Møteprotokoll Nærøyfjorden verneområdestyre - AU Utval: Møtestad: Fjordsenteret Aurland Dato: 12.10.2015 Tidspunkt: 10:00 Følgjande faste medlemmar møtte: Namn Funksjon Representerer Noralv Distad Leiar AUR Hans Erik Ringkjøb Medlem VOSS Marianne Øren Medlem LÆR Følgjande medlemmar meldte forfall: Namn Funksjon Representerer Følgjande varamedlemmar møtte: Namn Møtte for Representerer Merknadar Møtet vart gjennomført med svar på e-post. Frå administrasjonen møtte: Namn Stilling Anbjørg Nornes Sekretær Underskrift: Vi stadfestar med underskriftene våre at det som er ført på dei sidene vi har signert i møteboka, er i samsvar med det som vart vedteke på møtet.
Saksliste Utvalssaksnr ST 21/15 Innhald Lukka Arkivsaksnr Godkjenning av innkalling og dagsorden ST 22/15 Nærøyfjorden landskapsvernområde - restaurering av ostebu og geitefjøs på Nedbergo. Helikoptertransport i samband med restaurering 2014/1980
NÆRØYFJORDEN VERNEOMRÅDESTYRE Saksframlegg Arkivsaksnr: 2014/1980-0 Saksbehandlar: Anbjørg Nornes Dato: 06.10.2015 Utval Utvalssak Møtedato Nærøyfjorden verneområdestyre - AU 22/15 12.10.2015 Nærøyfjorden landskapsvernområde - restaurering av ostebu og geitefjøs på Nedbergo. Helikoptertransport i samband med restaurering Innstilling frå forvaltar Nærøyfjorden verneområdestyre gjev løyve til å riva ostebu og geitefjøs på gnr. 55, bnr. 2 i samband med restaurering av bygningane. Restaureringsarbeidet skal gjerast i samsvar med føringane som er gjeve av Sogn og Fjordane fylkeskommune i løyvingsbrev for tilskot til bygningane. Bygningane skal setjast opp att på Nedbergo etter restaureringsarbeidet er utført. Løyvet er gjeve med heimel i verneforskrifta for Nærøyfjorden landskapsvernområde 3 punkt 1.3 c). Nærøyfjorden verneområdestyre gjev Torill Nedberge Klevmark løyve til inntil 4 landingar med helikopter på Nedbergo i samband med uttransport av demontert ostebu og geitefjøs frå Nedbergo til Undredal. Løyvet gjeld ein dag i perioden frå og med 21. oktober til og med 23. oktober 2015. Løyvet er gjeve med heimel i verneforskrifta for Nærøyfjorden landskapsvernområde 3 punkt 2.3. Løyve til helikoptertransport er gjeve med fylgjande vilkår: Under transport skal det takast omsyn til naturmiljø og friluftsliv. Statens Naturoppsyn (SNO) for Nærøyfjorden, Kristoffer Ullern Hansen (mob. 97097720) skal ha melding seinast dagen før transporten skal gjennomførast. Han vil gje melding om det må takast spesielle omsyn til verneverdiane. Transporten skal samordnast med anna transport i området dersom det er mogleg. Dette løyvet skal vera med i helikopteret under transport. Sekretariatet skal ha skriftleg tilbakemelding innan 01.12.2015 om gjennomført transport. Me gjer merksam på at dette løyvet berre er behandla etter verneforskrifta. Det må i tillegg søkjast om løyve etter lov om motorferdsel i utmark og vassdrag frå Aurland kommune.
