To einebustader i rekke i Fosnavåg, Herøy med garasje Eggesbøvegen/Grønhaugvegen 6092 FOSNAVÅG Nøkkelferdige, moderne, ny og praktiske einebustader i rekke med 4 soverom. Bustadene har sør-vestvendt balkong/terrasse og kvar bustad har garasje med sportsbod. Bustadene vert bygd i nytt byggjefelt på Eggesbønes i Fosnavåg. Nærme barnehage og butikkar, kort veg skular og Sunnmørsbadet m.m. Mesterhus Sunnmøre Røysbakken 6, 6100 Volda Tlf: 700 55 910 Tlf: 982 36 760 (Seljar Odd M. Velsvik) E-post: odd@mesterhussunnmore.no Side 1
FRÅ DRAUM TIL VERKELEGHEIT Side 2
EIGEDOMSOPPLYSNINGAR: ANSVARLEG SELJAR: FIRMA/UTBYGGJAR: PROSJEKT: ADRESSE: OBJEKTTYPE: EIGARFORM: Odd Martin Velsvik Mobil 982 36 760 e-post: odd@mesterhussunnmore.no Tømrer Prosjekt AS Org.nr: 993407313 Røysbakken 5, 6100 Volda Tlf. 700 55 910 349 Eggesbøjorda Eggesbøvegen / Grønmyrvegen, 6092 Fosnavåg Sjølveigarbustad Sjølveigar/seksjon PRISAR: Seksjon 1: kr. 3.720.000,- Seksjon 2: kr. 3.720.000,- FELLESGJELD: kr. 0,- FELLESUTGIFTER BUDSJETT MND: Sameiget bestemmer sjølv grad av fellesutgifter. Dette kan gjelde vedlikehaldskostnadar, snøbrøyting, kommunale avgifter og felles husforsikring. KOMMUNALE AVGIFTER: Vert fastsett av kommunen. BRUKSAREAL BUSTAD: Seksjon 1: 148,3 m² (4 soverom) Seksjon 2: 148,3 m² (4 soverom) BYGGJEÅR: 2018/2019 TOMT: Eigd tomt i eit felt. BYGGJESTATUS: Vi har byrja med vegar, tomt og teknisk anlegg. PARKERING: Seksjonane har ei garasje kvar, samt gjesteparkering TOMT: 960 m² For detaljert leveringsskildring kontakt seljar. Dato: 17.08.2018 Side 3
ILLUSTRASJON Illustrasjon, framside Seksjon 1 er til venstre og seksjon 2 er til høgre sett framanfrå. Dei har alle 4 stk soverom, kjøkken/stove, tv-stove, to bad, 2 boder, stor balkong oppe i front og over garasje. Garasje integrert i huset med sportsbod. Bustadene har moderne utforming med lyse overflater, god kvalitet på materiale, og vert levert nøkkelferdig slik du slepp å gjere noko eigeninnsats. Illustrasjon bakside, inngangsparti Side 4
ENKEL SKILDRING Ferdigstilling: Bustaden vert levert i tråd med Teknisk Forskrift 2010. Bustadene vert levert etter vårt nøkkelferdige konsept, der det einaste som ikkje er inkludert er kvitevarer og belysning. Ved overtaking kan du berre vaske ned bustaden og flytte rett inn. Utvendig overflate: Utvendig bordkledning vert levert Møre Royal grå og setersvart. På taket vert det levert takpapp. Berande konstruksjonar og dekke på balkong består av impregnerte materiale. Innreiing/måling: Bustaden vert levert med kvitmåla tak- og veggplater. Veggplater er av typen kvit 3 bords plater. Dører, vindauge, listverk og fôringar til vindauga er kvite. Veggar og golv på bad er flislagde med varmekablar i golvet. På innvendig bod vert det lagt fliser på golv. I soverom og i yttergang vert det lagt laminatgolv og i stove og kjøkken vert det lagt parkett. Kjøkken, bad og garderobe innreiing: Kjøken er av type: Nordsjø Nordic kvit, og badinnreiing av type Nordsjø med slette frontar, lysarmatur og spegel. Desse vert levert i h.h.t. arkitektteikning. Det vert levert 1m garderobeskap til kvar sengeplass, og vert montert i h.h.t teikning. Rørleggar- / sanitærarbeid : Anlegget vert levert komplett, og omfattar blant anna