Rapport fra samtalar med bibliotektilsette



Like dokumenter
Til deg som bur i fosterheim år

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Saman for framtida (Ref # )

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

konsekvensar Ruth Ørnholt Rica Dyreparken Hotel, Kristiansand 21.oktober 2009

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Saman for framtida (Ref # )

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Lettare litteraturnett (Ref #77ab3a77)

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

"Herr Kurz i biblioteket" (Ref #acf00c3e)

Strategiplan for Apoteka Vest HF

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Psykologisk førstehjelp i skulen

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

SLUTTRAPPORT FOR. DEN BRUKARORIENTERTE HEIMESIDA: Eit forprosjekt

Les for livet - del 2 (Ref # )

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Team Hareid Trygg Heime

Informasjonshefte Tuv barnehage

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Høyringsuttale Bibliotekreform 2014

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Innspel til strategisk plan Oppsummering frå personalseminar i Balestrand 15. og 16. januar 2009

- print preview

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Saksnr. Dok-ID Arkivkode Sakshandsamar Dato: 12/621 12/6208 C60 RIF

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Fear in a librarian s heart

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2012

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Lesarhistoria - ny veg til lesaren (Ref #9c6d0318)

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Sak Innhald Ansvar 1. Konstituering av styret

Årsmelding for biblioteka i Lom 2009

H A N D L I N G S P L A N for biblioteket i Høgskulen i Sogn og Fjordane

Plassebakken Barnehage

STRATEGI FOR KOMPETANSEUTVIKLING I FOLKEBIBLIOTEK O G SKULEBIBLIOTEK I HORDALAND

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?


IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

REGIONALPLAN FOR BIBLIOTEK I ROGALAND : HØYRINGSUTTALE

Kommunikasjonsstrategi

Kompetanseutvikling i bibliotek Spørjeundersøking i Hordaland Folkebiblioteka- Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) AUD-rapport nr

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

Samarbeidsavtale mellom Vinje Folkebibliotek og Skulane i Vinje kommune.

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Meldinga gir eit svært skeivt bilete ved berre å omtale tilbodet til dei aller svakaste lesarane.

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

utvikling av bibliotek i vidaregåande Bibliotekmøte Ellen Kristin Molvær

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Endringar i plan- og bygningslova (plandelen) frå 1. januar 2015

Ei kokebok for kulturkontakten og kommunekontakten

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Informasjon til pasientar og pårørande

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Fra Forskrift til Opplæringslova:

Kommunikasjonsplan Fylkesplan , regional plan for Møre og Romsdal

Bibliotek- og informasjonsvitenskap

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Frå novelle til teikneserie

Forslag frå fylkesrådmannen

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Spørjeundersøking om sentrumsområde

INTERNASJONAL STRATEGI

Brukarrettleiing E-post lesar

Plassebakken Barnehage

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Lågterskeltilbod til ungdom mellom år

Transkript:

