Praksishefte for barnehagelærarutdanninga Gjeldande frå 24.10.2018 1
Innhald 1.0 Retningslinjer for praksis i barnehagelærarutdanninga... 3 1.1 Arbeidstid i praksisperiodar... 3 1.2 Grunnskulepraksis... 3 1.3 Krav til frammøte i praksisperiodane.... 4 1.4 Fråvær praksislærar... 5 2.0 Rolle og oppgåvefordeling internt på HVL, Campus Stord.... 5 2.1 Studenten har ansvar for:... 5 2.2 Profesjonsrettleiar har ansvar for :... 5 2.3 Styrar har ansvar for:... 5 2.4 Praksislærar har ansvar for:... 6 2.5 Praksisleiar har ansvar for:... 6 3.0 Rutinar ved fare for å få vurderinga «ikkje greidd» praksis... 7 4.0 Saksgang i skikkavurderingssaker... 7 4.1 Tvilsmelding... 8 4.2 Institusjonsansvarleg sitt ansvar... 8 4.3 Forskrift om studium og eksamen ved HVL... 8 5.0 Lønn... 9 2
1.0 Retningslinjer for praksis i barnehagelærarutdanninga 1.1 Arbeidstid i praksisperiodar Arbeidstid: 6,5 timar per dag. Etter avtale er studenten med på både tidlege og seine vakter. Pausen er inkludert i dei 6,5 t pr. dag. Legetimar mm må takast igjen time for time. Studentane bør følgje same vaktlista som sin praksislærar. Vikararbeid: Studenten skal ikkje nyttast som vikar i den tida han/ho er i praksis. Det forventast likevel at studenten tar del i dei daglege aktivitetane på avdelinga/basen og gjennomfører dei oppgåvene som er gitt av praksislærar og faglærar ved HVL. Møteverksemd: Studenten skal ta del i personal- og avdelingsmøte. Å delta på slike møte er ein viktig del av praksisopplæringa. Dersom studenten tek del i andre møte i barnehagen som ligg utanom den ordinære arbeidstida, kan studenten avspasere inntil ein dag. Rettleiing: All praksis i barnehagelærarutdanninga skal vera rettleia. Studenten skal ha minimum 1,5 time rettleiing pr. veke, individuelt eller i gruppe. Rettleiinga skal vera planlagt, og studenten må levera skriftleg rettleiingsgrunnlag seinast dagen før. Målet med rettleiing er å fremja studenten si faglege og personlege utvikling. 1.2 Grunnskulepraksis I grunnskulepraksisen skal studentane ha observasjonspraksis i skulen og få innblikk i det skulen gjer for å letta overgangen frå barnehage til skule. Det er lagt opp til at studentane skal observera likskapar og ulikskapar knytt til korleis ein jobbar innanfor fagområda matematikk, norsk og pedagogikk i skule og i barnehage. Studentane skal vera med elevane i 1. klasse og SFO i løpet av denne veka. Arbeidstid: 6,5 timar per dag. Pausen er inne i dei 6,5 t pr. dag. Legetimar mm må takast igjen time for time. 3
1.3 Krav til frammøte i praksisperiodane. Praksisperiodar på lengre enn 10 dagar: Ved inntil 2 dagar fråvær kan studenten ta det igjen ved å arbeide lengre dagar i praksis eller forlenge praksisperioden. Dette skal gjerast i samråd med praksislærer. Ved meir enn 2 dagar fråvær må studenten ta igjen heile dagar med praksis og dermed forlenga praksisperioden. Ved fråvær utover 2 dagar melder praksislærar fråvær til HVL v/praksisansvarleg. Barnehage og HVL/praksislærar/student finn ei ordning for korleis praksis vert teke att. Ved meir enn 3 3 dagar samanhengande fråvær må student levera sjukemelding til HVL, Campus Stord, v/studiekonsulent. Omfang av praksis: Praksis har eit omfang på minst 100 dagar rettleia praksis i løpet av bachelorutdanninga. 75 dagar ligg i dei to første studieåra og 25 dagar er plassert tredje studieår. 95 dagar skal gjennomførast i barnehage, og 5 dagar skal vera i grunnskulen. Ein student kan trekka seg frå praksis seinast ei veke før praksis tar til. Om ein student trekker seg frå praksis etter denne fristen utan gyldig grunn, har studenten brukt opp eit av totalt to praksisforsøk av den aktuelle praksisperioden. I praksis skal studentane bli kjende med dei utfordringane og det kravet som blir stilt til ein barnehagelærar. Studentane skal samhandle med barn, foreldre og personalgruppa i barnehagane og få erfaring med å vere leiar for barn og vaksne. Praksisopplæringa bør organiserast slik at heile barnehagen vert ein praksisarena for studenten. Studenten må ha 100% oppmøte. Individuell praksisavtale: Kvar student skal saman med praksislærar utforma konkrete målsettingar for eige arbeid i praksis. I avtalen skal praksislærar og student avklara gjensidige forventingar til kvarandre. Den individuelle praksisavtalen er eit viktig dokument i praksis og skal nyttast aktivt. Praksisavtalen er meint å vera eit dynamisk dokument som kan endrast og justerast undervegs i studenten si utvikling. Det skal alltid vera mål å strekke seg etter. 4
