Opplæringslova Juni-2017

Like dokumenter
KVALITETSPLAN SKULAR OG BARNEHAGAR

PRIVATSKOLESAMLING

System for kvalitetsvurdering av virksomhet etter Opplæringsloven Kviteseid kommune. Systemet for kvalitetsvurdering består av fylgjande komponentar:

- perla ved Sognefjorden - Rapport om tilstanden i balestrandskulen. for Balestrand kommune

Regelverksamling Oppvekstsjef Olav Fure

STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING»

Leiarsamtale utvikling og oppfølging

SYSTEM FOR KVALITETSUTVIKLING AV SKOLENE SIGDAL KOMMUNE

Rutinar - Overgang. Barneskule - ungdomsskule

RAPPORTERINGS- OG VURDERINGSSYSTEM I DEI VIDAREGÅANDE SKULANE

System for verksemdbasert vurdering og oppfølging av dei vidaregåande skulane

Utviklingsplan 2015 Meling skule. "Det har jeg aldri prøvd før, så det tror jeg sikkert jeg kan klare."

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Vår ref. 2013/ Dokumentasjon i samband med tilsyn - retten til særskild språkopplæring for grunnskuleelevar frå språklege minoritetar

Handlingsplan. for. grunnskulen i Vestnes

Hva er nytt? Kan lovendringer være drivkraft for utvikling? LOV- OG FORSKRIFTSENDRING FRA 1. AUGUST

Gnist partnarskap heilskapleg satsing på læraryrket frå 2009 status kvalitet kvalite kvalitet rekruttering

Tilstandsrapport for grunnskolen i Ålesund kommune

Kvalitetssikring - kvalitetsutvikling

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Tom Lassen Havnsund Arkiv: A20 &34 Arkivsaksnr.: 14/3885

VERKSEMDSBASERT VURDERING OG OPPFØLGING AV DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

FYLKESMANNEN I ROGALAND UTDANNINGSAVDELINGA

KVALITETSARBEID SKOLEBASERT KOMPETANSEUTVIKLING INGER LISE BRATTETEIG

Tilstandsrapport for grunnskulen 2014/2015

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.

K-SAK 53/18. TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKULEN 2017

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skulane. Skuleåret 2019/20

Ungdomstrinnsatsinga

Felles nasjonalt tilsyn Tema: Skulemiljø

RETNINGSLINER FOR SKULEMILJØ KAPITTEL 9A 1. AUGUST 2017

Overgang barnehage barneskule -ungdomsskule

PPT no og i framtida.

TILSYNSRAPPORT. Bjerkreim kommune. system knytt til tilsynstemaet «Skulane sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø» Forsvarleg

Skolebasert vurdering og elevenes utbytte.

SAKSFRAMLEGG. Utval: Møtedato: Saksnr.: Fagutvalet for oppvekst /16 Formannskapet /16 Kommunestyret

Rådmannsutvalet Førde

Hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland for skoleåret er:

Overordnet kvalitetssystem for videregående opplæring i Telemark fylkeskommune

HANDLINGSPLAN FOR NORDBYGDO UNGDOMSSKULE

FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE TILSYNSRAPPORT. Skulebasert vurdering. Eid kommune Hjelle skule. Sak: 2014/2766

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ

Tilbakemelding på nasjonalt tilsyn i Vinje kommune i høve forvaltningskompetanse - avgjerder om særskild tilrettelegging

Namdalseid kommunes. kvalitetssystem. etter opplæringslovens 13-10

Vedtatt av Kommunestyret i Sigdal sak 17/ System. for kvalitetsutvikling. av skolene i Sigdal kommune

System for kvalitetsvurdering av verksemda etter Opplæringsloven Kviteseid kommune. Systemet for kvalitetsvurdering består av fylgjande komponentar:

FYLKESMANNEN I ROGALAND UTDANNINGSAVDELINGA

Internkontroll vedkomande elevane sitt skulemiljø kap 9a i opplæringslova

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Ørskog kommune Kvalitetsplan for utvikling av oppvekstområdet i perioden Vedteken av Ørskog kommunestyre

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skolane.

