BREIBANDSTATUS I SOGNDAL KOMMUNE 2014



Like dokumenter
UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

HORDALANDD. Utarbeidd av

Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Vestlandet ein stor matprodusent

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Odd Petter Habbestad Prosjektleder i Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS.

Strategiplan for Apoteka Vest HF

VATN OG AVLØP I KOVSTULHEIA-RUSSMARKEN

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

1. Krav til ventetider for avvikla (behandla) pasientar skal i styringsdokumenta for 2015 vere:

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

Interkommunalt samarbeid ÅLA kommunane vedr økonomisk rådgjevar Mette Hestetun Berg leiar, NAV Årdal

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Årsmelding for IT-forum breiband 2015

SENTRUMSOMRÅDE I HORDALAND

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

Informasjonshefte Tuv barnehage

Stråling frå elektronisk kommunikasjon

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Marie Evjestad Arkivsaksnr.: 07/1229. IT-arbeidsplassar for ungdomsskuleelevar i Luster. Rådmannen si tilråding:

Husleige / Fellsekostnader i interkommunale samarbeid i Hallingdal.

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Strategi for breiband i Sogn og Fjordane

Lønnsundersøkinga for 2014

Breiband i Valdres. Prosjektmandat

PLANPROGRAM FOR KOMMUNEDELPLAN FOR BREIBAND

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl Stad: Fylkeshuset INNHALD

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Bustadområde i sentrum. Vurdering

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

ANALYSE AV TAL PERSONAR SOM BUR INNAFOR EIN AVSTAND PÅ 45 MINUTT MED BIL FRÅ UTVALDE REGIONSENTER I SOGN OG FJORDANE.

NY SKULE I ÅSANE. UTBYGGINGSAVTALE I SAMBAND MED REGULERINGSPLAN.

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr

SAKSFRAMLEGG EIGEDOMSSKATT - ORIENTERING. Saksbehandlar: Magne Værholm Arkiv: 232 Arkivsaksnr.: 05/00651

FIBER TIL HEIMEN. Utbygging av fiber. Her følgjer nyttig informasjon knytt til fiberutbygginga. til din bustad.

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Kompetansearbeidsplassar i Hordaland

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Innleiing. Organisering

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

Avdeling for regional planlegging

Ny strategiplan for Høgskulen

Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto

Saksframlegg FELLES AVLAUP SANGEFJELL? VAL AV AVLAUPSLØYSING FOR EKSISTERANDE OG NYE HYTTER

Bygdemøte på kommuneplanen januar -2013

egevinst Bakgrunn: Dei har kalla tilnærminga egevinst

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Tilgangskontroll i arbeidslivet

TILBUDSSTRUKTUR FOR FAGSKOLANE I HORDALAND - TEKNISK FAGSKOLE 2013/14

Årsmøte i Driftsassistansen mai Innhald i foredraget. Lovgrunnlag

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

Team Hareid Trygg Heime

Resultat brukarundersøkingar

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»

RETNINGSLINER FOR BEHANDLING AV ANLEGGSBIDRAG OG BOTNFRÅDRAG

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: UTVAL FOR PLAN OG UTVIKLING Møtestad: rådhuset Møtedato: Tid: 12.30

Bredbåndsprosjekter i Sør-Trøndelag Fulle BREDDE - RDA 2013

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Eldrerådet er eit rådgjevande organ for det kommunale politiske styringsverk, og skal ha framlagt for seg alle saker av særleg interesse for dei

Framtidige behov for hjelpemiddel

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

Dykkar ref: Dykkar dato: Vår ref: Vår saksbehandlar: Vår dato: 58223/2014/ Melvin Tornes,

Auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring. Styrke samarbeidet mellom stat, fylkeskommune og kommune. Prosjektkoordinator Ny Giv Sissel Espe

Søking til skuleåret

Lettare litteraturnett (Ref #77ab3a77)

FØRESPURNAD OM UTTALE - AKADEMIET BERGEN AS VEDKOMMANDE SØKNAD OM GODKJENNING ETTER PRIVATSKOLELOVA

Endringar i plan- og bygningslova (plandelen) frå 1. januar 2015

PÅBYGG TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE - ALTERNATIVE VEGAR

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

Vår ref.: Dag Loftesnes/Heidi Helle Deres ref.: Dato: 11. september 2015

Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 80/ Kommunestyret 41/

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

VIDARE SAMARBEID MELLOM FYLKESKOMMUNANE PÅ VESTLANDET MED TANKE PÅ Å FREMJE NYNORSKE LÆREMIDDEL

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Strategisk plan for bredbåndsutbygging

Tilgangsrettighetar i episerver

RADIOSAMBAND I TUNNELAR I HORDALAND

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

Utval Saksnummer Møtedato Time formannskap Time kommunestyre

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

Forvaltningsrevisjon «Pleie og omsorg - årsak til avvik mot budsjett og Kostra-tal»

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare?

