Stranda kommune Næring og teknisk Saksbehandlar: Marte Lindberg Melding om vedtak Grinaker Utvikling AS Grinakerlinna 144 2760 BRANDBU Vår ref.: Dykkar ref.: Arkiv: Dato: 2016001293-4 K2 - L13 21.10.2016 Detaljregulering av H60, H62 m.m. på Roaldsida på Strandafjellet Vedtak om oppstart Vi viser til Dykkar brev datert 03.10.2016. Det er gjort følgjande vedtak i saka: 20.10.2016 FAST UTVAL FOR PLANSAKER 077/16 1. Planane skal utarbeidast i tråd med kommunedelplan for Hevsdalen med tilhøyrande føresegner. Vedtaket kan påklagast til kommunen. Klagefristen er 3 veker rekna frå den dato brevet er motteke. Det er tilstrekkeleg at klagen er postlagt innan fristen går ut. Eventuell klage skal sendast skriftleg til det organet som har fatta vedtaket. Ver vennleg å oppgje vedtaket det vert klaga over, den eller dei endringar ein ønskjer, og dei grunnar du vil oppgje for klagen. Dersom du klagar så seint at det kan vere uklart for oss om du har klaga i rett tid, vert du beden om å oppgje når denne meldinga kom fram. Postadresse: Øyna 13 6200 STRANDA Besøksadresse: Øynasenteret E-post post@stranda.kommune.no Telefon 70 26 80 00 Organisasjonsnr. 964 980 098
Med vennleg helsing Stranda kommune Marte Lindberg Planleggar Dette brevet er godkjent elektronisk i Stranda kommune og har derfor ikkje signatur. Mottakar: Grinaker Utvikling AS Grinakerlinna 144 2760 BRANDBU Mivo 6013 ÅLESUND
STRANDA KOMMUNE SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, råd, utval Møte dato Saknr FAST UTVAL FOR PLANSAKER 20.10.2016 077/16 Saksansvarleg: Rådmann Åse Elin Hole Saksbehandlar: Marte Lindberg Arkiv: K2 - L13 Arkivsaknr 16/1293 Detaljregulering av H60, H62 m.m. på Roaldsida på Strandafjellet Rådmannen si tilråding: 1. Planane skal utarbeidast i tråd med kommunedelplan for Hevsdalen med tilhøyrande føresegner. 20.10.2016 FAST UTVAL FOR PLANSAKER Møtebehandling Vedtak samrøystes PLA- 077/16 Vedtak:
1. Planane skal utarbeidast i tråd med kommunedelplan for Hevsdalen med tilhøyrande føresegner. SAKSUTGREIING Bakgrunn for saka I frå Grinaker Utvikling AS v/sterud har ein motteke søknad om oppstart av privat detaljregulering i brev datert 03.10.2016. Forslagsstiller er MIVO AS. Føremålet med planen er å leggje til rette for fritidsbustader med tilhøyrande anlegg. Saksopplysningar Planområdet er på om lag 56 daa, og ein større del av planområdet er tidlegare detaljregulert («Otto-feltet») til fritidsbustader. Vestleg område er omfatta av kommunedelplan for Hevsdalen, og er avsett til noverande friområde (utforløype) og LNF-område. Det vart avhelde oppstartsmøte 22.08.2016 (referat ligg vedlagt saka). Føremålet med planen er å sjå nærare på området i forhold til endring av tomter, nye tomter, nye vegløysingar og liknande. Ein ønskjer betre tomteutnytting enn i eksisterande plan, og det kan vere aktuelt med konsentrerte bustadar i delar av området. Det blir opplyst om at det ligg føre ei avtale med Anders Ringstad (GBN. 52/2) og Otto Opshaug (GBN. 52/5) om at det aktuelle området kan regulerast på nytt. Alle tomtene vil få tilgong via Økslevegen, og det er planar om å vidareføre allereie godkjend veg frå Økslevegen og gjennom felt H62. Gjennom planarbeidet ønskjer ein å sikre gjennomgåande alpintrasè, og skiløype i nedre del av planområdet. Sistnemnde vil bli knytta til tilsvarande løype i Andersgrenda hyttegrend. Vurdering Det vil bli forhandla fram utbyggingsavtale, jf. KOM-vedtak 065/10 etter eigengodkjenning av plan. Administrasjonen i Stranda kommune tilrår oppstart av detaljregulering for område H60, H62 m.fl., då føremålet med planarbeidet er i tråd med overordna plan. Vedlegg: Dok.dato: Vedlegg: Dok.ID 03.10.2016 Søknad om regulering av H60, H62 m.m. på Roaldsida på Strandafjellet. 197828
03.10.2016 9816 - Varselkart H60-H62 (A4 Stående - M2500) 01.10.2016.pdf 03.10.2016 Detaljregulering av H60, H62 m.m. på Roaldsida på Strandafjellet 197829 197856 Aktuelle lover, forskrifter, avtaler m.m. *