkeskommunens økonomiske verkemiddel til næringsutvikling, og gir føringar for andre offentlege etatar sitt utviklingsarbeid i fylket. Forslag til Regionalt Utviklingsprogram blir i samsvar med føresetnadene frå Kommunal- og regionaldepartementet utarbeidd i samarbeid mellom fylkeskommunen og den regionale partnarskapen for næringsutvikling. I Hordaland er partnarskapen Regionalt Næringsforum. Her møter Innovasjon Noreg Hordaland, Fylkesmannen i Hordaland si Landbruksavdeling, LO Hordaland, NHO Hordaland, NAV Hordaland, Universitetet i Bergen, Fiskeridirektoratet Region Vest, Noregs Forskingsråd si avdeling i Hordaland, Bergen kommune, KS Hordaland og Hordaland fylkeskommune med to representantar frå 2
Fylkesutvalet samt tre frå administrasjonen (Strategi- og Næring og Opplæring). Strategi og næringsdirektør i fylkeskommunen leiar Regionalt Næringsforum. Regionalt Næringsforum skal medverke til samordna innsats for å fremje næringsutvikling i fylket. Målet skal nåast ved utvikling av ei mest muleg koordinert og effektiv forvaltning av dei offentlege ressursane retta mot næringsutvikling, arbeidsmarknad og utdanning i Hordaland Arbeid med å utvikle Regionalt Utviklingsprogram er ei sentral oppgåve for Regionalt Næringsforum. Forslaget til Regionalt Utviklingsprogram 2009 reflekterer også innspel frå næringslivsorganisasjonar og kunnskapsmiljøa i fylket, hovudsakleg innhenta gjennom konkrete drøftingar om oppdatering og justering av satsingsområda i programmet. 3. Byggjer på fylkesplanen Regionalt Utviklingsprogram byggjer på vedtatt Fylkesplan 2005-2008. Denne gir tydelege føringar om mål og innsatsområde. Særleg viktig er visjonen i fylkesplanen om at Hordaland skal vere mellom dei mest innovative regionane i Europa i næringar der fylket har særlege føremoner, med vekt på lønsemd, internasjonal konkurranseevne og evne til omstilling. Med utgangspunkt i føringane i fylkesplanen er dei prioriterte innsatsområda i Regionalt Utviklingsprogram: A Næringsretta kompetanse B Entreprenørskap og innovasjon C Internasjonalisering D Livskraftige lokalsamfunn E Næringar med særlege føremoner: Energi Marine næringar Maritime næringar Reiseliv Kulturnæringar Under kvart område er det valt ut eit fåtal område som innsatsen særleg skal rettast mot. 4. Val av perspektiv og fokus i Regionalt utviklingsprogram 2009 Næringslivet i Hordaland har bak seg ei lang oppgangstid. Finans- og marknadskrisa som no rammar Hordaland som resten av verda er i ferd med å snu denne situasjonen radikalt. Regionalt Utviklingsprogram 2009 søkjer å fange desse endra føresetnadene. Konsekvensar av finnaskrisa for Regionalt Utviklingsprogram Men tillit og tru på framtida er no svekka blant bedrifter og hushald og finanskrisa er i ferd med å få realøkonomiske konsekvensar i form av fallande etterspurnad og prisar innan mange viktige bransjar i fylket. Regionalt Utviklingsprogram har ikkje åleine musklar til å løyse dei store utfordringane for næringslivet i fylket. Men med fokus på ny kompetanse, entreprenørskap & innovasjon, internasjonalisering og livskraftige lokalsamfunn, er søkelyset retta mot avgjerande tema og grep som kan bremse og snu ei negativ utvikling. Regionalt Utviklingsprogram støttar utviklingsprosjekt som skal levere resultat heile næringslivet i fylket kan ha nytta av. Tematisk er programmet forankra i ei langsiktig satsing gjennom fylkesplanen og det skal dessutan sikre at alle verkemiddelaktørane jobbar i lag. Regionalt Næringsforum (RNF) meiner på denne bakgrunn at det er viktig å halde fast ved sentrale hovudliner i programmet frå i fjor, 3