VOLDA KOMMUNE Servicekontoret

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

PLAN FOR EIT INKLUDERANDE BARNEHAGE- OG SKULEMILJØ

VOLDA KOMMUNE Servicekontoret

Til: Arne Fredriksen/Økonomiavdelinga Dato: Fra: Britt Vikane Referanse: 15/ Kopi:

Fylkesmannen i Hordaland gjennomførte 15. og 17. september 2015 tilsyn med Nav Austrheim kommune.

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

TILSYNSRAPPORT. Fylkeskommunen sitt system for å vurdere og følgje opp lovkrav. Hordaland fylkeskommune

Strategidokument

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ, kap. 9A. Ostereidet barneskule

SKULE I UTVIKLING Skulebasert kompetanseutvikling, Rubbestadneset skule

KVALITETSUTVIKLING I GRUNNSKULEN HANDLINGSPLAN Glassmaleri laga av elevar i 5.klassepå Skodvin skule i 2011/12

Skolebasert vurdering i Lierneskolen

Retten til spesialundervisning

TILSYNSRAPPORT. Kommunen som barnehagemyndigheit. Selje kommune

K-SAK 52/17 TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKULEN Kommunestyret handsama saka i møte og gjorde slikt vedtak:

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET

Nytt kap 9A opplæringslova. Prop 57 L ( )

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Kvalitetskriterium i PP-tenesta

Plan for overgangar. for barn og unge

Utviklingsplan skuleåret Vasshus skule Glede og tryggleik gir meistring

TILSYNSRAPPORT. Skulen sin gjennomføring av nasjonale prøver. Hjartdal kommune - Sauland skule. Fylkesmannen i Telemark

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

Prosjekt Betre Læringsresultat (BLR)

Skuleåret 2017/2018.

TILSYNSRAPPORT Voss kommune, Sundve skule

VEILEDER OM KRAVET TIL SKOLEEIERS "FORSVARLIGE SYSTEM"

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

Handlingsplan for skule Fokusområde Formulert som målbare mål Tiltak Ansvar og tid BRUKARAR

HANDLINGSPLAN «SAMMEN SKAPER VI RINGERIKSSKOLEN»

Saksbehandlar: Anne-Grethe Skjærseth Arkivsaksnr.: 12/ OPPVEKST - SKULEEIGARRAPPORTEN OM TILSTANDEN I SULASKULEN

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Rapport om tilstanden i balestrandskulen

Utviklingsplan skuleåret Tu skule Læringsleiing i det digitale klasserommet

Kravet til skoleeiers «forsvarlige system»

Vedtatt av Kommunestyret i Sigdal System. for kvalitetsutvikling. av skolene i Sigdal kommune

SAMLET SAKSFRAMSTILLING

Naustdal kommune, Naustdal barne og ungdomsskule. Avslutting av tilsyn.

SPESIALUNDERVISNING PRESISERING AV OPPLÆRINGSLOVA 5-1 TIL 5-6 OG 4A-2, GJELDANDE RUTINAR OG ANSVARSFORHOLD

Innsendt til Utdanningsdirektoratet. Trenger ikke bekreftes. Innsendt av:

DØNNA KOMMUNE SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Martin Grønås Arkiv: A20 &30 Arkivsaksnr.: 11/507

SPESIALUNDERVISNING. Presisering av opplæringslova 5-1 til 5-6 og 4A-2, gjeldande rutinar og ansvarsforhold i Volda kommune.

