PLANPROGRAM For S9 Brakastølen, Vestre Slidre kommune Planid: 0543R130 Dato: 09.01.2018 1
1 Innleiing... 3 2 Geografisk plassering, utgreiingsområde... 3 3 Eksisterande planar i området... 4 3 Situasjon i dag... 5 4 Utredningskrav... 7 4.1 Planprogram, planomtale... 7 4.2 Samfunnssikkerheit og risiko- og sårbarheitsanalyse... 8 4.3 Spesielt for område S9... 8 5 Nasjonale og regionale føringar form planarbeidet... 8 5.1 Nasjonal arealpolitikk... 8 5.2 Rikspolitiske retningsliner... 8 5.3 Fylkesplan for Oppland, fylkesdelplan... 9 5.4 Gjeldande kommuneplan for Vestre Slidre... 9 6 Planprosessen, framdriftsplan... 9 7 Utbyggingsalternativ... 9 8 Moglege konsekvensar temavurderingar som skal utgreiast / førebels vurdering... 10 9 Informasjon og medverknad... 12 2
1 Innleiing Det vart halde oppstartsmøte med Vestre Slidre kommune den 3. januar 2018. Formålet med planarbeidet er fortetting av eksisterande og utviding av område for fritidsbebyggelse. Område S9 ligg i gjeldande kommunedelplan for Vaset som framtidig erverv-område og ligg på deler av eigedommen gnr. 66, bnr. 1. Utbyggjar ønskjer å regulere S9-området til kombinert formål næring/fritidsbolig. Dette samsvarer ikkje med overordna plan, kommunedelplan for Vaset, og det er difor nødvendig å lage planprogram for S9-området. Kommunen utgreier om planprogram er tilstrekkelig for S9, eller om KU må til. S9-området er ein del av heile planområdet for Brakastølen som strekkjer seg frå Krokåne i sør til øvre grense for område ERP 25a i kommunedelplanen, opp mot Storhøvda. Det skal lagast detaljreguleringsplan for heile området, der S9 er inkludert. 2 Geografisk plassering, utgreiingsområde Figur 1: Oversiktskart kommunedelplan for Vaset-området, med plassering av S9-området Figur 2: Utsnitt frå kommunedelplan for Vaset/Svedalen/Ålfjell, område S9 3
Kommunedelplan for Vaset/Svedalen/Ålfjell er overordna plan for området. Den vart godkjend i kommunestyret den 10.11.2005. Det er sett i gang arbeid med ny arealdel til kommuneplan som også omfattar kommunedelplanområdet for Vaset. Figur 3: Plangrense for detaljreguleringsplan for Brakastølen, med område S9 i sør. 3 Eksisterande planar i området Reguleringsplanar i området: Høyset Panorama, planid 0543R064, vedtatt 08.11.2007 Brakastølen Hyttegrend øst, planid 0543R039, vedtatt 18.04.2002. Øvre Ulset, planid 0543R056, vedtatt 29.03.2007. Ulven Hyttegrend, planid 0543R104, vedtatt 24.09.2015. Vasetvatnet rundt, heimsida, planid 0543R091, planprosess 2013-14, ikkje ferdig behandla. 4
Figur 4: Reguleringsplanar i området 3 Situasjon i dag Terrenget heller mot sør, er solrikt og har god utsikt utover Vasetvatnet og over mot fjella i sør. Den sørvendte lia har spreidd bjørkeskog med nokre opne parti imellom. Nedafor Øyestøladn går Krokånvegen som møter Murkelivegen nokre hundre meter lenger vest. Murkelivegen går rundt Vasetvatnet på sørsida av vatnet og vert kobla til Panoramavegen ved Vasetstølen. Krokånvegen tek av frå Knippesetvegen på nordsida av Vasetvatnet ved Ødestøladn og passerer bl.a. Brakastølen og går vidare nordover til den møter Haugrudvegen ved Knippesethøgde. 5
Figur 3: Øyestøladn, gnr. 66, bnr. 1 Området S9, del av Øyestøladn, er i dag innmark og blir brukt i landbruket. Heile stølsjordet vert brukt til grasproduksjon. Figur 4: Spreidde hytter i området (merka med gul farge). Skiløypa Vasetvatnet rundt ned for stølen I området er det spreidde hytter, for det meste eldre bebyggelse. Nedafor Krokånvegen går skiløypa Vasetvatnet rundt. 6
