ÅRSPLAN FOR SÆTRA BARNEHAGE



Like dokumenter
ÅRSPLAN FOR SÆTRA BARNEHAGE

ÅRSPLAN. Vikemarka barnehage

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

Informasjonshefte Tuv barnehage

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

Månadsbrev for ROSA mars 2015

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Til deg som bur i fosterheim år

ÅRSPLAN SUNDE BARNEHAGE

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Månadsbrev for Rosa september 2014

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Plassebakken Barnehage

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Plan for overgangar. for barn og unge

Årsplan / Utviklingsplan for Orre barnehage Magiske øyeblikk i kvardagen!

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Velkomen til Mork barnehage

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

Saman om Ørstabarnehagen

NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE. Gjeldande frå 1. august. Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9.

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

Frå novelle til teikneserie

Tilpassa opplæring i Tysnesbarnehagane.

Psykologisk førstehjelp i skulen

Barns leik og vennskap. Utviklingsarbeid i Mork barnehage hausten våren 2018

GJENSIDIG RESPEKT INKLUDERANDRE SKAPANDE KOMMUNIKATIVE ENGASJERTE GISKE BARNEHAGE SAMAN I TRYGGLEIK OG UNDRING

Vi lærer om respekt og likestilling

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Trudvang skule og fysisk aktivitet

ÅRSPLAN FOR BEITO BARNEHAGE

LOKAL RAMMEPLAN FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Månadsplan for Hare November

BARN SITT MØTE MED BARNEHAGEN - AVD. STOVA. TID KVA KORLEIS MÅL UTFORDRING Barnet kjem i barnehagen.

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn?

LEIK, LÆRING OG UTVIKLING BRUNKEBERG OPPVEKSTSENTER

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

Halvårsplan for Tyrihans og Askeladden våren 2017

Du må tru det for å sjå det

OSTERØY KOMMUNE VALESTRAND BARNEHGE

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Blåbærskogen barnehage

LUNDE OG ONARHEIM BARNEHAGE 2015/ En god start på livet

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Korleis kan du i din jobb utvikle deg til å bli ein tydleg medspelar?

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET

Pedagogiske rom UTVIKLINGSPLAN Deltakarar; Alle i personalet i samarbeid med barna Hovudansvarlege; Veronica, Iselin, Eva Lisa og Marianne

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Trygg og god overgang mellom barnehage og skole

Vedtekter for barnehagane i Austrheim. Oppdatert

Velkommen til Ulveset SFO. Mål for Ulveset SFO: SFO skal være ein trygg stad, der vi legg til rette for vennskap, leik og trivsel.

Halvårsrapport lyseblå haust 2017

Bjørnehiet SFO - informasjon


Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Plassebakken Barnehage

Bergsøy skule Offshore-prosjekt 4. trinn november 2012

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Halvtårsrapport for gul gruppe våren 2017

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Årsmelding for Urhei barnehage

BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSSKULEN OG SFO

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Det finst ei rettleiing til gjennomføring av Ståstadsanalysen på: D Tilsette vurderer barnehagen opp mot teikn på god praksis

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

I Borsheim skal vi vere saman om å skape livsglede med autoritative vaksne og medverkande barn.

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Del 2 Ågotnes barnehage. årstema

PERIODEPLAN EVALUERING Avdeling: Blåmeis EVALUERING AV PERIODE 1: September - november2015

Osterøy kommune ÅRSPLAN VALESTRAND BARNEHAGE SAMAN FÅR ME VERDES VIKTIGSTE VERDIAR TIL Å VEKSA.

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Bli kjent med Orre Barnehage

BIGSET BARNEHAGE. -omsorg gjennom latter, leik og læring

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

RAVNEBJERGET BARNEHAGE Årsplan

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Barnehagane i Kviteseid. Felles informasjon til føresette

Transkript:

ÅRSPLAN FOR SÆTRA BARNEHAGE 2015/2016 «Eit godt barndomsminne» www.saetrabarnehage.no post@saetrabarnehage.no Telefon: 70010002 Adresse: Onglasætra 18