Rapport fra samtalar med bibliotektilsette I prosjektet «Saman for framtida» har fylkesbiblioteket teke initiativ til samarbeid på tvers av kommunegrensene. Målet har vore å leggje til rette for og betre utviklingsmoglegheitene for biblioteka i Sogn og Fjordane, slik at dei har betre grunnlag for å tilby gode bibliotektenester til innbyggjarane. Fylkesbiblioteket har vore pådrivar og katalysator for gjennomføring av konkrete samarbeidsprosjekt, og vi har støtta arbeidet for å skape nettverk. I prosjektet ville vi sjå på kva som kan drive fram samarbeid og kva som kan hindre det, og vi ville hjelpe til med å etablere ulike typar forpliktande samarbeid mellom biblioteka. Som lekk i dette arbeidet besøkte fylkesbiblioteket alle folkebiblioteka i fylket i perioden august 2012 til mars 2013. Vi hadde faglege samtalar med dei tilsette i folkebiblioteka, der vi prøvde å kartlegge no-situasjonen i biblioteka og såg på mogelegheiter og hindringar for utvikling. Før besøksrunden laga vi ein intervjumal med tema vi ynskte å komme inn på. Vi sende spørsmåla til biblioteka før vi kom på besøk, slik at dei tilsette hadde høve til å tenke over det vi ynskte å ta opp. Undervegs i samtalane utfordra vi også dei bibliotektilsette til å tenke på ulike problemstillingar dei kanskje ikkje hadde tatt inn over seg tidlegare. Spørsmåla var innan seks hovudområde: - Bruk og drift av biblioteket. Bla. korleis biblioteket fungerer i dag, kva brukargrupper ein har og utvikling av bruken, arbeidsoppgåver, bibliotekrommet og marknadsføring. - Biblioteket sin plass i lokalsamfunnet kor viktig er det for innbyggjarane, kor synleg, og kor godt politisk forankra det er. - Kompetanse. Kva er dei flinke til, og på kva område ynskjer ein utvikling. - Framtidas bibliotek, både generelt kva dei legg i dette omgrepet, utfordringar framover og kva utvikling ein ynskjer å få til i det lokale biblioteket. - Samarbeid. Kva samarbeid eksisterer no, tidlegare erfaringar, mogelegheiter, fordelar og problematiske sider ved samarbeid. Kva ynske har det enkelte bibliotek om ev. samarbeid, og kva mogelegheiter ser dei til å gå inn i samarbeid. - Fylkesbiblioteket si rolle, tenestene våre og kva dei saknar/synest er bra. Kvar samtale vara rundt tre timar. Her vil vi samanfatte hovudpunkta som kom fram i samtalane. Oppsummeringa beskriv situasjonen i folkebiblioteka på det tidspunktet det enkelte intervjuet fann stad. Bruk og drift av biblioteket Folkebiblioteka i Sogn og Fjordane varierer i storleik og ressurstilgang. Dei minste må klare seg med 0,5 stilling, medan det største disponerer 5 årsverk. Likeeins varierer budsjetta mykje, frå relativt gode til svært små, og mange rapporterer om nedskjeringar og trongare økonomi. Cirka halvparten av biblioteka er kombinasjonsbibliotek dei fleste med grunnskular, men også nokre med vidaregåande skule.

