ORGANISASJONSAVDELINGA INFORMASJONSSEKSJONEN Pressemelding 29.8.2013 Hordaland fylkesutval sitt møte 29. august 2013 i Bergen: Planlegg for miljøbåt Askøy-Bergen Før miljøbåtprosjektet Kleppestø-Bergen kan realiserast må Askøy kommune ha på plass ein kommunedelplan som omfattar ei større utbygging av Kleppestø. Men fylkeskommunen vil alt ved utlysing av ny anbodsperiode leggja forholda til rette for at det skal kunna vera mogleg med elektrisk drift av sambandet. Gjennomføring av miljøbåtprosjektet for sambandet Kleppestø - Strandkaien vert tilpassa Askøy kommune sitt arbeid med planlagt utbygging av kollektivområdet i Kleppestø. Prosessen med anbodsgrunnlag med meir, skal vidareførast så langt råd, og anbodet skal lysast ut så raskt det lar seg gjera i høve utbyggingsprosessen, seier fylkesutvalet i vedtaket sitt. Fylkesutvalet i Hordaland har vedteke at det skal lysast ut konkurranse om drift på sambandet Kleppestø-Strandkaien for ein mellombels periode frå 1. januar 2015. Fylkesutvalet sitt vedtak vart gjort med 8 (H, Frp, V) mot 7 (Ap, Sp, SV, KrF) røyster. Mindretalet (Ap, Sp, SV, KrF) røysta for følgjande forslag, som fall: «Fylkesutvalet ber om at det verte funne ei løysing som gjør det mogeleg å starte opp med miljøbåt mellom Bergen sentrum og Kleppestø.» Eit løft for idretten på Voss Idrettshallane ved dei nye vidaregåande skulane skal byggja på Voss, vil verta eit løft for idretten i området. Ved nye Voss gymnas kjem ein handballhall (23 x 44 m) pluss ein basishall (23 x 20 m) og ved nye Voss vidaregåande skule ein basketballhall. Ved begge skulane kjem det i tillegg styrketreningsrom. Dagens fem små gymnastikksalar vert erstatta med seks store salar. Ved dei noverande fem vidaregåande skulane på Voss er det eit samla hallareal på 998 kvm og 155 garderobeplassar. Ved utbygginga som står for tur, vert hallarealet meir enn dobla, til 2 112 kvm, og det vert 240 garderobeplassar. Etter ei ny vurdering av storleiken på den nye hallen ved Voss vidaregåande skule har fylkesutvalet sagt nei til å utvida denne til handballhall. Vedtaket om basketballhall på 20 x 32 m står fast. Fylkesutvalet vedtok dette med 8 (H, Frp, V) mot 7 (Ap, Sp, SV, KrF) røyster. Følgjande forslag frå Ruth Grung (Ap), fekk 7 (Ap, Sp, SV, KrF) røyster og fall:
Side 2/10 «Fylkesutvalet har som mål at det vert bygd ei fleirbrukshall med handballstørrelse for nye Voss vgs. Ber fylkesrådmann kome attende med romprogram der tomt spørsmålet er avklart. Voss er regionsenter og er blant dei kommunane som kjem dårlegast ut i forhold til idrettshall og tal på innbyggjarar. Fylkeskommunen må byggje på framtida.» Kostnaden vil auka med ca. 15 mill. kr dersom det vert bygd handballhall. Ei anna utfordring er at tomta på Skulestadmo er avgrensa med tanke på ei endå større utbygging, heiter det i saksutgreiinga. Nær 9 mill. kr til opprusting av Stend vgs Hordaland fylkesutval har løyvd 8,75 mill. kr til opprusting av Stend vidaregåande skule. Opprustinga omfattar nytt nærvarmenett, ombygging av varmeanlegget og sanering av fyrrommet i adminsistrasjonsbygget ved skulen. Tidlegare er det løyvd 300 000 kr til forprosjekt for biobrenselanlegg med nærvarmenett. Fylkesstøtte til NCE Subsea i 2013-16 Hordaland fylkesutval har vedteke å vidareføra partnarskapsavtalen med Norwegian Centre of Expertice Subsea (NCE) SA fram til 2016. Fylkeskommunen skal gje eit årleg tilskot på 550 000 kr i åra 2013-16. har vore ein av partnarane og har 2006. Dei har søkt Innovasjon Noreg har vedteke at NCE Subsea SA skal vera med i NCE programmet fram til 2016. verta endra ved at ein avviklar ei medlemsforeining og eit aksjeselskap og overfører all aktivitet til eit nytt samvirkeføretak kalla NCE Subsea SA. Det er utarbeidd ein ny strategiplan som strekkjer seg fram til 2020. Planen at NCE Subsea SA skal koma med i eit nytt klyngeprogram for Global Centre of Expertice. samhandling med andre klyngeaktørar. a ved mellom anna fram at:
Side 3/10 klyngebedriftene framhevar at NCE Subsea har medverka til auka internasjonalt engasjement. 2010. Nei til Kvennelvi kraftverk i Kvam Fylkesutvalet i Hordaland rår frå utbygging av Kvennelvi kraftverk på Kvamskogen i Kvam med bakgrunn i dei negative konsekvensane utbygginga vil få for friluftslivsverdiane i området. Det er potensial for funn av hittil ikkje kjende automatisk freda kulturminne i området. Det vert stilt krav om at undersøkingsplikta etter 9 i Kulturminneloven vert oppfylt i god tid før iverksetjing av tiltak. Det er AS som har søkt a elvestrekning. m lang veg og inntaksdam vil vera godt synle gje ein del støy. Set krav til utviding av Evanger kraftverk Hordaland fylkesutval meiner det må stillast ei rekkje krav til BKK Produksjon si planlagde overføring av nedbørsfelt for auka produksjon ved Evanger kraftverk. a a utbygging. Fylkesutvalet viser til at det er potensial for funn av hittil ikkje kjende automatisk freda kulturminne i området. Det vert stilt krav om at undersøkingsplikta etter 9 i Kulturminneloven vert oppfylt i god tid før iverksetjing av tiltak. Freda kulturminne nær tiltaksområde må merkast under anleggsarbeidet slik at dei ikkje vert skadde.
Side 4/10 Minstevassføring og tersklar må gjennomførast i samsvar med tilråding i rapport for biologisk mangfald for å ta vare på livet i og nær vasstrengane og for å ivareta landskapskarakteren. Alle naudsynte tiltak må setjast i verk for å sikra at utbygginga ikkje får konsekvensar for fisk på anadrom strekning. Røyrgater og vegar må samordnast så langt som mogleg og ikkje ta areal frå verdifulle naturtypar, som slåtteenga ved Steine og bekkekløfta i Mokedalen. Gytegrus skal leggjast ut dersom viktige gyteplassar går tapt i Harkavatnet og Skorsetvatnet. Anleggsarbeid må gjennomførast utanfor kalvingstida for rein i områda der desse kan verte uroa. Rugekassar må setjast opp der hekkeplassar for fossekall går tapt. Overføring av Horgaset BKK Produksjon AS har også søkt om overføring av fire bekkar i Horgaset til Evanger kraftverk i Voss kommune. ustings- og utvidingsprosjekt og dei største inngrepa er ein 3770 meter lang inntakstunnel, opprusting av ein stølsveg og vesentleg massedeponering. Fylkesutvalet er positiv til BKK sin søknad om overføring av bekkar til Evanger kraftverk. I vedtaket seier fylkesutvalet at det er viktig at ein tek naudsynte omsyn til den verdfulle sjøaurebestanden i Teigdalselva. Det planlagde sleppet av minstevassføring frå Oksebotn kraftverk i tørre periodar er viktig, men NVE bør og vurdera generelt slepp av minstevassføring resten av året for å bøta på reduksjonen av vatn frå bekkane. Dei store overskotsmassane må deponerast på ein mest mogleg skånsam måte for å ikkje gjera for tydelege endringar i landskapsromma. r av fleire grunneig av dei same fallrettane. Fylkesutvalet ser på det som problematisk at to konkurrerande søknader i same område og delvis om same fallrettar ikkje er sendt ut samstundes frå NVE for høyring. Dette svekker ei heilskapleg vurdering, også i høve aktuelle naturinngrep
Side 5/10 Vedtak i fylkesutvalet 29. august 2013: SAKNR. 184/13 REHABILITERING/OMBYGGING/MINDRE TILBYGG I SKULESEKTOREN 2013 - BUDSJETTENDRING 4 Fylkesutvalet godkjenner slik fordeling av midlar til rehabilitering/ombygging/mindre tilbygg i skulesektoren 2013 og at det vert gjort fylgjande budsjettendring. Meirutg./ Mindreutg./ Stad Art Prosjekt Tekst mindreinnt. meirinnt. 10 658.020.00 02320 04094 Stend vidaregåande skule Enøk/inneklima 10 777.021.00 02320 3000 Rehabilitering/ombygging/ mindre tilbygg i skulesektoren 8.750.000,- -8.750.000,- 8.750.000,- - 8.750.000,- 185/13 IDRETTSHALL PÅ NYE VOSS VIDAREGÅANDE SKULE Romprogrammet med basketballhall på nye Voss vgs vert godkjent. 186/13 INNOVASJON NORGE - VAL TIL REGIONALT STYRE For perioden 01.01.2014 31.12.2015 oppnemner følgjande som medlemer i regionalt styre i Innovasjon Norge: Tom-Christer Nilsen (H) - leiar Astrid F. Selsvold (Ap) 187/13 REGIONAL PLAN FOR NORDFJELLA - HØYRING OG OFFENTLEG ETTERSYN 1. Fylkesutvalet legg forslag til Regional plan for Nordfjella, datert 1.7.2013, ut til høyring og offentleg ettersyn med høyringsfrist 1. november 2013. Høyringsdokumenta består av plankart og planrapport med retningslinjer. 2. Aktuelle kommunar, statlege etatar med ansvarsfelt i planområdet, grunneigarorganisasjonar, næringsorganisasjonar, natur-, miljø- og friluftsorganisasjonar samt andre organisasjonar med interesser i området får skriftleg melding om høyringa. Høyringa skal kunngjerast i alminneleg leste aviser i dei aktuelle kommunane. Høyringsdokumenta vert lagt ut på internett.
