Lærdal kommune Sakspapir Saksnr Utval Møtedato 076/14 Formannskapet 20.05.2014 Sakshandsamar: Alf Olsen jr Arkiv: Arkivsaksnr. 13/803-4 Bustadprosjekt på Borgund - ny vurdering og handsaming Kort samandrag Bringa utvikling AS ynskjer å få til ein avtale med Lærdal kommune, slik at dei kan gjennomføre å bygge eit leilegheitsbygg med fire einingar på Borgund. Saka vart utsett for å få betre vurderingar av forholdet til reglar om offentlege innkjøp. Tilleggsvurderingar er gjort og tilrådinga er revidert i samsvar med desse. Rådmannen si tilråding: Lærdal kommune leiger to bustader i Bustadprosjektet til Bringa Utvikling AS på Borgund som utleigebustader til vanskelegstilte. Det er ein føresetnad at prosjektet søkjer finansiering og blir godkjent gjennom Husbanken sine ordningar til målgruppa. Husleiga må ikkje overstige vanleg lokalt marknadsnivå, og må fastsetjast etter forhandlingar, og vere basert på oppdaterte utrekningar. 29.04.2014 FORMANNSKAPET Framlegg frå Lærdal AP: Saka vert utsett. Forholdet til innkjøpsreglementet skal vurderast nøyare. FS-055/14 VEDTAK: Framlegget frå Lærdal AP vart samrøystes vedteke. Jan Geir Solheim gjekk frå som ugild ved handsaming av saka. Anders Voll Eltun møtte.
08.05.2014 FORMANNSKAPET Framlegg frå Geir Berge Øverland: Bustadprosjektet vert utsett til neste formannskapsmøte. FS-063/14 VEDTAK: Framlegget frå Geir Berge Øverland vart samrøystes vedteke. Jan Geir Solheim og Jan Olav Fretland gjekk frå som ugilde ved handsaming av saka. Rådmannen si reviderte tilråding: 1. Kommunen tek prosjektet inn i sin boligpolitiske plan slik at utbyggar kan få inntil 40 % tilskot. 2. Kommunen får tildelingsrett til kven som skal bu i bustadane i 20 år, men kommunen har ingen økonomiske plikter utover dette 3. Selskapet finansierer prosjektet sjølv og søkjer Husbanken om tilskot på dette grunnlaget. Vedlegg: Dok.dato Tittel Dok.ID 16.05.2014 Bringa utvikling AS-1309-BRØ.doc 72941 Lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen. 15 Boliger til vanskeligstilte. Saksutgreiing tidlegare vurderingar Bustadsituasjonen i Lærdal er generelt sett vanskeleg. Det har vore vanskeleg med tilgong på tomtar av fleire årsaker. I ein periode over nokre år, har NVE lagt ned forbod mot å byggje i Lærdal sentrum grunna tolking av flaumsonekart. Dei er no gjennomgått på nytt, og det blir no opna att for å byggje i sentrum. Det har og vore privat reguleringsplan på gong på Einemo, som av ulike årsaker har teke tid. Lærdal kommune sin generelle økonomiske situasjon med stor lånegjeld, har redusert handlefridomen til å investere. Sett bort frå eit mindre prosjekt som var vellukka, har det ikkje vore satsa på sosial bustadbygging dei siste 15 åra. Lærdal kommune vedtok bustadsosial plan i (2011), som er retningsgjevande for arbeidet. Grunna det store etterslepet på bustadbygging i Lærdal, og erfaringar, ventast det etterspurnad frå alle bygdene, men der behovet heilt klart er størst på Lærdalsøyri. Behovet må ein og sjå i lys av avgjerda om å busetje eit betydeleg tal flyktningar i kommune dei kommande åra.
Økonomiske konsekvensar Bringa utvikling AS har omtala ei husleige på ca kr 7000. Nivået er å rekna som ei alminneleg husleige for bustad som omtala i prosjektet deira. Prosjektet er planlagt slik at byggherren søkjer Husbankfinansiering for den delen av bustader som skal kunne disponerast til vanskelegstilte. Kommunen må godkjenne byggeprosjektet. Det må søkjast lån i Husbanken som byggherren har ansvar for, medan Lærdal kommune er garantist for husleiga. Den risiko som Lærdal kommunen har i eit slikt prosjekt, er eventuelt tap av husleigeinntekter på tomme einingar i inntil 20 år. Vurdering Initiativet frå Bringa utvikling AS om å bygge bustader er positivt. Leilegheitsbygget er planlagt slik at nokon einingar kan seljast privat, og andre kan vere utleigebustader som kommunen disponerer. Selskapet gjer framlegg om at minimum to av fire einingar skal vere kommunale utleigebustader, med kommunal garanti. Lærdal kommune bør ha utleigebustader i alle deler av bygda. Så vidt ein kjenner til er det ikkje noko slikt tilbod på Borgund. Representantar for bygdelag på Borgund ser gjerne at ein kan busetje nokon av flyktningane der. I eit marknadsperspektiv har Borgund over år hatt reduksjon i talet på innbyggjarar. Slik sett burde det vere rimelege husvære til leige i bygda. Det er likevel slik at eldre bustader i grisgrendte strok ikkje er attraktive, tidsrette, eller har kvalitetar som blir etterspurd i dag. Dei får ofte nytteverdi som fritidsbustader. Det vil vere noko risiko for tap, og at bustader midlertidig står tomme i ei mindre grend. Det er likevel slik at NAV stadig har store problem med å skaffe bustader til vanskelegstilte. Etterspurnaden er heilt klart størst i sentrum. Det har til tider, om enn sjeldan, vore slik etterspurnad i dei andre bygdeområda. Lærdal kommune skal busetje flyktningar dei kommande åra. Erfaring med slik etablering er at flyktningar helst ynskjer å bu sentralt. Nokon kan ha anna oppveksterfaring. I samtalar NAV har hatt med Imdi, utelukkar ein ikkje at ei mindre bygd er egna. Det er viktig korleis lokale folk, som naboar, lag og organisasjonar tek i mot dei. Lærdal kommune bør kunne disponerer to utleigebustader på Borgund, der minimum ein av dei skal prioriterast til vanskelegstilte. Dette private initiativet er eit godt høve for kommunen til å få hand om bustader som kan nyttast til vanskelegstilte. I samband med busetjing av flyktningar, behov etter brannen og den generelle bustadsituasjon i kommunen, må Lærdal kommune halde fram arbeidet med å legge til rette for slik bygging også andre stader i kommunen, og i særleg grad i sentrum. NAV Lærdal ser denne saka som fyrst steg i retning av å få høve til å disponerer fleire utlegebustader i kommunen.
