KOMPETANSEUTVIKLING OG NYE LÆREFORMER



Like dokumenter
Sogn og Fjordane fylkeskommune Opplæringsavdelinga

Ein tydeleg medspelar. frå elev til lærling. Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Retten til spesialundervisning

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Oppfølging av tilsynet frå fylkesmannen

PÅBYGG TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE - ALTERNATIVE VEGAR

Dialogmøte Hordaland Bli helsefagarbeider Sølvi Olrich Sørebø Prosjektveileder

Voksne i grunnskole og videregående opplæring. Seniorrådgiver Silje Therese Nyhus

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Vidaregåande opplæring for voksne i Møre og Romsdal fylkeskommune Ansvar og omfang

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Dialogmøte med kommunane i Sunnfjord

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Kontrollutvalet - melding om status for oppfølging av tidlegare forvaltningsrevisjonar og statlege tilsynsrapportar

Høyringsrapport Planprogram for Regional plan for kompetanse og arbeidskraft

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Forventningar til og utfordringar for nettlærarane

SØKJARINFORMASJON LÆREPLASS

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

Dykkar ref: Dykkar dato: Vår ref: Vår saksbehandlar: Vår dato: 58223/2014/ Melvin Tornes,

IKT-kompetanse for øvingsskular

HØRINGSUTTALE NOU 2007 : 11 STUDIEFORBUND - LÆRING FOR LIVET

Tilbod som ikkje blir sett i gang skoleåret

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Kommunedelplan for oppvekst

Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring

Hospiteringsordning for tilsette ved Odda vidaregåande skule

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

Til deg som bur i fosterheim år

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Utdanningsutvalet

ARBEIDSNOTAT ref. Nordmørskonferansen 2008

Innspel til strategisk plan Oppsummering frå personalseminar i Balestrand 15. og 16. januar 2009

2Vaksne i vidaregåande opplæring

Internasjonal vidaregåande skule

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Til: Arne Fredriksen/Økonomiavdelinga Dato: Fra: Britt Vikane Referanse: 15/ Kopi:

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Inntak ORIENTERINGSMØTET 14.01

Strategi for kompetanseutvikling

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Regional kompetansestrategi Sogn og Fjordane sluttrapport fase1

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Sølvi Olrich Sørebø prosjektrettleiar, Bli helsefagarbeider. Askvoll

Styrk rådgjevartenesta i skulen! Rådgjevaren ein nøkkelperson.

Dialogmøte med kommunane i Hafs

Dykkar ref Vår ref Dato

Verksemdsplan 2012 for Vest-Telemark PP-teneste

Program for entreprenørskap. Eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylke og Innovasjon Norge

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Nemninga ASK innbefattar heile innsatsen som trengst for å erstatte eller støtte ein mangelfull tale i kommunikasjon mellom menneske.

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

KOMPETANSEUTVIKLINGSPLAN FOR MELAND KOMMUNE STRATEGISK DEL

Årsmelding Bergen tekniske fagskole 2-årig fagskoleutdanning Automatisering

ARBEIDSINNVANDRING EIN RESSURS FOR VESTLANDET KVA KJENNETEIKNAR KOMMUNANE I MØRE OG ROMSDAL?

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Velkomen til dykk alle!

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

1Vaksne i grunnskoleopplæring

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/ juni 2009

Norske arbeidstakarar med berre grunnskole bør ta meir utdanning

Individuell opplæringsplan

3Vaksne i fagskoleutdanning

i videregående opplæring

Informasjon og søknadsblankett for arbeids- eller utdanningsreiser for funksjonshemma

Hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland for skoleåret er:

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Tiltak frå regjeringa for styrking av nynorsk

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

Opplæringsavdelinga Kompetanseløftet 23. januar 2013

Ny GIV. (= gjennomføring i vidaregåande skule)

KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule

Saksframlegg. Orientering om Kompetansesenteret og søknad om regionale utviklingsmidlar til Ny GIV-tiltak ved Kompetansesenteret

Arbeidsnotat til bymøtet 7. mai 2007, tiltaket Tilflytting 2017 Av Heidi-Iren Wedlog Olsen og Severin Aarsnes

Informasjon til pasientar og pårørande

Retningsliner for lokalt gitt munnleg eksamen og munnleg-praktisk eksamen i Møre og Romsdal fylkeskommune

SENTRALT GITT SKRIFTLEG EKSAMEN FOR ELEVAR VÅREN 2003 OVERSIKT OVER TILLATNE HJELPEMIDDEL I VIDAREGÅANDE OPPLÆRING OG TEKNISK FAGSKOLE

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Verksemdsplan 2014 for Vest-Telemark PP-teneste

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

I landet er det heilt ledige. Dette er 2,9 prosent av arbeidsstokken, og er ei auke på 10,9 prosent samanlikna med same periode i fjor.

Hva er nytt? Kan lovendringer være drivkraft for utvikling? LOV- OG FORSKRIFTSENDRING FRA 1. AUGUST

FYLKESKOMMUNENS KUNST FYLKESREVISJONEN

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Frivillige organisasjonar i samfunnsbygginga

Sauda vidaregåande skule skuleåret Regionalt kompetansesenter

VIDARE SAMARBEID MELLOM FYLKESKOMMUNANE PÅ VESTLANDET MED TANKE PÅ Å FREMJE NYNORSKE LÆREMIDDEL

Transkript:

KOMPETANSEUTVIKLING OG NYE LÆREFORMER - om vaksenopplæringstilbodet i Møre og Romsdal - FYLKESREVISJONEN Møre og Romsdal fylkeskommune FORVALTNINGSREVISJONSRAPPORT NR. 1/2003

INNHALDSREGISTER: 1. INNLEIING 3 1.1 Bakgrunn og formål for prosjektet... 3 1.2 Problemstillingar... 3 1.3 Avgrensing... 3 1.4 Revisjonskriterium... 3 1.5 Metode... 4 2. FØRSTE PROBLEMSTILLING På kva måte fyller fylkeskommunen rollen som regional utviklingsaktør innan vidaregåande opplæring for vaksne, ved å vere den som går foran og syter for nyskaping og vekst innan kunnskapsformidling i fylket?... 4 3. ANDRE PROBLEMSTILLING Korleis samsvarar dagens tilbod innan vaksenopplæring med behovet blant opplæringssøkande?... 6 4. TREDJE PROBLEMSTILLING Korleis er grunnlaget ved dei vidaregåande skolane for utvikling av nye, fleksible og individtilpassa opplæringsformer innan vaksenopplæringa i fylket?... 7 5. KONKLUSJONAR... 9 6. ANBEFALINGAR... 9 VEDLEGGSOVERSYN... 10 Vedlegg 1 Nærare om kap 1.4 Revisjonskriterium 11 Vedlegg 2 Netto driftsutgifter til vaksenopplæring, fordelt pr innbyggar i det enkelte fylke KOSTRA-tal for funksjon 581 og 582 for 2001 og 2002.... 14 Vedlegg 3 Døme på fleksible vaksenopplæringstilbod i andre fylkeskommunar... 15 Vedlegg 4 Oversyn over heilt eller delvis nettbaserte undervisningstilbod ved dei vidaregåande skolane/ressurssentra i Møre og Romsdal, 2001-2003.... 19 Vedlegg 5 Spørjeundersøking til dei fylkeskommunale vidaregåande skolar/ressursentra i fylket m/resultat... 20 2

