avklaring AVKLARING 8 eller 12 veker Motivasjon Meistring Auka sjølvkjensle Betra livskvalitet Velkomen til Avklaringskurs ved Sandane Industri.



Like dokumenter
Fargepalett. For 12 år sidan hamna eg på køyret. Eg er framleis ute og køyrer, men no får eg betalt. Hallvard, tidlegare rusmisbrukar

Oppfølging av sjukmelde

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Lågterskeltilbod til ungdom mellom år

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Innholdsfortegnelse s. 4 s. 6 s. 7 s. 8 s. 9 s. 10 s. 11 s. 12 s. 13 s. 14 s. 15 s. 16 s. 17 s. 18 s. 19

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Vårt motto Tillit Trygghet - Trivsel

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring

Utval Møtedato Utvalssak Administrasjonsutvalet

Eksempel frå Stord kommune

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Vernerunde haust, med fokus på det psykososiale arbeidsmiljøet

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

Generell informasjon. Verdier

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune Vedteke av kommunestyret

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Informasjon om Lærekandidatordninga. Bedrift. Elev. Skule

Hospiteringsordning for tilsette ved Odda vidaregåande skule

INFORMASJON HJELPEINSTANSANE

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Informasjon til pasientar og pårørande

NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane. IA-kurs hausten Kurstilbod for IA-verksemder

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Etablerarkurs Sogn og Fjordane Fylkeskommune

Til deg som bur i fosterheim år

Ottar Bjørkedal Eid vgs

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE.

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

KVA BEHOV HAR EIGARANE VÅRE, OG KORLEIS KAN DEN NYFUSJONERTE BEDRIFTA VERE EIN DEL AV LØYSINGA?

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Rektorvedtak. Aktivitetsplan for IA arbeidet ved HiSF Innhald aktivitetsplan for IA arbeidet ved HiSF

Tilgangskontroll i arbeidslivet

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

Etablerarkurs Sogn og Fjordane Fylkeskommune

TYSNES KOMMUNE RUTINE FOR OPPFØLGING AV SJUKEMELDE ARBEIDSTAKARAR

Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Opplæring i bruk av Datafangstportalen informasjon om innlogging og dokumentliste

Samarbeidsavtale mellom Hordaland fylkeskommune og NAV Hordaland om oppfølging av ungdom med lovfesta rett til vidaregåande opplæring

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

PÅBYGG TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE - ALTERNATIVE VEGAR

Fra prosjekt til drift - eksempel på politisk vedtak i Stord

Retningsline for samordna opptak i barnehagar i Stord kommune

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

Handbok for minoritetsspråklege elevar i vidaregåande opplæring

Saksframlegg. Orientering om Kompetansesenteret og søknad om regionale utviklingsmidlar til Ny GIV-tiltak ved Kompetansesenteret

Jan Helgøy, Ordførar i Vanylven kommune

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0013/03 03/00171 POLITISK KVARTER PERSONAL-OG LØNSUTVALET

INFORMASJON TIL STØTTEKONTAKT/AVLASTAR.

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Interkommunalt samarbeid ÅLA kommunane vedr økonomisk rådgjevar Mette Hestetun Berg leiar, NAV Årdal

Varsel om tilsyn med Lærdal kommune. Lærdalsøyri skule sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og pålegg om innsending av dokumentasjon

VINN-VINN-prosjektet

HJARTEAVDELINGA REHABILITERING ETTER HJARTESJUKDOM

18. RETNINGSLINJER FOR AKAN

TRAINEE I SOGN OG FJORDANE

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Telemedisin Sogn og Fjordane Retningsliner for bruk av videokonferanse

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Opplæringsavdelinga Kompetanseløftet 23. januar 2013

RETNINGSLINER FOR BRUK AV PRØVETID

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Stemnehandboka for NKSF

Ny GIV Oppfølgingsprosjektet

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Strategiplan for Apoteka Vest HF

