ÅRSRAPPORT FRÅ KREFTOMSORG. Årdal kommune



Like dokumenter
Årsrapport Kreftkoordinator ÅLA

Delavtale om drift av nettverk av ressurssjukepleiarar i kreftomsorg og lindrande behandling mellom. Helse Førde og kommunane i Sogn og Fjordane

Årsplan Nettverk av ressurssjukepleiarar i kreftomsorg og lindrande behandling i Sogn og Fjordane

Frå brosjyren vår kreftsjukepleietenesta i Vindafjord

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Kvifor og korleis lage årsplan som ressurssjukepleiar i lag med leiar? Av Marit Eikemo Halsnes

Årsplan Nettverk av ressurssjukepleiarar i kreftomsorg og lindrande behandling i Sogn og Fjordane.

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

Å ta i bruk tiltaksplan for døyande i Kvinnherad kommune

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Handlingsplan for nettverket i Helse Fonna 2017

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene

Til deg som bur i fosterheim år

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Sogn lokalmedisinske senter

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

- lindrande behandling og

Frå visjon til realitet November 2012

Tema 2019: «Sorg» «Barn som pårørande» «Når noko går galt» «Rehabilitering og aktivitet»

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Psykolog Elin Hordvik Senter for Krisepsykologi, Bergen


Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Informasjonshefte Tuv barnehage

Masfjorden kommune vil gi god smertelindring, også til personer med demens!

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Kvalitetssikring av medisinbestilling i samarbeidet mellom fastlege og heimesjukepleie i Flora kommune

Presentasjon v/ Svanhild Løge Skålheim Kreftsjukepleiar Suldal kommune April-12

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

INN PÅ TUNET TILBOD TIL HEIMEBUANDE DEMENTE I TIDLEG FASE,

MØTEINNKALLING. SAKLISTE Åpning av møtet og godkjenning av møteprotokoll frå møte

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

Etikk og refleksjon i Sula kommune «Kinderegg» for kvalitet i fagutvikling

Satsingsområde frå strategiplanen Det er vald ut satsingsområde for nettverket ut frå strategiplanen. I 2019 vil ein ha fokus på desse emna:

Sjukehusa og fastlegane: Herskap og tenarar?

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Vedlegg 1. Prosjektplan for lindrande behandling i Førde kommune

Eldremedisinsk poliklinikk

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Handlingsplan for nettverket i Helse Fonna 2018

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Samtalegruppe for par der den eine har kreft.

DIS- Sogn og Fjordane

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Vinje kommune. Sluttrapport

Stryn kommune 1

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Årsplan Nettverk av ressurssjukepleiarar i kreftomsorg og lindrande behandling i Sogn og Fjordane.

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Helse Førde Kvalitetsforbetringsprosjekt Kirurgisk avdeling

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Fordeling av tilskot til fagskuleutdanning innan helse- og sosialfag

Informasjon til pasient med. brudd i øvre lårbein. Kristiansund sjukehus Molde sjukehus Volda sjukehus Ålesund sjukehus

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Olav Grov Arkiv: 223 U Arkivsaksnr.: 12/2712

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

KVALITETSPLAN OLWEUS ÅGOTNES SKULE 2014

Team Hareid Trygg Heime

Korleis organisere demensomsorga i heimebaserte tenester? Britt Sørensen Dalsgård Einingsleiar heimebaserte tenester i Stord kommune

Vil forbetre diagnostiseringa av tuberkulose

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Månadsbrev for Rosa september 2014

HJARTEAVDELINGA REHABILITERING ETTER HJARTESJUKDOM

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Omdømme Helse Vest. Resultat frå beslutningstakarundersøkinga 2008 Helse Vest RHF.

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

BEREDSKAPSPLAN. Jølster Kommune.

Status og utfordringar. Orientering til heradsstyret Tysdag 16. juni Rådmannen

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

HYPERBARMEDISIN VELKOMMEN TIL BEHANDLING

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Kvalitetsplan mot mobbing

HYPERBARMEDISIN VELKOMMEN TIL BEHANDLING

NOTAT om familiehuset

Visjon og verkelighetframtidas

Kva blir gjort? Korleis få vite om det? Korleis samhandle?