1. INNLEIING. 1.1 Bakgrunn og formål for prosjektet I kontrollutvalets prioritering av forvaltningsrevisjonsprosjekt for 2002 er dette prosjektet fastsett som eit av tiltaka. Formålet med prosjektet er å sjå om vaksenopplæringstilbodet på vidaregåande skole-nivå er tilpassa kravet i opplæringslova om fleksibel og individuelt tilpassa opplæring for vaksne som har rett på å få slik opplæring gratis 1. Det er vidare også ei målsetting i prosjektet å sjå om fylkeskommunen gjennom utøvinga av denne oppgåva syter for å sette denne i ein samanheng der fylkeskommunen kan fylle si rolle som regional utviklingsaktør for kunnskapsformidling og kompetanseutvikling overfor opplæringssøkande og arbeidsliv i fylket. Fylkeskommunen er ansvarleg for vaksenopplæring på vidaregåande skole-nivå, og kan yte denne tenesta sjølv eller knyte til seg andre eksterne aktørar. Vi har gjennom prosjektet søkt å få oversyn over korleis fylkeskommunen har bygd opp og generelt ivaretek utøvinga av denne oppgåva. 1.2 Problemstillingar I prosjektet har vi tatt for oss desse problemstillingane: - På kva måte fyller fylkeskommunen rolla som regional utviklingsaktør innan vidaregåande opplæring for vaksne, ved å vere den som går føre og syter for nyskaping og vekst innan kunnskapsformidling i fylket? - Korleis samsvarar dagens tilbod innan vaksenopplæring med behovet blant opplæringssøkande? - Korleis er grunnlaget ved dei vidaregåande skolane for utvikling av nye, fleksible og individtilpassa opplæringsformer innan vaksenopplæringa i fylket? 1.3 Avgrensing I prosjektet har vi primært vore opptatt av å sjå på vaksenopplæring på vidaregåande skole-nivå, dvs den delen av vaksenopplæringa som er fylkeskommunens ansvar. 1.4 Revisjonskriterium Med revisjonskriterium meiner ein standardar eller normer som resultata i prosjektet er vurderte mot. I dette prosjektet har vi nytta følgjande revisjonskriterium: Opplæringslova, 4A-3 Rett til vidaregåande opplæring for vaksne vedtatt med verknad frå 1.8.2000, som gjeld vaksne fødd før 1.1.78 utan tidlegare fullført vidaregåande opplæring, jfr vedlegg 1. St.meld 31 (2000-2001) Kommune, fylke, stat en bedre oppgavefordeling. Jfr utdrag i vedlegg 1. 1 Vaksne fødde før 1.1.78 utan tidlegare fullført vidaregåande opplæring, jfr opplæringsl 4A-3. 3

Fylkesplan for Møre og Romsdal 2001-2004, kap 9 Kompetanse og rekruttering, jfr vedlegg 1. Mål- og tiltaksplan for vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal 2002/2003. Utdrag er gjengitt i vedlegg 1. Strategisk næringsplan 2001-2004 og regionalt utviklingsprogram 2003, vedk strategisk satsingsområde Kompetanse. Jfr vedlegg 1. 1.5 Metode Som metode i prosjektet har vi nytta: Intervju med sentrale personar innan leiing i vidaregåande opplæring, i utdanningsavdelinga og ved dei vidaregåande skolane i fylket. Vi har også hatt kontakt med personar som har stått sentralt i utvikling av nye undervisningsformer innan utdanningssektoren i fylket. I samband med prosjektet har vi også intervjua ressurspersonar innan vidareutvikling av vaksenopplæring på landsplan. Spørjeundersøking til dei fylkeskommunale vidaregåande skolane og ressurssentra i fylket. Dokumentanalyse av utvalssaker som vedkjem vaksenopplæring, kompetanseutvikling og nyskaping på området ved bruk av IKT, og dokumentanalyse av rekneskap, årsmeldingar m.v. 2. Første problemstilling: På kva måte fyller fylkeskommunen rolla som regional utviklingsaktør innan vidaregåande opplæring for vaksne, ved å vere den som går føre og syter for nyskaping og vekst innan kunnskapsformidling i fylket? Faktagrunnlag: Som det går fram av fylkesplanen, er kompetanse og rekruttering eit av satsingsområda i planen. Eit av måla her er å sikre vaksne eit utdanningstilbod som er tilpasse dei ulike gruppene sine behov. Det er vidare ei målsetting at kompetanseutvikling skal vere tilpassa arbeidslivets behov og sikre kompetent arbeidskraft. Utvikling av nye modellar for god tilgang til læring er også ei sentral målsetting. I den samanheng står fylkesplanens strategi om bruk av informasjonsteknologi for å nå ut med utdanningstilbod sentralt. Ein er også i strategiane i fylkesplanen klar på at å motivere, informere og legge til rette for opplæring vil vere sentralt for mange vaksne. Planen er såleis ambisiøs for kva nyskaping og utvikling som skal skje i fylket på dette feltet i perioden 2001-2004. Ser ein på korleis dette er gjennomført, vil m.a. ressursbruk på vaksenopplæring seie noko om innsatsen. 4