Saksprotokoll i Nærøyfjorden verneområdestyre - AU - 12.10.2015 Handsaming i møte Vedtak i samsvar med innstilling frå forvaltar. Vedtak Nærøyfjorden verneområdestyre gjev løyve til å riva ostebu og geitefjøs på gnr. 55, bnr. 2 i samband med restaurering av bygningane. Restaureringsarbeidet skal gjerast i samsvar med føringane som er gjeve av Sogn og Fjordane fylkeskommune i løyvingsbrev for tilskot til bygningane. Bygningane skal setjast opp att på Nedbergo etter restaureringsarbeidet er utført. Løyvet er gjeve med heimel i verneforskrifta for Nærøyfjorden landskapsvernområde 3 punkt 1.3 c). Nærøyfjorden verneområdestyre gjev Torill Nedberge Klevmark løyve til inntil 4 landingar med helikopter på Nedbergo i samband med uttransport av demontert ostebu og geitefjøs frå Nedbergo til Undredal. Løyvet gjeld ein dag i perioden frå og med 21. oktober til og med 23. oktober 2015. Løyvet er gjeve med heimel i verneforskrifta for Nærøyfjorden landskapsvernområde 3 punkt 2.3. Løyve til helikoptertransport er gjeve med fylgjande vilkår: Under transport skal det takast omsyn til naturmiljø og friluftsliv. Statens Naturoppsyn (SNO) for Nærøyfjorden, Kristoffer Ullern Hansen (mob. 97097720) skal ha melding seinast dagen før transporten skal gjennomførast. Han vil gje melding om det må takast spesielle omsyn til verneverdiane. Transporten skal samordnast med anna transport i området dersom det er mogleg. Dette løyvet skal vera med i helikopteret under transport. Sekretariatet skal ha skriftleg tilbakemelding innan 01.12.2015 om gjennomført transport. Me gjer merksam på at dette løyvet berre er behandla etter verneforskrifta. Det må i tillegg søkjast om løyve etter lov om motorferdsel i utmark og vassdrag frå Aurland kommune. Saksopplysningar Dokument som bakgrunn for saka: Søknad frå Torill Nedberge Klevmark om motorferdsel i utmark, Nedbergo Fjellgard, datert 02.10.2015 Søknaden vert vurdert etter: Forskrift for Nærøyfjorden landskapsvernområde av 08.11.2002
Forvaltningsplan for Vestnorsk fjordlandskap delområde Nærøyfjorden (godkjent 2007) Skjøtselsplan for Nedbrgo, Rapport 1 2014 Nærøyfjorden verneområdestyre Naturmangfaldlova av 19. juni 2009 På gnr. 55 bnr. 2 på Nedbergo har dei fått tilskot til restaurering av ostebua og geitefjøset frå kulturmidlar til verdsarvområdet i Nærøyfjordområdet frå Sogn og Fjordane fylkeskommune. Fylkeskommunen har tilrådd at begge bygningane vert demontert på Nedbergo og frakta ned i bygda for restaurering. Torill Nedberge Klevmark opplyser at bygningane skal fraktast ned til Undredal med helikopter, og fraktast vidare med bil til Balestrand der dei skal restaurerast. Riving av bygningane vil vera ein del av restaureringsarbeidet, og bygga vil verta sett opp att på Nedbergo. Arbeidet med bygningane skal gjerast i vinter. Det vert søkt om å få frakta bygningane ned med helikopter. Transporten vert gjennomført på ein dag i perioden 21. oktober til 23. oktober. Transportruta er frå Hjellum i Undredal til Nedbergo. Nedbergo er eit av områda i landskapsvernområdet som vert trekt fram i forvaltningsplan som har særskild verdi som kulturmiljø og opplevingsverdi. I skjøtselsplan for Nedbergo er det trekt fram at tunet med ei høg grad av autensitet, er ein viktig verdi for tunet som kulturminne og for oppleving for dei som ferdast i området. I Restaureringsplan for Vestnorks fjordlandskap delområde Nærøyfjorden (Nærøyfjorden verdsarvpark 2014), er bygningane på Nedbergo høgt prioritert. Lovgrunnlaget Nærøyfjorden landskapsvernområde er «verna mot alle inngrep eller tiltak som kan verke inn på landskapets art eller karakter» jf. verneforskrifta 3 punkt 1.1. Det er forbod mot oppsetjing og riving av bygningar (jf. 3 punkt 1.1. a)). Forvaltningsstyresmakta kan gje løyve til «Påbygging, ombygging, flytting, eller riving av bygningar og anlegg» jf. verneforskrifta 3 punkt 1.3 b). Det er eit generelt forbod mot motorisert ferdsle, lågtflyging under 300 meter og landing i Nærøyfjorden landskapsvernområde jf. verneforskrifta 3 pkt. 2.1. Forvaltningsstyresmakta, eller den forvaltningsstyresmakta gjev fullmakt, kan gje løyve til luft- og snøskutertransport