Røldal. Informasjon. Leilegheit 101 & 103. Ve og Vel V/Turid Tveit / turid.tveit@stord.kommune.no

Transkript:

BREIBANDSTATUS I SOGNDAL KOMMUNE 2014

Innhold Innleiing...3 Samandrag...3 Status breibandsdekning Sogndal kommune 2013...4 Status breibanddekning Sogndal kommune 2014...6 Breibandstatus etter næring, skule og privat...8 Mobilt breiband og mobildekning i Sogndal kommune 2014...8 Breiband 2015 og åra framover...14 Område i Sogndal kommune kor det ikkje er høgkapasitetsbreiband i dag...16 Vedlegg...18 A Avklaringar og definisjonar av breiband...18 B - Breibandsøknader Post- og teletilsynet 2014...18 Side 2 av 18

Innleiing Vardahei IT AS har på oppdrag frå Sogn Næring AS utarbeida denne rapporten. Formålet med rapporten er å gi ein status/oversikt over breibandstilbodet i kommunen. Som grunnlag for denne statusen har me henta informasjon frå ulike kjelder. Dei viktigaste kjeldene er: «Breiband 2.0 Status og utvikling mot 2015» Utarbeida av Nexia for Fornyings- og administrasjonsdepartementet. «Bredbåndsdekning 2013» Utarbeida av Nexia for Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet. Breiband mot 2020» Utarbeida av Nexia for Erhvervsstyrelsen Danmark «Bredbånd = verdiskapning» Utarbeida av Nexia for IKT-Norge «Breibandsøknad til Post- og teletilsynet 6.juni 2014» Utarbeida av Sogn og Fjordane fylkeskommune ved prosjektleiar Olav Skarsbø. Møte/intervju med utbyggjarar og nøkkelpersonar o Sognenett AS v/ Ole Petter Hatlevoll og Geir Volle o Sogndal kommune v/knut Navarsete o Telenor via info frå Knut Navarsete o Sogn og Fjordane fylkeskommune v/olav Skarsbø Me sende og førespurnad til Telenor på dataopplysningar, men har ikkje fått noko tilbakemelding innan fristen for denne raporten. Me ynskjer med rapporten å gi ei nøytral framstilling av korleis tilbodet er i kommunen. Breiband er med dagens mange alternativ og ulike teknologiar eit vidt begrep. Me kjem i rapporten til å peike på og forklare dei mest brukte, samt sette standardar for kva kapasitetsklassar ein opererer innanfor. I område kor det er dårleg kapasitet, vil me dersom me har nok data kunne seie noko om kostnader for å betre tilbodet. I andre lågkapasitetsområde har me ikkje tilstrekkeleg med data til å kunne seie noko om kostnader, men vil kunne seie noko om alternative teknologiar som vil vera naturleg å byggje ut. Samandrag Sogndal kommune har i dag eit breibandstilbod som er godt (høgkapasitet tilbod om meir en 30 Mbits) i Sogndal sentrum, Kjørnes og i Kaupanger unnateke Valeberg og Kaupangerskogen. Dei største næringsområda har dermed god dekning. Utfordringane ligg på småplassane, kor det for utbyggarane av breiband ikkje alltid er ein økonomisk gevinst å bygge ut. Side 3 av 18