og fremjar derfor eit Regionalt Utviklingsprogram 2009 som ikkje er vesentleg endra frå fjoråret,sjølv om føresetnadene på mange måtar har endra seg. Regionalt Næringsforum er likevel dypt uroa over den negative utviklinga, og ser at her kan føresetnadene endra seg både raskare og sterkare enn føresett. Regionalt Næringsforum ønskjer derfor å følgje utviklinga med omsyn til finans- og marknadskrisa, og vurdere relevante initiativ eller tiltak relatert til denne. Ein vil rå til at Fylkesutvalet også vedtar å følgje utviklinga på same måten. Framleis sterk vekt på utfordringar Regionalt Utviklingsprogram 2008 introduserte bruk av hovudutfordringar for næringspolitikken i Hordaland. Ein har vald å halde fast ved desse utfordringane, men justert dei i tråd med endra føresetnader siste året. UTFORDRING 1: ARBEIDSKRAFT Den faktiske arbeidsløysa er ikkje vesentleg auka ved inngangen til 2009, men prognosane er negative. Det er venta nedgang i sysselsettinga det komande året. Innan nokre bransjar er det framleis behov for ny og kompetent arbeidskraft. UTFORDRING 2: BEREKRAFT Næringslivet er ikkje berekraftig nok klimautfordringa representerer eit kommersielt potensiale for Hordaland. Her er det fleire viktige tiltak som kan løysast som del av ein virkemiddelpakke mot konsekvensar av finanskrisa. UTFORDRING 3: TILTREKKINGSKRAFT Både Bergen og distrikta må framleis søkje å tiltrekke seg talent, studentar, kreative personar, forsking, nye bedrifter og investorar, kvar på sine premissar. I ein stadig meir internasjonal konkurranse er det ei utfordring for alle å framstå som attraktive. UTFORDRING 4: MARKNADSKRAFT Mange bedrifter i Hordaland merkar allereie no mindre etterspurnad, men har nok minst like stor evne og kraft til omstilling som sine internasjonale konkurrentar. Entreprenørskap, innovasjon og vellukka internasjonalisering vert ei hovudutfordring for næringsutviklinga framover. UTFORDRING 5: UTVIKLINGSKRAFT Gode resultat må forsvarast og sterke bransjar må vidareutviklast sterke klynger og forskingsmiljø gjev unikt grunnlag for entreprenørskap og innovasjon Ei meir nøktern økonomisk utvikling framover vil stille auka krav til økonomisk, teknologisk og marknadsmessig omstilling. I Regionalt Utviklingsprogram 2009 er det søkt å gje utfordringane tilsvar med konkrete handlingsforslag knytt til dei aktuelle satsingsområda. Dette gjeld ikkje minst dei satsingsområda som fører på tvers av dei prioriterte bransjane, slik som Næringsretta kompetanse, Entreprenørskap/Innovasjon, Internasjonalisering og Livskraftige lokalsamfunn. Her er det konkret peika på kva utfordringar som er spesielt aktuelle for kvart område. Særleg har utfordringar knytt til klimapolitikk og berekraft fått ein tydelegare plass i årets program. Arbeidsprosess Teksten i framlegget til Regionalt Utviklingsprogram er laga av ei arbeidsgruppe der Fylkesmannen si Landbruksavdeling, Innovasjon Noreg Hordaland og Strategi- og næringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune har vore representert. Dessutan er fagmiljø innan dei prioriterte innsatsområda konsultert. Gjennom prosessen har ein søkt å finne tydelege prioriteringar, samstundes som det breie engasjementet kring næringspolitiske spørsmål vert ivareteke. 4
