Handlingsplan for førebyggjande folkehelse i Leikanger kommune

Like dokumenter
Sogn Regionråd, 19. mars 2014

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 04/2017 Utval for levekår PS

FRISKLIVSSENTRALAR. Nettverksamling for leiarar i kommunane sine helse- og omsorgstenestar, Skei

Folkehelsemeldingen 2019

Frivilligpolitisk plattform

God helse og livsmeistring for alle

Velferd i fellesskap. Stig Holmstrøm. Ordførarkandidat

Leikanger kommune. Handlingsplan for å motverke sosial ulikskap blant barn og unge

Offentleg helsearbeid i kommunehelsetenesta Leikanger, Synne Aafedt Liljedahl, helserådgjevar.

Tenesteavtale 10. Mellom Kvinnherad kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om helsefremmande og førebyggjande arbeid

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Sjef i eigen heim korleis kan kommunen møte eldre sine behov i framtida

Kommuneplanen sin handlingsdel. Eid kommune

Nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom

Frivilligpolitisk plattform

KOMMUNEPLAN SELJORD KOMMUNE

Tal fra folkehelsebarometer

Utfordringsdokument 2015

Kafédialog Ungdommens kommunestyre

Resept for eit sunnare FørdeF

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

HELSE FOR ALLE Kva, kven og korleis?

Prosjekteigar: Flora kommune.

Kvardagsrehabilitering. Turnusseminar Kristine Mardal Fysioterapeut Sogndal kommune

Koordineringsrådet, Levekår, livskvalitet og kartlegging

Barn og unge i folkehelseoversikt og kommunal planlegging. Åslaug Haugset Rådgjevar/Folkehelsekoordinator Plan og utgreiing Gloppen Kommune

Regional Satsting Psykisk Helse

UNGDATA Korleis har ungdommen i Hordaland det?

Forsand kommune. SLT Handlingsplan

2014/

HANDLINGSPLAN for FOLKEHELSE. Vindafjord Vindafjord kommune prioriterer folkehelsearbeid retta mot: Aktive og trygge lokalsamfunn.

MØTEPROTOKOLL. Rådet hadde fellesmøte med Eldrerådet i sak nr. 2/13. Torunn Løne vinje orienterte. SAKLISTE

Janne Mo Sjef i eige liv korleis kan kommunen møte eldre sine behov i framtida?

Tenesteavtale 10. Mellom Suldal kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om helsefremmande og førebyggjande arbeid

Vestnes eit lokalsamfunn for framtida

Tiltak frå førebyggande helse; Jordmor, helsestasjon og skulehelsetenesa

Faste medlemmer som møtte: Namn Funksjon Representerer Kari Fjugstad Giske Harald Rydland Johnny Westvik LEIAR MEDL. MEDL

Utval Møtedato Utvalssak Helse- og omsorgsutvalet /2012 Formannskapet /2012 Kommunestyret

Bø kommune. Kommunedelplan for helse- og omsorg

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

Folkehelsemeldingen 2019

Helsestasjons- og skulehelsetenesta og tannhelsetensta. Tenner for livet.

Folkehelsedagane

HISTORIEN OM EN GRAFISK PROFIL FOLKEHELSA I MELØY STATUS FOR MELØY KOMMUNE Foto: Connie Slettan Olsen. utarbeidet av BEDRE reklame

Kommunedelplan for oppvekst

Tenesteavtale 10. Mellom Kvinnherad kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om helsefremmande og forebyggjande arbeid

Oppsummering frå fagdag om resultata frå Ungdataundersøkinga

TEMA OG DIAGNOSESPESIFIKKE KURS

Arbeidsprosess rundt oversiktsarbeidet. Finnøy kommune

Meld.St. 15 ( ) en kvalitetsreform for eldre

SLT-HANDLINGSPLAN

Samhandlingskonferansen 2015 Regional plan for folkehelse. Regional plan for folkehelse

Folkehelse inn i kommunal planlegging. Sigri Spjelkavik rådgivar folkehelse

Handlingsprogram 2015

INFORMASJON HJELPEINSTANSANE

Pulsen på Noreg. Jon Atle Rise Leiar av Sogn og Fjordane Røde Kors Ungdom

Sogn frisklivssentral Innovasjonskonferanse Helse&omsorg Tysdag 20.mai 2014

Ungdomsplan. for Balestrand kommune. Barn frå Fjordtun på Galdhøpiggen

GULEN - HISTORISK OG FRAMTIDSRETTA med: gode oppvekstvilkår livskraftige og samarbeidande bygder mangfald og rom for alle