KORT PRESENTASJON Sætra barnehage er ein privateigd barnehage med godkjenning for 44 plassar for barn 0-6 år. Barnehagen ligg oppe i Onglasætra i Ulsteinvik, midt i naturen. Vi samarbeider med mange aktørar for å kunne gi barn det beste i tida fram til skulestart, slik som til dømes PPT, helsestasjon og barnevern. Vi har halvårlege møter med desse for å sikre tidleg intervensjon for barn med ulike behov. Sætra barnehage er organisert som ei søskengruppe, der barna frå 0-6 år er saman delar av dagen, men likevel slik at alle får utfordringar utifrå sine behov for mestring og utvikling. Vekst og utvikling står i fokus i barnehagen vår. Vi er ein lærande barnehage, med samvær som nøkkelkvalitet. Vi er organiserte i grupper der alle barn har sine faste vaksne og sin leiar. Små grupper med ein vaksen er det optimale for barn i utvikling, nokre gongar med barn på same alder, andre gongar er det viktig med deling på tvers av alder. Kven som jobbar og har ansvar på dei ulike gruppene får du info om i barnehagen. Sjå dessutan heimesida vår www.saetrabarnehage.no

Vi har engasjerte og fagleg godt kvalifiserte vaksne. Vi vil utfordre oss sjølve kome vidare vere synlige gi av oss sjølve skape saman med andre Nærare presentasjon av dei vaksne finn du på www.saetrabarnehage.no PLANANE VÅRE Vi har Rammeplan for barnehagar som eit sjølvsagt utgangspunkt for det pedagogiske arbeidet vårt. Dernest kjem vår eigen årsplan med «Pedagogiske periodar» som fortel kva som er hovudtema og kva vi kan vente oss i perioden. Innanfor desse rammene har leiarane våre, i samarbeid med sine medarbeidarar, stor handlingsfridom og brukar seg sjølve, sin kunnskap og erfaring for å skape gode dagar fulle av gode barndomsminne for barna. Leiarane lagar periodeplanar for si gruppe. Desse vert sendt ut til foreldra for kvar periode jamfør eige oppsett. Leierane fortel også om kva som har blitt gjort i den perioden som har vore.

I inngangen vår finn du dagsplanane som viser kva som er hovudaktiviteten for kvar dag. Her kan de som føresette sjå kva barnet dykkar skal vere med på. I år har barnehagen eit samarbeidsprosjekt med Datawaves As v/martin Løset, om å betre kommunikasjonen mellom foreldra og barnehagen. Vi testar ut Yammer, som er Microsoft sitt verkty for sosial kommunikasjon (meir info på foreldremøte). I lag med dagsplanen får føresette innblikk i barnehagekvardagen til barna. Yammer er meint å bruke som informasjon frå barnehagen til føresette. Med samvær som fokus blir det alltid ein viktig balanse for pedagogane kor mykje tid dei skal bruke på å gi detaljert info til foreldra i forhold til å vere til stades for barna. Dette vil vi samarbeide med foreldra om. FAGOMRÅDA I RAMMEPLANEN Dei 7 fagområda følgjer oss året rundt, og her er fagområda slik Rammeplanen deler dei opp: - kommunikasjon, språk og tekst - kropp, rørsle og helse - Kunst, kultur og kreativitet - Natur, miljø og teknikk - Etikk, religion og filosofi - Nærmiljø og samfunn - tal, rom og form Nokon av fagområda har spesiell fokus i ein av dei pedagogiske periodane våra, td «nærmiljø og samfunn» under temaet «Heimstaden min» v 17-24.

«Kunst, kultur og kreativitet» kjem i fokus når Hestehovane lagar sine eigne sitteunderlag til å ha med seg på tur. Sidan det er «Friluftslivets år» i år, so får uteliv eit ekstra fokus heile dette barnehageåret. Med turar ute i naturen, blir «Natur, miljø og teknikk» i fokus. «Religion, etikk og filosofi» er nok meir i fokus rundt høgtidene våre, medan filosofi og etikk er noko som barna møter i små og store samtaler i kvardagen i barnehagen. Det er naturleg for barn å filosofere rundt opplevingar dei har, anten det er om livet, eller døden. Då møter vi dei i samtale og det er barnet sitt fokus som gjeld. Mange av fagområda er med oss kvar dag. Både «Kommunikasjon, språk, tekst», «kropp, rørsle og helse» og «tal, rom og form» er naturlige delar av ein vanleg kvardag. Ei gruppe kan til dømes ha ein dag der dei har hovudfokus på motorikk og tal, form og form. Då leiter vi etter ulike former når vi er på tur. Vi kan gå lange turar eller enda lengre turar. Vi kan hoppe høgt eller langt, eller krype gjennom ein trong tunell. Vi kan hoppe paradis med tal på, eller telle kråker i eit tre.