av materiale til hytter, bruer m.v. og av brensel, utstyr og proviant til hytter og stølar jf. verneforskrifta 3 pkt. 2.3. Etter naturmangfaldlova (nml) 7 skal prinsippa i 8-12 leggjast til grunn ved utøving av offentleg mynde, og det skal koma fram av vedtaket korleis prinsippa er vurdert og vektlagt i saka. Vurdering Gardane på Nedbergo ligg i Nærøyfjorden landskapsvernområde. Det er ikkje landbruksdrift på gardane lenger. Gjengroing og forfall av bygningane har prega området, men siste åra har eigarane på begge gardsbruka sett i gang restaurering av bygningane og slått av innmarka. Løa på gnr. 55 bnr. 2 er ferdig restaurert, og stabburet på nabobruket er snart ferdig restaurert. Det er av stor verdi at grunneigarane ynskjer å restaurera bygningar og landskap på Nedbergo. I 2014 vart skjøtselsplan for Nedbergo godkjent, og same år vart Restaureringsplan for Vestnorsk Fjordlanskap - delområde Nærøyfjorden godkjent. Bygningane på Nedbergo er prioritert i planen. Sogn og Fjordane fylkeskommune har løyvd tilskot frå kulturmidlar til verdsarvområdet
til restaurering av ostebua og geitefjøset i 2015. Arbeidet skal gjerast etter antikvariske prinsipp. Med dette restaureringsarbeidet vil store deler av bygningsmassen på Nedbergo verta ivareteken. Riving av bygningane er ein del av restaureringsarbeidet, og bygningane vert sett opp att på eksisterande grunnmurar. Rivinga vil difor berre føre til ei midlertidig endring av landskapet på Nedbergo. Etter tilrådingar frå Fylkeskommunen om at bygningane bør transporterast ned i bygda for restaurering, vurderer forvaltar dette til å vera ein miljøforsvarleg metode for restaureringsarbeidet jf. nml. 12. Kunnskapen om området er kjent gjennom forvaltningsplan for Nærøyfjorden, skjøtselsplan for Nedbergo og restaureringsplan for Nærøyfjordområdet. Det er ikkje kjente førekomstar av sårbare artar eller naturtypar (Naturbase 07.10.15) i området som vil verta påverka av restaureringsarbeidet eller helikoptertransporten. Kunnskapsgrunnlaget jf. nml 8 i naturmangfaldlova vert vurdert som godt for å vurdera denne saka. Føre-var-prinsippet jf. nml 9 er ikkje tillagt vekt i denne saka då kunnskapen om området er vurdert som god. Forvaltninga ynskjer å praktisera reglane i landskapsvernområdet på ein måte som held motorferdsla på eit nivå som ikkje er til skade for naturmangfaldet.. Økosystemtilnærming og samla belastning på verneområdet skal vurderast jf. nml 10. Helikoptertransport må avgrensast til det som er naudsynt. Søkjar vert oppmoda om å samordna transporten med andre dersom det er anna transport i området for å redusera belastninga med motortransport. Forvaltar vurderer den samla belastninga av motorferdsle i Nærøyfjorden landskapsvernområde til å og vera på eit akseptabelt nivå. Helikoptertransporten vil ikkje medføra særleg miljøforringingar utover den tida den pågår, og restaureringsarbeidet vil lite truleg føra til miljøforringingar. Nml 11 er difor ikkje vurdert i denne saka. Opp til hyllegardane på Nedbergo er det berre sti, og ein taubane som ikkje er i bruk. Helikoptertransport av materiale og utstyr til og frå Nedbergo er heilt avgjerande for å gjennomføra restaureringsarbeidet. I retningslinjene i forvaltningsplanen er helikoptertransport av materiale til stølar (avsidesliggjande) trekt fram som tiltak det kan gjevast løyve til. Forvaltar vurderer transport til hyllegardane på lik linje med transport til stølane. Det er viktig at løyveinnehavaren planlegg transport på ein slik måte at transporten vert avgrensa til færrast mogleg turar. Forvaltar vurderer helikoptertransport som ein effektiv transportmetode, og den beste måten å transportera materiale til Nedbergo på. Transporten vert vurdert som miljøforsvarlege til dette føremålet jf. nml 12. På bakgrunn av vurderingar etter nml 8-12 og verneforskrifta, meiner forvaltar riving av bygningane som del av restaureringsarbeidet, ikkje er i strid med verneforskrifta og kan gjennomførast som planlagt. Forvaltar vurderer bruk av helikopter til transport av bygningane til ikkje å vera i strid med verneforskrifta, og tilrår at det vert gjeve løyve til transporten.