Plan for psykisk helsearbeid 2007-2010 - Evaluering Bakgrunn Det vart gjort slikt vedtak i samband med godkjenning av Plan for psykisk helsearbeid:



Like dokumenter
KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL

INFORMASJON HJELPEINSTANSANE

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

på vegne av barn og unge

1. FORMÅL Formålet med tenesta er å fremja sjølvstende og evne til å meistra eige liv med utgangspunkt i brukaren sine ressursar, ønskje og mål.

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

Spesialpedagogisk hjelp. 1 Rett til spesialpedagogisk hjelp 2 Innhald 3 Organisering 4 saksgang

Dialogkonferanse 2009 Modalen

Kommunedelplan for oppvekst

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Eksempel frå Stord kommune

BARNEHAGETILBODET 2015/2016

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

KVINNHERAD KOMMUNE BARNEHAGETILBODET. Retningslinjer og informasjon

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Notat. SOGNDAL KOMMUNE Rådmannen. Leiargruppa. Kopi: Inger Pedersen

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

Retningsliner for å sikre heilskaplege og samanhengande helse- og omsorgstenester til pasientar med behov for koordinerte tenester

Sakspapir. Saksnr Utval Møtedato 003/14 Styringsgruppe kommunedelplan helse /14 Kommunestyret

HØYRINGSSVAR UTVIKLINGSPLAN HELSE FONNA HF

HØRINGSNOTAT OM FORSLAG TIL FORSKRIFT OM RETT TIL FAST OPPHALD I SJUKEHEIM KRITERIAR OG VENTELISTE, FJALER KOMMUNE

Vedtekter for barnehagane i Austrheim. Oppdatert

Framlegg til planprogram

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

Oversyn over økonomiplanperioden

Tokke kommune. Planprogram kommunedelplan Helse og omsorg Framlegg 15. mai Ann Wraa Helse - og omsorgsleiar

Giske kommune. Nettverksamling for Frisklivsentraler Ulsteinvik 4. og 5.sept.

Bø kommune. Kommunedelplan for helse- og omsorg

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Arne Abrahamsen Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 10/881 VURDERING AV INTERKOMMUNALT SAMARBEID OM BARNEVERN

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/ juni 2009

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Pedersen Arkiv: 034 Arkivsaksnr.: 06/1156. Sogndal kommune overfører følgjande oppgåver/ressursar til NAV Sogndal:

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

BRUKARSTYRT PERSONLEG ASSISTENT

Plan for overgangar. for barn og unge

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS /2018 Kommunestyret PS

psykisk helse

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Varsel om tilsyn med Lærdal kommune. Lærdalsøyri skule sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og pålegg om innsending av dokumentasjon

KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus Vedtekter Nivå: 1. Side : 1 Av : 5 sjukehus Revisjon : 3 Erstatter : 2

RETNINGSLINJER FOR INDIVIDUELL PLAN I BØMLO KOMMUNE

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Saksframstilling. Arkivsaksnr: 12/1264 Saksbeh.: Karina Nerland Arkivkode: /12 Sogn regionråd Saksframlegg

NOTAT om familiehuset

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

- Side 1 - Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: Faks: E-post: postmottak@luster.kommune.no Org.nr.

Resept for eit sunnare FørdeF

SØKNAD OM HJELPETILTAK FOR BORN OG UNGE 0-18 ÅR.

Sjumilssteget. Til det beste for barn og unge

Tilrettelegging av fysisk aktivitet - Hordaland

Svangerskaps-, fødsels- og barselomsorgstenester

Rus og psykiatri - utfordringar sett frå kommunane korleis løyse store utfordringar innan feltet åleine eller saman? v/ Line Glesnes og Monica Førde

GSI'09. Voksenopplæring (Vo) rettleiing. nynorsk

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Husleige / Fellsekostnader i interkommunale samarbeid i Hallingdal.