Dei aller fleste av dei bibliotektilsette vi snakka med i intervjurunden svarar at det er «vanleg bibliotekdrift» som pregar biblioteket og arbeidsdagen. I dette legg dei at det går mykje i utlån av materiale og arbeid knytt til dette, som innkjøp, klargjering, rydding, purringar og kasseringsarbeid, og sjølvsagt publikumsarbeid. Lånarkontakten blir prioritert. Det er gjennomgåande at dei bibliotektilsette ynskjer å gi god service, og gi brukarane det dei spør etter på ein rask og god måte. Mange ser ting dei ynskjer å gjere, og å utvikle, men føler dei ikkje klarar meir enn dei «vanlege» oppgåvene. Dei fleste meiner at tida ikkje strekk til for alt dei burde ha fått gjort, og prioriterer dei grunnleggande oppgåvene. Enkelte jobbar aktivt med å sjå på rutinar, for å sjå om dei kan forenklast eller det kanskje er unødvendige arbeidsoppgåver som kan kuttast ut. Nokre ynskjer å få biblioteket «i orden» rydde i katalogen/kassere i samlingane el. før dei for alvor kan gå i gang med utoverretta tiltak. Biblioteksjefane er også ofte involverte i anna arbeid i kommunen, er pålagde andre oppgåver enn bibliotekoppgåver og samarbeider med andre kommunale tenester og einingar. Ein stor del av biblioteka har eit tilbod til og/eller blir aktivt brukte av skulane, men det varierer kor omfattande bruken er. Nokre har faste opplegg og timar for klassebesøk, andre baserer seg på å ta i mot dei som kjem innom. Leseaksjonar som SommarLes og UngLes er utbreidde. Biblioteka har mange mindre arrangement, driv lesestimulering og litteraturformidling, har utstillingar og klassebesøk, og prøver å legge til rette for at biblioteket skal vere ein kjekk plass å vere. Det er få bibliotek som ikkje i det heile har arrangement og andre tiltak/aktivitetar i biblioteket. For dei som har arrangement, varierer det frå eitt eller to i året, til fleire hendingar i månaden. Mange ynskjer å få til meir aktivitet, arrangement og tiltak, men seier at ressursane både tid, personalressursar, pengar og lokale ikkje strekk til. Likevel ser vi at mange får til svært mykje med små ressursar, og samarbeider med barnehagar og skular, andre kommunale einingar, lag og organisasjonar om tiltaka. Biblioteket har varierte brukargrupper. Det er gjennomgåande at ungdom og unge vaksne er den gruppa som brukar biblioteka minst, sjølv om enkelte bibliotek rapporterer unntak frå regelen. Der det er innvandrarar/asylsøkjarar brukar ofte denne gruppa biblioteket mykje, og fleire bibliotek har vaksenstudentar som dei skaffar litteratur til. Svært få bibliotek prioriterer ei spesiell gruppe, dei prøver å ha eit tilbod til flest mogeleg, og gi eit godt tilbod til dei brukarane dei alt har. Om biblioteket blir brukt som sosial møteplass/vereplass er avhengig av fleire ting: Kor innbydande biblioteket er, om det er plass til å gjere stort anna enn å låne ei bok, om ein har tilpassa opningstider, om det føregår noko anna i nærleiken slik at ein brukar biblioteket som ein stad å vente m.m. Plasseringa av biblioteket, og kor enkelt og praktisk det er å kome seg dit, påverkar tydeleg kven som kjem og korleis dei bruker det. Fleire bibliotek har flytta i løpet av dei siste åra, og dei fleste har då mista enkelte brukargrupper og fått nye/auka bruk frå andre grupper som følgje av flyttinga. Biblioteklokala varierer frå nyoppussa og fine, til gamle og slitne. Mange av biblioteklokala er lite fleksible/funksjonelle, med tronge rom og fastmonterte hyller. Det er svært varierande om det er tenkt på universell utforming, og fleire bibliotek har dårleg tilgjenge for personar med ulike funksjonshemningar. Oppussing og nye lokale fører stort sett til oppsving i bruken, og spesielt om dei har blitt meir sentralt plasserte der folk ferdast. Få eller ingen har ein bevisst marknadsføringsstrategi. Alle biblioteka har ei heimeside av noko slag, som oftast del av kommunen sin nettstad. Det varierer kor mykje og kva innhald som er på nettsidene, og kor god tilgang dei gir til biblioteka sine tilbod. Biblioteket har i fleire tilfelle ikkje