Vi kan leike ringleikar, lage store sirklar av barn - det er berre fantasien som stoppar oss. Læring går føre seg heile tida, både inne og ute. FLEIRE DØME PÅ LÆRING Å bygge ny hytte er eit Raudkløver-prosjekt barnehageåret 2015/2016. Samhald og mestring er målet for prosjektet. Saman med andre barn, og bevisste vaksne er byggeleiken ei heil verd av læring. Kommunikasjon: bruke språket som verkty. Matematiske omgrep: lang, lengre, kort, kortare, høg, høgst. Fargar, berekning korleis former passar til kvarandre, mestring, fantasi for å nemne noko. På same måte kan vi sjå på andre leike - og samspels -situasjonar. Fokuset vårt på læring gjer dagane saman med barna fantastisk spennande. LIKESTILLING I DET PEDAGOGISKE ARBEIDET Mykje har skjedd innanfor dette området dei siste åra. Vi veit at pedagogen har ei viktig rolle i dette arbeidet. Vi må vere bevisste på at det er dei vaksne som legg innhald i kjønnsrollene for barna. «Jenter» eller «Gutar» er ikkje, og bør heller ikkje vere ei homogen gruppe. Det finns derfor ikkje

grunnlag for å omtale dei som gruppe i barnehagesamanheng. No er det Per og Kari, og kva dei har behov for, som tel, ikkje «jentene» eller «gutane». Her prøver vi også å fokusere og vere bevisste i samhandling med barna. Det som er viktig, er at alle barna får like mulegheiter, ikkje tilbod som er prega av det tradisjonelle kjønnsrollemønsteret. PERSONALUTVIKLING Her i Sætra har det frå fyrste dag vore eit uttalt mål at dei vaksne skal vekse og utvikle seg. Det er faktisk like viktig som at barna veks og utviklar seg. Å vere saman med vaksne som utviklar seg, gir barna det beste grunnlag for eiga utvikling. På heimesida vår kan du finne ut meir om kurs vi er med på i løpet av året. Der finn du også meir om personalutvikling. PEDAGOGISKE PERIODAR, i Sætra barnehage Veke 32/33-37 DET GODE SAMVÆR Bli kjende med kvarandre og barnehagen sine rom inne og ute, reglar og rutinar. Bygge gode relasjonar. Tryggleik, stabilitet, sensitivitet, tilvenning. Veke 38-46 HAUST, bygge vennskap, glede og hjelpe kvarandre: Aksjon Kva er ein god ven? Kva er smart å gjere for deg som vil vere ei god ven? Øve, øve :»Den største glede ein kan ha, det er å gjere andre glad» Og EMPATI er ikkje medfødt det MÅ lærast! Veke 47 52 JUL, ADVENT: Den glade bodskapen, Juletradisjonar, glede andre.

Veke 1-8 VINTER: Is, snø, ake, bygge HUMOR Smil, latter og humor. Godefellesopplevingar, teater. Veke 9-15 VÅR, PÅSKE; LYS og LIV Glede, varme, undring. Påskebodskapen Veke 16 24: ULSTEINVIK, Heimstaden min. Ulsteinvik ein del av Norge: å høyre til, identitet 17.mai, utvide kjennskap til bygda vår. Veke 25-32 : SOMMAR, kroppsfunksjonar, sansar og livsglede Vi er ulike, og likeverdige. KULTUR Her snakkar vi om kulturarv og tradisjonar. Sætra barnehage er tufta på dei humanistiske verdiane som ligg til grunn for tenkesettet i samfunnet vårt, samt på den kristne tru og tradisjonar. Mange barn har røter i andre eller fleire kulturar og alle skal vi vere saman i barnehagen (lokalsamfunnet, bygda, landet osv). Barna skal lære at det finst ulike religionar, kulturar og tradisjonar.