Tyssevegen 217, 5650 Tysse Tidsrom for tilsynet: 13. og 15. oktober 2015 Kontaktperson i verksemda: Tone Ramsli, rådmann

Endelig tilsynsrapport

Transkript:

Opplæringslova 13-10

FORORD Opplæringslova 13-10 gir kommunane ansvar for å ha eit forsvarleg system for vurdering av om krava i opplæringslova og forskriftene til lova blir oppfylte. Kommunen skal vidare ha eit forsvarleg system for å følgja opp resultata frå desse vurderingane og nasjonale kvalitetsvurderingar som departementet gjennomfører med heimel i 14-4. Kommunestyret handsama i 2010 sak om det forsvarlege systemet til skuleeigar. Dette blir nå erstatta og alle rutinar og malar blir i tillegg reviderte og omarbeidde. Systemet som her føreligg har meir vektlegging på den skulebaserte vurderinga og kommunikasjonslinene mellom partane i skulesystemet. Ansvaret til kommunen etter opplæringslova 13-10 er omfattande og inkluderer i tillegg til dette dokumentet eit høgt tal dokument som er å finna i kvalitetssystemet til kommunen, Risk Manager. I kap 6.0. om oppfølging av resultata på nasjonale kvalitetsvurderingar, er mykje av innhaldet henta frå Utdanningsdirektoratet sine nettsider om kvalitetsutvikling. Systemet skal gjerast gjeldande frå 1.8.2017. Sveio, 25.4.2017 Jostein Førre -rådmann- Solfrid Lier Habbestad -kommunalsjef skule, barnehage og kultur- Foto framside:natalia S.Danmo

1.0. BAKGRUNN OG FORANKRING Opplæringslova 13-10 vektlegg ansvaret til kommunen som skuleeigar: «Kommunen har ansvaret for at krava i opplæringslova og forskriftene til lova blir oppfylte, under dette å stille til disposisjon dei ressursane som er nødvendige for at krava skal kunne oppfyllast. Kommunen skal ha eit forsvarleg system for vurdering av om krava i opplæringslova og forskriftene til lova blir oppfylte. Kommunen skal ha eit forsvarleg system for å følgje opp resultata frå desse vurderingane og nasjonale kvalitetsvurderingar som departementet gjennomfører med heimel i 14-4. Som ein del av oppfølgingsansvaret skal det utarbeidast ein årleg rapport om tilstanden i grunnskoleopplæringa, knytt til læringsresultat, fråfall og læringsmiljø. Den årlege rapporten skal drøftast av skuleeigar.» Ansvaret til kommunen etter opplæringslova 13-10 er omfattande og kan delast i fleire område. Av og til vil desse områda ha flytande overgangar, men ansvaret til skuleeigar er tydeleggjort i forhold til å sikra: At lovar, forskrifter og overordna statlege og lokale føringar får si rette oppfølging. Nok ressursar til at krava i lovverket skal kunna oppfyllast Resultatoppfølging 2.0 ORGANISERING OG MYNDE FOR OPPLÆRINGA I KOMMUNEN Kommunestyret er skuleeigar med det overordna ansvaret for opplæringa. Ansvaret er delegert vidare til rådmannen. Ansvaret for økonomi, personell og drift ved kvar skule er gitt til rektor. Kvar skule er ei eining og rektor er einingsleiar. Vaksenopplæringa i Sveio har avdelingsleiar, men er ein del av eininga Førde skule og har såleis rektor der som overordna leiar. Barnehage- og skulekontoret inngår i stabsfunksjonen til rådmannen og skal vera til støtte for skuleeigar og skulane med oppgåver knytt til forvaltning, økonomi, koordinering og kvalitetsutvikling. Her viser ein elles til delegasjonsreglementet for Sveio kommune.