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL

Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring

IKT-kompetanse for øvingsskular

Retningslinjer for Lærlingane i Masfjorden kommune

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

Ny utdanning i Norge! ARBORIST. Fagskulane i Hordaland. avdeling Hjeltnes

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 09.00

FOLKETRYGDA Søknad om yting ved fødsel og adopsjon

Sauda vidaregåande skule skuleåret Regionalt kompetansesenter

Informasjonshefte Tuv barnehage

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 1/08 07/2859 OMSTILLING - OPPRETTING AV STILLINGSBANK

Årsmelding 2012 løn og personalavdelinga

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Opplæring gjennom Nav

Samarbeidsutvalet Foreldrerådsutvalet. arbeidsoppgaver konflikthandtering SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Transkript:

Eldbjørg Hatledal (Kursansvarleg) Oddvar Almenning (Ansvarleg for praksis) AVKLARING 8 eller 12 veker Kurset for deg som er usikker på eiga arbeidsevne. avklaring Motivasjon Meistring Auka sjølvkjensle Betra livskvalitet For meir informasjon om avklaringskurset ta kontakt med: Eldbjørg Hatledal Tlf. 93404865 Oddvar Almenning Tlf. 93008981 Velkomen til Avklaringskurs ved Sandane Industri.

Kva er avklaringskurs? Som deltakar i avklaringstiltaket vil du få rettleiing, systematisk kartlegging og utprøving av arbeidsevna di. Gjennom avklaringa får du klarlagt eventuell trong for kvalifisering eller andre tiltak som kan medverke til at du får arbeid. Kva er Avklaringskurs? Kven kan delta på Avklaring? Arbeidssøkjarar som er på yrkesretta attføring kan delta dersom behovet for vidare bistand eller val av arbeidsmarknadstiltak er uklart. Du søkjer deg inn på avklaringskurset i samarbeid med sakshandsamaren din ved NAV. Innhald i kurset er mellom anna: Kartlegging av behov for kvalifisering Individuelle og gruppebaserte rett leiingssamtalar Utprøving av ulike arbeidsoppgåver og arbeidsområde. Som ein del av kurset vert det utarbeidd ein handlingsplan for vegen vidare. Gjennomføringa av kurset: Kurset består av: Ein teoridel, 4 veker Ein praksisdel, 4 veker med høve til forlenging i ytterlegare 4 veker. Etter avslutta avklaring blir det sendt ein sluttrapport til NAV. Teoridel: Dei fire første vekene er felles for alle deltakarane. Dette er ein teoridel der vi mellom anna legg vekt på tema som: Vegen til arbeidslivet Eg er, eg kan, eg vil Livsglede og arbeidslyst Kunsten å søke jobb Basiskunnskap i dataopplæring og bruk av internett Kartlegging av norskkunnskap hjå framandspråklege Lærevanskekartlegging i norsk og matematikk Kompetansekartlegging Motivasjon og meistring Vegen vidare I teoridelen har vi også ein dag med lege og ein dag med fysioterapeut. Å delta på eit avklaringskurs saman med andre er ein god situasjon for å kome i gong. Her møter du andre med liknande utfordringar i livet. Vanlegvis er det 7 personar på eit avklaringskurs. Gruppefunksjonen er med å styrkje den einskilde i samarbeid med andre. I gruppa legg vi vekt på at deltakarane målber eigne meiningar og løyser oppgåver i fellesskap med andre, noko som er viktig i arbeidslivet. Kursstad teoridel: Sandane Industri L/L held til i trivlege kurslokale lokalisert ved Eid Vidaregåande skule på Nordfjordeid. Praksisdel: Denne delen er 4 eller 8 veker, tilpassa den enkelte. Så langt det let seg gjere, blir praksis lagt til ordinære bedrifter kring heimstaden din. Du er sjølv med å skaffe deg praksisplass og definere måla for praksisen. I praksisperioden skal deltakarane i utgangspunktet følgje bedrifta sine arbeidsrutinar og arbeidstidsavtaler. Dersom det er behov for det, kan ein få tilpassa arbeidstida.