Med dagens fleksible jobb- og fritidsmønster, er det viktig å kunne tilby god breibandskapasitet også heime eller på hytta. Oppgåver og tenester knytt opp mot det offentlege/skular blir og meir og meir basert på at ein har eit godt breibandstilbod også i heimen. For verksemder lokalisert i lågkapasitetsområder vil det kunne vera utfordringar å driva effektivt. Kommunikasjon med kundar/leverandørar og internt krev at IT-systema ein brukar fungerer raskt og godt. Med ei «dårleg linje» vil ein kanskje ikkje kunne tilby eit like godt produkt som liknande bedrifter med ei «god linje». Vidare ser me i dagens IT-marknad ein sterkt aukande trend der lokal IT-infrastruktur vert flytta ut i «skya». Dette krev at tilgang på bandbreiddekapasitet er stor begge veger (opp/ned), noko som dagens lågkapasitetsalternativ ikkje dekkar. Eit godt breibandstilbod blir etter kvart like viktig som å kunna tilby straum og vatn. Ein må framover planlegge for at utkantane dei nærmaste åra også får same tilbod som dei sentrale områda. For å få fleire folk til å flytte til og besøke Sogndal kan godt breiband over heile kommunen vere eit virkemiddel for å oppnå dette. For dei som vil lese meir om samfunnsnytten ved å ha raskt breiband viser vi til rapporten «Bredbånd = verdiskapning», som Nexia har utarbeida på oppdrag frå IKT-Norge: http://ikt-norge.no/wp-content/uploads/2013/09/bredbnd-verdiskapning.pdf Status breibandsdekning Sogndal kommune 2013 Me har sett på rapporten til Nexia som har gjennomført dekningsanalyse for alle kommuner i landet. I kartet for høgkapasitet (fiber - meir en 30 Mbit) var status for 2013 som vist i kartet på neste side. Som me ser av kartet, var det i 2013 godt utbygd høgkapasitetsnett i Sogndal sentrum og einskilde område utanfor (Kjørnes, Industriområde Kaupanger). Dei andre områda hadde lågkapasitetsnett (ADSL og radio) med varierande hastigheit og med ei kapasitetsgrensa opp mot 10/1 Mbit. I rapporten til Nexia er desse funna gjort: Dekning høyere kapasitet, inkludert satellitt (Mbit/s) Fylke Kommune 1/0,25 2/0,25 4/0,5 12/0,8 25/1 SOGN OG FJORDANE SOGNDAL 100 % 100 % 99 % 98 % 49 % Sida Nexia og har teke med satellitt som eit breibandalternativ, er nok tala i tabellen noko høge. Side 4 av 18

Dekning med 30 Mbit/s eller meir Alle bustader har tilbod Nokre bustader har tilbod Ingen bustandar har tilbod Side 5 av 18

Status breibanddekning Sogndal kommune 2014 Me har, basert på innhenta informasjon frå utbyggjarar og nøkkelpersonar, utarbeida eit nytt kart med oversikt over status pr. 1 august 2014. Me har ikkje hatt moglegheit å gå ned på husstandsnivå, men har oppdatert breibandstilbodet på «områdenivå». Nexia jobbar med å lage ein ny dekningsrapport for kommunane for 2014, me har førespurt på data frå denne, men denne rapporten har me fått beskjed om ikkje vil vera tilgjengeleg før oktober 2014. Ut frå våre funn er dei største forskjellane frå 2013 til 2014 følgjande: Kaupanger unnateke Kaupangerskogen har no tilbod om høgkapasitet breiband Stedjesida har fått tilbod om høgkapasitet breiband Nornesfeltet har fått tilbod om høgkapasitet breiband Større delar av Kjørnesfeltet har fått tilbod om høgkapasitet breiband Sjå kart neste side. Side 6 av 18

Dekning med 30 Mbit/s eller meir Alle bustader har tilbod Nokon bustader har tilbod Ingen bustandar har tilbod Side 7 av 18

Breibandstatus etter næring, skule og privat Næring: Sogndal sentrum med omland og Kaupanger industriområde har godt tilbod via fiber. Det er elles stor spreiing av enkelt- og landbruksverksemder over heile kommunen. Med dagens tilbod til desse (i hovudsak mindre en 10 Mbit/s) kan det vera utfordrande å ha ein effektiv arbeidskvardag. Også friheita til å kunne jobbe frå ulike lokasjonar (heimekontor, på hytta osv.) kan vera utfordrande om ein ikkje bur i dei områda som tilbyr høgkapasitetsbreiband. Skule: Sogndal og Kaupanger har eit godt tilbod via fiber. Ylvisåker er i nærleiken av ein VDSL-sentral og vil då teoretisk få opp mot 30 Mbit/s, som då fell inn under høgkapasitetsnett. Fjærland skule har ikkje høgkapasitet i dag, og ligg langt frå nærmaste telefonsentral slik at også ADSL-tilbodet blir dårleg. For elevar er det viktig at det ikkje berre er eit godt tilbod på skulen. Elevane treng òg eit godt tilbod heime slik at lekser/innleveringar kan gjerast via nye læreplattformer som t.d «Its learning». Privat: Med fleire og fleire tenester som blir internettbasert (f. eks TV/video, musikk) krev dette stor bandbreidde. Utan ein god nedlastningskapasitet vil desse tilboda i praksis ikkje vera tilgjengelege. Generelt: Det er sannsynleg at kapasitetsbehovet innanfor alle kategoriane vil auka betydeleg i åra framover, og at ein difor bør planlegge utbygging basert på dette. Sjå òg kapittel «Breiband 2015 og åra framover» i denne rapporten når det gjeld forventa kapasitetsbehov framover. Mobilt breiband og mobildekning i Sogndal kommune 2014 Telenor opplyste i juni (kjelde: Fylkeskommunen) at det var planar om å oppgradere/sette i drift 3 basestasjonar med 4G i Sogndal. Dette er Gravensteinsgata, Barsnes/Ølnes og Festingdalen. I tillegg er basestasjon på Fosshaugane Campus i produksjon. Side 8 av 18