3.0. INFORMASJONSFLYT OG KOMPETANSESPREIING Aktuelle tema som går fram av opplæringslova 13-10 og tilstanden med omsyn til kvalitet i skulane, får si oppfølging i ulike aktuelle fora i kommunen. For å sikra erfaringsdeling og kvalitetsutvikling for alle verksemder knytt til opplæring er følgjande møtefora etablert. 3.1. Leiarforum: Her samlar rådmannen alle einingsleiarane i kommunen, om lag ein gong pr.månad Tema i møta kan vera relatert til sentralt gitte lovar, forskrifter og avtalar eller til lokale planverk og retningsliner som gjeld alle tenestene i kommunen. 3.2.Rektormøte: Dette er kommunalsjef for skule sitt møteforum for alle skuleleiarane. Møta føregår kvar månad og ein stor del av tida er knytt til kvalitetsoppfølging, kompetanseutvikling og erfaringsdelingsdeling i satsingsområda som går fram av «Kvalitetsutviklingsplan for barnehage og skule» (vedtak KOM juni-16.) Tema knytt til regelverk for grunnskuleområdet er og innhald i desse møta.. 3.3.Kvalitetsutviklingssamtale: Kommunalsjef for skule møter leiinga ved kvar skule for å drøfta resultat på nasjonale kvalitetsundersøkingar, læringsutbyte og ståstad i forhold til satsingsområda. Vidare fokus på utviklingsarbeid og eventuelt trong for kompetansetiltak i møte med spesielle utfordringar, er også tema på desse møta. Samtalen skal gjennomførast kvar vår, etter at det på skulen har vore gjennomført skulebasert vurdering. 3.4.Leiarsamtale: Leiarsamtalen skal gjennomførast kvar haust. Første del av samtalen er ein tradisjonell medarbeidarsamtale, medan andre del av samtalen vil handla om arbeidet med satsingsområda. 3.5.Lærande nettverk: Sunnhordland (FOS). I tilknyting til satsingsområda i «Kvalitetsutviklingsplan for barnehage og skule» er det etablert fleire nettverk for lærarar og skuleleiarar. På enkelte område deltar tilsette i nettverk saman med dei andre kommunane i Nettverk for skuleleiarane knytt til satsingsområda, inngår som ein del av rektormøta og har ei tidsramme på 2-3 timar.

4.0. OPPFØLGING AV LOVAR, FORSKRIFTER OG AKTUELLE STYRINGSDOKUMENT 4.1. Dokument som må leggjast til grunn for opplæringa Skuleeigar må leggja til grunn følgjande dokument som er styrande for opplæringsverksemda: Opplæringslova med forskrifter Forvaltningslova Kommunelova Læreplanverket for Kunnskapsløftet (forskrift) Lokale læreplanar Delegasjonsreglement og organisasjonskart Økonomiplan/budsjett Lokale planar vedtekne på skuleeigarnivå. Rettleiarar knytt til regelverket som er utarbeidde av sentrale myndigheiter 4.2. Oppfølging av lovkrava Det er eit krav etter opplæringslova 13-10 at skuleeigar og leiinga ved kvar skule har ei forsvarleg drift etter lovverk, forskrifter og sentrale retningsliner. Som dei andre verksemdene i kommunen, følgjer skulane årshjulet til rådmannen for planlegging og rapportering på økonomi, sjukefråvær mm. Rådmannen har i tillegg «Risk Manager», eit system for kvalitetsoppfølging, der ulike rutinar og malar for vedtak forankra i lovverket på dei ulike områda, er å finna. For å sikra at krava i opplæringslova får si rette oppfølging, må system, rutinar og tiltak til ei kvar tid vera oppdaterte i samsvar med sentrale føringar. Samstundes må det undersøkjast om skuleeigar på administrativt nivå, skuleleiing og tilsette følgjer opp det ansvaret dei er gitt for å sikra ei forsvarleg drift.