Side 6/10 3. Fylkesutvalet føreset at resultatet frå høyringa vert drøfta i styringsgruppa og innarbeidd i revidert versjon før planen kjem til slutthandsaming i dei tre fylkeskommunane. Saka skal da leggjast fram for dei tre fylkesutvala som gjer framlegg om slutthandsaming i dei tre fylkestinga. 4. Høyringa vert gjennomført under føresetnad om likelydande vedtak i fylkestinga i Buskerud og Sogn og Fjordane. 188/13 VIDAREFØRING AV PARTNARSKAPSAVTALEN MED NORWEGIAN CENTRE OF EXPERTICE SA Fylkesutvalet ser positivt på arbeidet i NCE Subsea SA og vidareførar partnarskapsavtalen fram til 2016 medrekna ei årleg støtte på kr 550 000. Midlane blir tatt frå RUP budsjettet. 189/13 GODKJENNING AV RETTA EMISJON MOT VOSS OG TYSNES KOMMUNAR I BUSINESS REGION BERGEN godkjenner den retta emisjonen og Voss kommune og Tysnes kommune som nye medeigarar i Business Region Bergen AS, samt vedtektsendringar knytt til 1 og 4: 1 - har no, som Bergen kommune, redusert sin del av aksjene frå 35 % til 33 %. 4 - Det totale talet på aksjer er auka frå 1.000 stk til 1.056 stk, med ein samla verdi på kr 1.056.000,- 190/13 SØKNAD OM KVENNELVI KRAFTVERK I KVAM HERAD - FRÅSEGN 1. Fylkesutvalet i Hordaland rår frå utbygging av Kvennelvi kraftverk med bakgrunn i dei negative konsekvensane utbygginga vil få for friluftslivsverdiane i området. 2. Det er potensial for funn av hittil ikkje kjende automatisk freda kulturminne i området. Det vert stilt krav om at undersøkingsplikta etter 9 i Kulturminneloven vert oppfylt i god tid før iverksetjing av tiltak. 191/13 SØKNAD OM TILLEGGSOVERFØRING TIL EVANGER KRAFTVERK OG UTBYGGING AV TVERRELVI OG MUGGÅSELVI I VOSS KOMMUNE - FRÅSEGN 1. Det er potensial for funn av hittil ikkje kjende automatisk freda kulturminne i området. Det vert stilt krav om at undersøkingsplikta etter 9 i Kulturminneloven vert oppfylt i god tid
Side 7/10 før iverksetjing av tiltak. 2. Freda kulturminne nær tiltaksområde må merkast under anleggsarbeidet slik at dei ikkje vert skadde. 3. Minstevassføring og tersklar må gjennomførast i samsvar med tilråding i rapport for biologisk mangfald for å ta vare på livet i og nær vasstrengane og for å ivareta landskapskarakteren. 4. Alle naudsynte tiltak må setjast i verk for å sikre at utbygginga ikkje får konsekvensar for fisk på anadrom strekning. 5. Røyrgater og vegar må samordnast så langt som mogleg og ikkje ta areal frå verdifulle naturtypar, som slåtteenga ved Steine og bekkekløfta i Mokedalen. 6. Gytegrus skal leggjast ut dersom viktige gyteplassar går tapt i Harkavatnet og Skorsetvatnet. 7. Anleggsarbeid må gjennomførast utanfor kalvingstida for rein i områda der desse kan verte uroa. 8. Rugekassar må setjast opp der hekkeplassar for fossekall går tapt. 192/13 SØKNAD FOR ASKJELLDALEN PUMPEKRAFTVERK - FRÅSEGN Saka vert utsett. 193/13 HØYRING AV SØKNAD OM OVERFØRING AV HORGASET MED FLEIRE TIL EVANGER KRAFTVERK I VOSS KOMMUNE 1. Fylkesutvalet er positiv til BKK sin søknad om overføring av bekkar til Evanger kraftverk. 