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

Ved handsaminga av arbeidsdokument nr. 3, , konkluderte planutvalet slik:

Arkivsak Arkivkode Dato 13/

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Barnevernsfaglege vurderingar. Fylkesmannen sine erfaringar. Turid Måseide og Gunn Randi Bjørnevoll

Saksframlegg. Orientering om Kompetansesenteret og søknad om regionale utviklingsmidlar til Ny GIV-tiltak ved Kompetansesenteret

PLANPROGRAM KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE OG OMSORG I RADØY KOMMUNE

Rådmannsutvalet Førde

Forvaltningsrevisjon «Pleie og omsorg - årsak til avvik mot budsjett og Kostra-tal»

Lønnsundersøkinga for 2014

Av Linda Jakobsen Daglig leder Drammensregionenens interkommunale krisesenter BETZY

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Delavtale om drift av nettverk av ressurssjukepleiarar i kreftomsorg og lindrande behandling mellom. Helse Førde og kommunane i Sogn og Fjordane

RUSFAGLEG FORUM FORUM FOR RUS OG PSYKISK HELSE

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Folkehelsesatsing for barn og unge. Marit Nordstrand Leiande helsesøster og folkehelsekoordinator Høyanger kommune

Eid kommune. Saksframlegg. Kommunedelplan for oppvekst vedtak

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 1/10 10/29 POLITISK KVARTER - PERSONALUTVALET

TENESTESTANDARD RUSVERNTENESTAR

Austevoll kommune MØTEINNKALLING

Utviklingsplan for Pedagogisk-psykologisk teneste for vidaregåande opplæring

Til deg som bur i fosterheim år

Årsrapport Kreftkoordinator ÅLA

Husbanken Region vest

Ny GIV Oppfølgingsprosjektet

Lågterskeltilbod til ungdom mellom år

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE

Transkript:

Notat Til: Kopi: Frå: Formannskapet Rådmannen Arkivkode Arkivsaknr. Løpenr. Dato G70 06/1505 11017/07 15.11.2007 Plan for psykisk helsearbeid 2007-2010 - Evaluering Bakgrunn Det vart gjort slikt vedtak i samband med godkjenning av Plan for psykisk helsearbeid: 1. Framlegg til plan for psykisk helsearbeid 2007 2010 vert vedteken med følgjande endringar: * Fysioterapistillinga skal prioritere tiltak/behandling av personar med psykiske vanskar. * Det skal vurderast delvis bruk av kommunale midlar til etablering av regionalt barnevern i 2008. 2. Handlingsprogrammet (pkt. 6) skal rullerast og grundig drøftast kvart år i samband med handsaming av økonomiplanen. Fram til første rullering (hausten 2007) skal det føretakast ei evaluering av gjeldande tiltak i planperioden samt ein grundig analyse av behov som grunnlag for prioritering av tiltak. Resultatet av evalueringa/analysen og brukargranskinga (pkt. 6: Andre tiltak) kan gjere det aktuelt å omdisponere bruken av ressursane i samband med økonomiplanen for 2008-2011. Pkt. 1 er innarbeid i plandokumentet. I planen står det vidare at dersom det gjennom den årlege rulleringa av handlingsprogrammet vert frigjort midlar, eller kommunen får auke i statlege midlar, skal styrking av helsesøster tenesta og helsestasjon for ungdom prioriterast. Utifrå dette skal vi rullere (drøfte) handlingsprogrammet kvart år. I 2007 skal vi og gjennomføre ei evaluering av gjeldande tiltak og ein grundig analyse av behov. I denne analysen inngår brukargranskinga gjennomført i haust. Evaluering av bruken av opptrappingsmidlane i perioden 2003 2006 1