Den kristne tru og tradisjon kjem naturleg i fokus rundt høgtidene som jul og påske. Vi vil leggje hovudvekta vår på respekt for menneskeverdet, naturen, åndsfridom, nestekjærleik, tilgiving, likeverd og solidaritet, då dette er verdiar som er sentrale i mange religionar og livssyn, og som er forankra i menneskerettane. Vi jobbar med å belyse fleire av dei største religionane og kulturelle riter som finns i samfunnet i løpet av barnehagetida. Vi vil at barna skal få ei bevisstheit om eigen kulturarv, og få innblikk i andre kulturar som fell naturleg inn i barnehagen sin kvardag. Slik lærer barna å møte andre kulturar med naturleg respekt. BARNS MEDVERKNAD Barnehagelova seier at barn skal vere aktiv med i planlegging og vurdering av eigen kvardag. Vi er difor forplikta til å få fram barna sine synspunkt, og la deira uttrykk få konsekvensar for det pedagogiske arbeidet.

Metodane for å innhente barna sine synspunkt må vere tilpassa barnet i alder og modning: På same tid som barnet har rett til å utrykkje seg og bli høyrt, skal barnet ikkje bli stilt overfor avgjerder og val som det ikkje er rusta til å ta. Korleis kan dei aller minste barna medverke? Berit Ba, kjend norsk pedagog, seier at det handlar om barnet si ytrings-fridom, og at vi vaksne må vere svært vare for korleis det vesle barnet uttrykkjer seg gjennom lydar, kroppsspråk og ytre teikn på mistrivsel/trivsel. Vi ynskjer å vere god på dette her i barnehagen. Barna skal oppleve at deira behov og ynskje betyr noko, at dei kan påverke kvardagen og ha reelle val. RESPEKT FOR BARNET Er grunnleggande for arbeidet vårt. Respekt for barnet syner vi - Når vi let barnet bruke den tida det treng for å gjere seg ferdig med det ho/han held på med. - Når barnet bevegar seg i eige tempo - Når vi samtaler MED barnet (måten vi snakkar til og med barnet) - Når vi ler MED barnet - Når vi lyttar til barnet - Når barnet si «stemme» får konsekvensar for våre val - Når det er barnet sitt eige skaparverk som ligg i julepakken TANNPUSS Vi pussar tenner kvar morgon etter frukost. Vi skal i lag med heimen gi gode vanar som sikrar barnet god helse for framtida. Tannpuss er i seg sjølv ein god og viktig pedagogisk læresituasjon. KOSTHALD Vi har vore «matboksfri» her i Sætra sidan opp start hausten 2003. Vi har varme måltid kvar dag. Vi tenkjer breidde når vi legg opp menyen for dei varme måltida.

Vi legg vekt på kvalitet med fullverdige måltid med kjøt, fisk, grønsaker, ris, pasta og poteter, jf. «Retningslinjene for mat og måltider i barnehagen». Barna får fleire sortar grønsaker og frukt kvar dag. Smitteeffekten er stor, så barna er flinke å smake på «nye» sortar. Vi har mykje økologisk mat og frukt. Vi får levert brød frå lokalt bakeri og melk og yoghurt frå Tine. LOKAL TILPASSING Sætra barnehage er ein del av kystkulturen vår. Utsikta til barnehagen minner oss kvar dag om hav, båtar og den industrien bygda vår er grunnlagt på. Sjølv om vi held til på fjellet, er det kort veg til fjøra. Vi har eit naust og båt ved Vollesanden. Det er spennande å ro litt, eller fiske. Sikkerheita er godt ivareteken. I barnehagen kan vi byggje båtar. Vi teiknar og planlegg korleis båten skal sjå ut, lagar han og prøvekøyrer han. OVERGONG TIL SKULE Framover mot skulestart jobbar vi mykje med aktivitetar som har som mål at barnet skal auke sjølvstendet sitt. Innhaldet det siste året i barnehagen handlar om vidare utvikling sosialt, motorisk og kognitivt. Det er viktig at barnet har ei god sjølvkjensle, og kjenner seg trygg og klar til å gå inn i skulekvardagen. Det å jobbe med skuleførebuande aktivitetar er svært populært blant Raudkløverane. For barn med særskilde behov, har vi møte med skulen allereie om hausten siste barnehageåret,