KOSTRA-tala for vaksenopplæring i fylkeskommunane for 2001 og 2002, jfr tabellen i vedlegg 2, viser ressursbruken i det enkelte fylke. Møre og Romsdal nytta kr 29 pr innbyggar til vaksenopplæring i 2001 og i 2002 var tilsvarande tal kr 36. Til samanlikning nyttar dei fleste av fylkeskommunane på Vestlandet og i Nord-Norge meir enn dette, jfr for eksempel Nordland og Nord-Trøndelag som i 2001 og 2002 nytta 3-4 gonger så mykje pr innbyggar. Møre og Romsdal fylkeskommune samarbeider med 5 andre fylkeskommunar i Opplæringsregion Nord, der m.a. Troms, Nordland og Nord-Trøndelag, som har satsa mykje på vaksenopplæring, er med. Det vesentlege er likevel ikkje ressursbruken, men kva som ressursbruken skaper av tenester. Det er klart at Møre og Romsdal kan vise til relativt smålåtne resultat når det gjeld nyskaping innan opplæringsformer i høve til det som skjer i andre fylke i landet. Til dømes blir i Nordland 2 ei lang rekke fag innan yrkesfag og allmenne fag tilbode som nettbasert undervisning i tillegg til meir tradisjonelle undervisningsformer, Rogaland 3 hadde i 2001 i alt 3.500 vaksenelevar som studerte heilt eller delvis basert på nettundervisning hovudsakleg innan vidaregåande skole, og t.d. Oppland 4 har lagt vekt på stor fleksibilitet i sine opplæringstilbod med m.a. 28 mindre fag som er gjort nettbaserte for å kunne nå fleire opplæringssøkande. For fleire døme viser vi til vedlegg 3. I vår spørjeundersøking til dei vidaregåande skolane, jfr skjema og resultat i vedlegg 4 og 5, kartla vi i kva grad skolane har utvida sitt tradisjonelle klasseroms undervisningstilbod til også å skje via nett-støtta undervisning. På ein del felt har Møre og Romsdal gjort nybrotsarbeid med utvikling av fag og utdanning via nettet, døme her er barne- og ungdomsarbeidarfaget ved Fagerlia vidaregåande skole. Men totalt sett er økonomisk og fagleg satsing frå fylkeskommunen sentralt relativt låg, går det fram av svara frå skolane. Sjølv om det er tatt ein del initiativ frå fylkeskommunen sentralt, synest dette i liten grad å vere følgt opp med fagleg rettleiing og økonomiske utviklingsmidlar. Frå skolane blir det m.a. meldt om at ein har famla i utviklinga på området. Ein del har òg knyta kontaktar med skolar o.a. utanom fylkeskommunen for å kome vidare i si utvikling av nye undervisningsformer. I utgreiinga som låg til grunn for Stortingsmeldinga om oppgåvefordelinga mellom stat, fylkeskommune og kommune, vart fylkeskommunane si drift evaluert. Det vart der peika på at fylkeskommunane i for liten grad hadde nytta sitt naturlege handlingsrom til å vere den som sytte for nyskaping innan dei sektorane dei har ansvaret for. I Stortingsmelding 31 (2001-2002) blir det også vist til at vidaregående opplæring er videre en oppgave som må løses i en større territorial sammenheng enn den enkelte kommune og at utdannings- og kompetansepolitikken er av stor betydning for utviklingsarbeidet i regionen, og videregående opplæring inngår som en naturlig del av det regionale utviklingsarbeidet fylkeskommunen driver i bredt. Fylkeskommunens budsjett for 2003 set utøving av rolla som samfunnsbyggar og regional utviklingsaktør, og det å gjere fylkesplanens mål om til praktisk handling, som ei viktig utfordring 5. Iflg budsjettet vil det bli ei styrka kopling mellom planar, økonomiske ressursar og personellressursar. 2 Nordland fylkeskommune har som del av sitt vaksenopplæringstilbod etablert Den Åpne Skolen der vaksne og også yngre vidaregåande skoleelevar kan ta opplæring i mange fag via nettbasert undervisning. www.nfk.no. 3 Rogaland Kurs- og kompetansesenter, ei privat stifting oppretta etter initiativ frå fylkeskommunen i samarbeid med LO og NHO, driv vaksenopplæring med utgangspunkt i dei vidaregåande skolane/ressurssentra i fylket. www.rkk.no og www.kunnskapsnettet.no. 4 www.oppland-f.kommune.no og www.gjovik-kurs.ol.no. 5 Budsjett for 2003 pkt 1.2.1.1 og 1.2.1.4. 5

Dette kan og forståast slik at fylkeskommunen skal legge til rette for andre aktørar i dette feltet, t.d. private undervisningstilbydarar, gjennom partnarskapsavtalar skal oppmuntrast til å få ei utvida rolle innan vaksenopplæring som tradisjonelt blir dekt av vidaregåande skolar. Revisors vurdering: Vaksenopplæring er eit felt der fylkeskommunen kan fylle si rolle som regional utviklingsaktør, og sjå behova for tenester på området i ein samanheng med regional styrking av arbeidsliv og kompetanse. Fylkeskommunens satsing på området synest i for liten grad å medverke til at fylkesplanens målsettingar blir oppfylt slik det synest ønskeleg. Det synest såleis å vere behov for å styrke fylkeskommunen sentralt sin innsats på dette området, slik at t.d. utdanningsavdelinga og næringsavdelinga sin kompetanse blir bygd ut og kan vere ein ressurs for skolar som vil vidareutvikle sine vaksenopplæringstilbod med nye og meir fleksible undervisningsformer, evt. i partnarskap med andre aktørar med røynsler på dette området. Vårt inntrykk gjennom kontakt med skolane er at den enkelte skole i for stor grad er blitt overlaten til seg sjølv, og eigne ressursar, i dette utviklingsarbeidet. 3. Andre problemstilling Korleis samsvarar dagens tilbod innan vaksenopplæring med behovet blant opplæringssøkande? Faktagrunnlag: I vår spørjeundersøking til dei vidaregåande skolane kartla vi i kva grad skolen via ressurssenterverksemda kunne møte etterspurnaden etter kurs og vidaregåande opplæring for vaksne. Jfr resultatet av spørjeundersøkinga i vedlegg 5, s 21. Etter det som kom fram, var det nokre skolar som ofte ikkje hadde vaksenopplæringstilbod som samsvara med opplæringssøkande sine ønske, og det skuldast m.a. ein lite variert fagkrins ved skolen. Innan ein skala frå 1 10 svara eit fleirtal av skolane frå 1 5 at dei sjeldan eller relativt sjeldan ikkje kan etterkome etterspurt kursønske. Derimot er det oftare at kurs ikkje blir arrangert fordi det er få for søkarar som melder seg til vedkomande kurs. Nærare førespurnader overfor skolane vil kunne avklare kor mange opplæringssøkande som blir ståande utan tilbod, men etter det vi kjenner til er dette relativt få i høve til totaltalet vaksenopplæringselevar. Informasjon til opplæringssøkande om andre kurstilbod er viktig i fall skolen ikkje har etterspurt kurs. Etter det som kom fram i undersøkinga synest mange skolar usikre på opplæringstilbod ved andre fylkeskommunale skolar, og undersøkinga vår om opplæringsoversynet på Møre og Romsdal fylkeskommune si heimeside viste at denne var ein del mangelfull. Dei opplæringssøkande blir også i relativt liten grad informert om andre opplæringsmåtar t.d. via brev eller internett. 6