Faktisk bruk av opptrappingsmidlane i perioden 2003-2006 2003 2004 2005 2006 Barnevern 140000 309000 200000 VTA 150000 Grøn omsorg 220000 Helsestasjon 40000 48000 Støttekontakt 20000 Fysioterapi 25000 60000 Skulehelsetenesta Psykiatrisk vernepleiar 130000 220000 Generelle tiltak 46000 100000 Prisauke 32000 Kultur 20000 Info.brukarar 10000 20000 Kompetanseheving 15000 SUM tiltak 360000 266000 519000 660000 Barnevern Midlane har vore nytta til å styrke barneverntenesta særskild inn mot barn og familiar med psykiske problem. Barnevernet skal i følgje barnevernslova drive førebyggjande barnevern og gje hjelp og hjelpetiltak. Tenesta har eit spesielt ansvar for å førebyggje og avdekke omsorgssvikt, åtferds-, sosiale og emosjonelle problem så tidleg at varige problem kan unngåast. Barnevernslova omfattar alle barn som bur i kommunen, òg dei som bur her mellombels t.d. på asylmottaket. Barnevernstenesta har hatt ein auke i saker generelt, og i type saker. Sakene er tyngre, og stadig fleire barn og unge har samansette vanskar, der alkohol-, narkotika og psykiske problem er framtredande. Tenesta registrerer at barn av psykisk sjuke og/eller rusmisbrukande foreldre utgjer ei aukande gruppe. Ressursauken har gjort det mogleg å arbeide meir målrette mot heile familien og drive rettleiing inn mot barnehage og skule. Det har vore eit mål å kunne drive førebyggjande arbeid på eit tidleg stadium. Innanfor ressursauken ligg det og ei 50% stilling med spesialkompetanse innanfor foreldrerettleiing. Denne ressursen vert nytta førebyggjande inn mot barnehage og skule, men og òg til enkeltfamiliar. Varig tilrettelagt arbeid (VTA) Her er det etablert eit samarbeid med Sogneprodukter og NAV, og det vart starta opp med 7 arbeidsplassar i november 2005. Målet har vore å tilby arbeid til personar som har fått 2

utføretrygd eller som har vore på veg til å få uføretrygd. Etter vår vurdering har dette vore eit godt tilbod til personar som fell utanom den ordinære arbeidsmarknaden. Deltaking gjev god struktur i kvardagen og er med på å utvide nettverket til den einskilde brukar, slik at livskvaliteten vert opplevd betre. Av dei sju første som starta, har to slutta. Tilbodet synte seg å vere feil utifrå funksjonsnivå og kva den einskilde hadde ønskje om å gjere. To nye har fått tilbod og har takka ja. Samarbeidet med Sogneprodukter og NAV har fungerer tilfredsstillande Grøn omsorg Innanfor området Grøn omsorg har kommunen ein samarbeidsavtale med ein gardbrukar. Tiltaket har for tida 4 plassar. Dette er eit tilbod brukarane er svært nøgde med, og pr. i har vi ikkje nok plassar til å imøtekome etterspurnaden. Dei som har tilbodet, ønskjer òg fleire dagar i veka. Helsestasjon/skulehelsetenesta Helsestasjon- og skulehelsetenesta har, som eit lågterskeltilbod, ei sentral rolle i det førebyggjande psykososiale arbeidet i kommunen. Midlane er nytta til å styrke skulehelsetenesta på vidaregåande skule. Støttekontakt Søknader om støttekontakt/treningskontakt aukar dette gjeld både yngre og eldre brukarar. Det har vore ein medveten satsing på fysisk aktivitet for å betre den psykiske helsa med mellom anna ein fast turdag for veka og trening på kveldstid 2 gonger pr. veke. Kommunen har eit samarbeid med Helse Førde og fylkesmannen om utdanning av treningskontaktar. Det er kommunen som har ansvar for oppfølgjing og rettleiing av trenings- og støttekontaktar (ein gong pr. månad). Pr. i dag er det 22 personar som har fått eit tilbod om støttekontakt/ treningskontakt etter lov om sosiale tenester. Etter vår vurdering er dette eit tilbod som gjev stabilitet og tryggleik i kvardagen for den einskilde. Der det er mogleg å få til, nyttar vi same kontakt over lang tid, slik at det vert kontinuitet og forutsigbarheit for brukaren. Fysioterapi Fysioterapitenesta skal ivareta funksjonar innan omsorgstenesta, habilitering og rehabilitering, førebyggjande verksemd og kurativ verksemd. Midlane er nytta til å utvide driftstilskotet til ei fysioterapi-stilling med kompetanse på psyko-motorisk behandling (2003) og sikring av turnuskandidatstillinga (2006). Psykiatrisk vernepleiar Det er tilsett vernepleiar med vidareutdanning innan psykisk helsearbeid. Det er vidare tilsett sjukepleiar som planlegg å ta vidareutdanning innan psykisk helsearbeid. Generelle tiltak/kultur Midlane har i stor grad vore nytta til følgjande tiltak: Sommaraktivitetar for barn med ei særleg utfordrande kvardag, der deltakarane har vore barn som har fått diagnose/har symptom på psykiske vanskar. Barnevernstenesta har gjeve leksehjelp/støttekontakt til barn med psykisk sjuke foreldre for å lette barnet og foreldra sin kvardag. Leksehjelp/støttekontakt skal etter barnevernslova gjevast er foreldra sin omsorgsevne ikkje er god nok. Informasjon brukarane Midlane har vore fordelt på brukarorganisasjonane 3