4 Utredningskrav 4.1 Planprogram, planomtale Planprogram er heimla i 4-1 i Plan- og bygningslova, der det står følgjande i dei tre første ledda: For alle regionale planer og kommuneplaner, og for reguleringsplaner som kan ha vesentlig virkning for miljø og samfunn, skal det som ledd i varsling av planoppstart utarbeides et planprogram som grunnlag for planarbeidet. Planprogrammet skal gjøre rede for formålet med planarbeidet, planprosessen med frister og deltakere, opplegget for medvirkning, spesielt i forhold til grupper som en kan tro blir særlig berørt, hvilke alternativer som vil bli vurdert og behovet for utredninger. Forslag til planprogram sendes på høring og legges ut på offentlig ettersyn samtidig med varsling av planoppstart. Planprogrammet fastsettes ordinært av planmyndigheten. Dersom berørte regionale og statlige myndigheter på grunnlag av forslag til planprogram vurderer at planen kan komme i konflikt med nasjonale eller viktige regionale hensyn, skal dette framgå av uttalelsen til forslaget til planprogram. Kommunen utgreier om planprogram er tilstrekkelig for område S9, eller om KU må til. Planprogrammet skal: Klargjera formålet med planarbeidet og kva ein ser som viktig i høve til miljø og samfunn. Visa lokalisering av planområdet på kart. Oppsummere noverande status for planområdet. Fastsetja kva som skal utgreiast og/eller skildrast nærare i det vidare planarbeidet. Vise framdrift og medverknad i planarbeidet. Område S9 ligg i gjeldande kommunedelplan for Vaset som Erverv, framtidig, og ligg på deler av eigedommen gnr. 66, bnr. 1. Utbyggjar ønskjer å regulere S9-området til kombinert formål næring/fritidsbolig. 7
4.2 Samfunnssikkerheit og risiko- og sårbarheitsanalyse Plan- og bygningslova 4-3 seier følgjande: Ved utarbeidelse av planer for utbygging skal planmyndigheten påse at risiko- og sårbarhetsanalyse gjennomføres for planområdet, eller sjølv foreta slik analyse. Analysen skal vise alle risiko- og sårbarhetsforhold som har betydning for om arealet er egnet til utbyggingsformål, og eventuelle endringer i slike forhold som følgje av planlagt utbygging. Område med fare, risiko eller sårbarhet avmerkes i planen som hensynssone, jf. 11-8 og 12-6. Planmyndigheten skal i arealplaner vedta slike bestemmelser om utbyggingen i sonen, herunder forbud, som er nødvendig for å avverge skade og tap. Det skal utarbeidast ROS-analyse som følgjer reguleringsplanen. 4.3 Spesielt for område S9 I gjeldande kommunedelplan for området er S9 lagt inn som framtidig erverv i plan- og bygningslova (PBL) som gjaldt i 2005. Det betyr næringsverksemd. I detaljreguleringsplanen er det ønskje om å regulere til kombinert formål næring/fritidsbolig. I det ligg det at det er ønskje om utleiehytter og - leilegheiter i næring og fritidsbolig innafor området. Skilnaden i planlagt formål og godkjent formål er ikkje stor, då området i begge tilfelle skal nyttast til Bebyggelse og anlegg, PBL 11-7.1, og det kan ikkje drivast landbruk i området slik det vert praktisert i dag. 5 Nasjonale og regionale føringar form planarbeidet 5.1 Nasjonal arealpolitikk Stortingsmeldingar: - St.meld. nr. 26 (2006-2007), Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand. - St.meld. nr. 16 (2004-2005), Leve med kulturminner. - St.meld. nr. 35 (2012-2013), Framtid med fotfeste - kulturminnepolitikken. - St.meld. nr. 40 (2002-2003), Nedbygging av funksjonshemmedes barrierer. - St.meld. nr. 42 (2000-2001), Biologisk mangfold. - St.meld. nr. 14 (2015-2016), Natur for livet. Norsk handlingsplan for naturmangfold. - St.meld. nr. 39 (2000-2001), Ein veg til høgare livskvalitet. - St.meld. nr. 1 (2003-2004), Nasjonal handlingsplan for bærekraftig utvikling. 