Karl Anton Søvde Attføringskoordinator Per Nerhus Tekstil Mads Tystad Tre Alf Osa Ekstern Kvalifisering Kvalifisering inntil 24 månader Kvalifisering er ei opplæring i eit nytt fag eller arbeidsområde. kvalifisering Styrka posisjon Auka kompetanse For meir informasjon om kvalifisering i Sandane Industri L/L ta kontakt med: Karl Anton Søvde Tlf. 95248960 Per Nerhus Tlf. 93426588 Mads Tystad Tlf. 93427344 Alf Osa Tlf. 92025744 Velkomen til Kvalifisering ved Sandane Industri.

Kva er Kvalifisering i Arbeidsmarknadsbedrift (KiA)? Kvalifisering i arbeidsmarknadsbedrift skal gje reell og formell kompetanse gjennom tilrettelagt opplæring og arbeidstrening. Sandane Industri L/L gjev tilbod om fleire typar fagbrev eller kompetansebevis gjennom kvalifiseringa. Kvar foregår kvalifiseringa? Opplæringa og arbeidstreninga føregår enten i Sandane Industri L/L sin møbelfabrikk på Sandane eller i ei ordinær bedrift i Nordfjord regionen. I kvalifisering deltek du i den aktuelle bedrifta si verdiskaping og du følgjer bedrifta sine arbeidsrutinar og arbeidsreglement. Møbelfabrikken på Sandane På møbelfabrikken får du kvalifisering innan trearbeidsfaget eller møbeltapeteserfaget med tanke på å kunne gå ut i ein industriarbeidsplass. Du får opplæring i trearbeid ved sag, moulding (høvlemaskin), ulike boremaskiner og pussemaskiner og i datastyrt (CNC) fresemaskin. I tillegg kan du lære å lakkere, montere og pakke møblar. I tekstilavdelinga lærer du omtrekking av møblar. Du får opplæring i bruk av ulike møbelstoff, møbelskum, skjering av mønster, sying og samansetting(trekking). På møbelfabrikken kan du også få opplæring innan vaktmestertenester, reinhaldstenester, logistikk, transport og kontorfag. Sandane Industri L/L har produsert møblar til den norske møbelmarknaden i meir enn 25 år. Hovudprodukta frå møbelfabrikken er kommodar, sovesofa og salongar i heiltre. Som produsent er vi opptekne av å føre vidare kvalitet i norsk møbeltradisjon, samtidig som vi fornyar oss i materialar og design. Kvalifisering i ordinære bedrifter i Nordfjordregionen Sandane Industri samarbeider med ei rekkje bedrifter i Nordfjordregionen for å kunne gje deltakarane våre høve til å velje kvalifisering i fleire fag. Kor lenge varer tiltaket? Tiltaket kan vare i inntil to år. Dei som tek fagbrev eller eit kompetansebevis innan ordninga får lenger tid. Du søkjer deg inn på kvalifisering i samarbeid med sakshandsamaren din ved NAV. Oppfølging undervegs Ved starten av tiltaket vert det utarbeidd ein individuell opplæringsplan/handlingsplan. I tillegg til den faglege rettleiinga du får undervegs, er samtalar med leiarane i avdelinga ein viktig del av oppfølginga. I tillegg til avdelingsleiar og arbeidsleiar møter du Rådgjevande utval, som evaluerer opplæringa og arbeidstreninga saman med deg kvar 3 mnd. Rådgjevande utval er sett saman av avd. leiar, attføringskoordinator i Sandane Industri L/L, kontaktpersonen din eller ein annan representant frå NAV, ein lege og deg sjølv. Etter avslutta kvalifisering blir det sendt ein sluttrapport til NAV. Med utgangspunkt i ein konkret og individuell plan, tilpassa den enkelte sine ønskje og føresetnadar, finn vi saman fram til moglege partnarbedrifter som driv eit fag som deltakaren ynskjer å kvalifisere seg i. Dersom du som deltakar har ynskje om kvalifisering i for eksempel pleie og omsorg, hotellfag eller anna, vil Sandane Industri finne den rette opplæringsarenaen til deg. Løn i tiltakstida Som deltakar er du tilsett i Sandane Industri L/L, og får løn frå oss. Jobbsøking Jobbsøking og jobbformidling startar så tidleg som mogleg i programmet. Ved kvalifisering i ordinær bedrift kan ein oppnå å få fast arbeid hos bedrifta ein tek kvalifiseringa i. Du får hjelp frå våre tilsette til jobbsøking.