Møre og Romsdal fylkeskommune har ein desentralisert skolestruktur, noko som inneber at mange vaksne med behov for vaksenopplæring har ein vidaregåande skole i nærleiken av der dei bur. Oversyn over vidaregåande skolar i fylka, syner at Møre og Romsdal trass omstillingar og nedleggingar av vidaregåande skolar dei seinare åra, framleis er eit av fylka med flest vidaregåande skolar. Men dette må sjølvsagt sjåast i samanheng med det enkelte fylkes areal og kommunikasjonar, og den politiske viljen til å oppretthalde ein slik struktur. Dei fleste skolane opplyser i undersøkinga om låg interesse frå opplæringssøkande for alternative undervisningsformer, og det har også kome tilbakemeldingar frå skolane om at mange vegrar seg for å starte på kurs der undervisning og kommunikasjon heilt eller delvis er basert på nettundervisning. Det blir også peika på at for mange vil undervisning i ein sosial samanheng som i tradisjonell undervisning vere viktig. Erfaringa er også at fråfall blant nettelevar er større enn innan klasseromsbasert undervisning. Fylkeskommunar som har satsa på nettundervisning som ein del av sitt undervisningstilbod for vaksne, har gitt tilbod på fleire felt, t.d. at graden av klasseromsbasert og nettbasert undervisning kan kombinerast, at elevane får tilgang til studieverkstader med bruk av utstyr og med fagleg rettleiing på skolen og at den enkelte elev kan få hjelp i sin heimesituasjon til å kome over praktiske vanskar i samband med IKT-bruk. I vedlegg 4 har vi laga eit oversyn over vidaregåande skolar i Møre og Romsdal som har formidla, gjort bruk av eller lagt arbeid i å utvikle nettbaserte undervisningsopplegg for vaksne. Revisors vurdering: Når det gjeld bruk av nye undervisningsformer vil ofte vaksne med lite utdanningsbakgrunn vere forsiktige med å prøve ut nye alternativ. Kva hjelp dei kan få i ei slik undervisning og i kva grad dei blir førespegla kva føremoner ein slik opplæringsmåte kan vere for deira vidare faglege utvikling, vil vere avgjerande for å få vaksne til å satse på dette. Jfr fylkesplanens strategi for å motivere og legge til rette for vaksne i deira opplæring. Fylkeskommunens satsing på å sette vaksenopplæring inn i ein sosial samanheng synest å vere viktig for ei vellukka vaksenopplæring, jfr at gjennomføringsprosenten er betre om undervisninga blir sosialt forankra. Men fylkeskommunen bør likevel vere open for å legge til rette for andre kommunikasjonsformer i utdanninga, som supplement til meir tradisjonelle kommunikasjonsformer og for å nå fleire vaksne med eit opplæringstilbod. Betra marknadsføring av ulike opplæringsalternativ synest såleis påkravd for å kunne fylle kravet om fleksibel og individuelt tilpassa opplæring i opplæringslova. Dette gjeld særleg i dei høva vaksne søkarar ikkje får tilbod pga at det er for få til å få starta kursklasse, eller skolen ikkje har etterspurt kurs. Informasjonen om andre opplæringstilbod enn dei som finst på heimstaden til den enkelte opplæringssøkande, synest også å måtte bli betre. 4. Tredje problemstilling Korleis er grunnlaget ved dei vidaregåande skolane for utvikling av nye, fleksible og individtilpassa opplæringsformer innan vaksenopplæringa i fylket? 7

Faktagrunnlag: Ein viktig del av vår spørjeundersøking til dei vidaregåande skolane var å få klarlagt korleis skolane stiller seg til utviklingsarbeid innan nye utdanningsformer. Svara varierer, men det er ei overvekt av skolane som er positive til å satse på dette. Interessa er noko større innan skoleleiinga enn blant undervisningspersonale, men i båe gruppene må interessa seiast å vere stor. Mange av skolane meiner også at dei utstyrsmessig og m.o.t. lokalar er godt rusta til å ta på seg auka satsing på nettundervisning med eventuelle samlingar. Når det gjeld kapasiteten til å satse på dette, synest denne å vere svakare, både for leiinga ved skolane og hos lærarane. Dette synest m.a. å ha samanheng med manglande ressursar og avgrensa med tid. Fylkeskommunen kan i tillegg til tilbod ein sjølv har ved dei vidaregåande skolane knyte til seg private aktørar og tilby vaksenopplæring via desse. Fylkeskommunen står då ansvarleg for at kvaliteten på tilbodet som blir gitt er tilfredsstillande. Etter det som er opplyst, kan vaksenelevar få tilbod om t.d. nettundervisning frå andre, om skolane eller private kurstilbydarar med fylkeskommunal støtte ikkje har eit tilbod som er dekkande. Men pga at slike kurstilbod er kostbare for fylkeskommunen, er ein i utgangspunktet forsiktig med å gje slike tilbod. Det er viktig å sikre seg at vedkomande elev er motivert for å fullføre den delen av den vidaregåande utdanninga han/ho startar på. Som det går fram av opplæringslovas 4A-3 har fylkeskommunen ikkje høve til å krevje skolepengar av vaksenelevar som har rett på fri vidaregåande opplæring. I Møre og Romsdal har ein positive erfaringar med å knyte nettundervisning ved vidaregåande skolar til opplæring/etterutdanning av vaksne i arbeidslivet. Med den kombinasjonen har ein sikra seg at eleven får vidareutviklingsmogelegheiter og fagleg rettleiing på eigen arbeidsplass, opplæringa blir sett i ein sosial samanheng og viktig fagkompetanse hos enkeltvidaregåande skolar i fylket blir utnytta til glede for eit elevgrunnlag fordelt over eit stort geografisk område. Døme her er Akvakultur-opplæring ved Kristiansund vidaregåande skole, avd Averøy, Agronomkurs ved Gjermundnes vgs og Barne- og ungdomsarbeidarfaget ved Fagerlia vgs, Romsdal vgs og Kristiansund vgs. Med stønad frå m.a. utdanningsavdelinga og nærings- og miljøavdelinga er det sett i verk eit prosjekt kalla Utvikling og vekst gjennom strukturert samspel mellom kompetansebehov og kompetansetilbod, der ein i 1 ½ år (2002-2004) vil prøve å få til eit betre samspel mellom arbeidslivets behov for arbeidskraft og det vidareutdanningstilbodet som blir gitt. Prosjektet er lokalisert til Nordmøre, men m.a. vidaregåande skolar i heile fylket kan her marknadsføre sine tilbod. Det er ei målsetting i dette prosjektet å skape fysiske og virtuelle møteplassar mellom arbeidslivet og utdanningstilbydarar og ein tar sikte på å utvikle opplæringstilbod som er fleksible og skreddarsydd for sitt formål. Revisors vurdering: Det synest som om grunnlaget for eventuell satsing på nye undervisningsformer ligg godt til rette, utifrå svar som dei vidaregåande skolane har gitt. Som det går fram under kap 2 synest dette å vere noko avhengig av økonomisk og fagleg støtte frå fylkeskommunen sentralt. Det er også positivt at mange av skolane melder om interesse blant ein god del av lærarane for å satse på t.d. nettundervisning som stiller andre krav til pedagogisk opplegg enn tradisjonell undervisning, og på den måten vil vere ei utfordring. 8