Flora kommune. Sluttrapport. Elektronisk meldingsutveksling mellom lege og omsorgsteneste

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Det nödvendiga samtalet hur ger vi vi allvarliga besked til patienter och närstående?

Med god informasjon i bagasjen

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Brødsbrytelsen - Nattverden

TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL

Interkommunalt samarbeid ÅLA kommunane vedr økonomisk rådgjevar Mette Hestetun Berg leiar, NAV Årdal

Psykologisk førstehjelp i skulen

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

Bergsøy skule Offshore-prosjekt 4. trinn november 2012

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 G00 Arkivsaksnr.: 12/572-2

Transkript:

ÅRSRAPPORT FRÅ KREFTOMSORG Årdal kommune 2011

Innhold 1.0 Kreftomsorga i Årdal... 3 1.1 Kreftsjukepleiar... 3 1.2 Nettverk for ressurssjukepleiarar... 3 1.3 Hospitering... 5 2.0 Plan vidare... 5 2.1 Kreftsjukepleiar... 6 2.2 Statestikk over antall pasientar som har vore i kontakt med kreftsjukepleiar året 2011... 6

1.0 Kreftomsorga i Årdal 1.1 Kreftsjukepleiar Frå januar 2011 vart det oppretta ein stilling på 20% som kreftsjukepleiar. Eg fekk dermed ein dag i veka eg kunne jobbe kun med kreftomsorg. Dette har ført til at eg som kreftsjukepleiar har fått mykje betre kontinuitet i arbeidet innan kreftomsorg. Det har vore lettare og planlegge og avtale heimebesøk, og anna kontakt med kreftsjuke og pårørande som har ynskja kontakt evt besøk. Kreftplan for Årdal Kommunen vart ferdig skriven i 2011, og har vorte presentert for HSO. Den er blitt politisk godkjent og er klar for å offentleggjerast. Brosjyren er ferdig utarbeida, lagt ut på legekontora og ligg ute på kommunen si internettside. Den er blitt godkjent av Kompetansesenter for lindrande behandling, og ligg og ute på deira sine nettsider. Brosjyren er godt kjent for ressurssjukepleiarane rundt om i kommunen og sjukehusa både i Lærdal, Førde og på Haukeland. I 2011 har eg som kreftsjukepleiar fulgt opp personar med kreftsjukdom og deira pårørande i ulike sjukdomsforløp med heimebesøk. Frå januar og ut året har det totalt vore 23 personar som har blitt råka av kreftsjukdom eg har hatt kontakt med. I tillegg har eg gjeve tilbod og hatt samtalar med etterlatne. Dette er ei auke på 91,6% frå 2010. Heimebesøka har eg stort sett fått gjennomført den dagen i veka som eg har fått tildelt kreftsjukepleiarstillinga, men på grunn av ulike årsakar har det vore naudsynt å ta nokre heimebesøk utanom dette. Årsaka til det er at nokon av pasientane er under behandling og er ein del på reis. Anna årsak er at det i periodar er fleire pasientar samstundes som ynskjer å ha kontakt med kreftsjukepleiar. Dette gjer at eg har vore nøydt til å ha heimebesøk på andre dagar enn tysdagar. Personar eg som kreftsjukepleiar har fulgt opp er personar som mottek anna teneste frå eldreomsorg, og personar som ikkje er tilknytt noko anna teneste i kommunen. Det er personar som er heilt i startfasen og nyleg har fått diagnosen kreft, men dei fleste eg har hatt kontakt med, er pasientar som er i palliativ fase. Dvs pasientar som får lindrande behandling og er i livet sin sluttfase. Alle personane eg har vore hjå har budd i eigen heim. 1.2 Nettverk for ressurssjukepleiarar I mars 2011 fekk me med oss ein sjukepleiar til i ressursgruppa her i Årdal. Det er Malin Lintho som jobbar ved Årdal sjukeheim. Ho var på introduksjonskurs i juni 2011. Ressursgruppa har gjennom heile året hatt måntlege møter. Planen med ressursgruppa er at me skal vere rådgjevarar og veiledarar i alle sonene og institusjonane der det er pasientar med kreftsjukdom eller anna alvorleg sjukdom.