Dekningskart frå Telenor viser følgjande dekning: (3G og 2G fell inn under normal mobildekning (tale), medan 4G er tenkt for datatrafikk.) Forventa dekning utandørs, 2G: Side 9 av 18

Forventa dekning utandørs, 3G: Side 10 av 18

Forventa dekning utandørs, 4G: Side 11 av 18

Dekningskart frå Netcom viser følgjande dekning: Forventa dekning utandørs, GSM/2G: Side 12 av 18

Forventa dekning utandørs, 3G: Netcom har pr i dag ikkje 4G-dekning i Sogndal kommune. Ein skal vere klar over at desse dekningskarta er basert på utrekningar gjort av leverandørane, og kva dekning ein får i praksis vil variere avhengig av ei rekke faktorar. Bl.a type mobil/utstyr ein brukar, avstand til basestasjon, topografisk forhold, korleis huset/bygget ein oppheld seg i er konstruert osv. Men generelt kan ein seie at mobildekninga for vanleg tale/2g i Sogndal kommune er rimeleg god, både for Telenor og Netcom, men med enkelte område med svak dekning. Dette gjeld bl.a deler av Barsnes, Ølnes og Årøy. Også Festingdalen (SIMAS), deler av Fjærlandsfjorden og områda vest for flyplassen har dårleg dekning pr. i dag. For Festingdalen og Barsnes/Ølnes har Telenor planlagt å sette opp nye basestasjonar. Telenor har vesentleg betre dekning på 3G enn Netcom, og når det gjeld 4G tilbyr ikkje Netcom dette i Sogndal kommune pr. i dag. Side 13 av 18

Me har i vedlegg A forklart nærmare alternativa med mobilt breiband, og kva fordelar/ulemper det har. Konklusjon er at 4G kan fungere godt som eit supplement til faste/kabla installasjonar (fiber), men er på grunn av teknologi/pris i dag ikkje ei fullgod erstatning for desse. 3G og eldre teknologiar er ikkje gode nok til å oppfylle krava til høgkapasitets breiband i åra framover. Breiband 2015 og åra framover. Regjeringa la hausten 2013 fram målsetting for breibandsdekning for Norge. Målsettinga er å «Sikre tilgang til høyhastighetsbredbånd i hele landet, med mål om hastighet på 100 Mbps». Kostnadsmessig er dette løftet anslege til ca. 20-30 milliardar kroner. Regjeringa lovar vidare å fastsette ei nasjonal graveforskrift. Dette er noko næringa lenge har etterlyst, og som kan gjera det betydelig billigare å rulle ut breiband. Årsaka er at dagens regelverk krev så djupe grøfter at graving er berekna til å stå for minst 70 prosent av kostnadene til breibandsutbygginga. På fylkesnivå har IT-forum Sogn og Fjordane utvikla strategiplanen for breiband i S&Fj., vedteken av S&Fj fylkeskommune. Planen har følgjande målsetting i 2020: Minimum 100 Mbit/s synkront samband til alle bedrifter og minimum 30 Mbit/s til husstandar i Sogn og Fjordane, til same pris som i sentrale strok innan 2020. Får å kunne oppnå desse ytelsane, er det i praksis fiber som er einaste alternativ. Det skjer heile tida utvikling som gjer at ein utnyttar eksisterande teknologi innanfor radio og xdsl betre, men fiber er det som er mest framtidsretta, og har «ubegrensa» kapasitet. Me meiner det difor er viktig å planlegge utbygginga framover etter desse målsettingane. Viss ein ser på auken i kapasitetsbehovet dei siste 5-6 åra, er det mykje som tyder på at det som er definert som dagens behov om få år vil vera kategorisert som eit lågkapasitetstilbod. Endringar i bruksmønster i åra framover: Ein hovudtrend er at stadig meir brukarinnhald på internett går frå å vere tekst- og bildebasert til å også omfatte video- og multimediainnhald. F.eks blir det stadig meir vanleg at tradisjonell TV-sjåing blir erstatta av såkalla «Video on Demand» strømmetenester som f.eks Netflix og HBO. I tillegg er det stadig fleire brukarar som ikkje berre konsumerer innhald på nettet, men også produserer innhald. Alt dette fører til at krav til bandbreidde, både opplasting og nedlasting, vil auke markant i åra framover. I bedriftsmarkedet vert det truleg meir og meir vanleg å ta i bruk «skytenester», dvs. at ein i staden for å investere i eigne serverar / IT-løysingar lokalt, vel å leige tenester frå eksterne leverandørar. For at slike skytenester skal fungere godt er ein avhengig av raskt og stabilt breiband. Nexia har på oppdrag frå Erhvervsstyrelsen i Danmark laga ein rapport «Bredbåndsbehov mod 2020». Tabellen under viser forventa behov innenfor ulike brukergrupper i 2020. Side 14 av 18