1.4 Fråvær praksislærar Ved praksislærar sin sjukdom i praksisperioden må barnehagen finna ei intern løysing for studenten slik at praksisperioden kan gjennomførast (Styrar/andre pedagogar). Gje snarleg melding til praksisleiar ved HVL Campus Stord. Fråvær hjå praksislærar i praksisperioden/samarbeidsmøte skal HVL vera informert om. 2.0 Rolle og oppgåvefordeling internt på HVL, Campus Stord. 2.1 Studenten har ansvar for: o Å ta kontakt med praksislærar før praksisperioden tek til, og avtala tid for oppmøte o Å gje melding om fråvær til praksisbarnehagen og praksisleiar/hvl o Å vera aktiv i eige læringsarbeid: I førebuing, gjennomføring og etterarbeid av praksisperiodane. 2.2 Profesjonsrettleiar har ansvar for : o Å vera hovudkontakt for studieprogramansvarleg, assisterande instituttleiarar, praksisleiar og studiekonsulent. o Å delta på interne koordineringsmøte i utdanninga og møter med praksisfeltet. o Ansvar og oppgåver i samband med møta og studiestart avtalast nærare med studieprogramansvarleg. o Å syta for at det vert gjennomført val av tillitsvalde i studentgruppa og ta initiativ til møte om klassemiljøet ved behov. o Å drifta «klasserom» i Canvas for studentgruppa, aktuelle faglærarar og praksislærarar/praksisrettleiarar. o Å gjennomføra utdanningssamtale med kvar student og samarbeida med studieadministrasjonen om tilpassa utdanningsplan for studentar med særskilte behov. 2.3 Styrar har ansvar for: o Å leggje til rette for at barnehagen kan ta imot studentar. o Å lesa studieplan og emneplanar for kunnskapsområde studenten har fokus på. o o Å laga plan for korleis barnehagen tek imot og tek ansvar for studentane. Å informere studentane om barnehagen som organisasjon, og gje innføring i barnehagen sine visjonar og planar. 5
o Å skapa eit godt læringsmiljø for studenten både gjennom intern organisering av praksis, og leggje til rette for at praksislærarane utviklar rettleiingskompetanse. o Å samarbeida med HVL og praksislærar om å vurdera student i praksisopplæringa. o Å samarbeida med utdanninga om å vurdere studenten som skikka for yrket. o Å vera kontaktledd mellom HVL og praksisbarnehagen om det er behov for spesiell oppfølging. o Har ansvar for at HVL får refusjonskrav innan fastsett frist. o Å signera avtale om praksisopplæring og returnera denne til HVL. Det er viktig at studentane får innsikt i barnehagen som organisasjon og styrar sine arbeidsoppgåver. Styrar, praksislærar og HVL samarbeider og skal saman vurdera om studenten er skikka for yrket! 2.4 Praksislærar har ansvar for: o Å gje opplæring i praksisbarnehagen. o Å vera med på praksismøte og drøftingsforum. o Å lesa praksismappa og emneplanar for kunnskapsområde studenten skal ha praksis i. o Å gje studenten rettleiing knytt til førebuing, gjennomføring og etterarbeid av ulike arbeidsoppgåver i barnehagen. o Å gje studenten rom for faglege drøftingar og høve til å reflektera. o Å gje studenten tid til å gjera arbeid knytt til oppgåver i praksis. o Å gje studenten leiarerfaring. o Å utarbeida og gå gjennom sluttvurdering med studenten. o Å ta kontakt med styrar og HVL v/ praksisleiar så tidleg som mogeleg dersom det er tvil om studenten skal få vurderinga greidd praksis. o I den grad det går an bør praksislærar leggje avspasering utanom praksisperiodane. o Praksislærar skal vera minst 60% til stades på avdelinga/basen når studenten gjennomfører praksis. 2.5 Praksisleiar har ansvar for: o Å gjer avtale med praksisbarnehagane o Å kalla inn og leia praksisseminar for nye praksislærarar før praksis. o Å kalla inn til møte med styrar for praksisbarnehagane ved behov. o Å arrangera praksismøter/drøftingsforum i samarbeid med profesjonsrettleiar. o Å kartlegga praksisbehov og skaffa nok praksisplassar. 6