Nye vurderingar Saka har fleire perspektiv. Kommunen sitt behov for å disponere bustader for vanskelegstilte og særskilt mottak av flyktingar. Bygdeutvikling ved at det frå kommunen si side vert lagt til rette og inngått avtalar slik at ein kan få bustadtilbod i ulike deler av kommunen. Rettvis konkurranse i den private marknaden for tilrettelegging og utleige av bustader. Kommunen si evne og vilje til å ta på seg langsiktige økonomiske plikter i ei særs vanskeleg økonomisk stode. Tilleggsinformasjon Gjennom kontakt med Husbanken er det stadfesta at det ikkje er nokon føresetnad for å gje tilskot at kommunen tek økonomisk risiko i prosjektet. Men - for å få tilskot må det tinglysast ein kommunal tildelingsrett til bustadane i 20 år etter ferdigstilling. Det kan ytast inntil 20 % tilskot (etter ein eigen kalkylemetode) dersom prosjektet ikkje er ein del av kommunal boligpolitisk handlingsplan, og inntil 40 % dersom prosjektet spesifikt er ein del av denne planen. Leige av bustader i eksisterande bygg fell ikkje inn under regelverket for offentlege innkjøp. Ettersom dette er leiligheter som skal byggast, og den samla verdien på kontrakten er på 7.000,- x 2 leiligheter x 12 mnd. X 20 år = 3.360.000,- så er det ingen tvil om at dette er omfatta av lovverket. Samstundes er det slik at dei ikkje slår inn på ein slik måte at ein må følgje dei strenge prosedyrereglane slik dei er nedfelt i forskrift for offentlege innkjøp. At kommunen sine interesser ikkje omfattar heile bygget, trekker i same retning. Det bærande prinsippet i innkjøpsreglementet er at kjøp skal vere basert på konurranse og at konkurrentane skal handsamast på likt. Det som er gjort i saka er at det etter møte med Bringa Utvikling vart sendt ut brev til seks ulike entreprenørar for å høyre om dei var interessert i komme med tilbod til kommunen på bustader som kunne stette våre behov. Bringa har meldt si interesse. Andre aktørar har også komme med tilbod knytt til Lærdal kommune, men dette er eksisterande bygg som ikkje vert omfatta av regelverket. Framgangsmåten ligg i gråsona i høve krava i lovverket, men er mest truleg på rett side. Det er teke eit initiativ frå bygdelaget på Borgund der dei er svært positive til å ta i mot og legge til rette for integrering av flyktningar. Dette er eit særs godt utgangspunkt for å ta i mot nye innbyggarar. Lærdal kommune er innmeldt i ROBEK. Langsiktige økonomiske plikter som kommunen tek på seg må difor godkjennast av fylkesmanenn. Slik avtalen er utforma frå Bringa si side, bind dette kommunen opp i 20 år og er i praksis å sjå på som å ta opp eit lån. Om kommunen ønsker å inngå ein slik avtale så må han godkjennast av fylkesmannen før han kan settast i verk.
Det er difor to alternativ i saka : 1. Selskapet som skal bygge leilighetene finansierer prosjektet sjølv og søkjer Husbanken om tilskot. Kommunen kan ta prosjektet inn i sin boligpolitiske plan slik at dei kan få inntil 40 % tilskot. Kommunen får tildelingsrett til kven som skal bu i bustadane i 20 år, men kommunen har ingen økonomiske plikter utover dette 2. Kommunen leiger leiligheter i bygget, eller påtek seg garantiansvaret for husleiga i 20 år som omsøkt. I så fall bør kommunen lysa ut ein konkurranse for etablering av denne type bustader i Lærdal der kommunen har som føremål å gå til anskaffelse av ein eller fleire leiligheter gjennom ein langsiktig leige- og garantiavtale. Ut frå kommunen si økonomiske stode og ei uklar stode i høve innkjøpsregelverket, vil administrasjonen tilrå alternativ ein. Som ein konsekvens må ein avtale med Bringa tilpassast føringane i dette alternativet. Den andre konsekvensen er at boligpolitiske plan må reviderast. Dette kan gjerast i kommunestyremøte i juni.