Konkrete endringar og nye satsingar i årets program Strukturen i Regionalt Utviklingsprogram er nokså lik fjorårets. Men nytt er eit innleiingskapittel med vurdering av sterke og svake sider, muligheiter og truslar for næringslivet i fylket. Gjennom drøftingar og konsultasjon er det vidare kome fram ein del ønske om konkrete endringar innan dei prioriterte innsatsområda. Under satsingsområde Næringsretta kompetanse er det lagt til eit ønske om å Styrka tilbod til ungdom som ønskjer fagopplæring og lærlingplass. Satsingsområde Entreprenørskap og Innovasjon legg vekt på ei overbyggande satsing for å forbetre og synleggjere entreprenørskapsarbeidet i fylket. Målet er blant anna ei koordinering av det regionale verkemiddelapparatet og sikre ei kompetent forselineteneste for etablerar. Satsingsområdet Livskraftige lokalsamfunn legg vekt på lokalt forankra mobiliseringsprosessar retta mot både entreprenørskap, trivsel, inkludering, identitetsskaping og omdømebygging. Der er særleg peika på at migrantar, kvinner og unge må verte del av satsinga. Behov for kompetansehevingstiltak og grunnlaget for deltaking i regionale program som LivOGLyst vert streka under, saman med satsinga på ein felles nettportal for entreprenørskap og lokalsamfunnsutvikling i Hordaland. Innan dei bransjevise satsingane er det for energifeltet lagt vekt på nye initiativ innan arbeidet med offshore vindkraft og initiativ til eit senter for industriell drift & vedlikehald for teknologibaserte selskap i energi- og maritim sektor. Innan marine næringar er det lagt forsterka vekt på oppbygging av kunnskap, auka verdiskaping og konkurransekraft i marine verksemder, mellom anna ved hjelp av VRI programmet som verktøy. Ei særleg satsing på utdanning og ungdom i marine fag er også vektlagt. Satsingsområdet reiseliv er i år prega av prosessen kring ny reiselivsstrategi. Det har ein rekkje nye perspektiv og satsingar som prioriterte område for produktutvikling, strategisk utvalde tema for satsing, forsterka fokus på kompetanse, modellar for marknadsføring og vidareutviklinga av Innovativ Fjordturisme som eit mogeleg Norwegian Centre of Expertice for reiselivet i Noreg, lokalisert til Bergen. Innan satsinga kulturnæringar bygg ein vidare på konklusjonane frå den kartlegging av kulturnæringar i Bergen og Hordaland med fokus på styrka nettverksorganisering, etablering av berekraftige arbeidsplassar for nye talent og arbeidet med marknadskontakt. Satsinga på festivalar forsterkar kravet til modellbygging som kan kome heile festivalfylket Hordland til gode. Satsing på kulturnæringar er meint å kunne inngå i eit Kulturelt Utviklingsprogram. Kulturelt utviklingsprogram Fylkestinget vedtok 9 desember 2008 å be om ei utgreiing om og eit framlegg til Oppretting av et Kulturelt Utviklingsprogram som del av RUP med ei foreløpig ramme av regionale midlar på 3,5-4 mil. Det vart peika på at ut frå føringane frå Kommunal- og regionaldepartementet må den delen av KUP som skal finansierast over RUP i hovudsak gjelde tiltak knytt til kulturnæringane. Kulturnæringar har dei siste 3 åra vore eige satsingsområde i Regionalt Utviklingsprogram, med særleg vekt på utvikling innan områda film/media, design og rytmisk musikk. Siste året har også feltet femna vidare utvikling av eksisterande festivalar og styrking av næring basert på kulturarv, med fokus på husflid og handverk. Eit Kulturelt Utviklingsprogram gjev høve til å sjå heile kulturfeltet inn i ein utviklingssamanheng, og opnar for ei målretta kultursatsing innan utvalde aktuelle område det er særleg behov for å styrke i Hordaland. Kulturnæringane er ein viktig del av dette, men utgjer ikkje åleine det spekter som det Kulturelle Utviklingsprogrammet skal femne. 5