Det kan synest å vere behov for å tenke gjennom om ein særleg ved skolar med spesielle linjer i tilstrekkeleg grad når ut med vaksenopplæringstilbod ved berre å vende seg til opplæringssøkande i skolens nærområde. Nettundervisningsopplegg kombinert med samlingar på skolen synest å vere eit godt alternativ å utnytte skolens utstyr og fagkunnskap på, som kan kome heile fylket til gode. 5. KONKLUSJONAR Det synest som om fylkeskommunens tilbod innan vaksenopplæring i stor grad samsvarar med etterspurnaden blant dei opplæringssøkande. Men for å fylle opplæringslovas krav om individtilpassa opplæring, synest informasjonen om alternative opplæringstilbod, særleg til opplæringssøkande som blir ståande utan eit tilbod, å måtte bli betre. Det synest også å vere behov for at fylkeskommunen i sterkare grad nyttar si oppgåve innan vaksenopplæring til å fylle si rolle som regional utviklingsaktør, der evne til nytenking og tilpassing av opplæringstilbodet i samsvar med arbeidslivet sitt behov er sentralt. At opplæringssøkande i liten grad etterspør alternative opplæringsmåtar enn det som blir tilbydd på den nærliggande vidaregåande skolen synest å ha samanheng med at det i liten grad er lagt opp til fleksible opplæringsformer og at marknadsføringa av dette som opplæringsalternativ har vore svak. Tilbakemeldingane frå skolane tyder på at interesse og kapasitet synest å ligge til rette for kombinert opplæring basert på både klasseromsundervisning og nettstøtta undervisning, men at skolane vil ha behov for fagleg og økonomisk utviklingsstønad i dette arbeidet. 6. REVISJONENS ANBEFALINGAR Det synest å vere behov for å bygge opp kompetanse i fylkeskommunen sentralt som kan vere fagleg støtte i eit utviklingsarbeid innan fleksibelt opplæringstilbod basert på moderne teknologi. Ein bør i sterkare grad legge til rette for at vaksenelevar skal bli motiverte og ha praktisk føresetnad for å gjere bruk av alternative opplæringsformer, og marknadsføringa av slike opplæringstilbod må også bli betre. Ein bør særleg sjå nærare på om kapasiteten ved vidaregåande skolar med spesiallinjer blir tilstrekkeleg utnytta innan dagens vaksenopplæring. Supplert med nettstøtta undervisning kan opplæringstilbod basert på desse skolane sin kompetanse kome vaksne i heile fylket til gode. Det bør vegast på om slike vaksenopplæringstilbod kan utviklast i partnarskap med andre tilbydarar med kompetanse innan nettbasert undervisning. Molde, april 2003 Svanhild Øvrebust Krohn 9

VEDLEGG: Vedlegg 1 Nærare spesifikasjon av kap 1.4 Revisjonskriterium Vedlegg 2 Oversyn over utgifter til vaksenopplæring. KOSTRA 2001 og 2002. Vedlegg 3 Døme på fleksible vaksenopplæringstilbod i andre fylkeskommunar - Troms fylkeskommune - Nord-Trøndelag fylkeskommune - Akershus fylkeskommune Vedlegg 4 Oversyn over nettbaserte tilbod ved vidaregåande skolar i Møre og Romsdal. Vedlegg 5 Spørjeundersøking til dei vidaregåande skolane/ressurssentra i fylket m/resultat. 10

Vedlegg 1 NÆRARE OM KAP 1.4 REVISJONSKRITERIUM Opplæringslova, 4A-3 Rett til vidaregåande opplæring for vaksne Vaksne som har fullført grunnskolen eller tilsvarande, men som ikkje har fullført vidaregåande opplæring, har etter søknad rett til vidaregåande opplæring. Første punktum gjeld vaksne som er fødde før 1. januar 1978. Opplæringa for vaksne skal tilpassast behovet til den enkelte. Retten kan oppfyllast mellom anna ved fjernundervisningstilbod. Departementet gir nærmare forskrifter, mellom anna om kven retten omfattar, om inntak, rangering og førerett....... Opplæringa er gratis. Fylkeskommunen kan påleggje vaksne som får vidaregåande opplæring, å halde seg med undervisningsmateriell og utstyr som opplæringa til vanleg gjer det nødvendig å ha, til eige bruk. Fylkeskommunen kan krevje betaling for utgifter til å kopiere slikt materiell. Departementet gir nærmare forskrifter. St.meld nr 31 (2000-2001) Kommune, fylke, stat en bedre oppgavefordeling Kap 6 Det folkevalgte regionale nivået kap 6.3.7 Videregående opplæring og kompetanseutvikling Kompetanse er en av de viktigste enkeltfaktorene for den videre utvikling av nærings- og arbeidslivet i Norge, og dermed også for utviklingen av velferdssamfunnet. Utdanning og kompetanseutvikling er viktig for det enkelte individ, den enkelte virksomhet og for en positiv utvikling i samfunns- og arbeidslivet generelt. Satsing på kompetanse er derfor også et viktig element i den brede regionalpolitikken. Videregående opplæring inngår som en sentral del av fylkeskommunens tjenesteproduksjon. Ved å gi et bredt tilbud innenfor videregående opplæring bidrar fylkeskommunen til kompetansebygging innenfor eget fylke. Undersøkelser viser at rettighetselevene i stor grad er tilfredse med det videregående opplæringstilbudet de får av fylkeskommunen. Evalueringer av Reform 94 viser at fylkeskommunen har vist god evne til å gjennomføre denne omfattende reformen. Oppgavefordelingsutvalgets evaluering viser også at fylkeskommunen har vært et egnet nivå for å løse oppgavene innenfor videregående opplæring. Denne vurderingen knytter seg til aldersgruppen 16-19 år. Når det gjelder de voksne, så har fylkeskommunen i hovedsak ikke innfridd omfangsforskriftens krav. Antall voksne i videregående opplæring har således sunket etter at reformen trådte i kraft. Heller ikke når det gjelder teknisk fagskole kan fylkeskommunenes innsats vurderes som vesentleg. Utdannings- og kompetansepolitikken er av stor betydning for utviklingsarbeidet i regionen, og videregåande opplæring inngår som en naturlig del av det regionale utviklingsarbeidet fylkeskommunen driver i bredt. Videregående opplæring bør derfor fremdeles knyttes tett opp til dette arbeidet. Kompetanse er en grunnleggende forutsetning for utviklingen av robuste og levedyktige regioner med et allsidig næringsliv. Videregående opplæring er videre en oppgave som må løses i en større territorial sammenheng enn den enkelte kommune. På bakgrunn av dette mener regjeringen at det er hensiktsmessig at fylkeskommunen fortsatt har ansvaret for den videregående opplæringen.... 11