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

Forord. Mål: Alle skal ha ei god psykisk helse. Visjon: Likeverd openheit respekt

// Notat 2 // tapte årsverk i 2016

RULLERING AV KOMMUNEPLANEN

Seminar om planlegging av kommunale tjenester på rusområdet

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:

Friskliv, meistring og folkehelse i kommuneplanen

Folkehelse: Nye lover og reformer som er påp

Informasjon og kvalitetsplan

Idrett og fysisk aktivitet. Rullering av handlingsplanen 2016

Spørjeundersøking om sentrumsområde

Tilrettelegging av fysisk aktivitet - Hordaland

Pakkeforløp psykisk helse og rus. Forløpskoordinator-rolla. Ellinor Kleppenes og Sønnøve Ramsfjell

FLEIRE MED SAMAN FOR LOKALSAMFUNNET FRIVILLIGSTRATEGI HJELMELAND KOMMUNE. Vedteken i kommunestyret , sak 78/

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Oversikt over livskvalitet og levekår (folkehelse) i Nedre Eiker

- Side 1 - Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: Faks: E-post: postmottak@luster.kommune.no Org.nr.

PROSJEKTARBEID KVALIFISERING FOR KVINNER UT I ARBEID

F O L K E H E L S E - H VA K A N S P E S I A L I S T H E L S E TJ E N E S T E N B I D R A M E D?

Eid kommune. Saksframlegg. Kommunedelplan for oppvekst vedtak

Årsmelding GOL BARNEHAGE (Kultur og levekår)

Velkomen til Røde Kors!

Helsefremmende og forebyggende arbeid - helsestasjons- og skolehelsetjenestens bidrag

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

HANDLINGSPLAN FOR NORDBYGDO UNGDOMSSKULE

Kvifor satsar helsemyndigheitene på nærmiljøet i den kommunale planlegginga? Heidi Fadum, seniorrådgiver, Helsedirektoratet

1 :-) Attraktive Bømlo. Foto: Jan Rabben

Vigra skule BESKRIVING AV PROSEDYREN. Ansvar

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2018

PASIENT OG PÅRØRANDEOPPLÆRING

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Pedersen Arkiv: 034 Arkivsaksnr.: 06/1156. Sogndal kommune overfører følgjande oppgåver/ressursar til NAV Sogndal:

Handlingsplan mot. mobbing ved. Åheim skule

Referat fra folkehelseforum i Stord kommune

Ungdomsskuleelevar i Granvin kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Jorunn Nyttingnes Arkiv: G10 Arkivsaksnr.: 14/907-1

Handlingsplan ved urovekkande fråvær

Dato: Fredriksen/Økonomiavdelinga Fra: Ingebjørg By Teigen Referanse: 15/ Kopi:

Bassengtrening på Hauglandssenteret, tysdag :00: Gruppetrening leia av fysioterapeut. Samarbeid med Fjaler revmatikarlag.

BÆREKRAFTIG UTVIKLING

Transkript:

Handlingsplan for førebyggjande folkehelse i Leikanger kommune 2018 2020 Folkehelsearbeid handler om å skape gode oppvekstsvilkår for barn og unge, forebygge sykdom og skader, og utvikle et samfunn som legger til rette for sunne levevaner, beskytter mot helsetrusler og fremmer fellesskap, trygghet, inkludering og deltakelse ( 3). Arbeidet retter seg mot befolkningen eller deler av befolkningen og ikke mot enkeltindivider med identifisert risiko. Helsedirektoratet om formålet med Folkehelselova. Denne planen bygger på identifiserte utfordringar frå: Kommunehelseprofilar frå 2015, 2016 og 2017 Statistikkoversikt 2016 og 2017 Erfaringsbasert kunnskap frå tenesteeiningane i 2015, 2016 og 2017 Elevundersøkingane frå Skoleporten og nasjonale prøver UngData - undersøkinga for 8. 10. klasse 2017 Trendar i ungdomsmiljøet, jfr. referat TET-møte 28.11.2017 Grunngjeving for val av innsatsområde: Folkehelsa i Leikanger er generelt god, og ser ein på statistikk åleine får ein gjerne eit eintydig positivt bilete. Det er heller sjeldan å sjå kritiske raude felt på kommunehelseprofilane, men kommunen har likevel område der det ut frå erfaringsbasert kunnskap trengst ein ekstra innsats. Dei områda som er valde er dei områda som tenestene sjølve og/eller fleire tenesteområde har peika på gjerne understøtta av statistikk og ulike undersøkingar. Tiltaka er generelle og femner om alle aldersgrupper ut frå tankegangen at «det som er godt for alle er også godt for den enkelte»