Fylkesrådmannen har satt i verk arbeid med ei utgreiing om det vidare arbeidet med eit Kulturelt Utviklingsprogram for Hordaland, og planlegg eit saksførelegg om dette i første halvår 2009. I påvente av denne utgreiinga og saka som følgjer, legg ein opp til å reservere og forvalte ein fastsett sum som del av Regionalt Utviklingsprogram til kulturnæringar, med ei ramme slik Fylkestinget har vedteke dette. 5. Disponering av økonomiske verkemidlar i 2009 Statlege verkemidlar og aktørane knytt til desse Regionalt Utviklingsprogram fastset prioriteringar og satsingar for fylkeskommunen sin innsats innan næringsutvikling. Programmet er også sterkt retningsgjevande for andre offentlege etatar sin innsats for næringsutvikling i Hordaland. Dette gjeld i særleg grad for Innovasjon Norge, men også for NAV, Fylkesmannens Landbruksavdeling, Fiskeri-direktoratet / region Vest og Norges forskningsråd sine næringsretta satsingar i Hordaland. Den trykte versjonen av Regionalt utviklingsprogram 2009 vil ha med eit vedlegg som gjer ei samla oversikt over alle offentlege verkemidlar til næringsrelatert verksemd i Hordaland for budsjettåret 2009. Denne oversikta er under utarbeiding. Retningsliner for disponering av midlane Økonomisk støtte til prosjekt som ligg inn under Regionalt utviklingsprogram, vert tildelt ut frå fastlagde retningsliner: I samband med politisk handsaming av Regionalt utviklingsprogram, fordeler også fylkesutvalet verkemidlane til dei ulike hovudområda i programmet.. Midlane til Innovasjon Norge blir overførde etterskotsvis på kvartalsbasis Midlane til prosjekt innan innsatsområda i Regionalt Utviklingsprogram, blir i hovudsak fordelte administrativt i tråd med politisk vedtekne prioriteringar og føringar. Særleg viktige, og prinsipielle einskildsaker, vert handsama i fylkesutvalet. Midlane til Omstilling og nyskaping vert fordelte i eiga sak til fylkesutvalet. Midlane til Regionale næringsfond blir fordelte av fylkesutvalet i samsvar med politisk vedtekne retningsliner. Midlane knytt til iverksetting av Regionalt Utviklingsprogram 2009 er i hovudsak statlege overføringar. I tillegg kjem eiga løyving over fylkesbudsjettet på 2 949 mill. kroner. Bruken av dei statlege midlane er bunden opp i regelverk som set rimeleg klare grenser for korleis pengane kan nyttast. Dei fylkeskommunale midlane kan nyttast noko friare. Økonomiske rammene for Regionalt utviklingsprogram 2009 Fylkeskommunen disponerer i 2009 til saman kr. 77.969.000 for å nå dei næringspolitiske målsettingane i Regionalt utviklingsprogram. Dette er ein auke på 7, 96 % samanlikna med året før. Auken i 2008 var på 11,7 %. Dei auka overføringane frå Kommunal- og regionaldepartementet skuldast særleg to forhold : o o Auke i råma til omstillingstiltak frå 8,0 mill kroner til 9,0 mill. kroner. Vidareføring, og auke i råma til Ny vekst programmet frå 1,9 mill. kroner til 3,36 mill. kroner. Programmet er retta mot små, nyetablerte