Kompetanseheving Midlane har vore nytta til generell kompetanseheving/mindre kurs i hovudsak i regi av fylkesmannen og Indre Sogn Psykiatrisenter t.d. har to tilsette teke vidareutdanning i kognitiv terapi. Bruk av opptrappingsmidlane i 2007 og 2008 Tiltak 2007 2008 Fysioterapeut (heilårsverknad) 90 000 Aktivitet demente/eldre 100 000 100 000 Prosjekt bu/arbeidstrening (løn, drift, reise) 370 000 82 000 Informasjon/samarbeidstiltak 22 000 Kompetanseheving jf. plan 150 000 Regionalt barnevern/samlokalisering av tiltak retta mot barn og unge 250 000 Sum 582 000 582 000 Fysioterapeut (heilårsverknad) Stillinga vart lagt i i 2006. Turnusstilling i fysioterapi er ei utdanningsstilling. Om lag 25% av stillinga er knytt til arbeid i institusjon og brukarane av omsorgstenesta har i løpet av året m.a. fått auka tilbod om aktivitet gjennom rørsle- og trimtilbod. Tal frå folkehelseinstituttet syner at mellom 15 og 20% av barn og unge har psykisk vanskar som påverkar funksjonsnivået deira. 10-15% av stillinga har vore nytta direkte inn mot elevar i vidaregåande skule. Stillinga har generelt auka kapasiteten til tenesta, både når det gjeld barn og vaksne, førebygging, rehabilitering og kurativt arbeid. Aktivitet/demente/eldre Midlane har i 2007 vore nytta til støttekontakt retta mot eldre/demente som elles mottek tenester gjennom omsorgstenesta/pu tenesta. Dette behovet har vore aukande dei siste. Budsjettposten vert auka med kr. 100 000 i 2008, og bruken skal vurderast på nytt jf. arbeidet med eldreplanen. Prosjekt bu/arbeidstrening Prosjektet starta opp i 2007 med planlagt opptrapping i 2008. Målet med dette prosjektet er delvis førebyggjande, men er først og fremst for å få personar med psykiske lidingar eit steg vidare i det å meistre eigen kvardag jf. målet med kommunen sitt arbeidd med psykisk helse. Prosjektet er støtta av fylkesmannen og helse- og sosialdirektoratet. Det har vore sett i gang to grupper med arbeidstrening ei gruppe for menn og ei gruppe for kvinner. Etter vår vurdering ar dette vore vellukka tiltak med særs stabil deltaking. I tillegg har det vore individretta bu trening. Erfaringar frå prosjektet har vore formidla på ulike konferansar. Informasjon/samarbeidstiltak På møtet med brukarorganisasjonane har ein konkludert med å lage ein informasjonsfaldar som skal omfatte brukarorganisasjonane og deira tilbod samt det kommunale tilbodet. 4