evt. tidlegare, slik at skulen skal vere godt budd til å ta i mot barnet med sine behov. Foreldra er med på slike møte, og gir løyve til nødvendig overføring av informasjon til skulen. VURDERING AV BARNEHAGEN SITT INNHALD Målet med vurderingsarbeidet er å oppretthalde og vidareutvikle kvaliteten i det daglige arbeidet. Vi jobbar for høgt medvit om korleis den vaksne kan utgjere ein forskjell både i tilbodet til det einskilde barn, i samarbeidet med foreldra og i arbeidsmiljøet vårt: Kvalitet i det daglige samspelet mellom menneska i barnehagen er ein av dei viktigaste føresetnadane for barn si utvikling og læring. Daglig leiar har ansvar for at det pedagogiske verksemda vert vurdert på ein open og systematisk måte. DET PEDAGOGISKE Det pedagogiske er utsett for kontinuerlig vurdering og justering mot innspel frå det offentlege, debattinnhald i pedagogiske fora, aktuell litteratur og kurs. Justeringar kjem med i rulleringa av årsplanen. Vurdering er ein naturleg del av sakene på personalmøta våre, og vert dokumentert gjennom referat frå møta. Pedagogane har i tillegg ansvar for å vurdere sitt daglige arbeid opp mot målsettingane våre, det som vert bestemt på møte og i høve til evt ekstra ressursar.barna sine innspel på det daglige arbeidet, vert først og fremst ivareteke gjennom medverknad og respekt for barnet, som er to sider av same sak (sjå elles i planen).

VURDERING OG INNSPEL FRÅ FORELDRA Vi vil ha ein open dialog og ein god kvalitet på samarbeidet med foreldra. Vi vil derfor, i tillegg til foreldresamtalar haust og vår og den daglige dialogen, ha årlege brukarundersøkingar. Foreldra har også reell medverknad gjennom foreldremøte, samarbeidsutvalet sine møter og gjennom foreldrerådet, jf. vedtektene våre. VURDERING AV ARBEIDSMILJØET I Sætra barnehage har vi ein arbeidsmiljøavtale som alle skriv under på i samband med tilsetting. Avtalen er eit flott grunnlag for arbeidsmiljøet, og tek utganspunkt i at alle skal glede seg til å gå på jobb kvar dag, fordi dei skal møte mennesket som er rause, gir av seg sjølve, ser på ulikskapane som ein ressurs og som ynskjer å skape i samarbeid med andre. Avtalen vert følgt opp individuelt gjennom medarbeidarsamtale og på personalmøte. Vi har og ei brukarundersøking for medarbeidarane. VEKST UTVIKLING DIAGNOSTISERING Her i Sætra er vi skeptisk til diagnostisere og «båstenking» når det gjeld barna. Men vi er positive til observasjonar og registreringar. Det er heilt nødvendig verkty for oss som har ansvar for barna si vekst og utvikling. Vi brukar derfor registreringsskjema som TRAS - Tidlig registrering av språk, og ALLE MED som handlar meir om det sosiale samspelet med andre barn. NYNORSK Vi har nynorsk som målform, og sidan skulen også har det som målform, brukar vi mykje nynorske tekstar, songar, rim og regler. Det er mykje ny nynorsk litteratur, som held ein høg litterær standard. De har høve til å låne barnebøker hos oss, ein god del på nynorsk men først og fremst bøker som barna gjerne vil låne med seg heim. Å lese bøker med barna styrkar språkutviklinga og gir dei mange gode og viktige impulsar. Dei får også utvikle evna til å danne eigne indre bilde som er viktig for kreativ utvikling.

HYGIENE Vi lærer oss gode hygienerutinar ved do-besøk, i tilknyting til måltid og ved tannpuss. Jf Føreskrift om miljøretta helsevern i barnehage og skule. SIKKERHEIT Vi har gode rutinar for sikkerheit. Vi har interne og eksterne kontrollar av uteområdet, samt jamlege kurs for å vere oppdaterte. Alle som jobbar hos oss tar «Sikkerhetskortet». Sikkerheit er dessutan fast sak på alle personalmøte. MÅL Vi har 2 hårete mål for arbeidet vårt: 1. Dei historiene som vert fortalt om Sætra barnehage er gode historier. 2. Når barna startar på skule, vert «ryggsekken» dei har med seg frå Sætra barnehage lagt merke til. Omgrepet «hårete mål» er Ingebrigt Steen Jensen sitt, og er teke frå boka «Ona fyr» Hårete mål er store og vanskelege «svelgje» for dei som prøvd