Konklusjon: Etter regjeringens oppfatning vil de foreslåtte endringene innebære at den nye fylkeskommunen i sterkere grad enn tidligere vil ha mulighet til å effektivt ivareta oppgaven som initiativtaker og samordningsansvarlig for en helhetlig regional samfunnsutvikling, samtidig som den skal påse at nasjonale mål nås. Hvilken kraft fylkeskommunen kan legge bak det regionale utviklingsarbeidet, vil imidlertid være avhengig av den politiske legitimitet og tillit som fylkeskommunen klarer å bygge opp blant fylkets kommuner, statlige etater, næringsliv, frivillige organisasjoner og innbyggere. Fylkesplan for Møre og Romsdal 2001 2004 Kap 9 Kompetanse og rekruttering. Mål: Sikre kompetanseutvikling og rekruttering til arbeidslivet. Utvikle ein robust skolestruktur og nye modellar for å sikre god tilgjenge til læring. Gi utdanningstilbod tilpassa ulike grupper vaksne sitt behov for og rett til grunn-, etter- og vidareutdanning på alle opplærings- og utdanningsnivå. Sikre god tilpassing mellom behov i arbeidslivet og tilbodet innan utdanning. Sikre arbeidslivet tilgang til kompetent arbeidskraft. Strategiar: 1. Samarbeid mellom utdanning og arbeidsliv og utvikle nye modellar for læring. Gjennom samarbeid mellom arbeidsliv og skole på ulike utdanningsnivå auke kompetansen og stimulere entreprenørskaps-haldningar. Utvikle samarbeid og arbeidsdeling mellom høgskolane i fylket innan etter- og vidareutdanning. Samordning og rolleavklaring innan vaksenopplæringa mellom offentlege og frivillige organisasjonar. Synleggjere kva for høgteknologiske og kunnskapsintensive arbeidsplassar og miljø det eksisterande arbeids- og næringslivet kan tilby, og har behov for å utvikle. Nytte kompetansereforma for å halde vedlike og utvikle kompetansen på fagarbeidarnivå og på høgkompetansenivå. Bruke informasjonsteknologi for å utvikle nye modellar for læring og auke tilgjenge til utdanningstilbod. 2. Dyktiggjere arbeidsgjevar og arbeidstakarar i å etterspørje kompetanse. Bidra til å gje informasjon, motivasjon, tilrettelegging av opplærings- og utdanningstilbod i høve til den einskilde vaksne sitt behov. Bidra til å utvikle arbeidsgjevarar i offentleg og privat verksemd som fokuserer på behov for kompetanseheving på arbeidsplassen, og som gjev dei tilsette fagleg utvikling slik at verksemda kan konkurrere om arbeidskraft. Bidra til betre bestillarkompetanse hos arbeidsgjevar når det gjeld vaksenopplæring. 12

Mål og tiltaksplan for vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal 2002/2003 Hovudmål for arbeidet med innhaldet i vidaregåande opplæring, m.a. Meir brukarorienterte, fleksible og systembevisste skolar og lærebedrifter som kan legge til rette for at den enkelte elev/lærling kan få ei opplæring som er i samsvar med føresetnader og behov. Betre samanheng i opplæringsløpet for den enkelte fram mot sluttkompetanse med tanke på livslang læring og framtidig deltaking i yrkes- og samfunnsliv. Konkrete satsingsområde/utviklingsområde 2002-2003. c) Arbeid med kompetansereforma: Mål: Vaksenopplæring (på vidaregåande opplærings nivå) skal drivast i tråd med nasjonale og regionalpolitiske føringar, arbeidslivets krav og individuelle ønske og behov. Tiltak: Vidareutvikle aktive og forpliktande partnarskap mellom skolar og lokalt samfunns-, nærings- og kulturliv, gjennom nettverk/samarbeidsforum mellom ressurssenter og samarbeidspartar lokalt. Fleksibel tilrettelegging av opplæring for vaksne med omsyn til tid, stad og avkorta opplæring. Betre samarbeid og arbeidsdeling mellom vidaregåande skolar og andre kurstilbydarar i feltet for vaksenopplæring. Samarbeid med kommunane om vaksne sin rett til grunnskole og vidaregåande opplæring. Samarbeid med høgare utdanning om kvalifisering av søkarar til nye studiekompetansekrav. Utvikle gode rutinar for realkompetansevurdering og yrkesprøving. e) IKT Mål: Utdanningssektoren i Møre og Romsdal skal arbeide i samsvar med mål og tiltak fastsett i KUF si handlingsplan for IKT i norsk utdanning. Tiltak: Skolane skal nytte IKT aktivt som administrativt verktøy og som kommunikasjons-hjelpemiddel. Skolar og lærebedrifter skal integrere IKT i sitt daglege pedagogiske arbeid med tilrettelegging, gjennomføring og vurdering av opplæringa. Røynslene frå PILOT-prosjektet skal spreiast. Det skal leggast opp til aktiv deltaking i UFDs skoleringsopplegg for lærar- IKT. Strategisk næringsplan 2001 2004 og Regionalt utviklingsprogram 2003. Strategiske innsatsområder: 1. Kompetanse - mål og strategiar Mål: Medverke til at næringslivet får tilgang til rett kompetanse. Strategiar, m.a.: 1. Tilrettelegge kompetansereforma for mikro- og småbedrifter. 13