Leikanger kommunen der det gror og alle trivst Me skal ha eit målretta folkehelsearbeid som legg opp til trivsel og aktivitet, som igjen resulterer i rekruttering av nye innbyggjarar til kommunen. Alt utviklingsarbeid skal leggja vekt på å skape livskvalitet og trivsel i eit berekraftig lokalsamfunn. (frå samfunnsdelen til kommuneplanen)

Psykisk helse og miljø Utfordringar: Kommunehelseprofilane 2015-2017 lyser grønt på psykisk helse meldt frå primærhelsetenesta, men syner auke i bruk av antidepressiva og antipsykotika frå 2010-2016 Psykiatritenesta merka alt frå 2015 at folk sjølve tok kontakt med tenesta og at fleire vart tilviste tilbake frå IPS Flyktningtenesta ser at flyktningane som gruppe opplever å ha dårlegare psykisk helse, meir søvnvanskar, einsemd og kjensle av utaforskap enn befolkninga elles Skulane melder om auke i psykiske belastningar og diagnosar blant barn og ungdom. Heimetenesta opplever einsame eldre, gjerne utan pårørande, og fleire yngre demente UngData - undersøkinga syner lågare skuletrivsel og meir einsemd enn fylket elles. Elevundersøkinga viste høge mobbetal i 7. klasse i 2015 og 2016, men nær halvert i 2017 Helsesjef ser mykje av det same, men også isolerte nytilflytta utan nettverk Barnehagane ser travle og stressa foreldre og behov for foreldrerettleiing Målsetjingar frå samfunnsdelen i kommuneplanen: Innbyggjarane skal oppleva meistring og livskvalitet, størst mogeleg grad vera aktive, ta ansvar sjølve og få hjelp til å meistra vanskelege livssituasjonar. Kommunen vil samarbeide tett med frivillig sektor for å skape sunne og sosiale møteplassar for alle.

Tiltak og strategiar: Gjennomføre og vidareutvikle lokal «plan for arbeidet for god psykisk helse for barn og unge i Leikanger» Starte opp foreldrerettleiingsprogram gjennom helsestasjon og barnehage Starte foreldrerettleiing gjennom ICDP- programmet til minoritetsspråklege foreldre Tilsetje MOT-rettleiarar og starte opp MOT- program for 6. 10. klasse frå hausten 2018 «Inkluderande skule og barnehagemiljø» - 2-årig prosjekt frå januar 2018 Barneskulen deltek i Læringsmiljøprosjektet frå hausten 2018 Støtte opp om Danseverkstaden som eit viktig lågterskeltilbod til ungdom Styrke psykiatritenesta og helsestasjonen med stillingsressursar Bygge ut dagsentertilbod for eldre og bufellesskap for demente Samle aktivitetar og bygge ut Frivilligsentralen til å bli eit sosialt kraftsenter Arbeide for å få til ei ordning med besøksvenner og aktivitetsvenner til heimebuande eldre i samarbeid med Frivilligsentralen. Ha tilbod om KID- kurs og pårørandekurs for demente i samarbeid med nabokommunane.

Støtte opp om frivillige lag og organisasjonar og det verdifulle arbeidet dei gjer i lokalsamfunnet både på ulike område Framheve kunst, kultur, musikk og song og andre skapande kulturaktivitetar sin verdi i det førebyggjande folkehelsearbeidet. Fysisk aktivitet Utfordringar: Kommunehelseprofilane viser at Leikanger har meir overvekt hos17 åringar enn fylket og landet i 2016,men ligg under fylket i 2017.(målt på sesjon relativt lite talgrunnlag) Hjerte og kar sjukdomar behandla i sjukehus er høgre i Leikanger enn i fylket i 2016 Helsesjef ser for mange med overvekt, høgt blodtrykk og diabetes midt i livet, mange med muskel- og skjelettplager, fleire menn enn kvinner Leikanger er ei bygd med svært mange stillesitjande kontorarbeidsplassar Ein del ungdomar fell ut frå aktivitetar i 13 14års-alderen. Leikanger har i fleire år scora høgt på muskel og skjelettlidingar på kommunehelseprofilane.