4.3. Faste tiltak for oppfølging av opplæringslova med forskrifter Skuleeigar har ansvar for alle tiltaka som her er skisserte for å sikra oppfølging av opplæringslova med forskrifter. Alle avvik som blir oppdaga, skal meldast i avviksmodulen i Risk Manager. Alle som arbeider i organisasjonen, har ansvar for å sikra at dette blir gjort. TILTAK Rutinar og retningsliner forankra i alle heimlane i opplæringslova er tilgjengelege for alle tilsette på skuleområdet i kvalitetssystemet Risk Manager. Malar for enkeltvedtak forankra i opplæringslova er tilgjengelege i kvalitetssystemet Risk Manager for alle på skuleområdet som er gitt mynde til å skriva enkeltvedtak. Tilbakemelding frå rektorane om praksis ute på skulane er i samsvar med lovar og forskrifter, skal meldast skriftleg av rektor til skuleeigar (På skjema utarbeidd av skulekontoret) Gjennomgang av om praksis hjå skuleeigar er i samsvar med lovkrava ein gong pr. år. (Etter eiga sjekkliste og i møte for skulekontoret) Ein gruppesamtale pr.halvår for skuleeigar v/kommunalsjef og rektorar for å sikra lovoppfølging på utvalte tema. Tema for oppfølging vil følgja felles nasjonalt tilsyn (Utdanningsdirektoratet og Fylkesmannen i Hordaland) og/eller nye lovkrav og/eller krav som organisasjonen lokalt har hatt utfordringar i forhold til. Spesielle tilsyn med enkeltskular om det blir avdekka trong for det. Malar for enkeltvedtak og alle rutinar skal justerast etter kvart som sentrale myndigheiter innfører endringar i lovverket. Den årlege tilstandsrapporten til kommunestyret skal innehalda eit kapittel om lovoppfølging der det blir ei enkel oppsummering om kva som er gjort på dette området, om det er oppdaga spesielle kritiske område, manglande kjennskap til gjeldande regelverk og korleis alt dette har fått og får si oppfølging i praksisfeltet. Når det blir avdekka avvik skal skulen/skuleeigar setja inn tiltak.skuleeiger må følgja opp at tiltaka fører til endring i samsvar med krava i regelverket og at dei blir varige. Skuleeigar må følgja opp helt til praksis på det gjeldende området er blitt i samsvar med regelverket. Tid Tilgjengelege i oppdatert versjon alltid Som over 1.10.17 årleg Årleg pr.1.11. og 1.5. (Startar skuleåret 2017/2018) Når det blir avdekka trong for det. Kontinuerleg Årleg i tilstandsrapporten Kommunalsjef Rektor

5.0. RESSURSFORDELING Lova seier: «Kommunen har ansvaret for at krava i opplæringslova og forskriftene til lova blir oppfylte, under dette å stille til disposisjon dei ressursane som er nødvendige for at krava skal kunne oppfyllast.» For å sikra likeverdig fordeling av ressursane mellom skulane, nyttar kommunen ein utrekningsmodell. Modellen har som mål å sikra krava i opplæringslova, men innan dei økonomiske rammene som kommunestyret gir. Sentrale område som skal sikrast: Ressursar til klassar/grupper etter sentrale føringar Tidleg innsats Spesialundervisning for elevar med stor trong for tilrettelegging Tilpassa opplæring/spesialundervisning Ressursar til leiing Ressursar til velkomstklasse, særskilt norskopplæring og morsmålsopplæring blir tildelt utanom ramma til skule. Ein relativt omfattande budsjettprosess frå fastsetting av rammer for dei ulike tenesteområda til endeleg detaljert driftsbudsjett blir vedteke, gir rom for å rekna ut konsekvensar av tildelte rammer relatert til lovverket og høve for å melda politisk nivå om eventuelle utfordringar med tildelte ressursar. 6.0.OPPFØLGING AV RESULTATA PÅ NASJONALE KVALITETSVURDERINGAR Opplæringslova er styrande for den opplæringa som skulane i kommunen skal gi. Kommunen som skuleeigar skal sikra og sjå til at skulane driv forsvarleg etter lova og har ei god oppfølging av dei nasjonale kvalitetsvurderingane. 6.1.Lovkravet etter 13-10 i opplæringslova «Kommunen skal ha eit forsvarleg system for å følgje opp resultata frå nasjonale kvalitetsvurderingar som departementet gjennomfører med heimel i 14-4. Som ein del av oppfølgingsansvaret skal det utarbeidast ein årleg rapport om tilstanden i grunnskoleopplæringa, knytt til læringsresultat, fråfall og læringsmiljø. Den årlege rapporten skal drøftast av skoleeigar.» Følgjande lokale dokument skal handsamast av kommunestyret og gir rammene for ei forsvarleg drift på grunnskuleområdet:

Forsvarleg system:oppfølging av lovkrava og vurdering av nasjonale kvalitetsundersøkingar Kvalitetsutviklingsplan:Planen er forankra i statlege og lokale føringar om omtalar satsingsområda som alle tilsette i skuleverket er forplikta på å implementera. I inneverande periode er satsingsområda læringsmiljø, læreplanforståing og grunnleggjande dugleikar med hovudvekt på lesing. Tilstandsrapport:Tal og analyser for grunnskulen som grunnlag for vidare utvikling. 6.2. Målet med kvalitetsvurdering Målet med kvalitetsvurdering er utvikling. Det me veit om læringsmiljø og læringsresultat skal nyttast til å vurdera korleis opplæringa for elevane kan bli betre. I ein god kvalitetsutviklingsprosess, er det viktig å vurdera nåsituasjonen, avgjera kva målet skal vera og arbeida for å få alle til å dra i same retning. Systemet byggjer på at alle på dei ulike nivåa i skulesystemet, skal setja mål og utarbeida planar Arbeidet med kvalitet vil vera ein kontinuerlig prosess. Prosessen handlar om å gjera vurderingar som så skal få si oppfølging i justeringar og nye mål. Prosessane krev involvering og dialog både innan verksemda og oppover og/eller nedover i systemet. 6.3. Roller og ansvar til aktørane i skulen Heilskap i kvalitetsarbeidet er ikkje muleg utan aktiv og vedvarande innsats fra skuleeigar og skuleleiar. Nasjonale og lokale kvalitetsvurderingar gir i utgangspunktet eit verdifullt kunnskapsgrunnlag for kvar skule og kommune. Men verdien av dette kunnskapsgrunnlaget er avhengig av korleis det lokalt blir skapa heilskap og samanheng mellom ulike fasar og aktørar i kvalitetsarbeidet.

Læraren Læraren har ansvar for å planleggja, gjennomføra og vurdera opplæringa i tråd med læreplanverket. Saman med elevane skal læraren regelmessig vurdera undervisninga og læringsmiljøet for å sikra god læring. Informasjon frå læraren er nødvendig i skulebasert vurdering. Skuleleiar Skuleleiar har ansvar for at skolen jamleg vurderer om organisering, tilrettelegging og gjennomføring av opplæringa bidrar til eit godt læringsmiljø og best muleg læringsutbyte for elevane. Skuleeigar Skuleeigar, det vil seia utdanningsadministrasjon og politikarar i kommunen, har ansvar for å følgja opp og sjå til at kvaliteten på opplæringa blir forbetra i tett dialog med skulane. Nasjonale myndigheiter Det er Stortinget som tar avgjerd i nasjonal utdanningspolitikk. Kunnskapsdepartementet utformar den nasjonale utdanningspolitikken medan Utdanningsdirektoratet set politikken ut i livet. Fylkesmannen fører tilsyn med og følgjer opp tilstanden i sitt fylke.

6.4. Årshjul for vurdering av nasjonale undersøkingar TID INNHALD ANSVAR Gjennom året Før 20.Jan Kartleggingsprøvar, nasjonale undersøkingar mm skal gjennomførast etter vedteken plan (vedlegg 1) SKULEBASERT VURDERING (kap 2 i forskrifta) Fakta: GSI, elevundersøking, medarbeidarundersøking, foreldreundersøking Resultat: Nasjonale prøvar, karakterar, eksamen, kartleggingsprøvar Refleksjon: Læringsutbyte og læringsmiljø, den daglege drifta, satsingsområde. Sjå vedlegg 2: Rektor Rektor i samarbeid med lærarane Kva veit me? Kva får me til? Kva kan me bli betre på? Korleis kan me endra praksis? Skriv eit notat (1-2 sider) som skal gi grunnlag for: Kvalitetsutviklingssamtalen mellom kommunalsjef og skuleleiinga Den årlege handlingsplanen som skal utarbeidast for skulen. 20.jan Mars/ april Utviklingsplan med oppsummering SBV, for resten av skuleåret (Vedlegg 4-mal) inn til kommunalsjef Kvalitetsutviklingssamtale (vedlegg 5-mal) med grunnlag i utviklingsplan og den skulebaserte vurderinga: Rektor Status læringsutbyte og læringsmiljø Forventningar frå politisk skuleeigar (ref.plandokumentet) Behov for endringar Forventningar til og trong for støtte frå skuleeigar (gjeld også referat frå møtet) April Drøfting av kommunal plan for støttetiltak for den skulebaserte kompetanseutviklinga, i rektormøtet Kommunalsjef Kommunalsjef Mai Utarbeiding og handsaming av tilstandsrapport Kommunalsjef Mai Plan for støttetiltak for skulane påfølgjande halvår Kommunalsjef