2. Det er viktig at ein tek naudsynte omsyn til den verdfulle sjøaurebestanden i Teigdalselva. Det planlagde sleppet av minstevassføring frå Oksebotn kraftverk i tørre periodar er viktig, men NVE bør og vurdera generelt slepp av minstevassføring resten av året for å bøta på reduksjonen av vatn frå bekkane. 3. Dei store overskotsmassane må deponerast på ein mest mogleg skånsam måte for å ikkje gjere for tydelege endringar i landskapsromma. 4. Fylkesutvalet ser på det som problematisk at to konkurrerande søknader i same område og delvis om same fallrettar ikkje er sendt ut samstundes frå NVE for høyring. Dette svekker ei heilskapleg vurdering, også i høve aktuelle naturinngrep 194/13 HØYRINGSUTTALE - REGIONAL TRANSPORTPLAN SOGN OG FJORDANE 2014-2023 : Fylkesutvalet støttar høyringsframlegget til Regional transportplan Sogn og Fjordane 2014 2023 utan vidare merknader.
Side 8/10 195/13 BÅTRUTA KLEPPESTØ - STRANDKAIEN 1. Gjennomføring av miljøbåtprosjektet for sambandet Kleppestø - Strandkaien vert tilpassa Askøy kommune sitt arbeid med planlagt utbygging av kollektivområdet i Kleppestø. Prosessen med anbodsgrunnlag med meir, skal vidareførast så langt råd, og anbodet skal lysast ut så raskt det lar seg gjere i høve utbyggingsprosessen. 2. Det vert utlyst konkurranse om drift på sambandet Kleppestø-Strandkaien for ein mellombels periode frå 1. januar 2015. 196/13 REGIONAL AREAL- OG TRANSPORTPLAN FOR BERGENSOMRÅDET - AV PLANPROGRAM 1. Fylkesutvalet vedtek med heimel i plan- og bygningslova 8-3 planprogram for regional areal- og transportplan for Bergensområdet med fylgjande endringar: a. Tilgjenge blir innarbeidd som ein del av føremålet i kapittel 2 og som ein del av kapittel 5.4 b. Friluftsliv blir innarbeidd som ein del av delføremål grønstruktur i kapittel 2. c. Tillegg i kapittel 3 om rammer og føringar blir endra i tråd med tilrådingane i saksframlegget. d. Premissane som ligg til grunn for val av utviklingsmodell må bli skildra tydelegare i planprogrammets kapittel 4 (Modellar for utvikling). e. Utgreiingar knytt til innfartsparkering, massedeponi og behov for ny infrastruktur for veg blir innarbeidd i endeleg planprogrammets kapittel 5.4 (Transport). f. Medverknad med kommunane må bli utdjupa i planprogrammet. g. Planprogrammet sitt kapittel 8 (Konsekvensutgreiing) må bli tydelegare på at det skal bli utgreidd fleire arealalternativ. h. Tema marint miljø, vassressursar, verna vassdrag, forsvaret sine interesser og energiinfrastruktur blir tatt inn som ein del av konsekvensutgreiinga i kapittel 8 (Konsekvensutgreiing). Fylkesrådmannen får fullmakt til redaksjonell utforming av endringane i punkt a h. 2. Den geografiske avgrensinga av planområdet blir oppretthaldt slik den var føreslått i planprogrammet. Transportkorridoren Bergen Voss skal likevel vere med som eit plantema. 3. Fylkesutvalet oppnemner og inviterer til styringsgruppa a. Fylkesutvalet oppnemner alle gruppeleiarane og utvalsleiarane på fylkestinget til medlemmar i styringsgruppa.