varmtvasstank (200L), avløp og uttak for vaskemaskin og oppvaskmaskin, eittgreps blandebatteri og dusjbatteri med dusjsett til bad, toalett i h.h.t teikning. Det vert levert utvendige kran. Ventilasjon: God ventilasjon er avgjerande for eit godt innemiljø og for å halde oppvarmingsutgiftene så lave som mogeleg, derfor vert bustaden levert med balansert ventilasjon med varmegjenvinnar. Anlegget består av reguleringsbrytar, avtrekkskanalar og ventilar frå kjøkken, bad, wc, samt tilførselskanalar og ventilar til opphaldsrom/soverom. Bustadene vert levert med stålpipe og vedomn. Sentralstøvsugar: Støvpartiklar i innelufta kan virke irriterande for luftvegane, men med sentralstøvsugar vil desse støvpartiklane forsvinne ut av huset. Anlegget består av ei sentraleining og røyropplegg med naudsynte kontaktar i kvar leilegheit. Elektriske installasjonar: Elektrisk anlegg er utført etter gjeldande forskrifter som sikrar nok elektriske punkt. Sikringsskap med automatsikringar, jordfeilbrytar. Elektrikar gjer greie for punktplassering. Uteplass: Bustaden vil få balkong/terrassar vendt mot sør. (ref. teikning) Uteområdet vert elles levert maskinplanert og ein må rekne med å finplanere, så plen og plante sjølv. For meir detaljer sjå leveringsskildring. Side 5
SITUASJONSPLAN REGULERINGSPLAN Side 6
FOSNAVÅG SKULAR SUNNMØRSBADET UNGDOMSSKULE MATBUTIKKAR Side 7
FASADAR Fasade front mot sør-vest Side 8
Fasade bak mot nord-aust Side 9
FASADAR Fasade side mot nord-vest Fasade side mot sør-aust Side 10
PLANTEIKNINGAR 2. etasje Side 11
1. etasje Side 12
NØKKELFERDIG Bustadene vert levert nøkkelferdig, og det vil seie at du slepp å gjere eigeninnsats og at husvære er så ferdig at du kan berre vaske ned leilegheita og flytte rett inn. Vi leverer ikkje kvitevarer til kjøkkenet, dusjkabinett eller lampar. Vi har ei standardleveranse som er av god kvalitet og nøytral utforming/fargar. Dersom ein ønskjer å gjere endringar eller oppgraderingar så er det sjølvsagt mogleg. Vi har eit stort utval frå våre leverandørar som alternativ, og vi vil saman ha god oversikt over evt. fråtrekk- eller tilleggspris. Endringar avtalast på eige endringsskjema. Side 13
STANDARDLEVERANSE Bilete av eit standard kjøkken. Kjøkken vert tilpassa arkitektteikningar Standard badinnreiing Side 14
Eikeparkett på stove og kjøkken. Kvitmåla panelplater på vegg levert av Byggma AS Illustrasjonsbilete Illustrasjonsbilete Det følg med 1 stk garderobeskap per sengeplass til bustaden. 2 stk til hovudsoverom og 1 stk til dei andre soveroma. Side 15
MESTERHUS SUNNMØRE Mesterhus Sunnmøre er ein av dei største utbyggjarane av private bustadhus og prosjektbustader i regionen. Vi har som målsetjing at kunnskapen og erfaringa vår skal kome deg som kunde til gode, og vi skal vere eit førsteval når ein skal kjøpe bustad. Namnet Mesterhus forpliktar og vi legg særleg vekt på at vi skal levere byggfagleg handverk av høgaste kvalitet utført av lokale byggmester firma. Difor er mottoet «det blir som avtalt» noko vi i Mesterhus Sunnmøre alltid streber etter å leve opp til, same kva. Vi skal vere eit trygt førsteval, og saman realiserer vi husdraumen din! Mesterhus Sunnmøre Røysbakken 6, 6100 Volda Tlf. 700 55 910 e-post: post@mesterhussunnmore.no Side 16