Informasjonsfaldaren skal vere både i papir og ligge på nettet. Tiltaket er planlagt, men ikkje ferdigstilt. Kompetanseheving Tiltaket er planlagt i 2008. Med utgangspunkt i kompetansebehov skissert i planen skal det utarbeidast ein plan for bruken av midlane. Tiltaket må sjåast i samanheng med midlar som fylkesmannen disponerar til Kompetanseløftet 2015 for sosial-, pleie og omsorg- og helsetenestene. Regionalt barnevern/samlokalisering av tiltak retta mot barn og unge Tiltaket er planlagt i 2008. Sogn regionråd har sett i gang eit arbeid for å greie ut eit regionalt tenestesamarbeid innfor barnevern. Ulike modellar er no til høyring i kommunane med høyringsfrist 31.12.07. Målet med tiltaket er å sikre innbyggjarane i regionen er forsvarleg teneste med omsyn til rus, etnisitet og psykisk helse. Det er aktuelt å leggje ei regional barnevernteneste til Sogndal kommune. Tiltaket vil krevje økonomisk deltaking frå kommunane. Andre tiltak i planen finansiert utanom opptrappingsmidlane Kartlegge behov for og mogleg organisering og drift av eit fleirbrukshus Det er sett ned ei arbeidsgruppa der brukarane er med. Første møte i arbeidsgruppa var 18.10.07. Utvide Stedjevegen 25 til å verte eit utvida bu- og aktivitetssenter. Det vert synt til pkt. 2.2.1 i planen. Arbeidet er sett i gang, men vi har enno ikkje kome i gang med drivhus og verkstad fordi arbeidet med reguleringsplan og tilrettelegging av arealet har teke lenger tid enn planlagt. Ungdom kultur/fritid Administrativ oppvekstgruppa er supplert med fagleiar utviklingshemma barn/unge, psykisk helse er tema på dei fleste møta, og ungdomsleiar har hatt møte med rektorane, barnevern- og helsestasjontenesta. Moglege tiltak har vore drøfta i ungdomsrådet. Dette har og vore tema ved planlegging av tiltak i ungdomsbasen, og vi ser at vi i år har nådd fleire som ikkje er med på andre aktivitetar og at gruppene er langt meir samansette no enn tidlegare. Vidare framover vil det vere fokus å få etablert ei ordning med leksehjelp (er under planlegging) og organisere fleire av aktivitetane i ungdomsbasen som ung-til-ung formidling. Ungdomane har sjølv peika på at det er ein god metode til å få med fleire av dei som er lite aktive. Skule/barnehage Dette skuleåret er det ein lærar frå kvar ungdomsskule som tek vidareutdanning i psykososialt arbeid blant barn og unge. Ein del av studiet er arbeid på eigen skule i høve til psykisk helse, og desse lærarane held kurs i eige kollegium og lagar planar for og syter for gjennomføring av programmet Psykisk helse for ungdomsskuleelevane. Ein del av lærarane har delteke på eksterne kurs. I kommunal strategi for innhald og oppgåver i barnehagen 2007-2010 er sosial kompetanse og god psykisk helse eit prioritert område. I målformuleringa står mellom anna følgjande: For å sikre at det vert sett i gang tiltak på eit tidleg tidspunkt, skal tilsette i barnehagen ha kompetanse om tidleg teikn på psykiske vanskar. Pedagogisk personale skal ha teke del i opplæringsprogram om psykisk helse. Dette må med i 5

kompetanseplanen. Stillinga som foreldrerettleiar vil òg kunne ha ein funksjon her. Drøfte oppretting av eige brukarråd for psykisk helsevern. Det ligg ikkje føre sentrale føringar for at eit slikt råd vert lovfesta. Det er avtalt at brukarorganisasjonane skal ta saka opp att med kommunen, dersom dei ønskjer eit slikt råd. Det er sett i gang utgreiing av eit prosjekt Aktiv på dagtid i regi av folkehelsekoordinator og finansiert med tilskot over folkehelseprosjektet. Dette vil vere eit lågterskeltilbod jf. punktet om fysisk aktivitet for personar med psykiske vanskar. Brukargransking Kommunen har gjennomført ei brukargransking innanfor psykisk helsearbeid (vaksne) i regi av KS. Denne vart gjennomført i løpet av oktober som telefonintervju. 66 brukarar vart forsøkt kontakta, 8 ville ikkje svare og 6 tok ikkje telefonen. 52 svar av 66 moglege gjev ein svarprosent på vel 79%. Dette meinar brukarane: * 83,7% er nøgd eller særs nøgd med tenesta * 84,2 er nøgd eller særs nøgd i høve til brukarmedverknad * 94,1% meinar at dei vert handsama med respekt * 94,9% meinar at tenesta er påliteleg * 81,5% er nøgd eller særs nøgd med tilgjengelegheit *91% er nøgd eller særs nøgd med informasjon som vert gjeve Vi kan bli betre på: * 15,8% meinar at brukarmedverknaden ikkje er god nok * 18,5% meinar at tilgjengelegheiten er for dårleg Oppsummering Målet med psykisk helsearbeid i kommunen er å bidra til å fremje sjølvstende, tilkyting og styrke evna til å meistre eige liv for personar med psykiske lidingar. Tiltaka i planen skal bidra til å nå desse måla, og baserer seg på dei vurderingane fagansvarlege for tenesta har gjort i samarbeid med brukarane. Brukarane av tenestene har gjeve positive tilbakemeldingar på tenestene gjennom brukargranskinga. Vi har og sett positive resultat knytt til enkelttiltak som bu- og arbeidstreningsprosjektet, VTA og Grøn omsorg. Tiltaka for 2007 er i all hovudsak sett i gang. I tilegg til sosialtenesta og helsetenesta som har eit hovudansvar for dette fagfeltet, ser vi at både skule, barnehage og kultur/ungdom har satt psykisk helse på dagsorden både gjennom planarbeid og enkelttiltak. Vi ser utfordringar innanfor følgjande område: Styrking av helsestasjonen spesielt i høve til skulehelsetenesta. Dette er eit viktig område for førebyggjande arbeid inn mot barn og unge ei veksande gruppe når det gjeld psykiske vanskar. Dette området er prioritert i planen dersom vi får ein auke i tilskotet for 2008. Behovet for ei psykologstilling. Dette har det vore peika på både i høve til helsestasjonen og PPT 6