I 2011 har nettverket samla ressurssjukepleiarane i fylket, til felles regionalsamling i Førde. Der var representantar frå alle ressursgruppene i heile fylket. På desse regionalsamlingane vert og leiarane i kommunane inviterte. Lokalsamlingane for lokalgruppa Indre Sogn, vart på våren arrangert i Vik og på hausten var det Årdal som var arrangør. Tema for lokalsamlinga i Vik var bruk av media til marknadsføring av nettverket og dei lokale ressursgruppene. Me bestemte oss for å gå i saman med Lærdal kommune og Lærdal sjukehus. Nettverket har laga ein informasjonstekst som skal nyttast ved innlegg i media, i tillegg til det skreiv me kvar for oss kven me er og kva me jobba med. Andre tema som vart tatt opp i Vik var, pasientar som får medikamentell behandling, og heilskapleg omsorg til pasienten og familien rundt. Lokalsamlinga i Årdal 04.oktober vart arrangert på Klingenberg Hotel. Det var to kommunar som ikkje var representert på denne samlinga. Tema for samlinga var, åndeleg og eksistensiell omsorg og kommunikasjon rundt dette. Her inviterte me prest Carsten W Hansen som heldt eit fordrag for oss. Det andre temaet me hadde oppe på denne samlinga var samarbeid med fastlegane i Årdal. Her fekk me med oss Dr. Bjarte Hove og Dr.Magnus Hultgren. Dei fortalte om det gode samarbeidet me har, og at dei synes det som positivt og til god nytte for pasienten og dei pårørande å ha ei ressursgruppe og ressurssjukepleiarar. Samstundes kvalitetsikrar det behandlinga til pasientane, då ressurssjukepleiarane kjenner pasientane veldig godt. Det vart skrive eit innlegg i Laban om samlinga me hadde her i Årdal. Den kan lesast i siste utgåva av Laban 2011. Det er og to regionalsamlingar i nettverket. Desse vert alltid haldne i Førde. Både på lokal- og regional samlingane får me undervisning frå ulike eksterne aktørar i tillegg til representant frå palliativt team helse Førde, og representant frå Kreftforeninga region Vest. I tillegg nyttig utveksling av erfaringar frå dei ulik kommunane. Ressursgruppa har laga informasjonspermar som er satt ut på ulike avdelingar. Desse permane inneheld generell informasjon om rettighetar, kartleggingar om smerter, informasjonsbrosjyrar og anna ulik informasjon som kan vere til hjelp for personalet rundt om i dei ulike avdelingane. Desse vert kontinuerlig oppdaterte med ny informasjon og vedlikeholdt. I November arrangerte me ein minifagdag for sjukepleiarane i kommunen, der farmasøyt Jan Oddvar Kilsti underviste. Tema for undervisninga var, lindring til døyande pasientar, legemiddel og eldre, og så gjekk han gjennom ulike typar av laksantia. Ressurssgruppa har i 2011 teke i bruk noko som vert kalla medikamentskrin. Dette er ei samling med 4 medikament, nytta til medisinering i livet sin sluttfase. Det er smertestillande, kvalmedempande, beroligande og medikament som skal hjelpe på pusten. Me har avtalt med Vitus apotek i Øvre Årdal at dei har dei ulike medikamenta på lager til ei kvar tid. Me og har og laga avtale og prosedyre i lag med legane om at dei på eit tideleg stadie skriv ut reseptar på