5.2 Rikspolitiske retningsliner Rikspolitiske retningslinjer og rundskriv: - Retningslinje for behandling av støy i arealplanleggingen. (Miljøverndepartementets T -1442) angir krav til hvordan støyforhold skal behandles i ulike arealplaner. - Statlige planretningslinjer for samordnet bustad-, areal- og transportplanlegging, 2014. 8
- Statlig planretningslinje for klima- og energiplanlegging, fastsatt 4. September 2009 - Den europeiske landskapskonvensjonen som trådte i kraft 1. mars 2004 - Lov om forvaltning av naturens mangfold (naturmangfoldloven) av 19. Juni 2009 - Planlegging og utbygging i fareområder langs vassdrag, retningslinje 1-2007 NVE - Rundskriv, T-2/08- Miljøverndepartementet, Om barn og planlegging. - Regjeringens handlingsplan for universell utforming og økt tilgjengelighet 2009-2013 5.3 Fylkesplan for Oppland, fylkesdelplan Fylkesplanen gir ikkje føringar som påverkar dette planarbeidet direkte. 5.4 Gjeldande kommuneplan for Vestre Slidre Kommuneplan for Vestre Slidre ble vedtatt i kommunestyret i to omganger, 18.09.2003, K-48/03, og 29.04.2004, K-23/04. Kommunedelplan for Vaset ble godkjent 10.11.2005. Arbeid med revisjon av arealdelen til kommuneplanen er sett i gang, og den inkluderer Vaset. 6 Planprosessen, framdriftsplan Det vart halde oppstartsmøte med Vestre Slidre kommune den 03.01.2018. Forslag til planprogram vert sendt ut saman med varsel om oppstart av planarbeidet og varsel om utbyggingsavtale. Høyringsfrist er minimum 6 veker. Parallelt med høyringsperioden til planprogrammet vert det arbeidd med forslag til planløysing. Eventuelle merknader til planprogrammet og til varsel om oppstart av planarbeidet vert innarbeidd i forslag til reguleringsplan. Etter at snøen har gått i mai-juni 2018 må området synfarast av hydrogeolog med tanke på overvatn og fare for sørpeskred/snøskred. Vidare må området synfarast av Oppland fylkeskommune for å registrere eventuelle kulturminner, og usikre eigedomsgrenser må målast inn. Det vert samarbeidd med Vestre Slidre kommune som skal planleggja kommunale hovudleidningar for vatn og avlaup i området, parallelt med at det vert laga ein overordna VA-plan innan planområdet til Brakastølen. Dersom det ikkje skjer uforutsette ting så kan planforslaget leverast Vestre Slidre kommune til behandling før sommerferien 2018. 7 Utbyggingsalternativ Det vert ikkje utarbeidd fleire utbyggingsalternativ innafor område S9, men i planprosessen vert det vurderte ulike alternative løysingar til tilkomst. 9
8 Moglege konsekvensar temavurderingar som skal utgreiast / førebels vurdering Føresegnene om konsekvensutgreiingar av desember 2014 medfører at konsekvensutgreiing skal integrerast i arealplanlegginga for saker som vert avgjort gjennom plan. Krav til konsekvensutgreiing for arealplanar skal fastleggjast gjennom innleiande behandling av forslag til planprogram. I følgje forskrifta 2 bokstav d) skal detaljreguleringar som medfører endringar av kommuneplan eller områderegulering vurderast etter forskrifta 4. Konsekvensane av planen skal utgreiast dersom dei er i konflikt med følgjande tema: Tema Konflikt Ikkje konflikt a) område som er verna, midlertidig verna eller foreslått verna etter naturmangfoldlova kap. V eller etter