Kilde: Nexia Bredbåndsbehov mod 2020 Rapporten meiner dei største kapasitetsdrivarane vil vera meir bruk av desse tjenestene: Video o fleire einheter, Smart-TV med internetttilkopling, høgare oppløysing/kvalitet på bilete, 3D TV. o Fleire videobaserte tenester ala Netflix, Youtube, HBO. Skytenester (Cloud Computing) o Færre lokale installasjonar alle IT-tenester ligger på sentrale serverar. Krev god bandbreidde for opp- og nedlasting. Maskin til maskin - kommunikasjon (M2M) o Kommunikasjon og grensesnitt mellom «daglegdagse» einheiter / boksarer er forventa å auke monaleg. Heile rapporten kan for dei som er interesserte lesast på http://erhvervsstyrelsen.dk/file/353299/bredbaandsbehov_mod_2020.pdf Side 15 av 18

Område i Sogndal kommune kor det ikkje er høgkapasitetsbreiband i dag Sogndalsdalen I dag har abonnentane i området tilgang til ADSL eller trådlaust samband. Pga. stor avstand frå telefonsentral har abonnentar begrensa ADSL-kapasitet. Området har blanding av næring og privat aktivitet med stor aktivitet innafor landbruk og skisport. Spesielt ved Hodlekve er det mykje aktivitet i forbindelse med utbygging av skisenter og hyttefelt. Er søkt om stønad til utbygging (sjå vedlegg B Breibandsøknadar Post- og teletilsynet) Folketal (kjelde: SSB Folketal etter grunnkrets): 318 (Dalavatnet og Notsete) Husstandar som får tilbod om høgkapasitet ved godkjent søknad ref. søknad Post- og teletilsynet: 70 Øvstedalen I dag har abonnentane i området tilgang til ADSL eller trådlaust samband. Pga. avstand frå sentral har abonnentar begrensa eller ingen tilgang. I dalføret er det blanding av næring og privat aktivitet. Stor aktivitet innafor landbruk. I tillegg er det også mindre fagbedrifter. Er søkt om stønad til utbygging (sjå vedlegg B Breibandsøknadar Post- og teletilsynet) Folketal (kjelde: SSB Folketal etter grunnkrets): Ingen tal, men høgst sannsynleg inkl. i tala til Fardalkretsen (206) Husstandar som får tilbod om høgkapasitet ved godkjent søknad ref. søknad Post- og teletilsynet: 55 I forbindelse med utbetring av vegen til Hagafjellet, er det planlagt fiberrøyr frå Raunehaug til bedehuset. Frå bedehus til Ståi er det i søknad til Post- og teletilsynet tenkt framføring via stolpar. Fjærland Fjærland har i dag berre tilgang til ADSL. På grunn av avstand frå sentral har mange av abonnentane begrensa eller ingen tilgang. I Fjærland er det stor aktivitet innafor skule, omsorg, Norsk bremuseum, Bokbyen, reiseliv og eit robust landbruk. Er søkt om stønad til utbygging (sjå vedlegg B Breibandsøknadar Post- og teletilsynet) Søknaden til Post og teletilsynet basere seg på at Fjærland skal få eit god radiosamband mata av fiberen som passerer bygda. Dvs. at ein må «kutte» fiberen for å få tilgang til denne kapasiteten. Det burde då ut frå kor fiberkabelen vert kutta kunne vera mogleg for nærliggande husstandar å få fibertilgang direkte. Med ei god radiodekning, vil Fjærland på kort sikt ha ein brukbar kapasitet teoretisk opp mot 30 Mbit/s, men på litt lengre sikt bør det som elles i kommunen planleggast for full fiberdekning. Mogleg småkraftutbygging i området vil også tvinge fram ny infrastruktur som vil gjere dette endå meir aktuelt. Folketal (kjelde: SSB Folketal etter grunnkrets): 270 (Indre + ytre Fjærland + Mundal) Husstandar som får tilbod om høgkapasitet ved godkjent søknad ref. søknad Post- og teletilsynet: 125 Sognekraft avgjer i april 2015 om det skal startast utbygging av kraftlinje Grindsdalen-Lidal. Ferdig utbygd ca. 2017 og vil då kunne gi fiber til Hatlestad og Berge, samt mate radio med Side 16 av 18