vekstføretak i det distriktspolitiske verkeområdet, og blir forvalta av Innovasjon Norge. Partnarskapen (Regionalt næringsforum) si rolle Etter føresetnadene som er gitt av Kommunal- og regionaldepartementet skal Regionalt Næringsforum (Partnarskapen) gje tilråding om disponering av dei økonomiske verkemidlane knytt til iverksetting av Regionalt Utviklingsprogram. Etter drøftingar tilrår Regionalt Næringsforum slik disponering i 2009 (Oversikten nedanfor viser fordelinga av verkemidlar i 2007, 2008 og framlegg til fordeling i 2009 ): 6
Budsjettoversikter / Næringsutvikling 2007 2009 Regionalt Utviklingsprogram (RUP) 2009 A. Bedriftsretta verkemidlar : Forvalta av Innovasjon Norge B. Tilrettelegging for næringsutvikling C. Regionale næringsfond D. Omstilling og nyskaping E. Til rådvelde for Reg. næringsfor. F. INTERREG IVC HUMANS Skal brukast opp mot satsingsområda i RUP Budsjett 2007 Endeleg ramme Budsjett 2008 Endeleg ramme Budsjett 2009 Førebelse rammer 34.150.000 35.000.000 35.890.000 Entreprenørskapsarbeid 400.000 750.000 750.000 Ny Vekst 1.900.000 3.360.000 1 TOTALT 34.550.000 37.650.000 40.000.000 Bransjesatsingar : - Energi - Marin satsing - Maritim satsing - Reiseliv - Kulturnæringar / KUP 2 Livskraftige lokalsamfunn T ettstadutvikling Næringsretta kompetanse Entreprenørsk. og innovasjon 15.930.000 18.569.000 (herav kr. 3 500 000 øyremerka KUP) Internasjonalisering N C E Subsea 0 500.000 500.000 VRI - programmet 0 1.595.000 1.400.000 TOTALT 15.662.000 18.025.000 20.469.000 Regionar - Sunhordland - Hardanger - Nordhordland - Osterfjorden - Bjørnefjorden - Voss - Fjell, Sund og Øygarden 1.551.000 2.332.000 726.000 517.000 392.000 682.000 300.000 TOTALT 6.500.000 7.000.000 7.500.000 Områdetiltak - Indre Hardanger (Eidfjord, Jondal, Odda, Ullensvang) - Kvam / Ålvik - Tysnes - Avslutning / SNU - Frie midlar 1.500.000 3.000.000 400.000 600.000 2.000.000 400.000 300.000 TOTALT 7.500.000 8.000.000 9.000.000 Verkemidlar for sær- 400.000 400.000 400.000 skilde tiltak (fyrtårn, o.l) Europeisk, regionalt nærings- 0 680.000 600.000 samarbeid TOTAL RAMME 64.212.000 71.755.000 77.969.000 1 Det skal minst brukast 2 millionar kr. til NyVekst. Den resterande sum innanfor ramma er det opp til Innovasjon Noreg å disponere. 2 I tråd med Fylkestinget sitt vedtak skal 3,5 4 millionar nyttast til Kulturelt Utviklingsprogram 7
Bedriftsretta verkemidlar Fylkeskommunen overfører til Innovasjon Norge den delen av verkemidlane som er øyremerka for bedriftsretta tiltak. Midlane går til einskildbedrifter i form av lån og ulike former for økonomisk støtte. Det er også for 2009 inngått avtale mellom Innovasjon Norge og Hordaland fylkeskommune som regulerer pengebruk, rapportering og samarbeidet mellom partane. Det er foreslått ei løyving for 2009 på kr. 40 000.000,-. Justert for at NyVekst, VRI-programmet, støtta til NCE Subsea, og eigen avtale mellom HFK og IN om utvida entreprenørskapssatsing som alle vert løyvde over budsjettet for Regionalt utviklingsprogram, utgjer overføringa til Innovasjon Norge etter dette 58,0 % av dei statlege overføringane. B. Tilrettelegging for næringsutvikling Midlane under denne posten skal brukast på tiltak og prosjekt innan prioriterte næringar og innsatsområde. Dette gjeld energi, marin sektor, maritime bransjar, reiseliv, kulturbaserte næringar, entreprenørskap, innovasjon og