medikamenta til dei pasientane det er aktuelt for. Dette gjer at heimesjukepleia kan hente ut medikamenta i god tid før pasientane vert for dårlege. Ressurssjukepleiar Malin har laga til eit skap på medisinrommet på Årdal sjukeheim der prosedyrar og veiledarar for bruken av desse medikamenta ligg. I tillegg har sjukeheimen medikamenta tilgjengeleg. Alle sjukepleiarane i kommunen er informerte om dette. 1.3 Hospitering I samarbeid med fagkonsulent Elin Eldegard fekk me i orden hospitering på kreftavdelinga på sjukehuset i Førde for ressurssgruppa. Ressrussgruppa var ein dag i november 2010 på omvisning og fekk informasjon om organiseringa av kreftavdelinga, sengepost og poliklinikk. Kristin Hovland og eg hospiterte i mai, medan Malin Lintho og Beate Sem Johansen Øy var på hospitering i september. Hospiteringa var positivt både for oss som ressurssjukepleiarar, og for ansatte ved kreftpoliklinikk- og sengepost. Me kjenner no kvarandre og veit kven me skal spørje etter når me tek kontakt med kvarandre. Ressursgruppa vil fortsette med hospitering, om det let seg gjere ca kvart andre år. 2.0 Plan vidare 2011 har vore eit produktivt år for ressursgruppa. Me har fått utarbeida og fått på plass informasjonspermar rundt om på avdelingar, fått ferdig og levert ut informasjonsbrosjyre om ressursgruppa og nettverket. Kreftplan har vore oppe til vurdering i HSO og er blitt godkjent. Ressursgruppa har i 2011 gjennomført fagmøter i alle avdelingar om ernæring, og funne fram til kartlggingsverkty ein skal nytte for å kartlegg pasientane sin ernæringsstatus både i institusjon og heimesjukepleia. Eldreomsorg i Årdal kommune søkte Helsedirektoratet om midlar til å drive prosjekt innan ernæring. I fyrste omgang fekk me avslag på denne søknaden. På tampen av 2011 fekk me attendemelding frå Helsedirektoratet om at dei hadde fått ekstra løyvingar, og ville gje Årdal kommune midlar til å starte opp med ernæringsprosjekt likevel. Ernæringsprosjektet får ein prosjektleiar i 30% stilling, ressursgruppa vil vere med i vidareføringa av dette prosjektet. I 2012 vil ressursgruppa fortsette å møtast ein gong i månaden og halda fram arbeidet med å informere og vidareformidle kunnskap om behandling og oppfølging av pasientar med kreft og anna alvorleg sjukdom. Me har som målsetting om å organisere 2 fagdagar, der ein kan prøve å få ein ekstern forelesar til undervisning som er ynskjeleg for dei ansatte. Ut ifrå handlingsplan 2011 er det ein ting med ikkje fått gjennomført dette året og det er eit samarbeidsmøte med legekontora. Dette vil me prøve å få gjennomført i løpet av 2012.

Ressursgruppa skal på regionalsamling februar 2012 og lokalsamling i Sogndal i april. Lokalsamlinga for hausten er ikkje klar endå. 2.1 Kreftsjukepleiar Får januar 2011 fekk eg 20% stilling som kreftsjukepleiar. Dette utgjer ein dag i veka, og eg har hatt kreftomsorgsdag kvar tysdag. Dette har ført til at eg har fått hatt betre kontinuitet i arbeidet innan kreftomsorg, og det har vore lettare å planlegge heimebesøk hjå pasientar som har hatt behov/ynskje om det. I tillegg fekk eg i mars 2011 eigen telefon. Dette har gjort at eg har vore lettare tilgjengeleg. Pasientar og pårørande gjer attendemelding om at det er lettare å ta kontakt no, då dei veit at dei treff meg på telefon. Dette gjeld spesielt pasientar som ikkje har teneste frå kommunen frå før. Dette året har det vore ei betydeleg auke i henvendingar til kreftsjukepleiar både frå pasientar og pårørande, men og frå sjukehusa her i fylket. Det er tydeleg at å få ein stilling som kreftsjukepleiar og eigen telefon, har vore med på å gjere tenesta lettare tilgjengeleg. I tillegg ser ein resultat etter marknadsføring både gjennom internett med eigen brosjyre og i media. 2.2 Statestikk over antall pasientar som har vore i kontakt med kreftsjukepleiar året 2011 ALDER MENN KVINNER ALLE 50-66 ÅR 2 4 6 67-74 ÅR 2 3 5 75-79 ÅR 1 4 5 80-84 ÅR 2 3 5 85-89 ÅR 1 0 1 90 ÅR OG OVER 1 0 1 TOALT 9 14 23 Snittalder 74 år