høgkapasitet til t.d. Mundal og Bøyum. Vidare ligg det planar for å oppgradere høgspent i Fjærland som vert ferdig ca 2020. Ein vil då kunne ha moglegheit for å tilby høgkapasitet til store delar av Fjærland m/dalføre. Eidsgrenda: I Eidsgrenda har abonnentane tilgang til ADSL, og nokre har tilgang til trådlaust samband. På grunn av avstand frå sentral har einskilde abonnentar begrensa ADSL-kapasitet. Det er blanding av næring og privat aktivitet. Landbruk og reiseliv. I tillegg er det også mindre fagbedrifter. Er søkt om stønad til utbygging (sjå vedlegg B Breibandsøknadar Post- og teletilsynet) Folketal (kjelde: SSB Folketal etter grunnkrets): 737 - talet er inkl. Kaupangerskogen. Husstandar som får tilbod om høgkapasitet ved godkjent søknad ref. søknad Post- og teletilsynet: 26 Fardal Brukbar VDSL for dei som ligg innanfor ein radius på 1 km frå telefonsentral, dvs teoretisk hastigheit opp mot 30 Mbit/s. Skarsbø har radiodekning opp mot 10/1 Mbits. Mogleg uttak for fiber på Ståi. Folketal (kjelde: SSB Folketal etter grunnkrets): 206 inkl. Øvstedalen? Slinde ADSL og radio opp mot 10 Mbits. Mogleg uttak for fiber frå Nornesfeltet. Folketal (kjelde: SSB Folketal etter grunnkrets): 81 Fimreite Radio opp mot 10 Mbits. Fimreite grendalag har sendt høyringstekst til kommunen med forslag på korleis utbygging kan føregå. Mogleg fiberuttak frå 2 fiberkablar som kryssar bygda i dag. Folketal (kjelde: SSB Folketal etter grunnkrets): 46 Barsnes/Hagalandet ADSL og radio opp mot 10/1 Mbits. Det har vore førepurt på framføring av fiber til Barsnes tidligare (kjelde: Sognenett). Vil då vera naturleg å etablere fibernode på Loftesnes som og kan strekkast mot Hagalandet. Folketal (kjelde: SSB Folketal etter grunnkrets): 746 (NB! Inkl Kjørnes) Loftesnesbrua-Årøy ADSL og radio opp mot 10/1 Mbits. Mogleg uttak for fiber i Årøy. Folketal (kjelde: SSB Folketal etter grunnkrets): 438 (Nes + Øyabrekka) Kaupangerskogen Side 17 av 18

ADSL og radio opp mot 10 Mbits. Fibernode på Kaupanger Industriområde kan vera aktuelt uttakspunkt. Folketal (kjelde: SSB Folketal etter grunnkrets): 737 (NB! Inkl Valeberg) I alle desse områda er det eit avgrensa tal husstandar, og det vil for kommersielle utbyggjarar truleg ikkje vera økonomisk forsvarlege prosjekt å gjennomføra utan offentleg stønad og/eventuelt dugnad og eigeninnsats. Sida det er framføringa som er den største kostnaden, er det viktig at «alle» prosjekt i kommunen som omhandlar graving/røyrlegging samstundes blir vurdert med tanke på fiberframføring. Vedlegg A Avklaringar og definisjonar av breiband B - Breibandsøknader Post- og teletilsynet 2014 Side 18 av 18