sjølve tilgang til å legge ut og endre informasjon, og systemet for å poste på nettsidene kan vere vanskeleg og tungvint. Stadig fleire brukar no Facebook aktivt for å kommunisere med brukarane og gjere bibliotektilbodet kjent. Fleire kommunar har ei kommunal informasjonsavis e.l., denne nyttar biblioteka for å informere om tilboda ved biblioteket. Elles brukar ein i varierande grad plakatar, brosjyrar, annonser, pressemeldingar og pleier journalistkontakt for å gjere bibliotektilbodet kjent. Biblioteka brukar stort sett ikkje profesjonelt utforma informasjonsmateriale brosjyrar, plakatar, bokmerker osv. er for det meste eigenproduserte, sidan ein ikkje ynskjer å bruke knappe midlar til dette. Ein del peikar på den viktige marknadsføringa som føregår i møtet med brukaren. Fleire nemner at det ville vere positivt med felles marknadsføringsmateriale for biblioteka i fylket, gjerne felles logo/grafisk profil. Biblioteket sin plass i lokalsamfunnet Det er semje om at biblioteket er viktig for mange brukarar, og at det betyr mykje i lokalsamfunnet. Det varierer derimot i kor stor grad dei bibliotektilsette føler at biblioteket er synleg og viktig for politikarane og kommuneadministrasjonen. Mange har eit godt tilhøve til næraste overordna, og har ein leiar som viser interesse for bibliotekdrifta. Andre rapporterer at dei føler seg usynlege og står åleine om å kjempe biblioteket si sak i det kommunale systemet, eller dei blir ikkje tatt med på råd i saker som angår biblioteket. Det er relativt få lokalpolitikarar som er bibliotekbrukarar, og som dermed ser korleis biblioteket fungerer og kva tilbod som finst der til dagleg. Det er også sjeldan biblioteksaker er oppe i kommunestyret utanom i samband med budsjetthandsaming. Fleire meiner det er få tankar og visjonar på politisk nivå om kva ein vil med biblioteket, og berre nokre få kommunar nemner biblioteket i kommunale planar. Andre føler dei er godt synlege, og det er ei bevisstheit rundt dei i det kommunale systemet. Det varierer mykje kor aktive biblioteksjefane er i å ha kontakt med politikarane og kommuneadministrasjonen. Under samtalane utfordra vi ein del bibliotektilsette litt på kva dei sjølve gjer for å synleggjere biblioteket. Kor gode dei er til å ta kontakt og fremje sine synspunkt, legge fram saker som er viktig for utvikling av biblioteket, og bygge gode relasjonar mot dei som avgjer rammevilkåra til biblioteket kan bety mykje for utviklinga ved biblioteket. Kompetanse Fleire sleit med å svare på spørsmål om kva dei er spesielt gode på i biblioteket, og vi prøvde å bevisstgjere og oppmuntre dei når det gjeld kva kompetanse dei faktisk har og som kan vere verdifull. Svært mange framhevar service og brukarbehandling som område dei er gode på. Elles ramsar dei opp område som lokalhistorie, «kjerneoppgåvene», barnelitteratur, barnebiblioteket, litteraturkunnskap, formidling, arrangement, synleggjering og pedagogisk kompetanse. Ulike personar har ulik kompetanse, og biblioteka som har fleire tilsette har ofte personale som utfyller kvarandre. Når dei blir spurde om kva dei treng auka kompetanse på, er det spesielt formidling og digitale ferdigheiter/nye teknologiar som blir framheva, noko som samsvarar med kompetansekartlegginga