internasjonalisering, livskraftige lokalsamfunn og næringsretta kompetanse. Vidare er verkemidlar knytt til tettstadutvikling lagde inn under denne posten. Det same gjeld eit breitt spekter av andre behov for midlar i samband med næringsretta prosjekt. NCE Subsea skal utvikla undervassklynga i Hordaland (med hovudsete på Ågotnes), og styrke dei om lag 60 deltakarbedriftene si konkurransekraft nasjonalt og internasjonalt. Prosjektet skal gå over 10 år. Hordaland fylkeskommune har i politisk vedtak forplikta seg til å støtta klynga med kr. 500.000 per år. For budsjettåret 2009 har fylkesutvalet vedteke å løyva dette tilskotet over Regionalt utviklingsprogram sitt budsjett. C. Regionale næringsfond Det er sett av midlar i budsjettet for overføring til dei regionale næringsfonda. Desse skal forvaltast lokalt, og medverke til å løyse ut verdiskapingspotensialet ute i regionane og kommunane. Midlane skal nyttast i tråd med mål og strategiar i Fylkesplanen og Regionalt utviklingsprogram for Hordaland 2009. Det ligg stor eigenverdi i at kommunar gjennom regionråd samarbeidar om utviklingsprosjekt. Dette gir synergiar både i relasjon til kompetanseutvikling og erfaringsutveksling, og med tanke på å bli utfordra på å tenkja vidare enn sin eigen kommune. Det legg også eit godt grunnlag for større, og meir kapitalkrevjande tiltak og prosjekt om fleire kommunar står saman. På dette grunnlaget finn eg å ville følgja tilrådinga frå Regionalt Næringsforum, og halda fram med Regionale næringsfond. Fylkesutvalet vedtok nye retningsliner til fordeling av regionale næringsfond i Hordaland i møte 24.05.2007. Desse byggjer på den nye soneinndelinga frå Kommunal- og regionaldepartementet, gjeldande frå 01.01.2007. Fordeling av Regionale næringsfond 2009 vil byggja på desse retningslinene, og vil bli lagt fram som eiga sak for fylkesutvalet når tildelingsbrev frå KRD føreligg. D. Omstilling og nyskaping Områder i fylket vert til tider råka av uventa, negativ næringsutvikling, og det vert naudsynt å gå inn med særskilde verkemidlar og tiltak. Kommunal- og regionaldepartementet har løyvd pengar til omstillingsarbeid i Hordaland også i 2009. Fylkeskommunen står noko friare i å bruka desse pengane enn det som har vore tilfellet i tidlegare ordningar. Nokre områder i fylket peikar seg ut som utsette. Dette gjeld i særleg grad utfordringane i Ålvik etter at Elkem no trekkjer seg ut. Det vil bli lagt fram eiga sak om fordeling av desse midlane i nær framtid. 8
E. Til rådvelde for Regionalt Næringsforum Regionalt Næringsforum (RNF) er sett saman av ressurspersonar med relevant og omfattande kunnskap om næringslivet i fylket. Det er ønskjeleg å utnytte denne kompetansen, og stille til rådvelde midlar til særskilte felles tiltak initierte av RNF. F. INTERREG IV C / HUMANS prosjektet I perioden 2004 2007 deltok Hordaland, ved Strategi- og næringsavdelinga, med stort utbytte i INTERREG IIIC - programmet ENABLE. Det deltok elles regionar frå Tyskland (Thuringen), Østerrike (Kernten) og Litauen (Kaunas), i tillegg til Sogn & Fjordane fylkeskommune. På bakgrunn av gode erfaringar, ønskjer fleire av desse å samarbeida vidare. Hordaland fylkeskommune har no inne søknad for den neste programperioden i EU, 2007 2013, under programmet INTERREG IVC. Prosjektet har fått namnet HUMANS, og tek utgangspunkt i eit felles ønske om å gjera regional utvikling meir effektiv