o Å vera kontaktperson mellom praksisbarnehagane og HVL. o Å senda ut informasjon til styrar i praksisbarnehagane i forkant av praksisperiodane. o Å legga til rette for at studentane i praksis får erfaring med barn i alderen 1 6 år. o Å legga til rette for at studentane i praksis får erfaring med ulike typar barnehagar. o Å legga til rette for at studentane kan ha praktisk eksamen med barn til stades. o Å ha det praktiske ansvaret for å få formelle avtaler på plass. o Å følgje opp og ha tett kontakt med student og praksislærar dersom studenten står i fare for å få vurderinga ikkje greidd praksis i samarbeid med profesjonsrettleiar. o Å gå gjennom sluttvurdering av studentane og gje tilbakemelding til eksamenskontoret. o Å følgja opp rutinar for studentoppfølging og skikkahetsvurdering saman med profesjonsrettleiar og skikkahetansvarleg. o Ansvar for BLU/ABLU studentanes vurdering etter kvar praksisperiode og sikra at alle praksislærarar har levert inn vurderinga. o Å gje tilbakemelding til eksamenskontoret om studentane har greidd/ikkje greidd praksis. 3.0 Rutinar ved fare for å få vurderinga «ikkje greidd» praksis Dersom praksislærar er i tvil om ein student vil få vurderinga «greidd» i praksisperioden, skal praksisleiar kontaktast på telefon. Ut frå mål og vurderingskriterier for perioden skal praksislærar grunngje og tydeleggjera at studenten står i fare for å få vurderinga «ikkje greidd» praksis. Praksisleiar/profesjonsrettleiar ved HVL, Campus Stord, kan delta på møter med praksislærar og student og er med i prosessen. Praksislærar må gje både munnleg og skriftleg tilbakemelding på kva som vert kravd av studenten for å kunne få vurderinga «greidd praksis». Bruk skjema: Varsel om fare for ikkje greidd som ligg i praksismappa. Endeleg vurdering vert fastsett etter drøfting mellom student, praksisansvarleg, styrar og praksislærar. Skjemaet skal sendast til praksisleiar og arkiverast ved HVL, men praksislærar og studenten skal ha ein kopi. 4.0 Saksgang i skikkavurderingssaker Saksgangen bygger på «forskrift om skikkethetsvurdering» i høgre utdanning. Forskrifta er heimla i Universitets- og høgskulelova 4-10 7
4.1 Tvilsmelding Grunngjeven tvilsmelding i samsvar med 9 i forskrifta blir sendt skriftleg til institusjonsansvarleg på den aktuelle campusen. Alle som er i kontakt med studentar kan levere tvilsmelding, til dømes praksislærar og faglærar, studentar, praksisfelt og administrativt personale. Den som leverer tvilsmelding er ikkje part i saka og har ikkje krav på tilbakemelding. Tvilsmelding som tydeleg er ugrunna skal ikkje behandlast av institusjonsansvarleg. 4.2 Institusjonsansvarleg sitt ansvar Studenten skal varslast skriftleg om at det er meldt grunngjeven tvil om vedkomande er skikka. Institusjonsansvarleg skal kalla inn studenten til vurderingssamtale. Studenten kan ha med ein talsperson. Det skal lagast skriftleg referat frå vurderingssamtalen. Referatet skal innehalde ein omtale av kva saka gjeld, og eventuelle planar for oppfølging og rettleiing av studenten. Studenten skal få tilbod om oppfølging og rettleiing dersom det ikkje er heilt tydeleg at slik oppfølging ikkje er eigna til å hjelpa studenten. Institusjonsansvarleg har ansvar for at det blir utarbeidd ein plan for utvida rettleiing i høve dei aktuelle vurderingskriteria i forskrifta, og for å vurdere resultatet av den utvida rettleiinga. Praksisperiodar kan utsettast til etter at utvida rettleiing er avslutta. Dersom utvida oppfølging og rettleiing ikkje fører til ønska endring hos studenten, skal institusjonsansvarleg fremje sak for Skikkavurderingsnemnda. Institusjonsansvarlege Campus Stord og Haugesund: Institusjonsansvarleg 4.3 Forskrift om studium og eksamen ved HVL 8-1 Vilkår for å gå ut i praksis 8-2 Særlege krav til studentar i praksis 8-3 Vurdering av praksisstudium 8-4. Ikkje greidd praksis 8-5. Talet på forsøk i praksis 8-6. Særleg tilrettelegging av praksis Kapittel 8. Praksis i forskrift om studium og eksamen ved HVL: Praksis 8
5.0 Lønn Godtgjering for praksisopplæring skjer etter retningslinjene i den sentrale øvingslæraravtalen (Rundskriv F-04-05 frå Kunnskapsdepartementet). Vedlegg 2 a- Avtale førskolelærerutdanningen Vedlegg 2 b - Retningslinjer førskolelærerutdanningen 9