TID INNHALD ANSVAR Før 30.Juni Utviklingsplan for påfølgjande halvår (Vedlegg 4-mal) Rektor Oktober Nov Nov Des Gjennom året Gjennom året Leiarsamtale (Vedlegg 6 mal) Medarbeidarsamtale etter kommunal mal Samtale om skuleutvikling Resultata på nasjonale prøvar på 8.trinn Overlevering av og drøfting av resultata med kvar av barneskulane. (Kan inngå i rektormøte) Resultata på nasjonale prøvar: Kva får me til? Resultata i år relatert til resultat tidlegare år: Eventuelle fellestrekk/skilnadar Kva kan me bli betre på? Konsekvensar for praksis? Kommunal plan for støtte til den skulebaserte kompetanseutviklinga: Evaluering av tiltak og nye tiltak for våren. Rektormøte Når det blir avdekka avvik skal skulen/skuleeigar setja inn tiltak.skuleeiger må følgja opp at tiltaka fører til endring i samsvar med krava i regelverket og at dei blir varige. Skuleeigar må følgja opp helt til praksis på det gjeldende området er blitt i samsvar med nasjonale føringar. Rektor har sitt eige årshjul for vurdering av nasjonale undersøkingar som inngår i «Det forsvarlege systemet til skuleeigar» Når det blir avdekka avvik i praksisfeltet skal rektor setja inn tiltak.rektor må følgja opp at tiltaka fører til endring i samsvar med krava og at dei blir varige. Rektor må følgja opp helt til praksis på det gjeldende området er blitt i samsvar med nasjonale føringar. Rektor u.skule i samarbeid med rektorane på barnetrinnet Rektor i samarbeid med teamleiarar/ lærarar Før 15.9 Tilbakemelding på utviklingsplan (skriftleg eller i rektormøte) Kommunalsjef Kommunalsjef Kommunalsjef Kommunalsjef/ rektor Rektor

6.5. Årshjul for oppfølging av elevar med lågt læringsutbyte Kommunen har i samarbeid med skulane og PPT utarbeidd eit system med eige årshjul for å sikra oppfølging av elevar med lågt læringsutbyte. Det er ei målsetting at fleire skal få si opplæring innanfor rammene av tilpassa opplæring, og at kommunen slik får redusert tal på elevar med spesialundervisning. Om tala på enkeltvedtak går ned, vil ressursbehovet stort sett vera det same sidan fleire med denne ordninga må sikrast nødvendig tilrettelagt støtte av ulike tiltak innanfor den ordinære opplæringa. Bilete frå presentasjonen til regjeringa 18.4.16 om mobbing

VEDLEGG I «DET FORSVARLEGE SYSTEMET TIL SKULEEIGAR» Vedlegg 1. Plan for felles prøver og kartlegging i Sveio kommune Vedlegg 2: Skulebasert vurdering Vedlegg 3: Støtteark til analysearbeid Vedlegg 4: Mal til utviklingsplan for skulane (i eige dokument) Vedlegg 5: Mal for kvalitetsutviklingssamtalen Vedlegg 6: Innhald i leiarsamtalen ANDRE DOKUMENT I DET FORSVARLEGE SYSTEMET: Kvalitetsutviklingsplan barnehage og skule 2016-2020-Sveio kommune Tilstandsrapportar Spesialundervisning og tilpassa opplæring-system for oppfølging Strategidokument for Sveio som språkkommune

.