og målretta. Dette skal vi oppnå gjennom å utvikla og ta i bruk nye instrument, og effektivisera bruken av verkemidlar. Målgruppa er særleg små og mellomstore bedrifter, som i sterkare grad må utvikla kunnskap om, og kultur for entreprenørskap og innovasjon. Regionane som no vil gå saman om dette arbeidet er Thuringen (Tyskland), Kaunas (Litauen), Gorenjska (Slovenia), Central Transdanubia (Ungaren), Bulgaria, utanom Sogn & Fjordane og Hordaland fylkeskommunar. HFK skal vera Lead Partner for prosjektet. Det er lagt opp til ei brei deltaking frå Hordaland, der både fylkespolitikarar, medlemmer i Regionalt næringsforum, HFK administrasjon, høgskular og universitet, og ikkje minst næringslivet, skal vera involverte. Prosjektet er ei oppfølging av prosjektet ENABLE (2004 2007). 6. Forhold til nærare avklaring Regionalt forskingsprogram VRI: VRI-programmet (Verkemiddel for regional FoU og innovasjon) er Forskingsrådet si nye hovudsatsing for forsking og innovasjon i regionane. Programmet har som hovudmål å fremme kunnskapsutvikling, innovasjon og verdiskaping gjennom regional samhandling, særlig mellom bedrifter og FoU-institusjoner, og en forsterka FoU-innsats i og for regionene. Arbeidet med VRI i Hordaland kom i gang hausten 2007, og er no organisert med Christian Michelsens Research som prosjektleiar. Mellom dei tema som programmet arbeider med er marin sektor, reiseliv, kompetansemekling, LOS ordningar, personmobilitet/utvekslingsprogram utdanning/næring og vidareføring av programmet VS2010 gjennom virkemiddelet Dialog og brei medverknad. Fylkestinget vedtok i budsjettmøtet desember 2007 at den regionale medfinansieringa frå Hordaland fylkeskommune i 2008 skal dekkjast inn under Regionalt Utviklingsprogram. Den samla budsjettramma for VRI programmet i Hordaland er kr. 14.200.000, der Noregs forskingsråd dekkjer 50%. Hordaland fylkeskommune har inngått kontrakt med Forskingsrådet om å dekkje 25 % av totale utgifter i programmet. Hordaland fylkeskommune sin del utgjer kr. 3.350.000 som skal fordelast over dei 3 budsjettåra 2007, 2008 og 2009. Arbeidet kom seint i gang i 2007. Christian Michelsens Research har på vegne av prosjektet i Hordaland sendt søknad til Noregs Forskingsråd om å få overført ressursar til prosjektet frå 2007 til 2008. Svar på denne søknaden er ikkje kome. Dette svaret vil påverke fordelinga av Hordaland fylkeskommune sitt bidrag mellom dei aktuelle budsjettåra. Det eksakte beløpet å dekkje i 2008 vil derfor kunne variere mellom 1.595.000 og opp mot kr. 2..500.000 alt etter svar på søknaden til Norges Forskningsråd. 9
7. Iverksetting Regionalt Næringsforum har ansvar for iverksetting av Regionalt Utviklingsprogram. I praksis er det fylkeskommunen som har regien på dette arbeidet. Vi legg opp til ei meir proaktiv iverksetting ved at ein i større grad enn før vil ta initiativ til program, prosjekt og satsingar innanfor dei ulike prioriterte områda. Dette skal likevel ikkje vere til hinder for at også eksterne aktørar fortsatt kan utvikle prosjekt og søkje finansiering over RUP-midlane, slik dei til no har gjort. På området kultur og næring er iverksetting av Regionalt utviklingsprogram avhengig av eit tett samarbeid mellom Strategi- og næringsavdelinga og Kultur og idrettsavdelinga. Dei to avdelingane har etablert ein god dialog for å finne praktiske samarbeidsformer for å handtere dette. 10