Vedlegg 2 KOSTRAFUNKSJON 581 og 582 NETTO DRIFTSUTGIFTER TIL VAKSENOPPLÆRING, FORDELT PR INNBYGGAR I DET ENKELTE FYLKE KOSTRATAL FOR 2001 OG 2002 Nto driftsutg vaksenoppl 2001 Nto driftsutg vaksenoppl 2002 Kostnad pr innb. i 2001 Kostnad pr innb. i 2002 Innbyggartal pr 1.1.2002 Andel innb 25-66 år Fylke Østfold 22.026.000 30.485.000 87,15 120,62 252.746 55,0 Akershus 23.375.000 25.026.000 48,97 52,43 477.325 55,8 Oslo 25.172.000-49,11-512.589 59,9 Hedmark 438.000 3.873.000 2,33 20,60 187.965 53,7 Oppland 18.048.000 21.198.000 98,50 115,69 183.235 54,1 Buskerud 13.181.000 12.172.000 54,97 50,76 239.793 55,3 Vestfold 13.613.000 20.100.000 62,89 92,86 216.456 54,4 Telemark 239.000 181.000 1,44 1,09 165.710 53,6 Aust-Agder 5.912.000 8.843.000 57,43 85,90 102.945 53,4 Vest-Agder 8.275.000 10.178.000 52,42 64,48 157.851 52,2 Rogaland 18.565.000 27.872.000 49,11 73,73 378.037 52,8 Hordaland 9.167.000 12.594.000 20,76 28,52 441.591 53,2 Sogn og Fj 6.391.000 12.561.000 59,57 117,09 107.280 50,9 Møre og R. 7.112.000 8.844.000 29,16 36,27 243.855 51,9 Sør-Trøndelag 11.523.000 12.117.000 43,27 45,50 266.323 54,6 Nord-Trøndelag 13.658.000 16.947.000 107,16 132,96 127.457 52,0 Nordland 21.427.000 28.465.000 90,22 119,85 237.503 53,1 Troms 15.077.000 13.206.000 99,40 87,07 151.673 55,2 Finnmark 1.050.000 4.245.000 14,24 57,57 73.732 55,5 14

DØME PÅ FLEKSIBLE VAKSENOPPLÆRINGSTILBOD I ANDRE FYLKESKOMMUNAR. Troms fylkeskommune: www.opus.troms.no OPUS Troms OPUS Troms FKF er en fylkeskommunal bedrift i sin helhet eid av Troms fylkeskommune. Formålet med virksomheten er å ta i bruk fylkeskommunale ressurser til å imøtekomme behovet for regional kompetanseheving, gjennom å drive voksenopplæring og videreutdanning i næringsliv og offentlig virksomhet og delta i utvikling og samarbeid mellom næringsliv og offentlige etater. OPUS samarbeider med det videregående skoleverket, høgskoler og andre kompetansemiljøer om fagfolk og kompetanse. OPUS Troms kan bidra med følgende tjenester og produkter: 1. Ulike kurs på dag-/kveldstid: Grunnutdanning: Kurs som fører fram til eksamen/kompetanse på videregående skoles nivå. Videreutdanning: Kurs som avsluttes med offentlig eksamen og som eventuelt gir vekttall. Etterutdanning: Kurs som avsluttes med kursbevis inkludert lovpålagt opplæring. Gjennomføre kundetilpassede kurs 2. Kursutvikling: Utarbeide kursplaner/kursopplegg etter kundespesifikasjon Utvikle tradisjonelle og internettbaserte kurs i samarbeid med skoler, høgskoler, bedrifter og organisasjoner. Utvikle og drive elektronisk læremateriell/ressurser for skoler, bedrifter og organisasjoner. 3. Realkompetansevurdering for voksne utdanningssøkere. Disse kan benytte gratis grønt nummer 800 80 500 for å få hjelp, veiledning og informasjon. 4. Tilby voksne opplæring og videregående utdanning i studieverksted. OPUS Troms består av følgende avdelinger: OPUS Troms FKF, avd. Tromsø, Postboks 3355, 9276 TROMSØ, Tlf. 77 75 75 75 OPUS Troms FKF, avd. Midt Troms, Hersvik 7, 9305 FINNSNES Tlf. 77 85 07 50 OPUS Troms FKF, avd. Nord-Troms, Hovedvn. 2, 9151 STORSLETT, Tlf. 77 76 77 05 OPUS Troms FKF, avd. Harstad, Postboks 219, 9482 HARSTAD, Tlf. 77 04 28 80 URL: http://www.opus.tr.no/ Vedlegg 3 Til toppen av siden Troms fylkeskommune Utdanningsetaten 9296 Tromsø Oppdatert: 20.01.2003 Vev redaktør, inntakskontoret 15

Nord-Trøndelag fylkeskommune: http://no-el.no/ Lenkene: Hjelpepleie vk1 Hjelpepleie vk2 Omsorgsfag Barne- og ungdomsarbeid Akvakultur IKTdriftsfag Salg og service Innføringskurs i nettveiledning VEIEN FRAM TIL YRKESKOMPETANSE Dette tilbudet omfatter foreløpig teorien til de yrkesfagene som finnes på lista til venstre. Fagskolene som utarbeider og videreutvikler fagene på nett er Ole Vig videregående skole, omsorgsfag, salg og service Frøya videregående skole, akvakulturfaget Alstadhaug videregående skole, hjelpepleie - vk1 / vk2 Fagerlia videregående skole, barne- og ungdomsarbeiderfaget Verdal videregående skole, IKT driftsfag Nettpresentasjonen av fagene dekker yrkesteorien. Det må avlegges eksamen før en kan gå opp til praktisk fagprøve. Det er mulig å gå opp til eksamen som privatist til en tverrfaglig prøve som dekker alt lærestoffet innen et fag. Dette er en 5-timers skriftlig prøve som arrangeres to ganger i året. Det er også mulig å gjennomføre studiet i noen av fagene med elevstatus og få standpunktkarakterer. Også innen yrkesfagene kan det være aktuelt for noen å vurdert realkompetanse i deler av fag. Mer informasjon om dette finnes bak linkene til venstre. Du kommer inn på de ulike fagene ved å klikke på linkene til venstre. Under faglisten kan du finne mer informasjon om disse studietilbudene. Du kan også lese mer om følgende ved fagopplæring: > Realkompetanse. > Standpunktvurdering - elev eller privatist. > Teoriksamen > Praktisk fagprøve > Lærebøker > Lærefag og skolefag 16

Lenkene: Norsk modul 1 Norsk modul 2 Norsk modul 3 Norsk modul 4 Engelsk modul 1 Engelsk modul 2 Engelsk modul 3 Matematikk 1M Matematikk 1Y Naturfag modul 1 Naturfag modul 2 Nyere historie Samfunnslære GENERELL STUDIEKOMPETANSE Dette tilbudet omfatter de felles allmenne fagene som en som voksen (23 år) med arbeidserfaring (min. 5 år) må dokumentere kompetanse i for å få generell studiekompetanse. Generell studiekompetanse gir adgang til høyskoler og universitet. norsk 14 timer matematikk 5 timer engelsk 5 timer naturfag 5 timer nyere historie 4 timer samfunnslære 2 timer Vårt kurstilbud i felles allmenne fag er utviklet av Olav Duun videregående skole, Grong videregående skole og Ytre Namdal videregående skole. Omfanget på fagene varierer og kommer fram ved timetallet faget har i ordinær videregående skole. Vi har stipulert fagene til ett, to eller tre semester, og dette kommer fram i studieplanen for det enkelte fag, men som kursdeltaker kan du bruke ett semester ut over det normerte uten at dette fordyrer tilbudet. Du kan ta ett eller flere fag samtidig og bruke den tiden du trenger fram til generell studiekompetanse. Du kommer inn på de ulike fagene ved å klikke på linkene til venstre. Under faglisten kan du finne mer informasjon om dette studietilbudet. Du kan også lese mer om følgende ved allmenne fag: > Realkompetanse > Standpunktvurdering- elev eller privatist? > Eksamen 17