markalova 11, b) kulturminner eller kulturmiljø som er freda, midlertidig freda eller foreslått freda etter kulturminnelova eller verna etter plan- og bygningslova, eller der det finst eller er stor sannsynlighet for å finne automatisk freda kulturminner som inngår i eit kulturmiljø med stor tidsdybde, c) laksebestander i områder som er omfatta av ordningen med nasjonale laksevassdrag og nasjonale laksefjorder, d) en forekomst av en utvalgt eller truet naturtype, verdifull naturtype av verdi A eller B, truet eller prioritert art, eller mot økologisk funksjonsområde for en prioritert art, Vurderast i planprosessen Vurderast i planprosessen e) naturområder som er særlig viktige for utøvelse av friluftsliv, Vurderast i planprosessen f) særlig verdifulle landskap, store sammenhengende naturområder med urørt preg eller vernede vassdrag, g) utøvelsen av samiske utmarksnæringer, eller er lokalisert i reindriftens særverdiområder eller minimumsbeiter og vil kunne komme i konflikt med reindriftsinteresser, h) større omdisponering av landbruks-, natur- og friluftslivsområder eller områder som er regulert til landbruk og som er av stor betydning for landbruksvirksomhet, i) vesentlig økt belastning av luftforurensning, støy eller lukt, eller vesentlig forurensning til vann, grunn eller sedimenter eller vesentlig stråling, Vurderast i planprosessen 10
j) vesentlig økning av utslipp av klimagasser, k) risiko for alvorlige ulykker, ras, skred eller flom, Vurderast i planprosessen l) konsekvenser for befolkningens helse eller helsens fordeling i befolkningen, m) vesentlig påvirkning av miljømessig sårbarhet, naturens tålegrense eller områder der fastsatte grenseverdier er overskredet, n) omfattende bruk av eller båndlegging av naturressurser eller medføre store mengder avfall, o) vesentlige miljøvirkninger i en annen stat, p) vesentlige konsekvenser for befolkningens tilgjengelighet til uteområder, bygninger og tjenester, eller q) statlige planretningslinjer, statlige planbestemmelser eller regionale planbestemmelser gitt i medhold av lov 27. juni 2008 nr. 71 eller gjeldende rikspolitiske bestemmelser eller rikspolitiske retningslinjer gitt i medhold plan- og bygningsloven av 14. juni 1985. I oppstartsmøtet kom det fram at følgjande tema skal utgreiast i planarbeidet: Vurdering av planområdet i høve naturmangfoldlova 8-12. Vatn og avlaup i området, overvatn. Tilhøvet til kulturminner. Tilhøvet til friluftsinteresser. Estetikk og byggeskikk, eksponering og vurdering av landskapsrommet. Naturgrunnlag: Grunnforhold, helningsgrad, solforhold, vegetasjon, topografi, geologiske ressursar. Fortetting: Vurdere forholdet til eksisterande hytter. Grønnstruktur: Skiløype bør regulerast inn. Landskap, verknad. Avfallshandtering. Avklarast med VKR. Trafo, avklarast med Valdres Energiverk. Ras, skred, flom, spesielt sørpeskred og flom i bekk. Trafikksikkerheit: Frisikt mot hovudveg Knippesetvegen. Dei tema som er nemnde ovafor vert omtala i planomtalen for heile planområdet Brakastølen. 11
9 Informasjon og medverknad Naboar og private og offentlege instansar vert varsla om planarbeidet når planprogrammet vert sendt ut på høyring saman med varsel om oppstart av planarbeidet. Det vert halde eit informasjonsmøte for naboar om planarbeidet i planprosessen, før planen vert send til Vestre Slidre kommune til behandling. I tillegg vert forslag til reguleringsplan lagt ut på høyring og offentleg ettersyn etter første gongs behandling i planutvalet. 12