Karl Anton Søvde Attføringskoordinator Svein Navelsaker Nils Råd Arbeidsleiar Arbeidspraksis inntil 10 månader Avdeling Eid arbeidspraksis Tre- og mekanisk produksjon For meir informasjon om Arbeidspraksis i Sandane Industri ta kontakt med: Karl Anton Søvde Tlf. 95248960 Svein Navelsaker Tlf. 41635790 Nils Råd Tlf. 97198940 Velkomen til Arbeidspraksis ved Sandane Industri avd. Eid

Arbeidspraksis ved Sandane Industri (APS) Kva er APS? (Arbeidspraksis i skjerma verksemd) Arbeidspraksis i skjerma verksemd er eit arbeidsmarknadstiltak for deg som treng å styrke muligheitene for å kome i arbeid eller utdanning. Tiltaket inneber tilrettelagt arbeidstrening, kartlegging, opplæring og rettleiing. Kven kan delta i Arbeidspraksis? APS er retta mot deg som er usikker på kva jobb du kan klare å utføre, eller deg som treng tid på å kome i gong med eit yrkesaktivt liv. Du får avklara arbeidsevna og interessene dine ved å prøve ut ulike arbeidsoppgåver og arbeidsområde. Du søkjer deg inn på APS i samarbeid med sakshandsamaren din ved NAV. Kor lenge? Du kan vere i tiltaket i inntil 10 månader. I einskilde tilfelle vert tida forlenga etter særskild vurdering. Med visse mellomrom vert det vurdert om du er klar for arbeidslivet, om arbeidspraksisen har gjeve svar på spørsmål om helse og arbeidsevne, eller om det er grunn til å gjere endringar i målsetjinga di. Oppfølging I praksisperioden får du fagleg rettleiing i frå avd. leiar og arbeidsleiar. I tillegg til avdelingsleiar og arbeidsleiar møter du Rådgjevande utval, som evaluerer praksisperioden saman med deg. Rådgjevande utval er sett saman av avd. leiar, attføringskoordinator i Sandane Industri L/L, kontaktpersonen din eller ein annan representant frå NAV, ein lege og deg sjølv. Etter avslutta arbeidspraksis blir det sendt ein sluttrapport til NAV. Arbeidspraksisen Gjennom Arbeidspraksis får du hjelp og rettleiing til å finne ut kva du vil og kan i eit arbeidsforhold, kor sterk arbeidsevna di er, og kva forhold mellom helse og arbeid som er riktig for deg. Du får tilrettelagt arbeidstrening med tett og brei oppfølging og støtte til å kome vidare, først og fremst med tanke på arbeidslivet. Du vil få hjelp til å lage ein realistisk plan med framtidige mål sett ut frå din situasjon. Sandane Industri sin arbeidspraksis ligg på Nordfjordeid der vi kan tilby oppgåver innan tre- og mekanisk produksjon. Du kan også få arbeidspraksis innan transport og spedisjon. Dersom det er vanskeleg for deg å reise til Nordfjordeid kan vi i enkelte høve tilby arbeidspraksis i Stryn eller på Sandane. Avdelinga i Stryn produserer ulike leidningsopplegg til Vest Busscar AS sin bussfabrikk i Stryn. På Sandane produserer vi kvalitetsmøblar mellom anna til Fagmøbler Norge AS sine butikkar.