Akershus fylkeskommune: www.afk-utdanning.no NETTBASERT OG STUDIEVERKSTED Nettbasert opplæring Opplæring på internett tilbys som en kombinasjon av selvstudium, veiledning av faglærer på nettet, fellessamlinger og nettverksgrupper. Kommunikasjon med faglærer og medelever foregår vesentlig ved bruk av chat-grupper, diskusjonsforum og e-post. Nettbasert opplæring har mange fordeler: Stor fleksibilitet: Du kan studere teorien når det passer deg Du kan kommunisere med andre deltakere på kurset via internett Gode muligheter for individuell progresjon Fagtilbud på internett: Allmenne, økonomiske og administrative fag Generell studiekompetanse: Engelsk Matematikk 1MX/MY Naturfag Samfunnslære Norsk Nyere historie Yrkesfag: Byggfag: Anlegg og bergverk Helse- og sosialfag: Hjelpepleier Omsorgsarbeider Hotell- og næringsmiddelfag: Kjøttfag Salg og service: Salg og service (fem ulike lærefag) Allmennfag for yrkesfaglige studieretninger: Engelsk Matematikk Naturfag Samfunnslære Norsk Kroppsøving Studieverksted Hva er et studieverksted? Et studieverksted er et fleksibelt læringstilbud, tilknyttet skolebibliotek og datarom, der du kan komme og gå som du vil i åpningstiden. I studieverkstedet kan du gå sammen med andre i studiegrupper i fagene dine. Studieverkstedet er et supplement til kursene som kan være nyttig både for dem som trenger mye og lite veiledning for å fullføre faget sitt, og for dem som ønsker å lære på egenhånd. 18

Vedlegg 4 OVERSYN OVER HEILT ELLER DELVIS NETTBASERTE UNDERVISNINGSTILBOD VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE/ RESSURSSENTRA I MØRE OG ROMSDAL - 2001-2003. (Vi har her også tatt med opplysningar om kurs utover vidaregåande skole-nivå, fordi dette gir verdifull informasjon om skolane sine erfaringar på området.) Skole Fag Skolens funksjon Ressurssenteret i Kristiansund/ Kristiansund vgs Ressurssenteret i Kristiansund/ Kristiansund vgs, avd Averøy Tingvoll vgs Kompetansesenteret i Molde/ Romsdal vgs Barne- og ungdomsarb.faget Akvakultur Saksbehandling Lærar-IKT Kontorfaget Barne- og ungdomsarb.faget Byggesaksskolen Samlingsskole, samlingslærar og nettlærar. Samlingsskole, samlingslærar og nettlærar. Formidlar av eksternt nettbasert kurs. Formidlar av eksternt nettbasert kurs. Samlingsskole og samlingslærar. Samlingsskole, samlingslærar og nettlærar. Formidlar av eksternt nettbasert kurs. Gjermundnes vgs Skogbruk Landbruksbiologi Husdyr Naturforvaltning Haram vgs Barne- og ungdomsarb.faget Samlingsskole. Samlingsskole, samlingslærar, nettlærar og utvikla undervisningsopplegg for nett, i desse faga. Stranda vgs Datafag Formidlar av eksternt nettbasert kurs. Sykkylven vgs Ålesund Ressurssenter/ Fagerlia vgs Ålesund Ressurssenter/ Spjelkavik vgs Ulstein vgs Driftsteknikk møbel (Teknisk Fagskole) Barne- og ungdomsarb.faget Kontorfaget Norsk (4-5-5/ gk-vk1-vk2) Engelsk (5-0-0/ gk) Samlingsskole, samlingslærar, nettlærar og utvikla undervisningsopplegg for nett. Samlingsskole, samlingslærar, nettlærar og utvikla undervisningsopplegget for nett. Samlingsskole, samlingslærar og nettlærar. Samlingsskole, samlingslærar, nettlærar og utvikla undervisningsopplegg for nett i begge faga. Samlingsskole: Samlingslærar: Nettlærar: Utvikla undervisningsopplegg: Det nettbaserte kurset har nytta lokaler/utstyr ved skolen til samlingar for elevane. Undervisningspersonale ved skolen har hatt oppgåva med å vere lærar på skolesamlingar for nettelevar. Undervisningspersonale ved skolen har hatt oppgåva med å formidle lærestoff via nettet, rette oppgåver og ha kontakt med elevane via nett. Undervisningspersonale ved skolen har sytt for utvikling av opplæringa til eit heilt eller delvis nettbasert undervisningsopplegg. 19

SPØRJEUNDERSØKING OM VAKSENOPPLÆRING Vedlegg 5 Resultat: Dei 21 svara på spørjeundersøkinga representerer alle dei fylkeskommunale vidaregåande skolane/ressurssentra i fylket, anten direkte eller via felles ressurssenter (RiK/KiM/ÅRESS). Tal i avkryssingsrubrikk viser antal svar på vedk. utkryssingsalternativ. 1. Vedlagte oversyn frå heimesida til Møre og Romsdal fylkeskommune viser vaksenopplæringstilbod pr. 1.8.2002. MRFK.mht Er oversynet dekkande for tilbodet ved Dykkar skole? Ja 8 Nei 9 Opplysningar om evt. andre kurs ved Dykkar skole i 2002/2003, eller kurs som ikkje er gjennomført som føresett, m.v.: 2. Møre og Romsdal fylkeskommune har i 2002 i samarbeid med eksterne partnerar starta opp prosjektet Utvikling og vekst gjennom strukturert samspel mellom kompetansebehov og kompetansetilbod. Jfr http://kompetanse.nordvest.com der det m.a. er invitert til at kurstilbydarar på Nordvestlandet kan marknadsføre sine kurstilbod via dette prosjektet. Er De gjort kjent med oppstartinga av dette prosjektet? Ja 16 Nei 5 Kan det vere aktuelt for Dykk å gjere Dykkar vaksenopplæringstilbod kjent via dette prosjektet / denne nettstaden? Ja 15 Nei 5 Evt tilleggsopplysningar/kommentarar: 20