Saksframlegg Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/401-1 Retningslinjer for uønska deltid * Tilråding: Administrasjonsutvalet vedtek retningslinjer for å handsame uønska deltid, dagsett.11.02.2010. Saksutgreiing: I årsbudsjett for 2008 var det eit resultatmål at vi skulle arbeida for å redusera omfanget av uønska deltid. Det vart sett ned ei arbeidsgruppe som fekk mandat å leggja fram forslag til tiltak for å auka stillingsprosent innafor eksisterande rammer. Styringsgruppa i Kvalitetskommuneprosjektet vart styringsgruppe, og det vart sett ned ei arbeidsgruppe med tilsette og tillitsvalde frå pleie og omsorg og sosiale tenester. Arbeidsgruppa gjorde ei kartlegging for å sjå kor mange som ønska utvida stilling, og dei såg på ulike arbeidstidsordningar. Styringsgruppa handsama rapporten i januarmøtet 2009. Drøftingane i styringsgruppa er oppsummerast slik: Dei generelle retningslinjene for korleis ein skal redusera uønska deltid må gjelda for alle. Det er utfordringar i høve til dei endringane som må koma - eit hovudspørsmål er korleis vi skal handtera desse utfordringane? Arbeidet må skje i samarbeid mellom administrasjonen og dei tilsette gjennom deira organisasjonar. Politiske vil ein ikkje vera direkte involvert i arbeidet. Arbeidsgjevar er positiv til endringar, gjerne eit mål om at fast tilsett med mindre enn 50 % stilling som ønskjer større stilling, kan få det, gitt at helgekabalen går opp. Sjå og skriv frå Fagforbundet dagsett 05,.11.08. Det er viktig at det er oppslutning om dei måla som vert prioritert. Det må lagast retningslinjer for gjennomføring der ein balanserer fokusområda, dvs at ein tek omsyn til både fleksibilitet, bemanning og brukaromsyn. Det bør vera rom for avdelingsvise tilpassingar kva passar best kvar? Tilpassingar av stillingsstorleik må skje innafor eksisterande økonomirammer. Prosessen skal enda opp i ein lokal avtale mellom rådmann og HTV. Deltidsproblematikken er omfattande, og styringsgruppa rådde til å etablera ei forsøksordning, t.d. i Skulevegn 7 C.
Lover og avtalar knytt til uønska deltid: Lovverk AML 14-3 Fortrinnsrett for tilsette 1. Deltidstilsette har fortrinnsrett til utvida stilling framfor å tilsetja nye (AML). 2. Arbeidstakaren må vera kvalifisert til stillinga og fortrinnsrett må ikkje medføra vesentlege ulemper for verksemda. Hovudtariffavtalen 1. Det skal som hovudregel tilsetjast i full stilling, med mindre omfanget av arbeidet eller ei vurdering av arbeidssituasjonen tilseier noko anna. 2. Ved ledig stilling skal deltidstilsett ved intern utlysing i kommunen/verksemda få tilbod om å utvida stillinga si inntil heil stilling, dersom vedkomande er kvalifisert for stillinga. Dei lokale retningslinjer for redusert bruk av uønska deltid bør m.a. innehalda(hta): Deltidstilsette skal melda frå om dei ønskjer utvida stilling Når ei stilling vert ledig, skal det gjerast ein gjennomgang av arbeidsplanar og oppgåvefordeling for å vurdera samanslåing av deltidsstillingar Det er ingen føresetnad at den deltidsstilsette skal måtta ta heile den ledige stillinga Det bør vurderast om deltidstilsette gjennom kompetanseheving kan kvalifiserast til å få utvida sitt arbeidstilhøve. Likestillings- og diskrimineringsombudet Det offentlege Noreg er plikta til å arbeida for likestilling og mot diskriminering. Ufrivillig deltid er først og fremst eit kvinneproblem og omfanget er aukande. Den norske arbeidsmarknaden er: Ein av dei mest kjønnsdelte i heile OECD-området Nesten halvparten av alle kvinner arbeider deltid. Det er laga utkast til lokale retningslinjer, jf. vedlegg 1. Retningslinjene har vore sendt ut på høring til Fagforbundet, FO og Sjukepleiarforbundet som har vore med i prosessen. Merknaden frå Fagforbundet går fram av vedlegg 2. Merknaden som gjeld prioritering av søkjarar, Deretter økning av stillingar mellom 50 og 100 %, er innarbeidd i retningslinjene. Dei andre innspela er viktige, men bør ikkje vera ein del av retningslinjene. Det vert lagd opp til evaluering av retningslinjene etter ein prøveperiode.