som blei gjort av fylkesbiblioteket i 2011. Kjeldekritikk, personvern, det å lage arrangement og marknadsføring blir også nemnde. Nokre merkar mangelen på bibliotekfagleg kompetanse, og saknar det i biblioteket. Dei som manglar kompetanse kompenserer ved å bruke andre: tilsette ved biblioteket eller i kommunen, andre biblioteksjefar, fylkesbiblioteket eller i eit større kontaktnett. Kompetansen til personalet påverkar også kva tiltak som blir sett i gang eller ikkje i biblioteket. Dei fleste prioriterer kompetanseheving, men tid og økonomi avgrensar kor mykje ein kan delta på. Kursa fylkesbiblioteket arrangerer blir sett på som nyttige, og folk prøver stort sett å få dei med seg i den grad ressursane tillèt det. Framtida Framover er det mange som ser for seg at digitale tilbod, som e-bøker, blir meir sentralt og at biblioteka vil få mindre fysiske samlingar. Biblioteket sin møteplassfunksjon og som stad for personleg kontakt vil bli viktigare, og det vil bli større fokus på formidling og ulike typar arrangement, som t.d. debattar, foredrag og forfattarmøte. Biblioteka ser mange utfordringar framover, der ressurssituasjonen er den største. Mange har stram økonomi og små personalressursar, og må prioritere hardt. Det er gjennomgåande at ein ikkje har tid og pengar til å gjennomføre ynskte og viktige oppgåver. Ein stor del av tida kan gå til drifts- og rutineoppgåver, medan det blir lite tid til utviklingsarbeid, formidling, arrangement og aktivitetar. Det er for mange ein stor motsetnad mellom det ein ynskjer å kunne tilby av bibliotektenester, og dei mogelegheitene ressurssituasjonen gir. Dette gjeld også dei som har relativt god økonomi. Med små stillingsressursar vil det også vere svært mange ulike oppgåver som fell på ein person, og fleire kjenner på at dei skulle hatt betre kompetanse innan fleire felt, og hatt betre tid til å setje seg inn i nye trendar og utviklinga på bibliotekfeltet. Svært få ser mogelegheit for å kunne endre rutinar eller kutte ut oppgåver for å frigjere tid til andre tiltak dei ser oppgåvene dei no prioriterer som naudsynte, og har alt hatt rundar med å forenkle og effektivisere rutinane. Andre utfordringar for biblioteka kan vere at dei har lite eigna lokale, t.d. når det gjeld plassering, utforming, storleik eller innreiing, lite interesse for biblioteket frå politikarar og kommuneadministrasjon, og manglande kunnskap blant innbyggjarane om kva biblioteket kan tilby. Det har kome fram mange ynske og idear om kva biblioteka ynskjer å få til: Det aller flest nemner er at dei ynskjer å satse meir på formidling: utvikle gode formidlingstenester generelt eller satse på ei spesiell gruppe. Utvikle tilbodet til barn og unge, både formidlinga og barne- og ungdomsavdelingane i biblioteket, betre tilbodet til skulane og barnehagane. Eigen barnebibliotekar/formidlar. SommarLes / UngLes, forfattarturnear og andre arrangementsturnear, blogg med bokpresentasjonar/ -anbefalingar og formidling utanfor biblioteket. Meir utstillingar. Digitale tenester: satsing på e-bokutlån, betre heimesider og andre digitale tilbod. Bruken av biblioteket utvikle biblioteket som møteplass. Ha fleire arrangement av ulike slag, som t.d. bokkafé, debattar, foredrag. Leseklubbar og lesesirklar. Få betre lokale nye og større, men også forbetre dei ein har