Side 9/10 b. Fylkesutvalet oppnemner to medlemar i fylkesutvalet til medlemmar i styringsgruppa, Tom Christer Nilsen, leiar, og Astrid Selsvold c. Fylkesutvalet inviterer alle ordførarane/byråden i alle kommunane til medlemmar i styringsgruppa. 4. Fylkesrådmannen får fullmakt til å invitere til deltaking i den administrative koordineringsgruppa og eventuelle temagrupper i samsvar med planprogrammet. 5. Finansiering av planarbeidet blir innarbeidd i sak om fordeling av midlar frå posten regional planstrategi og for budsjettet 2014. 197/13 SPISSING AV VISJONSFORMULERING FOR HORDALAND FYLKESKOMMUNE Fylkesutvalet gjer vedtak om følgjande formulering av visjon for : «Vi utviklar Hordaland.» 198/13 REKNESKAPSRAPPORT PR. JUNI 2013 Fylkesutvalet tek rekneskapsrapporten pr. juni 2013 til orientering. 199/13 SAMARBEIDSAVTALER MED REGIONALE NÆRINGSUTVIKLINGSAKTØRAR, - PRIOTERINGSKRITERIA OG FORVALTINGSREGIME. 1. Fylkeskommunal støtte til regionale næringsretta utviklingsaktørar skal vurderast ut frå desse kriteria: a) Aktørane skal gjennom definerte aktivitetar og tiltak medverke til å oppfylle mål og prioriterte innsatsområde i regional næringsplan, regionalt utviklingsprogram og eventuelle vedtekne næringsretta strategiar på det aktuelle feltet. b) Er fylkeskommunal støtte avgjerande for eksistensen for samarbeidsaktørane, eventuelt for dei aktivitetane fylkeskommunen ønskjer å styrke. c) Vil fylkeskommunal støtte medverke til betre samarbeid og fagleg koordinering av innsatsen i høve til andre aktørar med same eller tilgrensande arbeidsfelt/fagområde. d) Vil fylkeskommunal støtte medverke til betre ressursutnytting gjennom fysisk same lokalisering, felles kontortenester etc. e) For prosjekt og einingar under nasjonale næringsutviklingsprogram blir det i tillegg lagt inn som eit prioriteringskriterium om fylkeskommunale midlar vil ha ein utløysande effekt ved etablering eller medverke til monaleg høgare aktivitetsnivå. Dette skal også gjelde regionale tiltak og einingar med tilsvarande formål, men som ikkje er med i nasjonale program. 2. Forvaltingsregime for handsaming av søknader om støtte frå regionale næringsutviklingsaktørar: a) Alle saker om fleirårige samarbeidsavtaler og støtte skal handsamast av fylkesutvalet.
Side 10/10 b) Avtalene skal vere tidsavgrensa til ein periode på 3 år, men kan i tilfelle der det er særlege grunnar for det, gjelde for inntil 5 år. I ei sak om vidareføring for ein ny periode, skal samarbeidet vurderast i høve til inngått avtale og til punkt 1 over. c) Moglegheita for finansiering av ein aktør over RUP budsjettet for ein periode på 3 til 5 år skal normalt nyttast før ein eventuelt fremmer forslag om overføring til budsjettposten Mellombelse driftstilskott. Aktørar som blir finansiert over Mellombelse driftstilskott, skal normalt ikkje overførast til RUP budsjettet sjølv om omfanget av samarbeidet blir justert/endra. d) Fylkeskommunal støtte til aktørar under ordningar i regi av dei nasjonale virkemiddelaktørane skal skje frå RUP budsjettet, også utover ein periode på 5 år, dersom ikkje særskilte forhold talar for noko anna. Der dette er mogleg, vil dette også gjelde andre regionale aktørar med tilsvarande føremål og organisering, men som av ulike grunner ikkje er med i ei ordning under dei nasjonale virkemiddelaktørane. e) Saker om vidareføring av samarbeid må vere avgjort så tidleg på året at ei eventuell vidareføring av samarbeidet kan innarbeidast i budsjettet for året etter. 3. I gjennomgangen av aktørar som for tida får støtte frå fylkeskommunen gjeld: a) Vidareføring av samarbeid frå 2014 med alle regionale næringsutviklingsaktørar med unntak av VilVite og BRB, skal vurderast i høve til punkt 1over. Dette gjeld støtte både over RUP budsjettet og over Mellombelse driftstilskott. b) Det blir gjort ei særskilt vurdering av om støtte til VilVite skal bli handsama saman med næringsretta utviklingsmidlar eller bli overført til Opplæringsavdelinga sitt ansvarsområde. c) Støtte til BRB skal framleis skje etter særskilt handsaming. 4. Samarbeid med nye aktørar skal bli vurdert i høve til prioriteringskriteria i denne saka. 5. Fylkesutvalet viser til sak 87/13 punkt 3 og ønskjer i haust å få eiga sak om kva organisasjonar som skal få driftsstøtte frå 2014.