Det er for tida 9 omsorgsbustader i Stedjevegen, og behovet ser ut til å auke. Nokre av brukarane har større omsorgsbehov enn det som vert ytt, og treng oppfølgjing døgnet rundt for å motta eit fullgodt tilbod. Tiltak for 2008 er planlagt inn mot følgjande område: Aktivitet for demente/eldre. Her har vi dokumentert eit aukande behov jf. pkt. 2.2.6. i planen. Vi har og sett eitt aukande behov for støttekontakt til denne gruppa i løpet av året. Det vil vere naturleg å ta stilling til bruken av midlane i eldreplanen. Vidareføring av bu- og arbeidstrenings prosjektet: Prosjektet vart sett i gang i 2007 delvis finansiert med eksterne midlar. Dette er eit prosjekt der vi alt etter eitt år ser gode resultat når det gjeld brukarane. Kompetanseheving. Av planen går det fram at kommunen har behov for auka kompetanse på følgjande område: * dobbeltdiagnose (rus og psykiske lidingar) * etterutdanning i psykisk helse for helsesøstre * praktisk samspelsmetodar * generell rettleiingskompetanse * rusmiddel med særskild vekt på verknader av bruk av anabole steroider * medisineringsgodkjenningskurs * rettleiing og samhandling med pårørande * kompetanse på psykisk helse i barnehage og skule. Det skal lagast ein plan for bruken av midlane Regionalt barnevern/samlokalisering av tiltak retta mot barn og unge. Ulike modellar for regionalt samarbeid er no til høyring i kommunane i regi av Sogn regionråd. Høyringsfristen er sett til 31.12.07. Vi har fått tilbakemeldingar om at nabokommunane er interessert i ein vertskommunemodell, og Sogndal kommune vil då kunne bli vertskommune for ei slik ordning. I ein slik samanheng vil det vere behov for å styrke barneverntenesta fagleg. I samband med evaluering av planen skulle det vurderast delvis bruk av kommunale midlar til etablering av regionalt barnevern i 2008. Dersom det gjennom den årlege rulleringa av handlingsprogrammet vert frigjort midlar, eller kommunen får auke i statlege midlar, skal styrking av helsesøster tenesta og helsestasjon for ungdom prioriterast. Det ligg så langt ikkje føre informasjon om kor stor løyvinga for 2008 vert. Etter rådmannen si vurdering er det ikkje handlingsrom for å nytte kommunale midlar til etablering av regionalt barnevern. Rådmannen vil på bakgrunn av dette ikkje tilrå at det vert gjort endringar i handlingsprogrammet for 2008. 7

Plan for psykisk helsearbeid 2007 2010 er tilgjengeleg på kommunen si heimeside. Klikk på planar og forskrifter i venstre hovudmeny og deretter på temaplanar. 8