Marknadsføring og synleggjering, bl.a. felles logo for biblioteka i fylket. Plan- og utviklingsarbeid. Setje av tid til å planlegge. Lage bibliotekplan, plan for samlingsutvikling, serviceerklæring. Gjennomføre brukarundersøking. Automatisere arbeidsoppgåver/forenkle rutinar der det går, for å frigjere tid. Utvikling av rutinar og prøve ut nye idear, som t.d. skrankelaust bibliotek. Søke prosjekt-/utviklingsmidlar. Kompetanseheving. Ulike satsingar, t.d. på lokalhistorie eller nynorsk. Samarbeid. Felles lånereglement. Felles innkjøp/emnefordeling mellom biblioteka. Felles vikarordning. Hospitering. Nettverksgrupper. Samlokalisering og/eller samarbeid med andre aktørar/funksjonar i kommunen. Betre samarbeidet internt i kommunen, og med andre bibliotek. Samarbeide/vere med i satsingar som Leser søker bok, Den kulturelle nistepakka, Leseombod-ordninga Som vi ser manglar det ikkje på idear og ynskje om å utvikle biblioteka. Vårt spørsmål i prosjektet Saman for framtida har vore om oppgåver og ønskjemål er enklare å realisere i fellesskap. Samarbeid Biblioteka er involverte i ein del samarbeid internt i kommunen. Her samarbeider dei med barnehagar og skular, turistinformasjon, DKS, gamleheim og helseinstitusjonar, lag og organisasjonar, samt andre funksjonar/einingar i kommunen om ulike tilbod. Nokre av samarbeida kan bere preg av at biblioteket yter tenester til andre, utan at det finst ein plan med avklara roller og forpliktingar bak. Det ligg som oftast ikkje skriftlege avtalar til grunn for samarbeida. Det føregår nokså lite samarbeid mellom bibliotek på tvers av kommunegrensene. Biblioteka i indre Sunnfjord har, saman med fylkesbiblioteket, felles biblioteksystem/katalog, og har jamlege møter. Elles har fleire bibliotek samarbeid om/felles opplegg for SommarLes-kampanjar. Det har også vore nokre få andre, enkeltståande samarbeidstiltak. Fordelar Dei bibliotektilsette ser mykje positivt med å samarbeide. Eit viktig punkt for mange er det faglege fellesskapet; at ein får kollegaer og eit fagleg miljø å dele erfaringar, idear og kunnskap med. I eit slikt fellesskap vil ein også ha større fagleg breidde, og ulik kompetanse kan kome til nytte for fleire. Biblioteka har bruk for (spiss-)kompetanse på mange område, og med små stillingsressursar er det vanskeleg å få dekka alle områda. Det er også lettare å få til utvikling dersom ein har fleire å tenke i lag med, diskutere med og få nye idear og impulsar frå. Og har ein jobba i lag om noko, er det lettare seinare å ta kontakt med bibliotekkollegaane. Samarbeid kan også gi betre ressursutnytting. Folkebiblioteka står stort sett overfor mange av dei same utfordringane, og har mange like oppgåver som skal løysast. Enkelte av desse kan løysast og utførast i lag, slik at ein slepp at same jobb blir gjort unødig mange gongar. I fleire tilfelle har heller ikkje biblioteka «musklar» til å kunne utføre enkelte oppgåver aleine, men må samarbeide for å ha moglegheit til å få utført dei. Eit samarbeid mellom bibliotek kan også gi betre synleggjering, eit felles tiltak kan bli større og gjere bibliotektilboda meir synlege, både for brukarane og for politikarar og kommuneadministrasjon. Nokre nemner at det kan vere lettare å få midlar om ein samarbeider; at kommunane ynskjer å vere med på å utvikle bibliotektilbodet på same måte som naboane.