Retningslinjer for å handsama uønska deltid når ei stilling er ledig i Sogndal kommune Når ei stilling skal lysast ut, skal ein kvalifisert deltidsstilsett som ønskjer utvida stilling, ha fortrinnsrett til stillinga framfor eksterne kandidatar. Deltidstilsette som ønskjer å utvida stillinga si, treng ikkje å ta heile den ledige stillingsprosenten. Dersom fleire søkjarar med uønska deltidsstilling står likt etter ei vurdering av kvalifikasjonar i samsvar med Hovudtariffavtalen, 2, pkt 2.2, prioriterer vi søkjarar med mindre enn 50 prosent stilling. Deretter økning av stillingar mellom 50 og 100 %. 1. Medarbeidarar fyller ut skjema Registrering av deltidstilsette som ønskjer høgare stillingsprosent og sender det til sin næraste overordna. 2. Næraste overordna held oversikt over deltidsstilsette som har registrert seg med ønske om høgare stillingsprosent. Ved utgangen av året rapporterer dei til tenesteleiar som så rapporterer status på si eining til personalavdelinga. 3. Orientering om ledige stillingar/ deler av ei stilling vert kunngjort i samsvar med retningslinjene for intern utlysing. 4. Næraste overordna har ansvar for å halda medarbeidarar som har registrert seg med ønske om større stillingsprosent, orientert om ledige stillingar på eige avdeling. 5. Medarbeidarane må sjølve halda seg orienterte og visa initiativ ved å søkja på ledige stillingar som vert kunngjorde internt og/eller eksternt, jfr. Skjema for registrering av deltidstilsette som ønskjer fast større stillingsprosent. 6. Dersom ein medarbeidar ikkje har rett eller tilstrekkeleg kompetanse, skal næraste overordna vurdera om det er mogeleg å gje tilbod om kompetanseheving føre ein gir avslag på søknaden. 7. Dersom ein tilsett får tilbod om auka stilling og takkar nei, er hovedregelen at den det gjeld for ein periode på 6 månader ikkje vert rekna med til dei som har uønsket deltid. Utkast dagsett: 11.2.2010 Rutinar knytt til prosessen med å redusera uønska deltid 1. Leiar med personalansvar kartlegg og held oversikt over omfanget av uønska deltid i sin avdeling/sone, og rapporterer status i fellesmøta med tenesteleiar ved behov. 2. Tenesteleiarane rapporterer status knytt til reduksjon av uønska deltid i årsrapporten.
3. Retningslinjene for å handsama uønska deltid skal innarbeidast i personalpolitiske reglement og retningslinjer og gjerast gjeldande for heile organisasjonen. 4. I samband med tilsetjing, skal det presiserast at fleksibilitet mot arbeidsplass er ei føresetnad, jfr. pkt 7.1 i tilsetjingsreglementet Arbeidstakaren vert tilsett i Sogndal kommune med dei løns- og arbeidsvilkår som går fram av gjeldande lover, reglement, tilsetjingsdokument og tariffavtaler. Arbeidstakar må vera budd på at endringar i oppgåve- og ansvarsområde kan følgje av omorganiseringar i kommunen.
Ikkje off., jfr. off.lova 23.1 og forvaltn.lova 13. Skjema for registrering av deltidstilsette som ønskjer fast større stillingsprosent Namn.. Stilling. Tenestestad Leiar Eg har pr. dato % stilling. Eg ønskjer..% stilling. 1. For turnusarbeidarar: Vil du kunna arbeida meir: dag - kveld natt helg i ein ev. større stillingsprosent?... 2. For tilsette med dagarbeidstid: a. dersom du arbeider redusert arbeidsdag, kan du auka arbeidstida til full arbeidsdag? b. kan du arbeida fleire dagar i veka?.. c. kunne du tenkja deg å arbeida turnus?... 3. For alle tilsette: a. er du villig til å dela arbeidet ditt mellom fleire tenestestader?.... b. kan du tenkja deg å arbeida med anna type arbeid/fagområde, ev. kva?.. c. har du ev. andre forslag?.. d. er det spesielle tilhøve det bør takast omsyn til/leggjast til rette for?... Stad.Dato Underskrift