Einar Frøholm Sabine Solheim Arbeidsleiar Olav Årdal Arbeidsleiar Jarle Berentzen Arbeidsleiar Varig tilrettelagt arbeid Avdeling Stryn Stryn Visneskaia TCG For meir informasjon om varig tilrettelagt arbeid i Sandane Industri L/L ta kontakt med: Einar Frøholm Tlf. 99159904 Sabine Solheim Tlf. 93049821 Olav Årdal Tlf. 93051383 Jarle Berentzen Tlf. 91398235 Velkomen til Sandane Industri Avdeling Stryn.

Varig tilrettelagt arbeid Sandane Industri L.L. avd. Stryn Kva er Varig Tilrettelagt Arbeid(VTA)? Sandane Industri L/L tilbyr tilrettelagt arbeid for trygda personar som har trong for arbeid på heil- eller deltid. Arbeidsoppgåvene er tilpassa yteevna og interessene til den einskilde deltakar. Tiltaket skal bidra til bruk og utvikling av eigne ressursar gjennom tilrettelagt arbeid ved produksjon av varer og tenester. Kven kan delta i VTA? Dersom du har eller i nær framtid ventar å få innvilga varig uførepensjon og har trong for spesiell tilrettelegging og oppfølging, kan du være aktuell for tiltaket. Arbeidet skal bidra til: utvikling av dine ressursar gjennom tilrettelagt arbeid kvalifisering gjennom produksjon av varer og tenester Du er arbeidstakar i samsvar med arbeidsmiljølova, og det ligg ei arbeidskontrakt til grunn for tilsettinga. Kor lenge? Tiltaket er ikkje tidsavgrensa. Det skal likevel med visse mellomrom vurderast om det kan vere aktuelt med overføring til andre arbeidsmarknadstiltak, opplæring eller formidling til ordinært arbeid. Oppfølging Sandane Industri legg vekt på arbeidsglede, godt humør, trygge arbeidsforhold og tilpassa oppgåver. Deltakarane får god opplæring, kjenner arbeidet og oppgåvene sine, og skal ha positive opplevingar av å gå på arbeid og utføre tenester som trengst og som det vert betalt for. Økonomiske ytingar Deltakarene mottek uførepensjon etter folketrygdlova. I tillegg får deltakarane løn for utført arbeid etter timeliste. Det vert lagt vekt på ulike velferdstiltak for deltakarane. Arbeid på Visneskaia Montering av elektriske leidningar for Vest Busscar i Stryn. I samarbeid med produksjonsleiar og andre tilsette produserer deltakarane ulike leidningsopplegg for montering i bussar og tilhengarar. Arbeidet foregår i trivelege lokale i bygget vårt på Visneskaia. Bedrifta er kjend for stabil levering og høg kvalitet. Mekanisk verkstad På Visneskaia har vi også ein mekanisk verkstad. Her tek vi på oss ulike delproduksjonar for lokalt næringsliv. Det kan vere kapping, boring, platearbeid eller monteringsarbeid. I periodar lagar vi ved på oppdrag frå ei bedrift. Vi kappar, kløyver, pakkar og køyrer ut veden til kundar. Vi har 10 godkjende plassar på Visneskaia. Hos Tenden Container og Gjennvinning (TCG) Vi har inntil 5 plassar hos Tenden Container og Gjenvinning. Her har vi ein eigen arbeidsleiar som følgjer opp våre deltakarar. Våre deltakarar er ein del av det verdiskapande arbeidet som skjer ved TCG og arbeidsoppgåvene er varierte. Mykje foregår ute, eller i ein open arbeidshall. Det er sortering av papp og papir, sortering av bygningsavfall og metall og makulering.