Hindringar Dei bibliotektilsette ser også fleire hinder for gode samarbeid. Eit samarbeid vil krevje tid og innsats, det kan sjåast som ei belastning i ein allereie travel arbeidskvardag, og ein er usikker på om ressursbruken vert større enn nytten. Kompetanse kan vere eit problem, at ein ikkje føler alle kan bidra på lik linje, og det kan vere manglande forståing for kva som skal til og manglande gjennomføringsevne. Personkjemi kan også vere ein faktor, det er ikkje alle som arbeider like godt saman. Det blir ofte slik at eitt bibliotek eller ein enkelt person må dra lasset og får brorparten av arbeidet, spesielt har dei større biblioteka erfaring med at det er dei som får hovudansvaret. Dette kan gjere at ein vegrar seg for å gå inn i andre samarbeid. Andre hindringar som blir nemnde er geografi/avstand, og mangel på gode idear til kva som kan vere lurt å samarbeide om. Suksessfaktorar Kva skal så til for at ein får til eit samarbeid, og at det fungerer godt? Mange peikar på at ein må ha klare planar og arbeids- og ansvarsdeling, og ei felles forståing av kva ein ynskjer å oppnå. Det er også viktig at ein har ein god leiar som har overblikk og kan følgje opp dei andre i samarbeidet. Det er nødvendig at partane er strukturerte, at alle gjer sin avtalte jobb og er aktive i å halde liv i samarbeidet. Ein må kunne yte for å nyte, men samstundes må ein kunne sjå forskjellane, og deltakarane må kunne delta på ulike vis og nivå. Likevel er det vesentleg at det ikkje alltid er den/dei same som dreg lasset og har den største belastninga. For at folk skal vere motiverte til å jobbe med noko må dei sjå nytteaspektet, at det er relevant for deira situasjon. Ein skal ikkje samarbeide for samarbeidets skuld, men fordi ein då får løyst oppgåvene på ein betre måte. Det må heller ikkje vere for tidkrevjande, eller følast byråkratisk og tungrodd. Det har mykje å seie at deltakarane får eit eigarforhold til prosjektet/samarbeidet, og føler at dei kan bidra. Rausheit blir også nemnd at ein må gi og ta, og godta at det ikkje alltid blir akkurat slik ein sjølv hadde tenkt. Elles er det utslagsgivande at ein har god kjemi med dei ein skal arbeide saman med, og at ein får med personar som får til eit skapande samarbeid. Støtte og interesse frå leiar er også viktig. Folk ser for seg ulike roller dei kan ta på seg i eit samarbeidsprosjekt. Nokre vil gjerne leie, særleg om det er eit område dei har spisskompetanse på. Andre ser heller seg sjølv som ein «arbeidsmaur» i fellesskapet. Uansett rolle ynskjer alle å vere involverte i avgjerder som skal takast, og bestemme kva som skal skje i samarbeidet. Kor mykje ressursar kvart enkelt bibliotek skal gå inn med i eit samarbeid kan vere vanskeleg å seie noko prinsipielt om. Det er einigheit om at rolle og innsats må avgjerast i kvart konkrete tilfelle, der ein må vurdere om alle skal bidra like mykje, om ein skal vekte etter ressursane ved det enkelte biblioteket, eller ein kombinasjon av desse to. Det blir også sett på som positivt at store og små kan samarbeide om tiltak der dette er naturleg, då har ein ulike erfaringar å dele. Fleire nemner elles at ein må unngå «gratispassasjerar», og at det er viktig at alle forpliktar seg.

Kva gjer at ein blir med /ikkje eit samarbeid Når vi spør kva som bidreg til at ein faktisk blir med på eit samarbeid, så er det viktigaste kva prosjektet gjeld at det er interessant og nyttig. Er det noko som gir betre tenester for brukarane? Har vi noko å hente? Er det spanande å jobbe med, eller noko ein brenn for? Det er lettare å ta seg tid og prioritere eit interessant prosjekt, likeeins er gode prosjekt lettare å få ressursar til. Ressurssituasjonen vil påverke om ein har ynskje og mogelegheit til å prioritere samarbeidsprosjekt, og mange tenker kost/nytte. Ein del ynskjer gjerne vere med på mindre tiltak, som ikkje krev for mykje når det gjeld forprosjekt, søknader osv «Det er uhaldbart å søkje prosjektmidlar for alt som skal skje i biblioteket». Det er også ulikt kva ein ser for seg å gå inn med av ressursar, nokon kan bidra med pengar, men har ikkje så mykje tid. Andre kan bidra med arbeidskraft, men har mindre midlar å gå inn med. For mange kjem det til sjuande og sist an på om det viktig/interessant nok til at dei vil prioritere å bruke ressursar på det. Det kom fram fleire konkrete idear til kva ein kunne tenke seg å samarbeide om: Forfattarturnear Lesekampanjar Felles presentasjonsside/blogg for fylket Digitale løysingar Felles barnebibliotekar Formidling av ulike typar Arrangementsturnear Byting av tenester mellom biblioteka, t.d. at ein har lesestund hos nabobiblioteket, og dei arrangerer bokkafé som gjenyting. Fylkesdekkande lånereglement Felles medieinnkjøp Samlingsutvikling/innkjøpsplan, «emnefordelingsplan» Driftssamarbeid E-bøker Marknadsføring Felles base med plakatar, oppslag mm som biblioteka har laga, og som kan gjenbrukast. Logo Serviceerklæring Vandreutstillingar Bibliotekplan Vikarordning Hospitering Kasseringsarbeid Nettverksgrupper Klasseopplæring Utvikle nye tenester/tilbod Søkje prosjektmidlar saman Sirkulasjonsordning lydbøker Lære av kvarandre korleis fekk de til /gjorde de Blogg med boktips Utveksling av tips og råd Lokalhistorie