Målsetjingar frå samfunnsdelen i kommuneplanen: Me skal ha eit levande og variert kultur- og friluftsliv med basis i frivillige lag og organisasjonar, der eldsjeler blir støtta opp om slik at dei gode initiativa vert ivaretekne og vidareutvikla. Me skal arbeida ut frå eit folkehelseperspektiv, med fokus på førebygging, og samtidig ha eit godt system for rehabilitering. Tiltak og strategiar: Fortsetje det gode samarbeidet som barnehagane, skulane og SFO har med Jakt- og fiskelaget Følgje opp anbefalingane frå Helsedirektoratet om ein time dagleg fysisk aktivitet i skulane og fysisk aktivitet i Bjørnehiet SFO Vidareutvikle uteområda kring begge skulane med ulike aktivitetsløyper og apparat. Vidareføre samarbeidet med frivillige om Turstiprosjektet med rydding og merking av turstiar. Lågterskeltilbod om treningskort i SAFTEN med 2 gruppetreningar i veka i 6 veker med henvisning frå lege eller fysioterapeut Vidareføre ordninga med redusert pris på årskort i SAFTEN for kommunalt tilsette eller redusert pris på gruppetrening 1 gong i veka.

Kurs i ergonomi, løfteteknikkar og smarte arbeidsmåtar for tilsette på arbeidsplassar med mykje løfting for å førebyggje muskel og skjelettplager. Onsdagsturar trimturar på om lag ein time frå Coop på Hermansverk klokka 11.00 Å høyre til «Vondt er av alle andre bli trakka på og trengd. Men vondare å veta at du er utestengd. Det er så mangt i livet du ventar deg og vil. Men meir enn det å vera, er det å høyre til.» Jan Magnus Bruheim frå boka Dikt i utval 2014

Inkluderande lokalsamfunn Utfordringar: Frå statistikk: Tal låginntekts- hushald har auka Frå statistikk: Leikanger har høgre del eineforsørgjarar enn både fylket og nabokommunane, men viser nedgåande kurve Frå statistikk: Tal uføretrygda har auka Frå statistikk: Tal mottakarar av sosialhjelp med stønad i 6 månader eller meir har auka kraftig frå 2014-2016 Helsesjef ser: Einsidig arbeidsliv knytt til høg utdanning, vanskeleg å vere annleis, mange arenaer knytt til prestasjon, personar med lite nettverk NAV økonomisk sosialhjelp og arbeid ser mangel på lågterskel-tilbod innan arbeid og aktivitet NAV-bustadsosialt arbeid: Viktig med startlån og tilskotsordningar gjennom året og viktig med personalressursar til å ivareta personar som treng hjelp til å bu. Flyktningtenesta: Stor sosial ulikskap for flyktningane som gruppe samanlikna med lokale innbyggjarar i form av låg inntekt og høg arbeidsløyse, vaksne som ikkje deltek på aktivitetar som kostar pengar, dårlege norskkunnskapar og lite nettverk Målsetjingar frå samfunnsdelen av kommuneplanen: Me vil ha fokus på sysselsetting og arbeidstiltak som ein del av det førebyggande helsearbeidet og rehabilitering Me vil arbeide for universell velferd som sikrar gode levevilkår for alle innbyggjarane våre, og stimulere til sosiale nettverk, deltaking og støtte i kvardagslivet. Me vil ha god samhandling mellom barn, unge, føresette, tilsette og frivillige med gode vilkår for trygg oppvekst

Tiltak og strategiar: Utvikle frivilligsentralen i SAFTEN til eit sosialt lågterskelmøtepunkt for ulike grupper innbyggjarar og som arena for nettverksbygging Språkkafe for flyktningar og innvandrarar i samarbeid med frivillige lag og organisasjonar Redusere foreldrebetalinag i SFO for familiar med låg inntekt. Bidra til at barn og ungdom som er råka av fattigdomsproblem og familiane deira får delta på kulturtilbod og fritidsaktivitetar Bidra til at barn og ungdom som er råka av fattigdomsproblem og familiane deira kan få tilbod om ferie og/eller aktivitetar i nærmiljøet i skuleferiane «FriMoro» - aktivitetsdagar på Kleppa i samarbeid med Jakt- og fiskelaget og andre frivillige organisasjonar Utvikle utstyrssentralen slik at fleire kan delta på friluftsaktivitetar utan å måtte investere i eige utstyr. Arbeide for å få til gode sosiale møteplassar for ungdom på kveldstid Arbeide for å få til eit tilbod om «Open hall» i ungdomsskulen etter skuletid 1 2 dagar i veka