På spørsmål om kva rolle dei ser for seg at fylkesbiblioteket skal ha i eventuelle biblioteksamarbeid, ynskjer mange at fylkesbiblioteket skal vere ein pådrivar og igangsetjar. Fylkesbiblioteka bør kunne sjå kven som har nytte av å samarbeide, kople desse saman og ta initiativ til prosjekt. Kompetansen fylkesbiblioteket sit på blir sett på som eit viktig bidrag, og mange nemner også at fylkesbiblioteket bør bidra med ressursar både i form av pengar og personell inn i samarbeidet. Fylkesbiblioteket Til slutt i samtalane med dei bibliotektilsette kom vi inn på fylkesbiblioteket sine tenester generelt, kva tenester som er viktige for dei og kva forventingar dei har til oss. Svært mange trekte fram fylkesbiblioteket si rolle som kompetansesenter, rådgivarar og støttespelarar for biblioteket som det viktigaste. Biblioteka ynskjer at fylkesbiblioteket skal vere pådrivar for utvikling av biblioteka i fylket, og ynskjer gjerne at fylkesbiblioteket skal bidra med fagkompetanse, personressursar og pengar til utviklingstiltak. Det er svært viktig for mange å kunne ha nokon å kontakte for å få faglege råd og hjelp i det daglege, og også ha nokon som kan bistå og ha slagkraft i saker som blir for store for eit lite bibliotek aleine. Det er forventa at fylkesbiblioteket har oversikta, silar ut og formidlar til biblioteka kva som er nyttig og viktig, og ser kvar det er behov for å setje inn tiltak. Fylkesbiblioteket som ein samlande faktor mellom biblioteka blir også trekt fram. Fleire nemner behovet for at fylkesbiblioteket tar tak i overordna tiltak og utfordringar som blir for store for biblioteka enkeltvis, eller som kan løysast på ein betre måte når ein opptrer samla. Det blir blant anna etterlyst ei e-bokordning for fylket, og det er også ynskje om at fylkesbiblioteket tar tak i felles marknadsføring og synleggjering av biblioteka. Andre konkrete oppgåver som ein ynskjer fylkesbiblioteket skal involvere seg i er t.d. forfattarturné, litteraturformidling, felles bibliotekblogg, hospiteringsordning og utvikling av skulebiblioteka. Transportordninga mellom biblioteka blir nemnd av nesten alle som viktig, og det blir også peika på at dette har bidrege til samarbeidet mellom biblioteka. Klassesettilbodet er det også mange som nyttar seg av, og det blir sett på som ei svært nyttig teneste. Det varierer i kor stor grad ein brukar nett-tenestene (databaser, heimesider, Facebook) til fylkesbiblioteket, frå mykje til svært lite. Basen Fjognedok er dei fleste klar over, og den blir brukt ein del, men mange må minnast på at den finst. Ein god del kommunar nyttar seg av bokbåttilbodet og mange er svært nøgde, men det blir også peika på behovet for utvikling av tenesta. Det er også ynske blant enkelte om at fylkesbiblioteket blir meir synleg og set biblioteket på dagsorden i media og hos politikarane. Mange peika på at det har vore positivt at fylkesbiblioteket har reist rundt og besøkt biblioteka i løpet av prosjektet, og at slik kontakt har vore for dårleg tidlegare. Vi har blitt betre kjende med kvarandre, noko som lettar kontakten seinare, og vi har fått diskutert faglege spørsmål og utfordringar biblioteka står overfor. Det er eit ynske at fylkesbiblioteket fortset med den tettare kontakten ein har hatt i prosjektperioden.